Det hadde gått ein halvtime siden dei forlot Rjukan, og stemningen i bobilen låg og dura på eit sånn passe lunkent nivå. Slik som det gjerna gjør, når ektepar i eit intimt bobilmiljø begynne å kjenne på uforløyste ord som sprenger på, men som ikkje får slippa ut.
Det vil sei, kaffien var lunken, GPS’en skulte mismodig og med forakt på Rigmor med kartet, mens Rigmor satt og myste på både kart og værmelding. Som om ho prøvde å løyse Noregs nasjonalbudsjett med ein tepose og ein kryssordblyant.
Også Gustav då. Som hadde fått eit glimt i augene. Eit sjeldent eit. Og det var ikkje bare grunna refleks i solbrillene.
Nei du, det brant nåke der inne.
Han hadde ein plan.
Ein stor ein. Ein plan av grandiost kaliber.
Og for første gang i manns minne, siden den gangen i 1991 då han sov to uker på loftet i garasjen, hadde han bestemt seg for å utfordre Rigmor i ein diskusjon, uten å ende i taus minoritet i eigen bobil.
– Høyr her, Rigmor … Eg har tenkt. Me må faktisk ta ein avgjørande strategisk vending i reiseruta vår. Sa han, og svinga dramatisk inn på ein rasteplass.
– Me har vel bestemt at me ska innom grandtante Ruth.
Gustav gispa, la hånda dramatisk på brystet krossa seg tre ganger og kysste eit imaginært kors, som om han nettopp hadde fått nyheten om ein grusom makaber skjebne.
– RUUUTH!? Du har ikkje nevnt ho sidan 2007, då ho sendte oss det julekortet som lukta sur kamfer og inneholdt bare ordene “Huska oss?”!
Rigmor smalna augene. Ho visste at noko var i emning.
Gustav gnei hendene på rattet, som ein bobilpolitikar på valgnattå, som ana meir positive tall, enn forventa.
– Eg har analysert data. Gjort feltstudier. Vekta risiko. Og det e soleklart, Hardanger e løysinga. For oss. For forholdet. For framtida.
– Mhm …
– Vett du ka dei har i Hardanger? Fjord. Sol. Smale vegar med sjarm. Riktignok, kanskje litt for smale, men då får me jo testa deg som den veivisaren med null retningssans, som du e. Mi herliga kaffe og kommentar-dronning. Du kabin villkatten min, med det mjuka blikket men som somme ganger etterlate kloremerker i nakken på meg, itte ein akutt pitstop … Det styrka samholdet vårt, Rigmor. Det stod om det i VG.
Rigmor løfta eit augebryn. Litt rødmende, litt fornærma men mest forbausa.
– Det stod ikkje om det i VG.
– Nei, men det burde stått! Dessuten – og detta e viktig, Rigmor, me unngår Knottens Mordor. Telemark har dei største knottane i Europa. Ein mann i Åmot fikk stjåle heile rognposen av ein sverm.
– Du vett, at det e ikkje før ein sverm knott landa på pungen, at du skjønne ikkje alt her i verden kan løysast med vold … Dei åt han på plassen. Det va live på TikTok.
– Du har ikkje TikTok.
– Men eg har intuisjon, Rigmor! Og … Og alt peike mot Hardanger. Epler. Fjordbris. Og Prosecco-drøymar.
– Eg drikke ikkje prosecco til frukost, Gustav.
– Nei, men du tenke på det. Eg har sett det i augene dine når me går forbi bobler i butikken. Det glitre litt ekstra i pupillane.
Ho kneip leppene saman. Munnviken dirra. Nei, den skalv. Som ein overanstrengt frosk på slakk line øve Lysefjorden i kuling.
– Eg har lova Ruth … Svara ho, men skalv i stemmebåndå.
– Ruth har ikkje dekning på telefonen ein gang. Ho har ikkje bredbånd, hu har første generasjons ISDN. Du trur ikkje ho bare blir fornøyd, med ein liten kjøleskap magnet frå Lofthus og ein løgn om at me fikk motorhavari, da !!?
– Du seie me ska lyga?
– Me ska ikkje lyga. Me ska kuratera sannheten, Rigmor. Det e forskjell. Og når me legge ut bilde av oss på Instagram med utsikt over Sørfjorden og tekst “tenke på deg, Ruth”, så har me gjort vår plikt.
– Eg har ikkje Instagram, Gustav.
– Men det har eg! Og eg tagge deg. Du blir eit symbol på barmhjertighet, reiselyst og ekte fjordglede. Nesten som ein influencer med tursandaler, struttande krøller og prosecco i saftglaset.
Ho snudde seg og såg på han. Lenge. Litt for lenge. Nok til at Gustav måtte svelga både stolthet og nervøs spytt.
– Du e ein jævel, Gustav.
– Eg e ein taktisk poet, Rigmor.
– Du manipulere med blomstrande vendingar, ord du ikkje vett ka betyr og halvdårlege argument.
– Og du, Rigmor … Du e ei gudinne med kart og samvittighet. Men nå trenge me sol, fjordar og sjøsprøyt. Og ikkje tante Ruth sine tørre kjeks og falmende søttitalls tapet.
Ho lo. Ho lo faen meg.
– Okai då. Me kjøre mot Hardanger.
Gustav stivna.
– Seie du det … Nå? Seriøst?
– Bare om du stoppe på kvar utsiktsplass og lar meg ta bilde. Eg ska ha ein helsikes bildeserie frå denne omvegen.
Gustav starta motoren som ein konge. Han svinga ut med stil, det va nett som om Bürstner’en strålte av gedigen mannssiger. Ein sjelden siger som smaka av jordbær, epler og fruktige bjørnebær.
– Eg seie det bare ein gong, Rigmor … Dette e starten på ei ny æra. Me menn … me kan vinna, ein sjelden gang, vis me bare lærer å bruka orda våre … På riktig vis. Sjøl om me ikkje forstår ka faen de betyr. Det stod i Kvinner og Klær.
Rigmor lente seg bak i setet og rista oppgitt på hovudet.
– Hold kjeft og kjør, Gustav. Og sving mjukt … Eg har kaffe i koppen.
🤭🤷♂️😂