Ein Fantastrek som endte i Stjernesmell..

I går kveld,  då holdt eg på å havna i bodå.. Nesten heilt uten grunn.. Ja, eg va faktiskt utforbi og gjorde ett heilt nødvendigt ærend.. Nåke som Kånå ikkje hadde gidda å gjort tidligare, og ikkje turte å gjør igår kveld..

Nemligt å henta ved ute i Carporten..

Eg gjekk ut på trappå for og trekka litt “frisk” luft, og nyta ein kopp kaffi.. Når eg fant ut at eg burde gå å henta ein sekk ved, når eg va ferdig med kaffien og den “friska luftå”..

Det e bare ein myte det at me mannfolk ikkje kan gjør fleire ting, på ein gang..

 

I gåtå som går forbi huset e det fleire lysstolpar, men dei har vært ute av drift i fleire veker.. Så når man runda hjørna på huset e det bekmørkt.. Kånå har ringt og gitt beskjed om saken fleire ganger, og te slutt kom de på igjen..Men sjølsagt så va det mørkt som i graven igjen, 2-3 dagar ittepå..

Men det e vel sikkert nåke sånn kommune byråkrati.. De har sikkert så mye Julalys på nede ved kommune huset, at de må spara det inn andre plasser.. Vil eg tru..

Jaja, eg følte meg fram der ute i mørket og fant vedsekkane.. Og tenkte for meg sjøl at her bør ivertfall me investera i lys, når anledningen byr seg.. Men, eg rusla tebake mot inngangs dørå, og det va då dramatikken sette igang.. Kånå hadde ikkje fått med seg at eg gjekk ut, men det hadde Mini’en gjort.. Og sjølsagt vært så snill, at han hadde låst dørå itte meg..

Kånå hadde vært inne på rommet våras, og prata med Svigermor på telefonen.. Så når hu va ferdig og kom tuslande ut i stuå, la jo sjølsagt hu merke te at nåken tok i dørå..

 

Tjera vena meg..

 

Her i distriktet har det vært ein haug med innbrudd, og masse advarsler i aviså og på nett.. Om nåken tjuvradder som for og kjente på dørene rundt omkring i distriktet.. Det hadde til og med vært ein svær politi akjson, lika i nærheten av her me bur.. Så når Kånå såg at dørhåndtaket blei tatt i, gjekk hu i full unntakstilstand der inne..

Eg høyrte hu hysja på Flokken før hu lavmælt ropte på meg, med ett snev av panikk i stemmen.. Kidsa sendte hu inn på våras rom før hu durte ut mot vaskerommet, sikkert for å sjekka om det va låst der..

Mens hu fortsatte å ropa på meg med dempa røst, nå med litt stigande desperasjon i stemmen.. Eg såg heilt klart muligheten for å kjøra ein liten skøyarstrek på Kånå.. Så eg luska meg rundt hjørna te vaskeromsdørå, og tok i dørhandtaket der og, når eg høyrte Kånå skritta inn..

Kånå gispa te der inne, og spant ut i stuå igjen..

 

Eg skyndta meg videre rundt hushjørna og mot terrasse dørå, å sko akkurat te å kjenna litt på den og.. Men då såg hu meg ute i mørket, før eg fekk nådde fram.. Ellår det vil sei Kånå såg ein krumbøyd skygge i nattens mulm, og stivna te som ein stokk, midt i stuå .. Armane røyk opp te kjeften før hu slapp ut ett lite desperat skrik..

 

 

Eg innsåg sjølsagt alt for seint, at nå hadde eg muligens dratt denna spøken litt for langt.. Så eg skyndta meg mot inngangs dørå våras, og banka på.. Me har jo ringeklokka, men eg tenkte at den skingrande ringeklokkå kanskje hadde blitt for mye akkurat då, i den tilstanden Kånå va i..

Men eg trur ikkje akkurat det va ett sjakktrekk, for det blei musestille der inne.. Så eg gjorde meg te kjenne og prøvde å sei at det bare va meg.. Maen hennas..

Gudhjølpe meg.. At detta gjerna va langt over middels på skalaen av ka som e greit, når man kjøre ein liten fantastrek på Kånå.. Det formeligt lyste ut av augene på Kånå.. Eg hadde vel egentlig forstått det allerede utenfor vaskerommet.. Men i iveren itte å ha det litt skoi, hadde den fornuftige hjernedelen slått seg av.. Eller blitt overmanna av den irrasjonelle delen..

For det va lenge siå eg har sett Kånå så sint.. Kanskje ikkje siå den gangen når eg farga alle Lucia klærnå te Kidsa rosa.. Kvelden før Lucia feiringå i barnehagen, for nåken år siå.. I iveren itte nåken bonus poeng, i ein ellers travel hverdag..

Eg måtte dyrt og hellig lova å aldri, ALDRI, finna på nåke lignande.. Då kom hu te å riva pongane av meg, ittepå..

 

Det va ikkje anna å gjør, enn å legga seg flat som ei pannekaka..

Mens eg med den eina håndå på hjarta, måtte lova å aldri skremma hu sånn igjen..

Mens den andra håndå, bakom ryggen..

 

Lagde ett diskret lite lygekors.. Det e jo best å ta sine forhånds regler.. Man vett jo aldri når ein god mulighet te litt humor i hverdagen, byr seg..

 

Svoger min, Svigerfar og den berømta Gulrotkakå…

1b457fe8b4998bbd59d416e0fbc43415
Bildet fra www.godt.no

″Me vil sjå film….  Ropa de i baksetet

Me va på vei te byen i selskap igår, i den “nye” gamle bilen vår… Flokken digge an, eg har skrudd meg ihjel på an og Kånå bare klaga på an… Sjøl om hu ikkje har kjørt an ennå…

Det e ein -97 mod. Grand Voyager med kaptein stolar og dvd spelar i taket, det e det flokken lika.. Men an e mørkegrønn metallic, har kremfarga interieør og ein bulk her og der..

Nåke eg ikkje e heilt sikker på at Kånå e så fornøyd me…

Men hjølpe meg, me ska ikkje vinna konkurransar med an. Den ska frakta oss fra A te B …

For all del, eg ska ikkje legga skjul på at det gjerna ikkje e nåke smykke… Men an starta kvar morgen ( Te nå…) , går så ei klokka og bruka masse bensin…

Sånn e det… Man kan ikkje få alt i ein bil, se ska romma meg, Kånå og heile Flokken ..

 

Men me sko jo i selskap, det va det eg sko fortella om… Ellår ikkje akkurat om selskapet.. For det foreløp seg så alle andre selskap pleie å gjør, for vår del…

Ganske kaotiskt, på ein måte.. Men det gjekk nå forsåvidt skrekkelegen greit igår, egentlig… Flokken va ikkje heilt på styr, sikkert fordi me mangla Eldstemann så e på ferie hos Farmor å nyte ungkarslivet…

 

Jaja, me hadde jo nesten ikkje kommen inn dørene.. Før min kjære svoger begynte å fortella om kakå han hadde laga…

Gulrotkaka til og med…

Det følgte jo med ein heile forklaring på forskudd om koffår han hadde baka denna her kakå … Nåke om loddtrekning og jobb.

Eg fekk det ikkje heilt med meg…

 

Nesten før han hadde begynt denna her stolte beretningå om kakå, forstod eg kossen resten av kvelden kom te å bli, for meg…

Et evigt ” Jaja, Frode… Sjå ka han der svoger’n din kan !!” både i vokabulær og blikk form, fra Kånå…

Og eg hadde ikkje tenkt på det eingang, før det kom…

″Ja … An kan det, han der svogeren din Frode… Sa Kånå ..

″Kan ikkje huska at du har baka, dei siste 10 årå ..? … Gneldra hu videre…

Eg satt der me kjeften fulle, men det rant heldigvis ikkje øve..

Det kunne blitt stygt…

Når man har høyrt på ein tirade i fra heimante og te byen, om denna her “Bilen” hu ikkje akkurat e heilt fornøyd med … Så kjente eg det begynte å bli varmt i toppen… På ein måte…

Og eg har “blikk” eg og…

Så eg sendte Kånå ett ” Hvis ikkje du tia nå, så blir det ikkje julakvelden på deg på leeeeenge… ” blikk….

Så sjølsagt virka akkurat lika godt, som eg hadde trudd …

Eg fekk et blikk i retur ….  Nakkahårå reiste seg, hjernebarken frøys te is og frostrøyken stod ut av kjeften på meg, mens tennå fekk klapperslange refleks ..

Når eg kom te hektene igjen, gjekk eg og satte meg ved bordet, langt fra Kånå…

For sikkerhets skyld..

Eg havna ved siden av Svoger min, se va i god gang med å legga ut om denna her berømta Gulrotkakå si…

″Ja, gjekk med ein kg gulrøtter vettu… Fortalte han ivrigt øve bordet, te Tantå te Kånå..

Svigerfar satt på siå av hu, og fulgte sånn halveis med…

Eg helte kaffi oppi te meg sjøl, og sendte an videre te Svigerfar… Sjølsagt kunne eg spurt om han ville ha, og skjenka oppi te han..

Men det har eg gjort før, for nåken år siå …

Den gangen smila han så fint te meg og sa

″Ja. takk ska du ha… Du e nå flinke og du Frode…

″Jojo, takk takk og værsego… svara eg, øverraska av detta uventa komplimentet …

″Ja .. Du hadde vært ett godt kåneemne te ein homo… repliserte han… Mens latteren humra heilt i fra knernå og opp…

Så itte den gangen, får han skjenka seg kaffi sjøl… Eg e enkel sånn… Eg e ikkje langsint… Eg syns bara det e te pass te han…

Skoyar han der svigerfar…

 

Men Svoger min satt altså der å la ut om baking, fremgangsmåte og oppskrift med Tantå te Kånå…

Se følgte interresant med…

Hjølpe meg, her sitte han å diskutere bakverk, så om han e reine mesterbakaren…

Det e jo tross alt bare ei Gulrotkaka..

Kor vanskeligt kan det vara da?? .. Det e vel ikkje nåke hokus pokus… Nåken ingridienser oppi ei bolla, litt omrøring før man skuffa na inn i ovnen…

Sko jo trudd det va årets begivenhet..

Det e jo ikkje det… Alle vett jo at han e flinke i heimen..

 

Det hadde vært ein mye større sensasjon om eg hadde surra i hop ei kaka… Så ikkje har baka på minst 10 år…

I følge Kånå…

Då burde man liksom fått litt “kred” for å ha fått te nåke… Når man gjør nåke uventa..

Jaja, det ska jo ikkje alltid handla om meg.. Må jo gå an å tåla at andre og fremsnakka seg sjøl litt.. Det e jo ikkje som om eg og svoger min har nåke konkurranse om å vær best liksom…

Ikkje i det heila tatt…

Uansett har eg slått an ner i sokkane når det gjelde å laga ungar..

Så nåke e nå eg og best i… Uten tvil .. Tenkte eg for meg sjøl…

 

Mens eg tok ett stykke av denna her allerede godt fremsnakka gulrotkakå..

An legge jo liksom listå høgt og då, sitta der å legga ut om denna kakå, så han har baka…

Fallhøgden blir jo bare større og større, jo meir han legge ut om na.. Spør du meg..

E jo lov å vær litt ydmyk.. På ein måte..

 

Eg sette skjeiå i kakebiten og putta an i kjeften… Og begynte å tygga…

Gudhjølpe meg og herrens hærskare…

Eg fekk nesten umiddelbart ein sånn euforisk smaksopplevelse i munnen… Kakebiten smelta som smør på pannå i kjeften…

Eg sleit med å skjula gleden øve smaken av ei perfekt  gulrotkaka… Bakt av svoger min..

Aldri før har eg smaka ei gulrotkaka, se smaka så godt… Kremen på toppen satt perfekt te resten av kakestykke…

I iveren klarte eg ikkje å hindra nåken godlydar slippa ut innimellom tyggingå..

Hu smaka så godt, at eg turte nesten ikkje sjå opp eingang… Å eg så egentlig nesten ikkje likte gulrotkaka, eingang…

 

″E det godt, Frode… Spør svoger min…

Eg kunne prøvd å lata som om hu va heilt middelmådig, men kvart muskeltrekk i fjeset hadde fortalt sannheten…

Det va ikkje aent å gjera, enn å ta nederlaget så det va… Å innrømma at den gulrotkakå va nåke av det besta eg har satt tennå i, på kakefronten.. På lang, lang tid…

 

Og innimellom fjuskingå te “god”bilen på vei heimøve, mens Atlantis gjekk øve “storskjermen” i taket og flokken begynte å siga inn i dvalemodus…

Tinte Kånå opp igjen og… Der hu satt og så mismodigt på det kremgula interiøret…

Når eg snudde meg mot na, smilte og sa…

″Eg bare tulla med det “Julakveld” blikket , altså….

Myggen…

Satt å leste litt på den gamla bloggsiå, når eg kom øve denna…

Så i dissa myggtider, komme det ein liten oppfordring, ellår huskeregel …


 

Gammalt visdoms ord fra Karmøy, se eg høyrte frå an Kristian Valen….

“Det e ikkje før ein mygg landa på rognposen, man skjønne at ikkje alt kan løysast med vold”

Ha ein strålande mandag….   ;-D

Utedassen …

Utedass-6-800x600
bilde fra www.bygdeband.se

Eg stod opp i dag morgens med flokken, ivertfall halvparten av an… Dei to eldste har funnet ut at loppekassen kan brukast lengre enn te akkurat klokkå 0600…

Morgenen starta alltid med ett smell her, det e egentlig heilt greit det.. Då vett man egentlig ka man har å forholda seg te, liksom..

Mini’en komme stort sett inn te oss og kosa litt, før han tar av så ein apekatt på speed …

Idag kom Litlajentå rimelig tidligt inn og, hu har bursdag idag så det va vel spenningå så ikkje va te å holda ut lengre…

Hu va ikkje nåke aent enn ett stort flir… Og man kunne sjå spenningå lå tjukt utenpå na…

Me fant fram “standardpakken” , så alle bursdagsbarn får her i heimen… Ein stor muffins med lys på, nåke å drikka og pakken fra mor og far… Og så synge me bursdag sangen…

 

Itte endt tradisjon så stod eg opp med de, og gjekk inn i stuå.. De sette seg fint foran tv’en og koste seg med muffins og saft …

Ei litå stund seinare, kom Han i Midten ruslande ner..

Eg hadde funne roen ved kjøkken bordet og hadde trakta meg ei kanna med kaffi… Det må ett par koppar med kaffi te om morgenen, for og få maskineriet i gang… Minst..

Det e ikkje nåke slaraffen liv å holda styr på denna her flokken .. Så dei minuttane de sitte fint å ser på barne tv… Dei må nytast…

Men sjølsagt så smelle det gjerna i søndre regionar, itte at kaffien har gått gjennom systemet…

 

Og ett besøk på “Litlahuset” melde seg…

 

Det e her man blir litt i villrede, her i heimen… For e det ein ting så e sikkert her i verden, så e det at i det sekundet man sette seg på rammå… Og e i god gang med det man gjør på “Litlahuset”, itte litt for mye kaffi…

Så e ragnarokk i gang inne i stuå…. Det slår ikkje feil…

Det kan vær fullkommen harmoni når man liste seg forbi kidsa, og ut på dass…

Men det e akkurat som om man slår på “Ragnarokk-Brytaren” i det man slippe ett saligt sukk og oppdraget på rammå har begynt…

Ubevisst har de fått med seg at nå e det fritt fra, på ein eller anna måte…

Uansett kor stille det har vært når man sneik seg forbi, eskalere det te ett inni helsikkes rabalder i stuå…

Man ende opp med halvgjort oppdrag springande ut fra badet, med dasspapir hengande fra bukså…

Gudhjølpe meg…

Man vil jo ikkje vekka Kånå og hennas vrede for avbrutt skjønnhetssøvn hellår…

 

For å ikkje glemma dei gangene det sjølsagt e tomt for dasspapir…

Han i Midten e gjedna i full krangel med Litlajentå og all bruk av innestemme e forsvunnet som dugg i plettfritt solskinn…

Man kunne sikkert høyrt de te Island…

Man kikka fortvila rundtomkringfallera, itte papir… Men finne ingenting…

Crescendoet i stuå e i ferd med å nå lydmuren..

Det ligge ein pakke bomull innen rekkevidde, men man slår det fra seg .. Det kunne blitt ein utfordring…

Man gir opp…

Og prøve hellår å nå dørå for å få låst, før Kånå står med kjevlå i dørå… Men e akkurat for sein… Og får ei øvehaling man seint glemme…

Jammen , eg gjekk jo på dass når det va stille, prøve man gjerna å sei… Men tale for døve øyrer…

Dagen e gått i dass, bokstavlig talt…

 

Eg har liksom fått ein ny forståelse for konseptet “Utedass” … Og har i seinare år begynt å innsjå kor genialt det egentlig va…

Det trenge jo ikkje vær “Utedass” i den forstand se me tenke og huske, me så e gamle nok te å huska det …

Sånn så det va i gamle dagar, på ein måte …

Verden har jo gått videre, liksom..

 

Nei, koffår ikkje ein oppdatert utedass…??

Ein utedass anno 2016… Med innlagt vann og kloakk… Gjerna varmekabler i golvet, ett kjøleskap med øl og ein flatskjerm på veggen… Innlagt internett, spotter i taket og ett sånn luksusklosett med varme i setet…

Helst plassert såpassa langt unna huset, at man ikkje høyre ett fnugg av lyd… Og i god avstand fra alle Kåner’s vrede av avbrutt søvn…

Langt fra hverdagens galskap, så oppstår itte man har forlatt åstedet…

 

Ein aen grunn te å ha an langt fra huset, e ein episode fra barndommen så eg huska godt…

Når Onkel satt på utedassen i Gurihuset, og søskenbarnet og søstår mi, lurte seg opp på loftet…

Åpna vinduet og musestille løfta de på ett par av takpannene… Utedassen henge fast i Gurihuset, feriehuset te Onkel og tante …

Rett unna de, sitte Onkel og lese aviså, mens tanken blir tømt…

De tømme ei svær mugga med vann, rett i pappen på Onkel ….

Full oppstandelse, Onkel i full fyr ut av utedassen fly forbanna … Søstår mi og hennas medsamsvorne fyke te skogs…

 

Herlighet….

 

Jaja… Ein liten digresjon der…

 

Men….

 

Eg trur detta kunne blitt ein slager, eg altså…

Aldri bli forstyrret på toalettet igjen, kjøp “The Utedass 2.0”

Eneforhandler “Boden Incorporated” ….

 

Alt aent fra gammalt av blir jo “IN” igjen…

 

Så koffår ikkje Utedassen og…

 

Utedassen 2.0  … Anno 2016 ….

Harry Bosch, Kånå og meg…

AR-303239993

 

Eg satt i min trofaste godt innsatt sofakrok, med ett glass Cola Zero, ei krimbok skreven av Michael Connelly og ei skål med Paprika chips fra. Kim’s, som eg på sedvanlig vis strødde rundt meg i sofaen..

Mens Kånå svinsa rundt med støvklut, vaskefilla og mopp, som mot normalt.. Trudde eg..

Harry Bosch hadde havna i trøbbel så eg va heilt oppslukt av, kossen han i all verden sko komma seg ut av denna knipå.. Når eg langt vekke fra den enkle virkeleghetens verden, høyrte at Kånå fortvilt prøvde å få kontakt..

Så mens eg med ein små irritert bevegelse legge bokå ner, ser opp på Kånå.. Som står med armane godt planta i hofte feste midt på golvet, med ei streng mina om fjeset..

Nåke som sjølsagt betyr trøbbel.. Mildt sagt

.. Då såg eg meg nødt te å svara ..

 

“Ehh, ja, sa du nåke?” .. spør eg, og slenge med ett varmande smil..

 

I ett forsøk på å få “formildande omstendigheter” med i dommen som eg uansett viste eg komme te å få..

Ittefulgt av ett panisk forsøk på å skjula chips smulane, rundtomkringfallera i sofaen..

 

” E du klar øve at me ska ha visning her i mårå???” .. Komme det i fra Kånå, nåke kvasst, om eg sko få beskrevet det nøyaktig..

” Ja, kan skjønna det..” Svara eg..

” Ka tenkte du på?”.. datt det ut av meg..

 

Og i det samma sista ordet i den setningen va sagt, visste eg at nå hadde eg tråkka i salaten, med begge skornå på..

“Formildande omstendigheter” va mildt sagt flydd avgåre med vinden, som suste godt rundt hushjørna utenfor..

 

” KA eg tenkte på ?? ” .. Svara hu med moppen..

 

Og om eg sko få beskrevet tonefall å meining nå, på ett rettferdig vis..

Så trur eg dåkke får venta te eg e ferdig med å vurdera kor mye skade den moppen kan gjør med ein stakkars “uskyldig” mann, på 1.5m avstand.. Ellår nåke lignande.. Men mildt det va det ikkje, det e ihvertfall heilt sikkert..

 

Akkurat nå, så misunnte eg Harry Bosch litt, som tross alt “bare” va i ei litå kattepina med ein massemordar med 13 liv på samvittigheten, mens eg hadde ei lett ilter, irritert og smått aggressiv 4 barnsmor som stort sett e snill, med ein morderisk mopp i håndå, foran meg..

 

Tjera vena meg..

 

“Nei, eg tenkte gjedna at du kunne ta å løfta rævå di ut av sofaen, legga den “jæ…piiiip…piiiip..la” bokå ner og jør det du sko jør, når me kom hjem fra mor di !!” .. Sa Kånå, med store bokstavar.. På ein måte..

 

Eg tenkte långt og lenge på om det nå va lurt å tenka øve ka eg sko svara, eller om eg bare sko gjør som hu sa med ein gang.. Men før eg fant ut at det egentlig hadde sagt seg sjøl, så va det forsåvidt for seint..

Så nå sitte eg her på alle fira, å skure golvet i “Bodå”… Så den blir representabel te visning imårå….

Mens eg tenke at livet hadde vært så ufattelegen møkje mindre komplisert..

Om eg hellår hadde vært ein husløs, avdanka og små alkoholisert etterforskar, i Los Angeles på jakt itte masse morderar..

Enn ein massebarnsfatter’n med hus te salgs, visning på gang og ei Kåna på krigsstien !!

 

Ja… Nettopp , det vil eg tru…

Karma e ein lunefull mekanisme…

3784928624

Endelig…!!!

Itte år med dårlige forklaringar på koffår eg ska få sova bitte litt te, istede for Kånå i helgå… Så klara eg å hosta opp ett eller aent se hu beit på…

Fleire år med tapte diskusjonar, dårlige argument og ett par spark i ryggen … Bare for å få den little halvtimen ekstra…

 

For før resten av bøtteballetten har funne ut at nåken i huset e oppe, så starta småbarns fabrikken opp med ett par sørlands snekke poff, koseligt og roligt i starten..

Men så, itte ett kvarter e motoren gått varm… Då høyrest det meir ut se ett par lavtflyvande Hercules fly i heimen, og det e nærmast umuligt å få blunda nåke lengre….

Men ka skjer idag når eg endelig klare, på ein uforståelig måte å få Kånå te å stå opp, nærmast uten diskusjon…

Jooda, mens eg ligge der i loppekassen å småfeire min fysste seier på år og dag, kjenne eg at halsen har slått seg vrang, nasen e tett som ett 30 år gammalt dieselfilter og hovudet kjennes ut som om det e 10 nr for lite og kvart puls slag e som tortur….

 

Umuligt å sova ett sekund meir, her må man ut på badet for å medisinera seg, og då e det gjort…

Endelig, når eg sko få halvtimen min, så går det rett i dass..

På toppen av det heila så klare eg å få strekk i rævå når eg jumpa ut av sengå, skalle hove i skapdørå på badet når eg leita itte paracet og knuse tånå i dørkarmen på vei ut igjen ……

Ain’t karma a bitch???

Fjols te fjells… Eg, Kånå og Flokken…

Hytteturen fra i vinter… Skikkelig kjekt ja.. ????

 


Me e på fjellet, på hyttå te søster mi. Den eg skreiv om her tidligare ein gang, kor eg gleda meg te litt hvilepuls i hverdagen og oppladning av slunkne batterier. Men kom hjem på randen te sammenbrudd, både fysisk og psykisk itte kun ei helg med vinterlige strabaser i fjellheimen.

Jaja, det va gjerna å setta det litt på spissen, me hadde det jo fantastisk, her oppe. Men eg fekk nåken utfordringar eg ikkje hadde sett heilt komma, for og sei det mildt.

Men nå e me her igjen, Eg, Kånå og Flokken på tokt igjen. Det e ganske artigt og vettu, når du komme opp å trør inn i leiligheten, for så å kjenna litt på følelsen, at til og med hyttå krympa seg litt og sikkert tenke

ÅNEI, ikkje dei igjen… Eg se hadde gleda meg te å slappa litt av, i helgå… ooooffff…  

Eg kan jo lett forstå, at det ikkje så lett å gløyma oss, og nå e me ein te i flokken siå sist og. Han se va te hevings sist gang me va her, sjølvaste Mini’en, The Prince of “Fantaskap” …

Eg hadde jaggu meg krympa meg litt eg og, hadde eg kjent ryktet te den sneipen. Egentlig e eg litt øverraska av at me får lov te å låna denna herlighetsplassen av søster mi. Men for all del, det kan jo vær hu har ein baktanke med det.

Eg rekna nå ivertfall med at hu e godt forsikra, både inni og utforbi, denna her hyttå, ellår leiligheten då, se det egentlig e.

Me for ivertfall tidligt heimante ifra, på fredag, så me slapp den verste trafikken på vei opp. Parkerte utforbi i 4 tiå og fekk lasta inn all bagasje, ungar og mat. Eg hadde jo lest innlegget mitt fra sist gang me va her, mange ganger, så eg hadde forberedt meg betrakteligt mye bedre og følte meg litt meir erfaren, denna gangen.

Så mens Kånå rydda te alt det praktiska inne, tok eg med meg ungane ut, for å kosa oss litt i snøen. Dei to eldste gutane ville gå og aka i den “famøse” bakken fra sist gang, klok av skade lot eg de bare få ta seg ut. Med den godt planlagte og strålande unnskyldningen om å ta meg av dei andre småtassane. Ikkje om det smalt i himmelen hadde eg tenkt å slita meg opp den bakken igjen.



Eg og dei to minste trollå, lagde snøhula og rant på rumpeakebrett, rett utforbi hyttå. Men, itte ei god stund ute begynte det å bli kjøligt, så me tuttla oss inn. Eg har ikkje meir enn fått av meg uteklernå, før Eldstemann komme ilande te, med ei alt for sannsynlig historia, te at hu kunne vara sann.

Det e løye det, kossen du utvikla sånne vibber mot altfor godt forklarte hendelsesforløp, fordi nåke gale har skjedd. Når ungane komme og fortelle “ka” se har skjedd og legge ut litt for mye om det se har skjedd. Og du merka at di allerede har begynt å gi deg unnskyldningen sin, bare godt forkledd…

Lura litt på om mor mi og utvikla sånt nåke… ? 😉

For nå kunne ikkje Han i Midten komma seg opp bakken lenger, for han hadde “ramla” ner ett godt stykke, itte det Eldstemann hadde og fortella. Han hadde til og med “prøvd” å hjelpa han, men då hadde Han i Midten visstnok blitt sint, og slått itte han. Så Eldstemann fant ut det va best å henta hjelp.

Eg, se for 2 minutt siå, nettopp hadde avslutta avklednings prosedyren, her oppe i fjellheimen. Blei nødt te å setta igang med påklednings prosedyren, men droppa skibukså. Rekna med at han kom seg opp for egen hånd, at litt “pappamotivering” sko holda for å få røyskatten opp igjen.

Men, som forventa fekk eg heilt motsatt versjon av historiå, fra der nere i bunnen av den bratte bakken, han hadde sjølsagt blitt “skubba” ner og Eldstemann “ville ikkje” hjelpa han opp. Og nåke motivering virka ivertfall ikkje, om muligt blei han bare endå meir bestemt på at han ikkje klarte å komma seg opp igjen, av seg sjøl.

Tjera vena meg.

Eg hadde ikkje lyst te å traska ner i bara dongeribukså med snø te livet, for å få denna fjotten se hadde gått i lås der nere, opp. Men eg vett og, at når han e gått i lås, kan det ta ei stund før me finne kombinasjonen se løysa han opp, igjen. Så itte litt meir nyttelaus motivering, se kan ha gått øve te litt “lett” kommandering, endte eg opp med å stupa ner bakken, alikavel.

Sjølsagt heilt bokstaveligt, ja, gjerna i øvekant av bokstavligt og.

Og når guten kom sutrande inn te Kånå, sto eg utforbi, fullstappa med snø i alle åpningar klernå kunne ta imot, og litt te. Og rista meg i ei støvsky av snø, som ei våryre gardabikkja se akkurat hadde hatt årets fyste bad.

Kåna hadde fått detta latter greiene i knernå igjen, og sleit med å stå oppreist, der hu sto og hiksta. Men hadde heldigvis fått fyr i ovnen. Så itte eg fikk skifta te tørre kler og varma meg litt foran ovnen, begynte eg å ana konturane av kossen denna helgå kom te bli. På ein måte.

Eg gjekk og la meg om kvelden, med vissheten om sist gangs begivenheter friskt i minne, men tenkte nå litt på at oddsen for nåke sånt kunne skje igjen, va nødt te å vær mikroskopiske.

Og jaggu meg, så våkna me te strålande ver, ja nærmast påskestemning va det her oppe. Ikkje ett vindpust, plussgrader(såvidt) og sol fra blå himmel. Ungane va til og med i ett strålande humør, og lekte parvis inne i stuå på harmonisk vis, som om de aldri hadde gjort aent.

Om, det rett og slett va starten på ei perfekt fjellhelg, ellår det motsatta…?

Det får dåkke lesa om i neste episode, av Fjols te Fjells – Eg, Kånå og flokken del 2.

 


#helg #vågslid #tur #vinter #fjellet #hyttå #familie #blogg #hverdag

Mini’en, Sparkesykkelen og to Luringar…

2016_03_23_16-1975755-12-1458825408721


Me gjekk ein liten tur te lekeplassen igår, i finveret som fordufta, te idag.. Eg hadde vært i “Bodå” og henta sparkesyklane te kidsa, ellår kanskje gjorde Kånå det og, eg huska ikkje heilt.. Då e det best å ta med at det gjerna va hu som henta sparkesyklane, så slippe eg å få kjeft fordi eg har tatt æren for nåke hu hadde gjort..

Gud hjølpe meg..

Akkurat som denna her bloggen basere seg på, at eg har tatt æren for nåke hu har gjort. Hadde eg gjort det, hadde eg ikkje hatt tid te nåke aent enn å skriva blogg. Det e nå ihvertfall heilt sikkert. Eg blir jo andpusten bare av å tenka på alt det hu gjør, om eg ikkje sko tatt æren for det og..

 

” Eg skrive jo stort sett om alt det eg forsåvidt ikkje gjør, på ein måte.. Ellår det eg gjør feil.. Ihvertfall..

 

Men, nok om det.. Me va nå i ferd me å rusla avgårde, Litlajentå og Mini’en stod klar i innkjørselen våras med kvar sin sparkesykkel.. Han i Midten ville og vær med, men itte å ha inspisert kles koden hans, blei han sendt inn for å kle seg litt bedre.. Ikkje det at det eg brydde meg, men eg vil jo tru naboane muligens hadde begynt å lura, når han kom sparkande i pyjamas buksa, ein alt for liten jakkegenser og ei Darth Vader kappe oppå.. Som forventa, va viljen te å gjør som me foreldre ga beskjed om, omtrent lik null.

Men itte litt upedagogisk kjøpslåeing, kor guten har utvikla fryktinngytande gode forhandlings egenskaper, så blei me enige. Me får bare håpa at kravene me hadde gått med på, blei glemt i nærmaste framtid.

Endelig va me klar, og sette avgårde mot lekeplassen.. Me bor midt i ein sving med oppøve bakke eine veien, og logisk nok nerøve bakke den andre veien.. Og snaraste veien te lekeplassen va nerøve.. Det hadde tydligvis Mini’en og tenkt.. For, før både eg og Kånå har tenkt oss om, så sleppe han seg avgårde nerøve bakken.

 

Kan han med denna her sparkesykkelen i nerøve bakke ?? .. spør eg Kånå..

Eg vett ikkje.. svara hu, mens hu kikka litt bekymra på meg..

– Svarte, salte bananer.. Utbrøyt eg… og sette i firsprang, itte fartsfantomet som va på vei nerøve bakken i full fart..

 

Mini’en, som e i pur ekstase suse som ett prosjektil nerøve på sparkesykkelen, har ivertfall ingen bekymringar om han kan detta, ellår ikkje.. Han leve itte mottoet “Alt må prøvast, Går det bra, så går det bra.. Nåke hemningar eller sperrer som forsåvidt Litlajentå har, dei har ikkje den guten lært seg ennå.. Og i mitt stille sinn e eg redd for om han noengang vil gjør det..

Han hyle av fryd der han akselerere nerøve, og som eg sa så e jo detta i ein sving.. Men det virka ikkje som om Mini’en ensa det, han har strake veien mot veikanten..

 

– Breeeeems..!! Kauka eg itte han, litt småfortvila..

Fjotten snur seg spørrande.. Hæææ…?? .. Svara han..

-Sjå framøve, for helsikke.. Ropa eg nåke meir fortvila..

 

Nå begynne rattet på sparkesykkelen å vingla litt, og Mini’en har oppdaga veikanten.. Det e ikkje vanskeligt å sjå der eg komme halsande i hælene på an, at nå e ikkje Mini’en heilt sikker på ka an ska gjera.

Men, så legge an bare elegant venstre foten i asfalten, som ei brems…. Legge ein liten sving på rattet te venstre, og skjeine så fint inn te full stopp..

Før han kikka tebake på meg som komme galloperande, nåke mindre elegant og grasiøst, itte an.. Sette opp ett tindrande stolt smil, med ett frydefullt blikk i augene.. Ett blikk som bare ein på 2 snart 3 år, kan få te.. Før han  seie.. – Kuuuult.. Sempe kuuuuult, pappa.. Mens eg bare pusta letta ut, og sige i sammen som ein tomsekk av lettelse på siå av an.. Før Kånå og Litlajentå komme spankulerande forbi..

 

– Gjekk jo bra det.. Seie Kånå, med ei lattermild grimasa om andletet..

– Ja, han gjør jo det heila tiå nesten.. Legge Litlajentå te..

 

Det går nåken sekundar før det går opp for meg, at her har jaggu meg Kånå kjørt ein liten spøk.. Og har med fullt overlegg latt meg tru at detta kom te å gå te skogs.. Ellår te sjø’s, siå han hadde strake veien mot tjernet, som ligge nerforbi veien.. Eg holdt på å slenga ein kommentar men tok meg i det..

Av alle ting, så e det eg som har vært mest “hønemor” opp gjennom årå..

Når me har vært ute på tur med ungane, og de begynne å klatra både her og der.. Kånå såg jo ikkje farene rundtomkring fallera, og va jo stort sett heilt avslappa.. F.eks så kunna de jo tross alt detta ner fra den 40cm høge steingarden, og slå seg i graset.. Så det va vel ikkje meir enn ka som va fortjent.. Akkurat den.. Egentlig, så va det ganske morosamt..

Sett sånt i ittetid.. 

;D

 

Samsung Mobil’en – Ein liten utfordring, på ein måte…

standard_Lysbilde2

 

I forrige uka, va det mye krøll med Facebook… På mange mobiler fikk man ikkje opp “Innleggene” på bloggen.. Det einaste se kom, det va profilbildet og ikkje så mye meir…

Eg såg at mange andre Facebook sider ikkje hadde detta problemet, så eg begynte å få litt panikk om det bare va mi sida se sleit…

 

Men så kom det fram itte litt hektisk mail-utveksling med Facebook, at man måtte oppdatera Facebook appen. Så ville det ordna seg igjen… Og at nåken andre “Sider” og hadde slete med samma problemet…

Men for ein av mine samarbeidspartnere gjekk det fortsatt ikkje..

Han Skjalg på Herrmannbutikkene…

 

Så snille se eg e stakk eg innom for å sjå om eg ikkje kunne hjelpa han med detta.. For han fekk ikkje te å oppdatera appen på mobilen sin…

Ein Samsung sak av ikkje akkurat nyaste modell.. Og eg fant fort ut at Skjalg va rimelig i øvekant fornøyd med denna “oldtids” saken av ein mobil…

Så når eg sette igang med å oppdatera denna “antikviteten”, holdt det jo på å gå lukst te skogs…

 

Sjølsagt klarte eg å trykka på ett eller aent, så at halve samlingen av appar på mobilen, sette igang med å oppdatera seg…

Og mobilen begynte nesten å ryka se dragsuget fra ein rånar, se spant blårøyk i ring.

Detta va an tdligvis ikkje vant med.. Og eg kan jo tenka meg at det gjerna e derfor han har holdt ut i såpassa mangen år..

An har vel aldri blitt oppdatert før, ikkje vett eg..

Når det sto på se verst, va heldigvis Skjalg opptatt med ein kunde i butikken. Så eg fekk lufta ut den versta røykluktå, før an kom tebake… Og oppdateringå va ferdig..

Men, fortsatt kom ikkje “museumsgjenstanden” inn på bloggen.. Det va full stopp…

 

Eg rulla nerøve innleggene, og plutselig så kom me inn på ett innlegg. Ett innlegg fra når bloggen lå på Blogg.no..

Og Skjalg lyste opp.. Der kunne eg sjå, det va ikkje mobilen det va nåke gale med. Men den nya bloggsiå mi, sa han, triumferande..

 

Eg kunne der og då, ikkje aent enn te nøds vær enige.. Men, sjøl om eg fortsatt hadde ein mistanke om at det va den “utdaterte” Samsung saken sin feil..

Så blei me enige om at eg tok kontakt med dei se levere bloggplatformen, for å sjekka ka se kunne vær feilen…

 

Som sagt, så gjort…

Og itte litt intens telefon utveksling, og ditto mail korrespodanse.. Falt det i det stora og heila ner på at detta “fossilet” av ein mobil, sannsynligvis ikkje takla det nymotens bloggdesignet eg har på bloggen nå…

Ellår muligens kunne det vara at operativ systemet te “antikviteten” måtte oppdaterast…

 

Hjølpe meg…

 

Så nå e dilemmaet her… Kossen ska eg få sagt detta te Skjalg, uten å såra stoltheten hans for detta se i hans auger e ein “vidunder” mobil… ?

Og komme denna “oldtids” saken, te å takla nok ein oppdaterings sekvens.. Uten å brenna ner heila Aksdal senteret…

 

Eg trur bare eg skrive her te slutt..

 

To be continued……..

Hjulet går rundt, men hamster’en har daua….


 

Ungane sitte og ser på Barne-Tv, dei 3 minste ivertfall. Eldstemann e blitt for stor, proklamerte han igår, det gjekk fort, tenkte eg. An va jo liten nok i forrige veka…

Det e mye se skjer, nå for tiå, med ungane, alle sammen.

Litlajentå e blitt ganske så trasige, Mini’en bestemt og Han i Midten på 7 e blitt ein reinspikka opportunist.

Og Eldstemann e for stor te Barne-Tv…

Jaja, det e faser i barndommen, som de må igjennom. Det e ein øvegang, som far min alltid seie.

 

Men av og te, så e det skrekkeligt slitsomt, detta her.

Det tenkte me ikkje på trur eg, eg og Kånå. Itte me hadde fått heile denna gjengen te verden.

Kossen det sko gå, sånn med sammensetning, faser i livet og harmoni i heimen.

 

Idag så sko Han i Midten gjør lekser, og klara å lura Kånå te å tru, at han gjør leksene bedre, hvis an sitte med stuebordet.

Sjølsagt så gjorde han ikkje det, det gjekk jo rett i dass.

For an klare jo ikkje sitta i ro.

Det e akkurat som om man har satt ein kaktus på plassen han sitte på. Det går opp og ner, sidelengs og tebake, te slutt så datt han, med hovudet fyst i parketten.

Då får eg nok, og plassere han med kjøkkenbordet, så e det ivertfall håp om at han blir ferdig, før soloppgang.

Men då elga Litlajentå seg inn, og begynne å irritere an, så godt se bara hu kan.

 

– La han sitta i fred med leksene nå, e du snill .. seie Kånå te na..

– Nei…. svara hu.. 

 

Eg slippe det eina øyra fri, så eg får med meg detta her. Eg har mistanke om at ein liten stillingskrig, e under oppseiling.

 

– Tiril…!!

– Mamma… !!

– Kan du lya nå…!! 

– Nei, du må lya nå.. !!

– Tiril Emilia…!! … 

 

Oi, nå har Kånå kjørt “begge navnå” kortet, då begynne hu å bli i øvekant irritert. Å alle se har ungar, kan tonefallet her.

Eg kikka bort på Litlajentå i skjul av kaffikoppen, hu har fyrt opp hard-disken og eg ser an går på full guffe. Hu vett akkurat ka se foregår nå, så nå kalkulere hu garantert risikofaktoren, på sitt neste svar.

 

– Maaammaaaaa !! .. svara hu, te slutt… Imitasjonen e nærmast perfekt… 😉 

 

Hu har, akkurat se meg, ressonert seg fram te at det fortsatt e ei litå stund, te Kånå sprikke.

 

– Nå e det nok…. 

– Nei, du e nok.. 

– Kan dåkke slutta nå, så eg får gjort leksene i fred… bryte Han i Midten inn…. 

– Hørre du, Tiril… Nå må du la Leander jobba i fred, med leksene…

– Du må jobba i fred… replisere Litlajentå kjapt.. 

 

Kånå løfta det eina augabrynet. Og eg høyre ett “gisp” på siå av meg.

 

 

Eldstemann har og fått med seg forestillingen, og sitte musestille og følge med.

Eg sitte å lura på om det e smart, å henta litt chips og brus, te showet som pågår. Men eg slår det ifra meg. Det hadde blitt for åpenlyst. Sjøl om Kånå, har tatt augabryn trekket.

Både eg og Eldstemann, e klar øve ka me bivåne nå, det e maktkamp mellom alfahunnene i flokken…

 

– E du frekke i munnen din ?? .. spør Kånå, nåke kvast…

– DU, e frekke i munnen din… svara trollet… 

– Ska du rett i seng, Nå ?? .. 

– Nei, du ska i seng…. NÅÅÅ! … 

 

Tjera vena meg.

 

 

Eg trur ikkje mine egne øyrer, ikkje Eldstemann heller. Han i Midten prøve febrilsk å snakka te Litlajentå. Men hu kikka Kånå rett i augene. Stillings krigen e komplett.

Kånå reise seg.

Litlajentå sitte, akkurat se ein gepard, følge hu bytte sitt med augene.

Kånå går imot na.

Litlajentå krumma nakken, klar te sprang.

 

Stemningen e elektrisk, eg høyre den nervøse pusten te Eldstemann. Han i Midten har gitt opp førsøkene med å snakka Litlajentå te fornuft, og følget dramaet fra orkesterplass.

Hadde nåken av oss guttar i huset, prøvd oss på nåke lignande, hadde me vore maltraktert og sendt i Bodå, for lenge siå…

 

Så skjer det nåke me i vår villaste fantasi, aldri hadde trudd kunne skje. Kånå bøye av, svinge te venstre og går mot gangen. Eg kikka på Eldstemann, og det e som å se i ett speil.

Hjulet går rundt, men hamster’en har daua….

Hjernen går for fullt, men ingenting e tekobla, for detta e jo umuligt.

Har Litlajentå utmanøvrert Kånå, itte kun 4 års erfaring ??..

 

Så seie Kånå…

 

– Detta får du ta deg av, Frode…..! … Før hu svinge inn på badet, lukke dørå og låse.

 

Itte nåken sekund, letta tåkå i hjernen, men det e fortsatt dugg på koblingane.

…..

Eg kikka bort på Litlajentå.  Mens ett kaldt gufs, stryke øve nakken min….

Trollet sitte som hu satt.

……

Med ett flir om kjeften…

…..

Ett Jack Nicholson flir…

Mens eg lura på om eg nettopp, va vitne te ett strålande sjakkmatt trekk, ellår om Kåna gjekk på ei smell… ??

;D


#familie #smell #sjakkmatt #Kånå #bodå #pappa #blogg #torsdag