Snapchat, Kånå og ein Niagarafoss av Iskaldt vann….

 

Idag, så har eg laga snapchat te bloggen.. Juhu.. Alle bloggerar med respekt for seg sjøl, har visst detta.. Så då måtte jo eg og laga meg ein te bloggen.. Eg vett ikkje heilt kossen eg ska forholda meg te denna nyvinningen, så dåkke får bare bæra over med meg.. Det går sikkert litt i hytt og pine i begynnelsen.. Ska eg f.eks svara “legg til” på alle som legge seg te, eller ska eg bare la det vær.. ??

Eg har ikkje peiling.. Men høflige som eg e så svare eg sjølsagt “legg til” på alle.. For det sa Kånå at eg måtte gjera..

Så visst eg har gjort nåke gale så kan eg i verste fall bare skylda på Kånå, enkelt og greit.. Det e alltid greit å ha nåken å legga skyldå på, ihvertfall i sånne tilfeller.. Eller muligens generelt.. At det i det heila tatt har blitt ein sånn snapchat sak, det kan dåkke forsåvidt skylda på Kånå og dei to galne damene på radioen.. Eirin og Veronica, som har kakla i vei så høytalerane nærmast har gått varme, i lastebilen..

Og forsåvidt oppfordra te å legga igjen tips, tebakemeldingar og lignande.. For då klarte jo ikkje eg å holda meg, og måtte jo bruka muligheten te å henga ut Kånå litt..

 

” Vil man legga seg te så e brukernavnet : gikkbareiboden

 

Kånå har forsåvidt latt denna her takketalen min gå forbi i stillhet, uten nåke særs represalier.. Hvis man ser vekk ifra at hu sendte meg rundtomkringfallera oppe på forskjellige butikkar, for å gjør nåken ærend for hu når eg bytta ein skotørkar som gikk dukken, ikveld.. Mens hu tok leggingå av småtroll.. Så litt har eg fått svi for stuntet tidligare idag..

Ellers så gjekk eg på ein heilt anna smell idag, når eg hadde lasta bilen ferdig og sko ta opp lasterampen, lukka lukå på lastebilen og dra ner porten..

Det va rett og slett iskaldt idag morgens når eg kom på jobb, så eg sendte ein melding te Kånå om hu ikkje kunne ta med ein strikka genser te meg, når hu kom opp.. For det va nesten som om vinden blåste rett gjennom fleece jakkå mi, når eg gikk fra parkeringå te lastebilen.. Eg hadde ikkje tenkt å frysa meg halvt forderva idag, så det va best å væra føre var, enn etter snar..

 

” Men, når det gjelde meg.. Så har ting på ein slags merksnodig måte, ein tendens te å gå te helsikke.. Forsåvidt det og, på generell basis..

 

Kånå kom halsande inn dørene i halv 9 tiå, som normalt.. Slengte genseren ved porten, nappa te seg kaffikoppen min og durte avgårde inn for å henta håndterminalen sin.. Hu kom joggande ut igjen med varm kaffi og sette igang med å sortera, men hadde nærmast ikkje fått begynt eingang når Han i Midten ringte..

Kånå hadde glemt å legga fram badetøyet hans, så han hadde sprunget heim for å henta det, men fant det ikkje..

Så hu måtte spinna heim å leita det fram te han, mens eg tok meg ein kaffitår og ein pust i bakken.. Det har begynt å auka på med gods nå, men eg hadde rimelig god kontroll på både lasting og sortering.. Og det tok ikkje langa tiå før me hadde gjort oss ferdig, og va klar for avgang begg to, når Kånå kom opp igjen..

Hu fikk lista først og føyk ut dørene i sin sedvanliga tempo.. Hu har kun 2 innstillingar Kånå, og det e av eller på.. Og når hu e på, så går det unna.. Det ska hu jaggu meg ha..

 

Eg fikk listå mi itte hu va gått og sko bare løfta lukka lukå som e øve liften, før eg gjekk inn å henta papirene mine.. Men kom på at eg nesten hadde glemt strikkagenseren som Kånå hadde tatt med te meg.. Eg vrengde jakkå av meg, tok gensern på meg før jakkå røyk på igjen.. Så rusla eg inn i lastebilen og tok tak i tampen som henge i lukå som e øve liften..

Dei fleste lastebilar med lift har ein sånn luka øverst, for det e ikkje så mange lastebilar med liftplata som e lika høg som skapet..

Og det som skjedde nå, det skjer som oftast bare ein gang kvart år.. For man huska denna smellen såpassa godt, og har forsåvidt ikkje så lyst å gjør det ein gang te.. Men, når det gjerna har vært ei stund siå sist man har gjort detta her, f.eks nesten ett år.. Så ende man opp med å gjør det ein gang te, før det e ett år te neste gang..

 

” For det snødde her på vestlandet igår, og det va meir eller mindre minusgrader når eg kom på jobb..

 

Men, mens me hadde sortert og lasta bilane våras, så hadde været snudd om.. Så når eg nappa tak i tampen te lukå og drog den ner, så fikk eg meg ein kraftige kalddusj av alt snøen som hadde hengt fast i lukå, fra nattå av.. Men som med væromslaget hadde smelta og blitt te vann.. Og det va ikkje måte på kor mye vann som lå oppå den forbaska lukå, og tok veien lukst ner i nakken på meg..

Gudhjølpe meg.. Eg skreik som ein stukken gris når fossen av iskaldt vann, strømte nedover ryggen.. Og skremte nesten livskiten ut av Kjøreledaren som stod rett innforbi porten min, og Bogdan som lasta i porten ved siå av.. Stakkars..

Herreguud.. Både jakkå, strikkagenser og ulloverdelen va søkk gjennomvåt.. Og eg stod allerede å skalv av kulde, meir eller mindre før eg hadde kommen meg ut i drittværet.. Og huska plutselig det eg tenkte ifjor, når eg gjorde nåke lignande og tenkte at detta må eg jaggu meg huska neste år.. Når gjerna lukå har vært befengt med frossen snø, og blitt lukka opp..

Før eg gjorde det samma, som idag morgens..

 

Heldigvis, så e det ikkje lange veien heim.. Så eg fikk kjapt på meg nåken tørre klær.. Men, gudhjølpe meg.. Det va nåken lange minutt før eg fikk av meg dei søkkvåte klærnå, og på med tørre..

Men, men.. Trøstå får væra at nå e det garantert ei stund te neste gang.. Vil eg tru..

Man gjere bare detta maks ein gang, per drittvær sesong.. Kanskje 2, om man e ekstremt stressa og gjerna ikkje tenke heilt klart.. Men, det blir ei  stund te eg går på denna smellen..

Heilt klart..

=D

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg