For sikkerhets skyld.. !!

Gammalt bilde, men passa fint idag.. Egentlig.. =D

Så sitte me her i sofaen igjen som så mange ganger før, ein grytidlig lørdagsmorgen.. Mini’en har sjølsagt funnet ut at å sova lenge i helgene, det slutta me med når ferien e over.. Då ska me opp før fuglane fise, heilt klart.. Idag morgens vakna eg f.eks av 2-3 iskalde Matchbox bilar som va parkert på ryggen..

Dåkke vett den følelsen.. Når din kjære utvalgte gjerna stappa ein iskald neve unna genseren din, og du sprette te av frysningar..

Nett sånn va det.. Bare at eg sov som ein stein, og vakna av dei her iskalde metallbilane på ryggen.. Og ein Mini som blei illsint når eg spratt te og ødela “parkeringsplassen”.. Å forsøka å beholda roen og harmonien som hadde herska på soverommet, innte eg blei sjokk oppvekka.. Det va som å tru på julanissen..

Så for å ikkje vekka vreden te hu som lå i skjønnhetssøvnen dypa favn, på andra siå.. Så rusla me opp i stuå, mekka ein kopp kaffi og ett glass melk..

Og skrudde på barne tv..

 

Å om eg sko fått sagt det sjøl, så va det nå jaggu meg litt koselig og.. Det å sitta sammen i stuå med Mini’en, mens han ser på tv og eg surfa litt på nettavisene og leste litt nyheter.. Morgenen va som ein seilbåt som sakte seig innover ein fjord, med ein mild bris i ryggen.. Mens solå stadig blei sterkare bak om fjellenes mektige skyggar.. Ein idyllisk morgen med ett saktmodig og fortryllande herligt tempo..

Så kom Litlajentå opp trappå og satte seg ved siden av Mini’en.. Og mitt lille øyeblikk i himmelens paradis va over..

Det gikk omtrent ikkje meir enn 2-3 minutt før hu begynte å kviskra te lillebror sin.. Det e egentlig heilt ufattelig kor stor innflytelse denna her jentå, har klart å opparbeida seg hos Mini’en.. Hu e jo sjølsagt nåken år større enn han, så at han ser opp te henna e jo forsåvidt naturlig.. Men at han ska lystra kvar einaste av hennas utspekulerte ordre, det e litt meir besynderlig..

“Og plutselig så spratt de ut av sofaen begge to, å begynte å bygga på togbanen de hadde leka så fint med igår kveld, før de la seg..

 

Som igjen medførte at denna stakkars seilbåten min, som billedlig speilte min harmoniske morgen.. Den kjørte rett inn i ett tåkehav og traff ein stim av øveivrige dampbåtar, som meir enn villig tok i bruk tåkelurane sine.. Gudbevare meg vel.. Alle som har sånne togbaner av tre, vett et dei gjerna ikkje e heilt lydlause i interaksjon med ett hardt laminatgulv..

Og når man gjerna ikkje e heilt enige om kim som ska ha ka, og begynne å kasta togbane deler itte kvarandre.. Ja då e forsåvidt ragnarok laust..

All idyllisk lek fra dagen før va som forsvunnen ut i intet.. De fikk faktisk vær bittelitt lengre oppe igår, Mini’en og Litlajentå.. For de leka så fint sammen med den samme togbanen.. Men idag, så hadde de absolutt ingen planer om å leka fint ilag.. Der de satt på gulvet og krangla om togdelene så fillene føyk.. Tjera vena meg..

“Mini’en kom på at det låg fleire deler oppe på loftet, og satte kursen mot trappå.. Med Litlajentå rett i hælane..

 

Eg fikk akkurat stogga “veddeløpshestane” ved trappå, når eg oppdaga kappløpet om endå fleire togbane deler.. Som igjen hadde dratt meg ut av denna her sedvanlige koma tilstanden man befinne seg i, på ein tidlig lørdagsmorgen.. Det sko jo tatt seg ut om de hadde vekka Han i Midten for tidlig og, då blir ragnarok som ein liten fjert i Atlanterhavet..

Eg fikk altså avverga katastrofen og losa de tebake i stuå.. Puh, snakka om å stå på kanten av stupet, med vind av orkan styrke i ryggen..

De e litt som hund og katt dei to minste, sånn når det gjelde å leka sammen.. Somme ganger e de som uadskillelige perlevenner som storkosa seg sammen.. Mens andre ganger kan de gå kvarandre på nervene, før de nærmast har begynt å leka.. Men.. Det e vel sånn det ska vara.. Og heilt sikkert e i dei fleste norske hjem.. Så koffår ska me ha det nåke bedre, eller annerledes enn andre..

Eg hadde nesten ikkje fått satt meg ner i sofaen, og falt inn i denna saktmodige morgen komaen igjen.. Før eg brått og brutalt spratt te himmels i sofaen av nok ei brudulja mellom dei to..

 

Litlajentå og Mini’en hadde lista seg ut på kjøkken for å gjør ett brekk i snopehyllå våras.. Men når Litlajentå hadde forsøkt å stogga ein nåke i øvekant grisk Mini, så gikk det lukst te helsikke for na.. Hu e flink te å lokka han med seg og kviskra ramp i øyra hans.. Men når hu har lokka han langt inn i Shangri La, for så å nekta han både prøvesmaking og nasking av det han vil ha..

Så har til og men Litlajentå absolutt null påvirkningskraft..

Det e som 2-3 småtroll i butikken som står ved snopehyllene og skrike samstemt sine forbannelser te VVF.. “Verdens Verste Foreldre”.. Som ikkje vil handla snop te de.. Sånn stod ivertfall Mini’en og kauka te Litlajenta på kjøkkkenet.. Ei fortvila Litlajenta i full oppgitthet.. Både øve at de va blitt tatt på fersken, og av at hu ikkje mestra akkurat denna situasjonen..

“Hu e nok ein liten perfeksjonist denna her jentå, som spinne sine plott med stor sjølkontroll og oppfinnsomhet.. Derfor va det nok litt fortvilande å mista kontrollen, midt i brekket..

 

Eg forstår jo hu litt og.. For Litlajentå har vel fått med seg at når man gjør ett sånt brekk, så e kunsten å ikkje ta for masse av det man har lyst på.. Sånn at me foreldre gjerna ikkje legge merke te det.. Og hu gjerna går fri.. Ivertfall så e det litt igjen te oss foreldre gjerna, så me bryr oss ikkje så voldsomt om det har minka bittelitt..

Mens Mini’en.. Han leve nok fortsatt litt meir itte Ole Brum mottoet.. “Jatakk, begge deler..”

Ingen god kombo sammen med ei utspekulert og kalkulerande Litlajenta.. Som sjølsagt prøvde å holda naskingå på ett diskre nivå.. Så det hadde jo gått som det måtte gå.. Full Van Halen konsert på kjøkkenet.. Og man kan vel med sikkerhet sei at Litlajentå ikkje e verdens største Van Halen fan.. Forsåvidt ikkje Han i Midten heller.. Som plutselig komme sjanglande nerøve trappå, i halvsøvnå..

Gudhjølpe meg og herrens Hærskare..

 

Det 20 neste sekundene av denna morgenen, som hadde starta med komplett harmoni og idyllisk kos i sofaen.. Men nå endt i ett øredøvande crescendo på kjøkken.. Dei ville definera kossen resten av denna dagen gjerna ville utarta seg.. Alt stod og falt på humøret te våras eneherskande livsnytar her i familien.. Han i Midten..

E han i øvekant irritert og sur før han har våkna skikkkelig, så har man garantert ein utfordring foran seg.. Mildt sagt..

Men, har han mot all formodning fått nok søvn, og ikkje lar seg distrahera for mye av hurlumheien som nettopp hadde foregått.. Så kan man faktisk gå på ein omvendt smell, med positivt fortegn.. Til og med Mini’en og Litlajentå hadde tidd totalt stille, og stod bare å kikka spent på Han i Midten.. Som tok sista trinnet ut av trappå og inn på gulvet, i slow motion liksom..

“Man kunne sikkert høyrt eit hårstrå treffa bakken, så stille va det akkurat nå..

 

Spenningen va te å ta og føla på.. Han i Midten gjorde ett kast på hovudet, og luggen falt te side.. Fortsatt i slow motion.. To smale søvndrukne auger åpenbarte seg, og ett skrekkslagent gisp blei sluppet av forsamlingen.. Som fortsatt stod som forsteina å venta på kossen resten av dagen ville bli.. Det såg mørkt ut.. Sånne smale auger hadde me sett før..

Litlajentå kikka slukøra i bakken.. Mini’en såg på meg med ett fortvilande blikk.. Ka hadde me gjort..

Monsteret begynte å sei nåke, og me snudde oss mot stemmen nærmast lamma av panikk.. – Ka i alle dager e det dåkke holde på med her nere.. Må dåkke bråka sånn?? .. Sa Han i Midten.. Før han rusla forbi oss, åpna kjøleskapet og fant melkeboksen.. Han fisk opp ett glass fra skuffå bak oss, og helte oppi..

Og når han hadde drukket opp, så kikka han på oss igjen, og la te.. – Ka e det dåkke kikka på.. ?? .. I ein lattermild tone.. Før han gjekk å satte seg i sofaen..

 

Me kikka på kvarandre.. Eg, Litlajentå og Mini’en.. Og forstod samtidig at me nå hadde stått ytterst på kanten av ein nærmast bunnløs avgrunn og svaia, men me hadde blitt redda i siste sekund..

Som belønning te oss sjøl tok me kvar vår snopeting, mens Mini’en fiska opp to te..

” – Ed gi 2 te Broremann og, for sikkerhets skyld.. !! Sa han, og kikka bestemt på oss

 

Han kan gjerna vær litt grisk og korttenkt innimellom, han der Mini’en.. Men dum det e han ikkje.. Det ska han ha..

 

Ha ein strålande lørdag, Folkens.. Og god helg..

=D

 

Nesepray, Kånå og andre trivielle Forviklingar..

Et bilde som i høyste grad gjerna gjenspeile energien me utstråle.. =D

Hjølpe meg.. Først så klaga eg meg øve ein tom skalle, og legge ut i ett langt innlegg om både det ein og det andre.. Og Avslutta nesten med følelsen av at nå.. Ja nå hadde eg kommen godt igang igjen.. Joda.. Neida.. Då holde me kjeft i 3-4 dagar te då.. For sikkerhets skyld.. Som om ikkje dei dagane i forrige uka va nok.. Det e så gale atte..

På toppen av det heila så har eg blitt sylte forkjøla, tette i nasen og har sannsynligvis ett lite snev av feber..

Eg tørr ikkje sei det te Kånå eingang, for då e helsikke laus.. Det e bare å bita tennå sammen og kjempa seg gjennom ittemiddagen.. Sånn som idag.. Eller igår då.. Sånn egentlig.. Det har jo allerede blitt idag på ny.. Tjera vena meg kor fort den der tiå går.. Eg syns jo nettopp det va mandag, og idag e det torsdag allerede..

 

Men.. Altså det va denna her forbaska forkjølelsen då.. Eg har gått å veksla mellom å småfrysa og følt meg som ett damplokomotiv på jobb igår.. Og har rett og slett ikkje vært i optimal  form.. Så når eg kom heim va det bare å gjera dystre utsikter te skamme, og gjør som om man va i toppform.. Sist gang Kånå tok meg på fersken i å vær sjuk når eg blånekta, då skrudde hu bare på febermålaren igjen..

Som eg nettopp hadde skrudd av og diskre gjemt bak om nåke greier.. 39 komma ett eller anna lysa imot Kånå, og eg fekk rødt kort å blei sendt i sengå..

Det e det versta eg vett.. Det å vær sjuk.. Ivertfall når man hverken har lyst eller tid te å vær det.. Sjuk liksom.. Då får man jo ikkje gjort nåkenting fornuftigt.. Og ligge eg i sengå for lenge, så enda eg jo opp som ein tømmerstokk.. Med ein kropp uten ett einaste fungerande ledd.. Det knirka og knaka i knær og rygg, når eg gjerna har fått sovet litt for lenge i ei helg..

” Det e som oftast derfor eg jumpa ut av sengå før Kånå i helgene.. Det, og at hu har ett merkelig behov for meir søvn enn meg..

 

Hu kunne sikkert ha sovet ein heil lørdag gjennom.. Om hu hadde fått lov.. Ein durabalige skjønnhetssøvn.. Kunne vel ikkje sluppet na ut dørene igjen ittepå då, så flotte som hu hadde blitt.. Jaja, det va nå gjerna å ta hardt i.. Trenge ikkje skryta for mye.. Eg har ikkje så mye på svartelistå mi i det sista.. Det e viktigt å ikkje skryta for mye øve Kånene sine heller, då kan de plutselig bli høge på pærå..

Men eg kom nå inn dørene itte jobb idag.. Litlajentå hadde eg observert borte på lekeplassen, og Kånå holdt på å tuttla i gangen..

Eg rekna jo med at hu va aleina heima, når hu spurte om eg ville vær med å henta Mini’en i barnehagen.. Siå eg va nåkenlunde heima i normal tid.. Så i beste Fatter’n stil for å skjula at eg va i øvekant slakke, så gjorde eg nåke som eg garantert visste ikkje ville hverken avsløra sjukå.. Eller enda opp med suksess med det eg gjerna gjorde ett fremstøt på..

 ” Så eg ga Kånå ett dualigt klaps på stumpen og proklamerte høgt ut, at eg syns me heller burde ta ein “Quikkie” på vaskerommet.. Før me henta Mini’en..

 

Kånå blei sprutrød i trynet, kikka på meg med ett småpanisk ansikt mens hu peika oppøve og kviskra at Eldstemann satt rett der oppe på kjøkken.. Før hu rista oppgitt på hovudet øve denna her maen sin, tok på seg skornå å durte ut dørå for å henta Mini’en.. Eg tok av meg mine sko, rusla forsiktig opp trappå og såg heldigvis ikkje nåke Eldstemann på kjøkken.. Puh, tenkte eg med meg sjøl.. Ei flausa va ivertfall avverga..

Så eg mekka meg ein kopp kaffi, kjørte den spontette nasen full av nesespray og gjekk mot stuå..

Eg kan forresten ikkje forstå folk som blir avhengige av nasaspray.. Det e for meg ei gåta.. At nåken syns det e godt å få innsiå av nasaskaftet snudd på hovudet av den helsikkens sprayen.. Eg holde på å få åndenød kvar gang eg må te med det der dritet.. Og så smaka jo ting absolutt ingenting ittepå.. Til og med kaffe blir bare som varmt vann, som renne nedover ganen og gir meg absolutt ingen godhetsfølelse, som den pleie..

” Og så svir det som ett hel…te.. Kvar forbaska gang.. Gudhjølpe meg, eg blir ivertfall aldri vant med det nasaspray..

 

Men.. Sjølsagt når eg går mot stuå med tidenes tåkesyn itte nasaspray torturen og ein kopp kaffi i handå.. Så ser eg Eldstemann som sitte og flira i sofaen, gjennom tårene som renne itte nasen har blitt bombandert av menthol spray.. Han hadde tydligvis fått med seg seg Fattern’s flåsete bemerknimg nere i gangen.. Og syns det va ufattelig morosamt med ein sjanglande, tåresprettande og småflåsete Fatter’n som ikkje heilt klara å tenka lengre enn nasatippen, i ny og ne..

Ein Fatter’n som i sin iver itte å fremstå som frisk, og ikkje sjuk.. Gjorde ett fremstøt han visste kom te å bli avvist uansett.. Uten å tenka på at andre gjerna va heima..

Det blei ein nåke klein stemning før Eldstemann luska seg opp på rommet sitt.. Mens eg slokna som ett slakt på sofaen, itte ein slurk og to av kaffien.. Og blei ikkje vekka før Kånå sa, at nå kjørte hu på trening med Eldstemann.. Mini’en satt i badekaret, Litlajentå lekte på rommet og Han i Midten ana hu ikkje kor va.. Alt va som mot normalt, egentlig.. Eg fikk ta meg ein Ibux og få fart på flesket, sa hu.. Når hu jogga ner trappå..

Eg kikka forfjamsa på meg sjøl, og den gryande carporten øve litlekaren.. Som gjerna ikkje kunne kallast gryande meir.. Meir “ikkje langt fra ferdigstillt” for all del.. Men ivertfall ikkje flesk..

” Tjera vena meg.. Eg lå bare litt toskje te, så den såg litt større ut.. Magen altså..

 

Jaja.. Eg gjorde som Kånå hadde befalt.. Tok ein Ibux og satte igang.. Mini’en blei fiska opp fra karet.. Litlajentå leste litt for meg, eller me repeterte det hu sko lesa, ivertfall.. Før me luska oss ner på rommene, sang litt nattasanger og så slokna de nærmast på minuttet.. Då dukka Han i Midten plutselig opp.. Han som egentlig ikkje sko gå ut, før mattelekså va gjort.. Forbaska livsnytar den der karen, eige ikkje ein bekymrande tanke i si sjel..

Men han dukka nå opp igjen kvar kveld, får seg litt mat før han hoppa te køys.. Så eg trur nå han trives her hos oss.. Det virka sånn..

Igår fikk me til og med gjort mattelakså i ein fei.. Uten så mye som ein protest.. Eg holdt på å detta i bakken av forbauselse, når han plutselig satt der å rekna.. Uten å ha fått 59 beskjedar om å gjør det.. Miraklenes tid e tydligvis ikkje øve.. Det e ivertfall heilt sikkert.. Skjønt, de pleie å gå fort over sånn for hans del, som oftast..

Man kan jo ikkje vær flink te nåke for lenge om gangen.. Kor utfordrande hadde det vært for oss foreldre da..

 

Eg har ein mistanke om at den guten blei sendt te oss fra storken, for å testa oss te alle våre yttergrenser.. Men.. Han e jaggu meg ein flott gut med ufattelig mye omtanke for andre i seg.. Man må bare forstå han på rett måte.. Og håndtera han deretter.. Ikkje alltid lika lett med ein flokk på fira løpande rundt beinå på seg.. Men det kjeme seg for kvar dag..

Kvar dag man har overlevd nok eit døgn som massebarnsforeldre, det e ein lykkelig dag.. Me legge oss som regel med ett smil om munnen, eg og Kånå..

Når me gjerna har oppdatert kvarandre om våre småtroll sine krumspring.. Eller gjenopplevd nåken av våras små fadeser, i løpet av dagen som gjekk.. Og ligge i sengå og hikste av latter, før me sovna meir eller mindre utmatta.. Ikkje på grunn av nåke “quickie” på vaskerommet, eller utvida sengegymnastikk itte man har delt hver sine historiar..

” Men rett og slett av 4 spinnville ungar som har dratt sine foreldre langt over forstandens grenser, og tebake.. Gange 2..

=D

 

Viskelær i kaffien…

Denna ukå har eg meir eller mindre ikkje vært kompis med tastaturet, mildt sagt.. Eg har sikkert påbegynt ein skokk av innlegg, for så å kassera de.. Te min store fortvilelse.. Alt eg skreiv blei bare ei skikkelig suppa, uten driv, fremdrift eller sammenheng.. Eg satt med følelsen av at eg hadde mista taket på skrivingå.. At evnen te å setta setningar sammen te nåke som faktisk kunne finnast underholdende å lesa, va sporløst fordufta..

Som om nåken hadde hatt viskelær i kaffi’en, som igjen hadde funnet veien te mitt kreative senter i hjernebarken.. Fra fordøyelsessystemet og inn i blodårenes uransaklige veier, og viska vekk evnen te å setta sammen ord..

Hjølpe meg.. Eg har hatt dagar kor det har vært tomt i topplokket, til og med gjerna ei lita uka.. Men det har alltid dukka opp ett eller anna som har aktivisert hjernebarken, og trylla fram den eine historien itte den andre.. Og det mangla ikkje ting å skriva om heller.. Det e full fart i småbarnsfabrikken og hendelsane komme forbi på et stupfullt samlebånd.. Eg får bare ikkje te å skriva om det..

 

Og eg ana ikkje koffår.. Eller forsåvidt, så gjør eg gjerna det.. Nåke må jo vara årsak te denna her ufrivillige “melt-downen” oppe i topplokket..

 

Eg har ein liten mistanke om koffår eg plutselig har fått ett jernteppe større enn Niagara fossen, øve mitt kreative senter.. Av ein eller anna grunn har eg følt at denna ukå måtte eg virkelig levera varene.. Alt eg sko skriva denna ukå måtte vær fra øverste hylla, nærmast bedre enn alle dei gode innleggene eg har skrevet før, te sammens.. Men istedet for å virkelig toppa heile driten, så har eg heller gravd hovudet ner i sanden i iveren itte å overgå meg sjøl..

Då e det jaggu meg ikkje lett å komma gjennom sin egen kvalitetskontroll, om ikkje nærmast umulig.. Og det i ei uka man virkelig føle det e viktigare enn nåken gang å gi gass..

Joda.. Det e som om topplokket e ein gammal forgassarmotor, som ikkje e justert optimalt.. Så når man trør litt ekstra på pedalen, så flomma det for mye bensin inn i forgassaren.. Og istedet for å akselerera mot nye høgder, så blir forgassern overfylt og kvele heile motoren, så den stoppa.. Nett som hjernebarken min har vært denna ukå.. Eg har hatt så mange ideer og planer te innlegg, at når eg endelig utpå kvelden har funnet ei litå luka..

 

Ja, då e det så overfylt i topplokket at det einaste som kom ut va stakato og fri for flyt.. Før det stokka seg heilt og det mesta blei sletta..

 

Typisk og, vettu.. At når man virkelig vil visa seg fra si besta sida, så går alle planer i stå.. Og på toppen av det heila så va det sikkert ingen grunn te å ha den følelsen i seg.. Det va ingen grunn te å la forgassaren flomma over.. Man burde bare fortsatt som man hadde gjort før, med formelen som absolutt har funka supert te nå.. Og ikkje latt seg forstyrra av ting man ikkje har kontroll øve sjøl, alikavel.. Istedet for å gå seg totalt vill i ein labyrint av tankar og planer, som surra som ein bisverm i hjernebarken..

Eg kan ikkje forstå at det kan vær så mange andre årsaker, te denna her plutseliga bråstoppen.. Heilt idiotisk, rett og slett.. At man lar seg forstyrra av ting man ikkje kan styra..

Jaja.. Det kan jo vær at eg har mista denna her skrivegløden, men eg trur ikkje det.. Eg har opplevd det før på ein måte, akkurat detta her.. At når eg har hatt ein steikje god periode med stadig aukande lesartall, så får eg ein slags prestasjons angst.. At nå må eg jaggu meg levera bedre enn sist innlegg, for å fortsetta denna gode trenden.. Men ende istedet opp med ein liten skrivetørke.. Fordi man blir for sjølkritisk..

 

Man blir rett og slett sine egen største fiende, sånn kreativitetsmessig.. Tjera vena meg.. Man kan bli så eitrande irritert på seg sjøl, at det ikkje e sant..

 

Men, men.. Sånn e det bare.. Man får læra av sine egne feil, og prøva å ikkje gå i samma fellå igjen.. Eg har tross alt klart å skapa ei sida som dåkke leserar storkosa dåkke med, ein arena for humor, hverdagshistorier og finurlige skråblikk.. Som igjen nærmast uten unntak lar dåkke leserar sitta igjen med ein god følelse, når dåkke forlate sidå.. Itte å ha lest ferdig..

Meir eller mindre uten hjelp, og mot alle odds.. Fulltidsjobb, ein skokk med ungar og ei Kånå som kreve sitt.. Det e jaggu meg ikkje lett å forstå at eg har hatt tid te detta her..

Eg forstår det nesten ikkje sjøl eingang.. Alikavel så har eg te tider produsert det eina innlegget itte det andra, som dåkke leserar har trykka te dåkkas bryst og delt, trykka liker og kommentert i hjel.. Dåkke har kjent dåkke igjen, fortalt om lignande episoder av egen erfaring og lagt igjen fantastiske anmeldelser på Facebook..

Så … Det e nok bare å bretta opp ermane, og fortsetta i samme stil som før.. Mens man prøve å fortrenga denna trangen itte å alltid bli så mye mye bedre..

 

Eg må rett og slett høyra litt på meg sjøl.. At om man gjør så godt man kan, så e det rett og slett bedre enn meir enn godt nok.. Liksom..

Man må ikkje alltid overgå seg sjøl, i sin iver itte å bli bedre..

Men heller slippa litt opp på sin egen sjølkritikk.. Og la litt meir slippa gjennom sensuren.. Så eg kan ikkje anna enn beklaga, for litt forvirrande fravær denna ukå, Folkens..

Men .. Plutselig..

=D

 

 

Humor kan vær ett fryktelig godt våpen..

Foto : Astrid S

I løpet av uka så gjekk så dukka ein Jodel opp på Facebook, om at Astrid S gjekk nerøve Karl Johan med ein Livvakt.. Kor denna Jodel oppfinnaren meinte at så viktig va hu ikkje.. Forsåvidt ein litt småartig liten snutt av ein Jodel.. Det e jo litt kossen den som e nevnt agere på sånne morosame Jodlerier, som gjerna enten legge den død, drar den opp te proporsjonar uten like eller faktisk snur den te egen vinning..

Det trenge jo forsåvidt ikkje vær ein Jodel ein gang, kanskje bare ett utsagn fra ein eller anna i media.. Ein sitat i ein bokbiografi og andre lignande ting..

I mi meining gjorde Astrid det einaste riktiga, når hu valgte å respondera på denna jodle snutten.. Med å avkrefta at hu hadde ein livvakt gåande ved si sida..

” Eg sitere..  Hva F..n.. Jeg går vel ikke rundt med en livvakt.. Jeg har 4.. ”

Ubetalelig vettu.. Hu respondere på ein humoristisk og godslig måte, som både tar snurten av den første Jodelen.. Og mot all formodning snur det te ei positiv greia..

Alle skjønne at det e på skoi, og Astrid ende opp som den store vinnare i ukas Jodel “fight”..

 

Eg trur mange kunne lært av denna måten å respondera på.. Mange ganger e nok den beste måten å ikkje respondera i det heila tatt, om man forsåvidt ikkje ønske meir oppmerksomhet rundt seg sjøl da..

Og meine at all Pr e god Pr..

Sjøl om man gjerna ende opp som ein tosk i saken.. Det finnes nåken hårsåre bloggerar som har benytta seg av den metoden, for å gjerna få litt medfølelse og medlidenhet..

Men som ikkje heilt klara å formulera seg på ein slik måte, at man vekke dei medfølende følelsane hos sitt publikum.. Istedet ende man gjerna opp som den patetiske idioten, og bare bekrefte det nåken gjerna har sagt om de.. I første omgang..

 

Ett eksempel på feilslått respondering på ting som komme fram i media, det e denna her John Arne Riise saken, for nåken år siå.. Når Claus Lundekvam la ut i bokå si om at 3-4 kvinnfolk hadde rusla ut og inn fra rommet te Riise, på landslagsamling.. Som endte med full oppstandelse i media og skittslenging øve ein lav sko.. Riise gjekk te motangrep og benekta alle utsagn fra Lundekvam.. Det tok jo heilt av..

Eg meina Riise absolutt gjorde alt feil i denna saken.. Det e som sagt forskjell på å vær toskjen og idiot.. Her kjørte Lundekvam forsåvidt i front og kom med påstander i si bok.. Ganske så utleverande påstander.. Til og med..

Då e det faktisk sånn at når Riise valgte å respondera, så va det han som egentlig hadde føringen på ka han vil enda opp som.. I mine auger.. Lundekvam hadde egentlig ingenting å tapa.. Han hadde vært i helvete og tebake..

Om han blei tosk eller idiot, spilte den gangen ingen trille.. Uansett fikk han promo for bokå.. Heile den saken kunne tatt ein godslig og humoristisk vending, te Riise sin fordel..

 

Om han hadde tatt ein Astrid S..

 

” 3-4 damer som kom og gikk på rommet mitt ?? , Tjera vena meg.. Lundekvam hadde nok ein liten black-out der.. 13-14 damer e vel nærmare sannheten.. “

Det burde Riise svart som sitt offentlige svar, med glimt i auga og på eit humoristisk vis.. Då hadde han avvæpna heile saken trur eg, med å dra det så langt ut av proporsjonar at alle forstod han overdrev.. Og ikkje minst flytta litt av fokuset tebake te Lundekvam, med å ta med ein liten black-out.. Som det forsåvidt kunne vært grunnlag for å sei.. Der hadde egentlig Lundekvam lagt seg fram på ett sølvfat..

Istedet endte man opp med Lundekvam som den store tosken, som hadde skrevet detta i bokå si.. Men uansett fikk gratis promotering gjennom media si håndtering av saken..

 

Og Riise endte opp som den forsmådde idioten, som benekta damebesøk på rommet sitt.. Og fremstod lite sympatisk med å nekta å møta Lundekvam ved fleire anledninger ittepå..

Alt kunne gått i Riise sin favør her, om han gjerna hadde tenkt seg litt om..

Istedet for å gå rett i strupen på Lundekvam.. Humor kan væra ett fryktelig godt våpen i sånne omstendigheter.. Om man bare evne å sjå muligheten..

Så kunne dei to kamphanene ordna opp på kammerset, uten heila Norges presse på første rad..

 

” Kudos te Astrid S denna ukå.. Hu har forstått det..

=D

 

Eg, Mini’en og ei Jernkvinna med for lite Jern…

Då va jaggu meg fredagen åpna i all sin prakt.. Ikkje ett sekund for seint og alt for tidlig.. Mini’en va i storslag idag.. Allerede klokkå halv seks va det full gass i midten, med fullt lekebonanza.. Eg tenkte eg sko prøva planen med å kapra hans seng, men rett før planen sko iverksettast.. Så jogga fjotten ut av sengå og inn på rommet sitt, for å leka der heller..

Eg lå igjen lys våken og mildt øverraska øve kor tidlig han begynte å sprellene sine idag..

Jaja, ingenting e bedre enn å få ett godt utgangspunkt på jobb, ivertfall ikkje når det e fredag og greier.. Så eg tusla ut på badet for å tømma tanken og ta morgenstellet.. Eg forsøkte å få småtrollet i seng, men det va nyttelaust.. Han va i øvekant høg i røsten, når han proklamerte at han ville leka.. Så for å ikkje gi Kånå og ett strålande utgangspunkt på ein fredag, med 2 våkne småtroll.. Lot eg guten få vær i fred..

Mot all formodning så kan det jo vær detta stuntet hans, gir seg gjeldande i andre enden av dagen idag.. Miraklenes tid e ennå ikkje over, trur eg..

 

Skjønt, eg har min tvil om akkurat det slår inn.. Eg har meir tru på ein aldeles pissesur Mini som ikkje akkurat e nåke solstråla, itte barnehagen strabaser idag.. Kanskje best å ikkje jobba altfor fort i dag heller, sånn at mesteparten av ittemiddagen e passert når eg trør inn dørene heima.. Eg vett ikkje..

Då kan det fort slå ut på humøret te Kånå og.. Ei smågretten, ilter og ikkje akkurat smørblie Kåna, trumfa gjerna ein litt øvetrøtt Mini.. Egentlig..

Hu hadde forsåvidt fått beskjed fra legen at hu hadde for lite jern i kroppen.. Nåke som e vanskelig å forstå, sett fra mitt ståsted.. Spør du meg har den damå ett skjelett av stål.. Og vilje av jern… Eg trur ikkje legen har heilt tatt det med i betraktingen, og gitt na resept på nåken jernpiller med futt i.. Visstnok.. Det kan jo bli spennande når dei begynne å virka..

Jaja, det går sikkert bra.. Det har ein tendens te å gjør det.. Eg kan ikkje tenka meg nåke anna..

 

Eg tenke forsåvidt mye for tiå, eg har liksom tiå te det.. Når eg har tømt lastebilen og må kjøra 5-6 mil heimover igjen.. Det e liksom ikkje så mye anna å gjera på i lastebilen, mens man navigera droget mot byen igjen.. Ein stor kontrast te når eg komme heim forsåvidt.. Då har man nesten ikkje tid te å tenka, tenka man for mye då kan man fort gå på ein smell.. Så eg pleie å tenka meg ferdig før eg komme heim..

Men .. Det e ikkje ofta ting blir som eg hadde tenkt.. Egentlig.. Igår f.eks.. Då va eg såpassa sleten at eg hadde tenkt å tilbringa ittemiddagen på sofaen..

Men då hadde Kånå tenkt nåke anna som sjølsagt va viktigare enn det eg hadde tenkt.. Så hu for avgårde lika itte eg trødde inn dørene og forlot meg aleina i ein småbarnsjungel uten kart og kompass.. Hu sko henta dei her jerntablettane og gjera nåken ærend.. Det e jaggu meg løye og at Kånå sine tankar som oftast e viktigare enn mine..

Men man kunne jo ikkje aent enn lya.. Det va vanskelig å argumentera for litt egentid på sofaen, spesielt når jernkvinnen mangla jern..

 

Så då gjekk jo den planen i vasken og, mot normalt.. Egentlig..

Jaja..

Eg hadde vel ikkje tenkt godt nok igjennom den.. Eg får prøva igjen i ittemiddag..

Når Mini’en slår ut i all sin prakt, sur så ei potta og trøtt som ei fela..

Joda.. Men, i alle fall.. God fredag Folkens..

?

 

Ein torsdags Morgen i mild Koma..

Eg sitte bak i skapet på lastebilen på jobb og svelge unna ein kopp kaffi, regnet trumma taktfast på taket og ein skokk med varer står å venta på meg.. Det e ein sur morgen.. Ikkje ein sånn vennlig morgen, med solå som gløtta fram i horisonten og ikkje ei sky og sjå på himmelen.. Idag va det jaggu meg tungt å gå på jobb..

Til og med beinå e enige med meg idag, det de henge som to søkkvåte tømmerstokkar fra livet og ner..

Ikkje fikk eg sova skikkelig igår heller, eg bare lå og vrei meg itte eg hadde lagt meg.. Uansett ka posisjon eg prøvde å ligga i, så va ikkje kroppen fornøyd.. Fortærande greier.. Så.. Når eg endelig hadde funnet roen og nesten hadde forsvunne inn i søvnens kjærlige svøp.. Då kom Mini’en jumpande inn i sengå, og rigga seg te der i midten..

Tjera vena meg.. Det e som om man får ein muldvarp oppi sengå, der han styra på for å legga seg te retta.. Drog i dynå te den store gullmedaljen, og eg endte ute på vingen igjen.. På mine dedikerte 30 cm..

 

Den fjotten sovna jo på ett blunk itte ei romstering uten like.. Mens eg låg igjen med ein liten flik av dynå, og va igjen lys våken.. Eg vurderte ei stund å bæra han inn i sengå si, det e ikkje optimalt når han komme så tidlig.. Men då kan man fort gå på ein kraftige smell, og så våkna han halveis gjennom gangen og vekke Litlajentå og..

Då har man klart det stora, og klara garantert å vekka Kånå sin vrede i samme slengen..

Og gud forby om man vil det.. Får ikkje hu riktig dose med skjønnhtssøvn, har man med ei drageheks å gjera den påfølgande dagen.. Så eg beit meg i det og gjorde nok ett forsøk på å dulla meg sjøl inn i nattens rike igjen.. Joda, det va jo lettare sagt enn gjort, når man har ein fotballsparkande Mini ved si sida.. Som sove lika roligt som ein skrubbsulten akvariefisk..

Eg vett ikkje heilt ka klokkå va når eg sovna, men siste gangen eg kikka på den.. Så tippa klokkå akkurat halv 2..

 

Så nå sitte eg her på jobb.. Nærmast i koma og forsøke å våkna litt te med ein kopp kaffi.. Eller bek rettare sagt.. Ska ikkje akkurat skryta den der kaffimaskinen opp i skyene.. Men det e virkestoffene som e viktige idag, det å kjenna koffeinen som langsomt får liv i ein øvetrøtt kropp.. Smaken får komma i andre rekka.. Heilt klart..

Nei.. Det e vel bare å hoppa i det.. Varene springe ikkje på bilen av seg sjøl.. Det e tross alt torsdag og idag.. Snart helg..

Humøret dukka vel opp i løpet av morgenen, vil eg tru.. Det springe aldri langt vekk.. Eller foran meg.. Eg tar det stort sett igjen før klokkå åtta.. Nå har jaggu meg trommekonserten på lastebilskapet slutta sin taktfaste symfoni og.. Kanskje dagen ikkje blir så aller verst alikavel.. Det e det fortsatt ingen som vett..

Man får vel bare skrida te verks.. Vil eg tru.. Ingenting blir gjort av seg sjøl, hverken jobb eller godt humør..

 

Ha ein strålande torsdag, folkens.. Forhåpentligvis finne eg den te slutt og.. Uansett.. Så vant Liverpool igår og kvilifiserte seg te Champions League..

Se det ja..

Der kom jaggu meg ett lite smil i munnviken her og.. Det e aldri så gale at det ikkje e godt for nåke..

???

Eit lite Gjøkeredet i hverdagens Solskinn..

Mini’en på ferde i lekerommet.. ??

Når eg hadde levert siste pakken idag og suste heimover, va det med vissheten om at ett lite forfriskande friminutt i ein strabasiøs hverdag venta på meg, i ittemiddag.. Eg sko kjøra Han i Midten på karate trening.. Jaja, som einkvar glede før eller seinare vil erstattas av sorg, oppveies einkvar fordel i livet med ei ulempa.. Det kan eg glatt skriva unna på.. For eg hadde nærmast ikkje trødd inn dørene, før Kånå forsvant andre veien..

Hu sko avgårde på RG-Lek med Litlajentå, og hadde fått ordna seg med skyss av naboen som og sko der.. Igjen heima satt ein meir eller mindre mutt og absolutt lite sammarbeidsvillig Han i Midten..

Mini’en satt på loftet og leka med lego, sammen med nabogutten.. De har blitt ett lite radarpar, men eg merka at nabogutten av og te blir metta av heile Mini’en.. Eg kan forstå han eg.. Han e ein liten klegg når han legge sin elsk på nåken.. Det e ivertfall heilt sikkert.. Men i dag så kosa de seg nå sammen der oppe, mens man høyrte den her sedvanliga raslingå fra legoen.. Han i Midten satt i sofaen klistra foran tv’en og nekte å gå på trening..

Eg har ein mistanke te at det va derfor Kånå hadde det så travelt med å forlata åstedet.. Hu hadde heilt sikkert hatt sin fulle hyre med å få han klar før eg kom heim, men sikkert gitt opp i forsøket ett stykke ut på oppløpet..

 

Tid e som ein god aldrande vin, man sette aller mest pris på den når man bare har litt igjen.. Men nå va det snart tomt, og klokkå nærma seg styggelig 17:00.. Han i Midten klaga seg øve vondt i foten, men hadde ikkje hatt nåken problemer med å hoppa på trampolinen hos ein kompis tidligare.. Eller slå hjul ute på lekeplassen.. Så det lå vel litt i kortå at han såg litt svart på akkurat denna første karate treningå, itte ferien.. Det e litt besynderlig og, for når me først komme der, så kosa han seg glugg ihjel..

Men det ei ein lang vei fra sofaens trofaste svøp, te å krypa inn i karateklærnå og komma seg avgårde.. Te slutt så vant Fatter’n maktkampen i siste liten, og fjotten gjekk og kledde seg..

Eller muligens så va det lovnaden om ein is, når treningå va ferdig som gjorde susen.. Ingenting kan vær så fruktbart for viljen te å lya sine foreldre, som ein liten bestikkelse.. Me jogga inn på bydelshuset ett par minuttar forsinka, men guten rakk akkurat oppvarmingå.. Og når Fatter’n hadde fått kaffien sin, Mini’en funnet lekerommet så lød det taktfaste og høylytte karaterop fra treningsrommet.. Friminuttet va begynt..

Det va blitt ein vennnlig ittemiddag te slutt, som omfavna ein sliten massebarnspappa.. Som endelig fikk eit lite øyeblikk for seg sjøl.. De e vakre dei øyeblikkene.. Nett som om man har tatt nåken tablettar med solskinn..

 

Men.. Som eg sa innledningsvis.. Glede blir fort te sorg, og fordel blir trumfa av ulempe.. For itte ett lite iskalas på veien heim, kor Mini’en nærmast endte opp som ein snømann.. Så måtte eg hjelpa Eldstemann med leksene.. Matematikk.. Gudhjølpe meg og herrens hærskare.. Eg va aldri ein racer på brøk og det har ikkje forandra seg med årenes løp.. Nåke som for meg bare bekrefte mi meining fra min barndom, at brøk va meir eller mindre komplett meiningslaus lærdom.. Eg har jo aldri brukt brøk te nåke fornuftigt, hverken før eller seinare..

Det starta forøvrig akkurat passe.. Ka va 1 sjuende del av 14 som me itte litt lett resonering fant ut måtte vær 2.. Men itte ett par oppgaver te i samme duren, møtte med jernteppe.. Ett blytungt teppe av rustbefengt jern, som lå foran mitt matematiske hjørna i hjernebarken..

2 brøkar sko adderast og eg huska ikkje i min villaste fantasi kossen me gjorde det.. Ikkje Eldstemann heller.. Kånå bare løfta hendå som om nåken gjorde ett brekk her i heimen, og meldte seg ut kjappare enn svint.. Og spant nerøve trappene og for ut.. Va det her man sko ganga den eine brøken med den andre, før man gjorde ett eller anna aent logisk..?? .. Det stod heilt stille.. Ikkje va det mye hjelp i Google heller, ikkje som me forstod ivertfall.. Så me utsatte akkurat den oppgavå te imårå..

Akkurat der og då, føltes det som det einaste retta og gjør.. E man i tvil, så legg det til sides og sov litt på det.. Istedet for å driva grøftegraving i hjernebarken itte ett matematisk mirakel..

 

Eg satte ei kaffikopp i kaffemaskinen og skrudde den på.. Før eg måtte ner å hjelpa Mini’en med å få skornå på seg, Han sko ut ein liten tur.. Litlajentå for å svansa rundt og gjorde ingenting og alt.. Rotet hang som ein malstrøm i hælane på hu, så man trengte ikkje lura på kor hu hadde vært.. Det va bare te å følga rotet fra gangen og inn på rommet hennas.. Han i Midten va sporlaust fordufta igjen og Kånå klaga seg øve at huset såg ut som ett sodoma.. Ein ganske så normal dag i vårt lille gjøkeredeparadis..

Magen begynte å rumla mistenkelig, så eg satte meg på rammå å glodde litt på nettavisene, før eg kom på kaffien eg hadde satt på.. Helsikke, den e sikkert iskald nå..

Eg spant opp på kjøkken itte endt oppdrag på dass, og sette koppen i mikroen for å få litt lunk på den igjen.. Når Eldstemann ropte at han trengte hjelp på dataen oppe på rommet sitt, asap.. Som sagt så gjort.. Det tok litt lengre tid enn først beregna, og når det va gjort så rydda eg litt i loftsstuå.. Kånå hadde egentlig ganske så rett.. Det såg jaggu meg ikkje ut i heimen idag.. Men ka i all verden kan man forventa på ein tirsdag i heimen te ein massebarnsfamilie da..

Eg hadde vært meir bekymra om huset hadde vært 110 % på stell, med skinnande sølvtøy og 4 ungar i skinnande kjole og matrosdressar.. Det hadde vært bekymringsverdig det.. Heilt klart..

 

Dørå smalt plutselig igjen nere i gangen.. Mini’en kom inn igjen.. Då går det 2 sekund før man først høyre ein sko som treffe veggen, før den andre treffe lika etterpå.. Det e som å sjå Nils i Mot i Brøstet.. Eg tulle ikkje ein gang, de e som 2 dråpar vann på det området.. Ein gang klarte han å senda støvelen i ein perfekt bue, øve seg sjøl før den traff utgangsdørå bak han, med ett smell.. Og han brøyt ut i ett triumferande brøl, øve sin kunstneriske ta av sko manøver.. – Så du den, Tijil.. Sa han førnøyd te søster si..

Det e nesten ubetalelig å bivåne, vettdu.. Når han e i retta humøret.. Han brølte opp at eg måtte komma ner å hjelpa han med nåke.. Så eg jogga ner trappene fra loftet, og forbi kaffikoppen som stod å kjølna i mikroen på kjøkken..

Bare for å få beskjed om at han ikkje trengte hjelp alikavel.. – Ed klarte det sjøl, pappa.. Sa han stolt, itte å ha åpna glidlåsen på jakkå si.. Sånn gjekk meir eller mindre heile ittemiddagen og kvelden.. I ett bankande kjør te kidsa va parkert i ladekassane, og nærmast slokna før de traff lakenet.. Skole og barnehagestart tar tydligvis på, for 2 småtroll som nettopp har hatt ett halvt års ferie.. Det e litt morosamt og, når det glade vanvidd omringe deg i hverdagen.. Så e det forsåvidt mange plasser å gjemma seg..

Nåken ganger kan man flykta inn i latteren, andre ganger inn i den bunnløse fortvilelse.. Eller man kan frivillig luska seg ut i boden, med ein kald kopp kaffi og sitta å studera Edderkoppane som blunka dovent mot deg..

 

Eg.. Som e alltid har vært livredd for edderkoppar.. Eg vett det, det e jo heilt latterlig.. Høydeskrekken min og ett lite snev av klaustrofobi har forsåvidt ein slags logikk.. Men når eg plutselig blir overraska av ein svær hårete edderkopp som dingla foran augene på meg.. Så går nærmast all sjølkontroll totalt i oppløsning.. Eg blir som ein fisk som ikkja har fanaring om at den leve i ett akvarium, og spinne rundt min egen akse som ein planet på villspor..

Men det e vel gjerna sånn, innimellom.. At ein liten tur i Bodå blir eit slags Gjøkeredet i hverdagens strabasiøse mørke..

Det blir ein plass man flykte, for å bli frisk fra småbarnslivets glade vanvidd.. Sjøl om man aldri har vært sjuk.. Man sko ønska man kunne drukket opp ei flaska med solskinn og kvitta seg med litt tungsinn, sosial angst og forbigåande dårlig selvtillit.. Men det spille vel ingen rolle.. Når bølgene har lagt seg og man rusla nåke mindre stressa inn i heimen igjen.. Boden blir ein knagg man kan henga hverdagens uro på.. Et sted kor oss stille undertrykte helter av dårlig timing, får samla tankene før de bryte ut i ett skred i alle retningar..

Som sagt før… Ydmykt dyrka me håpet om ei meining med tilværelsen.. Mens tiden går som ein virvelvind, ett dragsug man aldri komme ut av..

Man vente på ein fortsettelse som aldri kommer…

 

Eg syns eg høyre Kånå allerede…

Foto : Adressa.no

Det e lørdag og helg.. Endelig og alt for tidlig.. Man går tidsnok på ein smell..

Eg hadde ein skikkelig “good feeling” på jobb igår.. Der eg suste rundt på rutå mi i strålande sol og nærmast blå himmel, så langt aua kunne sjå.. Men når eg nærma meg Bokn og enden på rutå, fant eg ut at ein synstest heilt klart e på sin plass.. For mørkare skyer enn dei som kom susande inn fra Nordsjøen, det va det lenge siå eg hadde sett.. Det va mildt sagt ett bedrøvelig syn.. Og sjølsagt på sin plass.. Eg sko jo snart ta helg.. Ka anna enn eit fantastisk regnvær fra ein anna planet, kan man forventa då..

Det e jo så inni granskauen typiskt og.. Eg så hadde store planar om å rydda ut av loftsbodå idag, og kjøra på bossplassen med eit lass.. Men, men.. Det e vel bare å finna fram oljehyrå og setta igang, seinare..

Det finnes jo ikkje dårlig vær, bare dårlige klær.. Eg syns eg høyre Kånå allerede.. Det e egentlig litt morosamt akkurat det, at man kan høyra Kånå si allerede, liksom.. Me mannfolk vett som oftast ka som må gjerast, men alikavel så venta me gjerna te Kånene våras klikka i vinkel.. Og kommandere oss igang med det me egentlig visste me sko gjera.. Men ikkje har begynt å gjør..

 

[perfect_quotes id=”6099″]

 

Jaja, det finnes jo unntak da.. Man har sånne “streberar” som me kalte de i millitæret.. Dei som løpe rundt i ein evigvarig tru.. På at om de utføre ein kvar ordre fra si kjæra Kåna, nærmast før hu har kommandert de ut på oppdrag.. Så får de lønn i himmelen.. Eller på “freddan”.. Tjera vena meg.. Som sagt så mange ganger før, det e forskjell på å væra Toskjen og Idiot.. Og jo før man slutta å vær komplett Idiot, og trur på at man får belønning i himmelen.. Jo bedre e det..

Det e bedre å sitta som ein Tosk i sofaen, og få kjeft for oppdrag man sko hatt utført for lenge siå.. Og heller gjerna overraska Kånene våras med å faktisk gjør det, innimellom.. Det får man belønning for det.. Heilt klart.. Trur eg..

Mens hvis man har løpt rundt som ein tøffelhelt på speed, i sin iver itte å imponera sin kjære.. Vil man alltid komma te det punktet kor man innser at man har blitt lurt.. Og oppdaga at man faktisk som “Idiot”, gjerna får mye mindre “belønning” enn om man bare va “Toskjen”.. Det e ingenting som fyre opp Kånene sitt belønningsopplegg, enn ein Sofatosk som plutselig henge på veggen og mala huset.. Eller snekra terrasse i bakgården.. Og lignande..

 

[perfect_quotes id=”6100″]

 

Det å balansera mellom Toskjen og Idiot, e som å gå på slakk lina øve Lysefjorden.. Vil eg tru.. Man må ha tungå beint i munnen og gå med andakt.. Somme ganger trør man feil og stupe lukst i fjorden, med ett magaplask uten like.. Men klatra man opp og fortsette ferden øve fjorden, må man jo vær Idiot.. Då e det bedre å ligga nere i fjorden å vaka i øveflatå som ein Tosk, mens man tenke at det magaplasket, det vil man ikkje oppleva ein gang te.. Man lære så lenge man leve, seie de jo..

Og kim vil gå på ett magaplask kvar dag, i hverdagens strabasiøse ferd mot evigheten.. Det finnes mye klokskap i alskens ordtak.. Og at det e forskjell på å vær Toskjen og Idiot.. Det e ivertfall heilt sikkert..

Det e liksom nåke muntert bedrøvelig øve det.. Jo før man innser at dei her forføreriske “Alvedronningene” me mannfolk blei betatt av og forelska oss i, plutselig kan forandra seg te frådande dragemonster med tenner skarpe som ein laserskåren kniv.. Jo bedre e det.. Hjølpe meg, eg seie ikkje at de alltid e sånn, dei her Kånene.. Men at de plutselig kan bli det, det bør man snarast mulig bli klar over.. Spesielt itte man gjerna har fått seg ett par ungar, eller fira..

 

[perfect_quotes id=”6101″]

 

Eller nåke lignande.. Eg vett ikkje..

Eg syns ivertfall eg høyre Kånå allerede….

=D

 

Eit Hjarteskjærande Øyeblikk av Munter Bedrøvlighet..

Så va dagen her igjen, den dagen som treffe oss som ett godstog midt i andletet, kvart einaste år.. Skolestart.. Spesielt når man har eit nytt medlem i Flokken, som har tråkka inn i rekkene av lærdomshungrige elevar.. Kånå måtte nemlig ta ein ekspress tur på klesbutikken igår, når de fant ut at 1 skoledag kjolen ikkje matcha skolesekken.. Gudhjølpe meg, tenka dåkke te katastrofe.. Det va jo nett som om verden sko gå under her heima, når man prøvde å bagatellisera dilemmaet.. Og foreslo nåke anna som hang å dingla i skapet.. Med lappen på ennå..

Det va visst mye viktigare med dei rette klærnå denna gangen, enn når dei 2 eldstegutane sko begynna.. Men, eg forstår det jo litt og.. De e jo nåken Divaer begge to.. Kånå og Litlajentå..

Sjølsagt ska man komma standsmessig på første skoledag, det e jo nåke av det gjevaste i ett barns liv.. Øvegangen fra barnehage te skolen.. Så eg forstod jo fort at mine velmeinte råd, dei va forgjeves akkurat i detta tilfellet.. Så for å ikkje havna i “Bodå”, holdt eg klokelig kjeft.. Man legge seg ikkje ut med to bestemte kvinnfolk, som har rotta seg sammen om ein felles plan og mål.. Ikkje meir enn ett par ganger ivertfall..

 

[perfect_quotes id=”6085″]

 

Så har man detta med skolesekker.. Og arving.. Eldstemann måtte ha ny så det hadde Kånå fiksa tidligare i sumar.. Tanken va at Han i Midten sko arva Eldstemann sin, som forsåvidt fortsatt va nesten lika fin som ny.. Men det meinte ikkje Han i Midten, som sjølsagt ville ha lik den Eldstemann hadde fått.. Å forklara han at skolesekker ikkje akkurat va det billigaste man styra med, det va som å snakka te døyve øyrer.. Han dreit nå ein lang i våras økonomi.. Me kunne jo bare bruka kortet, om det va tomt i lommabokå..

Man kan jo ikkje anna enn beundra barns herlige logikk, sånn økonomisk sett.. Så då endte det jo opp med ett foredrag om kossen kortet fikk penger på seg då..

Det gjekk jo ikkje heim, før eg fikk den geniale ideen med å sammenligna det med kontantkortet på mobilen hans.. Som ikkje blir lada opp meir enn ein gang i månaden, sånn at han sko lera seg å porsjonera ut datakvoten sin.. Det blei ein lang første månad, for å sei det mildt.. Men han lærte itte den episoden, med ein 3-4 dagars ellevill Pokemon Go bonanza, før kortet va tomt.. Og likeså trur eg det gjekk inn, akkurat detta her med minibank kortå våras..

 

[perfect_quotes id=”6086″]

 

Så Kånå grua seg som ein hund te å stå opp idag morgens, og te at Han i Midten oppdaga at det ikkje va handla inn nåke ny sekk.. Men heldigvis så grua hu seg heilt forgjeves.. Han i Midten va som ei strålande sol i dag morgens, og morgenen te Kånå blei ein mjuk opplevelse som tok na høflig inn i dagen.. Både Eldstemann og Han i Midten rusla fint te skolen når tiå kom.. Med Kånå og ei meir eller mindre småyre Litlajenta på slep..

Ei Litlajenta som grugleda seg nåke heilt fælt te denna dagen.. Men som hadde småtrippa muntert ved siå av Kånå på vei te skulen.. Og når foreldrene fikk rødt kort og blei forvist fra klasserommet..

Så va det Kånå som sleit mest med å forlata Litlajentå på skulen, aleina.. – Bare gå du mamma, eg klara meg heilt fint eg.. Hadde Litlajentå bestemt gitt beskjed om, og lukst sendt Kånå på dør.. Ei Kånå som gråtkvalt ringte Fatter’n på jobb, for å avgi rapport om begivenheten.. Eg måtte nesten kvela ein liten latter der eg satt, og høyrte på stakkars Kånå.. Som meir eller mindre begynte å forstå, at Litlajentå hadde tatt ett stort skritt på veien mot voksenlivet..

 

[perfect_quotes id=”6088″]

 

Tjera vena meg.. Snakka om å bli regelrett smitta av Kånå sin melodramatiske oppdatering..

Så eg røyk jo på ett lite sekund av hverdags sentimentalitet, eg og..

Før me lo litt sammen av kvarandres hjarteskjærande øyeblikk av munter bedrøvlighet..

 

Hjelp… Nå e det bare Mini’en igjen.. Plutselig så e han ikkje nåke Mini meir, han heller…

=D

 

Min Barndoms Verden…

Den siste dagen i min barndoms verden..

Når trør man egentlig ut av den, min barndoms verden.. For Odd Børretzen va det den dagen klokkå på veggen stansa.. Eg huska at Farmor hadde ei sånn klokka.. Fra min barndoms verden.. På ein måte trur eg at man aldri trør heilt ut av den verdenen.. Man tar bare ein liten pause, glemmer den litt ut eller rett og slett bare blir litt for opptatt med å vær voksen..

 

[perfect_quotes id=”6071″]

 

Min barndoms verden va ein herlige verden.. Og nå eg e så heldige at me har 4 barn i heimen vår.. Så eg får leva litt i min barndoms verden, igjen.. Kor alle bekymringar forsvinne som dugg i plettfritt solskinn.. Eg kan sitta på golvet å leka med Duplo’en te Litlajentå og Mini’en, laga fantasifulle hus i alle verdens fargar.. Bygga båtar som aldri i den virkelige verden hadde bært så mye som ei fjør..

 

[perfect_quotes id=”6073″]

 

Som ikkje e lengre enn fra kommoden te Mini’en og te teppet unna vinduet.. Ikkje meir enn 1,5 – 2 metår, i den virkelige verden.. Men ufattelig mye lengre, i vår barndoms verden.. I vår barndoms verden.. Kor eg og Han i Midten spille fotball på plenen, mens han e Argentina og eg e England med 100 000 tusen på tribunen.. Som skrike så sveisen blir blåst bakøve når me score mål.

I den virkelige verden så e det bare Litlajentå og Mini’en, som sitte på tribunen.. Som egentlig bare e ei litå trapp opp te terrasse dørå..

I vår barndoms verden så sitte eg og eldstemann og leve oss heilt inn i Doktor Proktors univers.. Me sko gjerna bare lesa ett kapittel, men det e så spennande at me ofta blir nødt te å lesa ett par te.. Og blei det ved ett uhell smelt av ein liten sidevind i huset, ja då e det på an med ein gang..

Då leke me Promponautar som flyr rundt i verdensrommet, fullstappa på promponaut pulver..

 

I vår barndoms verden, kor me springe livredde rundt i ein jungel, eg og heile ungaflokken.. Med ei sulten løvinna i helane på oss, som vil spisa oss te kvelds. I virkelighetens verden, så e det bare hu mor så prøve å fanga oss.. For å få oss i seng.. For nå e det leggetid..

 

[perfect_quotes id=”6075″]

 

Og heima hos oss..  Så springe den rundt meg over alt, mine barndoms verdenar …

Vår barndoms verden….