Eg og Apotekeren i Tyrkia…

 

 

Eg og Apotekeren i Tyrkia… 

Livet e herligt her nede i Sydenland, dog med nåken oppturar og nedturar..

Men veret har vært stabilt, det ska det ha. Eg takka høgare makter for at de ikkje har hørt på Storm si vær melding, og heller har sendt oss sol og varme kvar dag, istede for torden og regn som de meldte.

Ein anna ting som har vært ufatteligt stabilt e Los Mosqitos. Det e ikkje måte på kor ivrige denna blodsugande myggen har vært, itte å få i seg litt godt gammalt vestlands blod.

Det e tydligvis ein delikatesse blant mosqitoane her nede, trur eg.

 

Ein kveld når me kom tebake på rommet våras, itte me hadde vært å spist, telte eg opp te fjorten nye stikk, både her og der.

Sleit litt med å setta meg på dassen for å bli kvitt middagen her ein dag, for å sei det mildt.. Og leggane ser jo ut som ei nedbomba landingstripa fra andre verdenskrig.

Gudhjølpe meg.

Me blei nødt te å stikka innom det lokale apoteket for å få nåke botningsmiddel, slik at ikkje trangen te å klø deg sjøl te blods tok overhånd.

På toppen av det heila hadde eg vært så “heldig”, å få et kraftigt utbrudd av sol eksem på brystet..

Så med det samma fikk eg nåke god salve for det og.

 

“Just a very thin layer only on the affected area, in the morning and evening.. Remember, just a very thin layer.. Sa den innfødte apoteker’n, med ei streng mina om ansiktet.

 

Jojo, sjølsagt. Ka du trur ?

Kom hjem den kvelden og fant fram godsalven, kikka på brystet som ligna meir på ein kjøttdeigsaus enn et par “muskuløse” brystmusklar.

Så eg smørte på ett kraftig lag med salve, og tenkte for meg sjøl at her må man nok te med et durabelig skippertak, for å redda resten av solferien..

Kunne jo ikkje la Kånå stikka av med grillseieren i år, ånei du..

Tok litt ekstra ut mot skuldrene også, i tilfelle det va litt soleksem på gang der og.

Våkna neste morgen, tok Mini”en opp av barnasengen, før me gikk på terrassen og hadde den rutinemessige kaffi’en våras.

Kåna sto opp ei litå stund senere, kom ut på terrassen, men stoppa i dørå å satte opp et lattermildt fjes.

 

“Jaja, eg ser salven har virka godt. Seie hu, med trykk på ‘godt’

“Ahh, glimrande. Svara eg fornøyd, hadde forsåvidt glemt ut heila greiå, så eg løp ut på badet for å sjekka resultatet.

 

Tjera vena meg.

 

Ikkje bare hadde salven tatt sol eksemen, som meir ellår mindre va forsvunnen. Men jaggu meg hadde all brunfarge på dei påsmurte områdene fordufta ut i intet også.

Ikkje bare hadde den fordufta, men eg va nå kvitare på brystpartiet enn rumpå nåken gang har vært.

Eg slapp ut et forskrekka kvinnehyl og Kånå kom løpande inn på badet med latteren sittande fast heilt ner i knernå.

 

“Du sko gjedna hørt på det an sa te deg igår.. Seie hu…

“Jammen… Va det einaste eg fekk ut av meg, mens eg betrakta fingermerkene mine, der eg hadde smørt ut salven litt ekstra på skuldrene.

“Jammen …. Datt det ut igjen.

 

Eg tenkte for meg sjøl at av og te, så e eg så fordømrande idiot at det ikkje e måte på.

Det e forskjell på å vær toskjen og idiot sa ein galen mann eingang. Og nåke meir idiotisk enn det eg hadde funnet på igår.

Ja, det e det lenge siden eg har funnet på, det e nå heilt sikkert.

Jaja … Flaks i uflaksen eller omvendt va at Litlajentå fekk ett mildt utbrudd av omgangs sjukå, så eg meldte meg kjapt frivillig te å vær sjukepleiar.

Så slapp eg å sprada rundt som ein halvblods Albino, nede ved bassenget.

 

Men det har nå vært oppturar og, f.eks. under middagen når hu “Tante Marianne” hadde handla inn Pirat luer te mannfolkå og blinkande Minni Mus sløyfer te jentene. Slik at det ikkje sko vær så vanskelig å finna kvarandre igjen.

Siden me hadde hatt ein liten leite aksjon itte Han i Midten kvelden før, kor me heldigvis fant guten sovande under lekehuset te slutt.

Litt seinare under samme middagen kom servitørane med litt meir utklednings materiell, og svigerfar endte opp som ein blanding av Little Steven og Willie Nelson.

Likheten te begge va i hvert fall slåande så når pensjonist alderen slår inn, har han i hvert fall ein karriere å falla tebake te.

E sikkert ikkje så galen vokalist hellår, itte nåken Efes.

 

Men alt i alt, så kosa me oss nå glugg ihjel her nede i sydenland. Meir eller mindre …

Men kjenne nå litt på at det ska bli godt å komma hjem te faste rutiner, god gammal vestlands sommar og jobb snart …

😃😃

 

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg