Eg starta torsdags morgen(natt) med å laste bilen på Bring terminalen i Haugesund klokka 03:30. Eit ukristelig tidlig tidspunkt i grunnen. Men, også ufasjonabelt behagelig.
Det e rolig på jobb i den tiden. Ikkje ein skokk med folk som flyr rundt øyrene på deg. Bare eit par andre kollegaer som skal ut med tidlig posten rundt omkring. Og nattskiftet på terminalen. Men, dei e som regel opptatt med sitt. Og me med vårt.
Og når gliset e lasta itte ein god time så e det meg, gliset og landevegen. Nærmast i ensom majestet. På veg inn te Odda med posten og ein del gods.
Slik som på torsdag. Når me knapt møtte eit kjøretøy på veg innover. Blå himmel, bar asfalt og den nya bokå te Jo Nesbø som rulla ut av popanlegget. Heilt fantastisk. Eg har gleda meg te den. Kongeriket 2. Den kom ut som lydbok på appen min den sjette Juni. Men, eg sparte den til eg skulle på jobb på torsdag.
Eg elska jo å lesa bøker. Men, itte eg blei aleina med kidsa har det blitt så som så med tid til slikt. Det å lesa bøker. Då e to timer på vegen og ei lydbok i grunnen perfekt kombo. Då kosar eg meg. Mitt lille fri minutt på jobb.
Då nytes det max inne i lastebilhyttå og eg slår to fluer i eit smekk. Jobb og “fritid” på ein gang …
Ha ein strålande lørdag, Folkens … Eg må ut å ta plenen … Eller jungel, e vel eit meir passande ord.





Veldig smart å kombinere det da 🙂 Man må være litt LUR for å få gjort det man vil 😀
Eg har aldri likt detta med lydbok, i grunnen. Før nå, kor eg endelig liksom fikk bruk for det 🤭😇😂
Jepp … Og himla greit å ha noe «å gjør på» mens man suse avgårde 🤗🤗