Notholmen – Ei Rundreisa i Min Barndoms Verden…

Idag blei me velsigna med ein fantastisk sumardag, ein sumardag me ikkje har sett lignande av på lange tider.. Me sko egentlig inn å bada med strandå hos søster mi, men idag morgens ringte bror min å lurte på om me ikkje sko kjøra inn te Notholmen.. Egentlig ikkje ein holme, men meir ei litå halvøy med 2 små strender som møte kvarandre i midten..

Min og bror min sin barndomsplass kvar einaste St.Hans kveld, der me gjekk og bada når me va små og fanga reker og krabbe..

Sjølsagt syns eg det va ein strålande plan, i detta nydeliga været me vakna te.. Me har vært der ein gang før.. Eg, Kånå og Flokken.. Når eg sko gjennomføra denna her utfordringen som gjekk som ein farsott på Facebook, for nåken år siden.. Kor eg jumpa ut i vannet tidligt i Mai, og holdt nesten på å stryka med når eg traff isvannet..

Men idag så sko de få oppleva Notholmen på sitt besta, med godt øve 20 varmegrader og strålande sol fra ein blå himmel..

 

Me pakka kjeks, husholdningssaft og solkrem, stua Flokken i bilen og suste innover mot min barndomsplass.. Der eg bodde fram te eg va 10 år, og grunnlaget for min barndomsverden blei lagt.. Midt i fjorden mellom Hervik og Skjoldastraumen, der Borgøy begynne eller slutta.. Alt itte kossen man ser det.. Me parkerte på vår egen Katthult, ei litå ekra som blei brukt te campingplass, fotballbane og andre lignande ting.. I gamle dagar..

Før me rusla nerover sjøbakken og svingte te venstre ner mot Notholmen..

Bror min og familien fra Bodø og mine foreldrene va allerede kommen.. Og Tante Marit, naboen våras i barndommen.. Itte ei litå stund kom både Tante Elin og Onkel Øyvind, begge på litt utradisjonelle fremkost middel.. Tante Elin hadde sykla og Onkel Øyvind kom i trebåten sin, med Kånå og dei 2 gutane deiras.. Det blei rett og slett nesten som ett lite slektstreff, der nere på Notholmen idag..

Ja, til og med søskenbarnet mitt Bjørn Olav kom nerom, han og familien har øvetatt Gurihuset som me kalla det..

 

Gurihuset, kor søster mi og bror te Bjørn Olav, dunka Onkel Ola med ei mugga vann.. Når han satt i fred og ro og ana ingen fare, og leste aviså på utedassen.. De hadde lurt seg opp på loftet, løfta litt på ein takstein og helt ei full mugga vann rett i pappen på Onkel Ola.. Det e nesten så eg huska brølet ennå.. Når Onkel Ola spratt dassvåt ut fra utedassen og hytte neven itte rampen, som stakk lattermilde te skogs..

Tjera vena meg.. Det va som om ein foss med minner flomma over idag, og overvelda ein småsleten Fatter’n.. Mens me kosa oss og bada..

Som den gangen eg og sønnen te Tante Marit, stod og lurte bak om naustet.. Når to sjøvante nabogutar kom inn vikå med den åpne gavlabåten deiras, på jakt itte makrell.. Kor me samla samen nåken skjeinesteinar, som me sendte utøve.. – Kast, Kast.. Brølte Edvin te Bjørn Egil, før me høyrte båten ga gass.. Me ramla fram i krampelatter for me klarte ikkje holda oss meir..

Og når me blei oppdaga, hytta de tolleknivane mot oss og lovte oss både det eina og det andra.. Men då va me allerede halveis på vei opp sjøbakken

Eller den gangen eg ramla på sjøen, inne ved naustet.. Sjølsagt med redningsvest på meg.. Men når far min sko dra meg opp, sklei han og på den sleipe kaikanten og stupte øve meg og rett i sjøen.. Te slutt måtte me svømma rundt naustet, og karra oss i land der det va ein liten slipp.. Tjera vena meg.. Det e nesten så eg huska dei søkkvåte tunge klærnå, mens me traska søkkblaute heimover te hu mor..

Det va ganske så nostalgisk å bivåna gutane som bada og styra på idag, fanga krabbe og reker te den store gullmedaljen..

 

Akkurat som far deiras gjorde, for ett kvart århundre siå + moms.. Der nere på Notholmen.. Ein plass som ofta samla heile familien om sumaren, både te store og små begivenhetar.. Det va ein slags samlingsplass, kor me bada og grilla og feirte St.Hans..

Og eg trur både Kånå og Flokken storkosa seg der nere idag.. Nett som eg gjorde i barndommen..

Dei 2 eldste ville ikkje heim, egentlig ikkje dei 2 minste heller.. Men Kånå lokka de med Burger fra McDonalds te middag.. Så då gjekk det seg te, men det va jaggu meg såvidt det va godt nok.. Og då e det gale.. Men eg forstår de eg, kan skjønna eg gjør det..

For det va ein liten nostalgisk reise inn i min barndoms verden idag.. Både når me va der, og nå i ittetid..

 

Notholmen leverte ivertfall te 20 i stil idag.. På alle måtar…

Hverken meir eller mindre…

=D

 

 

 

Ein liten Bytur, Ballongene og ei Grønn litå Perla..

Me blei forvist fra heimen igår, siå Kånå sko stella istand te selskap igjen.. Så me stakk ein tur te byen for å kikka litt.. Det va nå ganske så greit og egentlig, å tuttla rundt nere i gågatå.. Istedet for å vandra rundt på Amanda Senteret, f.eks.. Nå som lekebutikken har slutta av i sentrum, begynne det å minka på fristelser nere i sentrum..

Kontra Amanda, kor det som regel blir ein einaste masesjau om å få nåke, fra me komme te me går..

Og man har detta evigvarande kjøpesenter surret, som krype inn i øyregangane.. Sånt sett e det greiare med sentrum.. Gå og kikka litt i byen mens man gjerna treffe kjentsfolk og kjøpa seg ein kopp kaffi og gjerna ein is te Kidsa.. Så kan man gjerna ta seg ein liten pust i bakken på ein benk, når beinå blir slitne.. Det e liksom litt meir avslappande, rett og slett..

 

Men, itte bare 10 m ut i gågatå, så komme det ei jenta med nåke konkurranse greier, og ein haug med ballongar, igår.. For å lura oss inn på ett av byens spisesteder.. Ein konvolutt eg bare kunne vinna på, hvis eg åpna den foran ein servitør på spisestedet.. Greit nok det, men dei der hersens helium ballongane, dei kunne hu spart seg for..

For sjølsagt ville jo både Mini’en og Litlajentå ha..

Men det e med ballongar som med sånne kjæledyr de gjerna masa seg te å få.. Itte ett gnål uten like i mange månader.. Men, når de endelig har fått utysket i hus, e det kjekt i ca 5 minutt før de blir foreldrene sitt ansvar, alikavel.. Sånn e det med helium ballongar og, som de absolutt ska ha.. Men det e eg som må slita med de, resten av byturen..

Nett som 17 mai, kor man brøyta seg fram i mylderet av folk, og spinndyre ballongar som kidsa ikkje fatta interesse for meir.. Ballongar som bare e i veien, og gjerna hindre sikten for ein fortvila Fatter’n.. Som prøve å navigera gjennom folkehavet armert med heliumballonger..

 

Av og te så forstår eg ikkje heilt meg sjøl, der e g går å passa på at småtrollå ikkje mista ballongane.. Istedet for å bare la det stå te, og heller la ballongane stiga mot verdensrommet ved første anledning.. Litt ramaskrik ville det nok blitt, der og då.. Men forsåvidt hadde man blitt kjapt ferdig med det.. Nett som sånn hårfjerning med voks..

Men, men.. Eg fant ein løysning på det te slutt.. Så eg ikkje fikk ballongane smella inn i andletet heila tiå.. Og knytta de te håndtaket på vognå, såpassa langt nede at de ikkje va i veien meir..

Jaja.. Foruten dei her hersens ballongene hadde me ein fin tur i byen.. Kjøpte oss litt is, handla lørdagssnop og traff på litt kjentsfolk.. Det va hverken for mye eller for lite folk i byen, og man har ikkje detta her støysurret konstant dirrande i øyra.. Te slutt rusla me te detta her klatrestativet i enden av gågatå, så kidsa fikk utfolda seg litt..

Eg blei nesten litt smånervøs av Mini’en, som føyk te topps på null komma niks.. Men, det gikk jo bra.. Den guten har kontroll på motorikken, kan man sei..

 

Itte me hadde funnet bilen igjen og egentlig va på vei heim, kauka Litlajentå te.. – Sko ikkje me leka på ein lekeplass og da, Pappa.?? .. Og vitterlig hadde jentå rett, eg hadde jo lova de det.. Så eg vrei bilen øve te venstre og inn ein sidegata, rett itte me hadde svingt opp i Skjoldavegen.. Og kjørte nesten heilt opp mot Karmsundgatå igjen..

Der lå det jaggu meg ein litå grønn lomma, med ein liten lekeplass på..

Ein lekeplass som for all del gjerna hadde sett sine beste dagar, men som Kidsa alikavel storkosa seg på.. Det eg gjerna savna va kanskje ein benk og to, som voksne kunne parkert på.. Mens småfolket leka seg littegrann.. For strengt tatt så va det ei litå perla av ein plass, på det ellers så lite sjarmerande Flotmyr området..

Så hvis nåken i kommunen sko finne på og lesa detta innlegget.. Så kunne kanskje nåken gitt denna plassen bittelitt stell, vedlikehold og kanskje ein benk og 2..

 

Slenge med nåken bilder fra denna fine plassen, og ein koselig bytur heilt te slutt.. =D

 

Ein nåke sleten lastebil, som skreik itte litt maling.. =D

Sponsor te eit Dugande Familietelt..

Foto : Sportsbillosjen

Både eg og Kånå har vridd hovudet tørt, på ka me ska finna på for Kidsa i ferien.. Igår kveld så dalte me ner på telt-tur.. Me e begge vokst opp med biltur som dei første minnene fra ferie, i barndommen.. Så koffår sko me ikkje gi våre barn, ein liten smak på kossen me ferierte når me va små..

Stormkjøkken har me, ei luftmadrass og 2 finne me vel fram i Bodå.. Men så grunnstøtte planen våras, nesten før me hadde begynt å planlegga..

 

Me har jo ikkje telt…

 

Herreguud.. Eg tenkte litt på foreldrene mine, for dei hadde ett skikkelig husttelt ein gang.. Men det må sikkert væra møllspist og moden for pensjonering.. Uansett va det ett helsikke å slå opp.. Det va bare mor mi som fikk det te, på mindre enn ein halv dag..

Ikkje trur eg nåken andre i familien har eit telt, så romma meg, Kånå og Flokken heller..

Så denna planen såg ut te å gå i vasken, før det egentlig va blitt ein skikkelig plan.. Men så seie Kånå, i ett lyst øyeblikk borte i sofahjørna sitt.. – Kan ikkje du se om nåken vil sponsa Bloggen din med ett telt da?? .. Eg kikka på Kånå for så å tenka at det va ikkje nåke dum ide..

 

Men så e det detta her med meg og selga både meg sjøl og bloggen inn te sponsorar då..

 

Eg har sendt litt mail rundtomkring innimellom, og snakka med bedrifter og butikkar eg levera te.. Som oftast har me gjerna øve ein kaffikopp kommen opp med ideen, om ett samarbeid.. Men sånn ellers, så trur eg at eg må vær Norges dårligaste bloggar på akkurat det å hanka inn sponsorer og samarbeidspartnere..

Eg e ganske så ukomfortabel på detta området og heilt sikkert altfor ydmyk, med tanke på sponsorer og samarbeid te bloggen.. Sjøl om til og med eg forstår at butikkar og bedrifter, har ein unik mulighet te å treffa nye kunder i beste “sendetid”, på ein måte..

Og gjerna i vårt tilfelle gjort med ein godslig og humoristisk vri, sånn at når man lese ei annonse eller reklameinnlegg på min blogg.. Så får man gjort det i samme pakken som dei fleste andre innlegg.. Og så ærleg og oppriktig som mulig.. Eg har og prøvd med dei eg allerede har hatt samarbeid med, å holda meg te noko som eg kan stå inne for..

At det på ein måte e nåke småbarnsfamilier kan relatera seg te og har bruk for..

 

Men eg liksom ikkje heilt typen te å gjør ein slik ting som å selga meg inn, sjøl om eg gjerna bare må innsjå at eg for lengst har passert kriteriene for sånne ting.. Med mengden av unike leserar, og ikkje minst alle våre følgerar på Facebook siå, med langt over 4600 staute følgerar..

Te at Bloggen e meir enn stor nok eller attraktiv nok for sponsorer og samarbeidspartnere..

Så detta innlegget får rett og slett vær ein invitasjon te ein eller anna som driver med telt.. Om dåkke vil sponsa vår spinnville litt øve gjennomsnittet store familie på 6, med ett dugande familietelt..

Så ska me ta det me oss på tur, og virkelig testa det te alle yttergrenser som finnes.. Det trur eg kan sei, med handå på hjarta..

Og sjølsagt skriva om både teltet og opplevelsane våre på tur.. Eg trur nesten oss på telt-tur komme te å vær ein høydare, sånn bloggmessig.. Det e nesten så eg ser forviklingane og utfordringane føre meg, allerede..

Før me hverkan har reist eller anskaffa oss telt..

 

Så e akkurat du ein butikk eller bedrift som drive med telt… Send oss ein mail på [email protected] då..

 

Og få teltet ditt testa te det ytterste.. Det trur eg ikkje e å øvedriva.. Og ikkje minst omtalt med mye humor, ærlighet og sikkert ein liten dose hverdagsgalskap..

Eller kanskje det retta orde då blir, feriegalskap..

??

Årets første bad – Ett Sjokkbad…

Han i Midten, rimelig fornøyd itte ein forrykande badetur..

Me har vært hos Søster mi på grillings idag, siden bror min og familie e på besøk fra Bodø.. Då e det skikkelig kjekt å samla oss te litt familie kos.. Eit skikkelig haraball av ett grillselskap, som det stort sett pleie å bli.. Bror min fra Bodø har 2 gutar på 10, altså tvillingar og ei jenta på 13.. 2 gutar av omtrent samma kaliber som våras.. Om ikkje større, sånn aktivitetsmessig sett..

Det e faktisk ikkje ofta me ser at våras gutar e meir eller mindre utslitt, når me komme heim fra ekspedisjon.. Men de va rimelig utslått når me kom heim idag.. Mildt sagt..

Idag blei og årets første bad endelig foretatt.. Eg har, itte mangfoldige års forskning, funnet ut at det e kun ein måte man kan ta ett bad på, her i Norge.. Ivertfall for min del.. Det kan godt vær andre har det annerledes enn meg, men for meg e det kun “Sjokkbading” som fungere.. Det å gå i vannkanten å forsiktigt vassa utover, mens man kjenne det iskalda vannet lura seg oppøve beinå..

Det e som tortur for mi milda sjel.. Her må det nok gå hardare te verks..

 

Så istedet for å saktmodig kjenna isvannet senda frysande ilingar gjennom marg og bein.. Må eg bestemma meg for at nå ska eg bada.. Har eg ikkje bada innen 30 sekund fra vedtaket blei gjort, så blir det heller ikkje nåke bad, stort meir e det ikkje å sei om den saken.. Me rusla ner te strandå nedenfor feltet Søster mi bor på, og fant oss ein fin plass.. Kidsa gjekk og rusla i vannkanten, Kånå rigga seg te på plenen ovanfor strandå, og eg bestemte meg altså for å bada..

T-Skjortå røyk øve hovudet, sokkar og sko andre veien før eg gjekk i startgropå og satte fart mot vannet..

Det e viktig å opparbeida seg såpassa fart når man har tatt avgjørelsen, at det ikkje e mulig å ombestemma seg.. Så kortast mulig vei te vannet, e å foretrekka.. Skrik gjerna litt te for å advara andre badegjester og for å få fri passasje rett fram.. For mye hindringar kan fort virka inn på hastighet, som igjen gir hjernen mulighet te å ombestemma seg.. Så hastighet, kort avstand og fri passasje e 3 grunnpilarer i øvelsen “Sjokkbading”..

Eg forsikra meg om at alle forutsetningar va innfridd, kikka rett fram og sette fart mot vannet.. Maks hastighet blei kjapt oppnådd, ett hyl blei iverksatt når eg byksa utøve vannet, nett som ei and flaksa avgårde når de ska ta av..

 

Gudhjølpe meg og Herrens Hærskare … !!

 

2 byks ut i vannet så va anklane lamma.. Ved neste så røyk manndommen.. Og mitt i starten maskulina hyl, gjekk øve i fistel.. Alle hjernedeler som nå forstod ka som kom te å skje, sette seg kraftig te motverge.. Men sjølsagt alt for seint.. På fjerda bykset tok eg spenntak og stupte framover og ned, hovudet traff vannflaten og gjekk unna.. Alt av panikkalarmer i heila mitt legemet, gjekk av som ein kakafoni i nervetrådane.. Fra ett sekund te ett anna blei eg forvandla fra ein uovervinnelig Fatter’n, te ett skjelvande vrak..

Eg skaut fart mot overflatå, beinå fekk fotfeste.. Og lika kjapt som eg kom meg ut i vannet, va eg oppe igjen.. Om ikkje kjappare.. Eg prøve som oftast å holda kjeften lukka, på veien opp.. Men det går sjelden bra.. Fistel e ett godt stikkord her og..

På mindre enn 45 sekund va årets første bad over.. Og når Kånå spurte om det va kaldt, løy eg så vakkert at eg nesten blei rørt sjøl.. Det va heilt klart ett sånt spørsmål Kånå visste svaret på forhånd, men ett øyeblikk kor eg egentlig kunne ha svara ka som helst.. Gått på ein smell hadde eg uansett allerede gjort.. For gudbedre meg kor kaldt, såpassa kaldt va det at visse vitale kroppsdeler lekte gjemsel i lang tid, ittepå.. Heldigvis stod solå høgt på ein skyfri himmel, og fekk kjapt varmen i meg igjen..

Sjokkbadet va ett faktum..

Til og med Flokken va nå litt imponert, øve Fattern’s bading.. Og eg høsta store lovord om mine akrobatiske krumspring, i ferden mot vannet.. Han i Midten trur eg stokk litt, der han stod å kikka forferda på meg.. Når eg stupte ut av vannet som ei fullvoksen sjøløva, og byksa opp på plenen, igjen..

 

Uansett.. Bada har eg..

Det e ingen tidsfrist for kor lenge man må vær unna vann.. Så lenge man har dukka heila sitt legemet under, telle det som et bad.. Ivertfall i mine auger.. Heilt klart.. Ellers kosa me oss på strandå og fanga krabbe, reker og jaggu meg ei litå flyndra.. Te Mini’en store begeistring.. Kånå hadde sjølsagt klart å ta UV – Drakten hans på han feil vei.. Så Batman sine brystmuskler va på ryggen, og ein slags kappa framme.. Det såg ustyrtelig nåke komisk ut, men skitt au.. Det viktigaste e jo at den virke..

Litlajentå plaska rundt som ei havfrua, å storkosa seg med datter te Søster mi.. Plukka litt sjøstjerner, fløyt rundt på ein badering og fanga litt krabbe..

Han i Midten stod og lurte på kossen han sko komma seg ut den badeplattingen, nåken meter ut i vannet.. Han kan jo svømma, men eg trur isvannet satte han litt ut av spill.. Søskenbarnet hans hadde svømt ut litt tidligare, men Svigerinnå mi fra Bodø va forsåvidt ute og henta han inn igjen.. Men det hadde ikkje han i Midten sett.. Te slutt så la han seg flat på ein badering, og med svømmeføtter på, så sparka han seg ut..

 

Og itte litt forviklingar klarte han jaggu meg å komma seg tebake igjen og.. Heldigvis.. Sjøl om eg hadde sagt eg ikkje kom ut å henta han, vet me vel alle kim som måtta ha gjort det, alikavel.. Kånå bada jo ikkje.. Bare for å ha det sagt..

 

Ein aen liten smell eg heilt ubevisst gjekk på idag, det va når eg kom inn te Søster mi.. For det va ett steikje kaos på jobb idag, så eg endte opp med å kjøra ut 2 gode lass.. Det sista lasset utøve der Søster mi bor, så då avtalte eg bare med Kånå at me møttes der.. Me sko væra der klokkå 16:00, og fem over parkerte eg rett oppe i gatå hos de.. Kånå va allerede kommen..

Eg fikk lurt av meg den svetta t-skjortå, og skifta te ei Kånå hadde tatt med te meg..

Og hadde nærmast ikkje fått satt meg ner, før Søster mi høglytt måtte gi beskjed om nåke de hadde lagt merke te.. Siå Kånå kom før meg og med ein fullverdige Flokk med seg.. Kånå hadde nemlig kommen på tidå.. Ja, nesten før tiå.. Eg tok den ikkje med ein gang, men forstod jo kjapt insinueringå om kim som stort sett va syndaren, te at me gjerna som oftast kom litt for seint..

 

Eg komme vel te å få høyra den ei stund, vil eg tru.. Men jauda, eg ska tåla det.. Det e jo greit å ha ein syndebukk.. Det e verre ting å få skyldå for, kan eg tenka meg..

 

Men sånn oppsummert.. Så har det vært ein strålande dag.. Flokken ligge å snorka, og om ikkje lenge slår me følge.. Håpa alle har kosa seg i det nydeliga været idag, ein sjelden vakker sumardag.. Te vestlandet og væra..

Ha ein flott onsdagskveld, Folkens.. Over og ut, for i dag..

=D

Litlajentå, Fatter’n og ett flatt Batteri..

Litlajentå har hatt bursdag idag og itte lørdagens selskap, hadde hu spart opp nok penger te sykkelen hu ønska seg.. Kånå hadde planlagt å kjøra strake veien opp på butikken, og kjøpa den sammen med Litlajentå idag.. Mini’en va akkurat lika klar som Litlajentå, for han sko svi av litt av bursdagsfangsten sin han og..

Og sjølsagt så passa det jo absolutt perfekt at Fatter’n i heimen, hadde glemt å slå av lysene på bilen igår kveld.. Så den va jo lika dau som ein stein..

Eg trur ikkje eg lyge hvis eg seie min popularitet som far, meir eller mindre nådde ett bunnpnkt idag.. Flaks i uflaksen så va akkurat Svigerfar på vei innom, eg trur han hadde ei høna å plukka med meg.. Itte bursdagsinnlegget med sugerør kaffi drikkingå, i helgå.. Men eg fikk kjapt distrahert han med bilproblemene, så han suste heimøve i ein fart for å henta bilbatteri ladaren sin..

Og når han kom tebake, tok han Litlajentå og Kånå me seg opp for å handla denna sykkelen.. Mini’en fikk heller venta litt, så eg distraherte han med ein film..

 

Eg e litt usikker på om det va rett prioritering å setta Mini’en på vent, istedet for Litlajentå.. For itte tutten røyk så går jo kjeften hans i ett sett.. Og den gjekk ikkje nåke mindre når han visste at han va lurt opp i stry, mens Litlajentå fikk handla det hu sko.. Men det va kampanje på sykkelen te Litlajentå nå, så det hadde sine grunnar at hu blei prioritert..

Sjøl om det va ei litå trøst når eg satt der heima, med ein misfornøyd klagesyngande Mini..

På toppen av kransakakå, va han ikkje akkurat i sitt besta humør idag.. Ein blanding av seint i seng og tidligt opp, la nok grunnlaget der.. Og maset om ka tid han sko få handla, det avtok ikkje utøve dagen heller, mildt sagt.. Bilen måtte jo stå å lada seg ei stund, for å ikkje ta knekken på batteriet.. Så det blei jo langt på dag, før me kom oss avgårde..

Og somme ganger når me e ute og kjøre bil, heile gjengen.. Så kan det nærmast føla som om man har 25 av verdens mest travlaste og fullstappa flyterminalar.. Inne i bilen..

 

Bare ein liten 5 minuttars tur opp på Raglamyr, kan nesten føles som ein fullblods biltur te Danmark.. Når dei rette forutsetningane slår inn, på ein gang.. Man tar ei oppspilt Litlajenta som har fått bestemt middag idag, som sjølsagt blei Maccie(McDonalds).. Ein pottesur småsulten Mini.. Ein skrubbsulten Han i Midten, som ikkje spiste frokost.. Og te slutt ein mildt sagt irritert Eldstemann, som blei dratt ut fra rommet sitt, og Pc’en..

Og man har garantert fått oppskriften på ett komplett haraball i bilen..

Det går egentlig heit greit, så lenge man e klar over der.. Eg e vel gjerna stort sett det, men eg trur Kånå har ein sånn “romantisk draum” om at ein dag.. Ein dag så sette me oss i bilen i full harmoni og idyll.. Uansett kor me ska.. Men, den dagen va ivertfall ikkje idag.. Bare itte 250 meter, va det full fyr i baksetene.. Eg skrudde hørselen av, og kikka på omgivelsan rundt meg.. Det ein slags mekanikk eg har utvikla, itte åravis med sjau i bilen..

Stort sett funka det greit, men nåken ganger klara de jaggu meg å vippa meg og av pinnen.. De klarte det ikkje idag, men det va ikkje langt ifra.. Men guuuud for ein sjau det va..

 

Kånå hadde snakka om å kikka litt på Amanda senteret, itte me hadde spist middag.. Men det blei kun med lekebutikken, heldigvis.. Sjøl om Han i Midten pleie å vær rolig, rett itte han har spist.. Så har det skjedd mye dei siste dagane.. Kånå såg heldigvis faresignalene, derfor kjørte me heller ned på den store lekebutikken på raglamyr, med mindre folk på..

Mini’en fikk handla det han sko, og svidde nesten av heile bursdagsfangsten.. Men for ein gangs skyld på nåke han ivertfall komme te å leka med.. Til og med dei andre i Flokken, sette seg rundt han, når me sette det han hadde kjøpt opp..

Ellers har dagen stort sett gått strålande, itte ein litt traurig start.. Flokken har falt te ro, Kånå kjørte ut for å handla og eg har funnet fram godplassen i sofaen.. Eg lova jo å lyge heila tiå, om at nå ska eg komma meir igang og posta meir regelmessig.. Men så går eg på ein smell kvar gang.. Så eg trur ikkje eg ska ta opp den tråden meir..

Det får bli som det blir og komma når det komme… Dåkke leserar strøyme jo på så det skine jo nesten øve..

 

Og det e rett og slett super gøy.. Det e derfor eg alltid komme igjen.. Og ikkje legge bloggen på is, sjøl om det skorta litt på tiå innimellom.. Dåkke leserar som lika det eg skrive, komme tebake gang etter gang og trykka liker og kommentere på innleggene mine..

Dåkke e jo lika my drivkraften te å fortsetta med detta, som den eg har inni meg..

Den brennande lysten te å underholda dåkke litt, få ut litt damp i hverdagen og gjerna komma med nåken gode tips i ny og ne.. Eg har vel aldri angra på at eg begynte med denna her bloggen, men eg slutta aldri å bli overraska øve kor godt den har blitt tatt imot..

 

Det ska dåkke jaggu meg dåkke leserar ha ein skikkelig stor takk for.. Hverken meir eller mindre..

Så ha ein strålande mandags kveld videre, og Tusen Hjertelig Takk Folkens…

Eg likar dåkke… =D

 

Skjegget, Dasspapiret igjen og ett Selskap.. Jadda..

Me starta med ett bilde av Tantå te Kånå, Svigerinnå mi i midten og Benny, heilt te venstre.. For å Boosta lesartallet litt.. Flotte damer gjør jo alltids det, har eg høyrt..

Det har vært ei steikje travel uka med fullt program fra morgen til kvelds.. Ei uka som te slutt kulminerte med selskap i igår.. Me tok ett samla selskap for meg, Litlajentå og Mini’en igår, for Kånå sin familie.. Neste helg diska me opp for min familie.. Me har godt befolka familier på begge sider, så det e som oftast greiast å dela selskapene opp..

Ellers kan det bli ganske så trangt om saligheten her i heimen.. Det eminenta rekkehuset våras tåla mye, men begge familiane våras her på ein gang, kan nok bli i mesta laget..

Men det e jo typisk meg å gjerna begynna med slutten, og slutta med begynnelsen når eg sette igang med ein liten hverdagsanekdote.. Sånn sett e det sikkert lika greit eg ikkje har skrevet ei bok, ennå.. Det e muligens litt idiotisk å avsløra slutten, før man har kommen igang med starten.. Om man ikkje har ein slags uomtvistelig vri på plottet, i løpet av fortellingen..

 

Sånn at slutten i begynnelsen, som man trudde hadde hoppa over både innledning og midtparti, ikkje va begynnelsen på slutten.. Men starten på begynnelsen, alikavel..

Men, alt som ligge i forkant for selskapet får me ta seinare idag, eller nåke lignande.. Eg fikk ett tips av ei kreativ bloggvenninna, om å tenka på ett innlegg som ett julatre.. Altså, tråden i det eg gjerna ville fortella om, e stammen på julatreet.. Så har man alle digresjonar og sideting man fylle på med, for å få litt fyldighet i historien.. Nett som greinene på ett julatre gjør..

Og te slutt så legge man gjerna te litt pynt på treet, som man gjerna strør øve innlegget.. Litt humor, artige småting og lignande ting som gjerna gir sjølva innlegget det lille ekstra..

Jaja.. Det va detta selskapet då som la seg som ein fin ending, på denna heseblesande ukå.. Eg holdt på med nåke utforbi når Kånå i siste liten komme susande fra butikken, hu hadde handla det sista me trengte te selskapet.. Og liksom bare for å gni det inn, bokstavlig talt.. Så dingla hu ein pose med dasspapir foran augene på meg, der eg satt på huk og styrte på..

 

Ein pose med Elegance SuperSoft Dasspapir.. E det mulig, her har eg sletet med detta “sandpapiret” i fleire uker, men med ein gang me ska ha gjester.. Då ska me ha Rolls Royce modellen av dasspapir i hus..

 

Gudhjølpe meg..

Eg vurderte ei litå stund å sabotera denna planen hennas, med å bytta te tebake te økonomi papiret før gjestene kom.. Men, men.. Man fikk bare gleda seg te nesta tur på dass heller..

Ett portrett av SuperSoft Elegance Dasspapir.. Sjølvaste Rolls Royce’en av Dasspapir..

Eg trudde eg va ferdig med ukå sine planlagte gjøremål, og hadde pakka vekk verktøyet før gjestene kom.. Og va på vei ut på badet for å ta skjegget som hadde fått gro, i ei god uka nå.. Men, eg hadde ikkje fått lukka dørå te Bodå eingang, før Kånå kom hoppande med nåken nattbordlamper.. Dei lampene eg sko hatt hengt opp for lenge si..

Eg tenkte at me sko nå ikkje ha selskap på soverommet våras.. Men eg kom ikkje klar.. Lampene sko opp..

Så det va bare å snu tvert om og rota fram verktøyet igjen.. Sjøl mine formaningar om gipsstøvet som kom te å dukka opp.. Når eg sette i gipsankerene, hjalp ikkje på Kånå sin besluttsomhet.. Eg måtte ikkje tenka på det eg, Kånå sko tørka det opp hu.. Så det va bare te å setta igang.. Det va vel best hu fekk viljen sin, tenkte eg med meg sjøl..

 

Og ikkje minst, så va det jo ein ting te strøket fra den langa listå mi, av ting som absolutt sko vært gjort for lenge si..

Skjegget fikk eg ikkje tid te å ta ittepå og istedet for ein dusj, så blei det ein kjapp kattavask unda armane.. Når eg gjekk forbi speilet i gangen ittepå, la eg merke te at håret va fullt av sagmugg itte all kappingå med gjærings sagå.. Tjera vena meg.. Ikkje bare e det begynt å bli litt gråtonar her og der.. Men nå lå det ett slags gulgrønt skjær øve topplokket.. Eg gjekk ut i carporten og rufsa skikkelig i håret, og tenkte at detta sikkert såg supersmart ut..

Der eg stod i selskapsklær og rufsa sagmugg ut av håret.. Men eg trur eg fikk det mesta ut, det va ivertfall ingen så bemerka nåke om det i selskapet..

Men skjegget derimot.. Det fikk skikkelig gjennomgå når både Svigermor, Svoger min og resten av bøtteballetten hadde det skikkelig morosamt på min bekostning.. Sjølsagt ikkje meir enn eg bør håndtera, eg e liksom ikkje akkurat dydsmønsteret sjøl, sånt sett.. Med tanke på litt godslig humoristisk utlevering av slektningar..

 

Syns egentlig det e ganske greit med skjegg.. Underhakå forsvinne til og med litt.. =D

 

Eg har vel lagt hovudet såpassa på hoggestabben, at litt pes tebake må man bare rekna med..

 

Sjølva selskapet gjekk unna som ett nysmørt maskineri, ivertfall når Han i Midten heller stakk ut.. Istedet for å slå hjul inne i stuå.. Det e liksom ikkje heilt risikofritt når man har huset fylt av gjester, med ein villstyring som turna rundtomkringoveralt.. Men praten gjekk laust rundt bordet, og maten Kånå hadde diska opp med gjekk ner på høygang..

Eg fekk lurt meg ut ett lite øyeblikk med Svoger min, for eg lurte på nåke med detta her prosjektet eg holde på med.. Men, det tok ikkje Kånå langa tiå å lokalisera meg..

Me måtte kjøra på butikken og handla is te kaffien og eplekakå.. Me hadde visst glemt det.. Eg tenkte forsåvidt at Kånå burde sagt at hu glemte det, siå det va hu som hadde handla.. Men eg skjønte tegningen.. Me betyr meg, og ikkje hu.. Så enkelt e det med den saken, så eg kjørte sjølsagt å handla is.. Det e forskjell på å vær toskjen og idiot.. Og det e alltid greit å spara idiot delen te nåke mye viktigare.. Nåke så telle..

Når eg kom tebake, satt alle fint rundt bordet igjen.. Kånå hadde fyrt igang kaffien og eg fant plassen min.. Før Kånå formante meg lukst opp av stolen igjen, eg måtte ta bilder når kidsa blåste ut lysene..

 

På ein måte litt flaks i uflaksen.. For eg satt jo med kameraet i nevane, når eg oppdaga at Svigerfar holdt på med nåke merkverdig.. Nåke ikkje eg hadde sett før ivertfall.. Eg lurte litt på om me allerede va kommen te den tiå, når det e vår tur te å ta oss av våre foreldre igjen.. Altså, den andre enden av livssyklusen.. For satt vitterlig ikkje Svigerfar der og drakk kaffi med sugerør, eller hadde Kånå most sjokaldekaka te han, blanda med melk.. Eg va usikker..

Og me så endelig va ferdige med bleieungar….

Andletet mitt uttrykte heilt sikkert sterk forbauselse.. Men det la seg når eg såg blikket te Svigerfar.. Ett blikk så lyste av ungdommelig fantaskap.. Og ikkje minst latteren te Svoger min, så hadde fylt koppen te sin far, heilt te randen..

Eg stjal akkurat det øyeblikket med ett fotografi.. Foreviga eit av hverdagens mange blinkskudd, som man ikkje alltid får med seg.. Svigerfar som klaga litt øve å bli nevnt her på denna bloggen, men innerst inne trur eg han lika det litt og.. Det ein kar som klara å skinna litt i spotlighten det, uten tvil.. Og itte denna her gangen når eg helte oppi kaffi te han, og fikk te svar eg va ett godt Kåneemne te ein homo..

Så e det jaggu meg greit å sitta på ett bilde, kor han drikke kaffi med sugerør.. Meir feminint enn det kan man vel ikkje drikka kaffi, eller..?

Svigerfar e aldri rådlaus, det e ivertfall heilt sikkert..

Ellers så forløp selskapet seg som selskap flest.. Man kosa seg med god mat, kaker og kaffi.. Prata om laust og fast og prøva å ha nåkenlunde kontroll på saker og ting.. Skjønt, eg begynne å lura litt på om Kånå har begynt å rutla litt.. For eg hadde satt kaffitrakteren igang for fjerde gang, og hadde nettopp sjekka at den va halvferdig.. Når Kånå lika ittepå komme hoppande med ny kanna.. Hu hadde tatt trakteren allerede..

Og når eg meinte den ikkje va ferdig, så meinte sjølsagt hu motsatt.. Då e det godt at ein staut kaffitraktar me fikk te jul for mange år siå, avslørte kim som hadde rett..

For når me kikka bort på den, stod den fortsatt og putra og gjekk.. Og nærma seg halvfull igjen.. Eg prøve som regel å vær smart.. Og meina mest av alt det som gir størst gevinst, og som oftast e det å meina det samma som Kånå.. Men akkurat denna gangen tenkte eg det va trygt å meina nåke anna, når eg både hadde bevis og ein skokk med vitner.. Men når eg snudde meg, kjente eg ein mitraljøse av støt i nakken.. Og eg kunne fornemma blikket, igjen..

Kånå sitt iskalda krenkeblikk, og støtene va sannsynligvis dei infrarøde målsøknings lysene te Scud-Rakettene.. Som nå sikta seg inn..

 

Eg turte ikkje snu meg igjen og tenkte at nå e det best å holda kjeft.. Men kjeften tok av som om eg ikkje hadde kontroll meir.. Og la ut om når hu hadde laga grøt i ukå, og hatt salt på grøten te Litlajentå.. Istedet for sukker.. Det va som om nåken hadde dratt ut støpselet mellom meg og kjeften min.. Og eg angra heilt klart på at eg ikkje hadde brukt opp idiot-delen, i det berømta ordtaket eg nevnte tidligare..

For den stoppa ikkje før eg hadde fortalt, at Kånå strengt formante Litlajentå te å spisa maten sin.. Sjøl om det smaka annerledes.. Hu fant det ikkje ut før hu smakte på sin egen.. Og oppdaga fadesen..

Den forføreriske kjeften min hadde igjen løpt foran meg, og det va ikkje stort meir å sei.. Nakken min gløda som ein fullblods vulkan i fullt utbrudd.. Eg reiste meg ittepå og tenkte nå e det best å lura seg ut litt, men Kånå stod i veien.. Te slutt va beinå mine smartare enn hennas og eg fekk lurt meg forbi, med unnskyldningen om å gå på do..

 

Og eg prisa meg lykkelige øve dei lampene eg skrudde opp på soverommet, før selskapet.. For det va visst det einaste så redda meg fra ei surmaga natt i Bodå..

Det va ivertfall det Kånå sa te meg, før me la oss igårkveld..

Men eg lå med ett auga åpent, heilt te eg høyrte Kånå hadde blitt fanga av søvnens sødmefulle svøp.. Og pusta sakte men regelmessig ved siå av meg..

=D

Ferie, Forventningar og Lignande..

Bildet fra Getty Images

Eg har tatt nåken dagar fri fra jobb, for å ordna litt forskjellig her heima, ein slags ferie.. Kånå lurte litt på om eg angra på det idag.. Når støynivået i heimen nærma seg ein middels travel flyplass, igår.. Han i Midten va i sitt ess og gjekk alle og ein kvar på nervene.. Va det nåken eller ett eller anna han kunne irritera, så gjekk han laus på oppgavå med stor flid..

Han røyk lukst ut av huset når han i iveren itte å læra seg backflip, uten trampoline.. Gjekk amok oppe i sengå vår.. Itte ett maraton av fantaskap..

Litlajentå e og i toppform..Og ryke inn og ut av dørene mens hu skifta klær i ett tempo, einkvar skuespillar i ein heseblesande farse på Chat Noir, hadde misunt na.. Det veksla mellom Elsa kostyme, Flamenco dans kjolar og alskens andre kjolerier hu hadde i skapet.. Både Kånå og eg har vel meir eller mindre gitt opp.. Sjøl om me har hatt ein “kampanje” gåande, i ett forsøk på å ha nåkenlunde ryddige barnarom..

 

Men det e bare å innsjå, at det e ein lost case.. Det e lettare å fanga ein spinnvill gris i ein sørpete grisabinge.. Enn å få skikk på rommet te det trollet der..

 

Mini’en, vår ukuelige optimist som spinne rundtomkringfallera i heimen, som ett lykketroll på speed.. Har nåke meir kontroll på rommet sitt, men det e bare fordi lekene hans e spredd rundt om i heile heimen.. Godt opplært av søster si.. Her ein kveld når eg jumpa ner i sengå, itte endt dag, landa eg på ein Paw Patrol figur.. Som nærmast skar seg inn i ryggen.. Og eg skremte livskiten ut av Kånå med ett smertehyl einkvar kvinnefeminist hadde vært stolt av..

Så, når eg vakna idag morgens og augene starta sin kamp mot overmaktå.. Kikka eg rett i andletet på Kånå, kor eit Ninjagosverd fra legoen hans, hadde dandert seg så fint på kinnet hennas, i løpet av nattå..

Avtrykket forsvant ikkje før i 11 tiå idag.. Ubetaleligt vettu..

Det toppa seg når eg sko stå opp, fordi leskedrikkene fra kvelden før meldte sin avgang.. Når me feira at Flokken endelig va i seng, for kvelden.. Så når eg spant rundt hjørna på vei te badet, i siste liten som alltid.. Sklei eg på ett soldatskjold av isopor, og seilte bortøve gangen totalt i villrede øve ka som nettopp hadde skjedd.. Før eg tok ein baklengs ufullstendig salto og landa på ein pakke dasspapir..

 

Det e den einaste og siste gangen eg har vært glad, på vegne av detta møkkapartiet av ett dasspapir me har i heimen.. (Les tidligare innlegg)

 

Eg kravla meg mørbanka inn på badet og satte meg på dassen, sjøl om eg bare sko pissa.. Og tenkte øve det Kånå hadde sagt, om eg angra på dei her fridagane.. Men eg gjør jo ikkje det.. Ikkje det spor eingang.. JA.. Det e ett reinspikka kaos av astronomiske dimensjonar innimellom.. Når man har fri eller ferie med kidsa.. Men om man har 1, 2 eller 4 barn, som me har.. Så bør man vær beredt på det..

Ferie e ikkje anna enn ein einaste farse av uforutsette begivenhetar, kor den eine tar den andre.. Og man landa ikkje før man igjen sitte på jobb, og endelig finne litt ro i hverdagen igjen..

Det e då man huska alle dei andre stundene i løpet av ferien.. Dei gangene man plutselig oppleve grenselaus harmoni og idyll.. Dei gangene kidsa av ein eller anna uforståelig årsak, kan leka sammen.. Uten at det ende opp med stjernesmellar man febrilsk prøve å slukka.. Eller når de har opplevd nåke nytt, og fremvise ein glede og takknemlighet man sjelden oppleve.. I ein småbarnsfamilie, uansett størrelse..

 

For alle med hånden på hjarta må innrømma.. At ferie innimellom fort kan bli eit ekstatisk antiklimaks av proporsjonar man bare kunne drømt om.. Det finnes ingen unntak.. Bare fornektelser..

 

Det e då man glemme at man i ett komatøst øyeblikk, gjekk på do for å lata vannet.. Men ikkje får ut ein dråpe.. Bare for å komma på at man nettopp gjorde akkurat det, lot vannet gå.. Før man spant ut av badet som The Flash, for å skilla to kamphaner oppe i stuå.. Eller komme heim fra butikken itte ein handletur, og har glemt halve handelen i butikken.. Fordi 2 småtroll gjekk meir eller mindre amok, siå matkjedene har funnet ute at det e “smart” å ha all snopen ved kassene..

Hvis man forberede seg på akkurat detta, at ferien garantert ikkje blir ein overlykkelig affære.. Kor man smilande vandra rundt med kidsa, i ett ferieparadis med konstant harmoniske smårollingar..

Men tar høyde for at Flokken sin gjerna ikkje tar hensyn te, at man på ferie bare ska smila og væra glad.. Men stort sett oppføre seg som ellers i hverdagen, ja gjerna endå litt verre.. Fordi me foreldre har sluppet opp litt på den vanlige disiplinen man har, og gjerna e nødt te å ha resten av året.. Då trur eg man har kommen langt, og kanskje vil ikkje ferien bli eit sånt antiklimaks.. Som den gjerna blir for mange..

 

Ikkje vett eg.. Men eg har ivertfall for lengst slutta å tru på nissen.. Og har innsett at “ferietid” som regel e det samma som “hverdag”.. Bare med ein del meir “kvalitetstid” med Flokken sin..

 

Derfor trur eg det e viktigt å ikkje legga listå for høgt, sånn forventnings messig.. Og heller bli positivt overraska, når idyllen slår inn.. Istedet for å irritera seg grenselaus øve idyllen som sprakk..

Men det kan godt vær eg tar feil, det e ikkje sikkert eg har rett.. Får eg sei te slutt, som Svigerfar ofta seie te meg..

Når han gjerna har ein inspeksjon, øve ting eller tang eg holde på med i heimen.. Eg kunne blitt irritert fordi han legge seg opp i mine ting.. Men eg gjør jo ikkje det, han meina det jo bare godt..

Og innimellom så har han jo rett, den fjotten..

Kunsten e jo bare å ikkje innrømma det der og då.. Men heller gjør som han sa, når han har gått heim, og håpa han ikkje ser det i ittetid..

=D

Eg, Petter Edderkopp og Slektå..

Det blei ei lang natt sammen med Eddisane i Bodå inatt.. Kånå fikk dessverre med seg innlegget om dasspapiret igår.. Så når eg sko legga meg utpå kvelden lå det bare ein lapp utenfor rommet våras.. Om at hu hadde redd opp ute i Bodå te meg.. Det va forsåvidt ikkje det faktum at eg hadde lagt ut om detta hersens dasspapiret..

Men eg trengte vel ikkje akkurat dela i det vida og det breia, om kossen man tørka seg i rævå..

Det va visst detta her med å ikkje dela alt som snurra rundt oppe i skallen min, igjen.. Kånå e jo ganske så overbærande med meg, akkurat når det gjelde denna bloggen.. Men hu har sine grenser hu og.. Eg kjøpte egentlig ikkje heilt årsaken hu oppga, for nederst på lappen hadde hu og skrevet.. At om eg va så forbanna misfornøyd med den typen dasspapir me hadde i heimen..

 

Så kunne eg dra den feita rævå mi ut av sofaen, og handla sjøl..

 

Akkurat det med den feita rævå, skreiv hu forsåvidt ikkje på lappen.. Men eg syns det høyrtes mye meir slagferdig ut, når eg la det te.. Ikkje e hu så feit heller, itte at dasspapiret meir eller mindre har slipt vekk halve skalkane.. Rumpå altså.. Men eg har sjølsagt ikkje lyst te å enda opp med å vær designert innkjøpar, for heile familien..

Så eg trur eg ska tenka meg om, ein gang og to.. Før eg nåken gang tar opp ett lignande tema, i fremtiden..

Dog, eg trur ikkje me ende opp med det samma dasspapiret fleire ganger.. Eg e ganske så sikker på, at hu ikkje e heilt fornøyd sjøl heller.. Eg trur heller det ligge litt i kortene, at Kånå va heilt klar øve at detta va ett bomkjøp.. Men såg seg nødt te å ta affære når hennas tjenestar te heimens felles beste, blei krenka av ein irritert og smågretten Fatter’n..

 

Hu blei rett og slett nødt te å markera reviret sitt, på ein måte..

 

Så, Kjære Kånemor.. Protest og markering e notert.. Og eg satse på at Petter Edderkopp og Slektå hans, kan få sova aleina inatt..? ..

 

Algoritmer, Clickbaits og andre Meiningsløse utfordringar – Og Dasspapiret…

Eg sette meg ner med laptopen og tenkte eg sko skriva ett innlegg.. Ett innlegg kor eg gjerna tok føre meg ett eller aent.. Så kom eg på at hvis eg sko skriva ett innlegg kor eg tok føre meg ett tema, så kunne eg fort enda opp med å måtta meina nåke.. Og alle som både lese og skrive blogg, vett at med ein gang man meina nåke, uansett om det e det eina, eller det andra temaet..

Då kan man fort gå på ein smell.. For plutselig har man ikkje tenkt over alt før man trykka publiser, alikavel.. Og ett kobbel med nett-troll står skremmande klar, for å gi deg beskjed om det du ikkje hadde tenkt på..

Eg vett ikkje eg, men det e gjerna derfor eg heila tidå som forfatter av denna bloggen,.. Nesten uten unntak ikkje har lagt meg ut på lange avhandlinger, om nåke eg meina.. Men heller fortalt historiar om både det eina og det andra, både om vår hverdag, ferieturar og kanskje ting eg har opplevd tidligare.. Gjemt bakom ett tåketeppe av humor, sjølironi og andre hjelpemidler for å gjerna gjemma ei meining..

Så.. Når eg ikveld tenkte eg sko finna ett eller anna å meina nåke om, så tenkte eg det va best å gjør skikkelig research.. For å ikkje havna i fellå, og vekka all verdens troll som sitte klar med fingrane på tastaturet..

 

Problemet va jo bare å finna ett tema å meina nåke om, som eg igjen kunne forsikra meg om at eg kunne nok om.. Sånn at ingen andre kunne arrestera meg, på nåke som helst vis..  Tjera vena meg, eg surfa nettavisene opp og ner i mente, for å finna ett eller anna aktuelt å skriva om.. For å virkelig tilfredstilla algoritmer, aktuelle søkeord og alt som trigge dåkke leserar.. Te å stikka innom mi sida..

Sånn at eg får dåkke te å lesa akkurat detta innlegget, fordi eg har lurt dåkke inn med alskens hotte søkeord og lignande..

Kanskje sko eg trø te med ei saftige overskrift og.. Ein tittel som bare skrike av sensasjon, tragedie eller virkelig saftige saker.. Som f.eks “Kånå og Flokken har forlatt meg for en annen”, kor leserane får sjokk og tenke jo sitt ..  Men.. Så va det bare fordi de sko på kino og se den nye Knerten filmen, kanskje.. Eller “Kånå knuste bilen idag”, kunne eg jo skrevet.. Og folk tenkte stakkars Kånå.. Men, så va det egentlig mest synd på Han i Midten, fordi Kånå mista legobilen hans i bakken.. Så den gikk i tusen knas..

Eg kunne jo gjort det, men det e jo ikkje min stil, ikkje i det heila tatt.. Men så tenkte eg meg litt om igjen, både fordi eg måtte på dass nå nettopp.. Og fordi eg ikkje fant nåke å meina nåke om, i nettavisene..

 

Men heller blei sykt irritert på Kånå..

Rett og slett såpassa irritert at eg nesten ikkje har ord.. Eg har egentlig irritert meg øve detta lenge, ja nesten i ei uka.. Men så har det gått i glemmebokå.. Så kom eg på det igjen.. Fordi eg va på dass.. Og når eg va ferdig og sko gjør det man gjør, før man forlate rammå.. Så va det jo med detta her forbaska dasspapiret som Kånå handla sist.. På Tilbud..

Ett helsikkens papir som føles meir som sandpapir, enn mjukt og godt dasspapir.. Som mildt og skånsomt gjør det som det e lagd for å gjør..

Mens det papiret Kånå har kjøpt på Tilbud, nærmast kjennest ut som steintøff hudpeeling på ein stakkars stump.. Det finaste sandpapiret eg har ute i Bodå e jo mildare mot huden, enn detta drittpapiret Kånå har handla.. Ikkje bare har hu handla litt heller vettu, men ein sånn svær økonomi pakke som sikkert komme te å vara i ein månad og to.. Kunne nesten lika så godt brukt piggtråd..

Herreguud..

 

Det e nesten så eg vurdere å smugla inn sånn Lambi Ultra Soft papir, og gjemme det inne i badeskapet.. Unna toalett veskå mi.. Ett eller anna må eg gjera.. Før eg ikkje har meir hud igjen på rævå..

Det e så forbanna dårligt og det der papiret, vettu.. At det e ikkje måte på..

Nå før helgå, når det gjerna va litt travlere enn normalt.. Og eg kom nåke småsvett heim og hadde glemt å gå på dass på jobb.. Men svåsvett og klam sette meg på rammå, og kvitta meg med overskudds energien.. Uten å tenke meg om..

Og når eg sko te med detta dasspapiret, så hang det seg fast øve alt.. Fordi rævå va bittelitt svett.. Helsikke vettu.. Man får ikkje te den der rutinemessige fine gliden der bak, om dåkke forstår ka eg meina..

 

Nei.. Nåken ting kan man ikkje spara penger på, når man handla.. Det e ivertfall heilt sikkert.. Men eg kan ikkje gå te Kånå og bare forlanga nytt, før eg har ein plan med det gamla..

Så inni granskauen fortærande vettu..

 

Eg trur ikkje hu går med på å kasta ein svær rull med “økonimi dasspapir” sånn uten videre.. Kanskje eg kunne arrangert ei slags ulykka ute på vaskerommet, sånn at resten av papiret blir ubrukelig.. ?? ..

 

Eg vett ikkje.. Men som dåkke forstår.. Så har eg større utfordringar her i verden, enn å skriva om nåke meiningsfylt, finna sensasjonelle overskrifter og lignande..

Eg må finna ut ein slags metode, for å bli kvitt verdens verste dasspapir på..