Dasslokket …

 

Eg hadde egentlig påbegynt ein gripande beretning om Mini’en sin barnehage slutt, når eg høyre Kånå kauka ut i misnøye nede fra badet. For me ska ha selskap idag for både Mini’en, Litlajentå og Eldstemann, og då kunne me ikkje presentera ett bad, med ett dasslokk som har begynt å kjenna tidens tann. Ett dasslokk som Kånå har masa om i evigheter, at absolutt burde fått seg ein oppdatering, men som Fatter’n i kjent stil har utsatt lika lenge. Så lenge det gjorde bruken sin, tenkte eg at det estetiska på ein måte ikkje va så viktig, sånn egentlig. Det e vel gjerna ikkje der man legge inn grunker, for å skapa ett fabelaktig førsteinntrykk …

 

Kånå va defintivt ikkje enig meir, nå va det rett og slett nok, for ringen på dasslokket såg ut som om nåken med grovt sandpapir i rævå, hadde sittet å gnikka stumpen sin der. Kunnne hu meddela nedenfra badet …

 

Man trenge ikkje vær rakettforskar for å forstå kim hu sikta te, og når sant ska seiast, så kan eg te dels vær enig. Kånå sin eminente bakdel har helt klart ikkje vært den største syndaren, med tanke på dasslokket sitt forfall, strengt talt så va det ikkje min heller. Men, eg hadde nok ein liten finger med i spillet her, då eg gjorde ett lite forsøk på å forlenga detta famøsa dasslokket sin levetid, her for ei stund siden. Når Kånå sist fikk ett lite dasslokk anfall. Kor eg nappa dasslokket av setet, la det i ett klorin bad før eg drog det med meg ut i Bodå, kor det fikk ei litå behandling med det finaste sandpapiret eg hadde … 

 

” Heilt ærlig, så blei eg sånn nåkenlunde fornøyd med jobben, og dasslokk ringen såg igjen skinnande kvit ut, istedet for nåke utslitt og misfarga …

 

Denna jobben blei sjølsagt gjort heilt i det stille, ein liten “stealth jobb” når Kånå ikkje va heima, sånn i tilfellet det gikk lukst i dass, sånn bokstavlig talt. På ein måte, så gikk det jo akkurat det, lukst i dass. Det glatta fina belegget på dassringen som man har når det e nytt, den hadde eg jo liksom pussa av nå, så det gikk jo ikkje mange dagane, før det virkelig begynte å flussa opp. Og idag, så nådde det nye høyder når Kånå sko vaska badet, og både såperester og vaskefilla, la igjen rester i dei åpne porene i dassringen. Det såg rett og slett ikkje ut, mildt sagt. Derfor så eg ingen anna utvei, enn å innse at daslokket hadde sett sine beste dager, og va klart for å skiftast ut. 

 

Kånå stod der nere på badet og lurte kraftig på, kossen i all verden ett dasslokk plutselig kunne gå slik i oppløysning, mens eg tok ett mål og to. – Nei, hjølpe meg. Det e nå ikkje godt å forstå. Svara eg, forsiktig … – Det e nok sikkert bare nåke billig greier, av dårlig kvalitet. La eg te, og håpa restaureringsjobben min, ikkje blei avslørt …

 

Eg nappa med meg lommabokå, bilnøklane og jogga ut av heimen, før Kånå gjerna begynte å spør meir om saken. Kvar gang Kånå begynne på slike forhør, så føle eg meg som ein fasit full av feil svar. Då e det lika godt å gjør det som gjerna e best, og som mest sannsynlig vil stilna Kånå sin trang te videre forhør. I detta tilfellet va det rett og slett bare å kjøpa ett flunkande nytt dasslokk. Enkelt og greit. Det e ett slags rituale som på ein måte går inn i ett større mønster, akkurat slike ting som detta, når man som Fatter’n i heimen gjerna har rota seg inn i ett eller anna, som kan bli vanskelig å komma seg velberga ut av … 

 

” Då lyve me mannfolk så vakkert at man nesten blir rørt sjøl, og synast at alt får eit nytt innhold. Me mannfolk e somme ganger slike smarte fyrer, som meina og gjør, det som gir størst gevinst, liksom … 

 

Bilen blei parkert utenfor Obs Bygg, og eg skritta lukst inn i badeavdelingen. Siden eg trivest best i dei anonyme sine rekker, og aldri heilt klare å bli vant te detta med å bli gjenkjent, på grunn av denna bloggen. Så trør eg som oftast ein cap’s på topplokket, og trur liksom at nå har eg trødd inn i anonymitets tilværelsens kamuflasjeklær. Alikavel, så har eg liksom ein følelse av at dei fleste gjerna vett kim eg e, der eg tumla gjennom livet i ein konstant frykt for å bli avslørt. Slik som når eg ser ett lite skjevt flir, hos denna personen som komme meg te unnsetning, der eg står i full villrede og kikka på ett dusin dasslokk. 

 

Sjølsagt, så har eg tatt altfor lite mål av dasslokket våras, og det skjeiva fliret går øve te ett meir oppgitt ett, der eg står som ett spørsmåls tegn når hu spør om dei målene eg ikkje har … 

 

– Det e heilt sikkert detta lokket her, det ligna i hvert fall kraftig. Lyve eg, for andre gang idag, nappa lokket med meg og går fort mot kassen. – Husk å ta vare på kvitteringen, og ikkje bryt forseglingen om du må bytta. Kauka damå bak meg. Tjera vena meg. Ska sei hu hadde tiltro te mine beslutninger, tenkte eg for meg sjøl, mens eg betalte. Huska å bruka rabattkortet eg har fått utdelt av Kånå, det gjorde eg jaggu meg og, før eg satte snuten heimover. Inne på badet, så fant eg jo kjapt ut at dasslokket eg hadde plukka med meg heim, det ligna fanken meg ikkje i det heila tatt. Det eg hadde kjøpt va ovalt, mens våras hadde meir rette kanter i enden inne ved veggen. 

 

” Detta lokket passa jo ikkje formen på doskålå våras i det heila tatt. Forbaska typiskt, altså. Her va det bare å spinna opp igjen, og håpa eg ikkje traff hu samma som sist … Men først, ta skikkelige mål …

 

Eg bytta lokket som va feil mot ein tilgodelapp, sneik meg som ein fullverdig spion rundt reolene, og stod plutselig foran detta dusinet med dasslokk, igjen. Fortsatt i total villrede, syntes ennå at ingen ligna på våras gamle, når ein bekjent kom forbi og lurte på om eg sko ha dasslokk. Eg sa som sant va, og la te at det jaggu meg ikkje va lett å finna rett sort. Så stod me der å betrakta dasslokkene litt, før me begge kapitulerte, og han hasta videre. Ei anna butikkdama kom, men hu blei kapra av ein anna kunde. Og, akkurat når eg hadde tenkt å gi opp, så dukka damå med det skjeva fliret opp igjen. Jippi, detta blei jo litt flaut …

 

– Jaja, der va du igjen. Sa hu, litt triumferande, følte eg. – Jauda, her e eg igjen, og nå har eg alle målene, vil eg tru. Svara eg, smått fornøyd, men og nåke skjelmsk …

 

Med dei rette målene og med tanke på at det va Ifø sitt klosett og ikkje Geberit, som eg hadde trudd. Så fant me ett som skulle passa, eg takka for hjelpen og hasta te kassen igjen. Nå har de sikkert nåke å snakka om i pausen, tenkte eg for meg sjøl, ” Han i Boden” har ikkje peiling på dasslokk heller. Men, det e jo sant, eg har aldri kjøpt dasslokk før, så der har hu jo forsåvidt rett, sånn egentlig. Mest sannsynlig, så har hu sikkert ikkje kjent meg igjen heller, det e vel bare den paranoide delen av hjernebarken, som spille meg ett puss. Eg trives jo best i skyggen, eller i bakgrunnen, allikavel så stikke eg nasen frem med denna bloggen, både titt og ofta …

 

Eg parkerte heima igjen, jogga inn på badet og kontroll målte det gamla mot detta sista nya. Jauda, detta ska nok passa vil eg tru, nappa av det gamla og skrudde på det nya, som passa som hånd i hanske … 

 

Meget fornøyd stod eg å beskua mesterverket. Det hadde til og med sånn “soft close”, så nå e det slutt på at Kånå kan kleisa dasslokket igjen, i sinne. Fordi hu ikkje får sitta i fred på dass. Det va nesten ikkje te å tru. Eg kremta høytidelig, overdrevent tydelig og kauka på at nå kunne Kånå komma ner å sjekka. For ein gangs skyld, så va me i den grad det går an for ei ilter, småsint men stort sett snill Kånå og ein Fatter’n med kronisk forbedringspotensiale, på bølgelengde. Kånå va storfornøyd, eg va fornøyd og til og med Flokken va imponert, øve detta nymotens dasslokket … 

 

” Tenk at ett nytt dasslokk faktisk kan lokka frem det sultna blikket, hos ei travel, sliten men stort sett snill Kåna … Jøje meg … Kanskje eg burde finna ett par andre ting som må ordnast her heima, idag … ?? 

 

 

 

 

 

Gudhjølpe meg, vett du … Går lukst igjen av seg sjøl, uten ein einaste lyd … 

Heilt fantastisk … Då e badet jaggu meg klar for bursdags bonanza, idag … 

 

 

Endelig … Sumaren e her … Ihvertfall idag …

 

Då va endelig badesesongen starta her på vestlandet, med sydentemperatur i bakgården og vann i bassenget te Mini’en sin elleville begeistrelse … Litlajentå har allerede ligget å duppa i bassenget, før Mini’en kom heim og meir eller mindre gikk i fistel av glede …

 

Bare det har vært ein halv dag med sol tidligare i sumar, og tempen har såvidt steget øve fjorten grader, så har fjotten masa om å få bassenget på terrassen …

 

Men, det har liksom ikkje vært nåke særlig varme her i vest, te å bedriva litt bading i bakgården. Så når det idag mest sannsynlig har tippa øve 20 grader, då va det endelig på tide å ta det frem, så kidsa får ta seg litt ut i varmen …

 

Når man ikkje har vært særlig utskjemt te nå i år, med slikt eit godvær, så får man nyta det te det fulle …

 

Ikkje minst, så e det herlig å få brukt denna kosekroken me laga oss, her i bakgården på det eminenta rekkehuset våras, kanskje bare denna eine dagen me får sumar i år …

 

Kos dåkke i finværet, Folkens … Det gjør me … 😁

 

Hjølpe meg, spindelvev i hjørna !!?? 😱

 

På tide å henta ner tropeplantå vår, som har kosa seg i stugo, i vinter … 😁

 

Hmm, har Kånå investert i nytt basseng ? … Kan ikkje huska det tok så mye av terrassen i fjor … 😉

Når ein Besettelse gjerna Tar litt av …

 

 

Eg hadde store planer før forrige helg … Bloggen sko virkelig prioriterast itte ein periode med lav aktivitet. Nå sko eg virkelig få fart på sakene igjen, støvet måtte tørkast av laptopen og hjernebarken vris som ei dryppande kjøkkenfilla. Slik at nye hverdagslige hendelser av ellevilt kaliber, endelig sko få fritt utløp her inne på nettet. Faktisk, så lurte eg litt på om eg sko tjuvstarta litt på fredagskvelden og legga listå for resten av helgå, på ein måte, liksom fortella litt om bursdagen te Mini’en, og at det ikkje blei nåke hamster på guten. Men … Så kom Kånå meg i forkjøpet der hu knipsa opp ett par cider, satte på litt heftig dansemusikk og lurte Fatter’n trill rundt …

 

Det blei ikkje skrevet nåke innlegg den fredagskvelden, støvet lå fortsatt tjukt på laptopen og det va alt anna enn hjernebarken som blei vridd te det ugjenkjenneliga, mildt sagt. Litt “ild i torvå” trumfa det mesta, når sant ska seiast …

Spesielt når man ikkje hadde sett antydning te glør i bålet, på ei stund, men slik e det jo i ein travel hverdag med alt for mange barn i heimen …

 

Det e ikkje kvar uka man finne tennvæskå frem, i hverdagens strabasiøse ferd mot evigheten. Men, hjølpe meg, nok om det … Det va denna helgå som liksom sko bli ein real blogg åpenbaring, eg tenkte på, og ikkje minst denna bursdagen te Mini’en. For, på ein måte så hang dei to sakane meir sammen enn ka man gjerna skulle trudd, om man ikkje har inngående kjennskap te helgens begivenheter, eller ukå som gikk. Ei uka som blei brukt te intensiv lobbyvirksomhet, for å få Mini’en øve på andre ønsker, enn kun ein kvit liten søt hamster. Men, ein Mini som har bestemt seg for ett eller anna, det e ikkje ein fyr man snur tankegangen på, sånn med ein gang …

 

– Det e MIN bursdag, og då kan ed ønska meg akkurat ka ed vil, faktisk. Og, når dåkke komme å synge te meg om morgenen, då ska ed få ein kvit hamster. Ja, det ska ed … 

 

Kauka guten ut, under dei første samtalene om denna fordømte hamsteren, ein hamster som eg i kommentarfeltet på facebook siden, fant ut at heilt klart krevde mye meir arbeid enn ka både eg og guten forsåvidt hadde sett føre oss. For eg va litt på glid eg, itte å ha blitt utsatt for triste valpeauger, som smelta ett tappert papoa hjarta, og tenkte litt sånn at kor vanskelig kan det væra å ta seg av ein hamster. Ikkje minst, så fikk eg ein del kommentarer på jobb om mange som hadde hatt hamster, kor følelsane hadde vært sterkt delte, når krapylet endelig endte sine dager, itte 2-3 år.

 

For ein hamster leve faktisk ikkje lengre enn det, fant eg ut, når eg leste meg litt opp på gnagaren. Nåke som va egentlig slo ut i favør Mini’en, når eg tenkte på det først … 

 

Men, itte eg tenkte litt djupare på saken fant eg ut at det gjerna va meir i andre enden av skalaen , der Mini’en har ein tendens te å knytta sterke bånd mot ting han på ein måte både ønske seg og gjerna då enda opp med å få. Det e ikkje måte på kor lei seg den guten kan bli, når ei leka, kosebamse eller favoritt genseren, plutselig e missing in action. Då e det verdens undergang stemning i heimen, heilt te to fortvila foreldre klara å spora opp det forsvunnede elementet, gjerna itte ein ellevill leiteaksjon av sjeldent kaliber. Derfor, så forsøkte me iherdig å pensa guten øve på Dragetrenerne leker, som han for tiden e heilt oppslukt av … 

 

” Og som eg på ein måte har ein mistanke om at han har påvirka ganske mange av kidsa på barnehage avdelingen, te å bli lika oppslukt av, der de komme på besøk med fulle poser med drager for å leka, eller se ein av Dragetrenerne filmene … 

 

Fortvilelsen blei då ikkje mindre når det einaste han ønska seg av detta drage greiene, det va ei drageborg, ei drageborg i Playmobil som han hadde sett på lekebutikken. Og som Fatter’n fikk bakoversveis øve når han oppdaga prisen, der eg stod i butikken for å handla presang. 1300 spenn for ei borg ?? … Gudhjølpe meg, altså. Det kom ikkje på tale. Så itte litt diskusjon øve telefonen med Kånå, landa me på ein båt og ein ekstra drage utenom, som såvidt holdt seg innafor budsjettet. Så fikk eg heller bygga ei borg te guten, med legoen våras, der eg visste at me hadde ei borg liggande ein eller anna plass … 

 

At den forsåvidt lå i tusen knas fordelt øve fire-fem kasser med lego, det kom eg ikkje på der eg stod i kassen å betalte, meget fornøyd med min lille geniale plan.

 

Og her begynne opptakten te at alle mine store bloggplaner for forrige helg, gikk lukst i vasken, der guten sjølsagt falt heilt for min super dupre plan, og krevde borgbygging ein tidlig lørdagsmorgen, itte gavene blei overrakt og eg lova å bygga denna legoborgen. For borgen den blei bygd den, denna famøse lørdagen, te guten sin elleville begeistrelse, men når man først har funnet frem legoen så e det lett å gå på ein “liten” smell, med astronomisk omfang. Sånn forsiktig sagt … 

 

” Sjølsagt, når man rota frem ein haug med legokasser, så oppdaga man raserte byggverk som man har brukt utallige timar på å setta sammen, som ligge fordelt rundtomkringfallera, i dei diverse kassene … 

 

Og får ein umiddelbar trang te å setta mesterverkene tebake i perfekt tilstand.

Så, eg lar bilder fortella resten av historien, om koffår umdertegna sin plan om ei aktiv blogghelg, gikk lukst i dass … 

 

 

Denna kreasjonen i Power Miners serien, fikk Eldstemann te jul ett år, for mangfoldige år siden. Og når borgen va ferdigstilt i halv to tiden på lørdag, blei den påbegynt, der bare understellet og rammen te boretårnet lå i kassene meir eller mindre heilt.

Omtrent klokkå halv to natt te søndag, så stod den igjen i perfekt tilstand. 

Te øredøvande jubel fra ei rødvinsdrikkane Kåna, som heilt klart hadde gitt opp Fatter’n, denna lørdags kvelden. 

 

Redningshelikopteret, det tok meir eller mindre heile søndagen, forsåvidt mens legokassene blei sortert i farger, for lettere restaurering av kommende prosjekt … Ferdigstilt ca 23:50, søndagskveld … Kånå va nå mildt irritert øve at stugo va bedekt av ett teppa av lego … 

 

Politistasjonen, den blei påbegynt lika itte jobb mandags ettermiddag, og ferdigstilt lika itte jobb tirsdags ettermiddag … Det blei seina nattå på mandag, og Kånå klikka i vinkel når eg ramla te sengs lika før 01:00 … – Nei Frode, det e IKKJE ild i torvå … !!

 

Den te nå siste kreasjonen, og den eg gjerna kosa meg mest med, ein semitrailer med helikopter, kanskje på grunnlag av mitt yrke som lastebilsjåfør. Den blei bygd igår etter jobb. Det mangla forsåvidt ein takspoiler på sjølve bilen, men dei delene va ikkje å finna nåken plass … 

Eg rauk lukst i Bodå igår, når ergrelsen øve å ikkje få den heilt komplett, blei for stor. Så, Kånå trampa i bakken ein gang, telte te tre og sendte meg strake vegen ner trappene, når eg ikkje lengre klarte å holda frustrasjonen inne, og kjeften begynte å gå uten å la filtrene få gjør jobben sin … 

 

Det får væra måte på, sa Kånå, og la ned veto for videre legoprosjekt, sånn med det førsta … 

Sånn kan det gå, når iveren gjerna tar over og legobygging blir så altoppslukande, at man glemme både Kåna og barn, i ein allerede travel hverdag… 

Man kan vel trygt sei at legoeventyret e over, for denna gang … Mildt sagt … 😁😁😂

 

 

Hamsteren …

Image: Ricky Kharawala

 

Kånå stod opp tidlig igår … Faktisk, så stod hu opp før eg forsåvidt fikk tenkt tanken, på at det va morgen. Det kom ingen albue i sideflesket, ingen beinharde knær midt i låret eller to stive hæler i rævå, slik at eg røyk lukst ut av loppekasså. Det blei ingen iskalde kommandoer, fra heimens ubestridte herskerinne, om at nå fikk eg nappa med meg Mini’en opp i stugo, sånn at Kånå fikk den berømte skjønnhetssøvnen sin. Utrolig nok, så vakna eg av at Kånå stakk hovudet inn på soverommet, og ga beskjed om nå kjørte de på Oasen kjøpesenter. Småtrollene sko få kikka på dyrebutikken. Så eg fikk ta meg av Han i Midten, siden Eldstemann og blei med på Oasen …

 

Ein Han i Midten som va alt anna enn fornøyd, med at alle fikk vær med, men ikkje han. Eg kunne ikkje anna enn vær enig med guten, detta va faktisk blodig urettferdig, på alle måtar …

 

Skjønt, det å dra med seg heile Flokken aleina på kjøpesenter tur, det ville jo vært toppen av idioti. Og som sagt mange ganger tidligare, det e forskjell på å vær toskjen og idiot. Derfor endte eg opp som den stakkars idioten, som måtte hanskast med ein Han i Midten, som va glødande fornærma fordi han ikkje fikk vær med. Han trampa rundt i heimen som ein modifisert bulldozer, der han slengte ut sine forargrelser øve å bli utelatt, mens det formelig oste ild ut av kjeften hans. Mens Kånå ikkje hadde vært meir toskjen, enn at hu spant ut av carporten, omtrent sju sekund itte hovudet hadde dukka opp i soveromsdørå, og vekka meg …

 

” Lykkelig uvitande, men skremmande godt beregna, tatt i betraktning fyrverkeriet eg vakna te, og måtte bedriva grenseløs brannslukking øvefor. Gudhjølpe meg, for ein fantastisk lørdagsmorgen …

 

Itte ei litå stund, så va dei fleste tilløpene te fyr i heimen slukka, med hemningsløse bestikkelser. Som foreldre, så e man i ny og ne nødt te å ty te slike virkemidler, bare for å kjøpa seg litt dyrebar tid. Slik at man kanskje klare å finna på ett eller anna smart, for å få sine kjære barn te å glemma tomme løfter som komme i øyeblikk av desperasjon. Somme ganger går det i likaste laget, men som oftast har man bare flytta problemet og fyrverkeriet, littegrann lengre frem i tiden. Det gikk lukst te helsikke igår, men Fatter’n rakk ein kopp kaffi og ei litå kosestund i sofaen, før tordenværet manifisterte seg foran meg, igjen …

 

Tomme løfter måtte omgjerast te håndfast handling, og ein Han i Midten klukka te slutt storfornøyd i bilen på vei heim, itte ett lukrativt besøk på AmandaSenteret. Fatter’n hadde kapitulert, Han i Midten hanka inn gevinsten og Kånå gikk lukst på ein smell, borte på Oasen …

 

Me sko i selskap te mor mi og igår, hu fylte jaggu meg sytti år, og hadde invitert te bursdagkalas inne på Susort, kor de bor. Så, når me møttes heima igjen itte endt oppdrag alle sammen, blei det skifta te finklær i ein fei, før bilen blei stua full og kursen satt mot Susort. Og det va underveis på bilturen inn te mine foreldre, at denna smellen te Kånå på ein måte begynte å stiga opp fra overflaten, fra alle smellers store og utømmelige hav av foreldretabber. Mini’en, som sjølsagt hadde storkosa seg på dyrebutikken, og som om ikkje så mange dagane også har bursdag, han kauka plutselig ut ett ønske i bilen, te bursdagen sin …

 

– Altså, ed ønska meg ein Hamster te bursdagen min ed … Ein sånn kvite, som me såg i butikken, for den va sååååå søt, altså. Ja, den vil ed ha te bursdagen … Faktisk, så ønska ed meg ingenting aent … Bare ein kvit Hamster … Kom det fra bilsetet hans.

 

Jøje meg, tenkte eg for meg sjøl, detta komme te å bli stygt … Kånå, hu såg ikkje ut som om hu hadde oppfatta ka Mini’en nettopp hadde proklamert, der hu satt med nasen på sedvanlig vis, langt nede i mobilskjermen sin. ” Faktisk, så ønska ed meg ingenting aent, bare ein kvit Hamster “ Tjera vena meg … Mini’en, som på generell basis ønske seg heila lekebladet, når me ber han kryssa av, for å gi oss ett vink te både jul og bursdagen sin, om ka han ønske. Og som egentlig har gjort det såre enkelt for oss foreldre, med å treffa rett, med tanke på ein presang han blir glad for.

 

Han forkaste høgt og tydelig alle sine dyrebare ønsker, om Paw Patrol ting, Dragetrenere borg eller alle andre ting, som har blitt ønskt i lange tider. Og vil nå kun ha ein Hamster …

 

Eg svara ikkje anna enn ett lite – Mmmm, med ett inderlig håp om at detta ville bli glemt. Det e jo som regel det som skjer, når Flokken komme med spinnvile ønsker, som sjølsagt ikkje lar seg løysa sånn budsjettmessig. Og forsåvidt, så høyrte eg ikkje meir resten av bilturen innover, te min store lettelse. Altså, for all del, det e ikkje det at eg ikkje unne guten ett lite kjæledyr, men all tidligare erfaring tilseie jo at det som regel blir oss foreldre sitt kjæledyr. Når ” hvetebrødsdagene ” e over, f.eks mellom ein Hamster og Mini’en, som regel sånn ca ei uka og to, itte dyret har kommen inn i heimen.

 

” Og eg ønske meg definitivt ikkje ein Hamster, ikkje litt ein gang, eg kunne te nøds gått for ein gullfisk, om eg hadde måtta. Men, ein eller aen slags gnager !? … Nope, det komme ikkje på tale …

 

All vitenskaplig forskning om akkurat denna tematikken, den kan stort sett visa te at det e slik det går, med nåken få mirakler av unntak. Eg trur neppe Flokken vår, eller Mini’en, ville endt i mirakelkategorien, strengt talt. Men, når me velta inn dørene hos hu farmor, virka det som om Hamsteren va glemt, og Mini’en fløy rett inn i lek med Ulrik’en. Bror min sin lille pode som forgude Mini’en, og snakka om han i lange tider når han vett me snart ska treffast. God mat blei fortært, bursdagssang blei sunget og kaker spist te den store gullmedaljen. Litt snakk om denna Hamsteren blei det, men ikkje meir enn me som foreldre klarte å parere …

 

Det va ikkje før me sko kjøra heim at heile denna Hamster saken eskalerte te nye høyder, når Mini’en igjen begynte på ein evinnelig forsvars argumentasjon, om det med å ønska seg ein Hamster, te bursdagen …

 

– Ed ønske meg bare Hamster ! Kauka han ut, når eg forsøkte å bringa på banen at han faktisk hadde spart penger i lange tider, for å kunna ha råd te denna Dragetreneren borgen. – Det e min bursdag, og då kan ed ønska meg akkurat ka ed vil. Fortsatte trollet. – Når ed står opp om morgenen på bursdagen min, så ska ed få Hamster, ein kvit Hamster. Kånå begynte endelig å forstå omfanget av smellen, med å ta småtrollene med seg i dyrabutkken, og kasta seg inn i ein ellevill motargumentasjon. Og fortalte om sine egne opplevelser med små gnagare i heimen, som hu sjøl hadde trumfa gjennom. Som hadde rømt fra buret sitt, og gått amok i heimen te Besse og Mormor …

 

– Ed, ed e ikkje sånn som du, mamma. Ed hadde passa på Hamster min, alltid. Ed kunne jo ikkje komma inn te dåkke meir om morgenen heller, om eg hadde fått Hamster, for eg måtte jo passa på den, og leka med den … Kontra Mini’en …

 

Hjølpe meg … Med den argumentasjonen, så fikk han jo nesten meg på gli og, før eg tok te vettet. Det hadde jo bare funka i maks to uker, så hadde me sikkert endt opp både med Mini’en og ein Hamster i midten av sengå, grytidlig på morgenkvisten … Men, herregud … Han ska jaggu ha for at han e flink te å argumentera sin sak, den guten, der han meir eller mindre uten stopp i dei tjuefem minuttane det tar å kjøra heim, kakla i vei som ei fullblods bygdakåna. Om denna forbaska Hamsteren …

 

Til og med når me kom heim, så fortsatte propaganda krigen, der han rydda plass på rommet sitt te der buret kunne stå. Og la ut om at me ville vel ikkje at han sko bli lei seg vel, på sjølvaste bursdagen sin … ?

 

For det ville han jo bli, om han ikkje fikk Hamster. Ein sånn kvit Hamster, som de hadde sett i butikken … Herre Jesus … Det va nesten som om eg trudde at me hadde fått Hamster, allerede. Og gikk for å finna kveldsmat te Hamsteren, nei tjera vena meg, kveldsmat te Mini’en … Skjønne dåkke greiå, eller ??? … Man blir jo nærmast hjernevaska av den fjotten der, når han virkelig sette seg på bakbeinå, og vil ha nåke. Men, aldri har det vært meir intenst, enn det fanken meg har vært denna gangen … Ikkje i nærleiken ein gang …

 

Te slutt … Lika før han sovna, så kjørte Mini’en sjølvaste trumfkortet, nett som om han visste at akkurat detta kortet, det ville treffa med millimeters presisjon, og gi maksimalt virkning. Spesielt på ein Fatter’n, som alltid seie at slike ting, det har me dessverre ikkje råd te. Der Mini’en la hovudet litt på skakke, kikka på meg med glitrande valpeauger og seie …

 

 

– Åsså vett du ka, Pappa … Ein Hamster kosta ikkje masse penger heller, bare tonittini hundre penger, det e jo masse mindre penger, enn ka drageborgå kosta, tenk … 

 

 

Gudhjølpe meg, og Herrens trofaste Hærskare … Eg vett ikkje …  Men, eg e stygt redde for … At me faktisk snart ska få oss ein Hamster …

 

Ein sånn kvite Hamster …

 

Ein sånn som Mini’en hadde sett i butikken … … … …

 

 

 

Kjøkkenøyå …

 

Kåner e nåken merksnodige vesen, mi Kåna e i aller høyeste grad absolutt ikkje nåke unntak, der hu vimse rundtomkring i heimen og gjør sine huslige sysler. Dei fleste mannfolk med lang fartstid sammen med si kjære Kåna, dei har nok gjerna brukt dei første ti årene som samboere, te å forstå, tolka og te ein viss grad lært Kånå si å kjenna. Mens dei neste ti årene mest sannsynlig har blitt tilbringt i villfarelse, desperasjon og mild fortvilelse, fordi all erfaring man trudde man hadde tillært seg underveis i dei første ti årene, den står plutselig på null igjen … 

 

Det e ingenting i denna verdenen, som e meir fortvilande i ett forhold, enn når man oppdage at alt man trudde man visste om si egen Kåna, det va bare ein illusjon … 

 

Ett luftslott på himmelen som fortsatt e umulig å forstå seg på, itte mangfoldige års samvær, ei Kåna som sjølsagt ikkje meina nåkenting av det man trudde de meinte, bare nåken år i forveien, eller kanskje bare forrige uka. Jo før man innser slike ting, som at Kåner e komplett uforutsigbare vesen, og at man som regel bare såvidt har bada i overflaten av Kånene sine uberegnelige sinn, jo bedre e det. Eg har lært meg te slutt at det e ingenting man kan læra seg, hverken meir eller mindre, man må bare følga på som best man kan på livets landevei. Ja, rett og slett ta ting på sparket og analysera kvar einaste situasjon som oppstår, som ein heilt ny situasjon, og ikkje tru at man kan reagera som sist, fordi då gikk det jo bra … 

 

” Då vil man som oftast bli lurt lukst inn i ulykkå, eller kanskje bare bli kjørt rett inn i kvernå og ende opp som ett maltraktert slakt av sjeldent kaliber … 

 

Det tok meg fire barn og ei Kjøkkenøy, før eg forstod at eg ennå ikkje hadde meir enn såvidt brutt overflaten, i det å forstå meg på Kånå, og gjerna begynte å slutta med toskaskapet om det å higra itte ein begripelse som ikkje fantes, og heller bare lot notå gå. Anthony Hopkins har ein fantastisk sitat i ein film om akkurat detta fenomenet, som eg meina sette ord på nåke som egentlig ikkje kan ordleggast. Det e forsåvidt eit sitat om det å forstå kjærlighet mellom ei kvinna og ein mann, men strengt talt så e det to alen av samma stykke, i mi bok. Man oppnår ikkje fullkommen kjærlighet mellom Kånå si og seg sjøl, før man gjerna gjør slutt på prosjektet om å forstå seg på kossen ei Kåna fungere og virke. Punktum … 

 

– Multiply it by infinity, take it to the dephts of forever, and you will still have barely a glimpse of what i’m talking about … 

 

Det seie Mr Hopkins om det å vær glad i nåken, det å ha tillit, ta ansvar og ikkje minst følgene av sine valg og følelser, for så å bruka resten av livet å leva opp te detta. Men, Herreguuud … Kossen kan man dra inn ei Kjøkkenøy i detta regnestykket, tenke sikkert mange nå, men det ska eg jaggu meg forklara dåkke, Folkens … For, når me holdt på å velga oss ut detta kjøkkenet i vårt eminente rekkehus, så sko Kånå ha ei Kjøkkenøy, kosta ka det kosta ville. At det gjerna ikkje va den heilt store plassen te detta, det betydde absolutt ingenting, enten så fikk hu Kjøkkenøy eller så ville hu ikkje ha rekkehuset, ferdig snakka … 

 

” Når man då får ei Kjøkkenøy som forsåvidt gikk på bekostning av både mindre benkeplate og færre kjøkkenskap og ein minivask, då skulle man jo trudd at ei småsint, ilter men stort sett snill Kåna, rett og slett va fornøyd … 

 

Jauda, god dag mann økseskaft, tru igjen og tru te det knaka og knekke oppe i hjernebarken. Det gikk fanken  meg ikkje meir enn nåken uker itte me hadde flytta inn, før eder og galle røyk ut øve denna hersens kjøkkenøyå. Der den stod for nærme kjøkkenbenken og oppvaskmaskinen, slik at man ikkje kunne ha skuffene i øyå oppe, samtidig som oppvaskmaskinen va åpen, sjøl om det va Kånå som bestemte plasseringen. Ikkje minst så va det for lite plass på den andre sidå og, slik at det ekstra breia kjøkkenbordet Kånå bare måtte ha, ikkje gikk mellom veggen og denna berømta Kjøkkenøyå … 

 

Utslagsvasken va plutselig for liten, sjøl om Kånå sjølsagt ikkje trengte nåke større hu, så lenge hu fikk viljen sin og ei Kjøkkenøy. Det va alt for liten skapplass på kjøkkenet itte ett år og to, skjønt å huska kim som meinte det va meir enn nok før me flytta inn, det hadde man jo glemt.

 

Forbannelsene og klagene va uendelige, men det stilna ei stund, når eg og far min snudde den litt, slik at skuffene ikkje gikk lukst mot kjøkkenbenken meir den gangen me skifta gulv i stugo og på kjøkken. Før det itte ei stund begynte å tilta i styrke igjen. Akkurat derfor, og på grunnlag av alle dei motsigande argumentene te Kånå lika ovanføre her, så meina eg at denna famøse Kjøkkenøyå, den e ett strålande eksempel på Mr Hopkins lille sitat, og ikkje minst på at man ikkje ska prøva å forstå ka som romstere rundt omkring, oppe ei Kåna sin hjernebark. Det e totalt fånyttes, og vil bare føra deg langt inn i frustrasjonens tåkehav, slik at man te slutt hverken ser bak eller fram på livets strabasiøse landevei … 

 

” Det e som å ganga det med uendeligheten, ta det te dypet av evigheten og fortsatt så ser man bare ett lite glimt av ei Kåna sine tankar, sinn og meiningar … 

 

Paradokset i akkurat denna tematikken her, det må vær at mange Kåner bedrive grenselaus klaging øve sine mannfolk, som liksom ikkje forstår seg på Kånene sine. Der man liksom ska ha tillit, ta ansvar og følgene av sine valg og følelser og leva opp te detta gjennom ett langt samliv. Når heile årsaken te at me mannfolk ikkje har den minste mulighet eller fanaring te å forstå Kånene våras, den e fordi de gjør stikk motsatt av akkurat det, det å ta ansvar og følgene av sine valg, ha tillit te sin mann og leva opp te det, resten av livet. 

 

F.eks når det komme te denna Kjøkkenøyå, som Kånå absolutt måtte ha og va hennas valg, som igjen førte te diverse andre følger på kjøkkenet, som eg sjølsagt trudde hu va innforstått med og villig te å leva med … 

 

Men, Kjøkkenøy det har me på kjøkkenet, Fatter’n har funnet ut at man ska ikkje forsøka å forstå sin bedre halvdel, og for å beholda ein tilnærmet god stemning gjennom ett langt liv. Så har eg slått meg te ro med at som oftast får man bare la notå gå, velga sine kamper med ytterst omhu og stort sett gjør det man kan for å oppfylla ei ilter, småsint men stort sett snill Kåna sine ønsker. Sjølsagt innenfor all rimelighet sine grenser. 

 

Så trappå i vårt kjære og eminente rekkehus, mi kjære Kåna, den får du nok bare leva med i nåken år te … Heilt klart … 

 

Om ikkje du plutselig får ett eureka øyeblikk, gange din manns tanker med evigheten, dukke ner ein liten tur i dypet av evigheten og plutselig finne ut av nåken av dei her glimtene av forståelse, på ein måte … 

 

Eller nåke lignande … Jøje meg, den satt jaggu meg i sikringsboksen den … Om eg sko fått sagt det sjøl. 😁😁😁

 

Faktisk, så e man som oftast gode nok, som Foreldre …

Sjølveste Mini’en …

 

Eg satt i sofaen idag morgens å kikka på Barne-Tv sammen med Mini’en, kaffikoppen kvilte i håndå mi og det va bare duren fra tv’en som brøyt den absolutte stillheten. Det va ein nydelig morgen kor solå titta inn gjennom lamellgardinene i stugo, Mini’en satt fordypa i Mikkes Klubbhus og eg fikk ett lite Deja Vu øyeblikk. For detta har eg jo opplevd før. Men … Det va ein ting som mangla i glimtet mitt, for at det gjerna sko bli ett perfekt øyeblikk av Deja Vu. Nemlig det faktum at Fatter’n gjerna satt iherdig å klapra på laptopen sin, og dokumenterte dei siste hendelsane hos Familien Vandrende Kaos, i stillheten før stormen ein søndags morgen …

 

Det va då det slo meg at det har eg ikkje gjort på leeeeenge, det å sitta med laptopen på fanget og la tankane gli ut av fingertuppane, før de manifisterte seg i ett innlegg på bloggen min …

 

Eg titta ned på siden av meg, der i sofaen, kor data’en min lå og samla støv, for så å vippa forsiktig opp skjermen og ett lite pip skvatt ut av maskineriet. Det va nett som om den smilte godmodig te meg, logra ivrig med halen sin og ønskte meg velkommen tilbake. Kanskje den hadde savna den sedvanlige klapringen av tankar, som fløy fra hjernebarken og ut gjennom fingrane, den og. Det e ikkje godt å sei, i all den tid den hverken kan snakka eller formidla sine tankar, sånn egentlig. Men, klar for nye oppdrag, det va den i aller høyeste grad, der den slo seg på i ein fart og lot Fatter’n logga seg på bloggsiden sin, kor kursoren blinka fornøyd inne på “legg til nytt innlegg” funksjonen …

 

” Det har vært skrekkelig travelt dei siste ukene før skoleåret tok slutt, med avslutninger i hytt og pine både med klasser, fotball og barnehage. Ikkje minst så har jobben virkelig krevd sitt, der det formelig har bugna over med varer, som må kjørast ut …

 

Allikevel, så har det ikkje mangla på episke øyeblikk som eg heilt klart kunne skrevet om, her inne på bloggen. Det har vel bare skorta litt på overskudd og tilgjengelig tid te å setta seg ned, for å få tømma hovudet for finurlige tanker og lignende, som svirra rundt oppe i topplokket. Ikkje minst så har eg ett spennande prosjekt på gang, som har vært nåke meir utfordrande enn eg gjerna hadde sett føre meg. Meir om det vil forsåvidt dukka opp i nærmaste fremtid, vil eg tru, då det plutselig blei meir håndfast enn eg hadde turt å håpa på. Somme ganger tar livet nåken underlige og i overkant spennande svingar, og då e det bare å henga med i kurvene å la seg riva med, rett og slett. 

 

Her ein dagen, når eg suste på vei heimover i lastebilen, itte siste levering, så satt eg der bak rattet og lot tankane fly. Ja, rett og slett reflekterte litt øve alt eg har latt strømma ut av ein sliten hjernebark, som har hatt behov for litt terapautisk tanketømming, i ein strabasiøs hverdag …

 

Faktisk, for å låna ett av Mini’en sine favoritt ord, så e det jaggu meg ikkje lite som har sivt ut fra topplokket, og strømt ut på det vide og breia nettet, dei siste årene. Der behovet for å få ut litt damp meldte seg itte minstemann kom te verden, og livet som me kjente det, heilt klart blei snudd på hovudet. Når me forsåvidt fant ut at fire små i heimen, det va definitivt nåke meir strabasiøst enn å bare ha tre. Skjønt, nå va me streng talt eksepsjonelt heldige med Litlajentå, som va ett funn av et barn, der hu sov når hu sko sova, spiste når hu sko spisa og lå stort sett å leka seg fint på gulvet, når me la hu i lekegrinden eller under ein uro. 

 

” Derfor va sjokket rimelig stort når Mini’en va hennas rake motsetning, i den samme spebarnsperioden, med sine allsidige sprell rundtomkring på gulvet, lite soving og med stemmebånd som den mest hardbarka heavy rocker …

 

Det å kunna ha litt galgenhumor oppe i det heila, og gjerna få skrevet ner mange av dei elleville episodene som oppstod, i kjølvannet av å få Minstemann. Ja, det har nok gjort hverdagen nåke meir enkel å håndtera, der me alle her i Familien Vandrende Kaos, som regel har gått på ein smell og to underveis. Han Knut Netland spurte meg når eg va gjest i panelet på Tv Haugaland, om ka familien gjerna syntes, om det at eg gjerna harselerte og hengte både Kånå og Flokken ut på bloggen. Men, eg trur at dei fleste som lese denna bloggen, klara å lesa mellom linjene i epistlene som blir lagt ut, og får nok med seg at den som gjerna blir mest hengt ut og harselert med, det e vel egentlig meg sjøl …

 

Jaja, og te dels gjerna Kånå når eg forsåvidt tenke meg om, men om eg nå sko fått sagt det sjøl, så e hu rimelig flink te å legga opp te det sjøl, i visse sammenhenger. Det e nå i hvert fall heilt sikkert …

 

Som den gangen hu ringte meg fra ein gård på Ognøy, og påstod at varebilen va omringa av ein flokk skrubbsultne ulvar, og ikkje turte å gå ut å levera eskå. Som forsåvidt endte med at hu betalte ein nabogutt te gården femti kroner, for å vær med opp å levera esken for hu. Den episoden toppa seg jo nåken uker seinare, når hu traff samme guten på Coop’en i Føresvik, sammen med pappen sin. Kor guten kauka ut midt i butikken når han kjente igjen Kånå, at der va den damå som hadde gitt han ein femtilapp. Pappen te guten kikka jo nåke rart på Kånå, ei Kåna som fikk det travelt med å forklara koffår guten hadde fått denna berømte femtilappen. Ubetalelig vett du …

 

Ulvane va jo bare ein liten flokk med gardabikkjer, sånne koselige Border Collie bikkjer, og som mange gjerna har fått med seg e Kånå i øvekant redd for hund. 

 

Eller den gangen hu gikk på ein smell midt i trappå våras her i rekkehuset, fordi hu nappa Litlajentå ut grepet mitt, og kleiste jentå inn i ett saftig hoftegrep. Og for seint oppdaga årsaken te at eg hadde holdt jentå, minst ein strak armlengde foran meg, der ei overfylt bleia som det nærmast knitra av holdt på å revna. Den eksploderte i det sekundet den traff Kånå si hofta. Gudhjølpe meg og Herrens trofaste Hærskare. Eg minnast ennå sjokket te Kånå, når hu oppdaga ka som hadde skjedd, før hu illsint kauka ut koffår eg ikkje hadde advart hu. Men, det e jo ikkje så lett å advara folk, som ikkje gir deg meir enn 2 nanosekunds varsel, på ka de har tenkt å foreta seg, sånn egentlig … 

 

” Det blei forsåvidt ein nåke humoristisk stemning under opprydningsarbeidet, som endte med at eg måtte fuge med ny akryl mellom trappå og veggen, då det va umulig å få den gamle fugen rein …

 

Men, som eg nevnte tidligare, så e det vel meg sjøl som har endt opp med flest smeller av forskjellig kaliber, gjennom denna bloggens levetid. Det e vel ikkje få ganger eg ufrivillig har vekka heile heimen grytidlig om morgenen, før eg flyr avgårde på jobb, enten på leit itte bilnøkler, lommabok eller andre gjenstander som trengs. Ein gang huska eg svært godt, når vinden tok tak i dørå og smelte den igjen med ett brak, når eg sko kjøra ei medisinruta klokkå fem om morgenen, og gjekk ut dørå ein halvtime før. Eg stod ute på trappå i nåken sekund, itte smellet, før pappskallen tok te vettet og sprang som ei pil opp te bilen, og spant avgårde på jobb … 

 

Den einaste kommunikasjonen eg hadde med Kånå den dagen, det va ei melding hu sendte ti minutt seinare, kor det bare stod to ord. “Tusen Takk” … 

 

Eg hadde det ikkje travelt med å komma meg heim, akkurat den dagen, men det endte forsåvidt i likaste laget, heldigvis. Tjera vena meg. Det har vært uheldige episoder med kamuflasje kaker fra Tyrkia, kor Fatter’n nærmast strauk med av sjokksmaken, og fant ut at ikkje alt som ser innbydande ut smaka lika godt som det ser ut som. Eller når man ikkje tar hensyn te ein apotekers gode råd, i samme land, og smøre tjukt på med sol-eksem krem. Istedet for det veldig, veldig tynna laget som apotekeren anbefalte, og endte opp som ein albino på brystet, med merker itte fingrane som har smurt ut kremen, ute på skuldrene.

 

” Og ei Kåna med full knekk i knærnå, før hu falt inn i ei latterkrampe hinsides all fornuft, når fadesen blei oppdaga. Det blei nåken dager med t-skjorta på, i trettifem graders varme, itte den smellen … 

 

Og som ein liten grand finale i denna kavalkade sammenhengen med Fatter’n smeller, så kan man ikkje komma foruten barnadåpen te Mini’en. Den gangen når eg trudde bror min og han Eldste som eg har fra før, kom opp trappå og inn på kjøkkenet med smørbrød boksene feil vei. Fordi pilene peika fremover og ikkje oppover. Eg treiv te meg isopor beholderene og snudde de slik at pilen peika opp, mens både bror min og Eldsteguten fra før kikka sjokkert på meg. Herreguuud. Pilene peika jo mot åpningen, og ikkje den vegen som sko vær opp, så alle smørbrødene hadde jo blitt ommøblert inne i boksane.

 

Kånå eksploderte, eg kjente Bodluktå allerede der og gjestene fikk ein herlig blanding på smørbrødene sine. Laks med rødbiter, rekesmørbrød med stekt løk og karbonader med sitron … Fantastisk … 

 

Eg vett ikkje om det va meiningå fra starten av, men ein rød tråd gjennom heile bloggen, det har vel vært å visa småbarns livet uten filter og nett sånn som det er, gjerna sett fra Fatter’n sitt synspunkt. Visa at man vil gå på smeller i småbarns tiden, man vil krangla med Kånå og det vil gå lukst te helsikke, innimellom. Det betyr ikkje at man e dårlige eller ikkje e gode nok som foreldre, for det om, det betyr bare at man lever ett nok så normalt liv, vil eg tru. For ingen lever så flott som man gjerna gir uttrykk for på sosiale medier, ingen klare å følge alle maler om ein perfekt pedagogisk barneoppdragelse og ingen bør tro at man ikkje e gode nok som foreldre, på grunn av påvirknings krefter uten i fra …

 

” Me har funnet vår måte som fungera for oss, vår greia som ikkje er basert på normer, rammer og definisjoner som omverdenen rundt trykka på oss. Men heller av egen erfaring av ka me har gjort feil, og ka som har fungert.

 

Det har jo blitt så populært å bare væra “god nok” i den sista tiå, med Linn Skåber og Lisa Aisato sin bok “Til Ungdommen”, eller mange bloggere sine oppfordringer mot kroppspress, om at man e god nok som man er. Men, det gjelde jo i aller høyeste grad oss foreldre og. Det å ha troen på at man e god nok. 

 

Så, om denna bloggen har fått bare ett menneske, eller ett foreldrepar, te å la alle normer, definisjoner og krav om ka som e godt nok, te å seila sin egen sjø. Og heller ha troen på at man e gode nok, nett som dei foreldrene man e … 

 

Ja, då trur eg at eg ska sei meg fornøyd med mi rolla som blogger, eller influencer, som det så fint kalles. For man kan faktisk påvirka folk på ein god måte og som blogger, man bør ikkje bare bedømmast itte kor mange man har fått te å kjøpa ett produkt, for å bli kalt ein suksessblogger, spør du meg … Det bør væra godt nok, i bare det å vær god nok. Enkelt å greit … 

 

Jøje meg … Detta må vel bare kallest ett lite comeback itte nåken ukers fravær. Men hjølpe meg kor kjekt det va igjen, det å lira ut av seg nåken ord fra topplokket … 

Ord som gjerna betyr nåke, og kanskje kan gjør ein liten forskjell, i ein strabasiøs hverdag. 

I de fleste småbarns familier sine hjem … 

 

Uansett … Ha ein strålande søndag, Folkens … 

 

 

Idag traff eg kvernå …

 

Noen dagar vett man kossen blir før man har våkna, og alt går på rutine. Andre dagar kan dra deg inn i ei kjøttkvern og spytta deg ut i andre enden, fullstendig maltraktert. 

Mens somme dagar bare går man på ei sky i lykkelig uvitenhet om all verdens forferdelse, heilt te man legge seg for kvelden.

Idag traff eg kvernå …

 

Dagen idag, den starta egentlig inatt, med ein Mini som fikk ett kraftigt anfall av falsk krupp.

Sjøl eg, som fløy rundt i heimen med full panikk første gangen Eldstemann fikk det, har nå opparbeida såpassa erfaring, at eg vett ka som bør gjerast nå. Itte at heile Flokken forsåvidt har hatt falsk krupp.

Så det bar ut på trappå med meg og Mini’en, så han sko få pusten igjen. Mens Kånå gjorde klar litt medisin…

Guten blei medisinert og me la han i midten i vår seng. Ett skikkelig sjakktrekk…

 

Når klokkå ringte idag morgens, og eg subba mørbanka ut på badet, itte Mini’en hadde brukt ryggen min te fotball inatt, va eg alt aent enn utsoven.

Litt vann i ansiktet hjalp litt, ein kopp kaffi hjalp meir. Før eg trødde på meg arbeids klernå og suste på jobb.

Bare for å oppdaga at lommabok, telefon og nøklar låg igjen hjemma. Når eg kom på jobb.

 

Jippi …

 

Suste heimøve igjen og fekk henta sakene. Kom tebake på jobb igjen, nåke forsinka, og trøkka varene på lastebilen i ein fei.

At eg har vært i koma når eg lasta idag, va ikkje vanskelig å forstå. Når eg kjørte sikk sakk mellom stedene eg sko levera. Og klokkå gjekk fortare enn på lenge.

Normalt så har eg som oftast planlagt ei ruta, med minst mulig svinn av tid. Men idag va det totalt håpløst …

 

Dei på kjørekontoret ringte jevnligt om nye hentingar. Sjølsagt ingen forståelse for at man hadde ein kjøttkvern dag idag, og få der.

På slutten av dagen, va bilen fortsatt halvfull.

Eg begynte å lura på om eg egentlig hadde gjort nåkenting i heila dag, for eg leverte og leverte, men det minka fakerten ikkje på varene inne i lastebilskapet.

Så, når eg kom te Skuddnes. Og hadde levert på trelasten, lå det plutselig bare 7-8 esker i sidedørå og stod halv annen palle igjen i framveggen. Nesten tomt jo …

 

Eg kikka forvirra rundt meg. Før det gjekk opp for meg at eg hadde lossa 6-7 paller med vinduer der på trelasten. Som forsåvidt hadde tatt nesten 2/3 deler av plassen.

 

Hjølpe meg …

 

Alt underskudd av tid, va snudd te overskudd. Dei siste leveringane gjekk som ein draum, før eg begynte på innhentingane.

Som sjølsagt lå på feil sia av veien alle sammen. Man må nesten ha kjørt på Karmøynå, for å forstå den. Men itte klokkå 1500, så renne trafikken tett begge veier, av ein eller annen grunn.

Og det tar jo ein evighet å komma seg inn på hovedvegen igjen …

 

På Vedavåg holdt eg nesten på å forgå. Den eina fina lukå itte den andra, gjekk bilen foran meg hus forbi.

Før den spratt ut i vegen, rett foran grillen på ein buss og nesten fikk ein fullblods rånebil i hekken så kom andre veien.

Det va ei strikkmotor dama.

Ei sånn med hatt, lilla hår og gebiss. Ein parykk de må henta i hattahyllå kvar gang de har parkert og som bruke 3,5 clutch i året.

Alle verksteders draum …

 

Endelig kom eg meg ut på vegen. Suste inn te terminalen og fekk lossa bilen, før eg kjørte heim.

Har ikkje trødd ut av lastebilen før Mini’en komme meg i møte, sammen med Litlajentå.

Trør i trynet nåke middag, før Kånå lira ut av seg ein tirade. Klare omtrent å parera 50 %, før eg slukøra går å klippe plenen… Kånå e tydligvis trøtt idag hu og …

 

Han i Midten komme nerøve veien med halvparten av snekkerverktøyet mitt.

Ka i helsikke …?

Joda, han og nåken kompisar bygge hytta. Ei spikereska og nåken planker e og forsvunnen. Jaja, eg kom sikkert aldri te å bruka den dimensjonen alikavel.

Eg går å laga meg ein kopp kaffi …

 

Plutselig suse Mini’en forbi på sparkesykkel og krasja rett i kjøkkenskapet.

Kaboom … Han ler av fryd, eg grine og Litlajentå komme på andreplass.

Dei fikk ikkje sparkesyklane te å virka på plenen. Men parketten inne va perfekt.

 

Åh du heilaga jul …

 

Fantungane blir heven på dør. Og eg sitte matt igjen i sofaen og drikke kaffien.

Før eg tar støvsugaren å spinne øve ståvegolvet. Det så ikkje ut itte sparkesykkel fantomene.

Kånå e forsvunnen. Litlajentå og Han i Midten likeså.

Finne Kånå igjen utforbi vaskerommet, hu pusse og mala utemøblene. Dei to andre va gått på lekeplassen og Mini’en har parkert foran Zack & Quack på tv’en …

 

Eg betale nåken rekningar og skrive ett par mailer. Når Kånå tråkka gjennom ståvå, med sko på. Fulle i mold.

Fram med støvsugaren igjen.

Mini’en ska ha drikka. Snart seie eg. NÅÅÅ seie han. E bare å lya.

Dei to fra lekeplasssen komme heim igjen, og Kånå tar seg av litt legging. Eg sitte apatisk å kikka i luftå på sofaen, og snakka med meg sjøl.

Kånå kikka bekymra på meg, før hu rista det av seg …

 

Nå e alle i seng. Roen har begynt å senka seg øve heimen, og Kånå kjørte for å handla.

Mens eg trøsta meg med at to sånne dagar på rad, sjelden komme aleina.

Her i huset …

 

Vil eg tru … ??

 

 

 

Ed ska bli Storebror, ed …

Me va på besøk hos bror min i Sandnes sist helg, for å besøka det nye tilskuddet til familien, då dei nettopp har fått seg ein liten babygutt. Kånå tok jo heilt av, og eg rekna med at det rista kraftig i eggstokkane, der hu rusla øve stuegulvet med detta nøsta av ein babygutt i hendene. Man kunne formelig sjå at dei 12 sammenhengande årene me har hatt, med bleieskift, amming og påfølgande gulpekalas, dei blei glemt så snart hu fikk nøsta i fanget. Men, det komme ikkje fleire nøster her i heimen, e det ein ting som e sikkert, så e det at den tiden e me ferdige med …

Det draumande uttrykket i Kånå sitt andletet, det forsvant ikkje før langt ut på søndagen, dagen itte me hadde vært der. Når Flokken forsåvidt gikk amok i heimen, og realiteten slo inn igjen for fullt, for ei babysjuk Kåna … 

Men Mini”en, han endte og opp med ett draumande uttrykk i andletet, itte å ha holdt detta lilla vidunderet sist helg. Der han stolt holdt sitt nye søskenbarn i fanget og kikka på dei små fingrane, småpludra litt og va ytterst forsiktig, der han satt. Allikavel, så va det ikkje før igår kveld, når han satt i badekaret, at guten nevnte nåke om akkurat denna saken. Kor ein liten samtale mellom mor og barn, tok nåken underlige veger, og Mini’en igjen kom med ett lite gullkorn, fra badekaret … 

– Mamma, ed og ska snart bli storebror. Seie guten plutselig, mens hu mor styrte med litt rydding på badet. 

– Åhh, ska du det ? Svara ei nåke øverraska og lett forfjamsa mor. 

– Åja, mamma. For nå e ed jo snart store gutt, å ska begynna på skolen, å då må ed jo bli storebror. Fortsatte guten. 

– Jammen, eg trur ikkje mamma ska få nåke fleire babyer altså, eg har jo meir enn nok med dåkke fira som eg har. Prøvde Kånå å sei, uten å liksom skuffa guten for mye. 

– Herreduuud mamma, ed vett jo det. Det har du jo sagt mange ganger, at me fira e meir enn nok. 

– Men, når Tijil (storesøster) får babyar, då blir eg jo storebror, vett du mamma … 

Den siste setningen der, den blei fortalt i eit meget fornøyd tonefall, fra ein gut som absolutt va nøgd med sitt eget resonnement. Kånå hadde ikkje hjarta te å forklara guten, at då ville han nok heller bli onkel istedet for storebror, og lot karen sin gode tankerekka få stå urørt … 

Nåken e jo nødt te å bli minstemann, på ein måte, men man trenge jo ikkje gni det inn, når guten liksom e fornøyd … 

Sånn egentlig … 😉😁

Søskenrivalisering – Ei ringeklokka, Heisknappen og Bilkjøring …

 

Det å oppdra barn kan nok som oftast opplevast som ein kamp, ein intens kamp om å holda følge med omgivelsane. Der småbarnslivet virkelig byr på utfordringer på løpande bånd, og ein strabasiøs hverdag kan nærmast ta motet fra einkvar forelder. Ein ting e på ein måte dei ordinære tingene som man gjerne forvente, når man får barn, slike saker og ting som liksom man vett vil dukka opp. Eller slike ting som man trudde man visste alt om, før man fikk barn, men som man oppdaga i ettertid, at man ikkje hadde den villeste anelse om, allikavel. Leggetid utfordringen, tre års trass, tidlige morgener f.eks …

 

Tre års trass vett du, det trur jo mange førstegangs foreldre at bare dukka opp i tre års alderen, og at i det sekundet barnet blir fira år, så e det over. Joda. Bare glem det. I tre års alderen så begynne barn å utvikle trass, for så å bruka det nesta tiåret, på e perfeksjonera det …

Enkelt og greit …

 

Men, e det ein ting som gjerna komme overraskende på foreldre, ittekvart som man gjerna fylle på Flokken sin med flere barn, så e det søskenrivalitet … Gudhjølpe meg, og Herrens trofaste Hærskare … E det nåke som kan fyra opp ein heim som gjerna ligge bada i idyll og harmoni, ein heim som har funnet ein sjelden luka med ro i hverdagen, så det akkurat det. Den største utfordringen med søskenrivalisering, det e at man aldri vett når, kor eller koffår, det oppstår. Det e komplett umulig å forutse, forebygga eller komma foruten akkurat detta fenomenet. Eg trur at ska man komma seg gjennom småbarnslivet uten søskenrivalitet, då må man stoppa med eit barn, ferdig snakka …

 

” Men, har man fått ett barn, så vil som regel dei fleste foreldre gi barnet sitt ein bror eller søster, og glede seg grenseløst øve kor kjekt det ska bli, at barnet ska få seg ein lekekamerat …

 

Joda, for all del. Dei fleste søsken vil ha mange fine og koselige lekestunder, opp gjennom årene, kor de leka sammen i frydefull harmoni te foreldrenes store lykke. Men, det e dei gangene når søskenrivalisering slår ut i full blomst, at man somme ganger virkelig lura på ka i all verden man tenkte på, når man skapte eit barn te. Eller tre, Som her i heimen, og nå holdt eg jaggu meg på å skriva ein gang, men det skjer fanken meg kvar gang, uten unntak. Når me gjerna sitte å spise middag i ro og fordragelighet, for ein sjeldens gang skyld, så ringe det på dørå … Herreguuud … Gafler, knivar og matrester flyr vegg i mellom, tre barn flyr opp fra stolane sine, som skutt ut fra ei kanon …

 

Før de flyr lavt øve gulvet og rundt bordet, det e trangt i trappå, så det gjelde om å komma først inn i den. Klara man ikkje det, har man som regel tapt. Sistemann inn, har som regel innsett det og stoppa opp midt i trappå, før ein symfonikonsert av gråt tar av … 

 

– Det va miiiiin tur nå, uuuuææææ… !!! Kauka gjerna Mini’en ut, som den tapande ringeklokke døråpnaren han blei. Han i Midten og Litlajentå e fortsatt på vei nedover siste del av trappå, og me foreldre oppe ved middagsbordet, me sitte med hjarta i halsen. Det smelle te nede i gangen, når Han i Midten gjerna tok innersvingen på Litlajentå, og sendte hu lukst i veggen. Jentå begynne sjølsagt å hylgrina. Kaoset e komplett når Han i Midten åpna dørå, kor den som ringte på står skrekkslagen å bivåne ett crescendo uten like. Ett scenario som gjentar seg kvar einaste gang det ringe på dørå.

 

” Ein gang vant Mini’en med god margin, og sa stolt som ein hane, te ein sånn dørselgar som stod utenfor. – Ed vant. Ed vant skikkelig godt, altså … Han flirte godt då, når eg informerte om den interne rivaliseringen i heimen, te han her selgaren … 

 

Eller f.eks, når man går rundt på Amanda Senteret, og har ein tilsynelatande god dag på senteret, kor Flokken har oppført seg eksemplarisk. Før man stille seg opp foran heisen, intetanende om dramaet som snart ska dra seg te. Der Litlajentå flyr inn i heisen som ett prosjektil og nærmast trykka på “1”, før alle har kommen seg inn i heisen, vel vitande om at det va Mini’en sin tur. Litlajentå står med ett svært flir om kjeften, når Mini’en oppdaga at hu har trykka. Jack Nicholson fliret. Mini’en eksplodere i ett reinspikka inferno, som alle som sitte i kafe’en foran heisen garantert får med seg, der han sprette illsint opp og ned, nett som Karl fra Mot i Brøstet … 

 

Heile heisen rista av krigsdansen, trøst e fånyttes, men man ende som regel opp med å ta heisen opp og ned igjen, slik at Mini’en ska få trykka. Då går gjerna Litlajentå ut i full fistel, fordi Mini’en har fått trykka ein gang meir … 

 

Og man rase ut dørene på Amanda Senteret te slutt, mens ei kaukande Litlajentå gråte sine bitre krokodilletårer, og andre foreldre kikka på oss med forakt i blikket. Stakkars jentå, liksom. Som ikkje fikk trykka på knappen i heisen, ka slags foreldre e detta da !? … Jøje meg, altså. Det gikk litt inn på meg i starten når slike anfall oppstod i full offentlighet, men itte som årene har gått, så lar eg bare notå gå og bryr meg rett og slett nada. Folk får tru ka de vil, for eg vett ka som skjedde i forkant. Kanskje, så har man ridd av stormen borte med heisen, men e nødt te å handla litt inne på Obs’en. Og som foreldre, så e det komplett umulig å huska kim sin tur det, eller ikkje e, te å kjøra vognå … 

 

” Nåke som begge dei to minste, sjølsagt meina de har full kontroll over, og begge har alltid rett om at det sin tur. Det e og ein av årsakene, te at Kånå forsåvidt stort sett handla aleina, der konserten raskt kan overdøva ett jagarfly som bryte lydmuren, glatt …

 

Tjera vena meg … Og te slutt, som ein grand finalè. Bilkjøring, forsete og musikkvalg. Herreminguuud, altså. Nå e det sjelden det e den heilt store utfordringen siden halvparten av Flokken sitte i bilsete eller pute, men Eldstemann og Han i Midten har hatt ein del episoder. Men, akkurat i detta tilfellet, så trur eg ikkje at det e så kjekt å sitta fremme, som e den største drivkraften te rivaliseringen. Eg e ganske sikker på at det ei meir vissheten om at broderen, han må sitta i baksetet trødd inn i mellom to trange barnaseter, som e brenselet te rivaliseringen. Og nytelsen handla meir om å visa sin bror, kor god plass det e framme … 

 

Men, musikkvalg, det e jaggu meg på full gang fremover, som ein stor rivaliseringssak mellom alle søsknene, når me ska ut på ein biltur lengre enn fem minutt … Mini’en vil høyra Dyreparken cd’en, Litlajentå har dilla på eMMa og Happy, Han i Midten og Eldstemann har vel muligens ganske lik musikksmak, men ska aldri høyra samme sangen. Begynne detta scenarioet å utarta seg, då har man ett fullkomment kaos, som meir eller mindre e komplett umulig å løysa …

 

” Foruten å enten skru det man høyre på opp på full guffe, eller slå all musikk lukst av, slik at ingen får viljen sin. Men, skrur man av musikken, så må man høyra på alle mishagsytringane te alle parter, resten av bilturen …

 

Så det blir som regel musikk på høgt volum, ein fantastisk opplevelse om Mini’en vinne og – Orang, orang, orangutang … Runga i kupe’en, te full allsang … Det e aldri så gale at det ikkje e godt for nåke, for det blir jo mye latter og glede i bilen, når Dyreparken cd’en med sine slagere, mana te litt allsang i bilen. Heilt te me nærma oss ein plass kor me ska stoppa, då e dei to eldste rimelig kjappe med å stoppa både musikk og allsang. Slik at me ikkje skjemme oss ut for alle og einkvar …

 

Eg vett ikkje, og e definitivt ikkje nåke ekspert på søskenrivalisering, men at det forekomme i de fleste og de beste hjem, det e nok heilt sikkert … Og at det har sine fordeler og ulemper, det e nok heva øve ein kvar tvil. Eg trur det e viktig for barn å få ordna opp i slike disputter selv, så får me foreldre bryta inn når det ikkje går. 

 

Det har nok mye med å læra seg å håndtera slike situasjoner, når de blir eldre, som at det har med å utvikla sin egen personlighet.

 

Og ikkje minst med å skapa relasjoner mellom kvarandre som søsken. Det e nok viktig å læra seg at man somme ganger må gis seg, mens andre ganger går man av med seieren, om argumentene e rette eller gode nok. På ein måte … Men, herreguuud … Det kan virkelig tæra på oss foreldres energikilde og tålmodighet, når slike rivaliseringer slår ut for full blomst. Det e ihvertfall heilt sikkert … 

 

Jaja … Goe kvelden, Folkens … =D 

 

 

 

 

Dei små Episodane med Ellevill galskap …

Tiden går e det mange som sier, men tiden den kommer meina Kineserne … Alt handla vel om kossen man ser på saken … Her ett bilde fra ei svunnen tid, fra når eg og Kånå va på Rhodos for første gang sammen. Mange i Haugesund kjenne gjerna igjen Capsen min, der eg løp rundt i sentrum og leverte pakker for Linjegods, den va ikkje så kvit og fin, itte ei stund … =D

 

Det e merksnodig kor fort tiden går når man virkelig har det travelt i heimen, då kan to uker jaggu meg fly forbi som ett supersonisk jetfly, på null komma niks. Og plutselig står man midt i stugo, å lura på ka i all verden som har skjedd, dei siste dagane. Slik har det på ein måte vært her i heimen, den siste tiden, kor begivenhetane meir eller mindre har stått i kø. Det har vært travelt på jobb, travelt i heimen, travelt overalt. Såpassa travelt har det vært, at eg nærmast ikkje har fått lukka opp laptopen, for å holda denna famøse bloggen oppdatert. Men, jøje meg. Sånn e det i småbarnslivet. Somme ganger flyr livet forbi netthinnnene, og man må bare holda seg fast i karusellen …

 

Ein karusell som te tider speeda opp tempoet te uante hastigheter, sånn at uker og dagar rase forbi, mens man tviholde seg i setet på livets runddans … Ein dans som man aldri heilt vett når vil ta seg ein liten pust i bakken …

 

Men idag, så hoppa eg av i ein sving når hastigheten sank betraktelig, og eg såg muligheten for ett lite friminutt, der eg rulla bortover gulvet fra gravitasjons kreftene. Kånå tok med seg Småtrollene i selskap slik at eg sko få litt arbeidsro, her i heimen. Arbeidsro, det e ett snodig begrep, sånn egentlig. I mitt yrke som distribusjons-sjåfør, der e det rett og slett ett “ikke ord”, ett begrep man ikkje vett at finnes, på ein måte. Egentlig her i heimen og. Det finnes fanken meg ikkje ett sted igjen, kor ein stakkars Fatter’n kan lura seg vekk, for å få nåken få minuttar med “arbeidsro”. Sånn med tanke på mange ting, faktisk …

 

” Av og te, så tar eg meg sjøl i å lura kraftig på kossen i all verden eg har funnet tid, te å skriva denna bloggen, sånn egentlig … Der jobb, hverdagen og familie kombinert med tilgjengelig tid, nærmast ikkje strekke til …

 

Det e vel gjerna slik, at når dei små episodane med ellevill galskap oppstår i heimen, så slår det kreative senteret i hjernebarken inn, og tar over te Fatter’n har skrevet seg tom. Då kan eg vel gjerna skriva kor som helst, og ensa gjerna ikkje det som skjer rundt meg. Andre ganger oppstår det gjerna ett euraka øyeblikk i lastebilen, når eg e på jobb, og underveis mellom to leveringer. Som oftast stoppa eg opp og skrive ner tankane eller ide’en som åpenbarte seg, for sjølsagt vett eg at den som regel har forsvunnet fra hjernebarken, når eg komme heim fra jobb. Då e det viktig å skriva ner nåken stikkord, sånn at eg kan ta opp igjen den tråden, seinare … Når eg får tid …

 

Derfor, så blei eg egentlig ikkje så overraska når eg åpna den notsiblokkå idag, og fant mengder av tankar og ide’ar som ikkje har blitt gjort nåke med. Hjølpe meg, der va det jaggu meg nok stoff te å gjerna holda meg sysselsatt i minst to uker, om ikkje meir …

 

Som f.eks det med søsken-rivalitet, som va stikkordet som stod øverst, og sikkert e skreven ned for lenge siden. Med understikkordene Amandasenteret, heis, knapp, ringeklokka, først, trapper, bil, sitte fremme, sitte bakerst og etc, etc, etc … Det va så mange stikkord bare på førsta sidå, at eg kunne jo sikkert skrevet tre-fire innlegg, kun fra den siden der. Forbløffelsen øve å finna omtrent tjue sider te, med tettskrevne stikkord fra diverse hendelser, den va nærmast i øvekant sjøl for meg. Der eg satt å henta frem hendelsene fra langt bak i hjernebarken, mens eg humra stille for meg sjøl, og lurte på koffår i all verden eg aldri har gjort nåke meir med detta, sånn egentlig …

 

” Løysningen på det mysteriet va ikkje så vanskelig å gripa fatt i, med tanke på den strabasiøse hverdagen den siste tiden. Tjera vena meg. Eg e jo først å fremst ikkje nåke fulltids blogger, men først og fremst Pappa, Livspartner og Yrkessjåfør …

 

Man må prioritera i rett rekkefølge, når man har ein slik kabal som må gå opp, om ikkje så trur eg kjapt det ville blitt tjue sider te. Tjue sider med ei ilter, småsint men stort sett snill Kånå, som verbalt høvla øve Fatter’n, om alt han sko hatt gjort, men som ikkje har blitt starta på ein gang … Så idag, då tenkje eg det e på tide å gripa litt fatt i denna notisblokkå, siden Kånå har innvilga nåken timar med “arbeidsro”. Slik at Fatter’n sko få jobba litt i ro og mak med ett prosjekt han har på gang, ett prosjekt som virkelig e ei utfordring, spennande og ein kraftig tur ut av komfortsonen … Igjen …

 

Men, som mange kloke mennesker tidligare har sagt, det e ute av komfortsonen ting skjer, og gjerna legge grobunn for utvikling. Både den eine eller den andre vegen …

 

Ingenting e spikra i stein om detta prosjektet, men at det e ein liten stor mulighet, det e det liten tvil om. Meir om detta prosjektet, det har eg ikkje å sei før eg forsåvidt kan gjør det, og ting e hundre prosent på plass. Spennande tider, det går det ihvertfall i mot for ein Fatter’n med kronisk forbedringspotensiale, skrivekløa og som har ein tendens te å rota seg opp i saker og ting, som egentlig ikkje sko vært mulig. Men, som har manifestert seg foran meg, mye på grunn av denna artige lille famøse bloggen min …

 

” Så følg med fremover, Folkens. Plutselig. Og seinare idag, så komme det nok ein liten epistel fra denna notisblokkå mi, kanskje om akkurat søsken-rivalisering … Just wait for it …