Under stuebordet…

 

Itte e meir eller mindre nydelig helg, va det nitrist på jobb idag.. Bikkjekaldt idag morgens, tåkå lå tett øve Haugalandet og formen va nå så som så.. Man blir liksom ikkje superoptimistisk, av sånne dagar.. Tungsinnet komme sigande fra langt bak i hjernebarken, jekketrallå blei ekstra tung å dra på og kvart eit smil man dro fram hos kundene.. Dei va blytunge å mana fram.. Akkurat idag, så va det deilig å bli ferdig på jobb, parkera lastebilen og susa heim te sofaen.. Kor man kunne finna seg ein kopp kaffi, fikk ett par minutt med sjelefred før ein ny kaos ittemiddag med kidsa, åpenbarte seg..

Eg kan nok, med ti knivar i hjarta, våga å påstå at når Flokken va i seng denna kvelden her, så nøyt eg kvart sekund..

Kånå lå i sofaen å glodde på mobilen sin, landskampen rulla øve skjermen og eg satt meir eller mindre i ein slags komatøs tilstand, og kikka ut i luftå.. Ikkje såg eg på kampen, eg kan vitterlig meg ikkje huska at eg tenkte på nåke spesielt og det va som om lyden fra tv’en, gikk gjennom vann før den nådde øyrekanalene.. Det va som graut.. Eg lot bare meg sjøl få synka litt hen, inn i denna tilstanden, som eg trur va høyst nødvendig, akkurat idag.. Det blei ein liten “Reset” av operativ systemet, på ein måte, nett som når pc’en bare slukna eller fryse.. Og man må starta den på ny..

 

” Og ittepå, når maskineriet hadde fått starta opp igjen, gjerna sortert “hard-disken” ein liten smule.. Så fungere man mest sannsynlig tilnærma mot normalt igjen..

 

Kånå hadde funnet seg ein pose med chipsrester, mens eg henta meg ett glass brus før eg landa på goplassen i sofaen.. Når ein liten ordveksling mellom meg og Kånå, tok ein uventa vending.. Jaja, uventa og uventa.. Alt e relativt her i heimen, vil eg tru..

– Va visst god den chipsen.. !? .. Seie eg te Kånå..

– Nja, den va vel heilt grei.. Svara Kånå, og lar dei siste smulane falla fra posen, og inn i kjeften.. Som ein vaskeekta chipsoholikar..

Før hu slengte posen nonchalant inn under stuebordet..

– Eg tok visst ein Frode eg.. Sa hu, og kikka på meg med ett strengt blikk, og flirte.. Ett Jack Nicholson flir..

Og før eg fikk tenkt meg om, liksom latt informasjonen gli gjennom Kånefilteret, før kjeften snakka.. Så svara eg lynkjapt..

– Jaja, det va nå smart ihvertfall, vil eg tru.. De forsvinne nå alltids der ifra te slutt, dei der chipsposene.. 

 

Kånå kikka på meg, som om eg va spedalsk.. Eg derimot, hadde nettopp logga meg på verden igjen, itte reset’en.. Uten at “virus-programmet” hadde starta opp.. Så nå, nå ska eg snart trø på meg ein ullstilongs, ullundertrøya før eg tar pyjamasen på meg, og rusla ut i Bodå med liggeunderlaget og soveposen..

Ein kald, tung og tåkete mandag, slutta nett som den begynte..

Men det e sikkert lika greit.. Så e eg gjerna ferdig med den slags, for ei litå stund.. Både tungsinn og kanossagang ut i Bodå.. Jauda.. Det går seg vel te.. Både været og humøret, itte som ukå stige fremover.. Dåkke får ha goa nattå, Folkens.. Så ska eg hilsa te alle edderkoppene i Bodå, som sikkert gleda vettet av seg, te å skremma det samma av meg..

 

” Og ikkje minst… Husk konkurransen som foregår på bloggen denna ukå.. Kor 4 gavekort pålydende 500 ,- kroner ligge i potten.. Stikk innom det forrige innlegget, og se kossen du kan bli med i trekningen..

Natti natt..

 

 

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg