Som å Sitta fast i ei Søkkblaut hengemyr..

Eg vett ikkje heilt ka så e galt for tiå, siden det e blytungt å setta seg ner å forfatta ett innlegg.. Tidligare så har historiane nesten kommen på løpande bånd, og eg har ikkje akkurat hatt nåke problem med å få ting ner på “papir”..

Når ei tankerekka sette igang, har ordå nærmast kommen løpande ut av hjernabarken.. Som om de har stått i kø for å komma ut..

Men.. Nå for tiden så må eg dra setningane ut av skallen, som om de e halveis nedsunken i ei søkkblaut hengemyr.. Halvsprø episodar i heimen stryke forbi netthinnene te alle døgnets tider, Mini’n og Litlajentå strør om seg med gullkorn og Kånå e som Kåner flest..

Stort sett overalt..

 

Mens eg går på jobb, lasta skapet fullt kvar dag og suse avgårde.. Levere varer te kundene våre så godt som det lar seg gjør, før eg parkere ein tom bil ved arbeidsdagens ende.. Og rusla inn dørene heima og tar ett tak i heimens mange gjøremål, før kvelden plutselig e der og voksen tiden har begynt..

Som oftast har eg bobla over av kreativitet, idear og har gjerna påbegynt eit innlegg, tidligare på dagen.. Når voksen tiå begynne..

Men i det sista har eg jaggu meg slitt med å komma igang.. Og komme eg igang så har eg plutselig sletta alt eg har skrevet, den siste timen.. Det e nesten som om eg e langt forbi “hjernen e aleina” stadiet, og meir som om det ett universalt sort hull i hjernebarken..

Eg begynne nesten å lura på om eg e min sjøl største kritikar, og e altfor bekymra for at dåkke leserar ikkje komme te å vær fornøyd..

 

At alle innlegg må vær sånn som den sista skivå te Ed Sheeran, ei endeløs rekka av nr. 1 hits.. At det neste innlegget må overgå det forriga, osv osv.. Men det e jo forsåvidt umuligt, te slutt vil man jo treffa ein vegg, ein topp eller andre hindringar..

Nåke anna ville vært umenneskelig..

Har eg rett og slett lagt listå for høgt, i det sista.. At alt eg egentlig burde gjort, va å slappa meir av og bare skriva det som falt meg inn, rett og slett.. Inspirasjonen springe jo rundt øyrene på meg, fra eg våkna om morgenen med Mini’en i armkroken og Litlajentå sine tåfisar trødd opp i nasen igjen, neste morgen..

Te eg legge meg om kvelden og e drittlei av ungar, men alikavel gleda meg te å vakna med Tåfisar i andletet og ein Klegg i armane..

 

Kanskje e eg i alt for dårlig form og burde tatt meg ein sykkeltur med svoger min.. Som denna her “Eg, Sykkelturen og Svogeren min” .. Då må ivertfall baderingen finnast fram igjen..

Eller e det for lenge siå eg har kjørt ein fandenivolsk praktisk spøk på Kånå.. Som når eg skremte vettet av na når eg egentlig bare sko henta ein sekk med ved.. Les den her  “Når sikringsboksen te Kånå kortslutta”

Har eg gjerna ikkje gått på ein skikkelig smell på ei stund, som når Mini’en va nåke flinkare på sparkesykkelen enn eg va klar over.. Den kan du få med deg her .. Mini’en, sparkesykkelen og 2 luringar.. 

 

Det e ikkje godt å sei.. Anna enn at kanskje eg bare bør gi litt meir F, og ikkje vær så inni granskauen kritisk, bekymra og kravstor te meg sjøl..

Man kan vel ikkje allerede ha skreven seg tom.. Itte bare nesten 2 år som innehaver av ein blogg..

Nei, eg trur og håpa nå ikkje det.. Det e nok bare ein litt småseig periode, kor ramp, fantaskap og andre finurlige skråblikk fra Fatter’n i heimen, ikkje e lika lett å få ner på “papir”..

Men… Plutselig så løsna det..

 

Det e ein øvegang.. Vil eg tru og håpa..

=D

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg