Strømregningen …


Det e Kånå som betale strømrekningen hos oss.

Me har liksom fordelt utgiftene greit i mellom oss.

Men, eg lura på om det at hu har strømmen, kanskje går nåke utover livskvaliteten i heimen, for tiden.

Idag, når eg kom heim fra jobb. Så låg hu godt tulla inn i et ullteppe på sofaen, og nøyt livet. Eg, som kom utanifra, merka nærmast ikkje at eg hadde gått inn.

Når eg trykka på fjernkontrollen te varmepumpå, så kauka det i fra sofaen i stugo.

«Du skrudde ikkje opp nå vel ? … Strømmen e knalldyr akkurat nå»

Okay … Me e der ja … Eg skrudde ned te 19 igjen. 🙈🙈

Nåken minutt seinare, så satte eg ein kopp under kaffimaskinen, og trykka den på.

«Du kunne ikkje ha venta et par timar med den koppen, då hadde den vært mye billigare.» Gneldra ullteppe monsteret.

Herreguuud …

Litt ittepå, så måtte eg på do å tissa. Eg lurte litt på om eg måtte spør først, men eg lot det stå til. Det kan vel ikkje væra så forbaska dyrt å lata vannet !?!?

Når eg gikk ut fra badet høyrte eg kaklehønå igjen.

«Skrudde du av lyset nå ?»

Helsikke altså. Eg gikk heima å hutra og frøys, å fikk ikkje varmen i meg etter ein hard jobb dag. Ein dusj kom ikkje på tale.

Eller eg kunne, om eg dusja i kaldt vann !?!?

Så, når Litlajentå skulle på trening. Då heiv eg meg i bilen og spant avgårde på fotball med hu.

Og nå … Nå sitte eg i tjueseks grader å nyte livet, mens eg venta på Litlajentå.

Det e lika før eg må kasta både genser og buksa. Så varmt e det.

Og det e heilt greit.

For det e eg som betale dieselen !!

😁😁😁

4 thoughts on “Strømregningen …

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Begin typing your search term above and press enter to search. Press ESC to cancel.

Back To Top