Når eg og Kånå reiste te Syden med Svigers – For andre gang..

Dessverre litt slakk kvalitet på bildene fra denna turen, då digitaliseringå ikkje va kommen så langt.. =D

 

Ferien på Cala Mesquida..

Eg innleda innlegget eg skreiv igår, med ein hendelse fra vår andre ferie sammen, fortsatt før Flokken va ein realitet.. For Svigers ville te Mallorca året ittepå og inviterte oss med på tur igjen, denna gangen blei det lagt nåken ekstra kroner i potten, for å forsikra oss om kvart vårt rom.. Itte fadesen med ett rom på Rhodos, året før.. Men, ellers va turen fortsatt lika uspesifisert, som året før.. Me hadde altså ikkje fanaring om ka hotell me kom te å havna på, av Mallorca sine utallige feriesteder.. Og om flyplassen på Rhodos va liten, va den i heilt andre enden av skalaen, på Mallorca..

Herreguud.. Om eg pusta som ein kval av varmen på Rhodos, så gikk eg nesten ner for telling itte et maraton av ein gåtur, fra flyet og inn te bagasjeutleveringen..

Hadde me ikkje hatt Svigers med oss, som hadde vært på Mallorca før og visste kor me sko gå, trur eg glatt at eg kunne gått meg vill.. Men, itte tidenes gåmaraton, litt venting på baggasjen så satt me endelig i bussen, på vei te destinasjonen.. Et sted me igjen ikkje visste kor va.. Så spenningen va meir eller mindre lika stor, som året før.. Men, itte fjorårets suksess, hadde eg stor tro på gjentakelse av flaksen, Svigermor va pessimist mens Kånå og Svigerfar igjen satsa oddsen sånn ca midt på skalaen.. Eg vett ikkje om eg huska heilt feil, men eg trur faktisk ikkje me stoppa på andre hotell, før me kom te der me sko vær..

 

” Men, det eg huska.. Det va at Svigermor meir eller mindre gikk te hundane, når me svingte ner ein kjerrevei kor man ikkje sko trudd ein buss kunne kjøra, og Svigermor va sikker på at nå hadde me gått på ein kraftig smell..

 

Bussen strigla seg fremover mellom oliven plantasjer og store grønne trær, på ein vei som ikkje hadde rom for dei store krumspringene.. – Herreguud, nå havna me lukst ute i ødemarka.. Sukka Svigermor, meir eller mindre sterkt bedrøvet.. Ja, til og med Svigerfar og Kånå hadde begynt å henga med hovudet, mens eg fortsatt håpa på at lykken stod oss bi.. Men, tankane om ein stygg smell, hadde forsåvidt slått meg litt og.. Så, kjørte bussen ut av denna frodige skogen av trær, inn på ein nyasfaltert vei og mot nåken pyramidebygningar, som huset resepsjonen.. Me blei skyssa av bussen og stod plutselig på et flott feriested, som såg ganske så nyrenovert ut..

Igjen, kunne man vel sei at me hadde hatt flaksen med oss, sånn med tanke på at det va ein uspesifisert tur.. Sjøl om me hadde havna langt ute i ødemarkå..

Me pusta letta ut heile gjengen, fikk nøklane te rommene våras og rusla avgårde for å finna ut kor me sko bo.. Me hadde fått rom lika ved kvarandre, og hadde ein fantastisk utsikt øve strandå med flotte fjell i bakgrunnen.. Svigermor fikk roa nervene itte hu hadde inspisert rommet og sett denna flott utsikten, før me gikk på ein liten ekspedisjon på området.. Sjøl om det gjerna ikkje va den mest sentrale beliggenheten, va det ei perla av ein plass.. Og når me spiste på den eine restauranten litt seinare, med fabelaktig utsikt øve Middelhavet, så trur eg heile gjengen va innforstått med at her kunne man nok lada opp batteriene litt.. Heilt klart..

 

” Maten va lika fantastisk som utsikten, ei kalde ei og to blei spretta før feriefølelsen virkelig satte inn for fullt..

 

Det e vel ikkje så vanskelig å tenka seg fortvilelsen te hu Svigermor, når den siste biten mot hotellet hadde denna utsikten.. =D

 

Plutselig dukka det opp nåken bilar, samt nåken skilt og ikkje minst nåken gamle rønner av nåken hus inne i skauen.. Og Svigermor gikk i fistel igjen..

 

Men, så dukka Middelhavet opp i bakgrunnen, et flott resepsjonsbygg likeså og håpet begynte å stiga igjen..

 

Og, omtrent sånn va utsikten fra vårt første måltid, der på Cala Mesquida.. Fantastisk.. =D

 

Svigers.. =D

 

Detta va starten på 2 uker med ufattelige mange ablegøyer, ein god håndfull med smellar og skrekkelig mangen gode minner og historiar.. F.eks, så hadde Svigermor klaga litt øve avgassutslippene te Svigerfar, når de satt på balkongen tidlig på morgenkvisten.. Svigers hadde ein tendens te å stå litt tidligare opp, enn oss naboar ved siden av.. Og då kunne det fort gå ei kula varmt, når Svigarfar slapp ein liten vind og to, te Svigermors ergrelse.. Så, den eine dagen når eg og Kånå va på supermarketen og handla, kom me over et klistremerke som muligens kunne gi Svigermor litt hjelp, med tanke på dei her snikande sidevindane på balkongen hennas..

Neste morgen hadde eg stilt inn klokkå te å ringa ekstra tidlig, og lurte meg ut på vår balkong.. Eg fant ein stol og klatra opp for å sjekka om kysten va klar..

Som eg hadde håpa, så va balkongen te Svigers tom, så planen blei iverksatt.. Eg klistra opp detta merket lika over der Svigermor pleide å sitta om morgenen, og rett i siktet te Svigerfar, der han stort sett satt.. Før eg stille som kjettå klatra ner igjen, og satte meg te å venta på vår balkong.. Kånå hadde jo forsåvidt vært med på denna planen, men svikta sjølsagt når det begynte å dra seg te.. Dei gode sengene på rommet blei for fristande, så eg satt mutters aleina og venta på at Svigerfar sko våkna, og ta sin vanlige morgenrutine på balkongen.. Itte ei stund så gikk det i terrassedørå og Svigerfar kom ruslande ut, før eg høyrte han drog stolen fram og satte seg..

 

” Det gikk nåken minuttar.. Før litt lett humring slapp ut av kjeften te Svigerfar, ei humring som stadig auka i intensitet og volum.. Før han ropte ut Svigermor, så hu kunne få sjå at me i rommet på siå av, absolutt tenkte på hennas balkongtrivsel..

 

Det e gjerna ikkje så godt å se, men det e altså et slags “Sidevind Forbudt” skilt.. =D

 

Når man e på sydentur, så e det gjerna ikkje alltid at det e man sjøl som går på ein smell, somme ganger får man seg ein god latter på andre sin bekostning.. Som den eine dagen på strandå når me hadde rigga oss te, vært ein tur å bada og forsåvidt lå og slikka litt sol.. Når ein flokk med italienerar slo seg ned lika ved.. Ein flokk som i all sin prakt ikkje akkurat gjorde for lite ut av seg, der kjeften te heile flokken meir eller mindre gikk i ett, på klingande italiensk.. Mens de slengte ut håndklærne i sanden, kasta klærnå og den eine herremannen som va med, rett og slett ga Svigermor og Kånå hakaslipp..

Mens eg og Svigerfar fikk knekken i knærnå og forsøkte nærmast nyttalaust å skjula ei heidundrande latterkrampe..

For, når den eine italienske fyren med ein hårprakt på brystet, som sjøl den mest hardbarka viking ville misunt, slengte av seg t-skjortå og dongeri shortsen sin.. Og stilte seg opp med ein stabel med strandstolar, og villig poserte som om han va guds gave te heile kvinneligheten, med kun ein minimal rosa speedo på seg.. Ja, då gikk sikringen for meg og Svigerfar, mens Kånå og Svigermor ikkje klarte å ta augene av detta her synet.. Ikkje fordi det va nåke av det lekraste mannastykket de nåken gang hadde sett.. Men, meir fordi det kunne minna om ein krysning av Fleksnes og Bud Spencer, som stod der å sprada med verdens minste Speedo på seg..

 

” Gudhjølpe meg og Herrens trofaste Hærskare.. Eg trur ikkje eg har strevd så mye med å skjula ei latterkrampe, som den gangen der.. Når ein behåra småkorpulent italiener, skremte livskiten ut av Kånå og Svigermor..

 

Kånå på vei ner te den fantastiska strandå.. =D

 

Undertegna som meir eller mindre, nettopp har kommen te hektene.. Itte tidenes latterkrampe.. =D  .. Nåke mindre hårfull, enn ein italiensk machofyr i rosa speedo..

 

Me hadde oss ein ekspedisjon inn te Cala Ratjada og, den byen som lå nærmast detta litt avsidesliggande feriestedet.. Kor Kånå og Svigermor fikk tilfredstilla litt verkande shopping gener, mens eg og Svigerfar lurte oss vekk for å få i oss litt kald leskedrikk.. Når kvinnfolkå får fart i shopping lystene sine, e det viktig å sjå sine egne begrensingar, så med ein unnskyldning om å kikka i ein herreforretning.. Jogga me lukst inn i nærmaste restaurant, og bestilte oss et par iskalde.. Jaja, å sei at me bestilte e ikkje heilt riktig å sei, for eg hadde plukka opp litt spanske gloser, itte nåken dager i sydenland..

Og sjøl om Svigerfar advarte mot å bruka mine nyvunnet kunnskaper, så klarte eg ikkje å la vær.. Man kunne jo fort gå på ein smell, meinte Svigerfar..

Så når servitøren kom svinsande te bordet vårt, ein servitør som nærmast va ein kloning av Manuel fra Hotell i Særklasse.. Ja, då bestilte eg.. – Dos grande cervesas, por favour.. Amigo.. !? .. På ein spansk som heilt klart hadde blitt perfeksjonert inn, dei siste dagane.. Med det resultatet at “Manuel” lyste opp av glede, og slapp ut ein tirade med spanske gloser øve meg, og stod som et spørsmåltegn og venta på svar.. Tjera vena meg.. Svigerfar begynte på denna her brummande humringå si igjen, som forplanta seg fra magaregionen, før den rulla i bølger øve et andletet forvridd av latter.. – Øhh.. Sorry, english please.. !??.. Stotra eg nåke småfortvila fram..

 

” Mens “Manuel” sitt andletet utviste stor skuffelse, før han vifta meg av med ei avvisande håndbevegelse, før han forsvant ut på kjøkkenet..

 

Svigerfar si humring nådde et heidundrande crescendo, før han hiksta fram et slags – Ka va det eg sa..!!? .. Svigerfar meinte “Manuel” hadde lurt på kor eg va ifra i Spania, siden han ikkje heilt kjente igjen dialekten.. Men, eg vett ikkje.. Det kan godt vær Svigerfar har plukka opp litt meir spanskkunnskaper enn meg, men eg tvila sterkt på at han hadde forstått et kvekk meir, enn meg.. Men, men.. Ein god latter fikk me nå oss.. Og itte ei litå stund kom “Manuel” svinsande mellom bordene, med 2 svære øl te oss.. Fortsatt med ei litå fornærma grimasa om kjeften.. Nett som om eg hadde ærekrenka språket hans, på det grovaste..

Hjølpe meg.. Eg holdt kjeft og brukte ikkje mine mangelfulle spanskekunnskaper meir på den turen.. Det va måte på kor mye eg kan servera Svigerfar, på gullfat..

Eg har fått høyra den episoden ein del ganger, for å sei det mildt.. Men, eg kontra som regel med den episoden han hadde på strandå, nåken dagar seinare.. Når han holdt opp ein sekspakning med blå boksar, av det spanska nasjonal ølet.. Og kauka ut at, – deia her me ikkje prøvd før, Frode.. Me hadde bestemt oss for å prøvesmaka så mange forskjellige øltypar som mulig, ser dåkke.. Problemet va at den siden av boksane som stod mot Svigerfar, dei hadde svære merker med San Miguel på seg.. Mens den sidå som han holdt mot meg, der lyste det opp ett desimaltall, som va lika høgt som sjølve boksen..

 

” 0,0 %, stod det på de.. Sin Alcohol.. Svigerfar hadde kjøpt ein sixpack med alkoholfri øl, oppe på supermarketen.. Før de gikk ner på strandå..

 

Herreguud.. Forbauselsen som lyste opp i Svigerfars andletet, den va ubetalelig.. Men, hjølpe meg.. De va jaggu meg gode, dei der blå boksane og.. Me måtte jo smaka de opp, dei og.. Det e aldri så gale, at det ikkje e godt for nåke.. Sånn egentlig.. Samme dagen som Svigerfar gikk på denna smellen, så gikk forsåvidt Kånå og Svigermor på ein liten smell og.. De hadde sett ei bronsebrun gudinna som lå og solte seg ved siden av oss, dagen før.. Og observert at hu brukte ein slags boks med ett eller anna stoff, som hu smørte seg godt inn med.. Så, Kånå og Svigermor hadde handla inn denne boksen, kvelden før..

Og virkelig tatt føre seg og smørt inn heila legemet, med detta stoffet som de håpa på ville gi dei og, ein sånn bronsebrun farge..

Eg og Svigerfar hadde vært nåke avventande, og tenkte det va best å sjå kossen detta ville fungera på prøvekaninene våras.. Herreguud.. Itte me hadde vært ute og bada, spist litt frukt før kvinnfolkå la seg øve på magen, så ryggen fikk litt sol.. Så gikk eg og Svigerfar ein liten tur.. Og når me kom tebake, så lå det to polkagriser der som Kånå og Svigermor hadde ligget.. Og glinsa som to knallrosa elefanter, i den heta luftå.. Fri og bevare meg vel.. Eg e sikker på at man kunne steikt speilegg, på ryggane deiras.. Så varme og rosa som de va.. Detta stoffet de hadde handla inn, va heilt klart ikkje te å spøka med..

 

” Både eg og Svigerfar blei sendt lukst på supermarketen, for å handla kjølande Aloe Vera aftersun, itte de hadde hatt seg ein dusj.. Og forsåvidt oppdaga denna her fadesen..

 

Fra restauranten te han “Manuel” .. =D

 

Svigerfar, når humringå hadde lagt seg.. Og eg fikk ein liten formanda tale.. =D

 

Kvinnfolkene på Shopping.. Grøss og gru.. =D

 

Jaja.. Det gikk forsåvidt så godt som det kunne gå, og itte ett par dagar med lindrande Aloe Vera på ryggen.. Så ga den verste solbrentheten seg, og de kunne igjen sola seg på ryggen.. Men, denna boksen blei forsåvidt fint stua inn i ett skap, og meir eller mindre brukt med omhu, i ittekant.. Nåke gudinnelignande bronsebrun farge, det fikk man gjerna slå fra seg.. Heilt klart..

Men, gudhjølp meg kor mye kjekke opplevelsar og historiar, det blir av litt mimring i gamle ferieminner..

Eg har jo såvidt såvidt skrapa i øveflatå, øve alle episodane som hendte på denna turen.. Men, eg trur at den stammande engelsk mannen, som sko fortella Kånå kor me fant Zara butikken, inne i Palma.. Eller når me gikk tur inne i Pollenca, og opp tidenes lengste trapp, for å kjøpa tidenes dyraste brus og is..

Ja, det får me gjerna ta ein anna gang.. Tjera vena meg.. Eg kunne sikkert holdt på i evigheter, men eg trur det holde for i dag nå..

 

Ha ein flott søndag, Folkens .. =D

 

Utsikten fra balkongen våras.. =D

 

Rett øve lyktestolpe nr 2 te høyre, der lå rommene me lå på.. =D

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg