Beige !? … Ånei du, den e Grå med eit snev av Gul i seg …

 

Morgenspurten her ein morgen, som resulterte i ei skadeskutt Kåna, ett par ømme ribbein og ett nedrevet stumtjener tre, den drog forsåvidt med seg litt meir arbeid enn eg hadde tenkt. Skjønt, eg hadde strengt talt observert for ei litå stund siden, at detta berømte stumtjener treet før eller seinare måtte reparerast. Då gipsankrene rett og slett hadde gitt opp, og meir eller mindre va på vei ut av veggen … 

Min famøse løpetur med ustyrlige morgenbein, den blei rett og slett spikeren i kistå for detta treet. Og etterlot tre saftige hull i gipsen … 

Dermed va det forsåvidt ingen vei tebake, gangen nede måtte få seg ein heftig oppgradering. Fargen sophisticated blue, som e te venstre på bilde ovanføre, den hadde me begge blitt rimelig lei av og … Så sånt sett blei det som ein slags katalysator å rekna, for tidspunktet gangen måtte tas, når eg først reiv ned stumtjeneren … Eg har jo ikkje vært heilt begeistra for denna mørke fargen heller, då det blei nåke dunkelt der nede i gangen. 

Men Kånå, som forsåvidt tok avgjørelsen med detta fargevalget, hu har visstnok elska denna fargen … Eg vett ikkje heilt om eg trur på hu, når hu seie det, men men … 

 

Det va ikkje anna å gjera itte ulykkå hadde vært ute, enn å sparkla hullene i veggen igjen, handla inn ny maling og få gjort nåke med saken. Nu sko forsåvidt heile gangen tas også, hadde Kånå bestemt … Siden heila huset våras meir eller mindre e kvitt på alle veggflater … Sånn typisk minimalistisk greia, og ekstremt lite fantasifullt. Så meinte Kånå at ein kontrast farge te dei kvite dørlistene ville bli fint … 

Me landa på ein slags gråfarge … Sheer Grey meina eg den hette … Ein farge som virkelig ga gangen litt nytt liv … 

 

 

Ingenting e så deilig som litt forandring i heimen, i hvert fall ikkje når me gikk fra ein dunkel mørk farge på den eine veggen, te ein lys fin grå farge … Men, når man liksom drar igang med ett prosjekt, så bygge det raskt på seg når man liksom først e i gang … Så derfor nevnte eg for Kånå om me ikkje sko ta dei mørke veggane oppe i stuå og, med det samma me holdt på … 

Kånå va ikkje heilt med på den ideen og meinte me burde tenka oss litt om, før me gjorde nåke med den saken … Det va eg skremmande uenig i, og tok saken i egne hender …

Så ein dag når Kånå va ute av huset satte eg i gang, veggen blei rengjort, sparkla og klargjort for ett nytt strøk maling. Fatter’n landa på fargen Sand i butikken, ein grålig farge med litt gult i seg, syntes eg … Så lenge den ikkje va beige, så tenkte eg nok at Kånå blei fornøyd. Litt får eg med meg når Kånå snakka, og beige farge det e definitivt ikkje ein farge itte hennas smak … 

Og ikkje meir enn litt over ein halv dag seinare, så va veggane med den mørke Sophisticated Blue, blitt te noen nydelige lyse vegger med fargen Sand … 

 

 

Ein fantastisk fin farge, syntes eg, og va skikkelig stolt øve meg sjøl … Kånå kom heim og kikka jo rimelig forskrekka på veggane, der hu bare stod å måpte når hu oppdaga ka eg hadde funnet på …

– Har du mala veggane Beige, Frode !!?? … Spurte hu, mens hu stod å kikka på verket mitt …

– Beige ?? … Nei, den e ikkje beige denna… Sand hette den … Svara eg, mens panikken så smått begynte å bre seg om i legemet …

Herreguud … Hadde eg gått på ein smell her …!?? 

 

Eg raste inn på nettet og søkte opp fargen Sand … Hadde ikkje hu i butikken sagt det va ein nydelig gråfarge, med ett snev av gult i seg da.. ?? … Blei grå + gul liksom te Beige … ? 

Ei nettsida dukka opp og eg tasta inn Sand, maling og vegg … Google satte igang som ein rakett, og plutselig stod eg med fasitten foran meg … ” Sand – En lys beige tone. Fargen er en nude tone og lager en fin varm glød i rommet.” Tjera vena meg … Ikkje bare hadde kjøpt ein farge som va Beige, men den va jaggu meg naken (nude) og … Eg kleiste igjen laptopen før Kånå fikk sett det, og stod på mitt …

 

– Ånei, står ingenting om den e beige … Grålig med ett snev av gult i seg, ein nude og varm farge som gir ein fin glød i rommet … Fortsatte eg, og løy så vakkert at eg nesten blei rørt øve min egen innlevelse … 

– Hmmm … Synast nå den ser litt beige ut eg … Svara Kånå nåke tvilande, mens hu står å betrakte veggen …

– Den va jo varm og fin da, eg må vel bare bli vant med den … Seie hu te slutt … 

Jepp, det e du nok nødt te … Det blei jo mye lysare her inne da, sånn uansett ... Svara eg, bittelitt letta øve at bløffen for ein gangs skyld har gått rett heim hos Kånå … 

 

Somme ganger … Så må man bare gjør det som må te, for at saker og ting ska bli gjort … Når man har ei Kåna med beslutnings angst sånn med tanke på farger på veggen … 

Enkelt og greit … 

 

Goe søndags kvelden, Folkens … ;-D 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg