Sjakk matt …

 

For dei som følger med på Snap ( frode_skogoy ) … Så hadde me rein og skjær harmoni og idyll her igår kveld … Fatter’n laga Pizza på ein fredag, siden me hadde Taco på tirsdag, og kvelden blei tilbringt foran tv’en.

Jentungen baka brownies og me kosa oss glugg ihjel.

Kvelden va nærmast perfekt …

Så … Liksom for å komplementera kvelden, fant kidsa frem sjakkspillet våras når filmen va slutt og gjorde seg klar for ein omgang i sofaen.

Fatter’n hadde funnet seg ei iskald, og nøt virkelig denna sjeldne stunden med familiekos, på ein hvilken som helst fredag.

Eg leste i ei bok eingang, at summen av dine handlinger, vil forma ditt neste liv, år, uka eller neste kveld.

Eg vil ikkje utelukka det sista der.

At eit eller anna eg har gjort, blei summert sammen og la grunnlaget for resten av denna herlige kvelden. For, ikkje meir enn omtrent to og eit halvt minutt ut i detta eminente sjakk partiet.

Så begynte saker og ting å utarta seg.

 

 

Jentungen fyrte igang ein «rokade» og laga komplett kaos i stugo …

Rokade !!?? … Hverken eg eller gutane e i nærheten av Magnus Carlsen sine ferdigheter, eller hvilken som helst sjakk amatør. Me vett omtrent kor brikkene har lov å gå, and thats it …

Her, så briljerte Jentungen med kunnskaper langt over våras fatteevne, og satte oss meir eller mindre i sjakk matt, før spelet fanken meg hadde starta.

Det endte jo som det måtte …

Full krig i sofaen, og ingen forstod nåkenting … Google måtte tas i bruk, mens Jentungen hardnakka stod på sitt. Hu meinte til og med at detta kun va ein kort «rokade», og himla med augene øve oss uvitende …

Kort «rokade» !?? Hjølpe meg … Finnes det lengre også, tenkte eg. Og skumleste nedover Wikipedia.

Jauda … Jentungen hadde rett hu … Og jaggu meg va det ein kort «rokade» hu hadde utført.

Eg satt med ein følelse øve at detta va begynnelsen på slutten, for ein nydelig kveld som te nå hadde forløpt seg perfekt.

Eg hate når mine mistanker om slikt, blir grundig korrekte.

Ikkje meir enn nåken minutter seinare, itte at gutane duknakka har godtatt at trekket te Jentungen va legitimt som få.

Så ryke de ut i nok eit sjøslag.

Jentungen flytta ei brikka frem, bonden te gutane stod nåke dumt plassert og hadde eit bein på kvar farge. Og når dei tolka det som svart, og at de kunne ta løperen te Jentå, klikka jo hu sjølsagt.

For hu va av den oppfatning at den stod på hvit, å flytta brikkå si tebake.

«Neeei, det kan du ikkje … Du slapp brikkå, då e trekket gjort» Kauka Fjortenåringen. Max Minstemann va enig …

Fatter’n måtte inn å megla igjen, og me kom frem te ein diplomatisk løsning. Ingen va enig, men alle ga seg.

Ett minutt senere …

«Neeei, du slapp brikkå. Du kan ikkje flytta den tebake» Kvein Jentå te, og hoppa elegant frem å kapra tårnet te gutane. Gutane gikk amok. Og kaoset va nærmast komplett.

Diplomatikk blei forkasta og full krig brøt ut …

På seks – sju trekk, fem minutter og ein intens stillingskrig, hadde ein omtrent perfekt fredags kveld blitt snudd om te det reinaste Ragnarok.

Te slutt fløy sjakkbrikkene lavt i sofaen, Jentungen eksploderte så det sang og to gutar fikk ein bakoversveis de neppe har sett like te før.

Så trampa trollet opp på rommet sitt, Fatter’n tok ein slurk styrkedrikk og gutane satt som dei to største spørsmåltegnene eg nåken gang har sett …

«Eg trur ikkje det va så smart å spilla sjakk» Utbryte Max Minstemann itte ei stund, og når luggen hans hadde landa igjen.

«Ska meg å deg spilla mot kvarandre ?» Spør Fjortenåringen og titta på Max.

«Jepp» Svara han …

Og Fatter’n tok oppgitt den kalda med seg ut i garasjen …

Det e sikkert bedre å sitta å frysa der nede, enn å få lobotomert hjernebarken av nok eit sjøslag med sjakk, av sjeldent kaliber …

Eg tok neppe feil …

Fire minutt seinare, høyre eg Max Minstemann kauka ut i sinne, før ei dør smelle igjen med eit brak.

Jauda …

Somme ganger … Då e det bare ikkje dagen for slike koselige brettspill … Eg trur ikkje det hadde betydd nåkenting igår, om det hadde vært Diamanten, Scrabble eller Sjakk …

Nåke hadde gått lukst te helsikke, uansett …

Enkelt og greit …

Punktum …

🙈🙈🙈😂😂😂

Kveldsmaten …

Det skjedde egentlig svært lite interessant i går. Max Minstemann va på trening. Jentungen va på trening. Og eg sprang som eit uvær på jobb.

Ingenting blei glemt. Og alt levert i tide.

Jaja. Fjortenåringen rana lommabokå mi og sykla å kjøpte seg ei brus, sjøl om eg hadde sagt nei. Men, slikt har man liksom blitt litt vant til. Smaka fikk eg også, så då blei på ein måte tjuveriet litt mindre dramatisk.

Det va ikkje før Småfolket hadde køya og eg endelig satt i sofaen, for kvelden. At ting gjerna begynte å bli interessant.

For, klokkå halv ti komme hormontrollet ned å proklamere at hu ikkje har spist kvelds.

«Ta deg ei Pizzabolla då!» Svara Fatter’n. Og tenkte at den biffen va i boks.

«Eg vil ikkje ha det. Eg vil ha nudler.» Svara Jentå. Nåke irritert.

Jauda … Ein «liten» diskusjon seinare, kor Fatter’n med stø hånd ga klar beskjed om ka han syntes om kveldsmat klokkå halv ti, og at nå fikk hu gå å legga seg, heller.

Så stod gullet mitt å laga seg nudler på kjøkkenet. 🙈😂

Max Minstemann lukta ugler i mosen, og ville sjølsagt ha han også. «Urettferdig!» Kauka han, når duften av nykokte nudler traff loftet.

Man må velga sine kamper med omhu. Har eg erfart. Og motstandskraften va på nullpunktet, etter ein hard dag på jobb.

Somme ganger e det bedre de får i seg litt mat, enn at man slippe ein trassig tyfon laus i stugo, sent på kvelden. Skolen streika jo allikavel. Så de skulle jo ikkje tidlig opp.

Et kvarter seinare rusla et stykk fornøyd hormontroll opp trappene, med ein lika fornøyd Minstemann i hælane, med kvar sin porsjon nudler i hendene.

Fatter’n va fornøyd han også. Alt tatt i betraktning.

Eg mistenke at det tross alt kunne gått så mye verre, og det hadde jo ikkje vært nåke bedre det. Sånn egentlig …

Noen ganger, så vinne alle, sjøl om man liksom har tapt. Man må nesten se slikt på det. 🙈🙈😂

God morgen, Folkens … Ha ein finfin torsdag …

Over og ut … 😂🙈👍

Kaffikoppen …

Når eg jogga inn dørene idag, va det rimelig stille i heimen. Jentungen hadde blitt med ei venninna heim fra skulen og Max Minstemann og Fjortenåringen satt i kvar sin etasje.

Eldstemann va fortsatt på skulen. Så Fatter’n rakk ein kopp kaffe, tenkte eg med meg sjøl, og fyrte i gang ein kopp.

Så datt det inn i hovudet at privatbilen hadde mista lyset på venstre side. Og før eg visste ordet av det så hadde eg løpt ned trappene å stod med hovudet under panseret å klødde meg i tupeen.

Å skifta ei lyspære på nymotens biler, det trenge ikkje alltids vær så enkelt. Xenon pære va det også. Og trangt om plassen.

Ikkje visste Fatter’n om den firkanta elektronikkdingsen inne der, høyrte te pærå, eller om den sko ut og pærå skruest av den.

Men, kossen i helsikke skulle eg få løsna nåke som helst, tenkte eg først, å kikka inn på ein kompakt firkanta boks, som ledningen gikk inn i. Ikkje va det slike tynne låsetråder heller, som man aldri vett heilt kossen man ska løsna.

Nåken ska te venstre, andre te høyre og nåken der ska begge trykkes inn mot midten, for å løsna lyspærå. Og aldri huske man ka slags type man har, når man ska te å gjør det.

Fatter’n fant det ut til slutt. Itte å ha forsøkt både litt av kvart.

Det va to tapper som man vridde mot klokkå, og plutselig datt heile dritten ut av seg sjøl. Sjølsagt va det ei sånn xenonpære kor elektronikken hang fast i pæren. Attenhundre spenn hadde han på merkeforhandleren forespeilt meg tidligere idag, om det va ei slik.

Eg stolte ikkje heilt på detta og slo koden som stod på den inn i google, å venta i spenning.

Jauda, jaggu meg hadde de ei slik på ein butikk her i byen. Sekshundre og sytti ja. Det høyrtes nåke meir levelig ut.

Den kan vel ikkje væra så mye dårligere, enn ei te trippel pris, vil eg tru.

Fatter’n stakk lika så godt å kjøpte den, å henta jentungen med det samma. Å slå to fluer i samme smekk, det e aldri feil.

Kanskje eg rekke ein kopp kaffe før middag også, tenkte eg, når pærå va skifta å Fatter’n trødde inn dørene igjen. Men, på kjøkkenet stod ein kalde kopp å venta på meg. Jøje meg. Den, den hadde eg jo glemt ut ja. Eg slengte den inn i mikroen, og begynte på middagen.

Fusili skruer, tomatsuppa og karbonader. Eg rista litt på hovudet av blandingen, når eg stod å kokkelerte. Men, det va det Fatter’n fant på kjøkken.

Suksess blei det for så vidt også. Nåken likte suppå, nåken karbonader å pasta skruene. Nåken blanda til og med alt i ei skål, og spiste med stor apetitt.

Av og te, så blir det mest uventa mye bedre enn det man trudde, på forhånd. Når man gjerna tenke at detta ikkje vil gå heilt heim.

Plutselig va bror min på dørå. Han skulle henta Max Minstemann som ville på besøk te søskenbarnet sitt.

Joda, neida … Det va den kaffien ja. Kor va den blitt av. Itte litt hodeløs leiting, kom eg på kor den va. Og varma den opp ein gang te.

Eg rakk to slurker, før ei lagvenninna te Jentungen kom, og me måtte spinna avgårde på kamp … Eg sendte eit lengselsfullt farvel te koppen, og løp ned i bilen.

Me kom oss på plass og jentene sprang ned te treneren. Fatter’n satte seg ned på tribunen.

Og satt lett fordypa i denna beretningen her, mens eg myste opp på kampen. Når ein fra Vea idrettslag spurte …

«Vil du ha ein kopp kaffe ?»

Himmel og hav, altså … Aldri før, har ei slik gest vært meir velkommen, enn idag … Og den koppen, den va fanken meg god.

Kjempe god … 🙈😀😂😂❤️

 

 

Soloppgang mellom utrangerte jekketraller …

Det e ein fin tirsdag. Her eg sitte med ein kaffikopp på jobb og titta på solå som står opp, mellom ein liten jungel av utrangerte jekketraller.

Den e i hvert fall bedre enn mandagen. Den tok kakå …

Det gikk riktignok bare opp, etter jobben va unnagjort. Og det blei ein fin ettermiddag kor eg og Max Minstemann kosa oss glugg ihjel.

Idag e det nåke meir på tapetet, med kamp for Jentungen ute på sjølvaste Karmøynå. Ikkje minst så ska det lagast middag og kanskje ryddast litt heima også.

Men … Eg ser lyst på dagen idag. Kneet e ok, tånå kjenne eg e der og ryggen har sagt god morgen allerede …

Ha ein finfin tirsdag, Folkens …

😀😀😀

 

 

Hjeeelp … Eg komme te å dø !

 

 

«Hjeeelp … Eg komme te å dø»

Kauka Jentungen på elleve ut fra baksetet på søndag, når me skulle kjøra på middag te Farmor og Bessen.

Det va fordi Eldstemann på sytten skulle øvelseskjøra inn te Farmor, at Jentå så svart på livet.

Han har kjørt mye nå og e ganske så trygg bak rattet.

 

Jentungen va allikavel og absolutt ikkje overbevist om at det va sant. Det e detta her med kvinnfolk og krisemaksimering, tenkte eg stille for meg sjøl.

Der Jentå uffa og bar seg i baksetet.

«Uæææh … Pass bussen !» Brølte hu plutselig te, når eit grønt drog dro seg inn på vegen, omtrent tohundre meter foran oss.

Og eg fikk assosiasjoner te hu Solfrid på Wurth. Hu som e fra Eikemo, og e ein av Norges første reality kjendiser. Kanskje Norges mest undervurderte reality kjendis, faktisk.

 

Der hu i ein alder av tretten-fjorten manøvrerte ein god gammal Volvo toførti, stødig mellom fjellene oppe på Eikemo, men kor reporteren fra Nrk sitt program «Der du skulle tru at ingen kunne bu» fikk kalde føtter.

Og når de nærma seg ein nittigraders venstre sving med ei påfølgande smal bru, så kauka han vettskremt ut.

«Pass bruå, pass bruå»

Solfrid svara bare et rolig «Hæ ?» og turna Toførtien elegant rundt svingen og stødig øve broå.

 

Nett som Eldstemann, som bare sukka oppgitt øve dramaqueen’en i baksetet, og passerte bussen som ein dreven sjåfør og la te venstre i neste kryss.

Ingen daua på veg te Farmor på søndag, og Jentungen roa seg halveis te Susort.


På heimvegen va hu nåke meir trygg på Eldstemann sine kjøreferdigheter, og la heller ut om sine egne kunnskaper. Der hu stolt la ut om at hu visste ka pedal som gjorde ka.

Den høyre va fremover, den i midten va stopp og den venstre høyrte te den der spaken i midtkonsollen.

Såpassa interessert, og oppdatert va hu på saker og ting, slik at Fatter’n faktisk vurderte å gjemma nøklene litt bedre i fremtiden.


Kunne Solfrid på tretten – fjorten få det til, e det gjerna ikkje så lenge te Jentungen på elleve når ned til pedalene heller.

Grøss og gru …

🙈🙈🙈😂😂😂

 

 

Tosk … Eller dobbel-tosk … Rett og slett.

 

Eg sprang som ein ungkar under vårløsningen på jobb idag. Det va mye varer. På slike dager så slår ein slags automatikk inn i hjernebarken. Nu må det løpes for å rekka dagens gjøremål.

Sjølsagt, så treffe eg på to villfarne kyr som har lurt seg på feil sida av gjerde, når eg spant innover mot Hervik.

Det e jo heilt typisk når man har det travelt.

Så glemte eg ei henting på vei mot byen. Kor eg kjørte gamlevegen til Aksdal fra Tysværvåg, bare for å hente denne ordren på Padlene.

Det va nett før eg slo på meg ein sjølpåført Donald kul, når eg oppdaga fadesen.

 

«Tosk» Sa eg te meg sjøl, men gjorde meg ferdig der eg va, før eg rulla tebake for å ordna opp.

På ein måte, så va det litt flaks i uflaksen også. For på Optimera, fant eg ut at den eina eskå va te Optimal, og ikkje Optimera … Jiiizus …

 

«Dobbel-Tosk» Tenkte eg for meg sjøl, og måtte ein ekstra tur innom Grinde også.

Fartsgrenser blei så smått utfordra resten av dagen, der tyttebærbilen eg kjøre, spant rundt i distriktet å leverte varer så ildspruten nærmast stod ut av eksosrøret.

Minst ein halvtime på øvetid, så va eg kommen på rett spor, eg hadde ordna opp i glemte fadeser og suste mot byen igjen.

«Puuh, detta går akkurat detta»

Tenkte eg for meg sjøl, når eg passerte Toskatjønnet.

 

Før eg nok ein gang måtte slå flathånda i pannen, og innsjå at nok ein smell va et faktum.

Ingen skulle jo hentas på skulen idag.

Det e jo planleggingsdag.

Himmel og hav, altså …

All løpingen idag, som nærmast hadde dratt ein saftig gangsperr på både lår og leggane te Fatter’n, den hadde fanken meg vært heilt fånyttes.

 

Jaja …

E det nå først mandag, så e det mandag … Slik e det vel bare …

Skikkelig blåmandag …

Av og te, så lura eg på kossen eg klara å få te alt eg sysla på med, uten at det går verre enn det gjør.

Sånn egentlig …

 

Men, e man Fatter’n med hovudet unna armen, så e man vel bare det …

Go mandag, Folkens … Her i fra og ut. Så kan det nok bare gå ein vei …

Håpa eg …

 

🙈🙈😂😂👍

Den forsvunne diamanten …

Den forsvunne diamanten …

Detta brettspillet som eg og Jentungen fant frem igår. Når me hadde sett ein film og fant ut me skulle fortsetta kvelden me litt meir kvalitetstid sammen.

Me va blitt forvist opp på loftet, siden Eldstemann hadde invitert te klassefest, og ikkje ville se eller høyra oss nede.


Så … Når filmen me såg først va slutt, titta me gjennom alle spillene våres og fant altså detta. Den forsvunne Diamanten.

Jøje meg, tenkte eg. Koffår ikkje. Me hadde jo spilt et slikt ordspill på fredags kvelden, med stor suksess. Boggle flash. Kor man har fem digitale bokser som vise ein bokstav kvar, også skal man sette sammen ord.

Det va jo knallgøy …

 

Diamanten ville sikkert bli lika gøy, eller kanskje til og med kjekkare. Det va jo slikt man kosa seg «back in the days».

Før alle slike nymotens ting dukka opp. Som Netflix, playstation og i-pad.

Som sagt, så gjort …

 

Første runde va over før me nærmast hadde begynt. Fatter’n fant Diamanten etter kun tre-fire trekk og suste inn te seier. Jentungen blei nåke furten. Eller, nåke furten va gjerna å ta mildt i.

Va jo mega gøy detta. Tenkte eg. Mens Jentungen mismodig plasserte ut brikkene på brettet igjen.

 

Andre runde tok lengre tid.

Plutselig fant Jentungen Diamanten langt nede i sør. Fatter’n rota rundt like ved Gullkysten og utrolig nok fikk eg eit Visum på trekket etter Jentå.

Nå va det første mann te Tanger eller Kairo.

Jentungen hadde flust med penger og kunne flydd inn te seier på tre trekk.

Eg va blakk som ei kjerkerotta og måtte satsa på gode terningkast.

Så … Ut av ingenting, velge Jentå å snu ei brikka selv om hu ikkje trengte. Eg sa jo sjølsagt ingenting. Reglene hadde me jo sømfart før me starta, så hu va vel fullt klar over risken med slike manøvre.

Jentungen snur den røde saken.

Og lukts imot hu stirra ein vaskeekte røvar. Tjera vena meg. Alle pengene hennas røyk rett tebake te banken.

Fatter’n tar ein råsjangs og snur brikkå på sjølvaste Gullkysten. Ein rød Diamant.

Fantastisk … Fem tusen dollar vunnet + fem tusen ekstra. Fordi på Gullkysten blir gevinstene for Diamanter dobla.

Fatter’n fløy inn te storseier igjen.

 

Jentungen blei mørk i blikket. Furten va nok langt fra ein dekkende beskrivelse av humøret hennas då.

Så snur lykken for Fatter’n.

Eg fant Diamanten på ei øy ved Østkysten. Tar sjangsen på å snu den andra brikkå som finnes på øya, siden eg har litt lite monitas igjen.

Jentungen finne eit Visum oppe i nordvest.

Fanken altså …

Fatter’n får ein røvar og jentungen suse inn te seier med eit rungande seiersbrøl som nesten løfta taket ti cm.

 

Eldstemann komme ut i gangen nede fra stugo å lura på ka i all verden som foregår der oppe.

«Me spille bare Diamanten.» Svara Jentungen triumferande. Og legge te.

«Åsså vant eg øve Pappa !!!»

«Herreguuud» Svara Eldstemann oppgitt. «Men, kan dåkke væra litt stille»

«Jaja …» Seie eg og Jentå i kor. Mens me høyre latter og fnising fra gjestene i stugo.

«La de nå kosa seg, der oppe. Det e jo bare løye å høyra på» Sa nåken …


Itte åtta-ti elleville omganger til. Med høglytte forbannelse rop øve røvere som stjal pengene våre, skingrande seiershyl øve seier og irriterte utrop øve å tapa på målstreken.

Så legge me inn årene … Det e på tide å ta kvelden. Klokkå va blitt langt øve leggetid, men herreduuud kor kjekt me hadde hatt det.

Når man har det gøy, e det lett å glemma tiden.

Og … Me hadde nesten ikkje blitt sett nede. Joda, høyrt blei me nok. Men, foruten et par turer ned for å henta brus, snop og litt frukt. Så fikk Eldstemann væra i fred med gjestene sine.

 

Så sånn te slutt. Bare for å trekka ein slags konklusjon ut av detta brettspill kalaset.

Det e godt mulig at mye av det man gjorde «back in the days» for å kosa seg med dei små, mulig e sterkt undervurdert av mange voksne nå.

Som eit middel for å ha kvalitetstid med sine små håpefulle …

Tap og vinn, med samme sinn. Det blei i hvert fall lært ganske kjapt av begge oss to, igår kveld.

Det va jo bare å setta i gang ein gang te, om man tapte ein omgang. Og blei litt sur. For så å vinna med stor margin i neste spill …

Det jevna seg liksom greit ut …


Diamanten e fin sånn … Tilfeldighetene rår kraftig, og man tape sjelden mange ganger på rad …

 

😀😀😀👍

Markisen …

Jauda … Detta gikk jo nett som eg frykta, men kanskje egentlig nærmast hadde forventa. Og litt til …
Man trenger aldri venta lenge på at uforutsette hendelser ska oppstå, når det e oss det handla om.
Eg satt i strålande solskinn tidligere idag, med eit tømt topplokk som rett og slett hadde rekalibrert seg. Ingenting spesielt hadde skjedd, foruten at eg endelig hdde fått begynt på Tom Egelands nye bok, om Bjørn Beltø’s fantastiske mysterier.
Eg hadde nett funnet roen, hverken meir eller mindre. Bobillivet va tilnærma perfekt.
Så … Nærmast som på eit lite vingeslag, så smalt det …
Det glimta lett i horisonten, etterfulgt av eit svakt tordenbrak. Himmelens sluser åpna seg på vidt gap og regnet deiste i bakken som eit monsum regn fra sjølvaste Amazonas.
Eit vindstille lite sumar ferieparadis her i Lunde, slo om te eit stormfullt vestlands vær av sjeldent kaliber. På kun få nanosekunder.
Det føltes i hvert fall slik.
Eg nappa te meg det som stod på bordet å slengte det inn i vår eminente Burstner Elegance. Når eg stod med rævå te værs og hovudet inn dørå, høyrte eg eit schwoopp …
Så begynte persiennen å gi fra seg illevarslende flakkelyder.
Den eina bardunen hadde slitt seg.
Tjera vena meg …
Eg slengte meg rundt i et fullblods kattesprang, fikk nett tak i kanten på persiennå og kauka ut te Eldstemann.
«Hjeelp, hjeeeeelp … Kom ut … Nåååå !!!»
Schwoop, sa det igjen.
Når den andra bardunen ga opp kampen mot naturkreftene, og Fatter’n letta nesten fra bakken, der eg tviholdt på persiennå.
Uten at eg heilt vett kossen, fikk eg og Eldstemann bytta plass. Han holdt, og eg løp te sveiven.
Akkurat der og då, så priste eg meg lykkelig øve at eg hadde latt den henga igjen i kroken. Skulle eg begynt å leita itte den baki lasterommet, hadde neppe detta endt så godt, som det for så vidt gjorde.
Eg sveiva som eg aldri har gjort før. Sjølsagt, feil vei først.
«Heeei, pappa. Andre veien !!!» Kauka Eldstemann te.
Ei vindkula tok tak, Eldstemann gjorde eit lite bukst, før han fikk satt vaskeekta sjøbein og holdt stand.
Fatter’n sveiva endelig rett veg, og persiennen drog seg inn i boksen, og sikkerheten.
Me jumpa inn i bilen, og stod søkkvåte midt på gulvet å kikka letta på kvarandre.
«Det va nære på !» Sa Eldstemann.
Eg nikka bekreftende og titta i speilet på badet. Og sperra augene opp …
Jøje meg …
Bobilsveisen va komplett maltraktert av regnskyllen lukst fra Brasil’s heftige regnskoger. Og luggen lå flatt som ei pannekaka nedover pannen.
Jauda … Seie eg igjen …
Slikt kan det raskt gå, og slik gikk det jaggu meg …
Men, heldigvis … Så gikk det godt …
Bobilsveisen kan man fiksa lett og billig. Ei persienna tredd over taket, ville nok blitt nåke meir kostbart …
🙈😂😂😁😁👍

Når lite skjer …

Det har i bunn og grunn skjedd svært lite, fra igår te idag. Me har rett og slett nytt livet her på Telemarkskanalen Camping i Lunde, og unngått de verste hendelser.
Unormalt normalt, rett og slett.
Men … Eg fikk opp et minne på Facebook idag. Fra ein hendelse på jobben min, som yrkessjåfør.
Eit lite hysterisk øyeblikk som kjapt kan skje på bobiltur også, om man mot formodning kjøre med vinduet åpent.
Så kos dåkke med den, mens me vente på at bobillivet falle tebake te normalen. Og nye elleville eskapader blir te eit nytt kapittel i denna reisebrev føljetongen. 
…… Macho Spurven …..
Det e ein flott dag idag. Det e varmt, lett skydekke og fine kjøreforhold her på jobb
Lite skulle eg vita om at det kjapt ville endra seg … På alle endre tenkelige måtar, enn det man gjerna skulle tro.
For i svingande ovanføre Coop’en i Skjoldastraumen slo på ein måte Murphy’s lov inn for fulle mugger, både for meg og ein liten spirrevipp av ein spurv
Mest for spurven, om eg ska væra heilt ærlig.
Det kom et lite smell i speilet, før nåke svart føyk forbi netthinnå mi, og dunka inn i hytteveggen bak i lastebilhyttå.
Helsikke, tenkte eg … Va det ei humla som smatt inn her i bilen nå.
Det har skjedd før. Både humla og veps har skapt lett antydning te full panikk, ved fleire tidligere anledninger.
Men … Eg høyrte ingen summelyd. Bare ein slags merkelig flopp, flopp lyd.
Ein slik lyd har eg aldri høyrt i bilen før, tenkte eg videre før eg snudde meg for å kikka.
Og så rett inn i augene på ein fullblods macho spurvehann med Rambo pannebånd og kryssende ammobelte øve et muskuløst bryst.
Altså, eg vett jo ikkje heilt om det va ein hann, men historien ville blitt nåke amputert om eg skreiv nett liten spurvehunn med tettsittende sumarkjole.
Uansett …
Eg slapp ut et skingrande kvinnehyl som sjøl den mest berømte rosablogger ville meg misunt.
Macho spurven svarte med et reinspikka tigerbrøl som ville skremt vettet av den mest hardbarka Navy Seals soldat.
Eg syntes eg høyrte Richard Attenborough i bakgrunnen lika før spurven gikk til angrep.
– And now we are witness to a completely unfair fight, when the bravest male goes in for attack !!!
Rambo spurven fløy lukst i trynet på meg. Eg glapp rattet to millisekund før eg fikk feste igjen og lastebilen skjangla rundt svingen som eit rompetroll på speed.
Tump, tump, tump. Høyrte man fra lastebilskapet, der alle eskene eg møysommelig hadde stua på paller idag morgens, nå sikkert fløy vegg i mellom.
Eg fikk stoppa droget i ein innkjørsel, dratt opp håndbrekket og satte opp guarden mot krigsfuglen.
Fikk inn to tette jabs, før ein sugande høyre hook (les flatt kvinneslag med flat hånd) sendte monster spurven lukst ut vindauget igjen.
Herreduuud …
Livet på landevegen, det e jaggu meg skumlare enn man gjerna skulle trudd.
Enkelt og greit …
🙈😂😂

Sykkeltur i Lunde …


Har vært på ein liten sykkel ekspedisjon her i Lunde, fra Telemarkskanalen Camping og rundtomkringfallera …

Og te alle som ikkje har vært her, så ville eg nok kunna stått bak ei meget god anbefaling, her i fra …
Nydelig sted … 😀🥰👍❤️