Legoland – Mayday, Sos og Gud i himmelen….

20160802_162951

 

Hjeeeelp….

Me e i Legoland..

Gi meg styrke… Te å holda ut…

1 stk stressa Kåna, så ska ha full valuta for pengene..

4 galne ungar, så alle vil forskjellige ting.. På ein gang…

1 stk mildt sagt forvirra, fortvila og utslitt Fatter’n , se vingle mellom alt detta… Og prøve å ikkje mista nåken av de… Underveis..

 

Detta e jo ikkje aent enn Vm i kø….

 

Idag….. E eg ikkje langt unna å bruka ett kraftutrykk ….

Eg garantert ikkje har lært av Farmor…

Eg svømme fortsatt… med hovudet øve vannet…

Såvidt…

Sos….. Mayday….  Hjeeeelp….

 

Helsikke…. Der gjekk softisen min rett i bakken og…

Gonatt…

Dyr Du Skulle Ønske Ikke Fantes ….

Dansommer

Innlegg i samarbeid med Dansommer

2016-07-30 Danmark 2016 dag 1 103

Gårsdagen blei brukt te å landa litt, rett og slett få litt orden på kaoset.. Eller ivertfall satt kaoset sånn noenlunde i system..

Det e ikkje bare fryd å gammen å vær på tur med 4 spinnville ungar.. Man blir nesten tappa for krefter kvar dag, sjøl om man e på ferie… Nesten meir når man e på ferie, enn når man e heima..

Det har ivertfall vært sånn for oss, så me har jo opparbeida oss litt rutine og har visse ting me vett kossen me ska løysa..

Men det kjekka me ferie e jo at ingenting blir som man trur, det e alltid noen uforutsette ting man aldri kan planlegga for.. Ting man ikkje heilt hadde sett føre seg..

Derfor meina eg me ska planlegga minst mulig, men ta visse forhåndsregler istede..

F.eks kunne me ikkje vita at det allerede va “leigeboere” her på sumar huset, før me kom.. Me kom ut for nåke lignande for 2 år si, nede i Nordborg når me leigde hus der..

Der va det svalereir overalt…

Med ei herlige Litlajenta på 3 år den gangen, se va øve gjennomsnittet pratesjuk… Og ikkje kunne sei F, foran visse vokaler.. Istede blei de te P…. Så va det skikkelig morosamt ja…

Fuglereir, sommarfugl og fugleungar blei jo heilt feil… Spesielt når hu hjalp Eldstemann med å fanga sommarfugler, og sprang rundt og ropte sommar…. Ja, nettopp… Det blei litt flaut, på ein måte…

 

 

Men i år va det heilt andre ting, me heilt uforutsett kom ut for… Nemlig Edderkopper…

I bunn og grunn ikkje akkurat det størsta problemet i verden, sånn isolert sett… Men når de samla seg i flokk så blir det nåke aent…

Gud hjølpe meg…

Det satt ein “liten” Eddy, rundtomringfallera overalt, og kikka forveten ner på oss…


Eg e ikkje akkurat så ufattelig glad i dei her småkrypå, og når de va såpassa store i størrelsen at Eldstemann heller ikkje ville ta i de…

Så forstod eg at her må me gå hardare te verks..

For all del, eg ser jo fordelen med at de e her… For de tar jo meir eller mindre knekken på alt aent så e av småkryp her… Men det holde at de gjør det utforbi… Liksom…

Eg gjekk ivertfall amok med støvsugaren her i går… Og renska heila huset, 2 ganger…. For alt eg kunne finna av dei her ufyselige skapningane…. Nåken va faderina meg svære se 5 kroningar …

 

Kånå gjekk bare å rista på hovudet av meg… Men itte ett toalett besøk med ett påfølgande skrik, blei eg hyra inn med støvsugaren inn på badet…

Lika øve hovudet hennas, hang ein durabelige 7 beint peruviansk sugeedderkopp, se leve av hjernen te mennesker… Rett og slett livsfarlige under rette omstendighetane…

Det va ivertfall det Eldstemann hadde sagt te na, før hu skreik…

Eg holdt på å detta om av latter når hu forklarte ka det va… Og Eldstemann lå på golvet i latterkrampe ute i gangen… Eg og han har jo lest Dr. Proktor bøkene, av Jo Nesbø.. Kor akkurat denna her 7 beinte peruvianske sugeedderkoppen dukka opp …

I bokå Bulle hadde fått av bestefaren, nemlig D.D.S.Ø.I.F…. Dyr Du Skulle Ønske Ikke Fantes

Jaja, han gjekk rett i støvsugar posen han og…

Ittepå gjekk Kånå amok med støvsugaren på terrassen i 2 etg… Så va meir eller mindre bedekt med spindelvev…

 

2016-07-31 Danmark 2016 dag 1 018

Når det va noenlunde orden på kaoset og Eddisane va tatt hånd om, fant med ut at me sko leita opp ei dugande strand… Så Flokken fekk kjølt seg litt ner…

Først gjekk me litt rundt her i distriktet med sumar huset, men her va det bara siv og myraland… Så langt auga kunne sjå…

Så me stua flokken i bilen, og suste avgårde på leit… Destinasjonen va Hvide Sande, rett vest for oss… Men me måtte kjøra inn te Ringkøbing, så ta mot Søndervig og når me kom der te tok me te venstre rett mot Hvide Sande…

Ein liten fiskerlandsby, så langt vest man komme i Danmark, meir eller mindre …

Eg lar bildene tala for seg, om det va ein suksess…

So long, for today…. Eg høyre rykter om at ei kalde ei..

Rope på meg nere fra kjøleskapet…

På gensyn… =D

Litt bildedryss fra Hvide Sande…

2016-07-30 Danmark 2016 dag 1 102

2016-07-30 Danmark 2016 dag 1 177

2016-07-30 Danmark 2016 dag 1 130

2016-07-30 Danmark 2016 dag 1 136

2016-07-30 Danmark 2016 dag 1 175

2016-07-30 Danmark 2016 dag 1 176

2016-07-30 Danmark 2016 dag 1 183

2016-07-30 Danmark 2016 dag 1 189

2016-07-30 Danmark 2016 dag 1 213

2016-07-30 Danmark 2016 dag 1 216

2016-07-30 Danmark 2016 dag 1 240

2016-07-30 Danmark 2016 dag 1 243

2016-07-30 Danmark 2016 dag 1 345

Dansommer

 

Innlegg i samarbeid med Dansommer

Sumar Huset – Endelig fremme… =D

Dansommer

Innlegg i samarbeid med Dansommer

2016-07-30 Danmark 2016 dag 1 048

 

Det va ikkje lett å få samla troppene å plassera de i bilen igjen, itte ein lang dag i bilen… Men me va nødt te å ha litt mat, og gjerna spisa litt middag..

Flokken va aldeles ikkje fornøyd me detta, og meinte i fullt alvor, at det kunne Kånå ta seg av, aleina… Så kunne me vær her på huset og leka….

Når eg sleit me å finna fram i detta virvaret av veier…

Trur eg ikkje me sko slippa Kånå laus, hu har lika god stedsans så ei forvirra vegglus med alsheimer.. Hadde hu kjørt avgårde aleina, trur eg dessverre det hadde vært det sista me såg av hu… Før me sikkert måtte henta hu på ambassaden..

 

Men de ga seg te slutt.. De så heldigvis nødvendigheten av å få litt mat i skrotten, og litt bestikkelser om snop hjalp og…

Nå trur eg me hadde landa litt, heile gjengen, for det va tilnærma harmonisk stemning i bilen..

I ca 3-4 minutt..

Det nya spørsmålet de hadde utvikla i baksetet va nå..

“E det langt te me e framme.. ? …

Eg holdt på å svara “snart” .. Men tok meg i det, eg trur det ordet va brukt opp for dagen.. Og heilt klart mista heile sin betydning…. Ingenting va snart meir..

Snart va nå ensbetydande med ein halv dag i bilen..

 

Men Kånå hadde ikkje tenkt det samma… Så hu svara snart, før eg fekk fundert ut ett smart svar, se hadde gitt forsamlingen i baksetet trygghet og ro på at Fatter’en igjen snakka sant…

Egentlig lika greit…

For nå blei all vrede og irritasjon, retta i Kånå sin retnng… Hylekoret sette igang for fullt igjen..

Eg lukka igjen øyrene, sånn se bare me mannfolk kan… Og nøyt utsikten av den flotte naturen rundt meg…

Flat vei, flate ekrer og litt sjø…Sjølsagt flat den og..

 

Eg kikka på Kånå, men høyrte ingenting.. Hu va i full munnhuggeri med baksetet, eg såg munnen gjekk opp og igjen… Men det einaste eg høyrte va suset fra det halv åpna vinduet og litt musikk fra bilstereoen…

Akkurat det der e ein herlig egenskap, i ny og ne…

Veien ut av denna tilstanden, e ikkje alltid lika herlig… Det smalt i skulderen og ein strøm av smerte skaut fart mot hjernen og ropte ” Froooooode….. ??!!!”

 

Kånå hadde gitt opp dei diplomatiske forhandlingane med baksetet, og hadde retta oppmerksomheten mot meg.. Så satt i min egen underfundige verden, og nøyt tilværelsen…

Det hadde Kånå og fått med seg, og hu vett at snaraste veien ut der i fra … Det e ett lite sjokk av ett eller aent slag…

Denna gangen ett knyttneveslag i armen, lika nedenfor skulderen…

Hu har og med årenes løp, utvikla egne metodar for å motvirka oss mannfolks egen evne te å stenga ute omverdenen..

Og har for mange år siå, funne ut at verbal tiltale e som å prøva å slå inn ein 10 tomms spiker med ei knappanål… Hardare skyts må te…

 

Eg kom ut av dvalen, og nå hadde Kånå og slengt seg på hylekoret fra baksetet…

” Kor e denna her butikken ellår byen du snakka om da ? Spurte hu, mildt sagt nåke strengt…

Eg hadde jo ikkje peiling, det va jo første gang eg sette mine bein her og.. Men akkurat som når man vinne på ett skrapelodd, dukka ein Kiwi opp i horisonten…

” Der borte ser du vel… Svara eg med triumf i stemmen…

Kånå blei ikkje imponert, men det blei nå stille.. Både i fra hu og baksetet…

 

Butikk besøket ska eg ikkje gjenfortella her…. Men for dei se har følgt med ei stund, så vett dåkke kossen ett butikkbesøk med heile sulamitten foregår…

Det va ikkje nåke unntak denna gangen…

Lettare miljøskadd sette me oss i bilen igjen, itte at handlingå va øve… Me suste videre..

Eg hadde sett ett skilt med “Centrum” med ei pil på, rett før me svinga inn på Kiwi’en.. Så eg tok den veien… Eg trudde ikkje at ein McDonalds sko plutselig dukka opp av seg sjøl..

Men ein eller annen form for spisested, va det vel nødt te vær der inne…

Dansommer

Itte litt trasking, fant me ein koselig plass… Middag blei fortært, litt spankulering i gatene utført før me sette oss i bilen og suste mot sumar huset igjen…

Kidsa fekk leka seg litt, før me begynte leggerutinene…

Kånå slokna med Mini’en, mens eg hadde min fylle hyre med dei andre 3… Eldstemann gjekk i hi rimeligt raskt..

Men dei 2 i midten va ein aen utfordring… De sko dela rom, og om det va det smartaste me hadde funne på.. Det e eg usikker på…

Gudhjølpe meg for ein kamp…

 

Eg sette meg  på kjøkken, itte ei stund va det full rulle inne på rommet deiras… Eg rusla inn, men der ligge de se nåken lys og “sove” …

Eg går ut igjen…

Full kviskrestorm inne på rommet, før det eskalere i rabalder igjen…

Eg går inn igjen… Samma synet møte meg, dei 2 håpefulle ligge søtt i sengene å “sove” …   Eg rusla tebake te kjøkkenet …

2 minutt ittepå e det full romstering der inne igjen… Og eg skjønne koffår Kånå tok Mini’en og stakk på loftet for å legga han…

Nå storma eg inn, ga klar beskjed om at neste mann se laga lyd måtte sova i bilen… Då komme det fra Litlajentå…

” Åhhh… Pappa… Kan du slutta å komma inn å vekka oss…. Mens hu flira mot meg.. Ett Jack Nicholson flir…

 

Eg ga opp… Fant ei kalde ei… Gjekk på loftet og sette på ein film… Det e ferie…

 

Eg slokna i sofaen med den kalda i eine neven, mobilen i den andra… Og våkna av den kalda så nå va blitt lunken, ikkje lå oppi boksen sin meir… Men i fanget mitt…

Bedre beskjed om at nå e det leggetid, kan man ikkje få…

Så eg tuttla meg inn te Kånå og Mini’en og datt om…

 

Ein dag i Danmark…. Og eg va allerede totalt utslitt av å vær på ferie…

Men det e vel sånn det ska vær… På ferie med Kånå og Flokken..

Eg kjenne ivertfall ikkje te nåke aent…

 

Følg med videre… Under her, komme litt bildedryss av gårsdagen… Og seinare sikkert ett innlegg om det og…

På gensyn… Så de seie her nere….=D

 

Danmark 1

 

Danmark 2

 

 

Dansommer

Innlegg i samarbeid med Dansommer

Biltur i Danmark, Flokken og Oss – Jakten på Servicekontoret…

Dansommer

Innlegg i samarbeid med Dansommer og Jernia Aksdal

 

20160730_125129
Igjen ett forsøk på å samla Flokken for ett bilde, men det blei som mot normalt… =D

 

Me va kommen forbi Ålborg, itte ein heilt nødvendig Pitstop på ein rasteplass utenfor Ålborg.. Og nå suste me avgårde på motorvegen i godt driv..

Me va rett og slett kommen i seget… Se far min alltid sa i gamle dagar…

 

Eg huska ein biltur me hadde i dei gode gamle dagar, når ferie blei utført i bil kvar sumar… Sydenturar va for direktørar og kongefamilien..

Eg trur me sko te Stavern eller nåke lignande…

Midt oppå fjellet måtte bror min tissa… Men det va heilt uaktuelt, for far min sa me va kommen i seget… Kunne ikkje stoppa då… Han fekk utdelt ei tom brusflaska og beskjed om å tømma tanken der…

Problemet va vistnok at det tok omtrent 25 minutt, for å komma i seget med den bilen me hadde den gangen…. Ein mørkerød 77-78 modell Peugot 505 med 7 seter og gir på rattet …

Så far min tok ingen sjangser… Bror min holdt seg te me stod på toppen av ein kilometer lang nerøvebakke…

Mor mi meinte at me glatt va kommen i seget igjen, før me traff bunnen av bakken…

 

Jaja… Me va i seget på motorvegen i Danmark, så historie får vær historie.. Me skreiv ny historie itte kvart se milå gjekk…

Og gud hjelpe meg for ein historie det blir…

Vårt vidunder av ein bil, har ikkje sånn nymotens navigasjons utstyr så mange flotte moderne bilar har .. Men me har jo sånne smart telefonar begge to… Så planen va å ty te dei…

Kor smart det va, ska eg ikkje sei… Men me havna nå av motorvegen nåken mil før Århus og inn på nåke se i starten minna om norsk 2 felts motorveg… Det varte bare i ett kvarter…

Tidspunktet for ankomst blei stadigt flytta seinare ut på dagen, og vegen blei smalare og smalare… Tyske bobilar blei bytta ut med danske traktorar, se va umulige å komma forbi…

De tok jo heile vegen…

 

Flokken begynte å våkna te liv, ein itte ein… Man sko jo trudd at de va utsovne og blide nå… Men der tok me kraftigt feil, de begynte heilt klart å bli leie av å sitta innestengt i ein bil…

På jakt itte Servicekontoret te Dansommer

Litlajentå va den se først meldte sin aukande misnøye med tilværelsen… Hu fekk kjapt Mini’en med seg på laget… Han gjentok kvar einaste kommentar fra Litlajentå, dobbelt så høgt…

Snart hadde me ett hylekor av uante dimensjonar, bak i vidunderet våras…

Gud, kor herligt… Sjøl den flotte Dab Adapteren eg fekk av Morten, på Jernia Aksdal måtte gi opp å overdøyva konserten fra ulvaflokken i baksetene… Eg sko heilt klart ha valgt den Tiny C5’en med mye bedre lyd, enn Tiny C3 se eg valgte ..

An har 3 ungar han Morten på Jernia Aksdal og, så han snakka vel av erfaring…

 

Jernia Aksdal

 

Me såg oss nødt te å finna ein dugande Pitstop plass, men dei fantes ikkje akkurat rundt kvar ein sving her i Danmark… Kor den fantastiske Google map  sin navigering hadde sendt oss…

Ikkje va det svingar heller, forsåvidt…

Så kossen med sko finna ein rasteplass rundt ein sving, det lurte eg lenge på… Så, va det plutseligt ein by i enden av ei lang sletta.. Istedet for ein ny bakketopp…

“Jaja, det får duga som ein rasteplass, sa eg te Kånå… Hu kikka løye på meg, men va forsåvidt enige…

Eg trur det egentlig va heilt det samma kor me hadde stoppa nå… Flokken va på randen av mytteri, så me va nødt te å lufta de…

 

Det gjekk greit å komma seg inn i byen å oppdriva ein parkeringsplass, men itte me hadde rusla rundt og kikka i denna koselige byen… Va det verre å finna ut av an igjen…

Gps’en på min mobil slo seg plutelig vrang, og fant ikkje signal… Kånå sin fant ikkje byen me sko te, eller ivertfall ikkje addressen te Dansommer sitt service kontor…

Me rota sikkert rundt i ein halv time, før me fant rett veg ut fra denna byen…

Det vil sei, rett veg fant me ett kvarter før.. Men me kjørte jo feil vei på an…

Hadde ikkje Eldstemann vært oppmerksom og sagt at her hadde me kjørt før… Hadde me vel endt opp i Hirtshals igjen… Heilt utroligt….

Og eg se pleie å ha så god stedsans…

 

Det tok ikkje lang tid, før stemningen begynte å synka i baksetet igjen… Setningen ” E det langt igjen , pappa… Begynte å komma oftare…

Me hadde fått slått inn adresså på Kånå sin mobil te slutt… Så me va nåkenlunde på rett vei nå.. Men ikkje meir enn nåke minuttar før me va framme… Va hu tom for strøm…

Det kunne egentlig ikkje vært meir typisk hu…

Flaks i uflaksen va at min fant Gps signal igjen.. Og me parkerte endelig i Nørre Nebel og fekk utlevert nøklane…

 

Det kjørte inn 3-4 bilar rett før oss… Så eg stressa meg inn på den snaraste plassen og hoppa ut av bilen, med leiebeviset i handå… Sjekka baklommå om lommabokå va der, når eg høyre ett hyl fra bilen…

Den va plutselig på vei full fart fremøver… I farten har eg jo glemt å dra håndbrekket te…

Bakhjulet rulla nesten øve fotbladet mitt, men Kånå får nappa i brekket før katastrofen e ett faktum…

Egentlig symptomatisk på ein  krisesituasjonar i vår heim… Eg får geitastyren, Kånå går te handling…

 

Dansommer

 

Eg kom ut i bilen igjen med nøklane te hyttå, og ein million brosjyrer om ting å gjør i Danmark… Eg prøvde å sei at me bare sko vær ei veka… Men alle måtte vist ta imot detta her…

Så eg takka bare fint, og ga det te Kånå…

Flokken va på gang igjen, sultne se nåken fullvoksne uttarma ulvar… Og ga lyd ifra seg der itte… Fatter’n va heilt klart ein løgnar, va den einsamde dommen i fra baksetet…

Eg hadde sagt at me snart va framme, halve dagen… Og nå hadde eg mista troverdigheten fra baksetet…

 

At det ikkje va min feil, at nøkkel utleveringen va ein halvtime forbi sumarhuset, hadde de absolutt null forståelse for..

Så stemningen nådde frysepunktet, når me kjørte den samme vegen tebake…

Jaja, ikkje heilt den samme da…

Eg klarte jo sjølsagt å kjøra feil, når me for fra Service kontoret… Så for oss tok det 45 minutt te, for å finna sumar huset sin lokasjon… Og ikkje 30 minutt, se smart telefonen hadde gitt beskjed om…

 

Der ska dei her nymotens Navi systemene få litt “Kred” … For kjøre man feil med dei aktiverte, komme det ei skrekkelegen streng dama øve høytalarne i bilen… Og gir klart beskjed om at nå har du gjort nåke gale…

“You missed a turn… Take a U-Turn…. Seie hu, med øve gjønå snittet myndig stemme…

Det e ikkje tilfeldig, at de har valgt ei dama te den jobben heller… Ikkje ett mannfolk i verden, hadde klart å fått ein mann, se i sin egen verden e verdensmester i alt, når det gjelde bilkjøring .. Te å lya øve høytalerane …

Men med ein gang ei myndig “Helga” fra høytalarane, gir beskjed om ein feil, så lya me mannfolk se nåken hunda valpar, se venta på belønning ….

 

Men te slutt fant me fram… Parkerte i innkjørselen, stua ut flokken… Se føyk ut på plenen, se våryre sauer så fekk komma ut på markå fyste gang, itte vinteren…

Me tømte bilen, ordna det viktigaste før me kommanderte Flokken i bilen igjen…

Me måtte handla og finna oss nåke og spisa…

 

 

Kor populært det va… Ein liten oppsumering av reisedagen og ka me har funne på idag…

Det får me ta imårå….

Nu ska eg spretta ei kalde ei…

Ha ein strålande søndags kveld , folkens…

Og på gjensyn…

Innlegg i samarbeid med Dansommer og Jernia Aksdal…

Dansommer

Fergetur te Danmark, Flokken og oss – Ja!! .. Det blei verre

Dansommer

Innlegg i samarbeid med Dansommer

20160730_070755

 

 

Me va kommen te ferjeterminalen i Kristiansand… Flokken sov som nåken uskyldige søte små og både eg og Kånå fekk blunda littegrann, før det va på tide å kjøra ombord..

Bilen vår va litt for høg te å kjøra inn først, så me måtte venta litt når me kom fram te båten… Kånå blei nåke småtrekte, for det va nå høgare bilar se kjørte ombord…

Eg va redd for at an meinte høg i ein aen forstand, fordi Flokken hadde våkna.. Og det va alt aent enn stille i baksetene….

Kanskje ryktet hadde kjørt forbi oss, ein plass på vegen… Ikkje vett eg..

 

Men så blei det vår tur… Te Kånå sin store glede, forsåvidt min og.. For hadde hu klaga seg meir øve han karen så har detta te jobb, kvar dag.. Hadde eg spent hu ut te han, så kunne de gjort det ilag…

Istedet fekk me kjøra ombord… Heldigvis…

Eg huska ein gang når me hadde leigd bil på Mallorca, og tenkte me sko spara penger på veien tebake te PalmaNova..  Fordi det kosta 6 euro å kjøra gjennom ein tunell, fra Port de Soller …

Så då kjørte me heller over fjellet, og mista nærmast retnings sansen halveis opp te toppen… Eg trur det va 92 hårnål svingar på vei te toppen, og hadde det vært ein te trur eg me måtte hatt ein pause… Va jo lika svimmel så grisane te Emil, som hadde spist godt gjera plommer…

 

Sånn va det nesten her og, bare ein del mindre svingar… Og halvparten av plassen tilgjengeligt.. Den ein svingen måtte eg nesten ta i ein 2 gang… Men det gjekk..

Stod ein halvgalen danske å dirigerte meg opp… Mens Kånå satt å peip “Pass…Pass…. PASS…..!” ..  På siå av meg …

Mens eg slura halve clutchen i fillebitar, og prøvde å konsentrera meg…. Trur ikkje dansken blei imponerte av vidunderet våras, men det har eg ikkje lagt opp te heller, eg.. Egentlig va eg ganske så glad for at me ikkje hadde ein flott splitter ny bil… Sånn se de stua oss i hopa, der inne ..

Ei stund blei eg litt redd for bilen foran oss, for me har ikkje verdens beste håndbrekk.. Bare eit sånn heilt ok, hvis du drar skikkelig te… Men så sendte de han litt lengre fram, og oss endå lengre opp..

Når me va ferdig stua, gjekk me rett fra bilen og inn i ferjå… 10 meter fra bilen te sitteplassane…

Heilt genialt egentlig, når me e den gjengen me e…

 

Siden me va såpassa tidligt ombord, fekk me oss nåken bra seter… 3 foran og 3 bak… På rekka og rad…

Hadde me visst kossen ferjeturen sko utarta seg… Trur eg me hadde plassert Flokken på eina siå, og meg å Kånå på andra…

For hjølpe meg…

Han i Midten hadde lada kraftigt opp, og gjekk meir eller mindre av hengslene på ferjå… Han va overalt… I taxfree’en, oppe i kafe*en, på lekerommet… Så i Taxfree’en igjen…

Det gjekk i ett…

 

Mini’en likeså, itte de inngikk ett kompaniskap… Eg prøvde å roa de med snop fra Taxfree’en… Då tok Litlajentå og Eldstemann av og..

Sjølsagt visste eg at snop va toskje… Men det kunne jo vært at de gjerna hadde roa seg såpassa lenge, at eg å Kånå klarte å komma ovanpå… Men når de allerede va høge så fly, av reisespenning.. Blei det omtrent så å gi flybensin te 10 hyperaktive apekattar på speed…

Det va det galnaste eg har sett… Og eg har sett mye, fra den Flokken der….

 

Planen va at eg sko blunda litt på båten, så eg va opplagt te kjøringå når me kom i land…

Det gjekk jo rett i dass…

De hang opp unna taket, føyk rundt se villkattar på jakt og pløyde øve alt se sto i veien.. Til og med 30 hardbarka “Biker’ar” fra Tyskland, skygga banen…

De så på Flokken med frykt i augene, og på oss med medlidenhet…

 

Når dørå te dekket gjekk opp, og det va lov å gå i bilen igjen… Satt me fint parkert i bilen, før luft svisjet fra dørå va ferdig svusja og dørå kommen seg i hvileposisjon…

Hvis dåkke meina ka eg forstår…

 

Me kunne ikkje ha kommen oss fort nok ut av båten, å så langt vekk fra ferjå enn me gjorde… Plutselig passerte me Ålborg, og eg spant inn på ein rasteplass…

2 voksne sprang te skogs å slapp ut litt villskap i skogen, før det hadde implodert i bilen… Då e det bedre å eksplodera litt, i den danske skogen…

1 par danske trær kikka dumt på oss… Før de gjorde det danske trær gjør …

Flokken hadde gått i dvale igjen, og lada seg opp i bilen…

 

Men, det gjorde godt for kropp og sjel å få ut litt damp…

 

Neste etappe va å finna Service kontoret te Dansommer

Men det får dåkke venta te itte kvelds med, når flokken har sovna ikveld…

Nå må de luftast…

Både Kånå og Flokken….

På gjensyn..

 

Dansommer

Innlegg i samarbeid med Dansommer

Biltur te Danmark, Flokken og Oss – Kan det bli verre nå ?

Dansommer

Innlegg i samarbeid med Dansommer...

20160730_134532

Det e ein nydelig morgen.. Flokken sove ennå og klokkå e langt øve normal oppvåkningstid, her i Dansommer huset..

Skjønt, hadde de ikkje sove ennå, itte gårsdagens elleville strabaser e det ein viss fare for at både eg og Kånå hadde blitt innlagt på post 1, psykiatrisk avdeling…

For makan te oppvisning av sitt endalause repetoar av fantaskap, det har me aldri opplevd..

At alle sammen i flokken synkront slo inn høygiret, overdrive’n ellår ut i full blomst.. Og ramp, trass og fantaskap kom som perler på ei snor…

Fra me gjekk ut dørå heima, te alle sov søtt i loppekassane, igår kveld.. Her i Danmark…

Det hadde me ikkje sett føre oss…

Det starta egentlig når me tok fysta ferjå øve Boknafjorden og Mini’en gjekk amok, når dei andre sa me ikkje va i Danmark ennå…

Han hadde tatt store ferja, og i sitt “stille” sinn, kjørt i land i Danmark…

Nåke aent blei blankt avvist som løgn..

Når me passerte Kongeparken gjekk an nesten i fistel.. Fordi me hadde kjørt forbi Legoland.. Han hadde jo sett bilder på data’en og for all del.. Det kunne jo ligna litt.. Med Berg og Dalbanen ruvande på toppen der…

Heldigvis ga det seg når me passerte Lyngdal..

20160729_192924

Men utenfor Egersund hadde dei andre begynt å masa om ka tid me va framme…

Om ett par timar, snart ellår om ei litå stund va alle ufullstendige nok, te at det ikkje blei godtatt.. Ikkje eit av medlemmene i Flokken va fornøyd med våras forsøk på å forklara tidslinjå på denna kjøreturen…

Og når det gjekk opp for Mini’en at me fortsatt ikkje va i Danmark, slengte han seg og på…

“E me framme snart ?? …. Gjekk på repeat, loop og som ett hakk i platå, te de sovna i nærleiken av Mandal ..

Tjera vena meg…

Kånå og eg trakk ett lettelsens sukk i Søgne og parkerte som nr 2 i køen på ferjekaien når me kom fram..

20160730_001820

For at detta ikkje ska bli eit innlegg , lika langt se Ringenes Herre bokå..

Blir det delt opp..

Fordi det tar litt tid å komma seg ovanpå, itte gårsdagens strabaser ..

Og la det synka inn…Så følg me i ittemiddag…

Når neste del komme… ????????????

Dansommer

Ild i torvå… Eller ikkje… ??

 

 

Her kommen ein te, rett fra arkivet…

For nå e det ikkje lenge før det e avgang te Danmark … Og Ferie… !!

Og eg har ikkje hatt tid te å skriva nåke idag, for eg har pakka i bil, sprunget ærend og skrudd på bil….. Men følg med fremover…

Nå kan det gjerna bli nåken godbiter fremover…

For Eg, Kånå og Flokken ska ut på Ekspedisjon te Danmark… Juhuu… =D

Men unna her… Litt pauseunderholdning… =D =D =D

 

 

Eg kom hjem fra jobb idag, spratt inn dørå og rett i armane på…..

Åneeei du…

Ikkje Kånå…

Men Mini’en, han e min notoriske velkomst komite…. Kvar dag .. Når eg komme heim fra jobb…

 

Prøve Kånå å snika seg foran, ja då får hu hørra kor skapet ska stå, for og sei det mildt…. !

 

Men Kånå satt foran ovnen, og forbannte seg øve kvaliteten på både ovn, ved og oppfyringspapir…

Ikkje tal om, om hu fekk fyr i ovnen… Eg har ikkje nåke problem med å forstå koffår, for hu eige jo ikkje tålmodighet…. Ikkje ett sekund ein gang…

 


(Eg fekk fyr, med ein gang… ;-D)

 

Det e jo ett under at hu egentlig har overlevd alle dei her årå med meg. For eg ska vær den fyste te å innrømma at eg ikkje alltid rir den dagen eg sala… På ein måte..

Ikkje andre dagen hellår, forsåvidt….

Eg kan godt handla inn nåke te hus, bil ellår lignande, så me sko hatt fått gjort. For så og ha det liggande te ett passande øyeblikk av arbeidslyst dukke opp…

Eg trur ikkje eg e aleina i verden der…. Ellår, eg vett eg ikkje e det..

 

Men, det meina Kånå…. ALLE andre menn te Kånene se hu kjenne, rundtomkringfallera… Gjør alltid det Kånene ber de om med ein gang…. Punktum..

 

Jojo… God dag mann, økseskaft….

 

Kall meg gjedna ein krakk men trur hu, Kånå mi.. At eg e så toskjen at ikkje eg snakka med dei her mennene te Kånene rundtomkring, ellår ??

Trur du ikkje eg har sittet der og høyrt på de når de skryte om alt de sko hatt gjort, men ikkje har gjort…

Gudhjølpe meg, eg har nå vel sjøl til og med, lagt ut om mine syndelister heima eg..  I ett godt lag med andre arbeidssky mannfolk…

Også ler me litt ilag. Mens me dela røvar historiar..

Men egentlig… Så småskjemst me litt øve kor toskjne me e…. Se gjør sånn, nesten med vilje…

 

Eg trur det e oss mannfolk sitt svar på Kånenes vondt i hodet tematikk… Når Kånå slenge nåke du ikkje lika, te deg… Og du vett at hvis du svara sånn se du har lyst å gjør, så e ragnarokk laus…

Så istede gjør me det bare ikkje…. Det Kånene vil me ska gjør… Punktum…

Ein slags “Stille Protest” mot maset te hu Kånemor…

 

Det e jo ein kjennsgjerning at det e sjelden me mannfolk får muligheten… Jaja, velge den muligheten, e vel gjerna meir korrekt å sei…

Te å sei te Kånå… Når hu plutseligt får “ild i Torvå” ein kveld, og e klar for litt heftige tigersprang i loppekasså.

At nei, eg trur ikkje eg orka ikveld, eg har vondt i hodet…

Eg vil gå så kraftigt te verks, å sei at det på ein måte ikkje får heilt den samme tyngden.

Om me mannfolk prøve det… Rett og slett…

 

Det e ett virkemiddel, se ikkje virka , på ein måte…. For oss mannfolk

 

Så derfor tar me hellår å ikkje gjør, det me egentlig sko hatt gjort…  Ja til og med gjedna det me har lovt at me sko gjør…

Fordi me e irritert på Kånå… Og synes me e kjempesmarte…

Haha, liksom, der fekk du den…..

 

Me seie jo at me ska gjør det, men så har me ein million unnskyldningar då, når me ikkje har fått gjort det…

Akkurat se Kånene har av og te. Når me mannfolk plutseligt får “ild i torvå” og e klar for litt humpi bumpi…

 

Men om me mannfolk gjedna har tenkt på at Kånene sine maktfulle avvisningar, te våre amorøse forhåpningsfulle tilnærmelsar….

 

Gjedna komme av at,  me ikkje har gjort, det me sko gjør, ellår til og med hadde lovt og gjør…

 

Nei, det trur eg ikkje me har tenkt på…..   ;D

 

 #ildiTorvå #familie #hverdag #kos #blogg #pappa

1 April spøken… Se nesten gjekk for langt…..

10 - 21 juni 058

Itte forrige innlegg…. Så kom eg forresten på ein aen gang me skremte Kånå…

Det va bare såvidt me ikkje gjekk på ein smell der… Hu va gravid i 7 månad me Litlajentå…

Ikkje heilt gjennomtenkt… Forsåvidt…

Men GUUUUUD ka hu stokk…..

=D

Ein Fantastrek som endte i Stjernesmell..

I går kveld,  då holdt eg på å havna i bodå.. Nesten heilt uten grunn.. Ja, eg va faktiskt utforbi og gjorde ett heilt nødvendigt ærend.. Nåke som Kånå ikkje hadde gidda å gjort tidligare, og ikkje turte å gjør igår kveld..

Nemligt å henta ved ute i Carporten..

Eg gjekk ut på trappå for og trekka litt “frisk” luft, og nyta ein kopp kaffi.. Når eg fant ut at eg burde gå å henta ein sekk ved, når eg va ferdig med kaffien og den “friska luftå”..

Det e bare ein myte det at me mannfolk ikkje kan gjør fleire ting, på ein gang..

 

I gåtå som går forbi huset e det fleire lysstolpar, men dei har vært ute av drift i fleire veker.. Så når man runda hjørna på huset e det bekmørkt.. Kånå har ringt og gitt beskjed om saken fleire ganger, og te slutt kom de på igjen..Men sjølsagt så va det mørkt som i graven igjen, 2-3 dagar ittepå..

Men det e vel sikkert nåke sånn kommune byråkrati.. De har sikkert så mye Julalys på nede ved kommune huset, at de må spara det inn andre plasser.. Vil eg tru..

Jaja, eg følte meg fram der ute i mørket og fant vedsekkane.. Og tenkte for meg sjøl at her bør ivertfall me investera i lys, når anledningen byr seg.. Men, eg rusla tebake mot inngangs dørå, og det va då dramatikken sette igang.. Kånå hadde ikkje fått med seg at eg gjekk ut, men det hadde Mini’en gjort.. Og sjølsagt vært så snill, at han hadde låst dørå itte meg..

Kånå hadde vært inne på rommet våras, og prata med Svigermor på telefonen.. Så når hu va ferdig og kom tuslande ut i stuå, la jo sjølsagt hu merke te at nåken tok i dørå..

 

Tjera vena meg..

 

Her i distriktet har det vært ein haug med innbrudd, og masse advarsler i aviså og på nett.. Om nåken tjuvradder som for og kjente på dørene rundt omkring i distriktet.. Det hadde til og med vært ein svær politi akjson, lika i nærheten av her me bur.. Så når Kånå såg at dørhåndtaket blei tatt i, gjekk hu i full unntakstilstand der inne..

Eg høyrte hu hysja på Flokken før hu lavmælt ropte på meg, med ett snev av panikk i stemmen.. Kidsa sendte hu inn på våras rom før hu durte ut mot vaskerommet, sikkert for å sjekka om det va låst der..

Mens hu fortsatte å ropa på meg med dempa røst, nå med litt stigande desperasjon i stemmen.. Eg såg heilt klart muligheten for å kjøra ein liten skøyarstrek på Kånå.. Så eg luska meg rundt hjørna te vaskeromsdørå, og tok i dørhandtaket der og, når eg høyrte Kånå skritta inn..

Kånå gispa te der inne, og spant ut i stuå igjen..

 

Eg skyndta meg videre rundt hushjørna og mot terrasse dørå, å sko akkurat te å kjenna litt på den og.. Men då såg hu meg ute i mørket, før eg fekk nådde fram.. Ellår det vil sei Kånå såg ein krumbøyd skygge i nattens mulm, og stivna te som ein stokk, midt i stuå .. Armane røyk opp te kjeften før hu slapp ut ett lite desperat skrik..

 

 

Eg innsåg sjølsagt alt for seint, at nå hadde eg muligens dratt denna spøken litt for langt.. Så eg skyndta meg mot inngangs dørå våras, og banka på.. Me har jo ringeklokka, men eg tenkte at den skingrande ringeklokkå kanskje hadde blitt for mye akkurat då, i den tilstanden Kånå va i..

Men eg trur ikkje akkurat det va ett sjakktrekk, for det blei musestille der inne.. Så eg gjorde meg te kjenne og prøvde å sei at det bare va meg.. Maen hennas..

Gudhjølpe meg.. At detta gjerna va langt over middels på skalaen av ka som e greit, når man kjøre ein liten fantastrek på Kånå.. Det formeligt lyste ut av augene på Kånå.. Eg hadde vel egentlig forstått det allerede utenfor vaskerommet.. Men i iveren itte å ha det litt skoi, hadde den fornuftige hjernedelen slått seg av.. Eller blitt overmanna av den irrasjonelle delen..

For det va lenge siå eg har sett Kånå så sint.. Kanskje ikkje siå den gangen når eg farga alle Lucia klærnå te Kidsa rosa.. Kvelden før Lucia feiringå i barnehagen, for nåken år siå.. I iveren itte nåken bonus poeng, i ein ellers travel hverdag..

Eg måtte dyrt og hellig lova å aldri, ALDRI, finna på nåke lignande.. Då kom hu te å riva pongane av meg, ittepå..

 

Det va ikkje anna å gjør, enn å legga seg flat som ei pannekaka..

Mens eg med den eina håndå på hjarta, måtte lova å aldri skremma hu sånn igjen..

Mens den andra håndå, bakom ryggen..

 

Lagde ett diskret lite lygekors.. Det e jo best å ta sine forhånds regler.. Man vett jo aldri når ein god mulighet te litt humor i hverdagen, byr seg..

 

Siste Dansen på Haugar huset….

Bildet fra Haugar sine sider…

 

Eg sitte med Han i Midten og ser på ein serie han lika så godt… Det handla om ein familie med 4 barn… Good luck Charlie, trur eg han hette…

Nå har me sett 3-4 episodar, og det slår meg at det e nærmast ein blåkopi av livet her i heimen.. Sikkert derfor Han i Midten sitte her og humra og ler.. Fordi han kjenne seg kanskje igjen..

Eller kjenne oss andre i familien igjen..

 

F.eks når fatter’n i familien seilte ner trappene, med baby’en flagrende i luftå… Han rakk akkurat å redda seg inn i bånn av trappå.. Og fanga den flyvande baby’en..

Det minna jo mistenkeligt om når Kånå seilte ner trappene med Litlajentå i fanget, hu klarte heldigvis å sikra Litlajentå.. På bekostning av ryggen og skinkesteikjå…

Ellår når babyen gulpa mitt i fleisen på eldsta jentå i hus… I serien på tv… Så e akkurat som når Eldstemann fekk seg ein kraftige gulpedusj, når han holdt Mini’en ein av dei første gangene…

 

Det e jo litt herligt å kunna le litt av seg sjøl, og alt det galna se skjer rundt oss… Og det mangla ikkje på det her i huset.. Nå har det jo blitt såpassa gale, at me har hatt ein journalist på besøk og…

Og fått ein artikkel i Sveio Bladet om Bloggen

Det e jo heilt sprøtt… Kånå klikka jo i vinkel når eg sa at ein journalist ville komma og snakka med oss… Det kom ikkje på tale at hu stilte opp på nåke sånt… Detta fekk eg fint stå for sjøl, siå eg holdt på med denna her hersens bloggen…

Men hu mjukna litt når hu høyrte at det va Sveio Bladet, og ikkje Haugesunds Avis , ellår nåke større…

Men fortsatt fekk eg stå for det sjøl…

Men det gjekk nå greit.. Hu for nå her å svinsa og svansa når journalisten va her…

Ein flott artikkel blei det og… Men eg må jo innrømma det eg og, det har tatt litt meir av enn eg nåken gang hadde drøymt om…

2450 følgerar på Facebook siå har det blitt nå, masse flotte kommentarer og nå ein artikkel i Media…

 

Det hadde eg aldri førespeilt meg når eg begynte med detta her… Men det e jo kjekt og, eg ska vær så ærlige å innrømma det.. Man blir litt “hekta” på gode tall…

Altså mange leserar, mye “likes” på Facebook og gjerna nåken delingar og kommentarer og…

Men eg kjenne eg e litt meir avslappa nå, enn i begynnelsen… Kor eg itte ein toppnotering, gjerna fekk heilt angst… Og lurte på kossen i all verden eg sko overgå det innlegget, se gjerna tok litt av…

Og gjerna endte opp med å tvinga fram ett halvslarve innlegg, se ikkje ligna nåkenting og ikkje akkurat va så voldsomt bra… Men man lære så lenge man leve, så hvis eg mista litt fatningå nå, tar eg det heilt med ro…

Plutselig så komme innleggene, så perler på ei snor…

Norsk Lek og Park

Man vett jo aldri heilt ka så tar av ellår ikkje heller … Det e litt som når siste dansen kom på Haugar huset i ungdommen, og man febrilsk begynte å tråla lokalet itte hu man hadde ett godt øya te…

Nåken ganger traff man blink, og fant na før nåken andre gjorde det… Og gjerna endte opp med fast forhold ei uka eller to…

Mens man andre ganger va litt sein i avtrekket, og endte opp med hu høga, så man ikkje rakk lengre enn opp te puppene på…

Sånn e det med innleggene og… Nåken tar av med eingang… Mens andre bare fade ut i internettets skyggedal…. Som mørket i salen på Haugar huset…

 

Men igjen…. Og det blir nesten ein klisje detta… Men eg må jo bare få takka alle dåkke leserar, se stikke innom, blir følgerar på  Facebook og kommentere og dele på innleggene…

Nåken har til og med tipsa Sveio Bladet… ;-D

Så Tusen Hjertelig Takk…. Igjen…

Te dåkke alle…. Dåkke e heilt fantastiske…

Mvh Han i Bodå…