Man kan Bare ikkje bli Drept av ein Sånn.. Gudhjølpe meg.. !!!

 

Eg e ikkje heilt ferdig med detta støvsugar greiene, for det blei vel ikkje lagt nåke skjul på, at eg absolutt ikkje e nåken stor beundrer av sentralstøvsuger.. Når me sko velga tilvalg te boligen vår, ville eg heller bruka nåken ekstra kroner på finare gulv i stuen, enn ein sentralstøvsuger.. Men, som eg skreiv tidligare idag så va Kånå heilt frelst, og ikkje te å rikka ein millimeter, med tanke på sentralstøvsugaren.. Fikk hu ikkje den, så kunne det vær det samma, då ville hu ikkje ha rekkehuset.. Og alle som kjenne Kånå vett kossen hu e, når nåke har satt seg i hjernebarken..

 

Det hadde sikkert vært enklare å få den mest hardbarka Liverpool supporter, å konvertera te å bli United supporter, nåke som strengt talt e umulig..

 

Så, det blei jo heller standard gulv og sjølsagt sentralstøvsugar i heimen, og ei Kånå som utad tilsynelatande va storfornøyd, men som med tidens løp muligens begynte å angra seg litt.. Nåke som Kånå heilt klart aldri viste for det blotte auga, men det va jo ikkje vanskelig å forstå, at hennas meining forsåvidt hadde endra seg.. Der man oftare for kvar månad som gikk, høyrte diverse ukvemsord om skiten, når Kånå trudde eg ikkje høyrte hu.. For min del, så toppa det seg itte ein episode, som nærmast holdt på å ta drepen på meg, der eg i vanvare gikk på ein kraftig smell.. Som Kånå, så tenke nok mange at det e så steikje praktisk, det å bare dra med seg detta røyret, rundtomkringfallera i heimen..

 

” Som eg har skrevet før, ein kvar fordel i livet vil som regel bli avløyst av ein bakdel, eller omvendt.. Lys av mørke, yin og yang og bla bla bla.. Men, i detta tilfellet så e det i aller høyeste grad sant..

 

For itte nåken år med ein sentralstøvsuger i heimen, så blir man så eitrande lei og forbanna på denna slangen, at eg har nærmast ikkje ord.. Man treffe på detta forbaska udyret overalt, om morgenen, somme ganger midt på dagen, som oftast på ittemiddagen eller kvelden.. Og i ny og ne, gjerna midt på nattå når man kanskje må på toalettet, og klara å vikla beinå fast i slangen, som ein eller aen eller til og med seg sjøl, har slengt i fra seg.. Istedet for å henga den opp, der den ska, inne på vaskerommet.. Og ende opp med å stupa kolbøtta nere i ein mørklagd gang, fordi man i nærmast komatøs tilstand ikkje såg slangdyret, som lå og kveila seg i mørket ved gulvet..

 

Av og te, så har eg nesten mistenkt den forræderiske slangehelv..ten, for å våkna te livet i nattens mulm og mørke, og liksom med vilje legga seg i vegen.. Slik at Fatter’n ryke lukst i gulvet, når han e ute på ein liten natteferd.. Svarte salte bananer, altså..

 

Men, episoden eg tenkte på i starten av innlegget, den skjedde midt på dagen for ein del år siden, når både lys og sikt absolutt va te min fordel.. Eg hadde støvsugd loftet ferdig og satte igang nede i stuå, mens Kånå satt i sofaen og amma Mini’en.. Men, det tok ikkje langa tiå før eg blei kommandert te å heller ta første etasje, siden Mini’en holdt på å sovna, og om eg fortsatte så ville eg vekka han.. Resten av Flokken va ute i finværet å lekte med venner, så eg gjorde som Kånå ga beskjed om, og begynte nåke slukøra å rulla inn den helsikkens slangen.. For den e det, ein helsikkens drittslange som vrir og bukta på seg, og føles nærmast som ein levande Anaconda..

 

” Fryktelig uhamselig å dra med seg, man miste gjerna taket litt i ny og ne under flytting og somme ganger så henge den seg fast.. Kanskje bare fordi man har glemt å ta den ut av støpselet..

 

Eller, som når eg i vanvare hadde vikla heile slangen sammen, og slengt den øve skuldrene, nett som man gjerna gjør med ett tau f.eks, når man ska ut på ekspedisjon.. Denna dagen når Kånå amma Mini’en, og eg va på sentralstøvsugar ekspedisjon.. På vei bort te trappå så datt ein liten runde av skulderen, derfor så slengte eg den øve hovudet, så den sko henga skikkelig.. Mens eg jogga nerøve trappene.. Men, midt i trappå ner te første etasje, så e det plutselig full stopp, og eg blir slengt lukst ner i trappå med ett smell.. Slangen stramma seg te rundt nakken, nett som ein fullblods Anaconda når den har fanga byttet sitt, og eg holda støvsugarhovudet rett ut i fra kroppen..

 

Som om det e sjølvaste kjeften te detta blodtørstig rovdyret.. Når eg røyk ner på rævå i trappå, så stramma slangen seg endå meir te, rundt halsen.. Og eg får ikkje ut eit ord.. Ikkje ett lite hest hjelp, ein gang..

 

Eg prøve å ta spenntak for å reisa meg igjen, men spinne bare i resten av den sleipe slangekroppen, som ligge strødd under meg i trappå.. Ei løkka av slangen har sjølsagt hengt seg fast i den øverste stolpen, som gelenderet te trappå henge fast i, og eg har ikkje sjanse te å nå den.. Detta e fanken meg ikkje tull eingang, men eg begynte fader meg å sjå stjerner.. Sko livet mitt enda midt her i trappå, drept av ein glupsk sentralstøvsugar slange, som tydeligvis trudde den va ein Anaconda..!!?? Herre Jesus, altså.. De fleste ulykker skjer i heimen, joda, men ein forbaska støvsugarslange.. Man kan bare ikkje bli drept av ein sånn.. Gudhjølpe meg..

 

” Heldigvis, så hadde Kånå høyrt ett lite dump i trappå, og lagt Mini’en i lekegrindå før hu gikk for å sjekka ka som foregikk i trappå..

 

Og møte jo ett syn hu garantert aldri hadde sett før, eller forsåvidt trudd hu sko få se, der eg ligge midt i trappå og slåss med støvsugarslangen.. Kånå fikk jo akutt knekk i knærå, men hadde såpassa handlekraft, at hu fikk nappa løkkå av, som hang fast i stolpen.. Plutselig, så slippe Anacondaen taket og luft strømme ner i lungene igjen, og i basketaket som videre oppstår, sklir eg av slangen..

Og dumpa ett par trinn ner i trappå.. Kånå, hu har falt om i ein hemningsløs latterkrampe, der oppe på toppen, og vise ingen antydning te å sjekka om det går bra med meg..

Eg tar ett par laaange magadrag, for å få pusten igjen, før nappa te meg den helsikkens støvsugarslangen, og trør den inn på vaskerommet.. Før eg låse dørå.. Ikkje fanken om eg sko falla i bakhold, for den der, ein gang te denna dagen.. Dagens støvsuging va definitivt over og eg gikk opp i stuå igjen, der Kånå hadde vekka Mini’en, med latterkrampe anfallet sitt..

 

Så der ser dåkke ka eg leve med.. Ei sta og standhaftig dama, som får krampelatter når maen hennas, nærmast stryka med.. I et basketak med ein lumsk støvsugar slange..

Derfor.. Så va det ein herrens gledelig dag idag, når Kånå bestemte seg for at det der udyret sko ut av heimen..

Og eg kan endelig pusta letta ut.. Nå trenge eg ikkje lengre vær redd for å havna i bakhold, av ein morderisk støvsugarslange, som heilt klart ikkje likte meg, nåke meir enn eg likte den..

 

Enkelt og greit.. Punktum…

 

 

4 kommentarer
      1. Hehe.. Godt å høyra.. Man får by på seg sjøl, tenkje eg.. 😁😁 .. Når slikt skjer i heimen.. Hadde nesten glemt ut heile episoden, før Kånå begynte med detta støvsugar styret igår.. 😁😁

    1. Stakkars deg! Ser det hele i sakte film! Herrrlig historie! Takker og bukker!😊😊😊😊😊👍

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg