Eg har ikkje Peiling….

Når eg linka te ein sang i forrige innlegg, så va det te ett av favoritt bandene mine.. Pavement.. Kånå meina eg har ein totalt bisarr musikksmak.. Så kan lytta på det mølet og faktisk synast at det høyrast bra ut.. Men, at eg lika indierock.. Det får hu bare leva med.. Akkurat så eg må akseptera at hu lika Vassendgutane og Hellbillies.. Det e jo ikkje så at eg bare lika indierock, eg har egentlig ett vidt spekter i ka eg lika.. Eg kan jo høyra på Kånå sin musikk eg, uten å nærmast gå fra konseptene.. Sånn som hu gjør når eg spela min..

 

Då demonstrere hu for alle penga.. Oppgitte blikk, fingrane ner i halsen bevegelsar og hendene øve øyrene.. Eg skrua som regel litt høgare då, bare for å irritera hu litt te.. Før eg som regel får ei sofaputa midt i fleisen..

 

Men.. Som eg sa.. Eg kan lika det mesta.. Og eg e fryktelig glad i å synga med, når eg høyre ein god sang.. Te Kånå sin store skrekk.. Flokken og forsåvidt.. Så eg synge som oftast aleina.. Det e greit å ha ett publikum som sette pris på framføringå.. Ein gang, når me va på fest hos eit vennepar, så hadde de rigga opp ett sånt karaoke anlegg.. Tjera vena meg.. Eg kjente håndå te Kånå stramma rundt mi, når me kom inn i stuå og oppdaga herligheten..

 

Kånå sendte meg ett iskaldt advarande blikk.. Det va jo ikkje alle me kjente fra før, så Kånå meinte vel at nå fikk eg bare holda meg i skinnet.. Det e forskjell på Singstar heima, og Karaoke anlegg på vennepar fest..

 

Eg nikka jo bare beroligande tebake, med ett blikk som sa slapp av.. Eg ska ikkje drita oss ut eg.. Eg forstod jo at det betydde litt for Kånå, at me sikkert fremstod som omgjengelige og sofistikerte folk.. Så eg satt nå på siå av Kånå og prøvde å vær smart, mens kvart ett fiber i meg kribla itte å testa ut Karaoke anlegget.. Men Kånå hadde stålkontroll.. Hu va nok fullt klar over min indre kamp, som foregikk.. Og pinnholdt i armen min..

 

Men itte som drikkevarene gjekk inn, så løsna grepet sakte men sikkert.. Karaoke anlegget hadde forsåvidt fått stå rimelig ifred ennå.. Men når Kånå rusla ut på terrassen med vertinnen, for å kikka på ett eller anna..

 

Så va eg ikkje sein om å gripa sjangsen.. Tom Petty og Free Fallin blei leita fram og sjølsagt fyrt igang.. Eg rigga meg te bak mikrofonen, klar som ett egg.. Eg digge jo den sangen, så sjølsagt trur eg jo sjøl at eg naile den kvar gang.. Men eg gjør jo ikkje det.. Eg har jo sett video av meg sjøl dagen derpå eg og.. Forskjellen på meg og Kånå e jo at eg ler av det, mens hu langskjemst.. Så når dei første strofene av Free Fallin fyrte igang, kan eg vedda på at Kånå fekk ståpels og angsten øve ka som nå kom te å skje, slo inn for full styrke..

Herreminguuud.. Det tok jo heilt av den kvelden.. Eg huska når eg drog Angels med Robbie Williams, og både vinglass og husvinduer vrei seg av mine følelsesladde framføring.. Og Kånå fortalte meg dagen derpå, at når nåken hadde spurt hu kim det va, akkurat då.. Så hadde hu svara kontant..

 

– Eg har ikkje peiling..

 

Date with Ikea…

Igår va rett og slett ein møkkadag på jobb sjøl om det gjekk seg te utøve dagen.. Man blir liksom ein smule demotivert av uforutsette hendelser, som igjen stjele den tiden man har tilgjengelig te utføra jobben.. Når eg alikavel klarte å ro meg iland innenfor rimelighetens grenser, og ikkje endte opp med ein maratonlang dag.. Som eg hadde frykta.. Så va det rett og slett deiligt å parkera lastebilen og rusla den lille biten heim, fra parkeringsplassen..

Nåke varm i topplokket, sterkt redusert sånn fysisk sett, men godt fornøyd med dagens strabaser på jobb.. Det sko jaggu bli herlig å parkera stumpen på sin sedvanliga plass i sofaen, akkurat denna torsdagen her..

Eg begynte rett og slett å plystra på ein godlåt der eg gjekk heimover, og gleda meg te nyta kvelden med Kånå og Flokken.. Gjerna med ein god film me alle kunne se sammen, med popcorn i skålå og brus i glasset.. Gubbevare meg vel, eg smilte nesten med meg sjøl øve kor koselig detta høyrtes ut.. Litt reinspikka familieidyll før Kidsa gjekk fint og la seg.. Så kunne gjerna eg å Kånå avslutta kvelden tett omslynga i sofaen, med ei romantisk perla av ein film..

P.S I love You, f.eks.. Den ville garantert føra te litt “ild i torvå”..

 

Eg åpna dørå heima forsiktig, lista meg inn og stod å lytta litt før eg gjorde meg te kjenne.. Det e alltid greit å analysera stemningen i heimen, før man melde sin heimkomst.. E det ett haraball uten like så e det bare å hoppa i det, men e det stille og rolig som det va igår.. Då kan man faktisk ha ett håp om ein ittemiddag, med ein sjelden harmoni og nåkenlunde familieidyll.. Skornå blei tatt av og jakkå hengt opp, før eg rusla mot badet for å tømma tanken og stella meg litt.. Itte ein hard dag på jobb..

Det va då eg oppdaga det.. Grøss og gru.. Nakkahårå reiste seg og blodet frøys nesten te is.. Det lå ein lang, flat og brunfarga pakke i gangen..

– Frode, e det du så komme.. Kauka Kånå fra kjøkken.. Eg hadde tydeligvis sluppet ut ett gisp, som igjen hadde avslørt at eg va kommen heim.. Så ein stillferdig retrett va utelukka idag og.. – Eg fikk tak i det skittentøyskapet idag, fra IKEA.. Pludra Kånå videre.. Hu hadde solgt ett sett med regntøy samt den gamle sykkelen te Litlajentå, og brukt gevinsten på detta hersens skapet.. Normalt så e det heilt greit at hu finne på sånne stunt, men som regel e jo brukte Ikea ting sett i sammen av andre..

Men detta skapet va jo sjølsagt fortsatt flatpakka.. Kånå kom tuslande fornøyd ner trappå, mens hu kurra som ei dua i paradis.. Hu hadde jo nevnt detta for meg, tidligare på dagen.. At hu hadde fått tak i detta skapet..

Men ikkje ett kvekk om at det va flatpakka…

 

– Du kan vel setta sammen det ikveld vel, kan du ikkje det snuppeluppen min.. Kakla hu videre.. Eg løy så vakkert at eg nesten trudde på det sjøl, når eg svara Kånå.. – Jammen, så kjekt da.. Ja, joda.. Eg kan vel skru det opp te deg eg vett du.. Eg må bare på dass først..

Herregud.. Eg skunta meg inn på dass og låste dørå, før eg stappa hovudet inne i ein stabel med håndkler og skreik av “glede”..

Og nok eingang hadde alle mine forhåpningar om ein “koselig” avslappande kveld, brått blitt revet ut av hjernebarken.. Som når man røska ett plaster av, på ein hårete plass..

Så satt eg der på dass igår.. Og gråt nåken lykkelige gledestårer øve kor heldige eg va..

Før eg manna meg opp, gjekk å henta verktøyet og skrudde detta forbaska skittentøyskapet sammen..

Mens eg nynna ironisk på “Date with Ikea” av Pavement..

=D

Ett infernalsk godt Humør, ein Stjålen båt og Ett herligt Eventyr…

Licensed from: adrenalina / yayimages.com

Ein liten reprise, fra ein anna torsdag.. Litt annerledes enn dagen idag.. Men, siå eg blei opptatt med å oppdatera meg på Game of Thrones ikveld.. Så blei det eit lite reprise innlegg, fra den gamle bloggen.. Kos dåkke med det, og bli i litt godt humør, som tydligvis eg va den dagen..

 

You know nothing.. John Snow…

 

Ett infernalsk godt Humør, ein Stjålen båt og Ett herligt Eventyr…

Eg e i ett infernalsk sprudlande godt humør idag, og eg ana ikkje koffår.. Det formeligt boble over av ubegrunna goe vibber, smil så komme rett fra hjarterotå og fakter man bare sko trudd man henta fram når Lotto tallene slo inn te full pott..

Og eg har absolutt ikkje ein einaste anelse kor detta komme ifra..

Det har ivertfall ikkje nåke med været å gjør, for det e fader meg biringt.. Regnet pøse ner, det e vasskaldt og eg e altfor dårlig kledd.. Eg tok bare ei t-skjorta unna jakkå idag, sikkert kun på grunn av eit brennande ønske om at våren hadde slått rot..

Eg ska vær med Kånå å arrangera badeselskap for Han i Midten i ittemiddag, så garantert heller ikkje e årsaken te at fliret henge fast ved øyreflippane.. At vittige kommentarer komme på løpande bånd, og får kundene mine te å bryta ut i gapskratt.. For eg har grua meg i ei veka te å slenga på Speedoen, hoppa i bassenget med min vinterbleike “pappakropp” med gryande carport øve juvelane..

Lastebilen e fylt te randen, kapasiteten e sprengt og det va rett før skapet sprakk når eg kjørte fra terminalen..

 

Nåke så burde ha stressa meg rimelig godt opp, men ikkje idag.. Eg ser ikkje ikkje svart på det eingang, sånn som eg pleie når man vett dagen e i øvekant fylt opp med ei lang lista av leveringar.. Lika lang så ei viss handlelista fra Kånå for nåken år siå, skrevet te meg i ett øyeblikk av demonisk fandenskap.. Kor ikkje ein ting va skreven i rekkefølge, men sendte meg ut på ett orienteringsløp inne på Obs.. Sikk sakk gjennom jungelen av grønnsaker, shampoo og truseinnlegg.. .

Eller kan det vær fordi Justin Timberlake av ein merksnodig grunn har gått på repeat 3-4 ganger på stereoen i bilen.. ? .. Med den der sangen fra “Trolls”.. Så eg egentlig e møkk lei av, itte Mini’en og Litlajentå har sett den filmen i fillebitar.. Rett og slett ett “I cant stop the feeling” øyeblikk.. Godt mulig, men vagt troverdig..

Kanskje det e ett “I took a pill on Ibiza” moment..?

At nåken har sluppet nåke ner i kaffien min, idag morgens.. Ei lykkepilla fra himmelen, av sterkaste sort.. Eg trur ikkje det.. Eg stod sjøl å skrudde på lokket itte kaffimaskinen hadde fylt koppen med den smørjå an slippe fra seg, når me trykke på “kaffe” .. Kunne lika godt stått “Sort materie med ein beisk smak av bek, blanda med litt bakterie infisert vann”..

For an smaka forjæveligt.. Men det e Koffein i an.. Så då drikke me det..

 

Til og med “Styggen på Ryggen” av Onkel P får meg i godt humør.. Her eg sitte å kauka med på teksten, så ein av dei galnaste medlemmene fra “Gjøkeredet”.. Det e uforståeligt kossen man kan få ett sånt inn i granskauen strålande humør, ut av ingenting..

 

Blir eg meir euforisk glad nå, vil sikkert sikringane i topplokket gå av.. Alle på ein gang..

Og når eg landa føle eg meg sikkert 10 år eldre, totalt utbrent og ende som ett slakt på gulvet heima ikveld.. Kanskje får eg ein “Myk Landing”, sitert Onkel P.. Og ende i ein “Stjålen Båt” sammen med Matti Røssland, mens me kauka på “To Fulle Menn” av Jokke..

Ett sånt humør bør jo ha ett opphav??

 

Det e sikkert fordi eg fikk ett lynnedslag i hjernebarken her i lastebilen.. Så igjen fyrte igang den kreative avdelingen, og spydde ut detta innlegget her..

Ett innlegg som om det gir dåkke 1 promille, av mitt overstadig forrykande goa humør..

Igjen vil gi dåkke leserar ein lykkefølelse som ett herlig eventyr, for vakre unge mennesker, Tyske, Danske, Norske, Svensker.. Fra goe trygge hjem med lomma full av spenn.. På jakt itte ein venn de kanskje aldri ser igjen..

Ja, det er romantikk så grense opp til poesi..

 

Ja.. Nettopp.. Kanskje det va det.. Romantikk så grensa opp te poesi.. Som Michael Krohn nærmast synge uten å ta ett einaste innpust, i “Hun er fri”..

 

Eller va det bare ett grenseløst oppkvikkande øyeblikk av ein tsunami av kreativitet, i hverdagen.. Inspirert av playlistå på Spotify’en min.. Heilt klart det, vil eg tru.. Ha ivertfall ein fantastisk torsdag folkens.. Det har eg…

 

Men nå..  Folkens.. Nå må eg skunta meg ut med varene på bilen, så eg ikkje komme for seint heim te Kånå..

Då e nok godt humør, fånyttes..

=D

Det e Min dag, idag.. Joda..

– Det e min dag idag…

Durte øve stereoen når eg fyrte opp lastebilen og eg tenkte – Ja, koffår ikkje.. Været så bra ut, våken va eg og alt låg egentlig te rette for ein flott dag..

Men, snakka deg om skjebnens ironi altså.. For når eg kom på jobb så bugna det jo øve av varer som sko ut.. Og sjølsagt, når eg nesten va ferdig å lasta, så dukka det opp ein svær palle med småplukk som va satt på feil sone..

Typiskt..

Eg trødde det på i mild irritasjon og endte opp med øve 50 stopp idag.. Supert.. Ivertfall når man komme bittelitt skjeivt igang.. Lista blei skreven ut og sendt te Håndterminalen min, ein sånn Pda sak fra 19 pil og bue.. Og på førsta leveringå fant jo den ut at ein restart e akkurat det Frode trenge idag..

Gudhjølpe meg og Herrens Hærskare.. Og når me forsåvidt snakka om Herren, så åpna han alle himmelens sluser, når eg begynte å levera.. Jippi..

 

Ein restart e gjerna vel og bra det, om prosessoren gjerna e av nyare dato og nåkenlunde kjapp.. Men detta trasjverket eg har, bruka jo ett kvarter på å komma igang igjen.. Eg holdt på å trø heile driten i bossbøttå te Coop’en.. Men, der igjen.. Eg e jo avhengig av denne forbaska Pda’en og..

Så.. Når endelig den e oppe å går igjen, og eg kjøre videre te neste kunde.. Så står Biltilsynet å haika i veikanten.. Tjera vena meg..

Full kontroll inne på trafikkstasjonen.. Detta va jo midt i blinken, vettu.. Akkurat denna dagen kor eg sjølsagt har tid te det.. Itte ein liten halvtime får me kjøra ut igjen, itte kvar ein krok av bilen e sjekka.. Lastingå mi va såvidt godkjent og bremsene meir enn god nok.. Bare ca 45 minutt forsinka ut på rutå mi..

Så te slutt, når eg e kommen godt igang og e på vei innover på rutå mi.. Neste levering e ein privat kunde.. Då e det veiarbeid der, og eg må venta 10-15 minutt..

Fantastisk…..

 

Så yepp… Det e min dag idag.. Heilt klart… !!

???

Mr Google, Kånå og ei Pannekakerøra te besvær..

Foto : Komposita/Pixabay

Jaja.. Så fryktelig lenge va ikkje Adam i paradis, hette det visst.. For når eg kom heim fra jobb idag, møtte eg meir eller mindre hverdagsgalskapen i trappå.. Litlajentå føyk kaukande øve stuegolvet i fullt firsprang itte Mini’en.. Mini’en skreik lika høgt, der han ilte øve gulvet som fortropp.. De sprang om kapp øve kim så sko røra i pannekakerørå.. Han i Midten satt i sofaen og ropte itte stillhet, han høyrte jo ingenting..

Eg stod ei litå stund å lurte på om eg bare sko snu, og lura meg ut ett lite øyeblikk te.. Men eg blei oppdaga av Kånå, før eg fikk bestemt meg.. Hu va mildt sagt i harnisk, der hu sprang mellom gjøremålå i heimen..

Hu hadde solgt det gamla regntøyet te Litlajentå, men han som sko henta det, fant ikkje fram.. Og med tanke på Kånå sin manglande evne te å forklare veibeskrivelse, så va jo det forsåvidt ikkje så uforståelig.. Men fyren hadde Googla adresså våras, og havna midt utpå markå, foran rekkehuskomplekset.. Nå ska ikkje eg ta nåke avgjørelse om kim så gjerna hadde mest skyld her.. Men Kånå hadde vitterlig skrevet dei kvite rekkehusene med forskjellig farge på carport og dører..

 

Og står man der eg mistenke at han stod.. Så e det absolutt ikkje vanskelig å sjå detta rekkehuskomplekset.. Det forsvinne på ein måte ikkje inn i naturen, med sin eggehvite fasade og dører i alle regnbuens farger.. Til og med rosa..

 

Og nett som eg har lært på den harde måten sjøl, så e ikkje Google fasiten øve alle fasiter.. Det forekomme feil og mangler der og.. Men han fant fram te slutt og lot forsåvidt Kånå få høyra ka han meinte, om at me ikkje befant oss der Google hadde henvist han.. Ka Kånå hadde forklart va visst underliggande Google.. Så for ein gangs skyld så e Kånå frikjent, spør du meg.. Tjera vena meg, alle vett vel at Kåner trumfe Google uansett kor rett man trur man har.. Eller kor rett man vett man har.. Av og te e det bedre å meina det som gir størst gevinst, uavhengig av kim som har rett.. Derfor meina eg ofta det samma som Kånå..

Men.. Det slutta jo ikkje her.. Denna ittemiddagen va fortsatt ung i forhold te hverdagskomplikasjonar.. For Kånå sko jo steika pannekaker..

Så når hu forfjamsa kom opp fra gangen, itte at Mr.Google sikkert pent hadde bedt oss flytta der Google meinte me bodde.. Sette hu igang med steikingå av både pannekaker og bacon.. Mens eg satt i sofaen og surfa litt på nettet, og leste avisene der.. Det e greit å holda seg nåkenlunde oppdatert i det som skjer, rundtomkring i verden.. Eg kan f.eks beroliga meg med at litt grått hår, bare e positivt.. Det tyde på at man e i toppform, og har ett langt liv foran seg.. Ivertfall så meina de det, nåken forskerar.. For gråhåra villsvin hadde ivertfall dei egenskapene, i forhold te sine meir brunfarga medlemmer av arten.. Og me hadde visst mye til felles med villsvin, me mennesker..

 

Så mine grå hår som formere seg som kaniner, i hver tinning.. Dei e bare ett tegn på at formen e på topp og at livet blir langt.. Nett som eg har trudd i lange tider om meg sjøl, egentlig.. Ingen grunn te panikk, om man miste pusten halveis opp i ei trapp.. Eg har jo grå hår i tinningen..

 

Opps.. Ein liten digresjon der.. Men.. Kånå stod altså å steikte pannekaker, når hu begynte å klaga seg øve rørå.. For pannekakene blei så merkelige.. Hu frykta ei stund at kidsa hadde hatt nåke oppi, mens hu hadde vært nere å diskutert kor me bodde, med Mr. Google.. Men ingen av dei hadde gjort nåke anna enn røra i rørå.. Det sa de ivertfall med handå på ryggen og ti knivar i hjarta, eller nåke lignande.. Kånå kjørte oppi med meir smør, og slengte på ei nye pannekaka.. Og det virka som om det ordna seg der borte..

Men plutselig kauka hu te igjen, så eg skvatt i sofaen.. Hjølpe meg.. Nå blei pannekakene endå verre.. Nei, hu måtte heilt klart ha ei ny steikepanna, det måtte jo vær den som va syndaren.. Heilt klart..

Eg gjorde bare som eg ikkje høyrte na, der hu mumla nåke om Ikea, steikepanna og den forbaskade rørå.. Det e som oftast det besta.. Det å ikkje blanda seg opp i ting, som kan dra deg inn i ei rekka av hendelsar man plutselig ikkje e herre over sjøl lenger.. Og plutselig så sitte man som ett mentalt vrak og e totalt utslitt mens man spise svenske kjøttboller på Ikea.. Og ydmykt dyrka håpet om ei meining med tilværelsen.. På ein måte..

Men, men.. Det hadde vært stille ei stund nå, borte på kjøkkenet itte det sista utbruddet.. Før Kånå sette i ett gisp, og ropa ut ett – Åhhneeeei…

 

Det va jo ikkje pannekake røra Kåne steikte pannekaker med, men vaffelrøra.. I hverdagens umiskjennelige kvern, hadde Kånå i kaoset som regjerte fiska opp feil pose fra skuffå.. Og hatt opp i bollå, før kidsa fikk lov te å røra.. Kanå dampa jo nesten av oppgitthet og resignasjon…

 

Tjera vena meg, vettu.. Det va nesten ubetaleligt..

Men de smaka jaggu meg godt da.. Dei her pannekakevafflene te Kånemor.. Det ska hu forsåvidt ha.. Sjøl om de såg nåke merkelige ut.. Te pannekaker å vær, liksom..

=D

 

[bctt tweet=”Mr Google, Kånå og ei Pannekakerøra te besvær..” username=”Gikk_i_boden”]

No habla Norvega …

 

Det skjer lite her heima, så det e ikkje så mye å melda om herifra om dagen.. Det blir fort sånt, når Flokken reise på ferie litt her og der.. Då sitte eg og Kånå å kikka i veggane, mens me tvinna tommeltottar.. Og øve oss på pensjonist tilværelsen.. Eg e egentlig ganske sikker på at me må øva forferdelig mye meir, ska me klara den øvegangen.. Men den tid den sorg.. Det e lenge te ennå.. Først må me ivertfall slita oss gjennom tenårene og lignande, med ein Flokk i garantert storform..

Men me har fått oss telt ivertfall, som me henta igår.. Så nåke fornuftig skjer det jo.. Nå trenge me bare nåken værmeldingar, som ikkje ose av norsk standard sumarvær.. Før me gjerna tør å begi oss ut på tur..

Men eg kom på ein liten episode fra jobb som hendte for 3-4 år siå, som eg tenkte eg kunne fra fram fra glemselen.. Fra når eg sko levera ett lass med vinduer på ein byggeplass, innøve i distriktet.. Det kan forsåvidt vær eg får ein småirritert snekker itte meg nå.. Men nå e det e jo ei stund siå, så han klara sikkert å sjå humoren i det, nå i dag.. For som sikkert dei fleste har fått med seg, så leve ikkje eg av denna her bloggen.. Eg e nok nødt te å ha ein fulltids jobb som yrkessjåfør, for å brødfø familien.. Ein jobb eg stortrives i, sett sånn på generell basis..

 

Det e ivertfall denna jobben eg har blitt aller minst lei av, i løpet av mitt yrkesaktive liv.. For lei av jobben sin, det blir man uansett, vil eg tru..

 

Eg va ivertfall på vei for å lossa detta lasset med vinduer te ein kunde, med ein liftbil.. Og vinduspaller e ikkje akkurat te å spøka med, der de e lasta itte alle kunstens regler med blytunge vinduer.. Men det e ikkje snekkrane rundtomkring heller, te å spøka med meina eg.. De vett kossen de vil ha det, for å sei det sånn.. Serviceinnstilt som eg e, så forsøke eg stort sett å itteleva deiras ønsker.. Og som oftast går det som ein draum.. Somme ganger inngår me gjerna ett kompromiss, mellom ønske og det som e praktisk løysbart..

Håndtverkerar e som regel fornuftige mennesker å ha med å gjera, sjøl om de sikkert kunne ønska seg ein kranbil, for sånne leveringar..

Men det e vel ett økonomisk motiv inne i bildet, vil eg tru.. Som gjør at eg og får sånne leveringar, innimellom.. Eg kom ivertfall frem te plassen og endte sjølsagt opp med å måtta rygga 3-400 meter opp te byggeplassen.. På ein kjerrevei av mildt sagt skummelt kaliber.. Det blei litt fram og tebake før eg kom meg opp te huset.. Og eg ana kjapt ugler i mosen når eg såg håndverkerane, som stod og peika og gestikulerte seg imellom, bak bilen min..

 

Det såg ut som om de ville ha meg te å rygga endå lengre, eller ivertfall opp ein småstygg bakke for å setta vinduene på oppsiå..

 

Det e ikkje ofta eg konsekvent og kontant bestemme meg for at det der.. Det komme ikkje te å skje.. Ikkje om det så smelle ein visse plass, eingang.. Men her va det enkelt.. Eg hadde ingen planar om å utsetta hverken bil eller last, for risikoen som den bakken gjerna ville utgjør.. Problemet va bare å få meddelt detta, på best mulig måte te arbeidsfolkå bak meg.. Som hadde begynt å flytte på ting, som stod i veien for videre rygging.. Nå va gode råd dyre for å fortsatt ha ei ok stemning, på resten av denna leveringå..

Men, så har man denna kjennsgjerningenn, at det e ikkje så mange “norske” yrkessjåførar igjen her i Norge.. Ivertfall ikkje som kan skriva og snakka flytande norsk..

Av og te så føle eg meg som “Den Siste Mohikaner”, i yrkessjåfør miljøet her i distribusjonsbransjen.. Den uglesette karen som fortsatt e toskjen nok, te å jobba med akkurat detta.. Eg e ein outsider i mitt eget land, på ein måte.. Men, ein aldeles idiotisk plan begynte å forma seg i hjernebarken.. Såpassa idiotisk, at den muligens kunne fungera akkurat på det viset, som ville avgjøra saken te min fordel..

 

Håndbrekket blei satt på, eg fiska fram fraktbrevet og jumpa breialt ut av lastebilhyttå..

 

Arbeidskarane kom imot meg, og akkurat som eg hadde trudd.. Så ville de ha meg opp den forbaska bakken.. Eg blei faktisk bare endå meir sikker, på at dei pallane sko av akkurat her eg stod nå.. Når eg såg bakken på nært hold.. Ein småbratt bakke dekka av laus småstein og singel, i 90 graders sving fra der eg stod..

Det e som sagt forskjell på å vær toskjen og idiot.. Så mens byggeledaren snakke norsk te meg, med instruksjonar.. Sette eg opp det mest idiotiska fjeset eg kunne, løfta skuldrene opp te øyreflippane og la ut hendå te kvar sia med håndflatane opp..

Nett så ein råtøff midtstoppar som nettopp hadde meid ner motstandarlaget sin spiss, midt inne i straffefeltet.. Og stod nå å bedyra sin uskyld, mens dommaren vifta med der rauda kortet og peikte på straffemerket..

Men istedet for å bedyra min uskyld, svara eg så gebrokkent og uforståelig som mulig..

– No habla norvega, no habla norvega, senor.. Mens eg rista skamlaust på hovudet..

 

Byggeledaren sette opp ett overraska og mistenksomt ansikt, men eg fortsatte med oppvisningen min.. Det e vel gjerna ikkje så mange spanske yrkessjåførar i norge, men det va det eg kom på.. Når eg la hovudet på skakke med skuldrene fortsatt tett opp unna øyra, armane hang ennå te kvar si sia, mens eg sette opp ei beklagande mina om kjeften, så ga han opp..

– Just put it there.. Sa han, og peikte resignert på plassen bak bilen, før han oppgitt gjekk tebake te kollegane sine..

Og sikkert la ut om denna forbaska utenlandske sjåføren, som ikkje forstod ett kvekk norsk.. Mens eg fortsatte mitt storslåtte skuespill, og vimsa rundt i beste øst-europeisk stil, der eg lossa vinduene.. Eg tenkte det va best å fullføra detta skuespillet te 20 i stil, og såg sikkert totalt tulling ut.. Der eg lossa vinduer med skuldrene høgt, ett toskje flir om kjeften mens eg trippa rundt så utenlandsk som eg kunne..

 

Jauda.. Det e viktig å finna ting man kan bruka te sin egen fordel, innimellom.. Eg har aldri gjort det hverken før eller seinare..

Og eg ska vel innrømma at eg hadde litt dårlig samvittighet, når eg kjørte derifra..

Men mest av alt va eg ganske så fornøyd, av min egen skarpsindige og snartenkte løysning på dilemmaet.. Istedet for å bruka ett kvarter på å diskutera, om bakken va forsvarlig eller ikkje å rygga opp..

Hverken meir eller mindre..

=D

Det smaka best ferskt…

Sikkert ganske likt meg, når det kreative hjørna slår inn.. =D

Hjølpe meg..

At dagens tidligare innlegg sko ta sånn av, det hadde eg aldri trudd.. Så det e gjerna på sin plass å forklara litt foranledningen, te at eg i det heila tatt ga beskjed te Kånå idag morgens.. For sist gang når eg ikkje ga beskjed, fikk eg ein melding av ei Kåna som va alt anna enn fornøyd.. Også den gangen hadde eg vært heima hos foreldrene mine ein liten tur, men te forskjell fra igår.. Så glemte eg rett og slett ut å fylla diesel den gangen..

Igår va eg så inni granskauen kald på beinå, itte fisketuren.. Fordi eg hadde brukt nåke joggesko far min hadde kjøpt i Brasil, som heilt klart ikkje tålte vann.. Ikkje regnvann eingang..

Så eg kjørte bare rett heim, uten å fylla opp tanken.. Eg hadde faktisk tenkt å gjør det, men når eg passerte bensinstasjonen va eg pissetreng, hadde iskalde bein og stinka fisk.. Så avgjørelsen va enkel og ta.. Eg fikk bare smørblidt gi Kånå beskjed når eg kom heim, så hu va klar over det.. Og satsa på at det gikk bra.. Men sjølsagt glemte eg det når eg kom heim.. Så når eg satt og kosa meg med kaffikoppen idag morgens, kom eg på at eg muligens burde informera Kånå.. Resten har dåkke lest..

 

Det viktigaste e jo tross alt å gi beskjed, når man enten ikkje har gjort som man fikk beskjed om.. Eller oppdaga nåke som den andre gjerna burde vita.. F.eks at tanken va tom..

 

Kånå va ikkje akkurat imponert sist gang, kor hu faktisk hadde spurt om eg ikkje kunne fylla.. Men distre som eg e satt eg sikkert i heilt andre tankar, når eg passerte stasjonen.. Eg har sånne øyeblikk i ny og ne, dei er “Hjernen e aleina”  øyeblikkene.. Når tankane bare flyr avgårde med meg, og plutselig så e eg på ein heilt anna plass enn eg nettopp va.. Det e faktisk på kanten te å vær skummelt, innimellom.. Ikkje sånn at eg har blackout eller lignande, eg følge jo med på veien og omgivelsane rundt.. Men eg e bare så langt inne i ei tankerekka, at eg kjøre gjerna rett forbi der eg ska levera..

Det trenge ikkje vær verre enn at eg sitte å høyre på radioen, eller komme på ett eller anna eg kan skriva om.. Spesielt hvis hjernen slår seg i det kreativa hjørna, så blir eg totalt borte vekk..

Då spinne hjernebarken igang som ett finslipt maskineri, og når eg gjerna stoppa bilen for å skriva ned nåken stikkord.. Så fossa gjerna heila innlegget ut, på 10-15 minutt.. Fordi det allerede nærmast va ferdigskrevet, inni hovudet.. Og eg må ta ett par leveringar på heimturen, som eg i den kreative prosessen har kjørt rett forbi.. For i motsetning te sikkert dei fleste bloggerar, så har ikkje eg ett einaste forhånds skrevet innlegg, liggande klart.. Eg har gjerna mange stikkord og skisser, men aldri ett ferdig manuskript liggande..

 

Eg vett ikkje, men eg føle som oftast at innleggene blir bedre når de komme ferske som nybakte boller, utover eteren.. Det e med innleggene mine, som med fisk.. Det smaka best ferskt..

 

Eller så e det ein del så lura på kossen Kånå reagerte, på denna “romantiske” beskjeden eg ga na idag.. Og tro det eller ei, så svara hu bare – Så heldige eg e da.. Mens hu smilande vrei seg øve på andra siå, før eg sprang ut dørå idag morgens.. Mest trolig så fikk hu gjerna ikkje heilt med seg ka eg sa, når det blei kamuflert på den måten.. Men når hu vakna te litt seinare, så huska hu jo ka eg hadde sagt.. Og hadde forsåvidt flirt litt for seg sjøl, øve at eg ivertfall hadde lært fra sist gang..

Det va nå det hu sa te meg, når hu endelig svara på mobilen idag.. Eller svara gjorde hu jo ikkje, for hu ringte meg opp igjen lika før eg kom heim.. Fleire timar itte eg hadde ringt..

Og det va jaggu meg litt godt.. For eg va usikker ei litå stund der, om hu gjerna hadde tatt det ille opp idag morgens.. Men hu diska jo til og med opp med fersk nystekt makrell te middag idag, nåke som e så inn i granskauen godt.. At eg har nesten ikkje ord.. Så nåke videre irritert kan hu ikkje ha vært.. Så min frykt for å havna i Bodå, va ivertfall heilt ubegrunna..

Men.. Nå må eg ner å henga opp nåke greier, som eg sikkert sko gjort for nåken månader siden.. Det e best å holda seg på plussiå, så lenge som mulig.. Eg går tidsnok på ein smell, alikavel..

 

Så god mandags kveld Folkens.. Og på gjensyn..

=D

 

Nåken få små ord, ein stille morgen..

Det e viktigt å holda flammen varm i ett forhold, men det e ikkje alltid lika lett i ein ellers travel hverdag.. Man løpe fra det eina te det andra i ett tempo uten like.. Men somme ganger får man nåken små vinduer med mindre trøkk, og då e det viktig å bruka anledningen..

Det trenge jo ikkje alltid vær så avansert.. Av og te e det gjerna bare nåken velvalgte ord te sin kjære, som ska te..

Idag morgens f.eks.. Så vakna eg te ett blikkstille hus.. 3 av Flokkens medlemmer va på “ferie” hos besteforeldre og kompiser.. Eg rusla ut på badet og pussa tennå, slo lens og fekk på meg arbeidsklærnå.. For så å rusla opp på kjøkken kor eg laga meg ein kopp kaffi..

 

Eg hadde jaggu meg nåken minutt te rådighet, før eg sko vær på jobb.. Så eg satt nå litt og kikka ut i luftå, og nøyt stillheten..

 

Når eg kom på at eg gjerna burde sagt nåken ord te Kånå, før eg gjekk.. Som oftast har eg ikkje tid te det, fordi eg e ekspert på å vær i siste liten.. Spesielt om morgenen.. Eg minnast sist gang eg hadde hatt litt tid te overs om morgenen, og stukket avgårde på jobb uten å gi Kånå ein liten nuss og sagt dei samme ordå..

Kånå tok det ikkje akkurat på best mulig måte, om eg ska sei det forsiktig.. Hu lika jo sjølsagt å få beskjed om sånt nåke..

Tjera vena meg.. Eg kan jo forstå na eg.. Eg syns jo det e kjekt når hu og seie det samma te meg.. Som sagt, det e ikkje alltid så mye som ska te, for å gleda den andre heller.. Ord e ofta forferdelig undervurdert.. Egentlig.. Så eg drakk opp den siste skvetten med kaffi, og bestemte meg for å setta handling te mine tankar..

 

Eg sette til og med koppen inni oppvaskmaskinen, sånn som Kånå lika at eg gjør.. Det kom garantert te å bli plusspoeng idag..

 

Så spratt eg lettbeint og luftig ner trappå.. Åpna dørå og kikka inn på rommet våras, kor Kånå lå og sov sin beste skjønnhetssøvn.. Eg stod å betrakta detta fantastiska vesenet litt, før eg tok mot te meg og lista meg bort te sengekanten..

Eg bøyde meg ner og ga na ett lett nuss på kinnet, og fikk godlynte koselydar tebake..

Sjøl om eg forsåvidt hadde guarden oppe,. Eg fikk ein albue midt i andletet ein gang, når hu i sin beste søvn skvatt te av ein skygge øve seg.. Og kjørte albuen rett i snyteskafte på meg.. Men idag, lå hu fortsatt fint i ro, og hadde hu vitterlig ikkje ett lite smil om kjeften, der hu lå..

Så eg la kinnet mitt mot hennas, og kviskra så sødmefylt og romantisk som eg kunne..

 

– Du må fylla Diesel på bilen idag…

 

Kånå, Ei bøtta med Makrell og Måka på sluken..

Itte ein turbulent morgen og ikkje mindre turbulent formiddag, så tok eg med meg Eldstemann på fisketur.. Sånn som formiddagen hadde utarta seg, fant eg ut det smartaste eg kunne gjør, det va å rømma huset for ei litå stund.. Sjøl om eg stod opp med Kidsa meir eller mindre frivillig, itte ett saftig spark i rævå.. Så va rabalderet som kom i ittekant, nok te at Kånå tydeligvis stod opp med feil fot..

Skjønnhetssøvnen hadde heilt klart fått for mange avbrudd, så Kånå va jo birsure når hu trampa opp trappå og laga frokost..

Det kom seg litt itte Prinsesså på Ertå hadde fått i seg litt kaffi og ein matbit.. Kidsa hadde sluppet tempoet litt ner, så både støy og aktivitetsnivå hadde sunket betraktelig.. Av ein eller anna grunn tenkte eg at det va trygt å setta seg ner, for å forfatta forrige innlegg.. Men som regel når eg trur nåke e trygt, har eg sjølsagt ikkje sjekka alle fallgruver som lure rundt omkring i heimen.. F.eks ei Kåna med ein sur fot..

– Eg går opp på loftet å rydda litt i loftsbodå.. Eg ska finna fram ein koffert.. Sa Kånå, og traska opp trappå.. -Mmmm.. Svara eg, oppslukt med innlegget.. Og meir tenkte ikkje eg øve den saken..

 

Sjølsagt høyrte eg ei fæla romstering der oppe, og nåken “luftige” utrop.. Men eg va heilt i min egen verden, og tenkte ikkje meir øve det.. Hu hadde vel spurt om hjelp om hu trengte det, men det hadde hu ikkje gjort.. Det hu derimot gjorde itte ei stund, når hu kom trampande ner trappene.. Det va å takka for hjelpå.. Nåke som sjølsagt sett hjernen min igang, i begge retningar.. Eg hadde jo ikkje hjulpet Kånå eg, men til og med eg forstod at eg burde vist hatt gjort det..

Så mens hjernen sleit med Catch 22 dilemmaet.. Tok kjeften ein sjefsavgjørelse og svara av seg sjøl, siå hjernen va opptatt på andre områder..

– Du har jo ikkje spurt om hjelp du, så koffår i all verden takka du for hjelpå.. Som om eg liksom sko ha lest tankane dine, og forstått at du sko hatt hjelp.. Svara kjeften, før hjernen skjønte ka som nettopp hadde skjedd.. Og gjekk i full katastrofealarm.. Kånå eksploderte og braut ut i fistel.. Sjølsagt burde eg ha forstått at hu trengte hjelp der oppe, itte så mange år sammen måtte eg nå forstå såpassa..

Alle mine forsøk på skadebegrensing va fånyttes, mens eg forbante meg sjøl for å latt kjeften vær ubevokta ett øyeblikk..

Tjera vena meg..

 

Så når Mor mi ringte å lurte på om nåken av Kidsa ville komma på ferie, nappa eg med meg første man som ville, og heiv meg i bilen.. På veien ut stakk eg innom Bodå og tok fiskastengene med meg.. Eldstemann man ville gjerna vær hos Farmor, så då tenkte eg at me kunne ta oss ein fisketur i samme slengen.. Alt va bedre enn å vær heima, å få kjeft for ting man ikkje visste, at man burde visst.. Det va vel bare ett tidsspørsmål før Kånå hadde funnet nåke anna hu kunne “takka meg for”, denna dagen her..

Av og te e å beholda roen og harmonien øvefor Kånå, som å gå på den skjøraste isen i verden.. Man vett at den vil brista, før eller seinare.. Bare ikkje akkurat når..

Når eg går på tynn is klara eg aldri å gå forsiktig.. Det e som eg danse fandango med klogger på giftslangar.. Istedet for å trø varsomt, trampa eg fremover som ein kamel på leit itte vann i ørkenen.. Og når Kånå har tatt i bruk ein tone som heilt klart antyda, at eg sjølsagt bør holda kjeft.. Så rekke sjølsagt eg opp håndå med ein iver itte å gå i fellå, som e ufattelig.. Men idag va det ikkje stort å sei, itte denna fadesen.. Så for ein gangs skyld tok eg heilt klart ein rett avgjørelse, og rømte heimen..

Og ka e bedre for tynnslitte nerver og ein Fatter’n som har gått kraftigt i fellå.. Enn ein avslappande fisketur på ett blankt hav..

 

Som sagt så gjort.. Havet lå flatt som ett stuegulv, det kom nåken dråpar fra oven og me seig roligt utover fjorden.. Perfekt fiskevær.. Eldstemann satt og gleda seg te å fiska som bare han kan.. Guten elske fisk, og fisking.. Og hadde bestilt makrell te kvelds.. Sjølfiska makrell.. Den første makrellen blei hanka inn, samtidig som himmelen åpna slusene.. Gudhjølpe meg.. Det va ikkje det at det begynte å regna, men det formelg spratt opp igjen fra øveflatå, og inn i båten..

Jaja, så lenge det ikkje blåse nåke særligt, så sko me nå takla litt regn.. Men ikkje før eg hadde tenkt det, så begynte det å blåsa opp..

Med prøvde å forflytta oss ett par ganger, te ingen nytte.. Det blåste og regna overalt og i fra alle retningar.. Detta e jo heilt typiskt, tenkte eg.. Når me endelig komme oss ut på sjøen for å nyta litt ro og fred, så e det som om Kånå sitte heima og styre uværskyene rett over oss.. Men te slutt så ga det seg, heldigvis.. Og me fant oss ein plass kor vinden ikkje tok så kraftigt.. Eldstemann heiv ut snøret igjen.. Ein Makrell va ikkje nok te å metta denna guten, han ville ha meir.. Og ikkje før han hadde sluppet snøret ut, så va det napp igjen..

Guten sveiva på snellå som ein gal, og kommanderte meg klar med håven.. Me hadde mista ein svær makrell på sist sted me va, og han tok ingen sjangser nå.. Makrell nr 2 va ett faktum..

 

Nr 3 og 4 kom lika itte.. Og sånn fortsatte det, eg rakk ikkje å sløya fisken lika snart som han drog de opp.. Så eg ga opp å følga med.. På 10 makreller i bøttå måtte han ha seg ein pause, og då hadde me sikkert kasta uti igjen 10-12 pir.. Sånne makreller som e for små.. Og eg begynte jobben med å sløye makrellen.. Det samla seg raskt ein flokk med måker, som grådigt forsynte seg med innmat og fiskahovudene.. Når eg hadde ett par igjen, heiv Eldstemann sluken ut igjen.. Med klar beskjed om å ikkje dra de ut av sjøen, før eg va ferdig..

Men, sjølsagt klara jo ikkje han å styra seg, og dro opp ein liten pir igjen.. Men istedet for å la den svømma nåken meter unna overflaten.. Snella han den nesten opp te overflaten..

Og plutselig e det som om me blir bombardert av måker, som stupe ner i vannet itte småfisken som svømme i ring lika under overflatå.. Ei måka nappa med seg pir’en, og forsøke å ta av.. Men blir heven inn i ein kraftig sving når sluken fortsatt henge i fisken.. Eldstemann begynne å forstå omfanget av tabben sin, men vett ikkje ka han ska gjør.. Forsåvidt ikkje eg heller.. 3-4 måker te hive seg inn kampen om fisken, mens me hjelpalaust står å kikka på.. Og lure på om me blir nødt te å avliva ei måka..

Plutselig stikke ein svær jækel av med fisken, mens 2-3 andre følge itte.. Men ei flaksa for livet, uten å komma ein meter.. Helsikke og, tenkte eg for meg sjøl.. Eldstemann kikka spørrande på meg.. Nå har me klart det stora..

Men lika før eg ska te og sveiva måkå inn og gi na ett kakk med gummihammaren.. Så løsna sluken og den va laus.. Fri og bevare meg vel..

 

Med sløyde dei siste makrellene og sa te kvarandre at nok va nok.. Eldstemann va forsåvidt meir enn fornøyd med fangsten.. Og eg tenkte at det sikkert va trygt å komma heim igjen..

Ein alle tiders avslutning på ein heilt ok søndag..

Og når eg kom heim satt Kånå og tutla med Lego, på kjøkkenbordet.. Humøret hadde heilt klart forbedra seg, sikkert fordi Mini’en va reist te Svigers på ferie.. Litlajentå hadde lagt seg og Han i Midten sko sova hos ein kompis..

Ein søndag som starta nåke turbulent, og fortsatte i samma sporet.. Blei avslutta på perfekt vis..

Med ei full bøtta med makrell..

Endelig, Mot normalt.. På ein Måte…

Fra ett røveri i Sjokoladeskålå..

Det e søndags morgen og for første gang denna sumaren, har eg vært opp med Flokken før klokkå 08:00.. Av ein eller anna grunn, så har mesteparten av Flokkens medlemmer funnet ut at å sova litt lengre enn “normalt” i helgene.. Det e heil kurant.. Ein lørdag vakna me ikkje før klokkå halv 10, men då forsåvidt med dei 2 minste limt fast te kvar sin I-pad, i midten av sengå.. Når de hadde luska seg inn i vår seng visste hverken eg eller Kånå.. Men stille som to bandittar på tokt, det hadde de ivertfall vært..

Det har faktisk vært litt herlig, det å kunne sova bittelitt lengre enn te klokkå halv 7, denna sumaren.. Heilt te idag.. Når Eldstemann kom ner i sju tiå, å klaga sin såre nød øve Han i Midten så hadde haraball inne på rommet sitt..

Han har hatt liggebesøk inatt av ein kompis i gatå.. Og de va ikkje akkurat tidlig i seng igår kveld heller, men det la ivertfall ikkje nåke dempar på iveren itte å stå tidlig opp.. Mini’en som ein eller anna gang i løpet av nattens mulm, hadde sneket seg inn og opp i vår seng.. Vakna jo sjølsagt av Eldstemann så stod stuptrøtt ved siå av Kånå, og forsøkte å få kontakt.. Så då va jo det gjort og.. Mini’en ville opp og sjå barne-tv..

 

Eg hadde egentlig ikkje vakna ennå, men fikk ein kjapp oppdatering av Kånå.. Og eit kjapt spark i rævå lukst ut av sengå, og luska sammen med Mini’en og Eldstemann opp trappene..

 

Mini’en blei parkert foran tv’en, før eg tok turen opp på loftet i ett forsøk på å stilna bråkmakerne.. Som sjølsagt ikkje akkurat va nåke “walk in the park”.. Ein øvetrøtt Han i Midten som la seg seint og stod opp tidlig, e som 100 Mini’ar med fullt opplada batteri, an then some.. Og nå handla det bare ikkje om at Eldstemann og Kånå måtte få litt meir ro.. Men Litlajentå måtte for guds skyld heller ikkje vekkast for tidlig.. Då e ragnarokk laust resten av dagen.. Det littla trollet som va som ett englebarn, sine 3 første leveår..

Hu har brukt dei 3 neste årene på å utvikla og finslipa sine utspekulerte fantastreker.. Hu har gått fra ei stillferdig og sjarmerande småjenta, te ett uvær av eit rampetroll..

Og blir hu vekka for tidlig, akkurat som mor si.. Så e hu som ein udetonert vulkan som ligge å ulma i kulissene.. Hu veksla mellom å kviskra rampastreker i øyra på lillebror sin, finna på alskens irriterande småstreker og har ein evne te å gå sine skaperar på nervene som ikkje e sann.. Det egentlig litt smått utrolig at ei sånn englajenta, har utvikla seg så i stikk motsatt retning fra sine første 3 år.. Men dog, hu hadde sine øyeblikk som englebarn og..

 

Men då hadde hu stort sett lurt seg te ett eller anna, i ein krok på kjøkkenet eller andre lignande plasser.. Og blei ikkje oppdaga før foreldrene plutselig blei mistenksomme, øve den sjeldne stillheten i heimen..

 

Ein gang som eg trur eg har nevnt tidligare, då hadde hu funnet neglelakken te Kånå.. Og dandert både negler, fingrar og kjøkkenbord med neglelakk te den store gullmedaljen.. Eller når hu hadde dandert gulvet bak om kjøkkenøyå med ein pose risnøtter, fordi dukkene sko leka i snøen og laga snøengler.. Og samme dagen kor hu og Mini’en tok ett tokt i sjokoladekremen Kånå sko ha te ei kaka.. Forsåvidt uskyldig moro som sikkert dei fleste har vært borti.. Bare så inni granskauen mye kav å rydda opp i..

Men nå for tiå så e hu stort sett mesterhjernen bak både egne og Mini’en sine fantastreker.. Der hu kviskra den litle fjotten i øyra, mens han utføre oppgavene stolt som ein hane..

Heldigvis e han ikkje redd for å sei kor ideen kom ifra, ennå.. Sjøl om me som oftast skjønne tegningen, lenge før han stolt som ein hane proklamere kim som har planta revastrekene i hovudet på han.. Men hu e ein liten slu rev, den der jentå.. Det e ivertfall heilt sikkert, spesielt om hu ikkje har fått nok søvn.. Så idag morgens fikk dei to morgenfuglane, klar beskjed om å vær stille.. Og holda seg på rommet ei litå stund te..

 

Det gjekk strålande i ca 5 minutt.. Eg og Mini’en satt i koma og glodde på barne-tv, når Han i Midten brøle ner trappene.. Om han og kompisen ikkje kunne få komma ner å se på tv, dei og.. De sko lova å vær stille..

 

Tjera vena meg.. Eg kunne kaldkvelt guten.. Det e jo liten vits å vær stille ittepå, når han heilt sikkert hadde vekka halva nabolaget, først.. Når han brølte nerøve trappå.. Eg begynte å tella te 10.. På 5 kom Litlajentå luskane opp trappå, og gjekk som ein søvngjengar mot oss i sofaen.. Eg kunne allerede sjå på hu, at her kom det te å bli rabalder idag.. Der Jack Nicholson fliret allerede lurte i munnvikane, før hu nærmast har våkna te livet..

Og derifra og ut, så har det meir eller mindre vært ett reinspikka kaos i heimen idag.. Turnshow i sofaen, tv’en på full guff og Mini’en i tospann med Litlajentå i full vigør på stuegulvet..

De hadde først med seg litt Lego ner i stuå, som de satt og lekte med.. Før Litlajentå fant ut at den baljen de hadde hatt Lego’en oppi.. Den hadde hjul.. Dermed blei det ett lurveleven uten like.. Mini’en satt oppi og hylte av fryd, mens Litlajentå va påhengsmotor.. Han i Midten og kompisen klaga på bråket og fyrte opp volumet på tv’en.. Eldstemann kom ner å prøvde å roa gemyttene, te ingen nytte.. Kånå låg å kauka nere på soverommet våras..

Mens eg bare satt i sofaen med beinå på bordet, laptopen i fanget og observerte galskapen..

 

For første gang denna sumaren va alt tebake te normalen.. Ingen sjusoverar som sleit ut lakenet, 3-4 spinnville ungar oppe i stuå før klokkå 08:00.. Og ei småsint, ilter men stort sett snill Kånå, som lå og kauka nere i sengå si..

Rett og slett mot normalt..

Og eg satt med kaffikoppen og nikka fornøyd te meg sjøl.. Det e godt å sjå at de ikkje har mista taket.. Hverken Kidsa eller Kånå.. Eg har ei stund vært engstelig for, at sånne småoppgitte kaos innlegg fra helgene va ein saga blott..

 

Men neida.. We are still going strong..

 

Det e absolutt ingen som helst tvil om det, itte denna morgenens forestilling…

=D