Ein dorull og to på Anabole Steroider…

20161013_184618

Kånå for ut på vift idag, det va natt åpent på ett kjøpesenter.. Det e jo omtrent så laurdags snop for Kånå..

Så eg blei forlatt i heimen med Flokken..

Eller ivertfall 3 av de… Han i Midten e på ferie hos Farmor og Bessen og kosa seg… De hadde dratt teina og fått ein svær krabbe idag..

Fekk bilde av far min med ein stolt Han i Midten så poserte med krabben på garasje gulvet…

 

Men eg va altså heima aleine med resten av kidsa.. Og når Kånå finne på sånt nåke, uten å ta Litlajentå med seg, då blir det ramaskrik…

Tjera vena meg..

Litlajentå går i fistel og gråten e nesten ikkje te å stogga, der hu ligge fortvila øve poffen og gråte sine bitre krokodille tårer..

 

Så eg foreslår å finna på nåke kjekt, så hu ska bli avleda litt fra detta fortvilande greiene hu har blitt utsatt for…

10 sekund ittepå e det tomt for vann i tårekanalene, og hu lura på ka kjekt me ska finna på.. Akkurat det hadde eg egentlig ikkje tenkt øve, så nå va goe råd dyre, før konserten begynte igjen…

Heldigvis fant eg nåke rakett greier me hadde i skapet. Fra LitenGave.no…

 

Det kan me jo prøva å laga blei me enige om, både eg, Litlajentå og Mini’en…

Han e motsatt forresten..

Har vært sur og rampete med Kånå i heila dag, men når eg kom heim blei han blie så ei sol og sitte så eit gull i armane mine å kosa seg…

Mens Kånå irriterte seg øve koffår han ikkje kunne vær sånn, heima med henna og…

“Jaja, ser du kossen eg har det med Litlajentå når du e vekke…  Sa eg formanande…

“Å kor ofta e du aleina med hu da… Kontra hu kjapt..

 

Hu hadde definitivt ett poeng der, så eg fulgte ikkje opp… Gjorde bare så eg ikkje hadde høyrt det, pleie å funka bra det..

Men når me åpna pakken fant me ut at her måtte me ha tomme dorullar..

Eg minnast at Kånå nevnte hu hadde samla ein hau med sånt nåke, så eg ringte for å høyra.. Men sjølsagt hadde hu nettopp kasta dei…

 

Jaja… Me får vel sjå ka me finne på sa eg, og la på.. Først så leita me litt te men det va hverken tomme dorullar eller tørkerullar å finna i heimen..

Men så seie Litlajentå om me ikkje kunne lura papiret av på nåken av dei fulle dorullane da, og bruka dei… Det stod jo ei kurv full av heile dorullar på badet..

Som sagt så gjort..

Me lurte litt på kossen i all verden me sko overføra teori øve i praksis..

 

Men te slutt kom me på ein super ide sammen… Me tar bare ein dorull, og snurra an inn på ein aen…

Det e jo nødt te funka, sa Litlajentå…

Eg va heilt enige så me sette igang… Mini’en ville og prøva itte eg og Litlajentå hadde skikkelig fått gang på det..

Men då gjekk det rett i dass… Han snurra jo dorullen feil vei, så heila badet blei fullt i papir…

 

Litlajentå tok øve igjen, itte litt febrilsk rydding… Mini’en blei fornærma og gjekk på rommet sitt å furta…

“Åhhh… Dumme dorull, pappa og Tilill… Peip han, mens han trava ut badedørå..

Te slutt hadde me frigjort 3 tomme dorullar, og hadde nok te å produsera 2 raketter…

 

Det følgte med bruksanvisning, men sånt nåke bruka aldri eg å Litlajentå..

“Bruksanvisning e for pyser… Seie Litlajentå..

Og eg minnast den gangen når eg og hu skrudde i sammen nåke Ikea greier… Og eg slengte ifra meg samma lekså.. Men, akkurat som den gangen måtte me krypa te korset nå og ..

Det va visst litt verre enn me hadde trudd… Men itte litt skumlesning, forstod med framgangsmåten og sette igang..

 

Mini’en sin blei først ferdig… Ikkje lenge itte va Litlajentå sin og i boks…

Og de sprang rundt i stuå og kosa seg med kvar sin lekerakett.. E ikkje alltid så mye så ska te, for å gleda dei små…

Og på dass…

 

Der står det igjen 2 svære dorullar, på anabole steroider…

Det der komme jo te å gå rett “heim” hos Kånå, det e ivertfall heilt sikkert…

=D

 

20161013_184454

 

Therese Johaug, ett par Lepper og Dopingproblematikk…

Så har det utenkeliga skjedd.. Igjen … Nok ein av våre Elite Skiløperar går på ein smell.. Eller ikkje skiløperinnen forsåvidt, men leppene hennas..

For dei har nemligt blitt tatt i doping.

Dei har blitt påsmørt eit muligt prestasjons fremmende stoff, siå hu hadde blitt solbrent på leppene… Eg holdt på å ramla ut av lastebilen når eg høyrte det på radioen idag..

 

Eg vil jo forsåvidt sei det blir litt smør på flesk at Johaug tar å dope leppene sine, eg meina nå absolutt at hu hadde meir enn fullgode taleevner fra før..

Og nåke doping av leppene trur eg ikkje i det heila tatt ville gjort nåke forskjell, allerede der meina eg denna saken bare burde blitt lagd dø.

For det går jo ikkje an å bli meir kjapp i replikken, overdøvande jabbete eller vrøvlande lei seg enn Johaug, alt etter kossen løpet gjerna har endt og i ittetid snakke med media om resultatet.

 

Og sånn sett, trur eg ikkje hu ville gått så steikje mye fortare i sporet, bare fordi leppene hadde tatt litt dop. Heller tvert imot..

For nå hadde Johaug sikkert ikkje klart å holdt kjeft, når hu føyk rundt i løypene heller. Men gjerna stoppa opp overalt, for å slå av ein prat med publikum..

“Istedet for å sleva rundtomkringfallera i løypå, så ein St.Bernardshund..

Eg vil strekka meg så langt å sei at detta faktisk burde vært kategorisert som ett prestasjons hemmande stoff. Spesielt i Johaugs tilfelle..

 

Det kunne jo vært spennande og sett på og vettu.. Der Johaug gjerna hadde sust ut fra ein felles start, i ett heidundrande tempo..

Og legga heila startfeltet bak seg..

Men, oppe i første svingen kor det gjerna står ein liten heiagjeng, ende Johaug opp i eit triveligt passiar med publikum og blir forbigått av heila feltet..

Så sette hu avgårde på jakt itte konkurrentane, og klara å passera de lika før stadion og e oppe i teten igjen..

 

Men så blir det full stopp og munter konversasjon med ein funksjonær i målområde.. Feltet passere Johaug for andre gang og går ut på runde 2, med ei god luka te skvaldrekjerringå..

Johaug sette avgårde te slutt og knipe leppene sammen, før hu begynne å ta igjen den eine løparen itte den andre..

Men så mista hu kontrollen øve kjeften, og ende opp i ein oppheta diskusjon med ein sekundant..

“Kom igjen Johaug, du lede med 9 sekund… Kom igjen nå… Skrike an gjerna te hu..

Johaug stoppa opp.. “9 sekund seie du..? .. Jammen det e jo heilt sinnsykt… Herregud så bra da.. Så flotte klokka du har forresten, kor har du kjøpt den da ? …. Legge sikkert Johaug ut..

Mens sekundanten fortvila prøve å få na igang, så passere feltet nok ein gang og Johaug e igjen sist..

 

Te slutt har Johaug fått vita kor man kan kjøpe klokkå, og suse videre i sporet. Hu avansere oppover på resultat listå og har fått opp farten ..

1.5 km før mål e hu oppe i tetfeltet ..

Tv og Radio kommentatorane mane febrilsk publikum te å holde seg langt vekke fra sporet og Johaug.. Så har nådd igjen ryggen te Kowalczyk  i ledelsen, Johaug ser pigg ut..

 

Det e bare ein liten nedover bakke igjen, før oppløpssiå nå.. Johaug har superski og glir forbi Kowalczyk i bakken, og får ei luka på noen sekund..

“Det bør absolutt holda te mål…

Så skjer det, ein øveivrige løypevakt komme for nær sporet og krisen e ett faktum. Johaug tar ein Alberto Tomba sving og fyre igang ein intens samtale med vakten.

Kowalzcyk holde klokeligt kjeft og suse forbi og inn på oppløpet… Resten av feltet komme lika bak og passere Johaug, så fortsatt står å jabba med vakten…

Gullet e tapt, leppene e rødglødande og heile Norge’s befolkning e i harnisk over skiprinsesså sin mildt sagt øverraskande oppførsel…

 

Jaja…  Det får me vel aldri vita, om detta hadde blitt resultatet.. Når Johaug hadde gått verdenscuprenn med mildt over dopa lepper…

“Nei, takka meg te i gamle dagar…

Når Oddvar Brå og han der russeren Smirnov, kjempa om seieren.. Eller Anette Bøe og Co. Og doping nærmast ikkje foregikk, og ivertfall ikkje va ett tema i annen kvar episode av sportsrevyen.

Den gangen når løperane plutseligt for inn i skogen, og det va omtrent ett kvarter – tjue minutt te neste gang me fekk se de på tv-skjermen..

Og gjerna skrudde på radioen, fordi der hadde de ein reporter midt inne i granskauen, så kunne gi ein liten ekstra update før de kom på tv igjen…

 

Den gangen det nærmaste doping man kom, va saft stasjonen midt i 5 milå… Kor man gjerna kunne vær så heldig å få litt ekstra sterk saft, med masse sukker i…

Og fekk ein sukkerboost inn i siste halvdel av løpet.. Eller når nåken fant ut at det gjekk jo an å “skyøta” på ski og, å vant kvar einaste løp…

“Før man fant ut “skiskøyting” fekk bli ein egen gren, innen skisporten…

Den gangen eg koste meg med skirenn, norske helter og heltinner og nesten ingen juksa…

 

Mikkelsplass ramla i skogen, Oddvar Brå brakk staven og Anette Bøe fekk melkesyrå 300m fra mål og gjekk på ein smell.

Og nærmast alle gjekk under like forhold, smøringå utgjorde minimal forskjell om man ikkje smørte for mye eller for lite klister unna sålen..

Ingen diskuterte om det va ditt eller datt så utgjorde forskjellen om man vant eller tapte. Som oftast fikk me ikkje vita før dagen ittepå om ka løparen sjøl hadde å sei om løpet..

 

Nå for tiå… Så vett me alt nesten før det har skjedd..

Til og med at Therese Johaug har dopa leppene sine..

“Gubbevaremeg vel…

 

Men hu e jo flotte da…

 

=D =D =D

Mini’en og Meg – Tette så Erteris …

minienogmeg2

 

Eg og Mini’en va aleina heima igår.. Kånå kjørte i svømmehallen med Han i Midten, mens resten av Flokken va på ferie hos Svigers..

Så eg henta Mini’en i barnehagen..

Han va inne når eg kom, så eg slo av ein prat med barnehage onkel’en hans .. Favoritten te Mini’en.. Han bor ikkje så langt i fra oss..

 

Man merke fort når Mini’en har funnet seg ein favoritt.. Her på søndag måtte eg ta Mini’en med på ein lastebiltur, eg hadde visst lovt an det, på fredagen..

“Sånt nåke glemme ikkje Mini’en ut..

Og når me kjørte nedover gatå, passerte me huset te barnehage onkelen.. Og Mini’en lyste opp borte i setet sitt..

“Ed se Deir Ove pappa.. De botte… Ute… Seie Mini’en fornøyd..

Deir Ove e bestevennen min… La han te… Med varme i stemmen og ett søtt flir om munnen..

 

Man vett liksom at guten e i trygge hender då, i barnehagen.. Når man får sånne herlige beskjedar fra guten..

Men når me stod der og konverserte, eg og “Onkel’en”. Så komme turbo’en ut dørå i ein hylande fart, og kikka seg kjapt omkring for å få øvesikten..

Før han ser meg å løpe i fullt firsprang å kasta seg i armane mine..

“Kjøre du lastebil…? E det førsta an spør om ..

“Ja, det gjør eg.. Svara eg..

“Den store..?

“Ja…

“Jippiii…

 

Det va vel liten tvil om at den guten va “happy” .. Å sei at han trives me yrkesvalget te Fatter’n e nok ein underdrivelse..

For han elske å kjøra lastebil, då sitte han så fornøyd i setet og kosa seg..

Hilse på andre lastebilar med den største selvfølge, omtrent som om han har kjørt lastebil i 30 år.. Komme med innsiktsfulle kommentarer om både laust og fast..

 

Om dei skumle spøkelsene i veikanten så egentlig bare e sånne kvitplastra høyballer, fortelle ka alle dyrå han ser rundtomkring seie og spør om så masse forskjellig at Fatter’n somme ganger slite med å svara..

Han e ein herlige gut, Mini’en..

Eg e lika glad i alle ungane, men eg kan ikkje legga skjul på at Mini’en si øvebegeistring for Fatter’n. Den har satt sine spor..

“Me har nåke spesielt i sammen, eg og han..

 

Om det e den litt vanskelige starten på hans tid her i verden, då Storken leverte han nåken månader for tidlig..

Kanskje e det fordi eg har jobba ganske mye mindre nå, enn etter dei 2 eldste blei født..

Ellår om det rett og slett bare e fordi han e den første så egentlig bare har blitt skikkelig pappagutt.. Eg vett ikkje..

 

Dei to eldste har alltid dilta mest itte Kånå, Litlajentå sa seg sjøl..

Hu va såpassa ittelengta av Kånå at hu har blitt så dulla med, at der hadde eg lite å stilla opp med..

Skjønt, fant eg fram drillen, hammaren ellår andre handymann ting.. Så va hu på pletten med ein gang, og satt konsentrert å følgte med på ka Fatter’n holdt på med..

 

Men eg og Mini’en, me e tette som erteris.. Uansett ka eg ska, så ska han vær med..

Eg skjønne Kånå si litt angrande “dilledulling” av Litlajentå så hu nå høsta fruktene av, i ei jenta så knapt vika fra hoftå hennas..

For det kan bli litt sårt og vanskelig, innimellom..

Når man må avgårde og ikkje kan ta han med.. Og du ser det skuffa ansiktet han sett opp.. Gjerna springa han inn i ein krok og sitte å furta..

Med lippå halveis te golvet..

 

Men mest e det herligt.. Når man komme heim og den litle pjokken skubba all motstand fra søsknå sine te siå..

For han ska ha kos og klem først..

Der han komme løpande mot deg i dørå, med ett skingrande gledesfullt velkomst hyl…

“Pappaaaaa…!! ..

 

Det e då man skjønne det, nyte det og glemme all verdens bekymringar…

Man slippe skuldrene ned..

Og tar imot den ubetinga kjærligheten så ikkje kreve nåke aent tebake enn ett smil, ein kos og ein “eskimo nuss” ..

 

Det e dei øyblikkene man må ta fram, når all verdens problemer står foran deg som ett ubestigeligt fjell, høgare enn Mount Everest…

Og alt me gjør her i verden, som å gå på jobb å slite for og få lønn for strevet.. Rydda itte ein heidundrande ittemiddag med Flokken..

Ellår springa galmann rundtomkringfallera i huset, for å fanga kidsa før man plassere di i loppekassen…

Det e for å gi Flokken den beste starten på livet og ein god og minnefull barndom..

 

“Men det e jaggu meg ikkje lett……

 

Å huska dei herlige øyblikkene når kidsa va små og kun ga deg bunnløs kjærlighet og glede, istedet for grå hår og nervøse sammenbrudd

Når du har ein Eldstemann så illsint står å sparka i parketten, så ein fullblods okse i ein tyrefektar arena..

Fordi Pokemon spille har klikka…

 

Ellår når man har ei kav rasande Litlajenta, så ikkje vil gå med strømpebuksa..

Og absolutt ikkje forstår at man kan bli sjuk av å gå i ein tynn kortarma topp og bare et lite skjørt, ute ..

 

Til og med ein hyperaktiv Han i Midten, som dansa som Michael Jackson i stuå..

Så lysastakar, vasar og blomsterpotter dirra av frykt, når armar og bein fyke forbi i hytt og pine…

 

Uansett kor mangen ganger man telle te 1000, tenke på kor herlige di va som baby’er eller andre finurlige måtar å roa “cellå” på

Så går man på ein kraftig smell…

Og itte Flokken e forvist te loppekasså for kvelden.. Så sitte man med den bitre følelsen av dårlig samvittighet i sofaen..

Og angra på at utestemme blei innestemme, og at man te slutt sprakk for ein filleting…

 

Men dei komme nok…

Dei stundene kor Mini’en og vil dra meg te beherskelsens umiskjennelige avgrunn ..

Og heilt sikkert klara å tippa meg øve “klippekanten” …

 

Men enn så lenge …

Så e me tette som erteris…

 

Ein druknet Iphone, Kånå og Van Damme …

sz9fe518_1
Bildet fra Vg.no

 

Itte ein begivenhetsrik dag igår så inneholdt litt av kvart, fra bortkomne nøklar, tyggis i håret og mimring om egne rampastreker. Så toppa det seg egentlig igår kveld..

Me hadde endelig fått Flokken i seng, roen hadde senka seg øve huset og Kånå sko lada telefonen sin…

Det gjekk rett og slett ikkje heilt så det sko.. An ville rett og slett ikkje ta imot strøm, og lå bare på kjøkkenbenken og spant opp te 2% før an ga opp og slo seg av..

 

Kånå fikk abstinenser og begynte å gå inn i anafylaktisk sjokk, hu hadde ivertfall pusteproblemer, uregelmessig hjerterytme og følte verdens undergang va nær..

Eg sjekka symptomene på nettet og det stemte ganske bra..

Hu stod øve maskineriet sitt og klaga seg øve denna forbaskade driten.. Alt e det for Kånå når det ikkje virka sånn så hu vil, forbaskade drit…

 

Eg spurte om hu hadde gjort nåke uten om det vanliga med an den dagen, og fekk blikket… Clint Eastwood blikket..

Om eg ikkje trudde hu kunne behandla ein mobil telefon heller nå, liksom.. Tjera vena meg, hu hadde nå bare lest litt meldingar, oppdatert annonser på klessalget sitt og sjekka Facebook..

Men Han i Midten hadde forsåvidt stukket av med den tidligare på dagen, for å fanga Pokemon..

 

Eg tok av beskyttelses dekselet Kånå har på den og det va heilt vått bak om, Kånå gjekk endå lengre inn i sjokktilstanden hu va på vei inn i..

Hu blei ivertfall kortpusta, hes i stemmen og rød i toppen…

“Hu styrta opp trappå mens hu ropte hest på syndaren…

Det viste seg te slutt at Han i Midten hadde mista mobilen i ein sølepytt. Det e heilt ufatteligt nesten, for me har hatt strålande sol i ei veka nå og har ikkje hatt antydning te nedbør..

Alikavel klare den guten å mista telefonen i ein sølepytt… Sikkert den einaste pytten i mils omkrets..

 

Altså, nå e det forsåvidt bare ein telefon det e snakk om, kan nok mange tenka med seg sjøl her.. Men det e nok meir nyansert enn som så, mildt sagt.. Den telefonen e livbøyen te Kånå, hennas 6 sans..

Uten den trur eg hu hadde slitt med å komma seg gjennom hverdagen.

Sånn e det heilt sikkert for de fleste, meg inkludert. Det e egentlig litt merkelig kor sinnsykt avhengige man har blitt av denna duppedingsen.. Me kan liksom ikkje vær den foruten…

Man føle seg nærmast naken om man ikkje har kontakt med omverdenen..

 

Og Kånå e definitivt ikkje nåke unntak, det e ivertfall heilt sikkert. Der hu gjekk å sukka og klaga seg øve frykten for å mista kontakten med Facebook, internett og kontaktene sine…

Syndaren va ein angrande kar på 8 år, så har ei lang lista øve ting han har tatt knekken på.. I-paden sin så plutselig hadde knust skjerm av uforklarlige grunnar..

Den flotte fjernkontrollen med touch kontroll te tv,dvd og lignande så blei maltraktert av ei banan… Jepp, ei banan… Han fikk ikkje viljen sin og slengte ei banan ner i sofaen, rett på fjernkontrollen sin skjerm… Poff…

I-paden min så han mista i gulvet… Det e nesten så han har ein magnetisk evne te å havna i trøbbel med elektroniske duppedingser…

 

Jaja, sannheten kom fram og ei tåredryppande historie om at han sko kikka inne ei gravemaskin skuff, kor telefonen “hoppa” ut av lommå og ner i pytten ved siden av..

Han hadde febrilsk prøvd å tørka den, og turte ikkje å sei ifra siå han hadde naska den med seg uten lov…

Det blei dyrt og helligt lovt at detta aldri sko gjenta seg, og at han alltid sko sei ifra i framtiden om nåke lignande sko skje.. Så heilt klart, sannsynligvis ikkje e lenge te..

 

Kånå hadde saumfart internett på jakt itte måtar å redda mobilen på, og hadde nå pakka mobilen godt inn, oppe i ei skål fyllt opp med ris..

Og stod nå å kikka på prosessen, med kjøkkenbenken..

Eg nevnte nåke om at det gjerna kan ta “litt” tid, og at det heilt sikkert ikkje hjalp at hu stod å kikka på.. Men hu snudde seg med ett lynande rødt blikk og kikka morskt på meg…

Gudhjølpe meg, ikkje hadde eg tenkt å få vreden øve ein potensielt drukna mobil, snudd øve på meg.. Så eg lot hu vær i fred der hu stod..

Itte ei stund kom hu oppgitt og fortvila å sette seg i sofaen med meg, og så på filmen eg hadde satt på.. “Bloodsport” med Van Damme 

 

Eg hugsa den filmen fra barndommen, som rett og slett sinnsykt bra.. Nåke av det besta man kunne finna på Vhs, den gangen.. Og Van Damme va jo verdens beste skuespillar, i sin sjanger..

Øhh.. Eg vett ikkje heilt om eg e enige med meg sjøl, fra 25-26 år siå.. Eg må vel innrømma at Bloodsport og Van Damme, gjerna ikkje heilt har tålt tidens tann…

Men Kånå livna nå te der hu satt i sofaen og smugkikka øve laptopen sin, når Van Damme kasta treningsjakkå i filmen, og slåss videre i bar overkropp..

Hu fekk det der fårete blikket, liksom.. Jaja, alt va bedre enn surskap for ein muligt vraka mobil..

 

Så når filmen va slutt slukka me lys å rydda av stuebordet. Eg gjekk på badet og heiv meg igang med arm-hevingar, Kånå gjekk på kjøkken og kikka på skålå med ris og mobiltelefonen oppi..

Eg tenkte eg sko gjør som eg hadde pleid før, ta 3*25 med armhevingar..

Det gjekk jo som ein draum det, første serien datt eg i hopa itte 22.. Itte ein liten pause klarte eg 16 te .. Før det blei 8 stykk i siste serien, og armane nærmast kjentes ut som om nåken sko riva de av… Det va rett og slett lenge siden “før”, fant eg kortpusta ut…

Eg reiste meg å kikka i speilet.. Jaja… Det komme nok te å ta ei god stund, før det speilbilde vil bringa fram det “fårete blikket” te Kånå..

 

Eg rusla inn i på rommet våras, når eg skvatt te av ett jubelbrøl inne fra kjøkken…

“JIPPI .. An har begynt å lada… Kauka hu fra kjøkken..

Hu hadde tatt an ut av risbadet og sett an i ladaren.. Nå sprang hu skytteltrafikk mellom badet og kjøkken…

“Nå har an fått 3% …

Så for hu på badet og pussa tennå, før hu jogga inn på kjøkken igjen..

“8% nå… Åhhh… Utbrøyt hu lykkeligt…

 

Så heldigvis blei det ein lykkelig ende på eventyret igår..

Eventyr fra ein massebarns familie kor alt kan skje, og kan det ikkje skje, så får med heilt sikkert te alikavel…

Her blir det aldri kjedelig…

Det e ivertfall heilt sikkert.    =D

 

 

 

 

Litlajentå, Rampestreker og Luå…

litlajenta-2

 

Litlajentå har utvikla seg te å bli litt av ett fyrverkeri, hu så va lika snill så dagen va lang, tidligare…

For all del, det har vært hopp, sprell og tjoåhei med hu og.

Men aldri så steikje gale, meir ufattelig utspekulert og såpassa humoristisk at me stort sett bare har brøte ut i latter når me har tatt na i ett eller aent fantaskap..

 

Jaja, når hu i 2,5 års alderen naska med seg ett par prinsesse sko fra ein lekebutikk blei det jo litt styr.. Og litt arbeid laga hu jo og te, f.eks når hu produserte snø te dukkene sine med ein pose risnøtter, på kjøkkengulvet…

Men det har som oftast vært godslig, uskyldig og normalt ramp. Sånn så dei fleste små i hennas alder finne på.

Stjelt neglelakken te Kånå og lakka seg opp te albuene, tegna på alle veggen hu fant det nødvendig og dratt med seg Mini’en på alskens andre fantastreker ungar kan finna på…

 

Men i det sista har det begynt å eskalera, mildt sagt.. Grenser ska testast te det yttersta og det ikkje måte på ka hu kan finna på.. Som oftast krydra med sitt sedvanliga Jack Nicholson flir, når hu blir tatt på fersken..

“Og hu e blitt ekspert i å klara å få andre te å få skyldå, for sine utspekulerte påfunn…

Stakkars Han i Midten og Mini’en har mang ein gang vært mistenkt, før me har funnet ut kim den virkelige syndaren e. Eldstemann tør hu ikkje begi seg utpå for å lura, han e for smarte for na..

Eg må nesten få sei eg e litt imponert øve kor inn i granskauen gjennomtenkt mye av rampet hennas e. Man kan formeligt sjå at hu perfeksjonere og utvikla seg for kvar ny rampastrek…

 

Men noen ganger så møte man seg sjøl i dørå, når man gjør ting man ikkje har lov te.. Man får på ein måte sin egen medisin, midt i ansiktet …

Me prøva jo å fortella alle dei her små her i heimen, at det besta e å vær så snille som man kan.. Så e andre snille mot dei.. Sjølsagt går man på ein smell i ny og ne…

Det gjorde nok både eg å Kånå det… Kuå må huska hu har vore kalv, seie ofta mor mi te meg. Når eg klaga meg øve mine i øvekant rampete småtroll i ny og ne..

 

Ka hu meina med det kan eg jo forsåvidt forstå… Det va vel ikkje så langt mellom rampastrekene når eg va mindre hellår..

Og ein del av det me fant på, trur eg at eg e glad hu ikkje viste om..

Då hadde eg vel aldri fått lov te å gå ut aleina igjen.. Som den gangen eg og ein kompis hang å dingla i nåken brakebuskar, mens me spente småstein ner i steinbruddet i Hervik…

Gudhjølpe meg…

Eg traff han her for nåken veker siå, og då nevnte han akkurat den episoden.. Kunne jo gått aldeles steine gale vettu…

 

Ellår den gangen eg og søskenbarnet mitt Henrik, stod bak om naustet te Bessen. Når Edvin og Bjørn Egil kom i den åpne gavlabåten, og sko kasta itte makrell…

Det va ein nydelige midtsumars kveld, og sjøen lå stille så ett speil…

Så når de runda Notodden og svinga sakte innover mot naustet, begynte me å kasta skjeinestein utøve den speilblanka øveflaten.. Edvin oppdaga det først, og la seg på gassen innover…

“Kast…Kast … Ropte han te Bjørn Egil, så heiv seg igang med notå…

 

Eg å Henrik ramla fram fra bak om naustet, mens me lo så me nesten grein…

“Sjølsagt blei me oppdaga..

Og når Edvin ropte itte oss at han sko kaldkvela og sløya oss med tollekniven sin… Sprang me så nåken ungkarar oppøve Sjøbakken, og priste oss lykkelige for at det va lenge te skulen begynte…

Tjera vena meg… =D

 

Så rampen har vel sitt utspring fra ein plass, vil eg tru.. Men det va Litlajentå og denna luå hu hadde på seg idag morgens, eg nevnte i forrige innlegg då..

For hu kom ner idag morgens og lå nå litt i sengå med oss, sammen med Mini’en så kom endå tidligare..

Før de stakk på rommet hans og lekte. Og når eg stod opp for å setta på barne-tv, hadde hu fått på seg denna her luå.. Eg tenkte egentlig ikkje nåke øve det, der hu satt i pyjamas og luå..

 

Heller ikkje Kånå gjorde det, når hu sto opp.. Hu nevnte det i forbifarten før hu jumpa i dusjen. Eg kjørte ner på butikken og handla rundstykker..

Kånå sko i selskap med Litlajentå i 12 tiå, så itte frokosten begynte hu å finna fram kler og sko stella Litlajentå..

Og når hu hadde fått på Litlajentå bursdagsklernå, for de ut på badet for å ordna håret… De hadde nesten ikkje kommen inn, før eg høyre Kånå utbryte forskrekka…

“Herreeeeguuuuud, ka e det du har i håret da…??? ….

 

Kånå hadde hatt med seg Litlajentå å handla igår kveld, og bestukket hu med ein pakke tyggis.. Den hadde me konfiskert før kveldsmaten, men tydligvis hadde ei litå rampejenta leita seg fram te an igjen..

For hu hadde håret fullt i tyggis…

Detta hadde hu sjølsagt oppdaga i dag morgens, og i frykt for represalier for den stjålne tyggisen hu hadde naska med seg opp på rommet igår.. Så skjulte hu det med ei lua…

Kånå fekk jo heilt åndenød… Litlajentå har ikkje akkurat hatt ein hårvekst så har flomma over, så redselen for at den flotte hårmanken nå måtte klippast holdt på å bli for mye for Kånå..

Litlajentå grein sine bitre tårer….

 

Litlajentå måtte i badekaret, det va ikkje meir enn 20 minutt te hu sko vær i selskap og Kånå va meir eller mindre ein smule småstressa.

Heldigvis, klarte hu å vaska tyggisen ut av håret hennas…

Litlajentå va øvelykkelige for at hu kunne beholda håret, og med ett godt innarbeida samarbeid klarte me å få jentå klar i ein fei. Og fekk kommen oss ut dørå og avgårde…

 

Så blei det jaggu meg litt kaos her i heimen idag, alikavel…

Itte ein meir eller mindre harmonisk morgen..

=D

Lørdagsmorgen, Kånå og ett par bilnøklar på avveie…

Car key in the sand

 

Det e lørdags morgen, igjen… Eg sitte her i sofaen med Flokken, ein film rulla på lerretet, ein lett “Cowboy” frokost e fortært ( Chips, saft og kaffi ) og freden herske fortsatt øve stuå..

Litlajentå sitte i sofaen i pyjamas og lua på, Mini’en med ett auga på I-paden eller eeee-padden så han kalle den og ett på Tv’en..

Dei to eldste sitte oppslukt og følge med på filmen.. Igjen har eg hatt flaks å funnet ein me ikkje har sett før.. Så betyr at eg kan få drikka litt kaffi, nyta roen og få ner nåken ord her ..

 

Det har blitt vanskeligere å komma igang for tiå, spesielt i helgene. Eg føle litt på det at det blir “hakk i platå” innlegg kvar helg, at det forsåvidt e det samma så skjer..

“Bare pakka inn på forskjellige måtar..

Men det e jo sånn det e, ingen helg e lik men alikavel skjer det samma, om dåkke meina ka eg forstår. Og idag skjer det ingenting, nada, nix og nothing…

Det e nesten så eg higra itte litt hysteri, søskenkrig og komplett kaos.. Så inspirasjonen kan formelig bobla over, istedet for denna bedragerske idyllen så herske øve stuå akkurat nå..

 

Så kom eg på gårsdagen …

Kånå ringte meg halveis i fistel når arbeidsdagen nærma seg slutten, hu kunne ikkje finna bilnøklane..

“Har du tatt bilnøklane igjen du.. ?? .. Spurte hu, men eg høyrte på tonefallet at for ein gangs skyld visste hu ikkje svaret…

Når man har tilbringt såpassa mangen år ilag, lære man seg dei små nyansene der. Og når spørsmålene fra Kånå ikkje e lada med skuddsikker skråsikkerhet, merka man det fort..

“Nei, eg har ikkje det.. Har ikkje kjørt bilen igår eingang. Svara eg, egentlig ganske fornøyd og lykkelig siå eg garantert va uskyldig, akkurat denna gangen..

“Eg skjønne ingenting eg… Eg har leita i heila huset… Repliserte Kånå nåke fortvila.

 

Hu la på te slutt for å leita videre, heldigvis sko hu ikkje avgårde med eingang… Då hadde det uansett vært min feil, på ett eller aent vis.

Såpassa lære man seg og itte lang fartstid med ei ilter men snill Kåna.. Så når eg kom heim svinsa hu fortsatt rundtomkringfallera å leita febrilsk itte nøklane..

Me hadde egentlig ett sett med nøklar te, men dei e og forsvunnen uten at eg har fått skyldå for det heller. Eg e ganske sikker på at hu mistenke seg sjøl for den forsvinningen og..

 

Itte me hadde spist middag begynte leiteaksjonen å tilspissa seg, hu ransaka alle jakkene mine i ett villt håp om at eg va syndaren.. Men fant ingenting..

“Flokken hadde ikkje tatt de, itte hu forhørte de i beste CSI stil..

Eg hadde funnet sofaen og satt å svara på litt mail. når eg høyrte ett triumferande hyl i fra kjøkken..

“Fant de…. Kauka hu lykkelig..

“Kor va de henne da..Spurte eg..

 

Hu va nåke unnvikande og svara ikkje på det spørsmålet, men eg ga meg ikkje .. Det hadde jo vært greit å vita kor hu hadde forlagt de, liksom.. Men hu rusla bare arrogant forbi..

“Men, kor va de henne da.. Spurte eg igjen..

Eg va fullt klar øve at nå utfordra eg egentlig skjebnen, å vær nesevis når Kånå har gått på ein smell kan vær skummelt. Men for ein gangs skyld hadde Fru Full Kontroll og “mista” nåke…

Det e lov å leka litt skadefro då, sjøl om det fort kan bli ein lek med ilden..

 

Hu mumla ett eller aent men eg fikk de ikkje med meg..

“Ka sa du.. Sa eg..

“Eg sa kor de låg… Svara hu..

“Nei, du mumla kor de låg.. Svar så eg kan høyra deg då vel.. Sa eg videre..

Eg såg på Kånå at det fort kunne utarta seg nå, så hvis hu ikkje svara nå burde eg nok ikkje dra det lengre.

Men plutselig slapp hu ut ett sånn innpust etterfulgt av ett oppgitt utpust..

“De lå i søppelbøttå…. Svara hu litt småflau..

 

Hu hadde i vanvare tatt nøklane med seg når hu tok nåke papir så sko i søppelbøttå, fra skjenken så stod i gangen.

Hu hadde akkurat kommen på det, og sjekka søppelbøttå.

Og der lå nøklane. Eg trur hu hata det metallic grønna vidunderet våras så intenst, at til og med underbevissheten hennas sannsynligvis gjør alt den kan for å bli kvitt gliset…

Muligens har det andra settet med nøklar, tatt samme veien ut av huset dei og..

 

Eg fekk latterkrampå i sofaen, men besinna meg kjapt når refleksane av scud rakettane glimta i blikket te Kånå…

Og hu snudde om på hælen, raste irritert ut dørå og kjørte på butikken for å handla..

Ubetaleligt vettu.. =D

 

Jaja… Nå får eg slutta av for nå, Mini’en har bestemt me ska bygga togbane på rommet hans..

Kånå og Litlajentå e i selskap, Eldstemann på Pokemon jakt og Han i Midten har besøk av ein kompis…

Me fant forresten ut koffår Litlajentå gjekk med lua inne og, i heila formiddag…

Men det får dåkke venta te litt seinare med…

Ha ein flott lørdag, folkens.. =D

Supert tilbud te Bloggen’s lesere.. =D

//Innlegg i samarbeid med LitenGave.no//

69499_pappmache-kit_stor_1

Hjølpe nå meg… Denna ukå e eg så heldige å kjøra ett supert tilbud på nettbutikken LitenGave.no

I kategoriene LitenGave.no barn og Hobby og Kreative Gaver.. Alt dåkke leserar trenge gjør, e oppgi kodeord “boden” og dåkke vil få 20 % rabatt på nevnte kategorier…

Så eg fyrte igang ett innlegg og lagde bannere på bloggsiå.. Problemet va at når eg posta innlegget…

Så posta eg det som privat, istedet for offentlig… Og endte opp med at det kun va eg som så innlegget…

Herreguud… Eg har jo erfart at annonse innlegg som oftast ikkje har så mange leserar som dei andre innleggene..

Men når eg sjekka idag og fant ut det va absolutt null leserar på innlegget, begynte eg jo å lura. Og fant sjølsagt ut at her e det heilt klart ein eller aen ( Meg sjøl ) så har gått på ein smell…

Men bare å få det sagt, t.o.m søndag kan dåkke gjør nåken kupp i LitenGave.no sin nettbutikk i dei 2 kategoriene eg har nevnt…

Nedenfor komme ett par tips om ting me har prøvd ut, og absolutt vil anbefala… Ellers e det virkelig verdt ett lite besøk innom denna nettbutikken om du har barn…

Her e det sinnsykt masse kjekt man kan sysselsetta både seg sjøl og barna med.. Og super genialt nå før høstferien, e man kjapp med å bestilla har man gjerna varene litt ut i høstferien..

Så stikk innom denna kjekke nettbutikken og bli inspirert te å finna på noe kjekt med kidsa …

=D

http://www.fattern.no/2016/06/18/tips-kidsa-ferien/

http://www.fattern.no/2016/07/13/ugledilla/

//Innlegg i samarbeid med LitenGave.no//

Eg, Harrison Ford og ein Tidsmaskin…

indiana-jones-and-the-kingdom-of-the-crystal-skull-720p-www-yify-174232

Enten så har eg kjørt gjennom ein tidsmaskin på vei te jobb , ellår så har eg bare gått på ein smell…

“Men feil vei…

Altså ein smell med positivt fortegn.. For itte å ha kava meg ut av sengå, i nåke se må ha vore komatøs tilstand.

Funnet arbeidskler, stappa hovudet unna springen for å nåkenlunde komma ut av dvalen og forsåvidt klar te å kjøra på jobb…..

 

For så å ikkje finna nøklane te lastebilen…

“Blir ca ” LITT ” stressa for klokkå e jo kvart over sju…

Vekke halva huset i ein jakt som Harrison Ford hadde vært misunnelig på, for kvinnfolket eg fant te å hjelpa meg sprang kun rundt i truså..

Fyke rundt i huset å finne alt eg har leita itte i ett heilt år, men som overhodet ikkje e av interesse nå…

 

Får kjeft av hu i truså koffår eg ikkje kan legga ting klart om kvelden..

Treffe ein 8 åring på loftet se har høstferie å egentlig burde ha sove litt te men har blitt vekkt av ein elefant se sprang opp og ner trappene…

“Med sko på…

Komme på at eg kjørte jo nye sofaen te min kjære svoger hjem på lørdag..

Bare for å skunta meg heim for å se Liverpool kampen, å at eg då la nøklane på pc pulten…

Og lagra i min interne hardisk (se tydligvis har blitt formatert i helgå) at nå må eg huska på mandags måren at det e her di ligge. ..

 

Stupe ner trappene å passere ei snurren geipa i trusa igjen, med ein mini Frode hengande i armen på vei opp se såg alt aent enn blie ut…

“Og tenke med meg sjøl at her har eg nok lagt grunnlaget for ett par dagar i bodå før vekå allerede har begynt…

Runda hjørna på huset å syns d va jyssla mørkt idag…. parkere på jobb og kikke på klokkå……………..

 

6.25…

 

Bare 50 minutt for tidlig på jobb …

 

Gulp… Øhh…

;D

Ein gammal nabo, Eg og ei maltraktert Toalettveska…

20161005_191145

 

Du vett den følelsen… Når man komme heim fra ein rangletur på byen og sjangla inn dørene heima.

Dømmekraften e fordufta som sumarveret på vestlandlet og man ende opp med å pissa i blomsterpottå, synet e lika diffust så naboen sitt va, når han prøvde forgjeves å få nøkkelen i låsen, itte Liverpool vant Champions League i 2005.

Og hørselen e øvedøyvd av 10 000 kjerkeklokker så ringe inn julå..

Omtrent samme følelsen slo meg igår, itte 1,5 døgn på jobb, ei små ilter Kåna på telefonen på vei heim og ein spinnvill tur på Amanda Senteret med tilhørande McDonalds besøk med Kånå og Flokken…

 

Eg gjekk på jobb iforgårs med ein nåkenlunde visshet om ka så sko foregå, men omtrent alt av planer blei snudd på hovudet i ein fei. Ein ny samarbeidspartner hadde plutselig 2 oppdrag på rappen…

Så først blei det ein liten svipptur te Erfjord med halvfull bil, så strake veien tebake og lasta fullt lass te Bergen…

 

For å vara best forberedt te neste dags utfordringar, kjørte eg opp samme kveld og sov i bilen… Og lossa tidlig om morgenen …

Eldstemann meinte det va masse “sjeldne” Pokemon’s i Bergen og ga meg ett oppdrag..

Så når eg hadde funnet ein dugelig plass å sova. Så va det rett ut på Pokemon jakt…

Tjera vena meg…

Eg trudde me hadde unngått detta Pokemon hysteriet og va “in the clear” …

Men tydligvis ikkje…

I ett pressa øyeblikk kor forstanden sannsynligvis har vore borte vekk, har de snodd oss rundt lillefingen og fått det installert..

 

Eg kan ikkje akkurat sei eg følte meg særlig smart, der eg rusla rundt å kasta virtuelle Pokemon baller i hytt og pine…

Men jaggu meg hadde eg klart å fanga ett par Eldstemann va storfornøyd med, når eg småflau tusla mot bilen igjen…

” Til og med ein “sjelden” ein…

Så då fekk det heller vara om folk trudde eg va ein forvokst Pokemon nerd i voksne sko… Alt for ein fornøyd gut i heimen..

 

På vei heimøve dagen ittepå, kom utfordringane som perler på ei snor…

Ein turbo havarerte på ein av dei andre bilane, overflod av varer på terminalen og ei småstressa Kåna frekventerte stabilt på telefonen..

” Allerede før eg for avgårde te Bergen hadde eg forsåvidt fått ein forsmak på smellane så låg forut..

For denna turen te Bergen kom såpassa tett på Erfjord jobben , at eg rakk bare ein kjapp tur heimom.

For å henta sengatøy te køyå og litt toalettsaker…

Eg pakka kjapt i hopa det aller nødvendigaste og jogga ner te lastebilen, trødde sengatøyet inn i førarsetet og la toalettveskå opp dekket…

Jumpa inn i bilen og la ett stretch laken på madrasså, danderte resten av sengatøyet fint oppå og kikka stolt på resultatet..

Før eg sette meg bak rattet, vinka te Kånå og Flokken og kjørte øve ein “hump…”

 

” Svarte salte bananer….

 

Toalett veskå låg så ei pannekaka igjen bak lastebilen, itte 19,5 tonn hadde passert øve na…

For sikkerhets skyld, stoppa eg ikkje før bakakslingen hadde maltraktert innholdet..

Hårvoks, deodoranten, tannkremen og Aqua di Gio luktå mi, va kverna i sammen te ei ugjennkjennelig smørja…

Eldstemann ringte meg på kvelden for å minna meg på Pokemon jaktå, og beklagde seg øve stakkars Fatter’n så hadde ødelagt toalettveskå si…

Men kunne melda at det nå ivertfall lukta godt, når han gjekk med bosset….

 

Eg humra å lo litt for meg sjøl, når eg te slutt suste heimover mot Kånå og Flokken, igår… Og tenkte på idiotien.

Jaja, det kan vel ikkje bli verre nå minnast eg, at eg avslutta tankerekkå med..

 

Men sjølsagt tok eg feil…

Såpasssa burde eg jo egentlig ha erfart te nå, at i vårt hus komme smellane susane i mot oss, stabilt, uventa og mot normalt ..

Kånå va mildt irritert når eg måtte ta ein kjapp tur, ut te Veavåg med ett lass før eg kom heim..

” Så eg bestakk na med ein tur te Amanda Senteret…

Itte å ha blitt hekta på House of Cards, har eg forstått at forhandling e ein kunst…

Likaså bestikkelser, utpressing og andre finurlige virkemidler for å enten vinna fram i ein sak ellår bedriva skadebegrensning av ein annen …

 

Og det starta egentlig som ein draum. Turen te byen gjekk i likaste laget, dei to minste sovna og dei to eldste satt fordypa i kvar sin skjerm..

Når me entra Amanda sov Mini’en fortsatt, så me trilla an rundt ein liten runde før me fant McDonalds og bestilte middag…

Mens me vente på maten fanga dei to eldste Pokemon.. Eldstemann kom styrtande inn med ett saligt glis om kjeften..

Han hadde fått tak i Pikachu, ellår “Pizzatjuven” så far min seie.. Han i Midten hadde fått tekniske problemer og va sur så ei sitron..

Før Eldsteman i skadefrydens dårlige samvittighet, hjalp han igang igjen…

 

Litlajentå og Mini’en så endelig hadde våkna, gjekk i skytteltrafikk mellom lekerommet og ballonguttaket..

Hadde de hatt Helium i dei ballongane trur eg me av og te hadde letta.. Litlajentå e flink, hu hente te alle.. Til og med meg og Kånå…

Av og te ser me nærmast at så dei ballongselgerane på 17 Mai, når me går ut det ifra.. Hjølpe meg….

 

Maten blei fortært og nok ein runde på Amanda venta..

Kånå sko ha valuta for pengene…

Eller ivertfall for forslaget mitt om å gå og kikka litt… Hu va vel ganske innforstått med, at det va ett blidgjøringsmiddel fra mi sia og utnytta kvart eit sekund ..

 

Men itte ett lite kvarters “roundabout” inne på senteret, fant til og med hu ut at nok va nok, for i dag…

Dei to eldste hadde havna i ein liten disputt, igjen … Mobilen te Kånå gjekk i bakken, og Han i Midten skyldte på Eldstemann..

Eldstemann hadde sjølsagt ikkje gjort nåkenting…

” Men telefonane blei konfiskert og utgangen lokalisert…

Når Kånå uten innvendingar, finne ut at nok e nok… Då e det gale…

Hu forlate ikkje ett kjøpesenter uten plausibel grunn… Det e ivertfall heilt sikkert…

 

Itte ein tirade øve kor fæle foreldre me va, på vei te bilen blei telefonane utdelt igjen… Med lovnad om bot og bedring, og litt håp om ro og fred på veien heim…

Eg måtte handla litt forbruksvarer te bilen på Jula, olja og frostvæska…

Og då ville Eldstemann nerom Leo’s Lekeland, det va visst ett Pokestop der.. Så sjølsagt kjørte me ner uten å tenkja oss om.

” Då sko dei to minste inn på Leo’s..

Herreguuud…

Dømmekraften va heilt klart på nedadgående kurve og man kunne jo bli eitrande forbanna på seg sjøl..

For å ikkje tenka lengre enn pannebrusken..

 

Det endte med  full konsert fra dei to minste, når me kjørte videre uten at deiras ønske blei innvilga…

Igjen va me nominert te Verdens Verste Foreldre, fra 50 % av Flokken…

Gudbevaremegvel….

 

Eg nappa ner Dvd-Skjermen i taket og slengte på ein film, itte 5-6 minutt begynte konserten og avta.

Dei to eldste va i full Pokemon fyr.. Så me måtte innom Haralds støttå for å fylla opp med Pokemon baller..

Det va visst ett sånt Pokestop der og.. Jippi..

 

Halveis på heimveien blei mobilen konfiskert fra Han i Midten igjen, Kånå måtte ha an sjøl litt. Og det va full diskusjon om ett eller anna igjen..

Det va jo sterkt urettferdig, siå Eldstemann fortsatt fekk spilla på sin mobil..

Men at han kunne slå av spillet på sin, i solidaritet med sin yngre bror hadde han absolutt ingen forståelse for…

” Full konsert igjen…

Eg kikka på Kånå, hu kikka på meg…

Og eg forstod ufattelig godt, at hu hadde vært mildt irritert øve min seine heimkomst idag…

Hvis detta hadde vært gjennomgangsmelodien tidligare på dagen …

Men me kunne ikkja anna enn å flira begge to…

 

Det e jo som det alltid blir, med oss på tur… Om det e ein liten tur te byen, ferietur te Danmark eller flyturar te syden…

Det blir generelt sett ett heidundrande kaos fra ein annen verden, nærmast uansett…

Så me endte opp i krampelatter begge to, der me satt…

Med Dvd’en på full guff, to kranglefanter så diskuterte Pokemon og to iltre småtasser, så hysja både på oss og dei to eldste for de kunne ikkje høyra filmen…

Galskapen va komplett..

 

Og når me parkerte i gården heima, fekk lossa Flokken og rusla inn dørå…

Så va det med ein sjanglande gange, eit mildt sagt diffust syn og full kjerkeklokke konsert i øyregangane…

Og mens eg tenkte på Naboen, Champions League og ei maltraktert toalettveska …

 

Så slo det meg at i år…. Ja, i år … Då e det vårt år… Endelig…

Detta året … Då vinne Liverpool Premier League, Kånå å eg får skikk på Flokken og all motgang blir snudd te medgang…

I år snur det…

Før eg kollapsa i sofaen og vakna med nakkesleng, ein sovande arm og i meir eller mindre komatøs tilstand rusla i loppekassen…

For det kan jo vær… At miraklenes tid ikkje e forbi…

Eller….?

=D

Ei Kråka i stemmeskifte …

rs-218173-waynes_world

 

” The speed limit is now 31 mph… Spraka plutselig ut av høytalerne i jobb bilen…..

Og eg spratt himmelhøgt opp fra bilsetet…

Helsikke… Eg lika å synga med i bilen når man høyre ein godsang på radioen.. Så når man midt i refrenget blir avbrutt på den måten……

Då skvette man jaggu ein smule i setet..

Spesielt når volumet ikkje akkurat e på lavt nivå… A-ha må spelast og syngast høgt… Heilt klart… ????

 

Eg vil tru forrige mann så kjørte denna bilen, muligens har vært i øvekant engstelig for å øvestiga fartsgrenså..

For Navi’en va innstillt på å skrika ut om man va bittelitt over grenså.. På engelsk..

Ikkje det at eg e nåke notorisk råkjørar, men det blei ganske irriterande kvar gang eg bikka 52-53 i 50 sonen..

Så itte litt frenetisk trykking i blindå, fekk eg te slutt slått det av.. Uten at eg heilt vett kossen..

 

Å bli avbrutt midt i ein “klokkeklar” falsett på Stay on These Roads, av A-ha avgjorde den saken..

Kånå e forsåvidt ikkje enig i den beskrivelsen, vil eg tru.. Min “Klokkeklare Falsett” …

For det e ikkje få ganger hu har stønna ut ett forskrekka “Ååneeeei.”, når Morten Harket’s fløyelsmjuke vokal har strømma ut av høytalerene i bilen..

Flokken og forsåvidt, men ikkje så kjapt så Kånå.. Kånå vett ka så komme, men for Flokken slår det stort sett inn i refrenget..

 

Fattern’s skingrande vokal oppå ett plettfritt komp, e som firkanta hjul på ein bil… Det høyre ikkje samen.

Kånå har egentlig lagt ner veto om synging fra meg i bilen, men det glemme eg ut heila tiå…Det e forsåvidt ikkje så merkelig.. Mangen timar aleina på landeveiens uransaklige veier, kan gjerna ha gitt ein “liten” dose for mye tro på egne vokale evner.

Eg blei vel egentlig smertelig klar øve det sjøl ein gang, uten at Kånå trengte sei det te meg..

 

Når eg for nåken år siå, på ein strålande sumar dag, lykkelig kaukande med på Tom Petty’s “Free Fallin” i hyttå … Kjørte nerøve mot Coop’en i Føresvik, på Bokn..

Med vinduene på vidt gap runda eg butikken, og rygga meg te varemottaket.

Vridde rundt svitsen. stoppa maskineriet og hoppa ut av hyttå, mens eg fortsatt sang på refrenget…

” Cause I’m Freeeeeee…. Free Fååååållin…

 

Eg rusla bakøve mot liften og hadde forsåvidt slutta å synga nå. Varemottaket stod oppe og to stykk Coop ansatte, stod utforbi og mysa mot himmelen…

” Eg ser ikkje nåken måker eg… Seie hu eina..

” Jommen, eg høyrte di jo nettopp… Va eit helsikkens bråk her ute… Svarte hu andra… Med glimt i auga..

” De blei sikkert skremt av lastebilen.. Konkluderte hu førsta, med eit flir om kjeften…

Eg snudde meg å kikka oppøve eg og, før det slo inn så ei ildglo i magen… Det va meg de snakka om…

 

Eg passa på å ha vinduene igjen, itte den episoden…

Og Kånå har forsåvidt rett, eg synge så ei Kråka i stemmeskifte. Men det pleie stort sett ikkje vær te nåke hinder..

Spesielt ikkje itte ett par “mannabrus”..

Eg og Kånå, fest og ett karaokeanlegg, det e Kånå sitt største mareritt.. Då har hu ein tendens te å gjemma seg blant festdeltakerane, og gjør så hu ikkje kjenne meg…

Og e “Angels” av Robbie Williams på spillelistå, trur eg hu aller mest vil forsvinna fra jordens overflate…

 

Ein gang måtte hu ta meg te siå, for å gi beskjed at kanskje folk sko få hørra ein aen sang nå, eller ivertfall slippa andre te. Kor eg sjølsagt repliserte med å fyra igang “Free Fallin”, og hu tok taxi te byen…

Eller når eg va hekta på Hoobastank sin “The Reason”. Og sang te alle døgnets tider, på Singstar… Te slutt gjemte hu mikrofonane, itte eg hadde vekka Han i Midten når han va baby, for fjerde gang ein sein laurdags kveld..

Eg moste forsåvidt ein garva musikar i duell på den sangen og, ikkje fordi eg kunne synga bedre enn han.. Meir fordi eg viste kossen Singstar funka…

An masa om rematch, men det e viktig å gi seg mens man e på topp.. Heilt klart…

 

Lura på om eg ska finna fram Singstar greiene ikveld, forresten…

E lenge siå sist nå…

Kan jo vær Kånå har glemt koffer hu har lagt det vekk…

=D