Går det fint !? …

Nok ein liten epistel til transport spalten. Igjen fra ifjor. På ein varm fin forsommers dag, på jobbtur innover i Kvinnherad … Jauda … 😊🙈😂👇👇

Eg hadde nettopp vært å levert hos ein bonde i Uskedalen, idag morgens, når eg nok ein gang skjemte meg ut for både folk, fe og ein flokk høner.

Det va detta her med flueplaster for offentlige ydmykelser igjen då, og alt det der.

Eg minnast ennå den gangen eg løp i ring itte caps’en min i blåsten, utenfor eit kontorkompleks med stoooore vinduer, å trudde ingen såg meg. Og endte opp med å måtte neia og bukke for eit gedigent publikum, som hadde hatt orkesterplass te min lille «Charlie Chaplin» imitasjon, fra panorama vinduet ved kantinen. 🙈🤭🤷‍♂️

Å de lo, å de lo … .. .

Idag … Idag så va eg sikker på at eg va aleina. Bombesikker.

 

Men, ingen bomber e sikre. Og sjølsagt så gikk denna av 🤷‍♂️🤭 Ka du trur ? … Det e jo tross alt meg det e snakk om.

Jaja … Eg hadde i hvert fall nettopp levert tre dunke med eit eller anna te ein bonde. Og satt de ved fjosen som avtalt. Der eg svansa rundt med jekketrallå, mens humler, veps og andre småkryp fløy flittige som få, rundt meg.

Oppdraget blei sjølsagt eminent utført og undertegna jumpa inn foran rattet igjen, satte droget i gir og begynte å gli fremover.

Det va nåke ujevnt her hos denna bonden, som det i grunnen ofta e hos bønder. Så bilen vugga fra side te side.

Så … Så kjenne eg nåke som kitla meg på albuen. 🙈🫣😱

 

Og idag … Idag morgens … Så frøys hverken blod te is, nakkahår som reiste seg eller andre lignande lammende reaksjoner.

Eg hoppa lukst øve alt. Og gikk rett te full panikk modus … Gange tusen.

Håndbrekket røyk lukst i låst stilling, dørå blei vrengt opp og ut velta Fatter’n, mens eit velkjent kvinnehyl fylte opp heile Uskedalen så ekkoet gjalla mellom bergknausane.

Eg bomma på alt som heite stigtrinn, tok to fremlengs backflips og landa i ein sandkasse fylt av ein eim av kattapiss.

Men, for svarte s…ans he..tes salte bananer. Hadde eg blitt stukket, bitt eller det som verre var ?!? 🙈🫣🤭

 

Eg vrengde albuen opp og mot augene, der eg låg i olvelte blant plast gravemaskiner, spader og bøtter. Å sømfarte albuen der nåke definitivt hadde kravla å krypt.

Men, nei …

Ikkje så mye som ein liten prikk av nåke slag va å sjå.

Gudhjølpe meg … Tenkte eg … Det va nære på.

 

«Går det fint !?» Spør plutselig ei nåke lattermild, men og mildt bekymra stemme.

Nå frøys blodet. Nakkahårå reiste seg ikkje. De la seg vel meir småflaut bakover. Og eg snudde hovedet sakte å titta oppover der stemmen kom i fra.

Og der … Oppå på låvebruå. Der stod ei snurren budeia med langt gyllent hår, eit tindrande smil og to småtroll på slep, å kjempa mot latterkrampå som sikkert kom nedante tærna, og va i ferd med å bryta seg laus på resten av legemet.

Dei små lo allerede. Eller gapskratta e vel meir beskrivende.

 

“Koffår ligge han mannen i sandkasså vår, mamma !?” Undrast den minste, mellom latterhikstene …

 

Tjera vena meg … Eg spratt opp som ein ungkar, rista kattepiss sanden av meg å begynte å snakka med ei pipande stemme.

Jiiiisus … Eg kremta … Å forsøkte på ny …

Ei nåke meir maskulin røst manifesterte seg fra kjeften, men tenkte mens eg forklarte, at detta høyres svært lite maskulint ut. Heila forklaringå. 🙈🤷‍♂️🤭🤭😂

«Jøje meg … Ja, nei … Det e nå ikkje kjekt.» Sa budeiå. «Det kan gjør vondt å bli stukken av ein kvaps, ja !» Fortsatte hu, å kikka skøyeraktig på meg.

Herreduuuud …

 

Eg trur aldri eg har vært meir flau i midt liv. Går det an liksom. Ligga å velta seg i sandkassen te fremmande folk.

Her va det bare te å flykta fra åstedet, snarast mulig. Og håpa det e leeeenge te de bestille varer igjen. 😇🤭😂

Som sagt, så gjort …

Eg beklaga på det sterkaste for heila opptrinnet. Men … Hu bare lo med ein trillande latter, å takka for underholdningen på morgenkvisten.

Eg neia å bukka igjen. Før eg jumpa inn i droget. Og fikk eit lite eureka øyeblikk, på sekundet. For når eg satte meg i setet, å lot håndå gli bak mot håndbrekk spaken. Så kjente eg det igjen. Denna her kitlingå på albuen.

Herrreeeeguuuud …

 

Når bilen hadde begynt å vugga i vri på seg. Då hadde gardinå mellom sengå og setet, glidd bort i albuen. Og forsiktig kitla meg. E det mulig !!!!???!!!

Det e fader meg bare eg som klara slikt som detta … Trur eg … Skjemma meg langflat ut for absolutt ingenting. 🙈🫣🤭🤭😂😂

Null, nada niks, liksom …

 

Så jada … Det blei eit kraftig slå seg sjøl i pannen øyeblikk, mens eg titta oppgitt ut i luftå …

Tar det aldri slutt detta her ??!

Mi umiskjennelige trang te å bedriva ubevisst underholdning for komplett ukjente folk og fe !!! 

Eg gir opp …

🤷‍♂️😇😂😂

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Begin typing your search term above and press enter to search. Press ESC to cancel.

Back To Top