Det e ein øvegang, Frode.. Som far min alltid seie..

Hjølpe meg.. Det e søndag, det e morsdag og ingen her i heimen va våkne før klokkå halv ti.. Eg har ikkje glemt ut morsdagen, men eg har heller ikkje fått laga frokost på sengå.. Ikkje ein kopp kaffi har hu Mor fått av meg eingang, for den laga hu sjøl.. Kånå laga til og med ein te meg, og gratulerte meg ironisk med morsdagen, når eg kom opp trappå.. Mens hu flirte skøyaraktig fra øyra te øyra.. For, eg trur me har endt opp med ett Epoke skifte her i heimen, kor tiå med grytidlige morgener med ein spinnvill Flokk, den e nærmast over..

Fleire helger på rad nå med nåken få unntak, så har Flokken sovet nesten te klokkå ni.. Istedet for å begynna ein halsbrekkande tango med Fatter’n, klokkå halv sju eller tidligare..

Og idag, på sjølvaste morsdagen.. Ja, då våkna eg altså ikkje før klokkå halv ti.. Nåke av årsaken e gjerna at Kånå har lasta ner denna her appen te Nrk Super, på mobilen sin.. For det hende jo at Mini’en fortsatt komme inn nåke tidligt, men istedet for å plaga vettet av oss foreldre, så sitte han å kikka på Barne-Tv.. Og har ikkje Mini’en terrorisert oss om morgenen, så har jo Litlajentå stort sett kommen inn og fyrt opp stemningen..

 

” Men, me har ikkje sett snurten av hu heller, dei siste helgene.. Hu har vel endelig sett nytten av å sløva litt lengre i sengå si, med gode gener fra si mor innabords..

 

Så morsdagen har rett og slett gått meg hus forbi idag, sjøl om eg hadde planen klar igår.. Muligens burde eg gjerna satt ein alarm på, så eg kom meg opp litt tidligare og fikk fyrt igang ein liten frokost på sengå.. Men, større morsdagpresang enn ein Flokk med ungar, som endelig har funnet ut at man kan slumra litt lengre i sengå si, i helgene.. Det ska vel gjerna godt gjerast.. Det e jo ikkje få ganger eg har stått opp med dei 2 minste, kor dei største har blitt vekka i samme slengen, eller lika ittepå..

Og laga ett spetakkel uten like, som sjølsagt har endt opp med at hu Mor komme trampande opp trappene, sinte som krutt.. Fordi det ikkje har vært mulig å sove videre, i bråket..

Vreden te ei firebarnsmor med for lite søvn den e ikkje te å spøka med, det kan eg glatt setta underskriftå mi under.. Der eg mang ein gang har fått “Hårfønaren” av ei ilter, småsint men stort sett snill Kåna, itte man gjerna har mista kontrollen ein tidlig helgamorgen.. Det ska jo så inni granskauen lite te og før ragnarokk sette igang, der man gjerna lista seg stille og rolig ner på dass, fra ein idyllisk stemning i sofaen.. Med ein Flokk som sitte som nåken gull og kosa seg..

 

” Te ett reinspikka haraball uten like oppe i stuå, så snart man har fått varma opp rammå på dassen, og begynt sitt trengande ærend..

 

Tjera vena meg.. Alle dei gangene eg har kasta meg av rammå i vill panikk, løpt så stille som mulig opp trappå med dasspapiret hengane i hælane for å skilla rampen som gjerna har føke i tottane på kvarandre.. Og håpa i det lengsta at Kånå ikkje har blitt vekka for tidlig, stort sett med lite hell.. Det e nærmast som om det e ein uskreven regel akkurat det, at når man forlate ein harmonisk gjeng i sofaen.. Så snur det fra ei idyllisk kosestund, te ei skrekkinngytande slagmark, på kun kort tid..

Og Fatter’n ende opp med å bli fortært av ett blodtørstig Kånemonster, som plutselig står og ruve midt i stuå.. Ei stua kor kaffien plutselig ryke av frostrøyk, istedet for varme..

Så at hu idag sendte meg ein liten ironisk kommentar, sammen med ett skøyaraktig blikk.. Fordi hu ikkje bare kom seg ut av sengå før meg, men jaggu meg hadde fyrt ihopa to koppar kaffi, før eg kom meg opp, det gikk faktisk i likaste laget.. ” Det e ein øvegang ” , som far min alltid seie, når eg sitte i garasjen deiras å gjerna klaga meg litt øve hverdagens strabasiøse ferd, i småbarnslivet.. Og han vett vel ka han snakka om vil eg tru, som har vært gjennom strabasene med ein Flokk på 5 sjøl..

 

” For i høgaste grad har eg kjent litt på detta her med øvegang, detta året som har gått og ikkje minst det nya året som me har begynt på..

 

Ifjor så va det bare dei 2 eldste som hadde aktiviteter foruten skolen, med Han i Midten på karate og fotballen te Eldstemann.. Men, i år så har heile gjengen ett eller anna de ska på, itte skoletid og i løpet av ukå.. Litlajentå har til og med 2 ting, med Rg-Lek og fotball.. Det e faktisk ikkje ein einaste ukedag som e ledig detta halvåret kontra ifjor, kor me va ferdig med alle aktiviteter på onsdagen.. Og bare dreiv sakte inn te helg med 2 rolige ittemiddager itte kvarandre, uten aktiviteter te kidsa..

Mens nå, så e det fullt program heila ukå med aktiviteter i hytt og pine, og eg kava meg ihjel med å huska kim som ska på ka, og når..

Heldigvis har Kånå stort sett stålkontroll på ka som ska foregå, men i hverdagens heseblesande kjør så har jo litt mangel på god kommunikasjon, skapt ett par brølerar.. Og akkurat kim som har mest på tabbekvoten, det e gjerna ikkje den vanskeligaste ligningen å løysa.. Vil eg tru.. Men, man kan vel trekka ein slags konklusjon ut av detta, med at om morgenen i helgene har blitt nåke bedre, så har ittemiddagene i vekedagane blitt tilsvarande værre..

 

” Sånn med tanke på harmoni, haraball og andre ville eskapader som kan forekomma i ein småbarnsfamilie..

 

Han i Midten e jo konstant på itteskudd uansett ka me ska avgårde på, og kvar einaste gang nærmast uten unntak, så e han Missing in Action, dei dagane han ska nåke.. Altså, har han ingenting på tapetet, så sitte han garantert i sofaen og ser på tv, når me komme heim fra jobb.. Men, ska han på trampett, selskap eller nåke lignande.. Ja, då e han som sunken i jordå og ikkje å finna i det heila tatt, før han gjerna komme halsande inn dørene, lika før han ska avgårde..

Alltids med ein eller anna god forklaring på forsvinningsnummeret, sjøl om han gjerna hadde fått klar beskjed om morgenen, øve ka som sko skje på ittemiddagen..

Eldstemann klara seg stort sett sjøl og vett når han ska på ting, men der e det ein kabal med kjøring som må løysast.. Heldigvis blei det laga ei gruppechat på Facebook om deling av kjøring, mellom foreldrene som bor der me bor.. Så det løysa seg stort sett greit.. Men somme ganger så krasja det gjerna med nåken av dei andre sine aktiviteter, og så har med det gåande igjen, om kossen floken ska løysast opp.. Litlajentå e det Kånå som tar seg av, både med fotballen og Rg-Lek..

Men, utfordringen der e jo som oftast kleshabitten, spesielt på Rg-Lek.. På fotballen så fikk de drakter, som kjapt gjorde slutt på ka hu sko ha på seg der.. Det va jevt med drakt..

 

Eg må jo sei det har vært ganske så artigt innimellom, å høyra på diskusjonene nere i gangen.. Når Kånå prøve å forklara at man ikkje kan gå på turn, med den nye kjolen som hu ska bruka i selskap.. Og møte seg sjøl nærmast i dørå.. For Litlajentå har jo gått ein god skole i hælane te mor si, og eg tar vel ikkje i når eg seie at de e sta som nåken esel, begge to.. Mildt sagt.. Te slutt så fikk Kånå tak i ein sånn turnkjole lignande sak, så nå går det stort sett greit..

Mini’en, han henge på slep heila ukå, og går å masa om ka dag det e idag, kvar dag.. For han ska ikkje på trampett før på fredagen..

Men, begynne som regel å masa på mandags ittemiddag, om ka tid han ska på trening.. Han ska og helst vær med på alt det andra som ska skje i løpet av ukå, så det kan vær ett reint helsikke når han oppdage at han har blitt lurt opp i stry.. Fordi Kånå gjerna ikkje orka å ha han med.. Han kan mildt sagt vær ein liten utfordring for tiå, itte som ordforrådet stadig auka i omfang.. Og forståelsen av når han gjerna blir forsøkt lurt, den blir stadig større..

 

” Det e ikkje lika lett som tidligare å lura seg inn på rommet å leka med bilar, eller setta på ein film.. For å avleda guten fra at Kånå tar med seg Litlajentå på trening..

 

Så hverdagen, som eg alltid har syns at va ein strabasiøs, travel men stort sett kjekk ferd.. Den har vel tatt ett kvantesprang fremover, akkurat når det gjelde detta med travelhet.. Detta året her.. Ikkje minst har det at Kånå e i jobbtrening hos meg, gitt oss fleire utfordringar..

Men ikkje verre enn at me stort sett klara å løysa de.. Det e kjekt med besteforeldre som kan trø te, når det trengs som mest..

Så, at det har kommen ein kraftig øvegang, akkurat detta året her.. Det kan man rett og slett ikkje sjå vekk ifra.. Slutten på ein epoke e gjerna snart over, men den slutten kan fort vær starten på mange andre.. Heilt klart.. Me har snart 2 store gutar i heimen, ei viljesterk og sta Litlajenta og ikkje minst ein snakkesalig liten Mini..

Ein Mini som forsåvidt sprer om seg med gullkorn, humor og glede, kvar einaste dag.. Eg må nok bare bli flinkare te å finna tid te å skriva de ner..

 

Men.. Nå må eg vel gjera nåke fornuftigt her heima, før Kånå lura på kor eg e henne.. Goe morsdagen, te alle mødre der ute.. Og ha ein flott søndag, Folkens..

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg