Litt sånt 90′ talls Brad Pitt style, Liksom..

 

– Du må snart klippa deg, du.. Sa Kånå her ein gang, mens hu betrakta meg fra andre enden av kjøkkenbordet.. – Mhmm.. svara eg.. Akkurat det samma hadde forsåvidt eg og observert, på ein måte.. 

Ikkje fordi eg gjerna syntes eg trengte det, men fordi eg nesten ikkje fikk Caps’en på meg meir..

Det e på ein måte målestokken det, ihvertfall for meg, det at når Caps’en blir for liten, då e håret mest sannsynlig for stort.. For eg får ikkje langt, eller lengre hår eg, men stort hår, kjempestort.. For håret det vokse oppøve, nerøve og te siå på ein gang.. Omtrent som ein hekk.. Ein hekk i fullt vårspring gjødsla med supergjødsel..

Men frisør og oss mannfolk det e ikkje alltid einsbetydande med strålande suksess, et kjapt gjøremål eller et besøk uten forviklingar, sjøl om man gjerna sko trudd det.. For der Kåner gjerna må setta av ei halve helg, for å kvitta seg med 0,5 mm av tuppane, farga itteveksten og muligens benka luggen litt, vil me mannfolk helst bruka minst mulig av tiå våras på frisørbesøk..

Og sånt e det jo lagt opp te og i denna bransjen, damefrisørane har fire-fem kunder te dagen, mens dei som klippe mannfolk nærmast har null begrensning, vil eg tru..

 

” Me e sånn samlebånd produksjon me mannfolk, og med tanke på vårt ønske om tidsforbruk, så passe jo det oss fint, sånn egentlig..

 

 

Men, det e mange ting som kan gå skeis hos frisøren for oss mannfolk, sjøl om besøket som oftast ska gå raskt føre seg, for før man nesten har fått hengt opp jakkå si og e på vei mot frisørstolen.. Så komme forespørselen om håret ska vaskast.. Det nytta som oftast ikkje å sei at man nettopp har dusja heller, for lukst i vaskestolen bære det, som regel.. Mye på grunn av at me mannfolk, me seie mye ja, eller joda, hos frisøren.. 

Så sitte man der då, med enten alt for varmt, ellår altfor kaldt vann rennande ner over skalpen, mens man bite tennå sammen, smila fint og samtykke i at – Joda, det e akkurat passe.. Og i sjokket øve altfor kaldt eller varmt vann, enda man sjølsagt opp med å takka ja te ein hårkur man strengt tatt sannsynligvis ikkje trenge..

– Jøje meg, for et tørt og slitt hår, du må nok ha deg ein kur og du.. Seie frisøren..

– Ja, joda.. Kan skjønna det.. Svara me mannfolk, vett du..

Og nikka forsiktig, så ikkje vannet ska trenga ner i nakken, mens man innvendig skrike ett skingrande nei, og lure litt på kossen den dassvåte skalpen kan kjennast tørr ut.. Det renne jo vann langt nerøve øyrene, til og med..

Men, man må jo væra høflige, hjølpe meg..

Itte denna tilsynelatande bortkasta kuren, så komme sjølsagt tilbudet om ein lika bortkasta hovudbunnsmassaje opp.. Ka i granskauen e vitsen med den, liksom.. Få håret te og gro raskare..!? .. Det har man jo absolutt ikkje behov for, då ville man jo måtta gå endå oftare te frisøren, og det ønske man jo ikkje..

 

” Så man svara sjølsagt joda, det kunne man sikkert tenkt seg, då..

 

Jaja.. Ein gang, då va det forsåvidt nærmast på grenså te å enda opp i full katastrofe, der frisørdamå gnei og knaka te der oppe på topplokket med kyndige og behagelige fingrar, mens hu knødde sine yppige fordeler langt opp unna nasaskaftet mitt.. 

Eg måtte jo kvela nåken golydar som nesten slapp ut, der eg satt i vaskestolen og nøyt opplevelsen altfor mye, mens eg takka meg sjøl lykkelige for at Kånå hadde gått å kikka litt i byen, og ikkje satt i ventestolen og fikk med seg fadesen..

Så då sa eg jo sjølsagt ja neste gang og då.. Å gjekk på ein smell eg neppe komme te å gløyma.. 

For hu der flotta frisørdamå eg fikk sist, med dei yppige fordelane, som eg sjølsagt trudde sko klippa meg denna gangen og, hu vinka med seg ein godt eldre kar som sikkert va før meg i køen, inn i vaskestolen.. Mens eg, eg endte opp med ei skikkelig drosa av ei frisørdama med altfor mye lebestift, ein parfyme dunst fra helvete og nevar som ein fullblods bonde, som vinka meg inn i sin vaskestol, med ett nærmast djevelsk flir om kjeften, Jack Nicholson fliret..

Tjera vena meg.. Det e som regel best å gleda seg ittepå, istedet for før.. Sa ein klok mann ein gang.. For ittepå, då vett du jo kossen det gjekk og om det va nåke å gleda seg te..

Eg kunne ikkje vært meir enige, akkurat den gangen.. Når eg fikk eit mannehatande kvinnemenneske som høgst sannsynlig hadde valgt yrke med omhu, og gleda seg te litt kvardagslig frisørtortur kvar morgen når hu vakna, før hu gikk på jobb.. Ikkje bare hadde hu et knippe nevar av stål, men negler lange og kvasse som barberblader, på toppen av kransakakå.. 

Skikkelige klør som den stoltaste havørn i norsk fauna mest sannsynlig ville misunt denna damå, som maltrakterte ein hovudbunn som egentlig hadde gleda seg te idag, men som nå misunte den eldre karen som satt å smatta så fornøyd i stolen ved siå av meg, mens brillene hans hang på skjeivå itte dei yppige fordelane te hu andra, hadde massert nesen.. 

 

” Gudhjølpe meg, og Herrens trofaste Hærskare..

 

Så.. Når massasjetorturen endelig e over og man blir pent geleida bort i sjølve frisør stolen, så får man gjerna tilbudet om ein kopp kaffi.. Den eldre karen med rødmussede kinn itte nese, nei, eg meina hovudbunnsmassajen, han fikk ihvertfall., men ikkje eg.. Eg fikk eit knippe bondenevar som trødde meg bestemt ner i stolen, før de vrei og vridde på nakken min, nett som kiropraktoren min pleie å gjør før han gjør et uventa utslag, som får ting på plass igjen.. 

Men, nå va det ingenting i nakken som kom på plass, om mulig blei det meir ute av plass, der torturisten besiktiga ein uregjerlig hårmanke med jernhendene sine..

– Ja, og kossen vil herren ha det idag da..!?? Spør detta vesenet med eit skjeivt flir om den øvestadigt lebestift befengte kjeften, og eit merksnodig blikk som eg nesten ikkje klara å ta augene av.. Eit flir og eit blikk, som nesten skremte meg meir enn Kånå sitt intensa og lammende blikk, når eg har gått på ein smell i heimen, og e på vei lukst i Bodå.. 

– Litt sånn seint 90′ tall’s Brad Pitt style, liksom.. Svara eg muntert.. Fullt klar øve at det sannsynligvis e tilnærma umulig, med mine viker lange som Sognefjorden, på kvar sia av ein bedrøvelig tynn lugg.. 

 

” Men, det pleie som regel å skapa litt lått og løye.. Det e jo greit å skapa ein gemyttelig tone, så ikkje det blir heilt kleint, på ein måte.. 

 

Men, den kommentaren gikk jo ikkje heim hos frisørtorturisten med bondenevar og havørnklør, så det å skapa ein gemyttelig tone va fånyttes.. Hu kikka bare på meg med eit tomt blikk totalt blotta for humor, and then some.. Eg kjente det glei eit kaldt gufs av redsel øve meg, der eg forstod at detta mennesket, som heilt klart forakta meg meir, enn eg gjerna forakta meg sjøl, og den gryande carporten øve litlekaren.. Hu ska nå slippa knipetangs hendene sine laus på hårmanken min, med ei sylskarp saks.. 

Det va gjerna på tide å la all humor leggast te side, og heller opptre som ein profesjonell kunde, som ikkje tulle og vasa med flåsete kommentarer.. Eg ville jo gjerna øveleva denna timen.. 

– Kort rundt øyrene og i nakken, men litt lengre på toppen.. Sa eg, presist og profesjonelt, uten nåke som helst form for humoristisk tone eller klang.. 

 

Frisørdamå nikka fornøyd og satte igang.. Eg blei nærmast litt øverraska over kor lett og smidig hu manøvrerte dei her kolossane av nåken hender, rundt om på skalpen min, og klippa håret rutinert og effektivt.. Uten så mye som ett tegn te denna vanlige smalltalken, som man gjerna har, hos frisøren.. Eg tenkte at det sikkert va lika greit, då ville eg ihvertfall ikkje tirra hu meir opp, enn eg allerede hadde gjort med feilslåtte smått humoristiske kommentarer..

– Oi oi oooi.. Utbryte vesenet plutselig, og eg skvatt te.. – Du e jo heilt rødflamma nede i hovudbunnen din du jo.. Fortsatte hu, med absolutt null innlevelse og troverdighet, men såpassa høgt og spydigt at alle i salongen høyrte det.. – Du bør absolutt kjøpa deg ein kur når me e ferdige, altså.. Sånn som det ser ut her..

Skadefryden bobla jo nærmast øve der hu stod å kikka hatefullt på meg i speilet, mens hu sikkert tenkte at eg ville kjøpa hårkur før eg gikk, nærmast i skrekk.. Det e jaggu ikkje merkelig det ser ut som ei kjøttkaka oppi der, itte at du kvessa neglene dine under hovudbunnsmassasjen, tenkte eg for meg sjøl..

Men svarte før eg fikk tenkt meg om.. – Uff ja, eg fikk ett sånt skummelt smittsomt virus nere i syden, for to uker siden.. Før eg fortsatte.. – Det sko visst ikkje væra smittsomt meir, itte tre-fira uker, meinte legen.. Som sjølsagt va ei blank løgn, men som i fandenivoldsskapenhet bare datt ut av meg.. Han godt eldre karen i stolen ved siden av, som igjen hadde fått ansiktsfargen sin tebake i kjakane, satte kaffien i vrangstrupå og hiksta litt te, mens han prøvde å kvela latteren som bobla opp..

 

” Han hadde vel fått med seg detta vesenet av ein frisør, sin mangel på kundebehandling, han og..

 

Frøken Ørneklør fikk hakaslepp og stod nærmast litt lamslått å kikka på meg, men eg kikka såpassa spydigt tebake at hu ganske kjapt forstod, at nå hadde hu nettopp hadde fått sin egen medisin.. Rett i fleisen.. Nok e nok, tenkte eg i mitt stille sinn.. Det får væra måte på oppførsel.. 

Resten av frisørtimen gikk føre seg i stillhet, men eg fikk nåken småstygge blikk i speilet innimellom, mens den eldre karen ved siden av meg, va langt inne i ein avhandling om virus han hadde hatt, i løpet av sitt lange liv.. Både smittsomme og ikkje.. Te slutt så hanka Jernhåndå te seg ett speil, og svingte det lynkjapt rundt i nakken og kikka spørrande på meg, uten at eg forsåvidt fikk sett så mye.. Eg kunne forsåvidt ikkje brydd meg mindre om kossen eg såg ut bak i nakken, allikavel, eg ser jo aldri meg sjøl bakante.. 

Og om eg, eller me mannfolk generelt, ikkje hadde vært heilt fornøyd med klippen, hverken bak eller framme.. Så smile me stort sett skjelmsk og mumle nåke sånt som – Ja, joda.. Det ser bra ut det.. Mens me fortrenge fortvilelsen så godt man kan.. 

 

Og når man endelig står i kassen for å betala, så ende man mest sannsynlig opp med å kjøpa både hårkur, vidunder shampoo og hårvoks, sjøl om man har bestemt seg for å ikkje gjør det.. Produkter man sjølsagt ikkje har bruk for, og kunne kjøpt lignande av på Coop’en eller Kiwi, te ein brøkdel av prisen.. 

Før man smile fint og seie et høflig – Adjø, mens man allerede har begynt å grua seg.. Te man komme heim, med både kur, shampo og voks, som kosta ei halv formua, i tillegg te klippen..

Produkter man overhodet ikkje har bruk for, og sjølsagt ende man opp med å få ei salige øvehaling av Kånå.. Og før man vett ordet av det, så har man fått utdelt både liggeunderlag og sovepose, og blir sendt lukst i Bodå.. Så, når far min tipsa meg om dei karane i Strandgatå som både va billige, stort sett holdt kjeft og ikkje prakka på deg produkter man ikkje trenge..

Så va eg ikkje sein om å ta de i bruk.. Det e faktisk såpassa mye billigare enn dei “profesjonelle”, at om eg ikkje ser ut i månaskinn itte ein klipp, så e det på ein måte heilt greit.. 

Eg har jo ikkje betalt for meir enn det eg fikk, på ein merksnodig måte, så får det heller vær ein bonus, når det enda godt.. 

Enkelt og greit.. 

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg