Ferie, Forventningar og Lignande..

Bildet fra Getty Images

Eg har tatt nåken dagar fri fra jobb, for å ordna litt forskjellig her heima, ein slags ferie.. Kånå lurte litt på om eg angra på det idag.. Når støynivået i heimen nærma seg ein middels travel flyplass, igår.. Han i Midten va i sitt ess og gjekk alle og ein kvar på nervene.. Va det nåken eller ett eller anna han kunne irritera, så gjekk han laus på oppgavå med stor flid..

Han røyk lukst ut av huset når han i iveren itte å læra seg backflip, uten trampoline.. Gjekk amok oppe i sengå vår.. Itte ett maraton av fantaskap..

Litlajentå e og i toppform..Og ryke inn og ut av dørene mens hu skifta klær i ett tempo, einkvar skuespillar i ein heseblesande farse på Chat Noir, hadde misunt na.. Det veksla mellom Elsa kostyme, Flamenco dans kjolar og alskens andre kjolerier hu hadde i skapet.. Både Kånå og eg har vel meir eller mindre gitt opp.. Sjøl om me har hatt ein “kampanje” gåande, i ett forsøk på å ha nåkenlunde ryddige barnarom..

 

Men det e bare å innsjå, at det e ein lost case.. Det e lettare å fanga ein spinnvill gris i ein sørpete grisabinge.. Enn å få skikk på rommet te det trollet der..

 

Mini’en, vår ukuelige optimist som spinne rundtomkringfallera i heimen, som ett lykketroll på speed.. Har nåke meir kontroll på rommet sitt, men det e bare fordi lekene hans e spredd rundt om i heile heimen.. Godt opplært av søster si.. Her ein kveld når eg jumpa ner i sengå, itte endt dag, landa eg på ein Paw Patrol figur.. Som nærmast skar seg inn i ryggen.. Og eg skremte livskiten ut av Kånå med ett smertehyl einkvar kvinnefeminist hadde vært stolt av..

Så, når eg vakna idag morgens og augene starta sin kamp mot overmaktå.. Kikka eg rett i andletet på Kånå, kor eit Ninjagosverd fra legoen hans, hadde dandert seg så fint på kinnet hennas, i løpet av nattå..

Avtrykket forsvant ikkje før i 11 tiå idag.. Ubetaleligt vettu..

Det toppa seg når eg sko stå opp, fordi leskedrikkene fra kvelden før meldte sin avgang.. Når me feira at Flokken endelig va i seng, for kvelden.. Så når eg spant rundt hjørna på vei te badet, i siste liten som alltid.. Sklei eg på ett soldatskjold av isopor, og seilte bortøve gangen totalt i villrede øve ka som nettopp hadde skjedd.. Før eg tok ein baklengs ufullstendig salto og landa på ein pakke dasspapir..

 

Det e den einaste og siste gangen eg har vært glad, på vegne av detta møkkapartiet av ett dasspapir me har i heimen.. (Les tidligare innlegg)

 

Eg kravla meg mørbanka inn på badet og satte meg på dassen, sjøl om eg bare sko pissa.. Og tenkte øve det Kånå hadde sagt, om eg angra på dei her fridagane.. Men eg gjør jo ikkje det.. Ikkje det spor eingang.. JA.. Det e ett reinspikka kaos av astronomiske dimensjonar innimellom.. Når man har fri eller ferie med kidsa.. Men om man har 1, 2 eller 4 barn, som me har.. Så bør man vær beredt på det..

Ferie e ikkje anna enn ein einaste farse av uforutsette begivenhetar, kor den eine tar den andre.. Og man landa ikkje før man igjen sitte på jobb, og endelig finne litt ro i hverdagen igjen..

Det e då man huska alle dei andre stundene i løpet av ferien.. Dei gangene man plutselig oppleve grenselaus harmoni og idyll.. Dei gangene kidsa av ein eller anna uforståelig årsak, kan leka sammen.. Uten at det ende opp med stjernesmellar man febrilsk prøve å slukka.. Eller når de har opplevd nåke nytt, og fremvise ein glede og takknemlighet man sjelden oppleve.. I ein småbarnsfamilie, uansett størrelse..

 

For alle med hånden på hjarta må innrømma.. At ferie innimellom fort kan bli eit ekstatisk antiklimaks av proporsjonar man bare kunne drømt om.. Det finnes ingen unntak.. Bare fornektelser..

 

Det e då man glemme at man i ett komatøst øyeblikk, gjekk på do for å lata vannet.. Men ikkje får ut ein dråpe.. Bare for å komma på at man nettopp gjorde akkurat det, lot vannet gå.. Før man spant ut av badet som The Flash, for å skilla to kamphaner oppe i stuå.. Eller komme heim fra butikken itte ein handletur, og har glemt halve handelen i butikken.. Fordi 2 småtroll gjekk meir eller mindre amok, siå matkjedene har funnet ute at det e “smart” å ha all snopen ved kassene..

Hvis man forberede seg på akkurat detta, at ferien garantert ikkje blir ein overlykkelig affære.. Kor man smilande vandra rundt med kidsa, i ett ferieparadis med konstant harmoniske smårollingar..

Men tar høyde for at Flokken sin gjerna ikkje tar hensyn te, at man på ferie bare ska smila og væra glad.. Men stort sett oppføre seg som ellers i hverdagen, ja gjerna endå litt verre.. Fordi me foreldre har sluppet opp litt på den vanlige disiplinen man har, og gjerna e nødt te å ha resten av året.. Då trur eg man har kommen langt, og kanskje vil ikkje ferien bli eit sånt antiklimaks.. Som den gjerna blir for mange..

 

Ikkje vett eg.. Men eg har ivertfall for lengst slutta å tru på nissen.. Og har innsett at “ferietid” som regel e det samma som “hverdag”.. Bare med ein del meir “kvalitetstid” med Flokken sin..

 

Derfor trur eg det e viktigt å ikkje legga listå for høgt, sånn forventnings messig.. Og heller bli positivt overraska, når idyllen slår inn.. Istedet for å irritera seg grenselaus øve idyllen som sprakk..

Men det kan godt vær eg tar feil, det e ikkje sikkert eg har rett.. Får eg sei te slutt, som Svigerfar ofta seie te meg..

Når han gjerna har ein inspeksjon, øve ting eller tang eg holde på med i heimen.. Eg kunne blitt irritert fordi han legge seg opp i mine ting.. Men eg gjør jo ikkje det, han meina det jo bare godt..

Og innimellom så har han jo rett, den fjotten..

Kunsten e jo bare å ikkje innrømma det der og då.. Men heller gjør som han sa, når han har gått heim, og håpa han ikkje ser det i ittetid..

=D

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg