Jøye meg.. Der datt eg vekk litt igjen.. Og det blei nåken dagar uten innlegg.. Men, me kom oss vel heim itte ei super uka på bobilferie, eg og Han i Midten, kor me plukka opp Eldstemann i Oslo.. Itte han va ferdig i Norway Cup.. Laget hans tapte den første utslagskampen i B-sluttspillet, kor det lenge va ein jevn batalje, og det lå litt i luftå at det førsta laget som scora, gjerna drog heim seieren.. Som blei motstanderne.. Guttane kjempa tappert videre, men piffen gikk litt ut når 2-0 og 3-0 kom tett ittepå.. Man blir gjerna litt tømt for energi i sånne sammenhenger, kor man gjerna har spilt mange kamper på kort tid..
Og det å henta dei siste kreftene når man får ett mål og 2 i fleisen, det kan fort bli litt tøft for slitne gutar som har gitt alt i løpet av ukå.. Både på banen og utenfor..
Laglederne hadde laga ett kjempe kjekt program rundt gutane, så tid te å lengte heim eller itte oss foreldre, det trur eg nesten ikkje de fikk tid te.. Men, når me reiste på Tusenfryd på torsdagen, så ville Eldstemann alle helst vær med meg og Han i Midten, istedet for gutane på laget.. Så litt trur eg han lengta itte oss, sjøl om me ikkje va langt unna, der oppe på Utsikten ved Bogstad Camping.. Utsikten, uten utsikt.. Eg snakka litt med ett par karar som jobba på campingen, som meinte plassen nok hadde fått navnet sitt for mange år siden.. Men, siden Bogstad Camping lå i tilknytning te Nordmarka, så hadde de ikkje lov te å hogga ned trær uten å planta nye..
” Egentlig, som eg skreiv tidligare så gjorde det forsåvidt ingenting, at Utsikten ikkje hadde utsikt og lå litt for seg sjøl.. For me kosa oss glugg ihjel der me, med passelig avkjølt bobil som hadde stått i skyggen mesteparten av dagen, og med lite gjennomtrekk av folk..
Jaja, litt folk kom faktisk tråkkande opp te Utsikten, men ikkje for å nyta utsikten som ikkje va der, men på leit itte badeplassen i Bogstadvannet.. Eg lurte litt på om eg sko be om rabatt når me sjekka ut, siden eg hadde fungert som veiviser for badehungrige turister, som ikkje fant veien.. For på kartet øve Bogstad Camping, der så det ut som om badeplassen lå like ved Utsikten, og ikkje langt nedenfor, som den gjorde.. Gikk man ned fra utsikten så kom man til et stup, og ikkje te badeplassen, som kartet til Bogstad Camping nåke misvisande vise.. Men, nede på flaten før man gikk opp til Utsikten, så kunne man ta en sti, som gikk ut til vegen og videre til badeplassen..
Det blei ein del turister som på stotrande norsk-engelsk, blei sendt avgårde ned igjen, av undertegna.. Årsaken te at me visste det ikkje gikk an å gå den veien, va fordi nåken “naboer” oppe på Utsikten, gjorde feltarbeidet for oss..
Og kom nåke småforbanna opp fra skauen igjen itte å ha truffet en blindvei, ein skau befengt med både Flått, småkryp og masse Edderkoppar, vil eg tru.. Eg sa ihvertfall det te Han i Midten, når han ville ha meg med på ekskursjon, ner i villmarkå.. Han masa ikkje meir då.. Men, eg fikk forsåvidt høyra det, når Eldstemann hadde slutta seg te oss på torsdagen, og ballen føyk ner der under litt fotballspilling mellom gutane.. Eldstemann sprang ned for å finna ballen igjen, mens Han i Midten kauka ut, at han måtte passa seg for giftige Flått, kjøttetande Småkryp og monster Edderkopper.. (Okay, eg kan muligens ha øvedrevet litt meir, enn eg skreiv tidligare ) ..
” Eldstemann kikka perplekst på Han i Midten, man formelig såg at hjernebarken vrei seg, oppe i topplokket hans.. Før han snudde seg mot meg.. Fatter’n.. Ein Fatter’n som gjemte hovudet nere i bokå si, og prøvde å gjør seg usynlig..
Eg gløtta forsiktig opp fra bokå og såg ein oppgitt Eldstemann midt i augene.. – Supert Pappa, virkelig smart å skremma sønnen din, fordi du ikkje tør å gå ner der sjøl.. Sa Eldstemann, både ironisk og sarkastisk, på ein gang.. Før han jogga ner i skauen, itte ballen.. Han i Midten kikka olmt på meg, og for alle som ikkje kjenne Han i Midten, så har han arva blikket te Kånå.. Ett blikk som kan frysa blod te is, på kun få sekund.. Nakkahårå reiste seg, skammen kom snikande fra et mørkt hjørna i topplokket og augene gikk lukst i bakken.. – Pappa altså, du e ikkje sanne du.. Sa Han i Midten, både fornærma øve å ha blitt lurt, og litt flau øve å ha trudd på meg..
Altså.. Det e både fordelar og ulemper å ha med dei gutane der på tur, men Eldstemann e nok ikkje så enkel å lura som Han i Midten.. Heilt klart.. Så eg gikk vel på ein liten smell der, enkelt og greit..
Idyllen på Utsikten, den blei forsåvidt brutt på litt ut på formiddagen på fredag, når me fikk nye naboer.. Ein sleten gammal Passat med ei endå meir sleten campingvogn, kom rullande inn på tunet våras.. Og eg lyge ikkje.. 3 lugubre karer i Passat’en rulla inn foran bobilen, med kun få centimmeters passasje, og begynte å rigga seg te.. Eg la bokå ifra meg og gjekk for å gi beskjed, om at man sko stå 3-4 meter ifra kvarandre, som eg hadde fått beskjed om, når eg kom.. Men, sjølsagt kunne ingen av de et einaste ord norsk.. Eg vett ikkje eg, men når man e på ein campingplass, så må man bruka litt sunn fornuft og framføra normal folkaskikk..
” Man kjøre rett og slett ikkje inn i “hagen” te folk som allerede bor der, og kline seg så nærme som man kan.. Vognå stod ein halvmeter fra bobilen, bilen flytta de forsåvidt før de forsvant men eg fant ut at vår tid på Utsikten va over..
Naboskap forandra seg fort på ein campingplass, det e meir dynamisk enn man gjerna ønska, innimellom.. Så, itte ei uka med kjekke naboer både fra Tyskland, Nederland og Japan.. Jepp, Japan.. 2 bobiler fullstappa med Japanere rulla inn på Utsikten onsdagskveld, og holdt et fæla leven når rigga seg te med kveldsmat.. Ein kveldsmat som la ei lavtflyvande tåkesky øve Utsikten, med ei sterk duft av Japansk kokkekunst.. – Uæææ.. Ka e det som lukta så forferdelig.. Kauka Han i Midten ut, mens han gjorde grimaser og kikka ut av bobilen.. Han hadde sett på film, men blitt forstyrra av denna kulinariske kveldsmaten, som stinka av sure sokkar, bitre frukter og asiatiske krydder..
Unagi hette det, det de laga.. Ein vanlig rett i Japan, ifølge han som snakka litt engelsk.. Ferskvannsål, dandert med forskjellige krydder og sauser, servert med ris..
De tilbydde meg ein liten smaksprøve, og i ittetid så burde eg vel ha takka høflig nei.. Men godt oppdratt som eg e, så gjorde eg sjølsagt det motsatta.. Gudhjølpe meg.. Når Bill i Biler 2 filmen spise rein Wasabi som is, og går amok i ittekant, det e nok ein god sammenligning.. Skjønt, det va ikkje Wasabi i det eg fikk smaka, men ein spesiell type pepper man normalt malte opp.. Eg knuste ein heil pepperbit som ikkje hadde blitt knust, mellom tennå, og gjekk nærmast ner for telling.. Den meksikanske retten eg spiste i Tyrkia, den va som barnamat i forhold.. Men Japanerne visste råd, og holdt fram ein kopp med nåke blankt oppi, som umiddelbart lindra brannen i halsregionen..
” Ikkje sa de at det va ål, før itte eg hadde smaka heller.. Men, det smaka absolutt ikkje så gale som det lukta.. Ein smule mektig forsåvidt, men heilt greit.. Unagi Kabbajakki, eller nåke sånt, hette retten..
Neste kveld hadde de kjørt videre, og det gjorde me og, itte me fikk lugubre naboer.. For all del, det kan godt vær denna gjengen med utlendingar heilt klart hadde reint mel i posen, og ikkje lugubre i det heila tatt.. Men, når man har ein magafølelse som ikkje e heilt super, så e det fritt fram for oss å kjøra videre, syns eg.. Det va på tide å snu skutå heimover, sånne egentlig, alikavel.. Men, først så ville gutane ner i Oslo sentrum å kikka litt på Karl Johan, gå opp te slottet og andre lignande ting man gjør, som turist i eget land.. Så me kjørte bort te Sognsvann, parkerte bobilen på ein svær parkeringsplass og tok T-Banen ned til Nationalteateret..
Å parkera bobil nede i Oslo sentrum, det rekna eg ikkje som ein enkel sak.. Så derfor gjorde eg litt research, og fant ut at ved Sognsvann så parkerte man lika ved T-Banen..
Og ikkje minst, så kunne kidsa bada litt når me kom tebake fra sentrum, om de ville.. Han i Midten hadde jo masa om å få kjøra denna T-Banen, så sånt sett passa jo detta midt i blinken.. Litt planlegging e forsåvidt viktig når man e på bobiltur, då man ikkje kan løsna vognå fra bilen, som når man har ei campingvogn.. Derfor bør man gjerna parkera på sånne steder som detta, og gjerna på Camping plasser nær ein by, om man ønske det.. Som Sjøsanden i Mandal, Bogstad eller Ekeberg i Oslo eller Lagunen Camping lika utenfor Strømstad.. Kor eg og Kånå va med dei 2 eldste for mange år siden, før dei minste blei født..
” Alikavel, så havna me på ein avsidesliggande Campingplass, den sista nattå.. Rampton Camping som ligge te Oslofjorden, nesten nede ved Drøbaksundet..
Ein kjempefin plass med ei nydelig strand, og plenty med varmegrader i vannet, ihvertfall når me va der.. Me kom litt seint på kvelden, men rakk å rigga oss te, før kidsa såg ein film mens eg leste i bokå mi.. Og våkna te ett aldeles nydelig vær.. Gutane va mildt sagt klar for litt badings, så me fyrte igang ein kjapp frokost, før me labba avgårde ner te strandå.. Og tilbringte resten av dagen der.. Han i Midten va vel meir ute og under vannet, enn han va over eller på land.. Eldstemann gikk på krabbejakt med ny innkjøpt krabbefella, men sjokket va stort når eit monster av ein krabbe, hadde klippa av 2 av dei 3 trådene som hang i fellå.. Og spist opp all agnet..
Tjera vena meg.. Sjølsagt blei Eldstemann sin “mission” den dagen, å få fanga denna svære krabaten.. Sånn oppførsel gikk ikkje forbi i stillhet, hverken meir eller mindre..
Men, når han nesten fikk den opp den eine gangen, men alikavel stakk av, så ga guten opp.. Det va nok ein grunn te at denna krabben hadde fått vokst seg så svær, vil eg tru.. Sjøl om den levde så nærme ei badestrand, med ett mangfold av krabbefiskande smårollinger.. Den va nok nåke smartare enn gjennomsnittet, av krabbebestanden nede på havbunnen, vil eg tru.. Seinare på dagen, når me hadde fått nok av is, sol og bading nede på strandå, rusla me mette på ferie, fotball og bobiltur opp te bilen.. Me hadde blitt enige om å setta kursen heimover.. Gutane savna hu mor, og søsknene sine.. Forsåvidt, eg og..
” Men, mest av alt fordi me va tomme for boxer shortser, heile gjengen.. Ein heimtur eg trur gutane vil huska i mangfoldige år, kor me spiste på eit tøft gatekjøkken i Kongsberg, laga elleville Snapchat videoer i Flatdal og sang oss hese te musikken fra radioen..
Ei super uka fylt med masse opplevelser, kjekke minner og nydelig vær, va ved veis ende.. Og eg trur eg kan med håndå på hjarta sei, at me har kosa oss glugg ihjel..
Både eg, Han i Midten og Eldstemann.. Heilt klart..
Nedenfor.. Litt bildebonanza, fra turen.. Ein liten oppsumering, liksom..