Litlajentå, kakao koppen og ein illsint Fatter’n …

 

Når eg kikka gjennom bloggen min her ein dagen, og ikkje minst mine to siste bidrag her inne på innleggs fronten, så kan det jo nesten høyrast ut som Kånå aldri e nåke anna enn sint som ett uvær. Men, hu e jo ikkje det, ikkje i nærleiken eingang. Faktisk, så kan det jo henda at Fatter’n blir sint og, sjøl om han muligens ikkje alltids vil innrømma det. Eg sa her ein dagen når me satt å spiste middag, og diskuterte visse personers temperament, at eg gjerna hadde nåke lengre lunta enn Kånå.

– Åhh … Seie du det …? Svarte Eldstemann lynkjapt … Og kikka på meg med ett blikk som oste av sarkasme …

– Du har gjerna glemt denna episoden med Tiril her for ei stund siden då, eller … ??? … La han indignert te …

Og ska eg væra heilt ærlige, så hadde eg vel muligens det … For, eg har nok ikkje nåke mindre temperament eg, enn ka gjerna Kånå har, men det har vel gjerna ikkje kommen så godt frem i alle dei årene denna bloggen har eksistert, sånn egentlig. Strengt talt, så e vel eg og Kånå meir like kvarandre enn me gjerna vil innrømma, begge to … Så derfor e det vel ikkje meir enn rett og rimelig, at eg tar Eldstemann på sparket, og fortelle om “episoden” med Litlajentå …

 

” Tjera vena meg … Eg vett nesten ikkje heilt kor eg ska begynna, uten at det gjerna høyrast ut som om eg forsøke å rettferdiggjør utbruddet mitt … Men, hendelsen må jo fortellast slik den var …

 

Eg va heima aleina med Flokken denna dagen, for Kånå hadde kjørt ut på ett ærend og to. Mini’en og Litlajentå satt i sofaen og kikka på ein film, mens Fatter’n forsøkte å få seg ein liten middagslur, borte i hjørna. Og sjølsagt når eg nettopp har duppa litt av, så begynne småtrollene å masa om ting. Først ville de ha is, som eg halveis inn i drømmeland godkjente med ett bekraftande grunt. Så trengte de ett ekstra teppe, for de sko laga hytta i sofaen.

Nåke eg definitivt minnast at ikkje blei godkjent, og ett avkreftande grunt kom fra Fatter’n …

Hytta i sofaen har me lagt ned veto om, itte litt for mange uhell av diverse slag … Som glass med saft som har blitt velta, fat med syltetøyskiver som fløy av stuebordet etc. etc. … Det blei rett og slett nok te slutt !

Så, når eg endelig hadde såvidt klora meg fast i drømmeland igjen, kauka Litlajentå ut at de vil ha Kakao, siden Kånå hadde kjøpt kakao kapsler te kaffimaskinen vår. Igjen, så grunta eg bekreftande at det kan de få, uten å tenka øve at det e det jo eg som må laga te de. Kaffimaskinen har jo ikkje de lov te å røra.

 

– Ja …!!?? Ska du laga kakao te oss, eller ? Komme det fra Litlajentå, nåken minutter seinare. Nett lika før hjernebarken nådde det sårt tiltrengte drømmelandet, igjen …

 

Med ett snøft kasta eg teppet av meg og marsjere mildt irritert bort te kjøkkenøyå, laga to kakao kopper som eg sette på kjøkkenbordet, og gir klar beskjed om at kakaoen ska nytast akkurat der, ved kjøkkenbordet … Før eg nåke mutt krype inn unna teppet igjen, i ett forsøk på få unna denna etterlengta middagsluren …

Eldstemann komme luskande ned fra loftet for å laga seg ei skiva, og sette seg på enden av kjøkkenbordet. Uten at eg har fått det med meg, så har Mini’en lurt med seg kakoen bort i stuå … Men, Litlajentå tar eg på fersken i det hu lista seg øve gulvet med koppen i håndå.

 

– Eh nei, den får du drikka med kjøkkenbordet, sa eg !! Gir eg strengt beskjed om …

– Jammen, Maxi får jo lov … Han har tatt sin kopp med seg bort … Svara Litlajentå, og nikka mot bror sin som sitte med to trillrunde dådyrauger, mens han kikka på meg med sitt mest uskyldiga blikk, som han har på repertoaret …

 

Kampen e forsåvidt tapt allerede, eg seie klart å tydelig ifra at detta synes eg ikkje nåke om, før eg kapitulere og legge meg ned igjen … Tre, fire nye minutt går, før Litlajentå e på beinå igjen. Eg har høyrt at hu har romstert med ett eller anna, men ikkje gidda å åpna augene for å sjekka ka det va …

Så smelle det … Jentå hadde henta teppet som lå på puffen, og idet hu runda stuebordet på tebake vegen, velta hu den fulle koppen med kakao lukst på gulvet mellom sofaen og stuebordet …

Akkurat der hadde Litlajentå laga ei hytta med Kånå sine dyrebare sofaputer som gulv … Litlajentå, som va vel vitande om at det ikkje bare va ein, men til og med to ulovligheter som hu nå hadde utført på rappen … Hu spratt te værs med ett hyl, før hu sprang i ring rundt seg sjøl … Mini’en skvatt så voldsomt av kvinet te Litlajentå, at han begynte å grina, mens eg klikka i vinkel … Herreguuuud …

Det såg ikkje ut … Kakao over alt … Eg klarte å redda Kånå sin laptop som lå under bordet, før det går opp for meg ka jentå har bedrevet med …

 

– Jammen, for svarte salte bananer da … Va det ikkje akkurat detta eg sa du ikkje hadde lov te da !!?? … Kauka eg ut, med mye meir utestemme enn innestemme …

 

Så treiv eg te meg den nyaste sofaputå te Kånå, som nå va gjennomtrukken av kakao … Fri og bevare meg vel … Detta kom jaggu meg te å bli månelyst, når Kånå oppdaga det …

 

– Forbaskade ungar altså, kan dåkke aldri lya for svingande … !? Fortsatte eg skingrande, før eg sylte putå lukst i gulvet for full kraft … Karl fra Mot i Brøstet må bli det nærmaste eg komme, om eg sko beskrevet meg sjøl, akkurat der og då …

 

To ting skjer nå i slowmotion … I det den søkkvåta kakaoputå treffe gulvet, står spruten te alle kanter … Kakao på veggen … Kakao på tv-reolen … Kakao på gulvet … Kakao øve heila meg … Gudbevare meg vel … Om det ikkje såg ut før, blei det definitivt ikkje bedre nå …

Så kikka eg bort på Eldstemann, som fortsatt sitte i enden av kjøkkenbordet …

Ltitlajentå har fordufta fra åstedet, Mini’en har tidd stille borte i sofaen mens Eldstemann seie ingenting …

Han bare kikka på meg med ett oppgitt blikk … Stillheten e effektiv … Eg høyre sjøl den hysteriske etterklangen av det eg nettopp har lira ut av meg, slå mellom veggane oppe i stuå …

 

Gudhjølpe meg, og Herrens trofaste Hærskare … Av og te, så e eg ikkje vel bevart, kan nåken vennligst senda meg dei rosa pillene ??? Tenke eg liksom for meg sjøl, når det går opp for meg ka eg nettopp har gjort …

Eldstemann luska seg opp trappene te rommet sitt, mens eg i stillhet vaske stuå, før eg skynde meg ned på rommet te Litlajentå for å sei unnskyld …

Det va jo ikkje med vilje hiksta jentå frem, og sjølsagt va det ikkje med vilje … Eg visste jo det … Ett par minutt ittepå hadde me fått sagt unnskyld i alle retninger, og saken va meir eller mindre ute av verden … Til og med sofaputene hadde eg slengt te vask, slik at Kånå gjerna ikkje oppdaga detta, i det heila tatt …

Men, det gjorde hu jo … Ka du trur … ?

 

Så ja … Eg kan vel ikkje anna enn innrømma det … Eg blir jo sint eg og … Det e ikkje bare Kånå som har monopol på akkurat det, her i heimen …

Sjøl om årsaken te både mitt, og kanskje Litlajentå sitt utbrudd, muligens va av redsel for Kånå sin vrede … !!??

Sånn egentlig … 😉

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg