Kanskje går det i likaste laget.. !?

 

Eg va ferdig før Kånå på jobb, så eg kjørte å henta Mini’en i barnehagen idag, før eg kjørte heim.. Gangen nere va ganske så ryddige, te ein forandring.. Men, der igjen så hadde ikkje Litlajentå kommen heim ennå.. Det pleie å vær ein hale med klær, ryggsekk og andre finurlige ting i dragsuget bak hu, når hu inn dørene.. Han i Midten kauka ut et skingrande “Hallo”, når me gikk inn dørå.. Så me svara i kor eg og Mini’en, før me rusla opp trappene te stuå..

Om gangen va nåkenlunde ryddige, så stod det verre te med stuå og kjøkken.. Lekene te Mini’en fra igår lå og fløyt foran tv’en, ein fruktsmoothie pose lå med trappå og sofaen va full i magiske sandflekkar..

Mini’en fikk ei eska med sånn kinetisk sand te jul, som e knallblå og finnes overalt i heila huset.. Uansett kor mye me støvsuge, så finne me plutselig litt meir sand, ein eller anna plass.. Så, eg e på ein måte litt enige med Mini’en, som kalle det magisk sand.. For den trylle seg frem overalt.. Litlajentå har ein lilla beholdar med samme type sand, som hu og ei venninna blanda ein heil pose med glitter i.. Tjera vena meg, vettu.. Det glitra og glansa rundomkringfallera itte hu og..

 

” Kjøkkenbenken va full av rot itte både kveldsmaten igår, og frokosten idag.. I vasken stod ei gryta og nåken glasss, eg åpna oppvaskmaskinen og konstanterte at den måtte tømmast..

 

Eg hadde allerede satt skornå te Mini’en unna skotørkaren nere i gangen, og fyrt den igang før me gikk opp.. Så eg tenkte for meg sjøl at det e viktig å ikkje bita øve for mye, på ein gang.. Så eg lot kaoset få vær kaos litt te, laga meg heller ein kopp kaffi og gjekk for å ta ein liten 5 minuttar i sofaen, før eg gjorde nåke med rotet.. Det e heilt klart på tide å gjera nåke med formen, og den voksande carporten øve litlekaren.. Fant eg ut når eg kom bort i stuå..

For det va fortsatt ei litå grop i sofaen fra igår, der eg alltid sitte.. Hjølpe meg.. Snakka meg om å få fakta trødd rett i fleisen..

Eg hadde ikkje meir enn satt meg ner, før Han i Midten og Mini’en føyk øve gulvet som to lavtflyvande helikopter på tokt.. Det bråka ihvertfall lika mye.. Eg skrudde hørselen av og åpna laptopen for å skriva detta innlegget, før Kånå komme dundrande inn dørene.. Egentlig burde eg gjort alt detta i omvendt rekkefølge, når eg tenke meg om.. Rydda før Kånå komme heim, så laga meg ein kopp kaffi før eg satte meg ner i sofaen for å slappa litt av..

 

” Men, e det ein ting eg har lært meg her i livet, som Fatter’n i ein massebarnsfamilie.. Det e at det e mye enklare å få tilgivelse, enn tillatelse..

 

Så derfor tar me 5 minuttaren først, skrive litt innlegg mens eg kosa meg med kaffien og så får eg skyndta å begynna å rydda.. Når eg høyre Kånå komme inn dørene..

Kanskje går det i likaste laget, kanskje går eg på ein smell..

Men, den stundå her i sofaen, den får eg garantert ikkje igjen før kidsa har blitt lagt, solå har gått ner og me foreldre e ferdige med dagens strabaser.. Langt ut på kvelden..

 

” Livet kan fort bli kjedelig, om man ikkje legge inn litt risiko i regnestykket.. Vil eg tru..

=D

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg