Gustav og Rigmor Del 3 – Kvinnelisten

Det heile starta i grunnen langt og lenge før Bürstneren rulla ut frå innkjørselen med country på full guffe. Før firemetersreglar, vinkande bobiler og italienske markiser. Lenge før Gustav fikk denne eureka ideen, ved å kontre Rigmors leilighets prosjekt med en bobil.

En spesiell Bürstner, som liksom bare hadde ramlet ned i pannebrasken hans, helt tilfeldig.

Det starta, som alt anna i dette livet … Med ei stille kvinne, ein kopp kaffi … og ein idé. Eller kvinnelist, om man vil …

Rigmor hadde nemleg begynt å så frøet lenge før Gustav visste at noko spirte. Ein liten kommentar her, eit lurt spørsmål der.

– Gustav … har du nåken gang tenkt på kor fint det hadde vært å vakna til utsikt over fjorden?
– Hæ? Me HAR jo fjordutsikt.
– Nei, eg meina ein annan fjord. Ein ny ein. Ein som ikkje treng plenklipping.

Gustav hadde humra då, og rulla vidare i livet med sand i skoen og tang i postkassa, utan å fatte at Rigmor hadde begynt på sitt lange, milde, og beinharde korstog.

Hu lot ipaden ligge igjen på kjøkkenbenken, oppslått på Finn, med bobiler i alle slags slag ligge lysende fremme på skjermen … Sånne luksusbilar på hjul, med dusj, solcellepanel og skinnseter, gamle holker som ikkje såg ut, og ofte ein fin Bürstner, som hu elska planløsningen i.

Og når hu hadde lokka han til å “slumre litt” på sofaen søndags ettermiddag, skrudde hu på repriser frå «Bobil-liv» på TV, høgt nok te at underbevisstheten hans fekk kjørt seg, men lavt nok te at han ikkje fatta ka som blei planta.

Alt såg ut til å gå etter planen.

Men, ho trengte ein katalysator … Ei litå kvinnelist …

Så … Ho la ei brosjyre for «Solglimt Seniorlandsby – Der drømmane kvilar med panoramautsikt» midt på kjøkkenbordet, ved sida av kaffitrakteren, som om hu hadde glemt den der.

Og alle andre steder, der Gustav kunne finne det for godt å oppholde seg.

Gustav såg på brosjyrene, som om hu hadde lagt fram ein flytteplan til Nord-Korea.

– Leilighet?! Med heis og postrom?! Ska eg bu vegg i vegg med folk som meiner «middag» e ein smoothie? I ein pensjonist ghetto ?

– Eg bare… såg på det. I tilfelle me ein dag ville gjera det enklare for oss.

– Enklare?! Me har jo alt her! Me har garasje, potetåker, fuglebrett, og eg har nettopp skifta takrenna med krakken min og Guds hjelp!

Rigmor sa ikkje meir den dagen. Hu bare nikka. Lydlaust. Og gjekk ut i hagen for å vatna ein pelargonia.

Men inni seg jubla hu.

For no hadde Gustav begynt å tenka.

Bare veker seinare stod han i garasjen – ikkje med plenklipparen, men med fjernblikk og kaffikopp.

– Rigmor … eg trur faktisk eg hadde daua i ein leilighet.

– Å?

– Ja. Altså. Me hadde jo ikkje fått plass te halvparten av alt me har. Me måtte jo kvitta oss med verktøykassa. Og reservedunken. Og grillspydet med teleskopstang.

Og krakken min … Gudhjølpe meg … Krakken min, stakkar …

Borti hjørna va det nett som krakken nikka samtykkande, der det risla i nokon listerester … Eller va det ei mus.

– Ja … Det hadde jo vært fælt, nikka hu medfølande.

– Kanskje … me sko vurdera noko meir… mobilt? Sa han, og nikka for seg sjøl.

– Mobilt?

– Du veit … ein bobil? Så me kan ta med oss alt me treng. Og stoppa kor me vil. Uten å måka snø. Eller høyra naboen laga podcast om toppturane sine. Ka seie du, Rigmor ?

– Hm … det høyres jo ikkje heilt dumt ut. Eg kunne jo tatt med strikketøyet. Og sitta med havutsikt ein annan plass kvar kveld. Med «saft» i prosecco glasset, og druer i skålå.

– Eg tar med grillen. Og øksa. Også kan me reise akkurat når me vil.

Rigmor såg på han med ei stoisk ro. Ei slik ro som berre kjem av å ha vunnet ein krig … Leeenge før første slaget blei kjempa.

– Ja, me kan jo begynna å kikka litt, då. Sa hu, og myste utover gårdsplassen mens eit flir forma seg umerkelig øve kjeften … Eit Jack Nicholson flir.

Og Gustav? Han trur den dag i dag, at det va hans idé. At han trumfa bobilen gjennom, og redda han og krakken.

Fra eit miserabelt liv i pensjonist ghettoen. Med smoothie te middag, og lett øl te kvelds …

2 thoughts on “Gustav og Rigmor Del 3 – Kvinnelisten

  1. Ha-ha, ja damelist skal man passe seg for.,. Men mannelist også. For hvem vet hvem som EGENTLIG fant på dette med bobilen? 😀

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Begin typing your search term above and press enter to search. Press ESC to cancel.

Back To Top