Litt om Livet, Tuneller og Lignande..

Jøje meg ka dagane går.. Det e som om timane fyke i fra oss og nærmast forsvinne i horisonten, mens man hjelpeslaust kjempa mot tidens øvemakt.. Man vasse imot ett tidevann som aldri slutta å auka på, som te slutt nesten trua med å gå over hovudet på deg.. Det e så ufattelig mye som skjer for tiå, at eg klara nesten ikkje å ta det inn..

Det har gått i hundre og nitti på alle arenaer, sjøl om det har vært høst ferie her på vestlandet, i vekå som gikk..

Me hadde ei utfordring med kossen me sko løysa denna floken, med tanke på kidsa og ferie.. Heldigvis har me besteforeldre som villig stille opp, og hjelpe te med ein vrien kabal.. Han i Midten stakk te Mormor og Besse ei litå uka, Litlajentå fikk Farmor te dagmamma og Eldstemann har trukket hummarteiner med Bessen te Farmor..

Mini’en har forsåvidt vært i barnehagen og kosa seg, det va litt greit å få han igang igjen.. Han har jo vært heima ei veka itte operasjonen, så det va litt greit for han å komma inn i rutinene igjen..

 

Men sjøl om 50 % av Flokken har vært på ferie hos besteforeldre, så har dagane blitt fylt opp så det holde.. Eg har styra på med å forbereda meg te bLEST Festivalen neste helg, og har vel innsett at man trenge litt meir materiale på blokkå, enn “Velkommen” .. Men, det går seg vel te.. – Det har ein tendens te å bra.. Seie alltid far min..

Man får jo bare håpa at han har rett.. Og går det ikkje bra.. Så har eg jo Bodå å rømma inn i, for trur dåkke ikkje de har mekka i hop ei full size bod, dei folkå i bLEST komiteen.. Tjera vena meg..

Ein fantastisk altmuligmann på Tysværtunet har snekra ihop ei Bod, som ska stå på detta området inne på Tysværtunet kor eg med fleire ska opptre.. Så, om det ikkje sko dukka opp ei einaste sjel, når eg debutere i ein slags muntlig eksamen.. Så har eg ihvertfall ein slags rømningsvei ut av fiaskoen..

Eg e vel på ein måte ein realistisk pessimist, både med tanke på opptredenen og publikum.. Eg vett egentlig ikkje ka som e verst.. Fullt hus eller ein skokk med tomme stolar..

Jaja.. Det får gå som det går.. Nåke anna e utenkelig..

 

Ellers denna ukå eller forsåvidt dei siste ukene, så har det skjedd så mye at eg nesten ikkje har ord.. Det e ikkje anna å sei, enn at me har følt litt på det å gå i konstant motvind, dei siste årå.. Det har gjerna ikkje kommen så godt fram på bloggen, men eg har ikkje følt at det e nåke eg har hatt behov for å kringkasta her heller..

Bloggen har vært ein plass for humor, sjølironi og reflektering øve familielivet.. Eit slags friområdet kor man har fått litt pause fra hverdagens ubønnhørlige kvern..

Ei kvern som drar deg inn og nekta å slippa taket.. Man har på ein måte havna med hovudet under vann, og holde seg såvidt i livet med ett sugerør stikkande opp i fri luft.. Man ser gjerna ikkje lys i tunellen.. Men.. Alle tunellar har 2 endar, hvis ikkje så e det ikkje ein tunell.. Men meir ein gruvegang.. Kor man bare grave seg lengre og lengre ner i avmakten..

 

Man må alltid ha ett håp.. At når livets gang gjentatte ganger, slår bein på deg.. Så e det bare å reisa seg og gå videre.. Man har ikkje nåke anna valg når man har 4 barn.. Man kan ikkje grava seg ner.. Man e nødt te å finna lyset i tunellen..

 

For det e alltid eit lys i tunellen, om man bare jobba hardt nok og ser mulighetane man har føre seg.. Og tar dei rette valgene.. Itte at man gjerna har tatt nåken dårlige valg tidligare, men ihvertfall dratt litt lærdom ut av de.. Dei dårlige valgene.. Min erfaring e ihvertfall sånn.. Man kan ikkje anna enn å reisa seg, uansett kor mangen ganger man blir slått bein på..

Å gi opp e ikkje ein utvei, ett valg eller nåke som helst alternativ.. Man må somme ganger i livet sloss for å finna lyset i tunellen igjen..

For oss, så ser me lyset i tunellen nå.. Det har vært tøffe år, beintøffe.. Men all motgang gjør oss sterkare, meir hardhuda og bedre rusta før neste tsunami bølga av utfordringar, prøve å slå knock out på oss.. Man får aldri meir slengt mot deg enn man tåle, seie ett ordtak.. Eg kan ikkje sei eg alltid har følt meg enige i det..

 

Alle småbarnsforeldre møte motgang.. Man ska det.. Ellers vett man ikkje ka det e å vær småbarnsforeldre, trur eg..

 

Me har gjerna fått i øvekant av ka andre småbarnsforeldre møte, men gjerna så ufattelig mye mindre enn andre igjen.. Me har fortsatt alle våre barn.. Nåken har kanskje mista ett av sine..

Man kan ikkje synast synd på seg sjøl i ildens hete, det e alltid andre som har hatt større utfordringar..

Og som på ein eller anna uforklarlig måte kommen seg gjennom det.. Sjøl om me absolutt ikkje føle me fortjene meir enn andre, at lyset e innen rekkevidde.. Så e me ydmykt glad for at ting nå går rett vei..

 

Eg har ein sang eg bruka for min egen del, når ting slår imot om som rekved ein stormfull vestlands høst.. Med ein tekst som motivere og som oftast får meg te å finna dei kreftene, dei som eg gjerna ikkje trudde eg hadde..

Kan andre ha nytte av den, så værsegod..

 

There will be no fade out, this is not the end
I’m down now
But I’ll be standing tall again
Times are hard but, I was built tough
I’m gonna show you all what I’m made of

I’ve been brought down to my knees
And I’ve been pushed way past the point of breaking
But I can take it, I’ll be back
Back on my feet
This is far from over, I am far from over

You haven’t seen the last of me

No no, I’m not going nowhere, I’m staying right here
Oh no
You won’t see me begging, I’m not taking my bow
Can’t stop me, It’s not the end

You haven’t seen the last of me

 

(Cher – You haven`t seen the last of me.. )

 

Med ei Kånå med nase som ein blodhund…

 

Nå.. Så begynne eg å å bli rimelig sikker på at det va lite gjennomtenkt å fyra Kånå igang på jobb.. For her igår når eg kom heim, så hadde hu ein lattermild historia å fortella.. Sett fra hennas synspunkt, sånn meir eller mindre.. Altså, eg må jo bare få sei at det har vært ein lettelse å få litt hjelp, for trøkket på jobb har bare tatt heilt av i år..

Godsmengden har skutt te værs og eg har nok balansert på ei tynn lina, med tanke på helså, øveskudd og fornuft..

Eg har kjent på kroppen at det nærma seg ett stopp punkt, før Kånå kom inn i bildet.. Og nå, når me har fått alt det formella på plass med tanke på Nav og sånn.. Kor hu har fått godkjent arbeidstrening hos meg, så har det letta godt på arbeidsmengden for min del.. Men, eg har skrevet det ein gang før, trur eg..

 

Som einkvar glede før eller seinare vil erstattas av sorg, oppveies einkvar fordel i livet som oftast av ei ulempa..

 

Så når eg endelig planta stumpen i sofaen, og sette meg godt te rette i hjørna mitt, i går.. Så satt Kånå i andre enden og kikka mistenkelig skøyaraktig på meg.. Eg fornemma heilt klart at et eller anna fantaskap, va i emning.. Og ikkje før tankerekkå mi hadde nådd sin ende, så begynte “Trollet” å snakka..

– Eg høyre du e glad i kaffi rundtomkring på rutå di.. Sa hu, med ett ubestemmelig flir om kjeften..

– Jooo.. Det hende jo eg har meg ein kopp, i ny og ne.. Svara eg, mens alt så hette alarmar meir eller mindre gjekk av på ein gang.. Det ulte som ein flyalarm i krigstid, oppe i hjernebarken..

– Ja, han sa så han Trygve på Tess.. Fortsatte hu, selvsikkert.. Mens fliret blei mindre og mindre ubestemmelig..

– Åja, ja.. Joooda.. Eg har vel tatt nåken koppar med Trygve og Jon Åge ja.. Svara eg.. Nåke på defansiven, mens eg tenkte så det knaka på ka meir som gjerna kunne komma.. Nakkahårå stod te værs som fyrtårn på ett blikkstille hav..

– Jaja, det e nok slutt på det nå farr.. For fra nå av så kan eg levera te Tess, så du komme deg heim te Kånå og ungar.. Istedet for å sitta der å dra ut tiå, mens du kosa deg med lausprat og kaffi.. Mens hu sa detta, så kom Jack Nicholson fliret så godt fram, at eg nærmast fikk frysningar i heila mitt legemet..

Der og då, så va det som om tiå stoppa opp, fliret te Kånå hang fast i kvar munnvik mens hu kikka nådelaust på meg med gudfryktige auger.. Man kunne nærmast høyra vingeslagene te ei flua som surra forbi, før den kom innafor skuddlinjå te Kånå.. Og datt i bakken som ein stein.. Kaboom..

Eg skvatt te av frykt og krøyp så langt opp i sofaen som eg kunne, lengst mulig vekk fra Kånå.. Så braut hu plutselig ut i krampelatter der hu satt..

 

Helsikkens nepa.. Hu og Trygve hadde hatt ett muntert passiar, når hu va innom og leverte her tidligare i vekå.. Og som sjølsagt hadde endt opp med at den fysakken hadde lagt ut om mine kaffieskapader, te Kånå.. Kor hu deretter hadde planlagt ett djevelsk plott, te eg kom heim den ittemiddagen.. Og kjørte ein beinhard spøk på meg, med underfundige undertonar..

Tjera vena meg.. Eg komme aldri te å heilt forstå meg på Kånå.. Og hennas merkelige sans for humor.. Eller alvor, for den slags skyld..

Kåner e som kattar.. Man vett aldri kor man har de.. Eller ka humør de i.. Fra ett minutt te ett aent, kan de forvandla seg fra uovervinnelige amasoner, te skjelvande vrak.. Eller skremmande utspekulerte troll, som har eit forførerisk plott planlagt te den minste detalj.. De tumla seg gjennom livet, som uforutsigbare granater man aldri vett heilt når går av..

 

Og nå låg mi å vrei seg av latterkramper i sofaen.. Hu lo så godt at hu nesten drog på seg nakkasleng..

 

Det va lenge siå hu hadde sett meg såpassa utspilt og rådlaus, hiksta hu fram mellom latteranfallene.. Mens eg satt der og forsåvidt følte det va nåke muntert bedrøvelig øve heile episoden.. Før eg bare måtte krypa te korset å le litt med Kånå, eg og.. Fylt opp av indignasjonens selvrettferdige harme, mens eg tenkte på den fjotten som hadde røpa min lille hemmelighet..

Det at eg gjerna tok ein ekstra kaffikopp innimellom, for å ikkje komma for tidlig heim te hverdagens strabasiøse ferd gjennom småbarnslivet..

Det va ikkje stort meir å sei.. Det ser rett og slett ut som om alle mine små lommer av friminutt, blir omhyggelig luka ut av min strevsomme hverdag, ein itte ein.. Og når Kånå lurte på om eg hadde fleire plasser eg lurte meg vekk på, så løy eg så vakkert at eg nesten blei rørt.. Nei, sjølsagt har eg ikkje det, sa eg te hu..

Mens eg tenkte for meg sjøl at alle har vel ett gjøkeredet man kan søka tilflukt i.. Sjøl om det neppe spilte noen rolle nå.. Alle mine gjøkereder har nærmast forsvunnet i lausa luftå, dei siste årå..

 

Med ei Kånå med nase som ein blodhund, øvefor ein stakkars mann som forsøke å lura seg litt unna..

 

Men det va ikkje stort meir å sei om den saken.. Nå handla det bare om å tenka seg godt om kvar morgen, når eg fordele varene oss imellom..

Eg kan for guds skyld ikkje la Kånå finna alle mine små smutthull, i ein ellers travel hverdag..

Eg ska ihvertfall aldri sleppa hu ner på Wurth på fredagane .. Ånei.. Det ska nå vara sikkert og visst.. Pølsefredagane hos Wurth ska eg jaggu meg ha for meg sjøl.. Det e ihvertfall heilt sikkert..

Sikkert som banken..

 

Det blei ein vennlig Morgen idag…

Mini’en og Litlajentå… Kim sko trudd at deia to sko bli ett radarpar uten like.. =D

Alt låg te rette for ein blodtravel dag igår.. Me sko rydda litt ut av Bodå, kjøra på bosset og så hadde eg lova Svigerfar å kikka på ei av “Paddene” hans.. Han som ikkje sko ha hverken pc, mobiltelefon eller lignande.. Han har nå minst 2 padder, 2 laptoper og ein flott smart telefon.. Og har for lengst gått forbi både meg og Svogeren min, med tanke på tekniske duppedittar i heimen..

Eg vil strekka det så langt å sei at han nok har omfavna den nye teknologien, mye lengre enn han sikkert hadde sett føre seg..

Men, med alskens duppeditter av teknologisk snitt, så komme det nåken utfordringar, i ny og ne.. Då trur eg han e glad for at både eg og hans sønn, GulrotkakeSvogeren min, kan hjelpa te med problemene.. For der må han melda pass.. Jaja, med tiå så har han jaggu meg lært seg mye.. Så det har blitt lengre og lengre mellom kvar gang me på Supporten, må rykka ut..

 

” Så itte eg hadde vært på bosset stakk eg innom Svigers, for å sjå på problemet..

 

Kånå hadde tatt bussen te byen med dei 2 minste, hu sko møta søster si for litt kos i sentrum.. Meiningå va jo at eg sko kjøra heim og rydda litt meir i bodå, mens hu hadde Kidsa med seg i byen.. Så eg sko få jobba litt i fred, liksom.. Sjølsagt gikk det som ein draum, for eg og Svigers blei jo sittande på plattingen utanfor huset deiras, i det nydeliga været..

Mens me prata oss heilt vekk.. Det gikk fra bilsnakk te detta her bLEST greiene mine.. Øve te mimring fra sydenturane me har vært på sammen.. Mens klokkå raste avgårde lika fort som kaffien gikk ner..

Me drog historiar som fikk latteren te å gå varm.. Og når me mimra litt om spilloppene eg og Svigerfar fant på i syden, så lo han så godt at han rista og man formelig såg latteren strekka seg ut i tærna.. Og når bølgene hadde lagt seg, og ei heil ungdomstid nærmast hadde gallopert øve andletet hans.. Så gikk me inn og fiksa dataproblemene..

 

” Tjera vena meg.. Me hadde jabba vekk ei heil kaffikanna, ett par ispinnar og meir eller mindre heile ittemiddagen.. Men, gu kor løye me hadde det.. Goe kaffi va det og.. Takk ska dåkke ha, Svigers.. For ein alle tiders ittemiddag..

 

Eg fikk jo svi litt seinare, når Kånå fant ut at Bodå såg akkurat likadan ut som når me forlot na, på føremiddagen.. Men skitt au, eg tok den på strak arm.. Det va ihvertfall verdt det.. Ett friminutt på 2-3 timar e det lenge siå eg har hatt..

Av og te må man bare spela med og utnytta det man får.. Vil eg tru..

Det kom jo ein dag imårå og, tenkte eg igår.. Og dagen idag den kom som ett skudd den.. Men, av ein eller anna grunn så har dagen idag gått over all forventning te nå.. For når Mini’en kom tuslande i gangen, tidlig idag morgens.. Så høyrte eg han allerede når han kom ut av rommet sitt..

 

” Eg hadde nettopp vært å tømt tanken..

 

Ein plan bare datt inn i topplokket og blei iverksatt på null komma niks.. Eg jumpa inn i midten av sengå våras, og smaug meg innte Kånå.. Og tenkte at nå.. Nå fikk nok Mini’en nåke å tenka på.. Fjotten kom klatrande opp i loppekasså, og eg nærmast høyrte at hjernen jobba på høygir..

Han satt ei litå stund nere i enden, før han tok ein avgjørelse og krøyp ut på vingen.. Mine dedikerte 30 cm.. Og slokna som ein stein..

Igjen lå eg og jubla stille men hemningslaust.. Endelig.. 678 – 1 te meg.. Eg hadde brutt smultringen og endelig fått meg ett poeng.. Eg la meg fornøyd te rette bak Kånå, som snorka så søtt på si sida.. Før eg sovna med ett lite flir om kjeften.. Ett Jack Nicholson flir.. Garantert.. Og vakna ikkje før klokkå tippa 8:45..

Mildt utkvilt og i ett usedvanlig godt humør.. Mini’en hadde fått selskap av Litlajentå, men de lå fortsatt å slumra.. Der ute på vingen..

 

Det blei ein vennlig morgen idag, og ikkje sånne spisse som nærmast klore ut augene på deg.. Ein mjuk morgen som tok meg vennleg inn i dagen..

Heilt te eg oppdaga at dei 2 småtrollå har gumla i seg ett hav av snop.. Mens eg har forfatta detta innlegget..

Gudhjølpe meg.. Eg trur eg får senda ein melding te Svigerfar.. Å høyra om det va meir eg sko hjelpa han med idag.. For her brygga det nok opp te ett haraball, om ikkje lenge.. Heilt klart..

 

Men. men.. Ha ein flott søndag, Folkens.. Det går seg nok te..

 

Kånå, ett par Støvletter og Litlajentå…

Eg må jo bare sei at eg sterkt revurdere kor smart det va, å få Kånå i sving på jobb.. For idag så ringte hu meg når hu va ferdig, og hadde kjørt heim te kidsa.. Mini’en begynte så smått i barnehagen idag, og resten av Flokken hadde kort dag på skolen.. Så Kånå va tidlig ferdig på jobb idag..

Men det hindra ikkje Kånå, som med sitt ørneblikk hadde oppdaga nåken støvletter te Litlajentå..

Til og med på tilbud.. De hadde stått på ett bord før man gikk inn i skobutikken på Aksdal Senteret.. Og nå lurte altså Kånå på kor eg va henne, før hu iformerte meg om detta strålande tilbudet.. Eg va jo tilfeldigvis akkurat ferdig med å levera nåken paller på Senteret, så eg svara jo det då..

 

” Tjera vena meg..

 

Kånå snakka meg jo trill rundt på sitt sedvanliga vis, og før eg visste ordet av det.. Så stod eg utforbi skobutikken, med støvlettene i ein pose..

Men, men.. For all del, Litlajentå trengte jo nye støvletter.. Hu har jo vokst i ein heidundrande fart det sista halva året.. Og kan liksom ikkje arva så mye, av brødrene sine heller.. Liksom..

 

Det va når eg kjørte videre innover i distriktet, at det begynte å siga innover.. Ka som egentlig hadde skjedd, og ka i all verden eg nå gjerna har gjort.. For har eg ikkje egentlig putta Kånå midt i sjølvaste godtebutikken nå, med å ta na med på jobb kor hu levera te ein skokk av butikkar, som hu gjerna prøve å unngå..

Sånn med tanke på at hu e tørrlagt shoppaholiker.. Gudhjølpe meg, – Jammen, det va jo på tilbud.. Det va jo ein av hennas standarduttrykk, før me fylte opp alle rommene i heimen, med ungar.. Eg syns eg høyre na allerede..

Har eg rett og slett gått på ein kjempesmell nå?? .. Det vil vel egentlig bare tiå visa, vil eg tru.. Kånå har forsåvidt holdt seg på mattå i mange år nå.. Spesielt itte Litlajentå blei født, vår første og einaste jenta.. Himmel og hav.. Kånå klarte jo nærmast ikkje å styra seg, kvar gang me va å handla.. Hu bare måtte innom å kjøpa nåke jentebaby klær..

 

” Men, når snuppå blei født og presangane va talt opp, trur eg me hadde nok klær te trillingjenter..

 

Jaja.. Eg får bare satsa på at det går seg te.. Som sagt, akkurat denna gangen så trengte Litlajentå nye sko.. Det visste til og med eg.. Glad blei hu og når Fatter’n kom heim med støvletter, det e ikkje hverdagskost at eg handla nåke hu lika.. Det har liksom vært hu og Kånå si greia det.. Hu såg vel meir på meg med vantro..

At eg kunne handla nåke hu nærmast sugla itte, i det sekundet hu så de.. Det kom nok som ett sjokk på Litlajentå..

Eg som stort sett har kommen hjem med bilar, verktøy og andre maskuline ting.. Men der igjen.. Sette eg igang med ett eller anna som sko skruast i sammen, som Ikea møbler, skifta bremser på bilen og lignande.. Så har det vært hu som har vært medhjelparen, og ikkje gutane.. Eg e ganske sikker på at hu vett bedre ka ein fastnøkkel nr 13 e, enn dei 2 eldste.. Der hu satt og følgte med, mens hu ivrig fant fram verktøyet fatter’n trengte.. Når hu blei spurt..

 

” Merksnodige greier..

 

Nei.. Som eg sa tidligare.. Det går seg vel te.. Eg får bare passa på å gi Kånå nok varer.. Så hu ikkje får tid te å få med seg tilbudene, rundtomkringfallera..

Den beste medisin i nåken tilfeller, e gjerna å utsetta seg for fristelsene..

For så å klara å stå imot.. Det e nok det eg får satsa på.. At Kånå rett og slett får ein slags overdose av tilbud, og te slutt meir eller mindre blir immun mot all verdens fristelser..

Det hadde vært nåke det..

??

 

Idiotiske mannfolk, Småbarnslivet og Kompass..

Idag har me vært på fotballavslutning med Eldstemann.. Ikkje alle då, bare eg å Eldstemann.. Me holdt nesten på å glemme ut klokkå idag morgens, så når Kånå kom joggande opp trappå og lurte på om me ikkje snart sko gå, så blei det forsåvidt liv i heimen.. Sjølsagt hadde eg glemt å sei de ikkje bare sko på Paintball, men og spilla ein intern fotballcup i Haugarhallen itte paintball’en..

Eg øvedrive nok ikkje når eg seie at Kånå blei litt over gjennomsnittet irritert, øve dei nye opplysningane..

I siste liten beskjedar, e ein spesialitet eg har blitt ekstremt dyktig på med årenes løp.. Årsaken kan nok væra så mangt men eg velge å la alderen få ta skyldå.. Nåken fordelar må man nå ha med å vær godt voksen, på ein måte.. Man har lettare for å bli trudd når man seie man har glemt ut nåke.. Ikkje at det fungere som nåke formildande omstendighet for Kånå, tvert imot heller..

 

” Litt ekstra tid burde me jo ha og, når eg ikkje har kommen meg på verksted med gliset våras heller ennå, for å resetta nødmoduset..

 

Men, me rakk det akkurat.. Itte at eg nok ein gang presterte å få Kånå te å lira ut av seg nåke om idiotiske mannfolk.. Det e ikkje alle forunt å beholda roen og harmonien øvefor Kånå, te ein kvar tid.. Eg har vel utvikla ein slags ekspertise innen det område og, vil eg tru.. Ein sjeldent god ein.. Sånn e det bare, når man leve med ein spinnvill flokk med ungar og ei småilter, hissig men stort sett snill Kånå..

Det e vel ikkje stort meir å sei om den saken.. Den e vel meir eller mindre veldokumentert her inne på bloggen..

Det viktigaste va at me fant fram, og kom nåkenlunde i tide.. Det va forsåvidt ei som hadde gått på ein større smell enn meg, og endt opp nesten i Auklandshamn, i stedet for lika forbi Vikse skole.. Men te hennas forsvar så ska det seiast at det ikkje va så lett å finna fram te denna paintball banen.. Som ikkje akkurat lå så voldsomt lettlig te, men langt ute i ødemarka i enden av ein småsleten traktorveg..

 

” Eg va nesten litt i tvil om vidunderet våras ville tåla påkjenningen, men den klarte brasene med bravur.. Foruten litt tåkelegging av dei som kjørte bak oss..

 

Paintball kampene va ein einaste stor suksess, for fotballgutane.. Der de storkosa seg inne på denna banen langt inne i skogen.. Eg hadde nesten forventa både litt sutring og kanskje litt krangel om regler.. Men, det gikk som ein draum.. Ikkje ett ukvemsord blei utveksla og ikkje va det nåken som tok nåke særlig skade av paintball kulene.. Eldstemann fikk seg ein treff i stumpen og ein anna på laget endte opp med litt bjelleklang..

Men alt i alt så gikk det strålande.. Eg trur de hadde det alle tiders der inne i skauen.. Mens paintball geværene gikk varme..

Ittepå va det ein intern fotballturnering i Haugarhallen, kor de va delt opp i 3 lag som spilte 2 kamper mot kvarandre.. Før det blei finale mellom dei som hadde flest poeng, itte innledningen.. Avslutta med pizzakos med foreldre og søsken.. Me sko egentlig på middagsbesøk så me deltok ikkje der, men den blei avlyst i siste liten.. Så Kånå miksa ihop ein kjøttbollemiddag i rekordfart..

 

” Så søndagen te nå har vært fartsfylt, innholdsrik og spennande.. Heilt klart.. Eldstemann har storkosa seg og Kånå har rydda garderoben i gangen..

 

Hu e driftige ser dåkke sjøl om hu har hatt 3 galne små trøande rondt Håland på seg.. Jaja, Eg va hjemom å henta Mini’en itte eg leverte Eldstemann i hallen..

Eg tenkte gjerna ein mindre i flokken heima, ville gjera litt opp for fadesen idag morgens..

Men for ein enkel kar som gjerna ikkje heilt har klart å tyda småbarnslivets kompass, sånn heilt fullverdig.. Så vil vel kvelden visa om man har klart å karra seg på pluss siå..

Only time will tell.. ?

 

Ha ein flott søndagskveld, folkens..

 

Dansa Fandango på ein Halvråten tamp

Mini’en og Litlajentå.. Ein søndagsmorgen.. =D .. Mini’en klara ikkje å slutta å le.. Koffår lese du unna her.. 

Så va det blitt søndag igjen.. Ein søndag som alle andre søndager, eller helgedager for den slags skyld.. Man blir vekka av ett par småtroll som vil stå opp, se barne-tv og ha mat.. Sjølsagt itte de gjerna har sneket seg inn i midten, og holdt et haraball uten like.. Man prøve gjerna å overse de og heller få nåken ekstra minuttar te med søvn..

Men itte dei designerte 30 cm ute på vingen i vår eminente 180 cm brede seng, har blitt te 15 cm.. Så blir man lei av å balansera på kanten av stupet, og står heller opp..

Man komme te ett punkt kor man skjønne at å slumra inn igjen nå, det kan fort bli fatalt.. Å balansera legemet på det allerede begrensa området man har te rådighet, kan i verste fall vær småskummelt.. Når man då blir avspist med halvparten, seie det seg sjøl at ein bitteliten blund kombinert med “maks uflaks”..

 

” Det e som å dansa fandango på ein halvråten tamp, øve Lysefjorden.. Det kan gå begge veier..

 

Så istedet slenge man beinå ut av sengå, og prestere å trø på ein liten haug med leker som ett av trollå har dratt med.. Sjølsagt sånne kvasse som skjære seg inn i fotsålen, og man hoppe te som om man har trødd på glødande kull.. I hoppet kjøre man den vonda tånå rett i veggen, og man ser allerede stjernehimmelen komma mot seg..

Gudhjølpe meg.. “Maks Uflaks” kan eg snart adoptera som mellomnavn..

Eg slapp ut et “Lite” skrik og Kånå spratt opp i sengå, som eit troll fra den berømta eskå.. Tjera vena meg.. Nå hadde man vekka Alvedronningå for tidlig, som fresande lurte på ka i helsikke som foregikk.. Eg va igjen igang med ein fullblods regndans, ihvertfall så godt som det lar seg gjera, mellom sengå og veggen..

 

” Kidsa hadde fått latterkrampe og lå og vrei seg i sengå.. Kånå kikka mismodig på meg før hu rista på hovudet, sa ett eller anna om idiotiske mannfolk, før hu stupte ner på plassen sin igjen..

 

Eg hinka ut av soverommet med to smålurvete småtroll, som fortsatt rista litt av latter, på slep.. Eg skrudde på barne-tv, slengte på ein kaffikopp og fant litt Cowboy frokost te Kidsa..

Enten så komme det detta te å bli ei laaaang dag, i uflaksens tegn..

Eller så kan eg vær så heldig at eg har brukt opp uflaksen for idag, og at herifra og ut.. Så går det bare oppover.. La oss for guds skyld håpa på det sista.. Eg trur ikkje eg tåla fleire smeller idag.. Ihvertfall ikkje på den vonda tånå..

Kanksje eg sko spraya ett godt lag med byggeskum rundt den..? .. Då ville den garantert vært trygg..

 

Jaja.. Ha ein strålande Søndagsmorgen folkens.. Det kjeme seg her og..

 

 

Litt kaffi, ett par joggesko og snart helg.. Juhu..

Stakkars.. De blei dessverre dimmitert idag og.. Itte ein hjerteskjærande test idag morgens.. ??

Ehem.. Ja, man kan vel sei det e nåke meir ømt idag, en det va igår.. Eg trur ikkje det e nåke øvedrivelse.. Ivertfall når eg tok sko på meg.. Det blir nok te å jogga rundt med andakt idag og, siå verneskornå absolutt ikkje va nåke fornøyelse å ha på.. Mulig dei smertestillande tablettane tok litt luven av smertetoppen igår..

For når skornå kom på og eg tok mine første skritt idag, så va det som det skar inn te marg og bein..

Hjølpe meg.. Men nå sitte eg nå her å lar tablettane virka mens kaffien går ner på høykant.. Heldigvis får eg hjelp av Kånå idag, for far min kunne ta ei økt med Mini’en.. Ein Mini som allerede e tebake i sitt ess, and then some.. Man sko absolutt ikkje trudd han hadde operert for nåken dagar siå.. Der han spratt rundt i sofaen som ei fjellgeit igår ittemiddag..

Men.. Gudskjelov.. Det e snart helg, og den kjenne eg komme te å bli kjærkommen.. Hverken meir eller mindre..

Så ha ein god fredag, Folkens..

???

Ein stjernesmell, Oddsrekord og ei Ravblå tå…

Egentlig, så fikk eg litt sjokk når eg kom heim idag og fikk tatt sokkane av, for å ta status på den her berømta litlatåen min.. Ei tå som meir eller mindre blei maltraktart av ei eska eg sko levera te Tess.. For tånå mi såg jo ikkje ut i månaskinn.. Det paradoksale oppi det heila her, det e jo at verneskornå mine, dei e kjøpt på Tess..

Men, for å vær ærlig.. Så trur eg ikkje det hadde gjort nåke fra eller te, uansett ka type vernesko man hadde hatt på seg..

For i løpet av dagen har eg spurt 5-6 stykker med vernesko på, om de kunne kjenna itte om littlatånå va beskytta.. Og ikkje ein kunne bekrefta det.. Alle hadde ei littlatå som meir eller mindre va totalt ubeskytta, ein hadde til og med 2 tær som dingla utforbi ståltånå…. Det e nesten besynderlig kor lite vernesko produsentane, bryr seg om lilletærna te arbeidsfolk rundtomkring..

Sjøl om den e fryktelig mye mindre enn storatånå.. Så gjør det garantert lika vondt, når man mista ein pakka fra ein 30-40 cm høyde, og rett ner på den stakkars lilletåen..

 

Sånn som eg gjorde idag.. Eg vett ikkje heilt ka eg tenkte på der eg stod å sorterte varer, men eg hadde nettopp posta ett lite morgen innlegg på bloggen.. For arbeidslysten den va som sunken i jordå, når eg kom på jobb idag.. Derfor satt eg bak i skapet på lastebilen og kosa meg med ein kopp kaffi, mens eg skribla ner ett lite innlegg..

Før eg fant ut, at om eg sko bli ferdige idag, så va det best å hoppa i det..

Itte ei litå stund begynte det å bli litt trangt om plassen, der eg samla alle småeskene te Frakkagjerd.. Men eg va sikker på at den eskå eg hadde i nevane, ville passa fint mellom to andre som stod i porten min, der eg lasta og sortere.. Men den gjorde ikkje heilt det, den havna liksom litt på skeivå.. Så eg styrte nå litt på for å få den te å passa..

 

” Og akkurat når eg forventa det minst, så glapp eg taket på denna forbaska eskå..

 

Eg hadde trødd den venste foten min litt inn der eg villa ha eskå ner, for å få riksa litt på dei eskene rundt.. Sånn at den eg hadde i nevane sko passa fint inn.. Men når taket glapp kom eskå med det spissa hjørna, susande rett ner på litlatånå.. Meir eller mindre som ein torpedo som traff midt i “Bulls Eye” ..

Herreguud.. Eg spratt te værs og dansa rundt i sluså mi, mens glosene kom som perler på ei snor..

Nett som ein halvtamme indianerhøvding rusa på Peyote, som snakka med åndene fra andra siå.. Bogdan, som lasta på siå av meg, stakk hovudet inn i porten min, med ett skrekkslagent andletet.. Han må jo ha trudd det hadde klikka heilt for meg.. Der eg hinka rundt i ring og banna som ein nordlending..

 

” Eg vett ikkje heilt kim eg va mest forbanna på, eskå som hadde truffet så perfekt.. Eller meg sjøl fordi eg glapp den fordømta kolliet..

 

Det va så forbaska vondt at svetteperlene begynte å pipla fram i pannen, og eg blei jaggu meg litt uvel.. Eg måtte rett og slett setta meg litt ner igjen.. Ellers trur eg at eg hadde gått rett i bakken.. Innimellom smerteriene, som heilt sikkert kunne likestillast med fødselssmerter, klarte eg å klappra ner ein kommentar på Facebook siå mi..

Og ikkje lenge ittepå, fikk eg ein lattermild melding fra Kånå, om eg savna hu der oppe.. Hu e jo heima med pasienten vår, denna ukå..

Tjera vena meg.. Eg va egentlig ganske så glad hu ikkje va der, for nåke vakkert syn der eg satt og syns synd på meg sjøl.. Det va eg ikkje.. Itte ei stund prøvde eg å jobba litt, men det va som om man stakk 1000 nåler i tånå, kvar gang eg trødde på foten.. Gudhjølpe meg, kossen i helsikke sko eg komma meg gjennom denna dagen, tenkte eg med meg sjøl..

Men, det va ikkje anna enn å bita i seg smertene.. Uansett kossen man snudde å vendte på detta, så måtte jo varene ut..

 

Når Kånå har fødd 3 ungar uten så mye som ein paracet i kroppen, måtte vel eg komma meg gjennom ein dag, med ei skadeskutt littlatå.. Med Mini’en så fikk hu faktisk epidural, og angra seg ihjel fordi at hu ikkje hadde gjort det med dei andre.. Men forsåvidt va nå det litt seint å tenka på då.. Det va nesten såvidt eg ikkje bestillte ein epidural sjøl, der eg hinka rundt..

Eg kan fader meg ikkje huska eingang, at eg nåken gang har hatt så vondt.. Og den forbaska eskå som hadde maltraktert tånå mi, den holdt eg nesten på kasta rett i bosscontaineren..

Men eg summa meg i siste liten, det blei for dumt å skylda alt på den fordømta eskå.. Eg måtte vel ta litt skyld i det sjøl og, som ikkje hadde hatt ett bedre tak på eskå.. Men, for å i det heila tatt få detta te, så må man jo meir eller mindre ha maks uflaks.. Det e jo så mange forutsetningar som må innfris, at det e nesten ikkje te å tru..

” Ka e oddsen for at man ska prestera å mista ei eska, på den einaste plassen man ikkje bør og for så å treffa med millimeter presisjon med tuppen av eskehjørna midt på ei lilletå..

Det sko jo nesten ikkje vært mulig.. Det e som å skyta med luftgevær på ein elefant, og tru at man ska ta knekken på den..

 

Men.. Der igjen.. Alt som meir eller mindre ikkje sko vært mulig.. Eller som e så usannsynlig at man hadde fått rekord odds, om man ville satsa penger på det.. Det e det vel nesten bare eg som kan klara å få te.. Heilt utrolig vettu..

Heldigvis hadde eg ein pakke Ibux i bilen, og itte eg hadda lasta ferdig så hinka eg ut å trødde ett par i kjeften..

Kånå og Mini’en møtte meg litt ut i rutå, og ga meg ett par joggesko.. Det va ikkje plass te tånå i verneskornå meir, og det hjalp ganske så mye.. Itte ei stund slo ibux’en og inn og smertene begynte å avta litt om litt..

 

Verneskornå ska eg forsåvidt frikjenna, for dei e egentlig kanonbra.. Og det e som sagt skrekkelig liten sjanse, for at man ska klara det kunststykket eg fikk te idag..

” Eg syns nesten litt synd på skoparet når eg kom heim.. Der de stod i gangen med ett bedrøvelig oppsyn..

Det va som om de følte skyld i at deiras eigar hadde gått i baret, tidligare på dagen.. Men om ikkje tånå blir verre enn den e nå, så ska de nå få lov te å vær med på jobb imårå.. Tjera vena.. Det e alltid best å komma seg kjapt i jobb igjen, itte ett hendigt lite uhell..

Det e nå ivertfall heilt sikkert.. =D ..

 

To meir eller mindre smådeppa vernesko, som absolutt ikkje ville meg nåke vondt.. Vil eg tru.. =D

 

 

Aldri før har eg Skyndta meg Seinare…

Joda.. Sånn ellers så går det jo heilt greit.. Kan man sei.. Eg sko ihvertfall henta Eldstemann på fotballtrening idag, han hadde fått haik med ein aen på laget te treningå.. Så det va ikkje så mye anna som stod på tapetet ikveld, foruten å henta guten.. Jaja, ittemiddagen har forsåvidt gått unna den, med ein Mini som blånekta å ta stikkpiller idag..

Så Kånå blei nødt te å peisa opp på apoteket, for å kjøpa flytande medisin for smertene..

Litlajentå va sporløst fordufta når eg kom heim, forsåvidt Han i Midten og.. De va visst på besøk hos vennene sine.. Men før eg for får henta Eldstemann, fant Kånå ut at det gjerna va på tide å hanka inn Litlajentå, ihvertfall.. Hu fant trollet borte på ein lekeplass i nærheten, og va absolutt ikkje fornøyd med å bli hanka inn..

 

” Eg snakka med mor mi på telefonen når de braste inn dørene, og måtte nærmast bare avbryta med ein gang..

 

De seie jo at likepola magneter ikkje heilt passa ilag, på ein måte.. Og dei to e jo to alen av samma stykke, så når den eine hente inn den andre.. Då kan man vel egentlig ikkje forventa nåke anna enn baluba.. Men trolljentå roa seg fort.. Det va bare te å finna litt mat det, så stilna opposisjonen ganske så kjapt..

Kånå føyk rundt å uffa seg øve utysket så ikkje ville lya, så eg fant ut det va lika godt å komma seg ut dørene.. Sjøl om det va litt tidlig..

Så eg lista meg forsiktig ner trappå og strauk på dør.. Somme dagar e det greit å søka tilflukt i ett kjærkomment lite friminutt, fra hverdagen i småbarnsfabrikken..

Det e ein liten smak av Indian Summer her på vest-landet, så alle vinduene røyk opp i bilen og steroen blei slått på..

 

”  Eg suste nerover hovedveien med vinduene på vidt gap, ein mild bris i andletet og sang muntert bedrøvelig med på Travis sin sang.. “Why does it always rain on me”…

 

Eg rygga galant bilen inn på ein ledig plass, og satte meg godt te i setet.. Det va fortsatt minst 25 minutt te treningå va over.. Så litt nettsurfing i avisene va absolutt på sin plass.. Forsåvidt fant eg ut at eg gjerna kunne gjør nåke fornuftigt, med det samma eg satt der.. For bilen e gått i nødmodus itte mitt lille reperasjons stunt her tidligare..

Så den har mista ein smule effekt kan man jo sei.. Den akselerere ivertfall ikkje som før, det e ihvertfall heilt sikkert..

Men, eg må nok belaga meg på ett lite verkstedbesøk, fant eg ut.. Det va ingen vei utenom for å få bilen ut av nødmodus, ikkje som eg fant ihvertfall.. Eller kanskje eg kan høyra med han eine eg levere varer te, han har jo meir eller mindre verksted på låven sin.. Det va absolutt ingen dum ide, vil eg tru..

Klokkå nærma seg, så eg jumpa ut av bilen og rusla mot hallen for å henta guten.. Men.. Når eg kom inn dørene så va det ikkje ein gutt å sjå fra fotballaget hans.. Null, nada og niks..

 

Herregud.. De va sikkert på gymnasbanene de trente på onsdagen ja, trudde eg.. Men, mens eg sette meg i bilen og fyrte den igang, tenkte eg det va best å ringa Kånå for å sjekka..

Du, det va på gymnasbanene de trena idag.. Og ikkje i hallen.. Spurte eg, nokså forsiktig..

– Ja, eg sa jo det te deg.. Det va det sista eg sa for du e jo så distre.. Svara Kånå oppgitt, før det blei heilt stille..

– Åja.. Jojo.. Svara eg..

Det e vel der du står nå, håpa eg.. Ellers står jo stakkars guten å lura på ka som skjer.. Kom det kjapt fra Kånå.. Nåke mistenksom va hu og, kunne eg høyra..

Jaja.. Tjera vena meg.. Sjølsagt gjør eg det.. Ka du trur.. Løy eg, så vakkert at eg nesten trudde på det sjøl.. Mens eg febrilsk lukka begge vinduene i ein fart, så hu ikkje sko høyra eg kjørte..

Sjå der ja.. Der komme han jo.. Fortsatte eg og kleiste på røyret.. Før eg slapp ein brakfis.. Men angra 4 sekund seinare.. Å spisa nesten ein heil sånn kartong med druer te dessert, det va gjerna ikkje så smart.. Og igjen trykka eg febrilsk på vindusknappane for å få vinduene opp igjen, så eg ikkje omkom av mi egen drittlukt..

 

” Gudhjølpe meg.. Eg må snart læra meg å gjør ting med måte, tenkte eg med meg sjøl..Mens eg gispa inn frisk eksoslukt fra landeveien..

 

Eg ga på det eg hadde.. Men ein sleten V-Klasse i nødmodus e ikkje akkurat nåke hurtigtog.. Og sjølsagt havna eg bak ein så hadde allverdens tid, med å komma seg der han sko.. Kanskje han grua seg te å komma heim te Kånå si.. Ei ilter, småhissige men stort sett snill ei.. Som kanskje va i øvekant trekte for ett eller anna..

Det e vel ikkje bare eg så har klippekort på å gå i baret, minst ett par ganger i vekå.. Me finnes vel overalt.. Til og med i ein Tesla Model X..

På Flotmyr suste eg forbi han og han forsvant i ei braksvart røyksky av eksos.. Det va såvidt eg så frontlyså igjen i tåkå bak meg.. Men skitt au.. Eg hadde ein emergency her.. Vidunderet våras tok høyresvingen i rundkjøringå med bravur, og det kvein i alt som kan kvina.. Før eg suste oppover Skjoldavegen i sneglefart..

 

” Aldri før har eg skyndta meg seinare, men det gjekk så fort som det kunne..

 

Og endelig så vrei eg skilpaddå inn på parkeringen ved gymnasbanene.. Spant øve grusplassen mens eg spratt i taket.. Det va ein haug med svære hull overalt.. Eg trur ikkje eg har høyrt ein bil gi ifra seg så mye ulydar på ein gang, uten å gå totalt i oppløsning.. Det va heilt klart Tysk kvalitet på sitt besta..

Eg nærmast skeinte inn på plass og va ute av bilen, nærmast før den stoppa.. Men eg såg ikkje ett spor av Eldstemann..

Eg formeligt kjente Kånå sin vrede velta øve meg allerede.. Nå hadde eg skutt gullegget, og lagt grunnlaget for ett par kjipe uker i Bodå.. Minst.. Herreminguuud.. E kikka motlaust ut i luftå, å lurte på om det va lurt å ringa Kånå nå.. Og avsløra heile fadesen min.. Bare det at eg hadde bløffa na kom te å svi nåke grassalt i rognpåsen.. Garantert..

Men.. Va ikkje det trenaren som kom gåande der.. Og ett par av guttane på laget..?? Eg holdt pusten mens eg kikka håpefullt på halen av gutar som kom bak han..

Og joda.. Der kom jaggu meg Eldstemann spankulerande og.. Eg hadde kommen meg bort, før de va kommen seg te parkeringen..

 

Eg knakk sammen i kneståande og pusta letta ut, men klarte sjølsagt å fortella Eldstemann om fadesen.. I ett svakt øyeblikk.. Han lova dyrt å hellig at han ikkje sko sei nåke te mor si, itte eg kjøpte 2 oreo sjokolader te han på Spar.. Og fornøyd som få rusla han inn dørene heima.. Eg kom tuslande litt bak, nåke fortumla av heile episoden..

Og når eg kom opp på kjøkken så kikka Kånå nåke småfrekt på meg.. Oioi, tenkte eg med meg sjøl.. E det den dagen idag..

Såpassa altså.. På ein onsdag og liksom.. Nå står ikkje verden te påske, tenkte eg fornøyd for meg sjøl.. Og gjekk bort å ga na ett dualigt kyss..

 

– Æssj.. Kom det ifra Eldstemann..

Hello, my dear.. Sa eg te Kånå, mens eg sendte hu det sultna blikket mitt..

– Ka i all verden sko den ambulansen på gymnasbanen da.. Spurte Kånå Eldstemann..

– Ambulanse.. ? .. Ka ambulanse.. Svara Eldstemann forundra..

– Nei.. Det va ingenting.. Svara hu kontant..

 

Eg va allerede på vei nedover trappå for å henta liggeunderlaget og soveposen.. I forfjamselen øve å ha vært på feil plass te rett tid, hadde eg glemt ambulansen eg passerte med Opelbygget, som kjørte med fulle sirener.. Rett før eg kleiste på røyret..

Så joda.. Neida..

Her går ting meir og meir tebake te normalen.. Meir e det vel egentlig ikkje å sei om den saken..

 

Godnatt…

Ihjelstekte fiskapinnar og potetstappa, som nærmast renne av tallerkenen…

Eg lese litt andre blogger.. Nåken av dei opp i toppetasjen som gjerna e i samme sjanger som meg, og ein del mindre bloggere som meg sjøl.. Som og gjerna skrive om ting i samma leiå så eg gjere.. CasaKaos e nok den eg gjerna kan identifisera meg sjøl mest med av dei der oppe, sjøl om Marte e mye flinkare enn meg te å gjerna ta opp viktige tema på bloggen sin..

Min, eller vår blogg blir nok meir ei slags humoristisk dagbok å rekna, i forhold te Marte sin blogg..

Men innimellom så skrive hu og sånne gapskrattande innlegg, kor man som småbarnsfamilie virkelig kjenne seg igjen.. Og det e vel den bloggen eg kosa meg mest med å lesa, når eg sette meg ner å lese andre sine.. Marte Frimand-Anda har den egenskapen at man ikkje føle hu e ein sånn fulltidsblogger som går rundt med kamerastativ, speilreflekskamera og heila tiå leita itte det perfekta øyeblikket..

Litt som meg sjøl.. Som nesten aldri sette opp arrangerte bilder for at det ska bli heilt perfekt.. Men heller kan bruka ett heilt ok mobil bilde, for å gjenspeila innholdet..

 

For all del, og heilt uten sammenligning altså.. CasaKaos bloggen e nok i ein heilt anna liga enn vår.. Men alikavel e me litt like.. Om man ser vekk fra Marte sin evne te å ta opp viktige tema.. Der eg heller lene meg mest mot hverdagslig humor, istedet.. Eg trur det e litt viktig å ha bloggere som faktisk gjenspeile ein “normal” hverdag.. Bloggere som gjerna har jobb i tillegg te å skribla ner nåken innlegg te dåkke leserar..

Bloggerar som ikkje har tid te å diska opp med sjukt flotte middager i hverdagen..

Men heller ser seg nødt te å slenga nåken fiskapinner på pannå, akkompagnert av potetstappa fra Mills og smelta smør.. For å få den daglige kabalen i ein strabasiøs hverdag te å gå opp.. Bloggere som løpe mellom jobb, henting av barn og fritidsaktiviteter på ittemiddagen.. Og som når kvelden komme ligge som halvslakta gårdsdyr på sofaen, og gispa itte luft..

 

” Og vett at morgendagen.. Den blir akkurat lika strevsom som dagen man nettopp har halt i land.. Med marginar lika små som rognpåsen på ein gullfisk..

 

Det e ikkje mange av dei oppe i toppeetasjen på blogglistå.. Der har de tydligvis tid te å laga fantastiske middager i alle regnbuens fargar, dandert med så mye dill og dall at man nesten får prestasjonsangst av mindre vett du.. Sånne middager som oss med litt øve gjennomsnittet travel hverdag, må gå på restaurant for å få oppleva..

Ka i all verden e galt med ihjelstekte fiskapinnar og potetstappa som nærmast renne av tallerkenen da.. Krydra med ketsjup og smelta smør..

Fastfood som man e pukka nødt te å laga innimellom, for å rekka trampett treningå, fotballkampen og Rg-lek.. Før man finne ett meir eller mindre tørt brød i brødboksen, som nesten kan tas for kavring.. Fordi man i kampens hete glemte å ta opp ett brød tidligare på dagen.. Og må laga toast eller rista brød te kidsa som kveldsmat, for å få i de litt næring før de ska te lading..

Det e jo sånn hverdagen te overtallet av småbarnsfamilier e, enten man lika det eller ikkje.. Eller trur på all propagandaen som mange fremme på sosiale medier..

 

Der man gjerna streba som løver for å fremstå som dei her oppe på topplistå, men aldri heilt klare å komma lengre enn ett perfekt middagsbildet.. Det man gjerna ikkje ser, det e dei skrubbsultne ungane som sitte rundt bordet og venta på å få spisa middagen.. For mor i heimen må ta det perfekta bildet av maten først.. Eller vaskerommet og gangen te sånne overivrige mødre som vil leva opp te idolene sine..

Som nærmast flyte over av klær, rot og lignande. Som dei fleste av oss egentlig har det.. Dei bildene komme aldri på Facebook eller Instagram..

Derfor syns eg det e viktig at man har sånne blogger som vår egen, og forsåvidt CasaKaos.. Som ikkje e redd for å visa hverdagen akkurat som den e, te heile norges befolkning.. Eller ivertfall dei som stikke innom og lese bloggene våre.. Flesteparten storkosa seg med gjenkjennelsesfaktoren, nåken bare nikka samtykkande mens fåtallet blir fryktelig provosert og har blitt tatt på kornet.. Sånn egentlig..

 

” Det e viktig med blogger som gjenspeile den realistiske hverdagen.. Og ikkje sette opp ett umenneskelig urealistisk press øve småbarnsfamilier..

 

Bloggere som lar vanlige husmødre og fedre føla at de e gode nok.. Sjøl om man ikkje laga gourmet middag te familien kvar dag..

Eller diska opp med ubersunne smoothies te kidsa, laga fra bunnen av og opp..

I ein travel hverdag så har man ikkje tid te sånn luksus.. Til helga kanskje.. I ny og ne.. Om man ikkje ska avgårde på fotballcup, stemner eller andre lignande ting som igjen stjele tid..

 

Jaja.. Det e nå ivertfall mi meining, sånn meir eller mindre.. Det e for lite fokus på at ett heilt “normalt” familie liv, det e jaggu meg godt nok..

Spør du meg..

Hverken meir eller mindre.. Men eg får vel sei som Svigerfar alltid seie te meg.. Når han komme med gode velmeinte råd..

 

” Men eg vett ikkje eg, det kan jo vær eg tar heilt feil altså…