Sjakk matt …

 

For dei som følger med på Snap ( frode_skogoy ) … Så hadde me rein og skjær harmoni og idyll her igår kveld … Fatter’n laga Pizza på ein fredag, siden me hadde Taco på tirsdag, og kvelden blei tilbringt foran tv’en.

Jentungen baka brownies og me kosa oss glugg ihjel.

Kvelden va nærmast perfekt …

Så … Liksom for å komplementera kvelden, fant kidsa frem sjakkspillet våras når filmen va slutt og gjorde seg klar for ein omgang i sofaen.

Fatter’n hadde funnet seg ei iskald, og nøt virkelig denna sjeldne stunden med familiekos, på ein hvilken som helst fredag.

Eg leste i ei bok eingang, at summen av dine handlinger, vil forma ditt neste liv, år, uka eller neste kveld.

Eg vil ikkje utelukka det sista der.

At eit eller anna eg har gjort, blei summert sammen og la grunnlaget for resten av denna herlige kvelden. For, ikkje meir enn omtrent to og eit halvt minutt ut i detta eminente sjakk partiet.

Så begynte saker og ting å utarta seg.

 

 

Jentungen fyrte igang ein «rokade» og laga komplett kaos i stugo …

Rokade !!?? … Hverken eg eller gutane e i nærheten av Magnus Carlsen sine ferdigheter, eller hvilken som helst sjakk amatør. Me vett omtrent kor brikkene har lov å gå, and thats it …

Her, så briljerte Jentungen med kunnskaper langt over våras fatteevne, og satte oss meir eller mindre i sjakk matt, før spelet fanken meg hadde starta.

Det endte jo som det måtte …

Full krig i sofaen, og ingen forstod nåkenting … Google måtte tas i bruk, mens Jentungen hardnakka stod på sitt. Hu meinte til og med at detta kun va ein kort «rokade», og himla med augene øve oss uvitende …

Kort «rokade» !?? Hjølpe meg … Finnes det lengre også, tenkte eg. Og skumleste nedover Wikipedia.

Jauda … Jentungen hadde rett hu … Og jaggu meg va det ein kort «rokade» hu hadde utført.

Eg satt med ein følelse øve at detta va begynnelsen på slutten, for ein nydelig kveld som te nå hadde forløpt seg perfekt.

Eg hate når mine mistanker om slikt, blir grundig korrekte.

Ikkje meir enn nåken minutter seinare, itte at gutane duknakka har godtatt at trekket te Jentungen va legitimt som få.

Så ryke de ut i nok eit sjøslag.

Jentungen flytta ei brikka frem, bonden te gutane stod nåke dumt plassert og hadde eit bein på kvar farge. Og når dei tolka det som svart, og at de kunne ta løperen te Jentå, klikka jo hu sjølsagt.

For hu va av den oppfatning at den stod på hvit, å flytta brikkå si tebake.

«Neeei, det kan du ikkje … Du slapp brikkå, då e trekket gjort» Kauka Fjortenåringen. Max Minstemann va enig …

Fatter’n måtte inn å megla igjen, og me kom frem te ein diplomatisk løsning. Ingen va enig, men alle ga seg.

Ett minutt senere …

«Neeei, du slapp brikkå. Du kan ikkje flytta den tebake» Kvein Jentå te, og hoppa elegant frem å kapra tårnet te gutane. Gutane gikk amok. Og kaoset va nærmast komplett.

Diplomatikk blei forkasta og full krig brøt ut …

På seks – sju trekk, fem minutter og ein intens stillingskrig, hadde ein omtrent perfekt fredags kveld blitt snudd om te det reinaste Ragnarok.

Te slutt fløy sjakkbrikkene lavt i sofaen, Jentungen eksploderte så det sang og to gutar fikk ein bakoversveis de neppe har sett like te før.

Så trampa trollet opp på rommet sitt, Fatter’n tok ein slurk styrkedrikk og gutane satt som dei to største spørsmåltegnene eg nåken gang har sett …

«Eg trur ikkje det va så smart å spilla sjakk» Utbryte Max Minstemann itte ei stund, og når luggen hans hadde landa igjen.

«Ska meg å deg spilla mot kvarandre ?» Spør Fjortenåringen og titta på Max.

«Jepp» Svara han …

Og Fatter’n tok oppgitt den kalda med seg ut i garasjen …

Det e sikkert bedre å sitta å frysa der nede, enn å få lobotomert hjernebarken av nok eit sjøslag med sjakk, av sjeldent kaliber …

Eg tok neppe feil …

Fire minutt seinare, høyre eg Max Minstemann kauka ut i sinne, før ei dør smelle igjen med eit brak.

Jauda …

Somme ganger … Då e det bare ikkje dagen for slike koselige brettspill … Eg trur ikkje det hadde betydd nåkenting igår, om det hadde vært Diamanten, Scrabble eller Sjakk …

Nåke hadde gått lukst te helsikke, uansett …

Enkelt og greit …

Punktum …

🙈🙈🙈😂😂😂

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg