Når Fatter’n muligens Tar litt Av…

Eg huska at eg skreiv ett innlegg om når me laga sandslott på lekeplassen, eg og Mini’en.. Det e ei god stund siå.. Men, eg kom på det igjen idag når eg endelig fant bildene av ett anna sandslott.. Det sandslottet eg nevnte enten i innlegget, eller muligens kommentarfeltet.. Den gangen me va i Palmanova på Mallorca.. Ein fantastisk plass forresten..

Spesielt når me va der tidlig i September, og dei fleste partyløvene som kosa seg i Magaluf hadde reist heim..

Ett lite paradis for barnafamilier med sine langgrunne strender, og mange aktiviteter for kidsa i gatene.. Og ikkje minst vår eminente favoritt restaurant El Mecca, kor Flokken storkosa seg.. Den gangen ein flokk på 3, med Litlajentå som minstemann.. Fantastisk mat, service på øverste hylla og strålande Live musikk på kveldstid.. Nå høyrest sikkert detta nesten ut som den reinaste reklame, men det får så vær.. Eg har ikkje nevnt kim me reiste med alikavel..

Eg huska bare den turen som ein av høyderane, av alle våras sydenturar.. Det e sjelden eg har fått slappa sånn av, som eg gjorde på akkurat den turen der..

 

Men, det va detta sandslottet då.. Som dei to eldste masa om eg ikkje kunne laga.. Eg hadde laga ett dagen før også, men litt lite research om grunnforhold og tidevann gjorde forsåvidt kort prosess med det slottet.. Te Flokken sin store glede, som jubla begeistra når tårnet på slottet raste sammen.. Fordi tidevannet flomma innover og drukna mitt imponerande byggverk.. Fatter’n satt vel på ett syden håndkle og stirra bedrøva på 2-3 timars arbeid, som rant ut i middelhavet igjen..

Kånå bare rista på hovudet, ga meg nåken euro og sendte meg i strandbaren.. Så eg kunne drukna sorgene i ei kalde ei.. Hjølpe meg, eg huska det nesten som om det va igår..

Herreguuud.. Folk miste heimane sine i orkaner og ekstremvær.. Så satt eg der på ein spansk strandbar og dreiv grøftagraving i sjelå, fordi strandslottet mitt blei drukna av ei tidevanns bølga.. Man burde nesten skjemmast vettdu, av å ikkje tenka litt større enn sine egne små sorger.. Men.. E man på ferie så e det vel lov å tenka mest på seg sjøl.. Så kan man bedriva litt ransakelse i sjelå si når man komme heim..

Neste dag sko eg jaggu meg ta hensyn te tidevann og avstand te sjøen, det va ivertfall heilt sikkert..

 

Så sjølsagt sko eg laga ett nytt sandslott te Flokken, einkvar Fatter’n med respekt for seg sjøl stille jo opp for kidsa sine.. Hjølpe meg, det sko nå bare mangla.. Mine egne ambisjoner om å overgå sandslottet som blei tatt av flodbølgå, før det blei fotografert av Kånå.. Det hadde sjølsagt ingenting med saken å gjør.. Det e jo derfor man e på ferie, for å kosa og leka seg sammen med sine egne barn.. Litt kvalitets tid på stranda, mens man bygge strandslott..

Så me starta jo ein god del lengre opp på strandå, enn dagen før.. Og gravde opp ei god haug med sand som me begynte å forma som ett slags slott..

Og det va vel her det begynte å skjera seg, når gutane bare ville ha ett høgast mulig tårn.. Så hadde Fatter’n meir tanke på estetikk og heilhet.. Kånå hadde vel begynt å ha ett auga på oss, mens det andra passa på Litlajentå som satt å kosa seg med ein spade og ett spann.. Til og med Litlajentå som bare va rett over året, forstod vel at her va det best å skygga litt banen.. Mens Fatter’n kjørte på med argument for å få viljen sin..

Ei stund, itte eg nærmast forviste Han i Midten ut av gropå, fordi han gjorde feil.. Så turte eg ikkje snu meg.. Det va garantert ikkje solå som steikte i nakken på meg, det va ivertfall heilt sikkert..

Når man fornemme “Blikket” te Kånå i nakken, bør man vær ytterst forsiktig..

 

Men når Eldstemann raste det eina tårnet, fordi han ikkje så seg for når han sko tømma ei bøtta sand ut av gropå.. Då kom smellen.. Eg heiv de ut av, Kånå klikka i vinkel og Flokken stod og grein.. Gudbevare meg vel.. Snakka om å vær på idyllisk familieferie.. Kånå nappa kidsa med seg og gjekk for å kjøpa lunch.. Mens hu bare kikka med ett lynande blikk på meg, eg såg heila våpen arsenalet hennas va armert bakom netthinnå.. Så eg snudde meg kjapt å fortsatte med sandslottet..

E det mulig.. Snakka om å laga styr, bare pga av ett usselt lite sandslott..

Kånå hadde forsåvidt gitt uttrykk for at meir kommunikasjon med meg, va utelukka på ei stund.. Så sjølsagt ropte eg itte na om hu ikkje kunne kjøpa ein soft is og ei iskald cola te meg.. Eg kunne lika godt ha dansa barføtt i ei maurtua med illsinte pissemaur.. Kånå snudde seg og løfta solbrillene øve augene.. Blodet mitt frøys te is, hjarta tok ett lite hvileskjær og ei mitraljøse av skumle følelsar skaut fart i kvar nervetråd i kroppen..

Detta va forsåvidt heilt i starten av den perioden, kor eg hadde begynte å tyda litt av livets kompass.. Livet med ei småsint, ilter men stort sett snill Kåna og den gangen, 3 barn..

 

Alikavel, va eg livredd for at hissigprompen som gikk med kidsa te restauranten for å spisa lunch.. Sko forvandla seg te ein blodsugande vampyrdronning og bare fly tebake og ta knekken på meg midt på strandå.. Men, så kom eg på at vampyrar ikkje tåle strålande sol, så eg slappa litt av igjen og fortsatte med byggverket.. Tjera vena meg.. Eg forstod vel gjerna at eg hadde tatt litt av når folk begynte å stoppa opp, og ta bilde av detta her famøsa sandslottet mitt..

Kånå hadde nettopp kommen tebake, men tatt håndklærnå å flytta seg nåken meter bort.. Så eg innsåg at her va det bare ein ting å gjør..

Uansett kor vondt det kom te å gjør.. Så eg kikka på sandslottet, la spaden forsiktig ner i sanden og så meg fornøyd med byggverket mitt.. Det va ferdig nå.. Ingen vits å dra det lengre nå, om eg ikkje ville tilbringa resten av ferien aleina da.. Så eg gjekk bort te Kidsa og ga de beskjed at nå va slottet klar te å lekast med.. Før eg rusla bort te Kånå, bøyde meg ner og ga hu ett kyss på kinnet.. Før eg nesten uhørlig kviskra “Sorry” inn i øyra på hu.. “Eg tok visst litt av”..

Men det gikk bra det og.. Eg blei tilgitt den gangen og.. Og Litlajentå storkosa seg, når hu raserte mitt imponerande arkitektoniske mesterverk..

Joda.. Det e vel muligens litt lett å bli reven med, når man har det kjekt.. Med Kidsa, på ein måte..

=D

 

 

 

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg