Fatter’n på tomgang, ei småforvirra Tispa og ein Flokk på full Gass..

Ein fornøyd Fatter’n beundra ett av helgå sine gjøremål.. 2-3 hyller, ett par bilder og noko attåt har blitt strøket av listå.. =D

Me har vært på kaker og kaffi hos mine foreldre idag, når nok ei heseblesande helg går mot slutten.. Ein helg med full pakke action, ein spinnvill Flokk og 2 foreldre som halse rundt i heimen for å holda nåkenlunde styr, på galskapen.. Mini’en starta lørdagen grytidlig og hadde lurt med seg ei snakkande lommelykt, inn i sengå våras.. Eg trudde han hadde kommen inn ein halvtime-time tidligare, enn normalt.. Men Kånå kunne avsløra at den godeste Mini’en, han hadde lurt seg opp i sengå midt på nattå..

Kor han hadde holdt ett lurveleven uten like med denna lyktå, som seie forskjellige kommentarer når man trykke på ein knapp..

Eg har ikkje høyrt nåkenting eg, i løpet av nattå.. Men Kånå, hu hadde ikkje akkurat sovet godt, der Mini’en nærmast hadde plaga vettet av hu, gjennom nattå.. Så at han valgte å forlata soverommet igår morgens så kjapt som mulig, det kan eg jo godt forstå.. Han va vel fullt klar over at mor hans trengte litt ekstra kvalitetssøvn, itte eskapadene hans den nattå.. Mens eg forsåvidt va intetanende om katatrofen som kunne oppstått, om eg hadde tatt ein spansk ein og forsøkt å hanka te meg dei timane Kånå fikk..

 

” Somme ganger har man nåke så inn i granskauen flaks, at man faktisk ikkje vett om det sjøl ein gang.. Hverken meir eller mindre..

 

At Mini’en forsåvidt holdt ut heile dagen igår, det e rett og slett imponerande.. Skjønt nåke sutrande va han jo utpå ittemiddagen, der han sjangla rundt og ikkje visste heilt ka han ville.. Han hadde vært ute ein liten tur ute og leka seg, når han kom småsutrande inn dørene og klaga seg øve at det va kaldt.. Trøtt som e fela og sur som ei øvemoden sitron.. Han lovte å ta seg ein kvil på sofaen, i ett forsøk på å finna litt bedre humør, ein eller anna plass..

Eg trur ikkje han sov så mye, der han lå og smugkikka på tv’en.. Men det va nå nåkenlunde fritt for sutring ei litå stund..

Kånå hadde satt meg igang med litt opphenging av bilder og nåken hyller, på rommene te kidsa denna lørdagen.. Nåke som gjerna ikkje akkurat blei utført med ekstrem effektivitet, meir heller godt porsjonert utøve dagen med håp om at det ikkje blei ført meir på listå.. Og heldigvis blei ikkje manøveren gjennomskua, trur eg.. For dagen gikk nå meir eller mindre te å utføra dissa pliktene, mens Kånå svinsa rundtomkring i heimen og styra med dei vanlige syslene sine..

Han i Midten for avgårde med søskenbarnet sitt, og gikk tur te Hodnafjellet for å kikka på solnedgangen.. Eg ska ikkje sitta her å skryta øve at det gikk smertefritt føre seg, den villminken kan det med å setta opp ein “Fight” ..

 

” Men, te slutt så marsjerte han nå ut dørene, sur som ei potta.. Søskenbarnet kunne nå alikavel melda når de kom heim, at surpompen hadde tint opp når de begynte å gå tur..

 

Og idag, når me sko kjøra te foreldrene mine, så va han ikkje heilt vennlig innstilt te det heller.. Me måtte huska at han hadde strevsomme dagar på skulen, og trengte å slappa av i helgene.. Tjera vena meg.. Han får det sagt for å sei det mildt, den guten der.. Det starta forsåvidt ganske greit når me kom inn på kaffibesøket idag, kor kidsa satt å kosa seg med sitt i begynnelsen.. Før det begynte å dra seg litt te itte kaker og kaffi va inntatt, for då begynte ett reinspikka haraball uten like..

Og ordtaket “Det e kjekt når de komme, men jysla greit når de går heim” .. Det trur eg foreldrene mine heilt klart kjente litt på ikveld, itte me hadde kjørt..

For Litlajentå og Mini’en fyrte igang med litt hyttebygging i stuå, med stolane og teppene te hu Farmor.. Nåke som gikk greit i starten, men tok heilt av når de ikkje heilt va enige om kossen hyttå sko vær.. Gudhjølpe meg.. Mini’en trava illsint ut på tv-rommet når han ikkje fikk viljen sin, mens Litlajentå satt triumferande igjen i stuå og flirte.. Men, fliret tørka fort opp når Farmor og eg brøyt inn, og laga te ei hytta som begge bare fikk vær fornøyd med..

 

” Nåke de sjølsagt ikkje va, men innfant seg midlertidig med, alikavel.. Før de braste sammen i full fyr, øve om det sko væra heilt mørkt eller masse lys inni hyttå..

 

Han i Midten dukka plutselig opp fra tv-rommet, kor han hadde kosa seg på laptopen te Bessen.. Han hadde tydeligvis lada opp og la ikkje nåke imellom, når han fyrte opp dei 2 mindre søsknene sine, te det ugjenkjenneliga.. Eg og Far min forsøkte å sjå Liverpool kampen, midt i detta infernoet av ungar som spant rundt i stuå.. Ett nervepirrande drama som endte med poengdeling, på overtid.. Og itte nåken spinnville og heseblesande overtidsminutt her i heimen, så trur me får kalla det uavgjort mellom oss og kidsa idag..

Når me endelig fikk de te sengs ikveld, itte å ha trødd villstyringane inn i bilen og suste heimover.. Det va nesten som eg kunne sjå ett lettelsens sukk fra far min, når han hilsa oss god tur heim og lukka dørå..

Eg kunne formelig høyra dørlåsen smalt igjen med det samma.. Eg trur ikkje me hadde kommen inn der igjen, om me så hadde glemt nåke livsviktig.. De dansa vel sikkert ein ellevill jubeldans der inne i gangen, så snart dørå smalt igjen og låsen blei vridd om.. Mangen skrive i kommentarfeltet på Facebook at eg komme te å savna Flokken, når me sitte heima aleina og fuglene har fløyet.. Og det kan godt vær det.. Det kan sikkert fort bli tomt og stusselig i heimen, når man sitte der aleina..

 

” Men, eg glede meg jaggu meg villt og, te den dagen eg kan smella igjen dørå og vri om låsen.. Og dra Kånå med meg inn i ein regndans uten like, fordi mine ungar nettopp har forlatt åstedet med sin Flokk..

 

Alt te si tid, e det vel og ett ordtak som seie.. Og nå, når me står midt i småbarnslivets ubønnhørlige kvern, som langsomt drar oss foreldre gjennom, dag ut og dag inn.. Så e det vel lett å tenka sånn..

Kor man spinne rundt seg sjøl og gjerna leita itte ett sekund eller to, for seg sjøl..

Men, tiå vil nok heilt sikkert komma, kor eg sitte i godstolen heima og lure på kor i all verden Flokken blei av.. Mens Kånå sikkert svinsa forvirra rundtomkringfallera i heimen, som ei tispa som nettopp har blitt fratatt valpane sine..

På leit itte lekerot, skittentøy og lignande fra Flokken som ikkje e der, fordi de har forsvunnet ut i den store verden, for å skapa sin egen Flokk..

 

Det e vel sant som Far min alltid seie.. – Det e ein øvegang, Frode..

Det som e slutten på ein øvegang, e bare starten på ein anna øvegang.. Heilt klart..

 

Jaja.. Goe søndagskvelden, Folkens.. Nå blir det litt seriebonanza på skjermen her.. =D

 

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg