Tacomiddagen – Men, Kånå e ikkje nåke lekk russisk reketrålar..

Endelig… Så va det blitt helg.. Arbeidsbilar va parkert, jobbukå va over og nå sko helgå nytast te fulla..

Me satt og sko te å spisa middag itte ein travel dag på jobb, Kånå hadde mekka ihop litt Taco.. Fredags Taco’en.. Egentlig e eg så inn i granskauen leie av Taco på fredag, men Kånå e så fornøyd med at me liksom har ein slags tradisjon, her i heimen.. At det har vært fånyttes å gi uttrykk for sin frustrasjon.. Taco e tydligvis kommen for å bli..

Eg prøvde å foreslå eingang, om me gjerna kunne ha Uncle Bens – Sweet & Sour tirsdag, som e min livrett.. Men det kom ikkje på tale.. Kånå kan ikkje fordra den retten, mens eg lika jo Taco..

Kånå sitt selvrettferdige konklusjon va ikkje te å rokka med, Uncle Bens som ein slags tirsdags tradisjon va utelukka.. Men, me kunne jo ha fiskakaker kvar tirsdag, eller ihvertfall ett eller anna med fisk.. Det meinte Kånå va ein god ide.. Kanskje sko me ha 2 dagar med fisk i ukå og.. Tirsdag og torsdag f.eks.. Herregud..

 

” Altså.. Det e ikkje det at eg ikkje e glad i fisk, og me burde absolutt fått inn litt meir fisk i middagsmeny’en.. Men, å ha to faste fiskadagar i ukå.. Det va å dra det litt langt.. Altfor langt..

 

Om det va Kånå sin taktikk for å lukka brødboksen på meg, så eg ikkje masa meir om Uncle Ben’s.. Det kan godt vær.. Kudos te Kånå for den, i tilfelle.. Eg holdt ihvertfall kjeft itte det og masa ikkje meir om å få min livrett, inn i ein slags hverdagslig tradisjon.. Eg har heller ikkje vist min misnøye øvefor Taco-Fredagen hennas, itte den episoden.. For sikkerhets skyld..

Me får tidsnok meir fisk inn i hverdags menyen, det e ingen vits å utfordra skjebnen, om når det blir..

Jøje meg, det blei ein liten digresjon der.. Men, me satt altså og sko te å spisa middag, i samla flokk.. Det ska forsåvidt Kånå ha, me sitte meir eller mindre å spise sammen heile gjengen, under Taco-Fredagen, ihvertfall i begynnelsen.. Når eg slenge ett blikk øve på Mini’en som sitte på enden av bordet.. Han sitte og spise maten rett fra tallerkenen.. Sånn som ein hund spise fra matskålå si..

 

” Han lepja i seg middagen med små jafs om gangen, med hendå på ryggen..

 

Eg spurte guten ka i all verden han holdt på med, men eg fikk ikkje nåke skikkelig svar.. Men han kikka opp på meg med ett merkelig blikk, før han liksom gneldra litt og vendte oppmerksomheten ner mot “maten” igjen.. Hjølpe meg.. Ein eller aen sa plutselig nåke som ikkje heilt passa Eldstemann, kor han plutselig trampa opp trappene og inn på rommet sitt, med ett smell.. Han e snart tenåring.. Halleluja..

Litlajentå og Han i Midten sitte å har krig unna bordet, med beinå.. Te slutt fikk Kånå nok og drog jentå ett hakk nærmare seg, og ut av rekkevidden te Han i Midten..

Han i Midten e i dynamitt humør idag, og e som vanlig vaksinert mot å lya.. Så han flytta seg itte og fortsette denna beinkrigen, på tross av Kånå sine beskjedar om å holda opp.. Den guten e ekspert på å vær i opposisjon, uangripelig lite affektert og skremmande likegyldig te all tilsnakk..

 

” Jonas Gahr Støre kunne nok lært seg nåken nye triks av den guten, heilt klart..

 

Om nåken kunne fått satt Jern-Erna ut av fatning, så måtte det vært Han i Midten.. Garantert.. Eg trur Jern-Erna hadde ligna meir på ein lekk utrangert russisk reketrålar, på vei te havets bunn.. Itte ein ittemiddag med Han i Midten i toppform.. Enn ein stødig statsminister, med stålkontroll på Støre sin opposisjons politikk..

 

Men, Kånå e ikkje nåke lekk russisk reketrålar, hu e meir som ein hurtiggåande torpedobåt med ett arsenal av våpen, som smidig manøvrere seg rundt i hverdagslivets hav.. Og i ett eksplosivt byks etterfulgt av ett – Nå.. Nå e det nok.. ! .. Så hukka hu tak i urokråkå og nappa han med seg opp på rommet sitt, med klar beskjed om ikkje å komma ner før han kunne oppføra seg..

Eg blir egentlig lika øverraska kvar gang, når Kånå plutselig får nok.. Og eksplodere i ett inferno, som bare ei Kåna kan..

Hu ryke te værs som ein nyttårsrakett, frese avgårde mot himmelen som ein scudrakett før hu detonere i ett pandemonium.. Før hu dale fredfylt mot bakken igjen, som ein Navy Seals soldat på ett topphemmelig tokt.. Han i Midten holdt seg klokelig på rommet sitt ei stund.. Mens Kånå fant ut at hu og Eldstemann sko kjøra avgårde for å handla..

 

” Hu tenkte det va trygt å lura seg avgårde, siå Litlajentå og Mini’en hadde gått på besøk te nåken i gatå.. Itte middagen meir eller mindre hadde oppløst seg på ett merkelig vis..

 

Men, den gang ei.. Eg sko ut i Bodå å henta nåke når de gikk, og sjølsagt stod Mini’en rett ute i gatå og ville vær med.. Nåke som endte i ein øredøvande hylekonsert fra ein mildt sagt fornærma Mini.. Sjøl om han hadde fått vær med på Toys’R’us, dagen før.. For å gjør kaoset meir eller mindre komplett, kom Kånå heseblesande inn i carporten igjen, akkurat når eg hadde fått roa “Van Halen” ..

Gudhjølpe meg og herrens hærskare.. Hu hadde glemt lommabokå, og klarte glatt å aktivera “Brøleapen”, som igjen satte igang ein tirade man seint vil glemme..

Te slutt fikk eg bestukket fjotten med ein is og litt tegnefilm.. Det blei ivertfall stille.. Då kom Litlajentå heim og lurte på kor dei andre va.. Tjera vena meg, hu sattejo igang med ett helsikkes spetakkel nere i gangen når eg sa det, for hu og ville jo vær med.. Mini’en ville ikkje vær nåke verre, så han våkna jo og te livet igjen han og..

 

” Så då hadde eg plutselig ein “nydelig” Opera duett, på fullt volum..

 

Ein pakke kakemenn måtte te for å ordna opp i denna balubaen, sammen med ett glass brus.. Gjerna ikkje heilt pedagogisk korrekt, men på ein fredag itte ei spinnvill arbeids uka.. Så drite man i pedagogisk korrekt.. Man kan gjør mye for å oppnå ett bittelite øyeblikk av idyll og harmoni, akkurat då..

Når det endelig hadde roa seg litt, og kidsa satt fint i sofaen så tok eg sjangsen på å gå på dass..

Bare for å bli møtt av to smårollingar med verdens dårligaste pokerfjes, ihvertfall ein av de.. – Me har ikkje tatt is altså, pappa.. Seie Mini’en, før eg forsåvidt har fått øvesikten.. Litlajentå kikka perplekst på Mini’en med ett oppgitt blikk.. Sjølsagt hadde de tatt is, som de gjemte bak ryggen sin.. Eg kunne egentlig ikkje sei så mye på det, eg hadde forlatt de i løvens hule, aleina..

Så det va forsåvidt ris te egen ræv.. De fikk sitta litt te før eg tok Mini’en med meg ner, og gjorde han klar te leggetid.. Ei bok blei lest, me sang ein sang og to før Mini’en nærmast sovna før han traff putå..

 

Eg hadde ikkje kommen meir enn halveis opp i trappå, når Han i Midten som hadde lurt seg ut dørene, itte Kånå gjekk.. Kauka – HALLOOOO, når han kom inn den samma dørå, igjen.. “Van Halen” våkna og sette igang sin tredje konsert for kvelden.. Han i Midten smaug seg ydmykt opp trappene forbi meg.. Eg trengte ikkje sei nåke, eg trur han forstod.. ‘

5-6 sanger seinare, så sov trollet igjen.. Eg rusla motlaus opp trappene, og sko te å gå bort i sofaen.. Men, sokkane hang fast i gulvet.. Himmel og Hav…

Litlajentå hadde fått ett lekekjøleskap av Svigerfar, og i ett svakt øyeblikk har eg latt hu få ha saft på ein vannbeholder.. Som Litlajentå har traska rundtomkringfallera i stuå og skvetta over alt med.. Igjen, så har eg skutt meg sjøl i rævå.. Hu hadde jo fått lov.. Han i Midten ropa fra loftet om eg kan hjelpa han med nåke, så eg snur og går videre opp trappå..

Og møte ett sodoma uten like.. Han har funnet fram ei madrass han ikkje har lov å finna fram, sikkert for å turna i loftståvå.. Leker ligge strødd øve alt.. Der Kånå hadde rydda te det blei strøkent igår..

 

” Eg va på randen te å gi fullstendig opp.. Å det e nærmast før helgå har begynt..

 

Eg sett fysakken te å rydda rotet sitt, mens eg trør madrassen inn i garderoben.. Før eg går ner på kjøkken, laga meg ein kopp kaffi og går bort i sofaen for å setta meg..

Det høyrest ut som om eg har borrelås unna sokkane, på veien bort..

Eg synke sammen i ein smulehaug av kakemenn, det må nå nærmast vær ein halv kakemann som ligge igjen i sofaen.. Men, men.. Itte at eg har fått summa meg litt, Kånå kom heim med ei iskald ei og kidsa har forsvunnet på rommene sine…

Så har det forsåvidt gått seg litt te..

 

Herifra og ut.. Så kan det ikkje anna enn å gå ein vei.. Oppover..

Trur eg..

God helg ihvertfall… Folkens..

=D

 

Hyllå… Dag 3 og 4…

På grunn av intensiv innsats i Jack Reacher’s verden, har eg desverre uteblitt fra både blogg og resten av omverdenen.. Men, heldigvis gjekk eg tom for sider idag..

Og kom på at eg glemte hyllå igår..

Som forsåvidt har blitt okkupert av diverse superhelter og superskurker.. Eg hadde egentlig tenkt å stabla mesteparten av verktøyet mitt i den.. For å muligens tvinga Kånå te handling..

Men kom på at eg ikkje brukte gipsanker, kun skruer.. Så eg lot vær… Gidda ikkje skru den opp, ein gang te…

 

Probably, to be continued again, tomorrow…

 

 

Hyllå.. Dag 2..

Joda.. Forsåvidt litt unnskyldt av Donald kulen sin idag… Men… Uansett.. Dag 2…

To be continued… Again…

Jasså, du sitte her med Beinå på bordet, drikke Kaffi og lata Deg du ja…

Eg hadde ein overordna plan itte jobb idag, og det va å få unna alle heimslige gjøremål så snart som mulig.. Sånn at eg kunne tidligast mulig begynnna på den nya bokå om Jack Reacher.. Eg har meir eller mindre slukt alle bøkene om han, ittekvart som eg har funnet de i butikken.. Te Kånå sin store fortvilelse..

For kvar gang eg havna i sofaen med ei Jack Reacher bok, så e eg fortapt for omverdenen rundt meg..

Derfor jogga eg lett te sinns inn dørene heima idag, og gleda meg te Flokken va havna te sengs.. Og eg endelig kunne finna fram gobokå.. Egentlig, så stod det ufattelig mye på tapetet idag, før eg kunne begynna å tenka på ei koselig lesestund.. Litlajentå sko på RG-Lek, Han i Midten på karate og midt inni detta så va det jaggu meg ett felles foreldremøte, for klassen te Han i Midten..

 

” Ett møte som både eg og Kånå hadde totalt glemt ut, og ikkje kom på før nå for ei litå stund siå.. Litt småflaut, for eg trur me glemte sist møte ut og..

 

Og karate blei det heller ikkje nåke av, for plutselig hadde gutalarven både strekk i foten og gangsperr.. Eg trur ikkje han heilt klarte å bestemma seg for ka unnskyldning han sko bruka, for å slippa trening idag.. Så derfor oppga han begge to.. Eg va iskald og dassblaut itte dagens innsats på jobb, så eg hadde ikkje krefter te å motstå idag.. Så me blei heima, eg, Han i Midten og Mini’en..

Dei einaste slagene man egentlig vinne, e som oftast dei man ikkje utkjempe.. Sitat Jack Reacher..

Og akkurat idag, så følte eg det va på tide med ein liten seier.. Kånå hadde kjørt på RG-Lek med Litlajentå, og Mini’en rusla øve te nabogutten mens Han i Midten “stillferdig” gjorde leksene sine.. Så eg fant meg litt middag og satte meg i sofaen, mens Han i Midten skula misfornøyd på meg..

– Mamma seie me ikkje har lov å spisa middag i sofaeen, ivertfall ikkje itte hu har tatt teppet opp igjen.. Sa han, med streng stemme..

– Gjør leksene dine du.. Eg e voksen så eg kan sitta her, vettu.. Svara eg oppgitt og formanande..

 

” Det va dei 2 minste som bruka ein halv kg ketchup, me hadde laga dei reglene for.. Men ingen av dei va heima nå..

 

Eg satte meg godt te rette i sofaen, og tenkte eg kunne jo begynna på bokå nå.. Men eg fant ikkje lesebrillene mine.. Typiskt, dei lå jo borte på poffen, der boka hadde blitt lagt når eg kom heim.. Eg bøyde meg litt fram og strekte meg itte brillene.. Svooosj, der raste halve tallerkenen med pølsa i ris, dandert med ett godt lag med ketchup, rett ner på teppet te Kånå.. Herregud…

Det teppet som hu nettopp hadde hatt ett sværa styr med å vaska, itte Litlajentå hadde gjort nåke lignande min prestasjon.. Gudbevare meg vel..

Heldigvis, hadde ikkje Han i Midten fått det med seg, så eg reiste meg forsiktig og gjekk på kjøkken og henta filler.. Sjekka at han gjorde leksene rett på veien tebake, før eg sette igang å skrubba.. Mens eg vaktsomt fulgte med om guten på kjøkken, oppdaga ka eg holdt på med.. Men det gjekk bra.. Teppet blei nåkenlunde reint igjen, og Han i Midten fatta ikkje mistanke..

 

” Hadde han sett min lille tabbe, ville garantert Kånå fått beskjed om det, med det samma hu kom heim.. Garantert.. Den karen skyr ikkje å angi ein “altfor” streng Fatter’n..

 

Men, herreguuud.. Når det tørka så va det ikkje så bra som eg hadde trudd, det va ein ganske så rødlige flekk, lika innte bordet.. Igjen, så gløtta eg lett bort på guten som gjorde lekser, før eg løfta litt i bordet og skjulte min lille ugjerning unna det.. Perfekt.. Detta komme hu aldri te å finna ut.. Av og te så e eg smartare enn eg visste.. Rett og slett..

Eg slukte middagen i ein fart og gjekk å laga meg ein kopp kaffi.. Ganske så fornøyd med ittemiddagens utvikling.. Tross alt..

Mini’en kom heim te oss med Nabogutten på slep, men de sprang rett på rommet hans.. Så eg rakk ein 15-20 sider før Kånå og klonen kom heim.. For det førsta Litlajentå sa når hu trødde opp trappene, det va akkurat  som om eg sko hørt Kånå.. – Jasså, du sitte her med beinå på bordet, drikke kaffi og lata deg du ja.. Sa det der trollet, med streng tone og ett lynande blikk..

 

” Nakkahårå reiste seg, og eg såg føre meg framtiå.. Hu der må eg bare få sendt avgårde på nåke folkehøyskole, eller lignande.. Ut av heimen tidligast mulig, ihverfall..

 

Itte ei litå stund, hadde Mini’en funnet fram nåken kostymer, som Kånå hadde kjøpt brukt.. Og før eg visste ordet av det, så sprang både Iron Man, Superman, ei heks og Elsa fra Frost rundt i stuå.. Litlajentå hadde fått besøk av ei nabojenta.. Så det blei litt oppstandelse her i heimen.. Te Kånå sin store fortvilelse..

Hu sko skyndta seg litt på jobb idag, og skalla hovudet rett i døråpningen på varebilen.. Så hu har ein svær Donald kul i pannå.. Og ein liten smule skallebank..

Og på null komma niks, og nesten før eg fikk tenkt meg om.. Så hadde hu trødd kveldsmat i dei to minste, og fått de te sengs.. Eg hadde forsåvidt hjulpet Han i Midten litt med leksene, og lagt bokå litt ifra meg.. Eg e ikkje heilt toskjen heller, det e viktig å ihvertfall gjør som om man gjere nåke.. Så Kånå ikkje får heilt åndenød, når eg sette meg med bokå, ikveld..

 

” Men, hu slokna vel sikkert i sofaen itte 10-12 minutt med tv’en på, som vanlig.. Om ikkje det e nåke sånt Unge Mødre, barselavdelingen eller lignande.. Då e hu heilt oppslukt i programmet..

 

Jaja.. Det får bli dagens dose fra vår livlige heim for idag.. For nå ska eg kosa meg videre, i Jack Reachers spennande og mytiske verden.. Hverken meir eller mindre…

God tirsdags kveld.. Folkens..

=D

 

Ett fyrverkeri av ei Kåna…

Det e tirsdags morgen.. Løvet e på god vei inn i carporten igjen.. Sjøl om eg meir eller mindre renska den på søndag.. Egentlig ett godt bilde på hverdagens strabaser, for uansett kor mye man streva for å få kabalen te å gå opp kvar dag.. Så får man nye kabaler slengt midt i andletet, så snart man står opp..

Akkurat som løvet ubønnhørlig finne veien inn i vår carport, igjen..

Idag så holdt eg til og med på å forsova meg, men spratt ut av loppekasså i siste sekund.. Eg hadde akkurat fått pussa tennå, tatt ein kattavask i andletet og fått på meg arbeidsklærnå.. Når eg høyrte Kånå som oppgitt kauka ut te kidsa i heimen.. Mini’en hadde som vanlig parkert i midten, i løpet av nattens mulm, og plaga livet av Kånå så snart alarmen hennas ringte.. – Ska me stå opp nå.. E det måren.. Mamma, maaaaamma… Våkn opp, då… 

 

” Tjera vena meg..

 

Han hadde lurt seg opp på loftet og vekka Han i Midten med bravur, itte å ha blitt kasta ut av rommet våras.. Og det va det Kånå hadde fått ett lite anfall av, for ein Han i Midten som står opp på feil fot.. Det e som ein krigsfregatt med slagsida.. Ikkje akkurat enkelt å få på rett kjøl igjen, mildt sagt.. Litlajentå stod med søvndrukne auger i gangen, når eg forsiktig åpna dørå for å kikka om kysten va klar..

Sånn at eg gjerna kunne smyga meg usett ut dørene, og forlata slagmarken før eg blei involvert..

Men, i det sekundet hu såg meg så pratt augene hennas opp, før hu brølte av full hals.. – Maaamma, pappa e heima ennå.. Han har ikkje gått på jobb ennå.. Svarte, salte bananer.. Eg tok ein kjapp avgjørelse, smaug meg rundt dørå pg forbi Litlajentå og sett fart mot utgangsdørå.. Men møtte alle mødres “hangarskip” rett før eg va på sikker grunn..

 

” Eg forstår nå ligningen som toastmastere  drog i søster mi sitt bryllup.. Når han drog ein morosam historia om kossen mor mi møtte far min..

 

For far min hadde vært ett flott ensomt seilskip, som seilte ubekymra rundt i ungkarlivets hav, før han ein dag traff ett fullblods krigsskip.. Som liksom sko speila mor mi.. Det blei litt humring i salen, den gangen.. Han ante vel ikkje kor godt han traff spikeren på hovudet, han toastmasteren.. Som sikkert drog denna i kvart bryllup.. For mor mi har alltid vært ett fyrverkeri av ei Kåna..

Og nå stod eg lika foran ett armert hangarskip sjøl, kor heila arsenalet av våpen va i full beredskap..

Gode råd va akkurat nå gull verdt, men ingen satt på skuldrene mine å kviskra de inn i øyra mitt.. Så heilt uten grunn, tok eg hendå mine opp og plasserte på kvar sia av hangarskipets utkikkstårn, og ga det ett realt smellkyss.. Skipet blei så øverraska at det frøys te som is, totalt utspilt av min lille geniale manøver.. Og før det kom te seg sjøl, hadde eg trødd arbeidsskornå på meg, snodd meg rundt baugen og styrta ut dørå…

 

” Og ut i stillt farvann igjen.. Puuh.. Det gjekk jo greit, tenkte eg for meg sjøl, mens eg kjørte te jobb..

 

For så å komma på at hangarskipet om ikkke lenge, og komme opp her..

På jobb… Kor eg e…

Grøss og gru…. ???

 

 

Hyllå….

Itte nesten 2 ukers evinnelig mas om å få opp den forbaska hyllå.. Står den fortsatt tom..

Dag 1…

To be continued…..

???

Ein smågretten Mini, middagsro og ei ilter, småhissige men stort sett snill Litlajenta..

At Litlajentå e nåke kvikk i replikken, det har me erfart både titt og ofta her i heimen.. Som si mor så e hu sjelden rådlaus, når det komme te verbale løysninger i ei vanskelig ordveksling.. Og det har blitt nåken små gullkorn av nåken innlegg av det.. Hu har, te oss andre i familien store underholdning, gått rett i strupen på mor si, opp te fleire ganger..

Når hu ikkje va heilt enige om leggetiå her i heimen, og fant ut at hu sko flytta ut.. Men ikkje fikk gehør for sin krav..

Eller når hu slapp ein snikande sidevind i sofaen, når me satt og kosa oss med ein film.. Og når me formante at sånt nåke ikkje va fint å gjør, så svara hu bare at  – Jesus feis og.. For å rettferdiggjør luktå som nærmast hadde limt seg fast i luftå.. Eg har skrevet det før og kan ikkje gjenta det nok, hu har blitt altfor lik mor si.. Sånn med tanke på den kvikke kjeften altså, ikkje fisingå..

 

” Og her i helgå så slo hu te igjen, sterkt inspirert av si kjære mor, vil eg tru..

 

For Mini’en hadde jaggu meg vært ein håndfull på søndags ittemiddag.. Der han nåke øvetrøtt raste rundt i heimen, og gneldra som ei småsulten garabikkja.. Itte operasjonen med mandlene så fikk han ein sånn skikkelig tegneserie stemme, og spesielt når han klaga seg øve et eller anna.. Nåke som hadde vært ein gjengangar, nærmast heile søndags ittemiddag..

Nåke som toppa seg kraftigt under middagen, når han blei nekta å sitte med Ipad’en med middagsbordet.. Ein tirade av ein klagasang ploppa ut av kjeften hans.. Maten va heller ikkje god nok..

Eg og Kånå har nærmast blitt herda nå, sjøl om stemmen hans har kommen seg litt.. Men, han har vært litt forkjøla i det sista, og denna ittemiddagen så va han sur som ei skål med nypressa sitroner.. Så itte 3-4 minutt med konstant pipeklaging med kraftig helium klang, trur eg ikkje Litlajentå takla meir.. Og med ei ikkje så reint litå streng mina kikka hu på Mini’en, oppretta øyekontakt og slengte ut ein skarpladd kommentar..

 

– Herreguuuud, Max.. Nå må du lukka brødboksen altså, så eg får matro… Forstått.. Mens hu holdt blikket hans, fast som stål..

 

Mini’en kikka perplekst øve på meg.. Men eg kikka kjapt rett i tallerkenen av frykt for å brasa ut i krampelatter.. Han prøvde Kånå, men hu hadde gjemt andletet i hendå sine, mens skuldrene begynte å rista.. Han kikka på Litlajentå igjen, som satt lika fast i blikket og kikka stramt på ham.. Det va heilt klart at Mini’en nå satt mellom barken og veden..

Det e ikkje ofta han blir irettesatt på den måten fra Litlajentå.. Og lika sjelden e det at hu får nok av han..

De e stort sett som erteris dei to rabbagastene, kor hu finne på fantastreker og han utføre de.. Han e hennas lille håndtlangar som utføre Litlajentå sin ramp, med stor iver og ekstrem forsiktighet.. Ein gang må eg bare få filma han, når han liksom trur at me ikkje ser han, og liste seg øve gulvet.. Nett som ein teaterfigur som øvedrive kraftigt, for å illustrera at man snike seg fremover..

 

” Det e høge kneløft med krumbøyd rygg og ett merkelig uttrykk i andletet.. Det e eit nærmast ubetalelig syn..

 

Men, nå satt han og visste ikkje heilt ka han sko foreta seg.. Litljentå hadde vendt oppmerksomheten mot maten sin igjen, Kånå satt fortsatt og rista mens eg betrakta Mini’en i augakanten.. Lippå va dukka opp, men han visste ikkje heilt om han sko tørra å grina.. Av frykt for endå ein irettesettelse fra Litlajentå.. Augene va svære og hadde ett trist drag øve seg, itte å ha fått kjeft fra “Sjefå”..

Men te slutt så gjekk luftå ut av han, skuldrene sank sammen og han begynte å spisa maten, som han ikkje ville ha, alikavel..

Ipad’en fikk ligga ifred på stuebordet og ro og orden va igjen oppretta med middagsbordet.. Eg løfta blikket og kikka på Kånå, hu hadde endelig stabilisert ristingå og kikka tebake.. Og då va det gjort.. Eg sprakk ut i krampelatter te tårene rant, Kånå likaså.. Kidsa forstod ingenting.. Og den roen Litlajentå hadde oppretta, med sin skarpe kommentar og blikk av stål..

Den va nå ødelaggt av 2 foreldre på vei langt ut ein euforisk krampelatter av episke dimensjonar.. Gudhjølpe meg…

 

Litlajentå kikka bare irritert på oss.. Mini’en forstod ingenting, men slengte seg på latterkulå i rein sympati.. Før “Sjefå” fikk nok, tok maten sin og marsjerte ner på rommet sitt..

– Herreguuuud, for ein familie eg har.. Kauka hu te, før hu runda svingen i trappå..

Og Kånå som nettopp hadde samla seg bittelitt, blei dradd ut i ei ny bølga av elleville latterhikst.. Som sjølsagt smitta over på meg og Mini’en.. Men, hu har vel litt rett, Litlajentå..

 

Tjera vena meg, for ein familie me e…

 

=D

 

Ein effektiv Høstdag, ei Bod og nåken Syklar te besvær…

Idag, så har det vært ein slags merkelig dag, itte gårsdagens eskapader på Tysværtunet Kulturhus, og bLEST opptredenen.. Eg hadde egentlig ikkje tenkt å dra det så mye meir ut, men i løpet av dagen så har det kommen inn så mange meldingar, kommentarer og lignande.. Både fra folk som bare har sett videoene, folk som va der og andre som har sett innlegget eg skreiv, i ittekant..

Og alle har vært einsidig positive.. Ja, nesten i øvekant av ka man kunne forventa, eller ihvertfall håpa på..

Eg starta dagen halv 8 idag, med ein Mini som heldigvis ikkje va i fyr å flamme.. Og som til og med klarte å kviskra littegranne, både på veien opp i stuå og når me satt i sofaen og kosa oss med Barne-tv.. Sjølsagt, itte ein liten halvtime i paradis, så va det slutt på freden.. For itte ett par kopper med kaffi innabords, som igjen satte fart i systemet.. Så lurte eg meg ner trappå og ein tur på dass..

 

” Mini’en, som satt så ett lys i ca 2 minutt, itte eg traff rammå.. Fant plutselig ut at eg ikkje satt på siå av ham lengre, og kauka ut  itte meg, så resten av heimen våkna med ett brak.. Typiskt..

 

Eg tenkte eg sko gi beskjed te han, når eg gjekk ner på dass.. Men tenkte for meg sjøl, at han satt jo så fint og kosa seg, så eg lurte meg ut av sofaen og lista meg ner trappene, istedet.. Så når eg høyrte Litlajentå tusla forbi i gangen utanfor dassdørå, og Han i Midten kom trampande ner fra loftet, som ein elefant.. Då angra eg litt på at eg valgte snikmetoden, rett og slett..

Men, alt i alt.. Når man faktisk hadde hatt ein fin morgen, som ikkje starta skikkelig før klokkå hadde tippa godt over åtta.. Det ska man ikkje kimsa av, sånn egentlig..

Og når man på toppen av det heila får så masse flotte tebakemeldingar, når man har gjort nåke man absolutt ikkje trodde man kunne, eller mestra.. Ja, då e det e nesten litt overveldande.. Men, hjølpe meg kor kjekt.. Tenk kor bra det kunne blitt, om eg gjerna hadde hatt litt meir tid te å forbereda meg, enn bare ein kveld i forveien..

 

” Men, men.. Tusen Hjertelig Takk.. Te alle som har kommentert, sendt melding og forsåvidt på ett eller anna vis, gitt meg bestått på denna oppgavå her..

 

Eg skreiv i innlegget tidligare idag at denna dagen sko det bare slappast av, for eg va rett og slett heilt utkjørt igår, både mentalt og fysisk.. Itte både show og handleturen våras.. At eg meir eller mindre e sylte forkjøla, hjalp jo heller ikkje på.. Så igår kveld itte eg hadde skrevet kveldens innlegg, gjekk eg og la meg og slokna på null komma niks..

Her i innlegget tidligare idag, så nevnte eg nåke om at Kånå “muligens” hadde heilt andre planer, enn avslapping på tapetet idag.. Og bare sånn for bekrefta mine egne mistanker der, så fikk eg vel meir eller mindre rett i det..

Men sånn egentlig, så va det heilt greit.. Eg begynte til og med heilt av meg sjøl idag, for høsten har virkellig kommen med stormskritt.. Og med høsten så komme lauvet.. Og eg trur våras carport e ett skikkelig populært løvinntak, her på rekkehuskomplekset våras.. Det e ikkje måte på ka mengder med løv, som vinden legge igjen inne i carporten vår..

 

” Så eg begynte der itte eg hadde kledd på Mini’en og sluppet han ut.. Og fant fram kosten og renska heile carporten for løv..

 

Med det samma eg styrte på så kom eg på ein reklame eg hadde sett på tv, for syklane te meg og Kånå står alltid i veien.. Ein om ett sånt sykkelstativ i taket.. Kor man bare hekta sykkelen fast, og vridde den rett opp unna taket.. Sånn at den ikkje tok plass på bakken meir.. Me har jo ikkje så god Bodplass her i heimen, ihvertfall ikkje når eg må rydda plass te meg sjøl inni der, innimellom..

Så ein slags plan om å mekka i hop nåke lignande greier, begynte å bre seg i hjernebarken.. Det ville jo vært heilt genialt her hos oss..

Eg vett ikkje heilt kim som va mest øvgidde av oss, når Kånå kom ruslande ner.. Og fant meg hengande opp unna taket i carporten og styrte på, ein carport tom for løv til og med.. Men eg hadde skrudd ner nåke greier, som eg hadde brukt te å henga den gamle takboksen våras opp med, inne i bodå.. Og va i full gang med å skru de opp igjen, opp unna taket i carporten.. Når Kånå kom ut og kikka forbausa på meg..

Kånå, som allerede hadde laga kjøttkake middag klar, og satt ein bolledeig.. Hu blei faktisk såpassa inspirert itte syklane våras kom på plass der oppe, at hu likaså godt sette igang å rydda videre, inne i Bodå..

Det va nesten så eg begynte å lura litt på ka skumle planer hu hadde nå, som øvetok heile jobben min med bodryddingg.. Men eg fant ut det va best å holda kjeft.. Eg har lært meg at eg stort sett får vita årsaken te det eg lura på, om eg bare holde kjeft lenge nok.. Nåke eg som regel aldri klare.. Så då får eg gjerna svaret litt før, alikavel..

Men, idag bestemte eg meg for å holda kjeft.. Å rydda den hersens Bodå, det e det versta eg vett.. Så om Kånå ville ta den jobben fra meg, så værsegod..

Det va ikkje stort meir å sei om den saken, egentlig.. Med det samma eg sneik meg inn dørene, og lot Kånå vær aleina der i Bodå.. Så bestemte eg meg for å skrua opp den der hyllå, som Kånå har masa om i ett par veker nå.. Men, eg sko ikkje gjør det med ein gang.. Det sko eg jaggu meg gjør ikveld, tenkte eg for meg sjøl.. Nesten som ein slags “Grand Finale” .. Ein siste liten god gjerning, før me voksne må finna loppekasså, og få litt “kvalitetssøvn” ..

For kanskje kunne det vanka litt “Freddan” stemning, på ein lun søndagskveld då.. Det e jo adri godt å vita..

Eller .. ?

=D

Hyllå Kånå har masa om, blei ivertfall satt opp.. =D

 

Eg, tidsklemma og ein slags Stand up imårå… Joda..

Tjera vena meg.. Kånå sitte og kosa seg med The Voice, brus i glasset og chips i skålå.. Hu har rett og slett funnet fredagsfølelsen, der hu ligge strak ut på sofaen og nyte livet.. Mens eg, sitte å svetta som ein gris i sofaen, og prøva å forberede denna her opptredenen imårå.. Eg kan ikkje anna enn sei at det heilt klart ikkje har vært nåke sjakktrekk, å utsetta detta te siste nikk..

Men, men.. Sånn e det bare når man leve ett heftig og strabasiøst hverdagsliv, som småbarnslivet e..

Eg klara liksom ikkje heilt å se at eg kunne ha gjort det tidligare heller.. For kveldane komme jo fader meg på oss, før me nesten har fått omrymt oss.. Kvar einaste dag.. Dei siste ukene så har det meir eller mindre gått i ett, og før eg har visst ordet av det.. Så e man nødt te å hoppa i loppekasså..

 

” Gudhjølpe meg kor travelt det sista halva året har vært.. Som nå kulminere i ein spennande utfordring imårå..

 

Egentlig .. Så har eg jo ikkje tid te å sitta her å skriva innlegg heller, men eg måtte bare ha ein liten pause fra forberedelsene.. Ellers hadde eg mista heila truå på at det kom te å gå bra.. Av og te, så må man bare ta ett skritt tebake, før man går videre.. For å få progresjon på det man holde på med.. Eg va litt der akkurat nå..

Eg måtte bare tenka på nåke anna.. For ittemiddagen idag va av det heseblesande slaget, som vanlig..

Men itte me hadde spist middag, så stakk Flokken ut av dørene igjen.. Så eg å Kånå fikk lurt i oss ein kopp kaffi, og to minutt i sofaen.. Itte ein travel dag på jobb.. Det e jaggu meg litt artig og, når me sitte der.. Og kosa oss med kaffien og snakka om dagens begivenheter på jobb.. Fortelle artige historier om ting me har opplevd..

 

” Eg trur ikkje me har snakka så mye sammen, som me har gjort dei siste ukene.. Siden før me fikk Kidsa..

 

Det e jaggu meg litt løye og.. Når man plutselig finne ut at det e artig å prata sammen igjen, om andre ting enn bare husarbeid, ungar og lignande..  Ja, faktisk sitta og ha det litt artig ilag, mens man dele morosame historiar, fra arbeidsdagen.. Og før man visste ordet av det, så nærma det seg jaggu meg leggetid.. Ihvertfall for dei 2 minste..

Litlajentå hanka me ganske kjapt inn.. Men Mini’en.. Han va plutselig sporløst fordufta ..

Hjølpe meg.. Han hadde jo nettopp vært her rett rundt dørene, men nå va han ikkje å se.. Ein liten dør te dør aksjon hos naboene, ga heller ikkje nåke resultat.. Både eg å Kånå kjente pumpå begynte å dra seg te.. Kor i helsikke va den fjotten fordufta henne nå da.. ?? .. Det e jo litt typisk Mini’en.. Joda, ska sei ifra hvis han går inn te nåken andre han, heilt klart..

Men glemme sjølsagt det ut, med eingang det dukka opp ett eller anna spennande..

 

Te slutt så kom Litlajentå som hadde slengt seg på leiteaksjonen, i hug at Mini’en hadde leka med ein kompis som bor på andra siå av gatå.. Og Kånå som forsåvidt va på den siå å leita.. Hu jogga bort å ringte på.. Og joda.. Der va jaggu meg den der rømningskongen og kosa seg.. Og når han fikk klar beskjed om at han vitterlig sko gi beskjed, når han gikk andre plasser enn rett rundt dørene her..

Så kom svaret kontant.. – Jammen Pappa da, ed måtte bare følga han hjem, vettu.. Då kunne ikkje eg gi beskjed før, men ittepå..  

Typiskt vettu.. Han e bare 4 år, men har allerede lært seg at det e lettare å få tilgivelse enn tillatelse.. Men, der igjen.. Det e gjerna likagodt at han lære det før, istedet for seinare.. Han finne seg vel ei Kåna ein gang i livet den karen der og.. Vil eg tru.. Men, sånn uansett så fikk nå kvelden ein lykkelig slutt idag og..

Ihvertfall for dei andre her i heimen.. Eg vett ikkje heilt ka tid eg komme te å finna loppekasså ikveld..

 

Men plutselig… Så sitte det i sikringsboksen heila greiå.. Får eg håpa.. Eg kan ikkje anna.. =D

 

Mini’en, Junkfood og ein ellers mot Normal dag – Her i Småbarnsfabrikken..

Tjera vena meg, for ein dag.. Ein dag som egentlig starta rimelig greit, med ein heilt overkommelig mengde med gods på jobb.. Det hverken bugna over av varer eller va for lite, sånn heilt passe.. På ein måte.. Så, når både eg og Kånå va inne på terminalen igjen, itte første tur.. Så va det egentlig meiningå at Kånå sko ta turen heim, mens eg tok å lasta resten..

De hadde hatt problemer med rullebåndene på hovedterminalen på Alnabru igår, så det va forventa ein god del ekstra varer inn imårå..

Så istedet for å la varene me sko kjøra i morgen stå, så bestemte me oss for å få de ut, eg og Kånå.. Sånn at me va godt forberedt om det blir store mengder på fredagen.. Det e greit å vær godt beredt, så det ikkje blir fullt kaos og uberlang dag, på ein fredag liksom.. Så Kånå fikk ordna ett tantebarn te å møta Litlajentå, når hu kom heim fra skolen..

 

” Og så fylte me opp kvar vår bil, og kjørte te kvart vårt ytterpunkt.. Hu te Bokn, eg te Nedstrand.. Sånn at sonen vår blei renska for varer..

 

Forviklingane starta når klokkå nærma seg halv fira, og både eg og Kånå fortsatt spant rundt og leverte.. Litt trafikkproblemer, ringing te kunder og andre uforutsette hendelsar, hadde forsinka oss begge.. Og når man begge vekselsvis befinne seg i “The valleys of Dead Mobildekning”, sånn at begge ikkje hadde dekning på samma tiå..

Då e det jaggu meg ikkje lett å kommunisera, om kossen man sko løysa flokå, som me sjøl hadde rota oss opp i..

Og når me endelig i ett par sekund fikk kontakt, så snakka me jo såpassa fort og i kjeften på kvarandre.. At ingen av oss høyrte ka den andre sa, før ein av oss mista dekningen.. Snakka deg om suppa, vettu.. Eg blei rett og slett heite i toppen og klaga meg mi såre naud, der eg satt i lastebilhyttå og forbante den forbaska dårlige mobildekningen, innover i distriktene..

 

” Det va jo så inni granskauen typiskt at når eg hadde dekning, ja då va Kånå uten.. Eller omvendt.. Sjølsagt akkurat når me trengte det som mest..

 

Itte nåken minuttar i fullt villrede om kossen me sko løysa dilemmaet, så fikk me endelig skikkelig kontakt.. Kånå hadde på realt Kånevis løyst opp i flokå sjøl, mens eg hadde vært i teknologiens svarte hull.. Sjølsagt sko me henta jentå te ein av naboane på feltet idag, så det va jo litt greit å rekka barnehagen, på ein måte..

Men Kånå hadde på ett usannsynlig vis tilrevet seg overtaket, på ein strabasiøs dag som nesten hadde overmanna oss..

Ihvertfall sånn jobbmessig.. For me hadde avtalt at det fikk bli junkfood te middag idag.. Når me nærmast jogga inn dørene heima med få minutts mellomrom, så va avtalen at Kånå sko kjøra opp på og handla mat.. Mens eg tok meg av Flokken.. Men, gudhjølpe meg.. Kim som gjekk på den største smellen, det vett ikkje eg.. For Flokken virka som om de hadde spist dynamitt idag..

Og med Han i Midten i fortroppene så gikk de nærmast amok, mens ein sliten Fatter’n kava rundt i ørskå..

 

Og når Kånå te slutt kom heim, og eg akkurat hadde fått orden i rekkene.. Itte å ha ferska Mini’en minst 3-4 ganger på rad, mens han stille som kjettå lista seg opp på kjøkkenbenken.. For å gjør ett brekk i snopeskapet.. Ja, då hadde Kånå fått heilt feil mat te Kidsa.. Istedet for 4 barnemenyer med Nuggets, så lå det 4 cheeseburgere oppi, dandert med ketchup, sylteagurk og dressing..Og null Nuggets..

Sjølsagt nåke som ingen av våre ungar ete.. Litlajentå og Mini’en e forsåvidt storforbrukare av ketchup, men resten e de sterkt reserverte mot..

Kånå klikka i vinkel, treiv posane te seg og trampa nerøve trappene igjen.. Meir eller mindre illsint.. Det e ikkje første gangen me har fått feil, men då har det gjerna bare vært ein meny som ikkje stemme heilt.. Ikkje alle fira.. Det va jo reinaste katastrofe stemningen i stuå.. Mini’en hylskreik, Litlajentå klikka fordi hu ikkje fikk vær med mor si opp å ordna opp..

 

” Mens dei to eldstegutane satt og klaga seg øve kor sultne de va..

Himmel og hav…

 

Eg tenkte forsåvidt for meg sjøl, at eg egentlig va sjeleglad for at det ikkje va eg som stod bak disken der oppe.. Når ei mildt sagt irritert, småilter og skrubbsulten Kånå, kom trampande inn dørene for å reklamera.. Stakkars folk.. Nåken skjebner e så galne, at man nesten ikkje unne sine verste fiender det ein gang.. Men, men.. De hadde nå forsåvidt tråkka i salaten sjøl..

Eg fikk stilna Mini’en med å gi han min Pomme Frites.. Litlajentå hadde heldigvis satt seg ner med Legoen sin, og dei eldste va opptatt med ein serie på Tv’en..

Men når Kånå kom heim med rett mat så klikka Mini’en igjen, fordi han ville ha jordbærmilkshake sånn som Han i Midten hadde fått.. Men han får ikkje det meir.. Fordi ein gang når han fikk det.. Så tok han to sup og ville ikkje ha meir.. Alikavel så har han ikkje lært og laga ett haraball uten like.. Det hjelpe jo ikkje akkurat på at han e inne i ein av sine mest trassige periodar te nå, og teste oss foreldre ut te den store gullmedaljen..

 

” Redningå blei at han fikk smaka av Han i Midten, og satte opp ei grimasa uten like når ham endelig huska at han ikkje likte det.. Herregud..

 

Men… Omsider hadde me fått middagen i oss, og ein slags fred senka seg over heimen.. Det betyr at Flokken røymte huset og stakk ut.. Kånå fyrte igang med husarbeid, mens eg benytta sjangsen te å stikka avgårde te mine foreldre ein tur, på kaffibesøk.. Med påskudd om å ønska de god tur.. De ska te Spania på lørdag.. Mor mi har ikkje vært heilt begeistra for detta, hu lika seg ikkje i varmare strøk..

Men eg trur hu ser litt fram te det nå, når kveldane blir fort mørke og kulda snart sette inn..

Eg fikk med meg nåken nøster med stoff, som Kånå hadde handla inn te Mor mi.. Hu hadde bestillt pannebånd te Litlajentå.. Så egentlig hadde eg god grunn te ett lite friminutt i ein vilter hverdag.. Som forsåvidt blei nøte i det lengsta.. For når eg trødde inn dørene heima.. Så va det full gass i heimen igjen.. Dei 2 minste som egentlig hadde lagt seg, holdt ein makalaus sjau i 1 etg.. Han i Midten satt i stuå med tv’en på full guff..

 

” Og eg hadde glemt å henta Eldstemann hos ein kompis, som eg hadde lova på veien heim.. Det fant eg ut når eg spurte Kånå om kor han va henne… Kånå himla med augene og rista oppgitt på hovudet..

 

Så joda.. Stort sett e det mesta som normalt.. Hverken meir eller mindre…

Vil eg tru…

??