Gustav og Rigmor Del 1 – Kontratrekket …

Ei bok har mange masa om … Men, eg kan vel for fanken meg ingenting om å skriva bøker 🙈🤭😂

Men … Litt lettvint moro … Som folk kanskje kjennar seg igjen i 🤷‍♂️ … Litt underholdning, i sumar … Kanskje ein gang i ukå … Det får eg vel te 🤭🤷‍♂️😇

Ein liten føljetong 🤭😂

Eller …. 👇👇

 

Gustav og Rigmor Del 1- Kontratrekket …

Sola va på vei ned bak åsane rundt det gamle byggefeltet – du veit, sånn ein plass der alt blei planlagt på syttitallet av nåken som trudde dei va geniale. Smale gater, smalare enn minstepensjonen te mor di, og hekkar som har fått voksa fritt sidan Bård Tufte hadde hår. Asfalten ligge der ennå, men han svinge seg rundt tomtene som ein ål på vrangå …

Midt inni dette tette saligheta av asfalt, hekk og skjulte skilsmissar, der bur Gustav og Rigmor Råke.

Og det e no generasjonsskifte på gang. Gamle kjenningar flytte ut. Nye folk inn. Folk med elektriske sparkesyklar og podkast om kvilepuls. Og Gustav? Han sit i garasjen, på den gamle krakken sin, og glor i luftå som om han forventa at ein meining med livet ska dala ned fra himmelen og lande på panseret hans.

Han hadde sagt te Rigmor at han sko fiksa plenklipperen. Men det va bare piss. Plenklipperen gjekk som ei kule. Det va han sjøl som trengte service. Litt egentid. Litt… stillhet.

Krakken han satt på hadde han snekkra sjøl då dei bygde huset. Førtisju år sidan. Han klappa han lett på sida.

– Førtisju år, du… Vi to har sitt meir samen enn eg og Rigmor. Me har hengt i garasjen, på terrassen, under julelys og vedlikeholdsplanar. Eg og deg, du skeive jævel, sa han med eit smil i munnviken og buldrande røyst som kunne smelta isen på E134 i januar.

– Me klare vel et par år te?

Han sukka og såg rundt seg. Her likte han seg. Huset, tomto, garasjen, alt han visste kor va. Kvart skrujern, kvart hakk i golvet hadde ein historie. Og så kom Rigmor med sine teikn og hint og faens brosjyrar frå sånne pensjonist-ghettoar ved sjøen.

Kven faen vil bytta dette med ein boks på seksti kvadrat? Der du må innreda med Tetris og sortera kaffi-koppane etter stemning? Nei takk.

– Ikkje faen, sa han til krakken, som om den hadde foreslått flytting.

Men det va jo ikkje krakken som låg bak denne bolig-hjernevaskinga. Det va Rigmor. Med sitt milde, men nådelause blikk og snikplassering av prospekt overalt. På gyngestolen. Ved dassen. Under drillen i garasjen.

Men då ho tok vekk «Hus & Hage 1986» frå toalettet og la inn ein glansa brosjyre frå «Solglimt Senior Resort» – då kokte det over.

– Du VEIT eg lika meg her! hadde han sagt, mens han slo brosjyrene hardt i kjøkkenbordet.
– Søtti prosent av sommaren e det tåke der nede, mens me har kveldssol og boblevatn her oppe!

Han visste det traff. Rigmor elska kveldssola. Med saft i proseccoglas og stikkelsbær i skåla.

Han reiste seg. Krakken ga frå seg ein lyd som om han og hadde fått nok av denne samtalen. Gustav tusla ut, mot søppelkassene, og heiv brosjyren i restavfallet.

Stoppa.

– For svarte salte bananar, mumla han, og tok den opp igjen. Flytta han over i pappen. Du trengte faen ikkje vera hobbypsykolog for å veta koss Rigmor reagerte sist han kasta ein melkekartong feil.

– Eg vil ikkje vekka sorteringsfurien… sa han for seg sjøl, med eit lite flir.

Så snudde han seg. Der stod ho. Stoltheten … Kontratrekket …

Ein Bürstner Elegance i821. 2011-modell. Som ein tysk protest mot pensjonistleir-planen te frua. Han såg på den med eit blikk som sa.

– Herifrå kan me rømma, eg og du. Rett te Hardangervidda, utan brosjyrar og dugnadsplikt.

Han klødde seg i skjegget og smilte.

– Me to, du. Me skal visa Rigmor me

🤭😂

4 thoughts on “Gustav og Rigmor Del 1 – Kontratrekket …

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Begin typing your search term above and press enter to search. Press ESC to cancel.

Back To Top