Tomahawk Frisøren, ein bytur og ellers ei Flott helg..

 

For ein gangs skyld, så kan eg, Kånå og Flokken skryta på oss at me har hatt ei aldeles nydelig helg.. Sjøl om den gjerna ikkje e heilt over ennå, og på tross av at eg havna i Bodå igår.. Fordi eg tok litt ureglementert “avspasering”, og stakk øve te naboen for å sjå Liverpool kampen, midt i leggetiå igår kveld.. Men, om man ser bort i fra akkurat det, så har det forsåvidt vært ei trivelig helg..  Jaja, når eg tenke meg om, så gjekk eg på ein liten smell hos frisøren, sjøl om Kånå syns eg blei fin..

For eg tenkte det va på tide å stussa litt av hårmanken, som på tross av min “høge” alder, vokse lika fort som ugras i ett blomsterbed..

Og siden eg ikkje hadde bestilt time hos nåken, fant Kånå ut at eg kunne jo bare stikka innom te den der sjappå i Strandgatå, som har sånn Drop in profil.. Nett som i syden, kor man bare sette seg ner, og vente te det e sin tur.. Egentlig heilt genialt, utfordringen e bare å havna i  rett stol, på ein måte.. Eg har gjort det ein gang før, og dumpa definitivt ner i feil stol.. For hu damå som klippa meg trur eg ikkje hadde all verden med erfaring, sånn frisørmessig..

 

” Så eg endte jo opp som ei skamklipt bikkja, uten nåke særlig mål og meining i frisyren.. For å vær heilt ærlig, så såg det rett og slett ikkje ut.. Men, ka kan man liksom forventa, når man nesten betale sydenpris, på hårklippen..

 

Men igår, når eg satte meg i sofaen og venta på min tur, så va det kun mannfolk som klippa.. Og dei fleste som gikk ut itte endt klipp, såg rett og slett ikkje så galne ut på håret.. Så eg beroliga meg sjøl om detta nok kom te å gå bra, uansett så e det jo bare hår det e snakk om, det vokse jo ut igjen, tross alt.. Eg hadde ett lite håp om å havna i stolen te sjefen sjøl, for han e nok den som heilt klart har best kontroll, på det han holde på med.. Eller han i midten, han virka ikkje heilt ute å kjøra han heller..

Han ute på vingen, heilt te høyre, han va ett meir ubeskrevet blad i denna sammenhengen.. Han hadde eg ikkje sett der før..

Me har jo klippa kidsa der tidligare, te stort hell.. For dei har jo vært storfornøyd med frisyren de har fått.. Men, eg jo på ein måte ikkje nåke ungdom lenger, så sånn fotballproff frisyre e gjerna ikkje heilt passande for meg, meina eg nå sjøl.. Og det såg lenge ut som eg fikk det sånn som eg ville, at når det blei min tur så havna eg i stolen te sjefen sjøl.. Men, sjølsagt når han skyssa ut kunden fra stolen sin, med ein flott frisyre som stod både te alder og type menneske.. Ja, då tok sjefen sjøl seg ein liten siesta, den fjotten..

 

” Eg kikka nåke småforvirra øve på han i midten og øyna ett lite håp, om at det va der eg havna, istedet.. For det såg ut som om han og gjorde sista kronå på verket..

 

Men neide, han i midten satte igang med å trimma skjegget, på kunden i stolen sin.. Mens han ute på vingen slengte kappen av sin kunde, og sendte han på dør.. Kunne eg skimta ett lite misfornøyd blikk, der kunden hasta ut dørene, mens han tok seg forsiktig te skalpen..!? .. Eg vett ikkje.. Istedet forsøkte eg å gjør meg usynlig der i sofaen, sånn at han som kom inn itte meg, heller tok min plass i køen.. Men, han gjemte seg bak mobilen sin, og tenkte visst heilt klart det samma som meg.. Forbanna greier, altså..

Spirrevippen ute på vingen kauka ut at det ve klart, og kikka rett på meg der eg satt i sofaen.. Eg kikka te begge sider for meg, og på han som kom inn itte meg..

Som bare nikka mot stolen ute på vingen, når eg sendte han ett litt småfortvila blikk.. Flirte han ikkje litt rått, når eg reiste meg nåke motvillig og gjekk ut på vingen te høyre, va ikkje det et lite Jack Nicholson flir..!?.. Gudhjølpe meg.. Jaja, det fikk bare stå te, tenkte eg for meg sjøl.. Og ga klar beskjed om at eg kun sko klippast kort rundt øyrene og bak i nakken, men beholda litt lengde på toppen.. Kor vanskelig kan det vær å få te det, sa eg te meg sjøl..

 

” Men, kunne sjå eit lite anfall av panikk, i mine egne auger der i speilet.. Mens, frisør spirrevippen fyrte igang ein klippe maskin..

 

Altså, det e ikkje det at eg e hårsår, eller nåke lignande.. Men, eg e ganske sikker på at den elektriske plenklipparen me hadde, ute i huset på landet.. Ja den va meir skånsom med plenen vår, enn det han ute på vingen va med mitt hår.. Der han i ein helsikkens fart skaut maskinen nerante og opp opp, så hårtustene føyk ut i rommet.. Tjera vena meg.. På null komma niks, hadde eg endt opp som ein fullblods Premier League spiss, med 2mm hår på sidene.. Og ein slags Tomahawk frisyre på toppen..

Far min, fikk kjeft av mor mi eingang, når han hadde klippa seg her, fordi han sikkert kom heim med nåke lignande..

Og, på ein slags merkelig måte, kunne eg liksom forstå mor mi litt.. Der eg satt å bivåna denna stripå midt på skallen, som va det einaste området på hovudet, som hadde hår igjen.. Eg holdt på å få hjerteinfarkt, der eg satt i stolen.. Og der kom jaggu meg Kånå inn dørå, med Flokken på slep.. Og hu gjekk jo rett inn i den velkjente knekken i knærnå, før ein latterkrampe blei kvelt i starten.. Men, eg såg hu sleit kraftigt der hu satt i sofaen, og prøvde å kikka ein anna vei..

 

” Flokken hadde heldigvis ikkje oppdaga meg ennå, men når Mini’en såg meg, så utbrøyt han.. – Oi, så kuuuuult, Pappa.. !! 

 

Herreguuud.. Eg håpa virkelig at spirrevippen sko laga ein litt anna frisyre, og eg trur virkelig at han forsøkte og.. Der han febrilsk spant rundt med fingrane oppe i skalpen, med ett stadig voksande lag av hårvoks.. Men, det einaste som endte opp med å sjå nåkelunde bra ut, det va jo denna her forbaska Tomahawk look’en.. Så han ga opp, og sendte meg på dør.. Te Kånå sin stor glede, og min fortvilelse.. Sko eg liksom går rundt i Haraldsgatå, som ett “blekansikt” med indianer frisyre, på ein lørdagsformiddag og nå.. !?

– Jaja, ka syns du da.. ?? .. Spurte eg Kånå, når me kom utenfor.. Ei Kånå som uten nåke særlig hell, forsøkte å holda latteren inne, mens hu svara at det såg jo fint ut det..

– Skikkelig tøft, ja… La hu te, før hu sprakk ut ein latterkrampe av sjeldent kaliber.. Mens Flokken beundra den beintøffe nye frisyren min, Han i  Midten ville til og med inn å klippa seg.. Han som me ikkje har fått te frisør på mangfoldige månader.. Så, nåke godt kom det jo ut av denna famøse hårklippen, fordi eg ikkje fikk meg te å sei eg ville venta på sjefen sjøl.. Så han kunne klippa meg.. Jaja, det e som eg sa tidligare, det e jo bare hår.. Det vokse jo ut igjen..

 

” Eg fikk forsåvidt jekka ner det versta, i ett butikkvindå.. Sånn at eg kunne visa meg i byen, denna lørdagen..

 

Men, sånn generelt.. Og sett bort i fra denna frisør episoden, så har helgå rett og slett vært alle tiders den.. Hverken meir eller mindre..

 

Ugh Ugh..

 

Edderkopp Kolonien, eg og ei Sprayflaska med “Medisin”..

Foto : Arvid Brugman

Ein kompis la ut et bilde på Facebook idag av ein edderkopp, og sjøl om eg e pisseredd edderkoppar, så visste eg med ein gang ka slags art det va.. Han kompisen min hadde fått varer fra Kina, og va nåke engstelig for at det va ein “Kung Fu” edderkopp.. Men, eg kunne beroliga kompisen min med, at det bare va snakk om ein heilt vanlig norsk Myredderkopp.. Årsaken te at eg hadde full kontroll på detta, det e fordi rundtomkringfallera ved huset me hadde ute på landet, der formelig krydde det av de..

Når eg og far min holdt på med å innreda loftet på detta huset, så la eg jo merke te at det gjerna va “ein del” edderkoppar, histen og pisten..

Men, når me flytta inn og eg gjerna sko ut å styra med ett eller anna, så va jo dei der udyrene fader meg overalt.. For ein stakkars kar med nåke i øvekant fobi for edderkoppar, va det gjerna ikkje nåke sjakktrekk å kjøpa hus lika ved ett tjern, med mye myrland like ved.. Fordi, det e jo der dei her edderkoppane trives, derav navnet, Myredderkopp.. Eg e jo ganske så klar øve at det absolutt ikkje trenge vær nåke bakdel, med litt edderkoppar rundt huset.. Men, 4-5 svære brannar av nåken krypdyr i kvart vindu, det va definitivt ikkje interessant..

 

” Og heilt klart nåke i øvekant av ka eg syntes va ett ok antall husokkupanter.. Hverken meir eller mindre..

 

Derfor hadde tok eg meg ein tur innom ein butikk, og fikk tak i litt medisin mot utyskene.. Og når eg kom heim så gikk eg meir eller mindre amok med denna sprayboksen, og blei meir eller mindre sjokkert øve at bestanden va rimelig mye større enn eg hadde trudd.. For gudhjølpe meg, ka det datt ner av edderkoppar, ittekvart som eg tok føre meg vinduene, undertakene øve vinduene og i taket øve inngangspartiet.. Eg fikk nesten ett snev av dårlig samvittighet, der eg stod å kikka på den eine edderkoppene itte den andre, som datt ner..

Jaja, å sei de datt e nok ikkje heilt sant, for de kom dalane ner hengande i ein tråd, mens de vrei og vrengde på seg.. Sannsynligvis pga av giftå, som eg hadde spraya ein ganske så anseelig mengde av, der eg syntes det trengtes..

Ein va så svær at den blånekta å daua der den hang og kikka olmt på meg, men eg svara med å gi den ein liten dasj spray, midt i fleisen.. Og tenkte at nå tok eg nok knekken på sjølvaste Moder Edderkoppen, og va rimelig fornøyd med meg sjøl.. Men, akkurat då kom det ett lite vindpust som sendte denna megasvære monsteret, rett imot andletet mitt.. Så eg skreik sjølsagt te som ein stukken gris, og heiv meg bakover i affekt og rein å skjer refleks.. Herreguuud, det va som tatt ut av ein fullblods skrekkfilm, der beistet prøve å bita fra seg, i ein siste krampetrekning..

 

” Hadde detta rovdyret fått tak i meg, hadde Kånå blitt alenemor, det va eg heilt sikker på.. Der eg låg på grusen og skalv..

 

Kånå kom løpande ut på trappå av rabalderet og fikk nesten monsteret midt i fleisen, men klarte å stoppa 10-20 cm foran detta beistet.. Som fortsatt levde i beste velgående.. Kånå kikka på edderkoppen, så på meg som fortsatt låg i singelen med sprayflaskå strekt ut mot edderkoppen, før hu la 2 og 2 i sammen og fikk den velkjente knekken i knærnå.. Og datt om i latterkrampe på trappå.. Helsikke man, det va rett før eg jogga opp te naboen oppe i gatå og henta bikkjå hans, ein svære jækel av ei bikkja.. Og slapp den inn i stuå te Kånå..

Då hadde hu nok ikkje ledd meir, nei.. Sjøl om hu e redd for svære hundar, så har det ikkje nåke med størrelsen på ka man e redd for vel..

At eg ikkje akkurat e øvebegeistra for dei her småkrypene, gjør ikkje redselen og frykten min nåke mindre for det.. Eg e vel akkurat lika engstelige for edderkoppar, som Kånå e for svære hundar.. Og ein sånn Myredderkopp eller alle dei Korsedderkoppane som hang rundt på huset, dei kan faktisk bita ganske hardt, har eg lest.. Eller blitt fortalt av Eldstemann, som virkelig kan detta med insekter og edderkoppar.. Ein Myredderkopp kan faktisk penetrera huden vår, med kjevane sine, som e fylt av svææære hoggtenner.. Garantert..

 

” I absolutt verste fall, om man muligens e allergisk for edderkoppgift, så kan man jo faktisk stryka med av anafylaktisk sjokk.. Så detta e ikkje nåke å le av, spør du meg.. Og det ga eg jaggu meg Kånå beskjed om og.. Hjølpe meg..

 

Kånå reiste seg opp, rista på hovudet før hu lattermildt gjekk inn i heimen igjen.. Mens eg, forsiktig nærma meg detta beistet som fortsatt hang der å dingla, mens det formelig freste av sinne.. Heilt klart.. Men, nå tok eg ingen sjanse og spraya te beistet slutta å lea på seg, og sank sakte men fredfylt mot bakken.. Og når eg tok resten av taket under inngangspartiet, myldra det fram av edderkoppar av ymse størrelsar.. Tenk om de hadde samla troppene og gått te organisert angrep, herreguud, eg takka meg lykkelige for denna effektive “medisinen” eg hadde fått kjøpt..

Og sannsynligvis forhindra at me hadde blitt spist opp, av denna her kolonien av skrekkinngytande monstre av nåken edderkoppar..

Seinare på året, så hadde Eldstemann fanga ein sånn Myredderkopp og hatt den som “kjæledyr” i ett slags lite terrarium av plast.. Nåke eg trudde han hadde larver og gresshopper inni.. Den forbaska fjotten av ein sønn eg har, hadde fora dette beistet med levande fluer, i fleire uker.. Og hatt den på nattbordet sitt.. Gudhjølpe meg og Herrens Hærskare.. Man kan vel ikkje anna enn sei at det blei månelyst, når me fant det ut.. At inne i detta terrariumet fylt opp med gress og kvister, så hadde guten den største Myredderkoppen eg har sett, te dags dato..

 

” Til og med Kånå vrei seg i skinnet, når hu såg detta monsteret av ein edderkopp, som Eldstemann hadde avla opp.. Terrariumet røyk lukst ut av rommet, og ut på vaskeromstrappå..

Før guten slapp den ut i myrå, nåken dagar seinare.. Sikkert av frykt for at Fatter’n sko ta den av dage med sprayflaskå si..

 

Her e den rakkaren Eldstemann fanga.. Hadde jaggu meg bilder av den på ein hardisk her heima.. =D

 

Den va sikkert litt over 2 cm lang.. Hjeeelp.. =D

 

Her e ett eksempel som Han i Midten og ein kompis fanga.. =D

 

Her ser man jo litt størrelsen på dei her beistene.. Grøss og gru..

 

Nei.. Sånne småkryp ska man jaggu meg ikkje spøka med, det e ihvertfall heilt sikkert.. Ein gang seint på sumaren, når Litlajentå ikkje va meir enn ca ett år og eg satt på terrassen der me bodde med hu sovande i vognå, mens eg nøyt solå i ro og fred.. Så kom Eldstemann løpande i fra skauen, med ett eller anna i nevane.. Han kauka ut at eg måtte åpna nevane og ta imot, og toskjen som eg e, så gjorde eg det jo.. Guten stappa ett eller anna inni nevane mine, og lukka fingrane mine øve..

Eg kjente jo straks at ett eller anna begynte å kravla inne der, og fikk meir eller mindre sjokkangst, og turte nærmast ikkje å pusta..

Eldstemann hadde løpt inn og henta detta her terrariumet som han hadde kjøpt seg, og fikk meg te å åpna nevane inne i detta greiene.. Og ein durabelige edderkopp med dei samme stripene, krøyp ut av fingrane mine og ner på detta kvistgreiene guten hadde inni.. Tjera vena meg.. Hadde nåken filma meg den gangen, ville det heilt sikkert sett urimelig komisk ut, der eg stod.. Stiv som ei statua, og holdt pusten.. Før eg spratt te værs og ulte som ein forskremt elefant, på tokt i jungelen..

 

” Litlajentå vakna, Eldstemann stokk og hoppe forskrekka tebake, før Kånå kom ilande te og lurte på ka i all verden som foregikk..

 

Igjen.. Så blei hu jo nåke lattermildt øvgidde, men lo ikkje så mye som sist.. Ihvertfall ikkje før hu gikk inn og ringte te mor si, og fortalte om episoden og lo så godt sammen, mens hu kikka litt skjelmsk ut på meg..

Nei.. Det ska jaggu meg ikkje vær greit, å ha litt i øvekant fobi for edderkoppar..

Men, med ein Eldstemann i heimen som va lidenskapelig interessert i insekter og edderkopper, når han va yngre.. Så lærte både eg og Kånå litt om både det eina og det andra..

F.eks at den edderkoppen på det øversta bildet, det e faktisk ein Myredderkopp..

 

Ingenting e så gale, at det ikkje e godt for nåke..

=D

 

 

Sinnataggen…

Foto : Gard Rimestad

Så har roen senka seg øve stuå, nok ei arbeidsuka e over for dei fleste og godkroken e inntatt i sofaen.. Det blei ein hektisk dag på jobb idag, kor det mot normalt flomma over av varer på ein fredag.. Verst trur eg det va for Kånå som hadde ein anseelig dose med leveringar, itte hu i rein og skjær vrede øve alle privatleveringane som hadde ramla inn, itte påsken.. Der hu drog med seg nærmast alle sammen, idag.. Det va ingen tvil om ka folk hadde styra med i påsken, ifølge Kånå.. Der hu forbante seg øve at folk ikkje hadde andre ting å gjera på i påsken, enn å sitta på nettet og gå amok på alskens nettbutikkar..

Gudhjølpe meg, det va alt fra skoesker og klær, te eksosanlegg og datakomponenter.. Men, ut sko det idag, kosta ka det kosta vil.. Ut ein eller anna gang må me jo kjøra det alikavel, som hu sa..

Så litt ut på ittemiddagen ringte hu meir eller mindre småstressa, for å gi meg beskjed om nåke eg forsåvidt hadde forstått idag morgens, når bilen hennas va fullstappa med varer.. For hu trudde ikkje hu rakk å henta Mini’en idag, før barnehagen stengte.. Men, det gjekk heilt fint beroliga eg Kånå med, for eg sko fint klara å ordna den biffen eg.. Og suste inn på terminalen litt over halv fira i ittemiddag, tømte lastebilen for hentingar og parkerte den på plassen sin.. Eg må jo få sei at eg lurte litt på ka form Mini’en va i idag, når eg kom å henta han.. For det e jaggu meg ikkje lett å forutse.. Somme ganger kasta han seg i armane på deg, andre ganger blir han dødsens fornærma, fordi det ikkje e mammen som komme..

 

” Det e ikkje godt å forstå seg på detta her, men man kan jo ikkje anna enn håpa på at man treffe rett dag.. Og ikkje e feil mann, på feil sted te feil tid..

 

For det e ikkje bare det at det e feil forelder som komme, som e utfordringen.. Nåken ganger har me fått så øyrene flagra, fordi me komme for tidligt.. Andre ganger, når man prøve å komma litt seinare, så e det galt.. Ein gang rakk han ikkje å gjemma seg, og bli skikkelig irritert og fornærma.. Såpassa gale at eg måtte gå ut av avdelingen for så å komma inn igjen, å “liksom” lura på kor i all verden den fjotten va.. Før det va greit å gå heim.. Men, idag gjekk det strykande og han kom hoppande opp i armane på meg, superglad for at det va Fatter’n som kom.. Det va seinare på ittemiddagen at det skar seg..

For Kånå sendte ei melding å minna meg på at guten sko på Trampett-Lek, litt ut på itttemiddagen..

Men sjølsagt sko ikkje den rampen på Trampett-Lek med meg, han sko der med mor si han, ferdig snakka.. Og blei sint som krutt, når eg forsøkte å sei at mamma fortsatt va på jobb.. Då gidda ikkje han å gå på nåke Trampett.. Jaja, greit nok, tenkte eg for meg sjøl, og gidda ikkje krangla med denna surpompen.. Men sjølsagt, ett kvarter før Trampett-Leken starta, så sko han alikavel.. At eg prøvde å kjøra “nå e det for seint” kortet, va bare som å spruta tennvæska på bålet.. Då stod han nærmast som Sinnataggen i Vigelandsparken, og trampa på stuegulvet.. Mens han kauka ut at han sko på “leke-ampett”, basta bom..

 

” Eg orka ikkje kampen og tok Sinnataggen med meg ner, dressa han opp, kasta han inn i bilen og peiste avgårde nerøve mot byen, te denna forbaska Trampett-Lek’en..

 

Halveis, og ca 2 minutt itte gemyttene meir eller mindre har roa seg, komme Mini’en på at me har glemt vannflaska.. Og “smart” som eg e seie eg at jaja, han får klara seg uten den idag.. Men..Tjera vena meg.. Mini’en går i fistel og det e som om verdens undergang e nær, sko ikkje han få drikka når de hadde drikkepause han då, liksom.. Sjøl om eg vett at tidsskjemaet som kanskje kunne gått, vil bli sprengt om me enten snur for å henta den heima eller kjøpe ei vannflaska på veien.. Så svinga eg innom ein butikk, kjøpe ei vannflaska te guten og spurta ut igjen.. Me komme heseblesande inn dørene, bare 2 minutt for seint og Mini’en løpe avgårde te dei andre, som sitte i ring rundt trenaren..

Herreguud.. Jaggu meg så rakk me det.. Og vann har me te vannpausen og.. Eg kjøpte ei te meg sjøl med det samma, pluss ei eska hovudtablettar..

Så eg svelgte ett par tablettar og slurpa i meg litt vann.. Eg får alltids litt skallebank når det e sol på jobb, fordi eg sitte å glire med augene.. Sjølsagt kunne eg hatt solbriller på meg, om eg bare hadde visst kor eg har lagt de.. Sånne ting finne eg alltid når det gjerna e meldt 2 månader med overskya vær, og når solå endelig dukka opp så har eg garantert glemt ut kor de låg, igjen.. Heilt typisk.. Akkurat som denna nålå me bruka te å få luft i fotballane her heima, som eg fant ein gang her i vinter.. Og tenkte det va best eg la den på ein lur plass, som sjølsagt va såpassa lur at eg ikkje komme på det igjen, nå.. Når eg forsåvidt absolutt sko hatt den, fordi alle fotballane har mista piffen i løpet av vinteren, på ein måte..

 

” Det e meir eller mindre ein slags regel uten unntak, her i heimen.. Uansett ka eg gjerna sko hatt akkurat der og då, og som eg gjerna hadde fingrane i, for ikkje så lenge siå.. Det e som regel sporlaust fordufta, når man må ha det..

 

Eg rekna ikkje med at Mini’en kom te å ha nåke “stigande” form heller, så det va lika godt å ta nåke for hovudet, før det blei sprengt, seinare.. På veien heim, så kjørte eg visst feil vei.. Det va ihvertfall ikkje den veien Kånå kjørte, når det va hu som va med.. Herreguud.. Guten gneldra nåke så inn i granskauen, at eg blei bare nødt te å snu.. Og eg priste meg lykkelige øve at eg hadde tatt medisinen min.. Når me passerte Kiwi ville han ha is, for det kjøpte og alltid mamma.. Men, når eg suste rett forbi, fordi me sko skyndta hos heim te middagen, så va det full heavy metal konsert bak i setet, igjen.. Og hadde det ikkje vært for at han bare e 4 år, snart 5.. Så sko han fått gått resten av veien heim..

Eg vett ikkje.. Enten så hadde eg med ein real løgnhals å gjera, der bak i bilen.. Eller så bedrive Kånå god gammaldags utskjemming av barn, på høgt nivå..

Eg skrudde opp volumet på radioen, for å overdøva skrikhalsen der bak.. Men, då kauka han te så kraftig, at eg nesten va redd for at glasstaket i bilen sko sprengast.. Gudhjølpe meg, nå må du roa deg gut.. Tenkte eg for meg sjøl, og sendte han et strengt blikk i sladrespeilet.. Blikket eg fikk i retur levna lite te fantasien, eg hadde heilt klart gått av seieren som soleklar V.V.F idag, uten tvil.. Verdens Verste Forelder.. Det e jaggu meg ei stram linja mellom det å vær på topp, og det å vær på bunn.. Fra å vær ein han heiv seg i armane på, når eg henta guten i barnehagen tidligare, hadde eg på null komma niks endt opp som ein hardbarka V.V,F.. Litt ut på ittemiddagen..

 

” Jaja.. Det går seg vel te vil eg tru.. Når guten våkna igjen imårå, så e stort sett alle kåringar av Foreldre glemt.. Vil eg tru.. Man får virkelig ein ny dag imårå av våre små håpefulle..

Som rein og ubrukt står med blanke ark og farjestifter tel..

 

Og heldigvis for det.. Ellers trur eg jaggu meg det hadde vært tøft å vær foreldre, mye tøffare enn om me ikkje hadde fått det.. Ei ny dag, te å gjerna komma i andre enden av kidsa sine uhøytidlige kåringar, og kanskje bli V.B.F. heller..

Verdens Beste Forelder..

=D

Note to Self..

 

Note to self..!! ..

Fyll aldri opp vannflaskå, når du e så pissetrengt at sjøl om knærnå e kryssa, knipemusklene e spent hinsides all fornuft og man tenke på alt anna enn akkurat det som holde på å skje..

Dassen e bare ein halv meter unna, men har aldri føltes lengre vekk..

Då.. Ja då tenke man virkelig, at dette burde nok vært gjort i omvendt rekkefølge.. Men, som ein klok gammal mann ein gang sa..

 

” Etterpåklokskapen.. Den får man aldri Diplom for.. “

 

Juhuu.. Det gjekk heldigvis bra.. Det har som regel ein tendens te det.. Det å gå bra.. Men aldri har eg vært nærmare å gå lukst i katastrofå, med begge dei 3 beinå, på ein gang..

Terrassemøblene….

 

Gamlingane va innom på søndag og henta nåke, og itte ei litå stund så kom det fram at Mor mi ønska seg nye hagemøbler.. Og ville bli kvitt dei gamle.. Me hadde jo ikkje møbler på terrassen bak huset, så eg tilbød meg jo sjølsagt å hjelpa Mor mi med saken.. Og lovde å komma innom dagen ittepå å henta møblene.. 2 fluer i ett smekk.. Mor mi blei kvitt dei gamle møblene, og eg slapp å høyra på gnålet te Kånå om ka me sko ha der nere.. For Kånå har gnålt.. Hu har gnålt nåke så inni granskauen, sjøl om hu visste me ikkje hadde råd te å kjøpa nye..

– Uff, ka i all verden ska me finna på der nere.. !? .. – Ska me ta dei fra kjøkkenterrassen ner, eller.. !? .. – Kanskje du kan snekra ett eller anna.. !? .. Etc, etc..

Tjera vena meg.. Man kan jo bli gal av mindre vett du, for det va ikkje stopp.. Når hu først får et eller anna på hjernen, så trur eg det ligge og kverne i topplokket hennas te hu finne ein løysning.. Og finne hu ikkje ein løysning, så får eg gjennomgå.. Det e vel derfor me finnes, me mannolk.. Så Kånene kan ha ein hoggestabbe te frustrasjonene sine.. På sånn generell basis, trur eg egentlig at me mannfolk ikkje synast at det e så gale, så lenge me vett koffår me blir hogga på..

 

” Det e verre når man ikkje har fanaring, på koffår man får sju års syndeflod av frustrasjon trødd ner over øyrene..

 

Men, det e forsåvidt ei anna historia, det finnes alltid ei anna historia, egentlig.. Det va dei her terrassemøblene eg hengte meg opp i idag, og ikkje ein avhandling om mannfolks rolle som hoggestabbe i et forhold.. Sjøl om det faktisk kunne blitt ein artig affære, vil eg tru.. Kanskje ved ein aen anledning.. For detta va jo ein utelukkande positiv ting, som plutselig manifisterte seg foran oss.. Endelig sko me få et lite møblement der nere på terrassen.. Eg slapp gnålet te Kånå, og alt va fryd og gammen..

Påsken har jo vært heilt fantastisk med nydelig vær fra start te ende.. Så eg og Mini’en suste inn og henta møblene igår, trødde de inn i Kånå sin varebil og fikk de ut på terrassen..

Då e det jo fanken meg ikkje meir typisk, at når me endelig har fått møblert terrassen, og gleda oss te litt vårlig vær.. Så me gjerna kunnne fått brukt møblene.. Joda, då komme Kong Vinter tebake for full styrke, og legge ett kvitt teppe av snø, over dei nyanskaffa terrassemøblene.. Hjølpe meg altså.. For all del, det va ikkje sånn at eg trudde solå sko stå høgt på himmelen, og gi oss sumarvær.. Med ein gang møblene va i hus.. Men, værgudene trengte jo ikkje gjør stikk motsatt heller, og liksom geipa tunga te meg og Kånå..

 

” Som meir eller mindre va ganske så fornøyd igår, når me stod å kikka ut vinduet.. Men, heller stod og kikka meir oppgitt ut det samma vinduet idag..

 

Jaja.. Plutselig, så komme våren strømmande øve oss, etterfulgt av ei litå veka med sumar.. Før me har 3-4 månader høst, som blir avløyst av ein mildt sagt schizofren vinter..

Også har med det gåande igjen.. Ein evig runddans med godt gammeldags vestlandsvær..

Egentlig heilt norrmalt.. Hverken meir eller mindre.. =D

 

Og visste dåkke forresten, at siden me har fått ein så stor hjørnesofa, med påfølgande mengde med svære puter.. Så fant Kånå ut at me heilt klart trenge ein putekasse..

Hu har ikkje gnålt om nåke anna, i heila dag…… … …

 

Kånå, Husnummer og ei Privatlevering og 2 ..

Detta bildet oppsumere på ein merkelig måte, meg og min snodige evne te å havna i trøbbel, med Kånå… =D

Det e jo som mot normalt.. Itte ein drivande god dag på torsdag, kor dåkke leserar strømte på som ein øveivrige sildastim.. Så blei det stille som i graven, igår.. Men, det hadde forsåvidt sine heilt enkle forklaring, for dagen på jobb igår den blei av den travle sorten.. Eg såg det allerede når eg kom opp på terminalen om morgenen, at det muligens ville bli ein laaang dag.. Spesielt når kaffimaskinen ikkje ville virka.. Sånn at den obligatoriske morgenkaffien rett og slett blei ufrivillig avlyst..

Kanskje va det allerede der et lite illevarslande tegn, på at dagen i går ville bli ein av dei dagane, kor man ville stampa motstrøms..

Så, det va bare å hoppa i det og begynna å dra paller på bilen, før eg drog godset som sko sorterast, ner i sluså mi.. Normalt så har me 2-3 paller med gods som må sorterast, foruten et bur og 2 med småpakker.. Igår trur eg det va minst 5-6 paller og 2 stupfulle bur.. På toppen av detta så bugna det over av stort gods, altså gods som e plastra på paller.. Og for å gjør kaoset heilt komplett, så hadde me ein god del privatkunder på listå igår, som måtte leverast heim på dørå te folk..

 

” Når man då ikkje har fått den obligatoriske kaffikoppen, og rett og slett må jumpa rett i arbeid.. Ja, då ska eg vel vær den første te å innrømma at humøret va nåke redusert..

 

Heldigvis, fikk Terminalsjefen fyr i maskinen te Kånå kom, så litt av morgenen blei forsåvidt redda inn der.. Kånå hadde vært på påskefrokost i barnehagen, og skrøtte uhemma av den gode maten som kokken hadde diska opp med, det hadde nærmast vært som ein hotellfrokost, forklarte hu ivrig.. Før hu rusla inn å henta håndterminalen sin, og ein kopp kaffe te meg.. Ei litå stund seinare hadde me fått nåkenlunde øvesikt og laga ein plan for dagen, Kånå sko ta dei fleste privat kundene, mens eg tok ytterkanten av rutå våras..

Som sagt så gjort.. Og det mesta gjekk i grunnen på skinner, heilt te me va inne og lasta opp tur nr 2.. Jaja, lastingå gjekk greit, det va ittepå det begynte å skjera seg..

Eg hadde akkurat gjort meg ferdige hos ein bonde, og lossa ein svær palle med nåke fjos greier, når telefonen ringte.. Det va Kånå.. Eg kunne nesten høyra det på lyden, og måten telefonen vibrerte og hoppa på, der den lå i midtkonsollen i lastebilhyttå, at detta heilt klart va hu.. Den oppføre seg ihvertfall aldri sånn, når nåken andre ringe.. Då ligge den bare fint på konsollen og plinge, mens den lett vibrere.. Men, når Kånå ringe så e det som om den blir besatt av ein flokk ville demoner, som danse fandango inne i mobilen..

 

” Den begynne å hoppa infernalsk av den intensa vibreringå, og hyle som ein fullblods flyalarm fra krigen.. Sånn at eg som regel nærmast hoppa i taket i bilen, kvar gang hu ringe..

 

Nett som igår, når eg kjørte fra denna bonden itte endt levering.. Kånå hadde ei privatlevering inne i Heskjadalen, og fant ikkje fram.. Så hu ringte sjølsagt meg for å spre litt eder og galle, om kunder som ikkje kan forklara veien på ein forståelig måte.. Gudhjølpe meg altså.. Eg har jo vært inne på Kånå sin manglande evne te å forklara veibeskrivelser i tidligare innlegg, så kim som gjerna ikkje forstod ka, det kunne gjerna diskuterast litt.. Og før eg visste ordet av det, hadde eg rota meg ut på djupt vann..

Man kan vel ikkje anna enn sei at det ikkje falt i god jord, når eg nørte opp unna Kånå sin manglande evne te å finna fram..

Tjera vena meg.. Kånå eksploderte i andre enden, og det føltes meir som om eg hadde 20 000 illsinte mygg, som demonstrerte mot overmakten inni øyra.. Enn ei småsint, ilter men stort sett snill Kåna.. Det e ikkje ofta Kånå drar te og bruke kraftutrykk, som heilt klart ikkje egna seg på trykk.. Men, i den tiraden som kom øve etaren, trur eg nesten Hans Morten Hansen ville blitt stolt, øve Kånå sitt store ordforråd på “The Dark Side”.. Eg varta nesten flau på hennas vegne, der eg satt å tok imot ein syndeflod av skjellsord..

 

” Om eg fa..n ikkje heller kunne gi hu ei jæ..la hjelpande hånd, istedefor å gjør narr av hennas kartlesar egenskaper, så kunne eg te Helv…te komma å øveta den jæ..la dritten sjøl..

 

For å sei det mildt, så hadde eg allerede begynt å søka opp addresså hu sko levera te, på mobilen min.. Mens eg forbante min egen evne te å tråkka Kånå på alle dei rette plassane, sånn med tenka på å få hu lynforbanna.. Og i ittetid, så kan eg jo ikkje anna enn legga meg nåke flat, og ha full forståelse for at hu gjerna ikkje fant fram.. For hu sko levere te nr 221 ute på ein vei, langt inne på bondelandet.. Og når man då først komme te nr 211 og trur man e på rett vei, kan eg godt forstå hu blei nåke i villrede av at det stod 235, på neste hus..

Kor i “fanken” blei det av alle husene mellom 211 og 235, kauka hu “irritert” øve linjå, mens hu fortalte at det ikkje låg anna enn ein svær granskog, mellom dei to nummerene..

Og når eg endelig fikk opp kartet øve området, på mobilen min.. Så oppdaga eg jo at hus nummerene gikk i hytt og pine, akkurat der inne i det området hu befant seg.. Nr 211 blei ittefulgt av 235, før man kom te 225 og 213 og heilt innerst bak om 227, der lå 221.. Eg losa Kånå innover veien på beste måte, mens hu kakla i vei øve om at han som hadde laga husnummerene innøve her, han måtte jo ha vært splitter pine gal.. Kossen i all verden kan de forventa at budbilar sko finne fram, når de gjorde det på denna måte.. Avslutta hu med..

 

” Før samtalen blei avbrutt og roen igjen senka seg i lasstebilhyttå mi.. Gudhjølpe meg og Herrens Hærskare.. Så sint som detta, trur eg ikkje Kånå har vært på mangfoldige år.. Tenkte eg for meg sjøl..

 

Kånå hadde te slutt brukt øve ein halv time, bare på ein kunde, så eg forstod jo hennas vrede og fortvilelse.. Det e min egen evne te å ikkje alltid klara å holda kjeft, som stort sett føra meg lukst inn i ulykkå.. Kånå blir jo forbanna fordi hu vett at eg har rett, hu e definitivt ikkje verdens beste på akkurat det å finna fram.. Men, sjøl om eg har rett så betyr jo ikkje det at eg liksom må poengtera det, kvar einaste gang.. Sjøl om det e ufattelig vanskelig å la vær, så bør eg absolutt øva meg på å la vær..

Og så ska det jo seiast at Kånå har blitt mye flinkare, te å finna fram på uoversiktlige steder, med manglande eller villedende nr..

Då e det vel gjerna ikkje meir enn rett og rimeligt, at eg gjerna gjør ett forsøk på ikkje å minna hu på sine manglande ferdigheter, rett og slett.. Jojo, eg kan jo sei at eg ska gjera det, men om eg klara å huska det om ei veka, det e vel tvilsomt.. Og forresten, så kunne det jo fort blitt kjedelig her inne på bloggen, om eg liksom sko slutta med alt som gjerna gir meg nåke å skriva om.. Då hadde eg jo forsåvidt skutt meg sjøl i leggen, sett sånn bloggmessig på det.. Jaja, me får se ka eg får te..

 

” Det va stille fra Kånå sin kant ganske lenge ittepå, før mobilen begynte å rista igjen, når eg kjørte fra Bokn..

 

Kånå hadde meir eller mindre gitt opp dagen, for på ei privatlevering inne i Hervik med nåken dekk.. Så hadde kunden blitt i øvekant forbausa når hu kom på dørå og leverte de.. Han pleide jo alltids å henta de på terminalen han, så me trengte jo ikkje kjøra heilt inn te Hervik med de, då røyk jo sikkert 40 minutt av dagen vår.. Hjølpe meg.. Det e vel egentlig bare flaks, at den karen øvelevde den kommentaren der.. Men, sannsynligvis har topplokket te Kånå blitt kjølt såpassa ner, på kjøreturen inn te Hervik..

At når kunden sa akkurat detta te hu, så gikk bare pilå på Kånå sin målar øve aggresjons nivået, opp te det oransje området.. Ja kanskje såvidt innom rødt, før det sank igjen..

Det hadde vært verre om eg hadde fortalt Kånå detta, då hadde pilå garantert sprengt skalaen, 3 ganger.. Så eg gjorde som eg ikkje visste det, og bare jatta med hu.. Puuh.. Ellers så gikk resten av dagen meir eller mindre greit, me fikk ut meir eller mindre alt godset.. Og når me kom heim for kvelden, fikk laga oss litt middag og kosa oss med Flokken.. Så lo me litt i sofaen når me snakka om dagen, mens me kosa oss med litt brus, chips og digg.. Det går som regel over det mesta, når man får tenkt seg litt om, og snakka ut om det…

 

– Off ja, det e så gale vettu.. Åsså han inne i Hervik som eg har avtale med at alltid hente dekkene sine, som du kjørte heilt te Hervik med, da..

– Hehe.. Jaja.. Øh.. Frode.. !?.. Avtale.. ?? Visste du at han alltid henta dekkene sine du..??? ..

– Hehehe.. hø..hø.. Eh… Ka sa du..? .. Eg.. ? .. Neeeeei..

– Fordømrande Sosemikkel…. !!!

 

Så joda..

Det va jaggu meg kjempekjekt med helg ja..

Jaja..

Visste dåkke forresten at edderkoppane nere i Bodå, jaggu meg har begynt å våkna te livet nå..??

 

 

Ein liten Stjernesmell i ein stor Dagdraum.. Eller omvendt.. !?

Good times i Side, Tyrkia.. Når Svigers tok Kidsa ein kveld.. Og eg å Kånå fikk ein sjelden kjæreste kveld..

 

Når eg kom heim fra jobb idag itte ein travel dag og rusla mot inngangsdørå, så stod eg litt med dørå og visste ikkje heilt ka eg sko gjera.. Eg hadde akkurat latt håndå omfavna dørhåndtaket, og trykka den ner.. Når ein tirade av sjeldent kaliber gjekk av oppe på kjøkkenet.. Han i Midten hadde tydeligvis egla på seg Kånå, igjen.. Tjera vena meg.. Eg va mildt sagt sleten i både kropp og sjel idag, så eg slapp forsiktig håndtaket opp igjen.. Og stod ei stund å vurderte mulighetane..

Et lite øyeblikk funderte eg på å bare gå rett i Bodå, å ta meg ein liten ittemiddagslur.. Bare ein liten, så eg kom litt te hektene igjen..

Eller kanskje eg bare sko ta ei langhelg i Spania !? .. At eg rett og slett snudde tvert om, heiv meg i bilen og suste rett ut te flyplassen og heiv meg på første fly, te varmare strøk.. Å gudhjølpe meg.. Eg kjente solå varma i nakken allerede, der eg i dagdrømmen satt på ein strandbar og akkurat hadde bestilt meg ei iskalde ei.. Eg fikk lyden av sjø som slo mjukt innover strandå inn i øyrene, kjente luktå av syden i nasen og såg føre meg endalause strender på netthinnå..

 

” Så.. På ett lite blunk.. Blei drømmen smadra av et dundrande brak.. Eg gjekk nesten lukst i asfalten, og fatta absolutt ingenting mens ein himmel av stjerner manifisterte seg..

 

Kånå hadde høyrt bilen og lurte på koffår eg ikkje kom opp, og hadde jogga ner trappene for å sjekka.. Om det va eg som hadde kommen heim.. Hu såg ikkje at eg stod i min egen lille verden, med hovudet lett bøyd framover.. Og kleiste dørå rett i skallen på meg, når hu treiv opp dørå for å sjå om bilen stod der..

Herreguud.. Eg stod å sjangla litt der i inngangspartiet våras, mens det va Kånå sin tur te å ikkje fatta nåken ting..

Men, sånn alt i alt.. Så va det sikkert lika greit at Kånå fikk meg ut av denna dagdrømmen, med eit smell.. For hadde eg drøymt meg lenger vekk enn eg hadde rukket å gjør, før Kånå torpederte meg med dørå.. Så hadde det gjerna vært ein viss fare for at eg gjort alvor av tankane.. Eller nei.. Eg hadde jo ikkje klart meg ein dag uten Kånå og Kidsa..

 

” Ein ting e å dagdrømma, ein anna ting e real life.. Sjøl om det e full baluba og ett fullkomment kaos te einkvar tid.. Så e det vårt kaos..

 

Et kaos eg for alt i verden, ikkje ville vært foruten.. Heilt klart.. =D

 

Det med å forstå seg på Kvinnfolk, eller iltre Kåner…

Det ska ikkje vær enkelt å forstå seg på Kåner, eller kvinnfolk.. Eg har funnet ut mye i løpet av mine 16-17 år sammen med Kånå, men alikavel har eg sikkert ikkje meir enn skvatla litt i øveflatå, øve det å forstå seg på kvinnfolk.. Ett godt eksempel e hvis man har gått på ein smell og gjort nåke som gjerna ikkje akkurat kan kategoriserast unna smart, så enda man opp med å få ei øvehaling av sjeldent kaliber.. Og for all del, heilt sikkert ikkje anna enn fullt fortjent..

Man må ihvertfall te med ein “uforbeholden” unnskyldning, gjerna opp te fleire ganger før man får komma innomhus igjen..

Men.. Så ein gang innimellom, så e det Kånå som går på ein smell, og gjør muligens nåke så e så toskje at man som partner virkelig føle seg ovanpå.. Og ser føre seg ein mulighet i skamløs skadefryd, te å gjerna ta opp kampen og slå ett slag for rettferdighet her i verden.. Ja, man blir kanskje skikkelig sur og tar føre seg sin bedre halvdel så det synge, fordi man føle man har ett drivande godt grunnlag for det man e irritert for.. Og vil gjerna ha ein “uforbeholden”unnskyldning av Kånå si..

 

” Men, ka skjer då.. !? .. Joda, då får man som regel ein durabelige øvehaling lukst i retur.. Og ende som regel opp som ein idiot, sjøl om man aldri har ein sak, som e god som gull..

Og te slutt, må man te me ein”uforbeholden” unnskyldning sjøl.. Og fatta absolutt ingenting..

 

Hjølpe meg, vettu.. For all del, eg seie ikkje at alle kvinnfolk e sånn, men i 103 % av tilfellene trur eg man vil få det resultatet.. Det e forskjell på å vær toskjen og idiot, men akkurat der så trur eg man enda opp som idiot, uansett.. Det e ihvertfall heilt sikkert.. E man f.eks ute og kjøre bil og kanskje gjere nåke man ikkje burde gjort, så sitte det garantert ei gneldrebikkja av ei Kåna i passasjersete, og gir i klartekst uttrykk for ka hu meinte om manøveren..

Prøv å gjør det samma når man e passasjer i framsetet, og Kånå gjere det samma som man gjerna gjorde sjøl..

Gudbevare meg vel.. Man kunne likasågodt dansa fandango barføtt i ei grav fylt opp med skrekkinngytande giftslangar, eller stikka håndå inn i ett vepsabol bebodd av ein flokk illsinte mordarveps.. Resultatet vil bli det samma.. Eg huska ein gang når Kånå rygga på ein svær kvit varebil, og laga ei skramma i panseret å knuste ei ekstralykt.. Og ringte meg sinte som krut på den forbaska idioten, som hadde parkert heilt opp i rævå på bilen hennas..

 

” Eg kjørte opp og fikk redda situasjonen før det utarta seg, betalte den stakkars varebilsjåføren ein sum me blei enige om.. Før eg te døve øyrer forsøkte å sei at når man rygge på nåken, e det som regel vår egen feil..

– Dummaste eg har høyrt.. Sa Kånå, og spant avgårde..

 

Men.. Ein gang eg rygga på ein blodsenka Bmw itte eit kjøpesenterbonanza uten like, og satt nærmast i komatøs tilstand bak rattet.. Med ei kaklande høna i passasjersete og ein Flokk spinnvile ungar i baksetet.. Ja, då va det ikkje nåke spørsmål om kim som va idioten.. Tjera vena meg.. Men, det e sånn det e.. Det e ingen vits å forsøka å forstå koffår, Kåner e uransakllige på akkurat det punktet.. Man må bare finna ein slags balanse i regnestykket, og vær fornøyd dei gangene man ende opp på topp..

Det har ikkje skjedd meg ennå, men man leve jo ydmykt i håpet om at man ein gang vinne i “lotto” og.. Oddsen e vel omtrent den samme, i begge tilfellene..

Problemet e jo at om man formoderlig sko enda opp med seier i ein sak mot sin bedre halvdel, så går denna halvdelen inn med livsforakt i ein kampanje for å “ta deg” i ett eller anna.. Man går rundt omkring på nåler og e pisseredd for når ei lynforbanna Kånå, finne det for godt å setta inn støtet.. Det e då man skjønne at det å vær “ovanpå” absolutt ikkje e nåke å trakta itte.. Ikkje ein plass ein gang.. Eg vil heller anbefala å ta seg ein tur ut i Bodå eller nåke lignande, kor man tenke seg godt om, ei god stund..

 

” Og gjerna klappe seg sjøl litt på skulderå når man vett at man har rett i ein sak.. Før man går inn te Kånå eller sin bedre halvdel, og enten gir de fullt medhold..

Eller holde glatt kjeft, sjøl om man vett at man har gode kort på hånd..

 

Som oftast.. Så e det dei kampane man aldri utkjempe, som e dei kampane man vinne.. Om man bare får tenkt seg litt om.. Vil eg tru..

Sei heller unnskyld ein gang for mye, enn å forlanga ett tebake..

😉

Barnadåpen te Mini’en, Murphys lov og Lignande..

 

Eg va innom at historien om barnadåpen te Mini’en, det va ei anna historie, i sist innlegg.. Så eg måtte rett og slett lura meg inn på Facebook sidå mi, og sjå om eg ikkje fant den..

Og jaggu meg.. Itte litt vill scrolling nerøve “veggen” min, så fant eg den..

Så her e den, historien om når me endelig satt i øvekant fornøyd med oss sjøl.. Fordi me endelig hadde kommen i god tid, meir eller mindre forberedt og ana fred og ro.. Og ihvertfall ikkje trudde nåke kunne gå gale..

Jojo.. God dag man økseskaft.. God fornøyelse, Folkens..

 

Barnadåpen..

Då va barnedåpen te Mini’en unnagjort i helgen.. Og den blei feira akkurat så perfekt som eg va redd for.. Opp tidlig på søndagen , spiste ein god frokost.. Stelte dei to ungane me hadde hjemma.. Dei to eldste øvenatta hos kvar sine besteforeldre, for sikkerhets skyld.. Tok oss ein dusj, kvar for oss sjølvsagt.. Tar ingen sjangser for tiå, har ikkje tenkt å ha fleire barnadåpar…

Fekk dåpskjolen på Mini’en, bunad på Litlajentå.. Dressen passa fremdeles, eller såvidt.. Men Kånå smaug seg fornøyd inn i bunaden, uten problemer..

Me kjørte te byen å satte oss i venterommet bak alteret, klokkå va hverken meir ellår mindre enn den sko vær.. 7 dåpsbarn va booka inn idag og me va der først.. Så det va to rimelig fornøyde foreldre som satt der med jubilanten.. Han sov forresten så søtt og viste seg fra si besta sia.. Mens det eina stressa paret itte det andra kom inn å stod i kø for å få dåpskjolen på gullet sitt..

 

” Må innrømma me satt der å følte oss litt rutinert å ovanpå..

Men..  Murphys lov har som regel sin trang te å gjør seg gjeldande, stort sett når man minst ønska det.. For vår lille stolte Mini hadde ikkje tenkt å la presten få preika i fred.. Neeida.. Han hadde tydeligvis planlagt audition for Sølvguttane (ellår Metallica), for den konserten Mini’en satte igang med.. Før stumpen hadde rukket å bli varm på kjerkebenken, det va det galnaste eg har hørt siå karen kom te verden..

Jaja, rutinerte som me følte oss, fiska Kånå opp ei flaska med melk.. Av med korken..

Den følelsen.. Me har glemt å ta på tuten..

Tjera vena meg, ka gjør me nå da !?

Men midt i uflaksen, så va me først opp te presten med vår lille vokalist, fra Judas Priest.. Det va rett før dåpsfontenen sprakk når presten døpte guten.. Og mens dei andre på benkarekkå fekk dyppa håvet sitt, lurte eg meg ut ei sidedør, raste hjem og henta ei flaska med tut.. Uten at så mange fikk det med seg, lurte eg meg på plass igjen før nåken hadde fått med seg, at eg hadde vært vekke..

 

” Mens Kånå kjørte flaskå i kjeften på tåkeluren.. Og stilna konserten..

Itte dei sedvanlige bildesekvensene og litt fremvisning av Mini’en, fra stolte foreldre, så komme me oss heim.. Eg får satt igang kaffi kokingå, ordna det sista som sko ordnast før gjestene komme inn dørå.. Så, når smørbrødene komme opp på kjøkken i isoporboksar, og eg observere at “Opp” lappen e klistra på siå, og ikkje på toppen av boksen.. Så får eg i panikk ett innfall, og snur begge boksane..

Ka i den vidlaste fantasi eg tenkte på ellår med, det vett eg kje.. Men hovudet, det kan det nå ihvertfall ikkje ha vore, for i deia isoporboksene stod jo smørbrødene på hyllår, inne i ett slags isoporkjøleskap..

Tjera vena meg..

Begge Scud rakettane te Kånå gjekk av, og eg kjente bodluktå trengte seg på i nasaborene.. Brødrene mine hjalp meg så godt de kunne, og me ommøblerte smørbrødene sånn nåkenlunde tebake.. Og den einaste som kommenterte nåke det va Svigermor, som lurte på om smørbrødene ikkje såg nåke løgne ut..

Men, gjestene fekk ihvertfall ein herlige blanding av smørbrød..

 

” Laks med rødbeter, rekesmørbrød med stekt løk, karbonader med sitron osv…

Så jepp…

Detta va definitivt den siste barnedåpen her i huset, vil eg tru.. Synd eg ikkje har fått isolert denna Bodå ennå, forresten..

Det va nåke kaldt ikveld..

=D

Me har forsove oss.. !!?

Hjølpe meg.. Idag blei det full oppstandelse her i heimen.. Mini’en satt så fint å leka med Duplo’en i midtenav sengå vår, eg låg langt inne i drømmeland, når Kånå spratt te værs å kauka ut..

– Froooode.. Klokkå di har ikkje ringt og nå e den langt over sju.. Tjera vena.. Du må komma deg opp..  Me har forsove oss….

Herreguud.. Å sei at eg vakna med ett smell, e nok ikkje å ta hardt i.. Eg velta meg ut av sengå.. Ikkje rulla eg te høyre, eller drog rævå langs lakenet te enden, neida, eg velta øve på venstra sida.. Fikk ei i øvekant stor slagsida, og smalt i gulvet med ett brak..

Før eg nåke fortumla kom meg opp på beina, stod der på gulvet som ein forfjamsa tosk.. Og tenkte med meg sjøl.. E det ikkje lørdag idag da??

 

Joda.. Stemme det.. Kunne Kånå nåke flaut te slutt konstantera.. Det va det ja.. Fri og bevare meg vel… !!

 

Jaja, eg ska jo stå i kiosken idag, når Litlajentå ska på cup.. Så det va gjerna likagodt me sto opp..

Goe lørdags morgen, Folkens..

Her har me heilt klart latt notå gå, og e klar for lørdag, cup og fotball.. =D