Eg har ikkje Peiling….

Når eg linka te ein sang i forrige innlegg, så va det te ett av favoritt bandene mine.. Pavement.. Kånå meina eg har ein totalt bisarr musikksmak.. Så kan lytta på det mølet og faktisk synast at det høyrast bra ut.. Men, at eg lika indierock.. Det får hu bare leva med.. Akkurat så eg må akseptera at hu lika Vassendgutane og Hellbillies.. Det e jo ikkje så at eg bare lika indierock, eg har egentlig ett vidt spekter i ka eg lika.. Eg kan jo høyra på Kånå sin musikk eg, uten å nærmast gå fra konseptene.. Sånn som hu gjør når eg spela min..

 

Då demonstrere hu for alle penga.. Oppgitte blikk, fingrane ner i halsen bevegelsar og hendene øve øyrene.. Eg skrua som regel litt høgare då, bare for å irritera hu litt te.. Før eg som regel får ei sofaputa midt i fleisen..

 

Men.. Som eg sa.. Eg kan lika det mesta.. Og eg e fryktelig glad i å synga med, når eg høyre ein god sang.. Te Kånå sin store skrekk.. Flokken og forsåvidt.. Så eg synge som oftast aleina.. Det e greit å ha ett publikum som sette pris på framføringå.. Ein gang, når me va på fest hos eit vennepar, så hadde de rigga opp ett sånt karaoke anlegg.. Tjera vena meg.. Eg kjente håndå te Kånå stramma rundt mi, når me kom inn i stuå og oppdaga herligheten..

 

Kånå sendte meg ett iskaldt advarande blikk.. Det va jo ikkje alle me kjente fra før, så Kånå meinte vel at nå fikk eg bare holda meg i skinnet.. Det e forskjell på Singstar heima, og Karaoke anlegg på vennepar fest..

 

Eg nikka jo bare beroligande tebake, med ett blikk som sa slapp av.. Eg ska ikkje drita oss ut eg.. Eg forstod jo at det betydde litt for Kånå, at me sikkert fremstod som omgjengelige og sofistikerte folk.. Så eg satt nå på siå av Kånå og prøvde å vær smart, mens kvart ett fiber i meg kribla itte å testa ut Karaoke anlegget.. Men Kånå hadde stålkontroll.. Hu va nok fullt klar over min indre kamp, som foregikk.. Og pinnholdt i armen min..

 

Men itte som drikkevarene gjekk inn, så løsna grepet sakte men sikkert.. Karaoke anlegget hadde forsåvidt fått stå rimelig ifred ennå.. Men når Kånå rusla ut på terrassen med vertinnen, for å kikka på ett eller anna..

 

Så va eg ikkje sein om å gripa sjangsen.. Tom Petty og Free Fallin blei leita fram og sjølsagt fyrt igang.. Eg rigga meg te bak mikrofonen, klar som ett egg.. Eg digge jo den sangen, så sjølsagt trur eg jo sjøl at eg naile den kvar gang.. Men eg gjør jo ikkje det.. Eg har jo sett video av meg sjøl dagen derpå eg og.. Forskjellen på meg og Kånå e jo at eg ler av det, mens hu langskjemst.. Så når dei første strofene av Free Fallin fyrte igang, kan eg vedda på at Kånå fekk ståpels og angsten øve ka som nå kom te å skje, slo inn for full styrke..

Herreminguuud.. Det tok jo heilt av den kvelden.. Eg huska når eg drog Angels med Robbie Williams, og både vinglass og husvinduer vrei seg av mine følelsesladde framføring.. Og Kånå fortalte meg dagen derpå, at når nåken hadde spurt hu kim det va, akkurat då.. Så hadde hu svara kontant..

 

– Eg har ikkje peiling..

 

Date with Ikea…

Igår va rett og slett ein møkkadag på jobb sjøl om det gjekk seg te utøve dagen.. Man blir liksom ein smule demotivert av uforutsette hendelser, som igjen stjele den tiden man har tilgjengelig te utføra jobben.. Når eg alikavel klarte å ro meg iland innenfor rimelighetens grenser, og ikkje endte opp med ein maratonlang dag.. Som eg hadde frykta.. Så va det rett og slett deiligt å parkera lastebilen og rusla den lille biten heim, fra parkeringsplassen..

Nåke varm i topplokket, sterkt redusert sånn fysisk sett, men godt fornøyd med dagens strabaser på jobb.. Det sko jaggu bli herlig å parkera stumpen på sin sedvanliga plass i sofaen, akkurat denna torsdagen her..

Eg begynte rett og slett å plystra på ein godlåt der eg gjekk heimover, og gleda meg te nyta kvelden med Kånå og Flokken.. Gjerna med ein god film me alle kunne se sammen, med popcorn i skålå og brus i glasset.. Gubbevare meg vel, eg smilte nesten med meg sjøl øve kor koselig detta høyrtes ut.. Litt reinspikka familieidyll før Kidsa gjekk fint og la seg.. Så kunne gjerna eg å Kånå avslutta kvelden tett omslynga i sofaen, med ei romantisk perla av ein film..

P.S I love You, f.eks.. Den ville garantert føra te litt “ild i torvå”..

 

Eg åpna dørå heima forsiktig, lista meg inn og stod å lytta litt før eg gjorde meg te kjenne.. Det e alltid greit å analysera stemningen i heimen, før man melde sin heimkomst.. E det ett haraball uten like så e det bare å hoppa i det, men e det stille og rolig som det va igår.. Då kan man faktisk ha ett håp om ein ittemiddag, med ein sjelden harmoni og nåkenlunde familieidyll.. Skornå blei tatt av og jakkå hengt opp, før eg rusla mot badet for å tømma tanken og stella meg litt.. Itte ein hard dag på jobb..

Det va då eg oppdaga det.. Grøss og gru.. Nakkahårå reiste seg og blodet frøys nesten te is.. Det lå ein lang, flat og brunfarga pakke i gangen..

– Frode, e det du så komme.. Kauka Kånå fra kjøkken.. Eg hadde tydeligvis sluppet ut ett gisp, som igjen hadde avslørt at eg va kommen heim.. Så ein stillferdig retrett va utelukka idag og.. – Eg fikk tak i det skittentøyskapet idag, fra IKEA.. Pludra Kånå videre.. Hu hadde solgt ett sett med regntøy samt den gamle sykkelen te Litlajentå, og brukt gevinsten på detta hersens skapet.. Normalt så e det heilt greit at hu finne på sånne stunt, men som regel e jo brukte Ikea ting sett i sammen av andre..

Men detta skapet va jo sjølsagt fortsatt flatpakka.. Kånå kom tuslande fornøyd ner trappå, mens hu kurra som ei dua i paradis.. Hu hadde jo nevnt detta for meg, tidligare på dagen.. At hu hadde fått tak i detta skapet..

Men ikkje ett kvekk om at det va flatpakka…

 

– Du kan vel setta sammen det ikveld vel, kan du ikkje det snuppeluppen min.. Kakla hu videre.. Eg løy så vakkert at eg nesten trudde på det sjøl, når eg svara Kånå.. – Jammen, så kjekt da.. Ja, joda.. Eg kan vel skru det opp te deg eg vett du.. Eg må bare på dass først..

Herregud.. Eg skunta meg inn på dass og låste dørå, før eg stappa hovudet inne i ein stabel med håndkler og skreik av “glede”..

Og nok eingang hadde alle mine forhåpningar om ein “koselig” avslappande kveld, brått blitt revet ut av hjernebarken.. Som når man røska ett plaster av, på ein hårete plass..

Så satt eg der på dass igår.. Og gråt nåken lykkelige gledestårer øve kor heldige eg va..

Før eg manna meg opp, gjekk å henta verktøyet og skrudde detta forbaska skittentøyskapet sammen..

Mens eg nynna ironisk på “Date with Ikea” av Pavement..

=D

Mr Google, Kånå og ei Pannekakerøra te besvær..

Foto : Komposita/Pixabay

Jaja.. Så fryktelig lenge va ikkje Adam i paradis, hette det visst.. For når eg kom heim fra jobb idag, møtte eg meir eller mindre hverdagsgalskapen i trappå.. Litlajentå føyk kaukande øve stuegolvet i fullt firsprang itte Mini’en.. Mini’en skreik lika høgt, der han ilte øve gulvet som fortropp.. De sprang om kapp øve kim så sko røra i pannekakerørå.. Han i Midten satt i sofaen og ropte itte stillhet, han høyrte jo ingenting..

Eg stod ei litå stund å lurte på om eg bare sko snu, og lura meg ut ett lite øyeblikk te.. Men eg blei oppdaga av Kånå, før eg fikk bestemt meg.. Hu va mildt sagt i harnisk, der hu sprang mellom gjøremålå i heimen..

Hu hadde solgt det gamla regntøyet te Litlajentå, men han som sko henta det, fant ikkje fram.. Og med tanke på Kånå sin manglande evne te å forklare veibeskrivelse, så va jo det forsåvidt ikkje så uforståelig.. Men fyren hadde Googla adresså våras, og havna midt utpå markå, foran rekkehuskomplekset.. Nå ska ikkje eg ta nåke avgjørelse om kim så gjerna hadde mest skyld her.. Men Kånå hadde vitterlig skrevet dei kvite rekkehusene med forskjellig farge på carport og dører..

 

Og står man der eg mistenke at han stod.. Så e det absolutt ikkje vanskelig å sjå detta rekkehuskomplekset.. Det forsvinne på ein måte ikkje inn i naturen, med sin eggehvite fasade og dører i alle regnbuens farger.. Til og med rosa..

 

Og nett som eg har lært på den harde måten sjøl, så e ikkje Google fasiten øve alle fasiter.. Det forekomme feil og mangler der og.. Men han fant fram te slutt og lot forsåvidt Kånå få høyra ka han meinte, om at me ikkje befant oss der Google hadde henvist han.. Ka Kånå hadde forklart va visst underliggande Google.. Så for ein gangs skyld så e Kånå frikjent, spør du meg.. Tjera vena meg, alle vett vel at Kåner trumfe Google uansett kor rett man trur man har.. Eller kor rett man vett man har.. Av og te e det bedre å meina det som gir størst gevinst, uavhengig av kim som har rett.. Derfor meina eg ofta det samma som Kånå..

Men.. Det slutta jo ikkje her.. Denna ittemiddagen va fortsatt ung i forhold te hverdagskomplikasjonar.. For Kånå sko jo steika pannekaker..

Så når hu forfjamsa kom opp fra gangen, itte at Mr.Google sikkert pent hadde bedt oss flytta der Google meinte me bodde.. Sette hu igang med steikingå av både pannekaker og bacon.. Mens eg satt i sofaen og surfa litt på nettet, og leste avisene der.. Det e greit å holda seg nåkenlunde oppdatert i det som skjer, rundtomkring i verden.. Eg kan f.eks beroliga meg med at litt grått hår, bare e positivt.. Det tyde på at man e i toppform, og har ett langt liv foran seg.. Ivertfall så meina de det, nåken forskerar.. For gråhåra villsvin hadde ivertfall dei egenskapene, i forhold te sine meir brunfarga medlemmer av arten.. Og me hadde visst mye til felles med villsvin, me mennesker..

 

Så mine grå hår som formere seg som kaniner, i hver tinning.. Dei e bare ett tegn på at formen e på topp og at livet blir langt.. Nett som eg har trudd i lange tider om meg sjøl, egentlig.. Ingen grunn te panikk, om man miste pusten halveis opp i ei trapp.. Eg har jo grå hår i tinningen..

 

Opps.. Ein liten digresjon der.. Men.. Kånå stod altså å steikte pannekaker, når hu begynte å klaga seg øve rørå.. For pannekakene blei så merkelige.. Hu frykta ei stund at kidsa hadde hatt nåke oppi, mens hu hadde vært nere å diskutert kor me bodde, med Mr. Google.. Men ingen av dei hadde gjort nåke anna enn røra i rørå.. Det sa de ivertfall med handå på ryggen og ti knivar i hjarta, eller nåke lignande.. Kånå kjørte oppi med meir smør, og slengte på ei nye pannekaka.. Og det virka som om det ordna seg der borte..

Men plutselig kauka hu te igjen, så eg skvatt i sofaen.. Hjølpe meg.. Nå blei pannekakene endå verre.. Nei, hu måtte heilt klart ha ei ny steikepanna, det måtte jo vær den som va syndaren.. Heilt klart..

Eg gjorde bare som eg ikkje høyrte na, der hu mumla nåke om Ikea, steikepanna og den forbaskade rørå.. Det e som oftast det besta.. Det å ikkje blanda seg opp i ting, som kan dra deg inn i ei rekka av hendelsar man plutselig ikkje e herre over sjøl lenger.. Og plutselig så sitte man som ett mentalt vrak og e totalt utslitt mens man spise svenske kjøttboller på Ikea.. Og ydmykt dyrka håpet om ei meining med tilværelsen.. På ein måte..

Men, men.. Det hadde vært stille ei stund nå, borte på kjøkkenet itte det sista utbruddet.. Før Kånå sette i ett gisp, og ropa ut ett – Åhhneeeei…

 

Det va jo ikkje pannekake røra Kåne steikte pannekaker med, men vaffelrøra.. I hverdagens umiskjennelige kvern, hadde Kånå i kaoset som regjerte fiska opp feil pose fra skuffå.. Og hatt opp i bollå, før kidsa fikk lov te å røra.. Kanå dampa jo nesten av oppgitthet og resignasjon…

 

Tjera vena meg, vettu.. Det va nesten ubetaleligt..

Men de smaka jaggu meg godt da.. Dei her pannekakevafflene te Kånemor.. Det ska hu forsåvidt ha.. Sjøl om de såg nåke merkelige ut.. Te pannekaker å vær, liksom..

=D

 

[bctt tweet=”Mr Google, Kånå og ei Pannekakerøra te besvær..” username=”Gikk_i_boden”]

Det smaka best ferskt…

Sikkert ganske likt meg, når det kreative hjørna slår inn.. =D

Hjølpe meg..

At dagens tidligare innlegg sko ta sånn av, det hadde eg aldri trudd.. Så det e gjerna på sin plass å forklara litt foranledningen, te at eg i det heila tatt ga beskjed te Kånå idag morgens.. For sist gang når eg ikkje ga beskjed, fikk eg ein melding av ei Kåna som va alt anna enn fornøyd.. Også den gangen hadde eg vært heima hos foreldrene mine ein liten tur, men te forskjell fra igår.. Så glemte eg rett og slett ut å fylla diesel den gangen..

Igår va eg så inni granskauen kald på beinå, itte fisketuren.. Fordi eg hadde brukt nåke joggesko far min hadde kjøpt i Brasil, som heilt klart ikkje tålte vann.. Ikkje regnvann eingang..

Så eg kjørte bare rett heim, uten å fylla opp tanken.. Eg hadde faktisk tenkt å gjør det, men når eg passerte bensinstasjonen va eg pissetreng, hadde iskalde bein og stinka fisk.. Så avgjørelsen va enkel og ta.. Eg fikk bare smørblidt gi Kånå beskjed når eg kom heim, så hu va klar over det.. Og satsa på at det gikk bra.. Men sjølsagt glemte eg det når eg kom heim.. Så når eg satt og kosa meg med kaffikoppen idag morgens, kom eg på at eg muligens burde informera Kånå.. Resten har dåkke lest..

 

Det viktigaste e jo tross alt å gi beskjed, når man enten ikkje har gjort som man fikk beskjed om.. Eller oppdaga nåke som den andre gjerna burde vita.. F.eks at tanken va tom..

 

Kånå va ikkje akkurat imponert sist gang, kor hu faktisk hadde spurt om eg ikkje kunne fylla.. Men distre som eg e satt eg sikkert i heilt andre tankar, når eg passerte stasjonen.. Eg har sånne øyeblikk i ny og ne, dei er “Hjernen e aleina”  øyeblikkene.. Når tankane bare flyr avgårde med meg, og plutselig så e eg på ein heilt anna plass enn eg nettopp va.. Det e faktisk på kanten te å vær skummelt, innimellom.. Ikkje sånn at eg har blackout eller lignande, eg følge jo med på veien og omgivelsane rundt.. Men eg e bare så langt inne i ei tankerekka, at eg kjøre gjerna rett forbi der eg ska levera..

Det trenge ikkje vær verre enn at eg sitte å høyre på radioen, eller komme på ett eller anna eg kan skriva om.. Spesielt hvis hjernen slår seg i det kreativa hjørna, så blir eg totalt borte vekk..

Då spinne hjernebarken igang som ett finslipt maskineri, og når eg gjerna stoppa bilen for å skriva ned nåken stikkord.. Så fossa gjerna heila innlegget ut, på 10-15 minutt.. Fordi det allerede nærmast va ferdigskrevet, inni hovudet.. Og eg må ta ett par leveringar på heimturen, som eg i den kreative prosessen har kjørt rett forbi.. For i motsetning te sikkert dei fleste bloggerar, så har ikkje eg ett einaste forhånds skrevet innlegg, liggande klart.. Eg har gjerna mange stikkord og skisser, men aldri ett ferdig manuskript liggande..

 

Eg vett ikkje, men eg føle som oftast at innleggene blir bedre når de komme ferske som nybakte boller, utover eteren.. Det e med innleggene mine, som med fisk.. Det smaka best ferskt..

 

Eller så e det ein del så lura på kossen Kånå reagerte, på denna “romantiske” beskjeden eg ga na idag.. Og tro det eller ei, så svara hu bare – Så heldige eg e da.. Mens hu smilande vrei seg øve på andra siå, før eg sprang ut dørå idag morgens.. Mest trolig så fikk hu gjerna ikkje heilt med seg ka eg sa, når det blei kamuflert på den måten.. Men når hu vakna te litt seinare, så huska hu jo ka eg hadde sagt.. Og hadde forsåvidt flirt litt for seg sjøl, øve at eg ivertfall hadde lært fra sist gang..

Det va nå det hu sa te meg, når hu endelig svara på mobilen idag.. Eller svara gjorde hu jo ikkje, for hu ringte meg opp igjen lika før eg kom heim.. Fleire timar itte eg hadde ringt..

Og det va jaggu meg litt godt.. For eg va usikker ei litå stund der, om hu gjerna hadde tatt det ille opp idag morgens.. Men hu diska jo til og med opp med fersk nystekt makrell te middag idag, nåke som e så inn i granskauen godt.. At eg har nesten ikkje ord.. Så nåke videre irritert kan hu ikkje ha vært.. Så min frykt for å havna i Bodå, va ivertfall heilt ubegrunna..

Men.. Nå må eg ner å henga opp nåke greier, som eg sikkert sko gjort for nåken månader siden.. Det e best å holda seg på plussiå, så lenge som mulig.. Eg går tidsnok på ein smell, alikavel..

 

Så god mandags kveld Folkens.. Og på gjensyn..

=D

 

Nåken få små ord, ein stille morgen..

Det e viktigt å holda flammen varm i ett forhold, men det e ikkje alltid lika lett i ein ellers travel hverdag.. Man løpe fra det eina te det andra i ett tempo uten like.. Men somme ganger får man nåken små vinduer med mindre trøkk, og då e det viktig å bruka anledningen..

Det trenge jo ikkje alltid vær så avansert.. Av og te e det gjerna bare nåken velvalgte ord te sin kjære, som ska te..

Idag morgens f.eks.. Så vakna eg te ett blikkstille hus.. 3 av Flokkens medlemmer va på “ferie” hos besteforeldre og kompiser.. Eg rusla ut på badet og pussa tennå, slo lens og fekk på meg arbeidsklærnå.. For så å rusla opp på kjøkken kor eg laga meg ein kopp kaffi..

 

Eg hadde jaggu meg nåken minutt te rådighet, før eg sko vær på jobb.. Så eg satt nå litt og kikka ut i luftå, og nøyt stillheten..

 

Når eg kom på at eg gjerna burde sagt nåken ord te Kånå, før eg gjekk.. Som oftast har eg ikkje tid te det, fordi eg e ekspert på å vær i siste liten.. Spesielt om morgenen.. Eg minnast sist gang eg hadde hatt litt tid te overs om morgenen, og stukket avgårde på jobb uten å gi Kånå ein liten nuss og sagt dei samme ordå..

Kånå tok det ikkje akkurat på best mulig måte, om eg ska sei det forsiktig.. Hu lika jo sjølsagt å få beskjed om sånt nåke..

Tjera vena meg.. Eg kan jo forstå na eg.. Eg syns jo det e kjekt når hu og seie det samma te meg.. Som sagt, det e ikkje alltid så mye som ska te, for å gleda den andre heller.. Ord e ofta forferdelig undervurdert.. Egentlig.. Så eg drakk opp den siste skvetten med kaffi, og bestemte meg for å setta handling te mine tankar..

 

Eg sette til og med koppen inni oppvaskmaskinen, sånn som Kånå lika at eg gjør.. Det kom garantert te å bli plusspoeng idag..

 

Så spratt eg lettbeint og luftig ner trappå.. Åpna dørå og kikka inn på rommet våras, kor Kånå lå og sov sin beste skjønnhetssøvn.. Eg stod å betrakta detta fantastiska vesenet litt, før eg tok mot te meg og lista meg bort te sengekanten..

Eg bøyde meg ner og ga na ett lett nuss på kinnet, og fikk godlynte koselydar tebake..

Sjøl om eg forsåvidt hadde guarden oppe,. Eg fikk ein albue midt i andletet ein gang, når hu i sin beste søvn skvatt te av ein skygge øve seg.. Og kjørte albuen rett i snyteskafte på meg.. Men idag, lå hu fortsatt fint i ro, og hadde hu vitterlig ikkje ett lite smil om kjeften, der hu lå..

Så eg la kinnet mitt mot hennas, og kviskra så sødmefylt og romantisk som eg kunne..

 

– Du må fylla Diesel på bilen idag…

 

Kånå, Ei bøtta med Makrell og Måka på sluken..

Itte ein turbulent morgen og ikkje mindre turbulent formiddag, så tok eg med meg Eldstemann på fisketur.. Sånn som formiddagen hadde utarta seg, fant eg ut det smartaste eg kunne gjør, det va å rømma huset for ei litå stund.. Sjøl om eg stod opp med Kidsa meir eller mindre frivillig, itte ett saftig spark i rævå.. Så va rabalderet som kom i ittekant, nok te at Kånå tydeligvis stod opp med feil fot..

Skjønnhetssøvnen hadde heilt klart fått for mange avbrudd, så Kånå va jo birsure når hu trampa opp trappå og laga frokost..

Det kom seg litt itte Prinsesså på Ertå hadde fått i seg litt kaffi og ein matbit.. Kidsa hadde sluppet tempoet litt ner, så både støy og aktivitetsnivå hadde sunket betraktelig.. Av ein eller anna grunn tenkte eg at det va trygt å setta seg ner, for å forfatta forrige innlegg.. Men som regel når eg trur nåke e trygt, har eg sjølsagt ikkje sjekka alle fallgruver som lure rundt omkring i heimen.. F.eks ei Kåna med ein sur fot..

– Eg går opp på loftet å rydda litt i loftsbodå.. Eg ska finna fram ein koffert.. Sa Kånå, og traska opp trappå.. -Mmmm.. Svara eg, oppslukt med innlegget.. Og meir tenkte ikkje eg øve den saken..

 

Sjølsagt høyrte eg ei fæla romstering der oppe, og nåken “luftige” utrop.. Men eg va heilt i min egen verden, og tenkte ikkje meir øve det.. Hu hadde vel spurt om hjelp om hu trengte det, men det hadde hu ikkje gjort.. Det hu derimot gjorde itte ei stund, når hu kom trampande ner trappene.. Det va å takka for hjelpå.. Nåke som sjølsagt sett hjernen min igang, i begge retningar.. Eg hadde jo ikkje hjulpet Kånå eg, men til og med eg forstod at eg burde vist hatt gjort det..

Så mens hjernen sleit med Catch 22 dilemmaet.. Tok kjeften ein sjefsavgjørelse og svara av seg sjøl, siå hjernen va opptatt på andre områder..

– Du har jo ikkje spurt om hjelp du, så koffår i all verden takka du for hjelpå.. Som om eg liksom sko ha lest tankane dine, og forstått at du sko hatt hjelp.. Svara kjeften, før hjernen skjønte ka som nettopp hadde skjedd.. Og gjekk i full katastrofealarm.. Kånå eksploderte og braut ut i fistel.. Sjølsagt burde eg ha forstått at hu trengte hjelp der oppe, itte så mange år sammen måtte eg nå forstå såpassa..

Alle mine forsøk på skadebegrensing va fånyttes, mens eg forbante meg sjøl for å latt kjeften vær ubevokta ett øyeblikk..

Tjera vena meg..

 

Så når Mor mi ringte å lurte på om nåken av Kidsa ville komma på ferie, nappa eg med meg første man som ville, og heiv meg i bilen.. På veien ut stakk eg innom Bodå og tok fiskastengene med meg.. Eldstemann man ville gjerna vær hos Farmor, så då tenkte eg at me kunne ta oss ein fisketur i samme slengen.. Alt va bedre enn å vær heima, å få kjeft for ting man ikkje visste, at man burde visst.. Det va vel bare ett tidsspørsmål før Kånå hadde funnet nåke anna hu kunne “takka meg for”, denna dagen her..

Av og te e å beholda roen og harmonien øvefor Kånå, som å gå på den skjøraste isen i verden.. Man vett at den vil brista, før eller seinare.. Bare ikkje akkurat når..

Når eg går på tynn is klara eg aldri å gå forsiktig.. Det e som eg danse fandango med klogger på giftslangar.. Istedet for å trø varsomt, trampa eg fremover som ein kamel på leit itte vann i ørkenen.. Og når Kånå har tatt i bruk ein tone som heilt klart antyda, at eg sjølsagt bør holda kjeft.. Så rekke sjølsagt eg opp håndå med ein iver itte å gå i fellå, som e ufattelig.. Men idag va det ikkje stort å sei, itte denna fadesen.. Så for ein gangs skyld tok eg heilt klart ein rett avgjørelse, og rømte heimen..

Og ka e bedre for tynnslitte nerver og ein Fatter’n som har gått kraftigt i fellå.. Enn ein avslappande fisketur på ett blankt hav..

 

Som sagt så gjort.. Havet lå flatt som ett stuegulv, det kom nåken dråpar fra oven og me seig roligt utover fjorden.. Perfekt fiskevær.. Eldstemann satt og gleda seg te å fiska som bare han kan.. Guten elske fisk, og fisking.. Og hadde bestilt makrell te kvelds.. Sjølfiska makrell.. Den første makrellen blei hanka inn, samtidig som himmelen åpna slusene.. Gudhjølpe meg.. Det va ikkje det at det begynte å regna, men det formelg spratt opp igjen fra øveflatå, og inn i båten..

Jaja, så lenge det ikkje blåse nåke særligt, så sko me nå takla litt regn.. Men ikkje før eg hadde tenkt det, så begynte det å blåsa opp..

Med prøvde å forflytta oss ett par ganger, te ingen nytte.. Det blåste og regna overalt og i fra alle retningar.. Detta e jo heilt typiskt, tenkte eg.. Når me endelig komme oss ut på sjøen for å nyta litt ro og fred, så e det som om Kånå sitte heima og styre uværskyene rett over oss.. Men te slutt så ga det seg, heldigvis.. Og me fant oss ein plass kor vinden ikkje tok så kraftigt.. Eldstemann heiv ut snøret igjen.. Ein Makrell va ikkje nok te å metta denna guten, han ville ha meir.. Og ikkje før han hadde sluppet snøret ut, så va det napp igjen..

Guten sveiva på snellå som ein gal, og kommanderte meg klar med håven.. Me hadde mista ein svær makrell på sist sted me va, og han tok ingen sjangser nå.. Makrell nr 2 va ett faktum..

 

Nr 3 og 4 kom lika itte.. Og sånn fortsatte det, eg rakk ikkje å sløya fisken lika snart som han drog de opp.. Så eg ga opp å følga med.. På 10 makreller i bøttå måtte han ha seg ein pause, og då hadde me sikkert kasta uti igjen 10-12 pir.. Sånne makreller som e for små.. Og eg begynte jobben med å sløye makrellen.. Det samla seg raskt ein flokk med måker, som grådigt forsynte seg med innmat og fiskahovudene.. Når eg hadde ett par igjen, heiv Eldstemann sluken ut igjen.. Med klar beskjed om å ikkje dra de ut av sjøen, før eg va ferdig..

Men, sjølsagt klara jo ikkje han å styra seg, og dro opp ein liten pir igjen.. Men istedet for å la den svømma nåken meter unna overflaten.. Snella han den nesten opp te overflaten..

Og plutselig e det som om me blir bombardert av måker, som stupe ner i vannet itte småfisken som svømme i ring lika under overflatå.. Ei måka nappa med seg pir’en, og forsøke å ta av.. Men blir heven inn i ein kraftig sving når sluken fortsatt henge i fisken.. Eldstemann begynne å forstå omfanget av tabben sin, men vett ikkje ka han ska gjør.. Forsåvidt ikkje eg heller.. 3-4 måker te hive seg inn kampen om fisken, mens me hjelpalaust står å kikka på.. Og lure på om me blir nødt te å avliva ei måka..

Plutselig stikke ein svær jækel av med fisken, mens 2-3 andre følge itte.. Men ei flaksa for livet, uten å komma ein meter.. Helsikke og, tenkte eg for meg sjøl.. Eldstemann kikka spørrande på meg.. Nå har me klart det stora..

Men lika før eg ska te og sveiva måkå inn og gi na ett kakk med gummihammaren.. Så løsna sluken og den va laus.. Fri og bevare meg vel..

 

Med sløyde dei siste makrellene og sa te kvarandre at nok va nok.. Eldstemann va forsåvidt meir enn fornøyd med fangsten.. Og eg tenkte at det sikkert va trygt å komma heim igjen..

Ein alle tiders avslutning på ein heilt ok søndag..

Og når eg kom heim satt Kånå og tutla med Lego, på kjøkkenbordet.. Humøret hadde heilt klart forbedra seg, sikkert fordi Mini’en va reist te Svigers på ferie.. Litlajentå hadde lagt seg og Han i Midten sko sova hos ein kompis..

Ein søndag som starta nåke turbulent, og fortsatte i samma sporet.. Blei avslutta på perfekt vis..

Med ei full bøtta med makrell..

Endelig, Mot normalt.. På ein Måte…

Fra ett røveri i Sjokoladeskålå..

Det e søndags morgen og for første gang denna sumaren, har eg vært opp med Flokken før klokkå 08:00.. Av ein eller anna grunn, så har mesteparten av Flokkens medlemmer funnet ut at å sova litt lengre enn “normalt” i helgene.. Det e heil kurant.. Ein lørdag vakna me ikkje før klokkå halv 10, men då forsåvidt med dei 2 minste limt fast te kvar sin I-pad, i midten av sengå.. Når de hadde luska seg inn i vår seng visste hverken eg eller Kånå.. Men stille som to bandittar på tokt, det hadde de ivertfall vært..

Det har faktisk vært litt herlig, det å kunne sova bittelitt lengre enn te klokkå halv 7, denna sumaren.. Heilt te idag.. Når Eldstemann kom ner i sju tiå, å klaga sin såre nød øve Han i Midten så hadde haraball inne på rommet sitt..

Han har hatt liggebesøk inatt av ein kompis i gatå.. Og de va ikkje akkurat tidlig i seng igår kveld heller, men det la ivertfall ikkje nåke dempar på iveren itte å stå tidlig opp.. Mini’en som ein eller anna gang i løpet av nattens mulm, hadde sneket seg inn og opp i vår seng.. Vakna jo sjølsagt av Eldstemann så stod stuptrøtt ved siå av Kånå, og forsøkte å få kontakt.. Så då va jo det gjort og.. Mini’en ville opp og sjå barne-tv..

 

Eg hadde egentlig ikkje vakna ennå, men fikk ein kjapp oppdatering av Kånå.. Og eit kjapt spark i rævå lukst ut av sengå, og luska sammen med Mini’en og Eldstemann opp trappene..

 

Mini’en blei parkert foran tv’en, før eg tok turen opp på loftet i ett forsøk på å stilna bråkmakerne.. Som sjølsagt ikkje akkurat va nåke “walk in the park”.. Ein øvetrøtt Han i Midten som la seg seint og stod opp tidlig, e som 100 Mini’ar med fullt opplada batteri, an then some.. Og nå handla det bare ikkje om at Eldstemann og Kånå måtte få litt meir ro.. Men Litlajentå måtte for guds skyld heller ikkje vekkast for tidlig.. Då e ragnarokk laust resten av dagen.. Det littla trollet som va som ett englebarn, sine 3 første leveår..

Hu har brukt dei 3 neste årene på å utvikla og finslipa sine utspekulerte fantastreker.. Hu har gått fra ei stillferdig og sjarmerande småjenta, te ett uvær av eit rampetroll..

Og blir hu vekka for tidlig, akkurat som mor si.. Så e hu som ein udetonert vulkan som ligge å ulma i kulissene.. Hu veksla mellom å kviskra rampastreker i øyra på lillebror sin, finna på alskens irriterande småstreker og har ein evne te å gå sine skaperar på nervene som ikkje e sann.. Det egentlig litt smått utrolig at ei sånn englajenta, har utvikla seg så i stikk motsatt retning fra sine første 3 år.. Men dog, hu hadde sine øyeblikk som englebarn og..

 

Men då hadde hu stort sett lurt seg te ett eller anna, i ein krok på kjøkkenet eller andre lignande plasser.. Og blei ikkje oppdaga før foreldrene plutselig blei mistenksomme, øve den sjeldne stillheten i heimen..

 

Ein gang som eg trur eg har nevnt tidligare, då hadde hu funnet neglelakken te Kånå.. Og dandert både negler, fingrar og kjøkkenbord med neglelakk te den store gullmedaljen.. Eller når hu hadde dandert gulvet bak om kjøkkenøyå med ein pose risnøtter, fordi dukkene sko leka i snøen og laga snøengler.. Og samme dagen kor hu og Mini’en tok ett tokt i sjokoladekremen Kånå sko ha te ei kaka.. Forsåvidt uskyldig moro som sikkert dei fleste har vært borti.. Bare så inni granskauen mye kav å rydda opp i..

Men nå for tiå så e hu stort sett mesterhjernen bak både egne og Mini’en sine fantastreker.. Der hu kviskra den litle fjotten i øyra, mens han utføre oppgavene stolt som ein hane..

Heldigvis e han ikkje redd for å sei kor ideen kom ifra, ennå.. Sjøl om me som oftast skjønne tegningen, lenge før han stolt som ein hane proklamere kim som har planta revastrekene i hovudet på han.. Men hu e ein liten slu rev, den der jentå.. Det e ivertfall heilt sikkert, spesielt om hu ikkje har fått nok søvn.. Så idag morgens fikk dei to morgenfuglane, klar beskjed om å vær stille.. Og holda seg på rommet ei litå stund te..

 

Det gjekk strålande i ca 5 minutt.. Eg og Mini’en satt i koma og glodde på barne-tv, når Han i Midten brøle ner trappene.. Om han og kompisen ikkje kunne få komma ner å se på tv, dei og.. De sko lova å vær stille..

 

Tjera vena meg.. Eg kunne kaldkvelt guten.. Det e jo liten vits å vær stille ittepå, når han heilt sikkert hadde vekka halva nabolaget, først.. Når han brølte nerøve trappå.. Eg begynte å tella te 10.. På 5 kom Litlajentå luskane opp trappå, og gjekk som ein søvngjengar mot oss i sofaen.. Eg kunne allerede sjå på hu, at her kom det te å bli rabalder idag.. Der Jack Nicholson fliret allerede lurte i munnvikane, før hu nærmast har våkna te livet..

Og derifra og ut, så har det meir eller mindre vært ett reinspikka kaos i heimen idag.. Turnshow i sofaen, tv’en på full guff og Mini’en i tospann med Litlajentå i full vigør på stuegulvet..

De hadde først med seg litt Lego ner i stuå, som de satt og lekte med.. Før Litlajentå fant ut at den baljen de hadde hatt Lego’en oppi.. Den hadde hjul.. Dermed blei det ett lurveleven uten like.. Mini’en satt oppi og hylte av fryd, mens Litlajentå va påhengsmotor.. Han i Midten og kompisen klaga på bråket og fyrte opp volumet på tv’en.. Eldstemann kom ner å prøvde å roa gemyttene, te ingen nytte.. Kånå låg å kauka nere på soverommet våras..

Mens eg bare satt i sofaen med beinå på bordet, laptopen i fanget og observerte galskapen..

 

For første gang denna sumaren va alt tebake te normalen.. Ingen sjusoverar som sleit ut lakenet, 3-4 spinnville ungar oppe i stuå før klokkå 08:00.. Og ei småsint, ilter men stort sett snill Kånå, som lå og kauka nere i sengå si..

Rett og slett mot normalt..

Og eg satt med kaffikoppen og nikka fornøyd te meg sjøl.. Det e godt å sjå at de ikkje har mista taket.. Hverken Kidsa eller Kånå.. Eg har ei stund vært engstelig for, at sånne småoppgitte kaos innlegg fra helgene va ein saga blott..

 

Men neida.. We are still going strong..

 

Det e absolutt ingen som helst tvil om det, itte denna morgenens forestilling…

=D

 

Ein pjuskete Hannkatt, med Pelsen på Vrangå…

Eg skreiv denna i vinter.. Når eg gjekk på ein smell med både Kånå og flunså.. Og syns rett og slett den fortjente ein liten reprise..

Eg satt ivertfall å hiksta litt av latter sammen med Kånå, når eg leste den høgt for na her i kveld.. Tjera vena meg.. Alt eg finne på å dela med dåkke.. Eg må jo ha hatt feber når eg skreiv detta og.. =D

Jaja.. Les i vei..

 

Manflu..

Eg e sjuk idag.. Skikkelig sjuk..  Så sjuk at eg fader meg ikkje klarte å gå på jobb..

Eg sjangla ut på badet i dag morgens, som ein pjuskete hannkatt med pelsen på vrangå.. Tømte tanken og skvatt te himmels, når eg så meg sjøl i speilet..

Ein tilårskommen uteligger hadde vært meir representabel, enn mitt raggete utsjåande..

Augene stirra mot meg som 2 utståande pipestilkar, omtrent som E.T ..Nasen va raudare enn ein innbarka alkoholikar sin, og tett som ein overfylt støvsugar pose.. Kroppen kjentes ut som 40 teppebankerar hadde gått laus på den..

 

Eg skalv av feber og rista av kulde.. Ingen god combo, når man prøve å pussa tennå..

 

Itte å ha høytrykkspylt andletet for tannkrem rester, så hadde tatt turen fra øyra te øyra.. Fekk eg trødd på meg arbeidsklærnå, itte ein anstrengelse uten like.. Hjølpe meg.. Eg måtte bare innsjå at dagen idag, ikkje kom te å gå av seg sjøl, det va nå ivertfall heilt klart..

På vei te kjøkkenet prøvde eg å kvela ei hosteria.. Og blei nesten ei stund engstelige, for at den eina lungå lå igjen, i albuen..

Eg stod å lytta ei stund, for å sjekka at eg ikkje hadde vekka halva huset.. Eller, å sei at eg stod e vel gjerna ikkje heilt sannferdig.. Ei ensom fåra på ein fjelltopp i storm, hadde nok stått stødigare enn meg.. Der eg stod å svaia på golvet..

Det va musastille i heimen, så eg hadde tydligvis ikkje vekka nåken.. Eg luska meg bort te kaffimaskinen, skrudde den på og gjekk for å henta ein kopp i skapet.. Men holdt på å gå rett i bakken, når eg strekte meg opp.. Jaja, sikkert ingenting ikkje ein Ibux eller 2 kunne fiksa..

Men for sikkerhetsskyld sjangla eg ut på badet, og fant febermålaren..

 

Oops.. 39,6.. Best å ta ein Ibux te, tenkte eg.. Og gjekk samma rutå tebake te kjøkken, trykka på kaffimaskinen og kom akkurat på at koppen fortsatt stod i skapet.. Tjera vena meg, i forfjamselen når eg sko skyndta meg å henta koppen, skalla eg hovudet i den åpna skapdørå..

Dørå smalt igjen med ett brak, og eg gjekk rett i bakken..

Kånå kom springande fra soverommet i bare truså, og fant E.T liggande strekk ut på gulvet, kaffien rant ut i lausa luftå og eg såg Melkeveien komma mot meg, i lysets hastighet..  Kånå skvatt ett par meter bak over, når hu skrudde på lyset og såg min vakre fremtoning, denna morgenen..

 

– Ka i helsikke e det så foregår her inne.. ? .. Kauka hu ut..

– Eg sko bare …  Rakk eg bare å begynna..

– Herreguuuud.. Du ska alltid bare nåke du… Avbrøyt hu, mildt sagt irritert..

 

Hu kikka på kaffimaskinen, så vrei dei siste dråpane av kaffi ut av kapselen.. Mens det flomma over fra beholderen i bunnen, og ut på kjøkkenbenken..

Så kikka hu på meg igjen.. Og fekk ett nåke mildare utrykk i andletet..

 

– E du sjuk… Spurte hu..

– Neeeida, bare litt dett i dasen.. Svara eg.. Så overbevisande så mulig..

Kånå la håndå si på pannen min..

– Hjølpe meg.. Du e jo kokvarme jo.. Sa hu bekymra..

– Neida, hadde bare 37,9.. E ikkje meir enn ka eg jobba av meg det.. Prøvde eg meg med..

 

Men Kånå treiv febermålaren ut av nevane på meg, og skrudde an på igjen.. Og 39,6 lyste mot hu, så fullmånen på ei stjerneklar natt..

 

– Forbaska dust.. Du kan bare glemma å gå på jobb idag.. Sa hu strengt, og durte ut på soverommet igjen..

 

Eg karra meg opp fra gulvet igjen, og fant mobilen.. Mens eg prøvde å finna nåken andre grunnar, enn at Kånå ikkje lot meg få gå på jobb, å sei te kjøreledaren min.. Men fant ut at det e som oftast best, å sei sannheten.. Så eg sa sjølsagt at eg hadde feber, og sannsynligvis måtte melda pass idag..

Eg nevnte ingenting om Kånå sitt forbud.. Tjera vena meg..

Får vær måte på kor mye sannhet man fortelle.. Og forbante meg sjøl øve å ha skalla i kjøkkenskap dørå.. Hadde eg ikkje gjort det, kunne detta gått nåkenlunde bra detta.. Og eg kunne vært på vei te jobb nå.. Men, sånn så formen utvikla seg, e eg vel glad eg måtte bli heima..

 

Eg tippa såvidt 40 tallet, før feberen gjekk sakte men sikkert nedover igjen..

 

Man ska jo ikkje gå på jobb, når man e sjuk.. Men man legge automatisk terskelen litt høgare, når man drive for seg sjøl.. Enn om man bare e ansatt.. Alikavel, så va det vel likagodt eg va heima idag.. Sett oppførselen min denna morgenen, i betraktning..

Det kunne jo gått skikkelig gale, om eg hadde fortsatt i samme duren, på jobb.. Forsåvidt..

Så eg har tilbringt dagen strekk ut på sofaen, unna ett varmt teppe.. Med vekslande periodar med nåkenlunde oppegåande form.. Bare for å bli sendt rett ner i kjellaren igjen, når neste feber ria sette inn.. Det e jaggu meg ikkje ofta eg må ner i “kjellaren”, og eg e sjeldent sjuk..

Men, i ny og ne.. Så blir eg jaggu meg skikkelig utslått av flunså.. Denna her såkalte “Manflu’en” ..

 

Det går som oftast 3-4 eller 5 år, mellom hver gang.. Og nå va det visst min tur igjen.. Skikkelig god timing, i kaoset med flytting, litt oppfriskning av rekkehuset og det å ha ein Flokk med 4 galne ungar i heimen..

Men plutselig, så e eg heilt sikkert frisk igjen..

Eg ska ivertfall ikkje måla feberen imårå.. Før eg går på jobb.. Når eg tenke meg om, så ska eg bare lura meg ut dørå, med ein gang eg står opp..

Så mulighetene for å gå på ein smell, e minst mulig..

 

Heilt klart… =D

Catwoman vs Kånå og Lignande…

God lørdag Folkens.. Det e ein regnfull og trist lørdag me har fått, itte nåken uker med ein liten smak av sumar.. Ivertfall her på det gode Vestland.. Eg hadde forsåvidt mange planer for helgå, men sjekka værmeldingå hadde eg jo sjølsagt ikkje gjort.. Ikkje det at det gjerna hadde vært te så mye hjelp.. For her på Vestlandet kan me fort få sol, når det e meldt regn.. Og omvendt..

Ein gang når me sko beisa gulvet på terrassen våras, itte me hadde kjøpt vårt første hus.. Og både Yr og Storm meldte strålande sol heila helgå.. Så åpna himmelen alle sine sluser, ca 2 minutt itte me va ferdig..

Ei litå men høyst effektiv ittemiddags byga, vaska vekk 4-5 timars hardt arbeid på 15 minutt.. Mildt sagt fortærande.. Men sånn e det her.. Man må nærmast rekna med at man kan få oppleva alle årstider, i løpet av ein dag.. Det e sikkert litt av sjarmen med å vær Vestlending, og gjør at me strømme som pissemaur te strandå.. Når man plutselig får litt uventa sol.. Og lika snart suse me heimover igjen, når sumaren lika uventa stenge dørene.. Før me står i full oljehyra og grille middagen, fordi grillmat ska me jaggu meg ha..

Det e jo tross alt sumar ifølge kalenderen..

 

Så må eg bare bøya meg ydmykt i hatten, og takka nåke så inni granskauen for tilbakemeldingane og engasjementet på det forriga innlegget.. Hjølpe meg, altså.. Ikkje i min villaste fantasi hadde eg trudd at det sko ta sånn av.. Det har jo nesten vært rødglødande i kommentar feltet på Facebook siå.. Eg va jo sikker på at nå hadde eg lagt hovudet på hoggestabben, og tenkte at detta blei for drøyt.. Ka i all verden e det han gjør på, liksom.. Eller trur han e.. Og va jo pisseredde for å bli så te de grader jekka ner..

Men den gang ei.. Det va jo så mange flotte og varmande ord, at eg nesten blei rørt der eg satt og kikka gjennom igårkveld.. Så Tusen Hjertelig Takk..

Forsåvidt va planen å skriva ett innlegg igår kveld.. Men eg makta rett og slett ikkje å få nåke ner på “papir”, så overvelda va eg nærmast.. Eller va det Halle Berry sine eskapader i Catwoman, som effektivt og presist avleda oppmerksomheten min mot boksen på veggen.. Der hu smaug seg rundt i minimale kleshabitter, sendte sultne blikk i alle retningar før hu vandra inn i solnedgangen med ein bakende som vugga såpassa forførerisk, at eg nesten blei sjøsjuk..

 

Eg e usikker.. Men til og med Kånå rista på hovudet, når eg satt som hypnotisert og vugga hovudet i takt med stumpen te Halle Berry, i slutten.. Før hu mildt irritert reiste seg og proklamerte at hu gjekk og la seg..

 

Hu la te ett mindre mildt – Herreguuuuud.. Når eg hverken gjorde mina te å svara eller reagera på det hu sa.. Sjøsjukå ga seg lika fort som den va kommen, og eg va tebake te min egen verden.. Kor “Kjettå” stod og gneldra misfornøyd i trappå.. Tjera vena meg.. Kvinnfolk e egentlig litt som kattar, man vett jo aldri kor man har de.. I det eina øyeblikket kan de ligga og mela fornøyd i armkroken din, før klørnå plutselig sprette ut i full blomst.. Uten at man han fanaring om koffår, før man får tenkt seg om..

Bodå frista svært lite igår kveld, så eg fant fjernkontrollen i ein fart.. Sendte Halle Berry sin digitale forheksande stump inn i flatskjermens svarte hull.. Og jogga nerøve trappå mens hjernen jobba for fullt, med å finna på ett comeback av avgjørande kaliber..

Kånå stod med vasken og pussa tennå, tannkrem tøyt ut av kjeften og augene i speilet såg trøtte og oppgitte ut.. Itte nok ein heisatur i ein heseblesande småbarnshverdag.. Eg lente meg forsiktig inn te dørkarmen, og betrakta amazonen min i stillhet.. Som har satt 4 barn te verden, styre hverdagen med stø hånd og heilt sikkert har sin fulle hyre med å håndtera sitt 5 barn.. Nemlig meg.. All verdens Halle Berry stumpar, hadde slitt med å følga denna damå sin innsats, hjerterom og sødmefulle omtanke for sin familie..

 

Ein dag med Flokken hadde forvandla kvinner fra uovervinnelige filmgudinner, med forlokkande stumpar.. Te skjelvande vrak som tumla gjennom livet, i ein konstant frykt for å bli avslørt.. Vil eg tru..

 

Men ikkje Kånå.. Hu tar hverdagen på strak hånd, uten så mye som ett ukvemsord.. Man kan ikkje anna enn beundra ein sånn hengivenhet og utrettelig hverdagsvilje.. Så eg endte sikkert opp med ett fårete, men smått sjarmerande og beundrande smil.. Der eg stod og betrakta denna fantastiska damå.. Så når Kånå oppdaga meg, der eg stod innte dørkarmen og kikka på na, med hovuet litt på skakke.. Då sa nok ett blikk meir enn ord nåken gang kunne gjort..

– Ka e det.. ? .. Spurte hu skjelmsk .. Itte nåken gnistrande sekund..

Nåken ganger komme comebacket av seg sjøl, uten ord og andre vel utprøvde virkemidler.. Kånå smaug seg forbi meg som ein Puma.. I ei utvaska t-skjorta, håret i hytt og pine mens hu sendte meg blikket.. Det samma blikket man av og te får, når man ikkje har spist på lang tid.. Og ein mitraljøse av følelsar ilte gjennom kroppen min, som ein stim av elektriske ål.. Catwoman va meir eller mindre detronisert ut av Fatter’s tankerekka.. Av ei småslitt, trøtt og heilt vanlig 4 barns mor..

For alle verdens Catwoman liknande skapningar, med ett utsjåande man blir slått i bakken av.. Når ikkje ei uovervinnelig Kåna med ein Flokk på 4 te knærnå eingang.. Når man bare får tenkt seg litt om..

Det e ivertfall heilt sikkert…

=D

Litt Forviklingar, eg og Kånå – Badeturen

 

Me har vært å bada idag, på strandå inne hos Søster mi.. Me har forsøkt i 3 dagar nå å komma oss inn, men ett eller anna har kommen i veien.. Mandag kom regnet, igår kom eg for seint heim fra jobb men idag sto lykken oss bi.. Og me fikk endelig kommen oss ut på badetur, igjen.. Flokken va rimelig klar, itte å ha blitt skuffa dei 2 første dagane i ukå..

Når eg kom heim idag itte jobb, så va eg egentlig klar øve at me sko avgårde å bada.. Men eg hadde det forrige innlegget på tungå, og stupte bort i sofaen for å få det ut, itte at middagen va fortært..

Somme ganger når ting ligge å murra i hovudet, så må eg bare få det ut så kjapt som mulig før eg har mista tråden i det.. Så eg tenkte det va best å ivertfall få starta på det innlegget, før me sette avgårde på badetur.. Eg satt vel litt i min egen verden og fikk ikkje heilt med meg Kånå, som hasta rundt i heimen og masa på meg om å få rævå i gir og lignande.. Så før Kånefilteret slo inn hadde eg sluppet ut ein kommentar, som ikkje akkurat gjekk heim.. Mildt sagt..

 

Kånå sendte meg ett blikk, men snudde utrolig nok tvert om.. Og eg vendte oppmerksomheten tebake te pc’en, kor fingrane fløy over tastaturet.. Meir eller mindre totalt oppslukt av detta forriga innlegget..

 

Ei litå stund seinare va det blitt bemerkelsesverdig stille i heimen, innlegget va nærmast ferdig så eg reiste meg opp for å kikka itte Kånå og Flokken.. Eg vett ikkje heilt koffår, men eg kikka tilfeldigvis ut stuevinduet der eg stod.. Og der nere på veien kjørte plutselig Kånå forbi, mens hu kikka meg rett i kvitauga fra bilvinduet.. Om ikkje nakkahårå har gått rett te værs av skrekk før, så gjorde de det ivertfall nå.. For å sei at det blikket meir eller mindre va morderisk, det e ikkje å ta for hardt i..

Han i Midten va sjølsagt “missing in action” når me sko gå, og det va det hu hadde forsøkt å gi beskjed om før hu ba meg om å få rævå i gir.. Når eg sjølsagt plumpa ut på djupt vann, med ein nåke småhissig kommentar tebake..

Hu hadde då bare resignert og tenkt at skitt au, då får bare den snåtten hu hadde av ein mann bli heima.. Og kjørt på leit itte Han i Midten, som hu forsåvidt hadde ein mistanke te kor va.. Itte at sjokket hadde gitt seg og nakkahårå va på vei ner igjen, fant eg ut at her va det best å handla raskt.. Så eg spurta ner trappå, trødde i skornå og sprang som ein ungkar bort te veien.. Og håpte at Kånå kom denna veien igjen..

 

Eg såg hu kom litt borte i gatå itte ett minutt og to, og av ein eller anna grunn slengte eg opp tommelen og skrudde på sjarmørblikket og håpte på det besta.. Eg såg meir eller mindre på Kånå at hu sterkt overveide om hu sko kjøra videre, eller stoppa..

 

Heldigvis stoppa hu.. Igjen hadde eg redda meg inn i siste øyeblikk, med ein eim av Bodlukt hengande øve meg i kupe’en.. Eg tenkte det va best å holda kjeft på veien inn te strandå, og heldigvis laga Flokken såpassa sjau i baksetet.. At Kånå så ut te å ha begravd stridsøkså, det va iverfall ikkje meg det gjekk utover.. Der hu manøvrerte oss stødigt innover, mens hu kauka kommandoer te galskapen i baksetet.. Det va faktisk ganske så avslappande å sitta der i passasjersetet framme, og for ein gangs skyld vær den som ikkje kjøre..

Eg holdt nesten på å sei det høgt, men klarte heldigvis å holda kjeft i siste liten.. Eg hadde vel forsåvidt sagt nok idag som hadde rykka meg nærmare Bodå, så det va ingen vits å utfordra skjebnen..

Itte me hadde parkert i gården hos søster mi og rusla ner te strandå, så fikk Han i Midten ett lite anfall.. Han ville at me sko rigga oss te på plenen bak om sjøhusene, for det va allerede litt folk på strandå.. Han får sånne små innfall av og te, når han gjerna ikkje e heilt i laget.. Når det ikkje gjekk heilt som han hadde tenkt, så tok det litt av ei litå stund før han fekk kjølt seg litt ner med ett bad.. For det va ikkje akkurat så steikje mye varmare i vannet idag, enn sist me va her inne..

 

Det va ett sånn slengtau som henge i ett tre der og, så litt energi fikk han brukt opp der og.. Me prøve jo liksom å ikkje ta så mye plass, når me e på sånne offentlige plassar..

 

Men av og te har eg ein følelse av at ting bare blir verre, når me prøva å kontrollera villskapen litt.. Stort sett e det besta å bare spela med, å heller overse litt av fantastrekene.. Det har ein tendens te å gå seg te då, og heldigvis så gjorde det idag og.. Han i Midten og Eldstemann slo seg sammen om å fanga krabbar, Litlajentå og Mini’en storkosa seg mens de vassa rundt og leka.. Og Kånå begynte på ett sandslott..

Eg lurte meg te å skriva ferdig detta her innlegget eg hadde begynt på, sjøl om eg fikk nåken småolme blikk fra Kånå..

Så når eg va ferdig reiste eg meg kjapt, å gjekk for å hjelpa Kånå med sandslottet.. Eg klara jo ikkje å stoppa når eg begynne med sånt nåke.. Ein gang når me va på Mallorca tok det heilt av, og slottet blei så inni granskauen svært og flott.. At folk som gikk forbi begynte å spør om de kunne få ta bilde av det.. Tjera vena, vettu.. Det blei ett sånt ambivalent øyeblikk, kor man va både stolt og flau.. Men mest flau, trur eg..

 

Så når ei dama som hadde kosa seg på strandå, kom gåande forbi og lurte på om hu ville havna i innlegget ikveld, hvis hu tok fart å hoppa opp i slottet me hadde bygd.. Så va det litt samme følelsen..

 

Det som om man hadde blitt tatt på fersken på ein måte, både som “Han i Bodå” og for å vær overstadig barnslig.. Sjøl om man “liksom” gjorde detta sammen med Kidsa.. Kidsa som te slutt nesten ikkje får lov te å leka med det Fatter’n holde på å laga.. Det e så gale vettu.. E lika jo at folk lika bloggen, men e jo og glad i anonymitets tilværelsens kamuflasje.. Man blir liksom litt forbausa av å bli gjenkjent, og e ikkje heilt vant med det..

Men tross alt burde eg gjerna ikkje bli så forbløffa, når me e inne på strandå hos Søster mi.. Dei fleste der vett vel kim eg e, alikavel..

Te slutt så fant me ut det va på tide å pakka sammen.. Me sko ein tur innom foreldrene mine med ein presang, så for at det ikkje sko bli så seint måtte me rusla.. Det ville jo ikkje dei 2 eldste, som for ein gangs skyld kosa seg sammen.. Eldstemann hadde akkurat fanga eit svært beist av ein krabbe, te å vær i strandkanten.. Som de satt og beundra oppe i bøttå.. Den va nesten så svær at den klatra ut av bøttå.. Te Mini’en sin store glede..

 

Men te slutt fekk me hanka de inn, og luska oss avgårde..

 

Mor mi diska opp me kaffi, lapper og is te kidsa når me kom.. Så “kveldsmaten” va i boks.. Flokken sprang rundt og brukte sine siste krefter, mens me foreldre fikk ett lite friminutt..

De holde seg stort sett rett rundt dørene, hos foreldrene mine..

Så man kan slappa ganske så godt av.. Man har liksom augene i de, uansett kor de e.. Når man sitte på terrassen deiras.. Og når me kom heim ikveld, så slokna dei 2 minste meir eller mindre før de traff lakenet..

Forsåvidt dei to eldste og, når det va deiras tur..

 

Så dagen i dag, den har meir eller mindre vært så vellykka som den kan bli.. Litt fantaskap, mye kos og bading før den blei avslutta i sofaen.. Som alltid..

Meir eller mindre utslitt.. Men mange minner rikare..

=D