Ein torsdags Morgen i mild Koma..

Eg sitte bak i skapet på lastebilen på jobb og svelge unna ein kopp kaffi, regnet trumma taktfast på taket og ein skokk med varer står å venta på meg.. Det e ein sur morgen.. Ikkje ein sånn vennlig morgen, med solå som gløtta fram i horisonten og ikkje ei sky og sjå på himmelen.. Idag va det jaggu meg tungt å gå på jobb..

Til og med beinå e enige med meg idag, det de henge som to søkkvåte tømmerstokkar fra livet og ner..

Ikkje fikk eg sova skikkelig igår heller, eg bare lå og vrei meg itte eg hadde lagt meg.. Uansett ka posisjon eg prøvde å ligga i, så va ikkje kroppen fornøyd.. Fortærande greier.. Så.. Når eg endelig hadde funnet roen og nesten hadde forsvunne inn i søvnens kjærlige svøp.. Då kom Mini’en jumpande inn i sengå, og rigga seg te der i midten..

Tjera vena meg.. Det e som om man får ein muldvarp oppi sengå, der han styra på for å legga seg te retta.. Drog i dynå te den store gullmedaljen, og eg endte ute på vingen igjen.. På mine dedikerte 30 cm..

 

Den fjotten sovna jo på ett blunk itte ei romstering uten like.. Mens eg låg igjen med ein liten flik av dynå, og va igjen lys våken.. Eg vurderte ei stund å bæra han inn i sengå si, det e ikkje optimalt når han komme så tidlig.. Men då kan man fort gå på ein kraftige smell, og så våkna han halveis gjennom gangen og vekke Litlajentå og..

Då har man klart det stora, og klara garantert å vekka Kånå sin vrede i samme slengen..

Og gud forby om man vil det.. Får ikkje hu riktig dose med skjønnhtssøvn, har man med ei drageheks å gjera den påfølgande dagen.. Så eg beit meg i det og gjorde nok ett forsøk på å dulla meg sjøl inn i nattens rike igjen.. Joda, det va jo lettare sagt enn gjort, når man har ein fotballsparkande Mini ved si sida.. Som sove lika roligt som ein skrubbsulten akvariefisk..

Eg vett ikkje heilt ka klokkå va når eg sovna, men siste gangen eg kikka på den.. Så tippa klokkå akkurat halv 2..

 

Så nå sitte eg her på jobb.. Nærmast i koma og forsøke å våkna litt te med ein kopp kaffi.. Eller bek rettare sagt.. Ska ikkje akkurat skryta den der kaffimaskinen opp i skyene.. Men det e virkestoffene som e viktige idag, det å kjenna koffeinen som langsomt får liv i ein øvetrøtt kropp.. Smaken får komma i andre rekka.. Heilt klart..

Nei.. Det e vel bare å hoppa i det.. Varene springe ikkje på bilen av seg sjøl.. Det e tross alt torsdag og idag.. Snart helg..

Humøret dukka vel opp i løpet av morgenen, vil eg tru.. Det springe aldri langt vekk.. Eller foran meg.. Eg tar det stort sett igjen før klokkå åtta.. Nå har jaggu meg trommekonserten på lastebilskapet slutta sin taktfaste symfoni og.. Kanskje dagen ikkje blir så aller verst alikavel.. Det e det fortsatt ingen som vett..

Man får vel bare skrida te verks.. Vil eg tru.. Ingenting blir gjort av seg sjøl, hverken jobb eller godt humør..

 

Ha ein strålande torsdag, folkens.. Forhåpentligvis finne eg den te slutt og.. Uansett.. Så vant Liverpool igår og kvilifiserte seg te Champions League..

Se det ja..

Der kom jaggu meg ett lite smil i munnviken her og.. Det e aldri så gale at det ikkje e godt for nåke..

???

Dagen då livet blei snudd på Hovudet..

[easy-image-collage id=6154]


Det va den 5 juli, for litt øve 4 år siå…

At Storken bomma med timingå og leverte Mini’en 6 uker for tidlig.

Dagen då livet blei snudd på hode.

 

For det e ikkje te å komma ifra, at den guten hadde det travelt. Eg å Kånå blei nåke betenkte, når me fant ut at 4 mann va på vei.

Men me blei enige te slutt, at 4 ikkje kunne vær så mye verre enn 3…

 

Nåken ganger i livet, så tar man feil. Man vett det gjedna ikkje med ein gang, men sånn litt itte litt så sige det inn, at meir feil, det har man aldri tatt i heila sitt liv.

For all del, det e jo ikkje sånn at me angra på at me tok feil. For gudhjølpe meg, det e ikkje grenser for kor mye glede, latter og tårer denna karen har gitt oss…. Men av og te, så sko man ønskt, at de kom med sånn Power knapp… Dei her små trollå..

Ein sånn knapp, du bare trykka på når du itte 14 nye rampastrekår på rad, ikkje vett kor du ska gjør av deg meir…. Du e så sleten, at du hadde gladeligt solgt sjelå di, for 1 time uten nåken nye fantastrekår…

 

Nåken forvarsel i spedbarnstiå, det fekk me jo. For der Litlajentå og forsåvidt Han i Midten, blei skrekkslagne for den minste ting. Så hylte Mini’en av fryd, når Litlajentå i ett ubevokta øyeblikk kom øve an, sittande i vippestolen. Og ga an såpassa med fart, at det va rett før an spratt utav heile stolen…

Ellår når me la an fint på mattå, unna uroen, men 2 minutt ittepå fant an igjen borti ett hjørna av stuå. Gjedna nåke småirritert fordi han ikkje kom lengre…

Tjera vena meg, kor feil me hadde tatt…

 

Men, hjølpe meg kor kjekkt me har hatt det og… Somme kveldar, itte at alle ungane har lagt seg, kor eg å Kånå endelig har fått parkert i sofaen. Så har me bare sett på kvarandre, tenkt det samma og brøte ut i krampelatter…

Gjedna bare pga. ett bleieskift, men heilt sikkert ett bleiskift fra ein aen verden… Fjotten låg jo aldri i ro..

Ellår når an klatra oppi sofaen, og klarte å ramla ner, mellom veggen og sofaen, og satt bom fast… Kånå måtte holda an i beinå, mens eg drog sofaen litt ut. Mens detta MiniMonsteret, hylte av skrekkblanda fryd, når Kånå dro an opp igjen….

Og då an hadde ein periode, kor all mat kom i retur, på dei løgnaste måtar. Gjedna så brukte an skeiå me graut, som ein katapult og lagde ei flott rosa me babygraut, midt i pannen på Pappen. Og satt med ett lurt flir å venta på at Pappa sko le, ett Jack Nicholsen flir…. Gjekk jo ikkje an å prøva å vær alvorlige, eingang….

 

Eg kunne holdt på te imårå, med å fortella om all rampen han har funne på, og det blir stadigt nye, lagt te i rampebokå hans…

Men uten den little Emil klonen, så hadde det gjedna ikkje blitt noen blogg..

 

E jo heilt gale og, skriva blogg, eg liksom… Kim gidda å lesa det da. ?? … Eg huska eg logga meg inn på Blogg.no, og oppretta denna siå, registrerte meg og trykka enter…. For så å sleppa ut et skrik, nett som han Kristian Valen, når han parodiere Åndenes Makt…

“iiiiiik”…

Så kleiste eg Pc’en igjen, og turte ikkje å logga meg inn på 3 uker… For så å setta meg ner, itte dei 3 ukene, og begynte å overføra ein god del fra Facebook, inn i blogg’en….

Trykka “Lagre og Publiser” og håpte på 50-60 leserar…..

 

Nå e det stort sett opp imot 1000-1500 Kvar dag…  Ein gong hadde eg 3800 stykk, på ein dag..

Det e jo heilt sprøtt….

 

Men tusen takk….. Te alle som kikka innom, og syns det e kjekkt å lesa om oss…

Ein små spretten familie, med 4 små i hus….. på 4,6,9 og 12….

 

Tusen hjertelig takk…… ;-D

 

Frode bodde i Boden..

Eg blei tipsa om ein lite kuriositet idag, av bror min som bor i Bodø.. Nemlig ein sangtekst fra Karpe Diem.. Sangen hette Sminke og i refrenget har de jaggu meg ei strofa om Boden..

 

[perfect_quotes id=”6148″]

 

Eg skvatt litt te.. Men det vise seg i ittetid at Karpe Diem heilt klart bare har vært forut si tid, eller mi tid.. Siå sangen va på deiras 3 album, som kom ut i 2010..

Men alikavel.. Artig sammenstreff..

=D

Eit lite Gjøkeredet i hverdagens Solskinn..

Mini’en på ferde i lekerommet.. ??

Når eg hadde levert siste pakken idag og suste heimover, va det med vissheten om at ett lite forfriskande friminutt i ein strabasiøs hverdag venta på meg, i ittemiddag.. Eg sko kjøra Han i Midten på karate trening.. Jaja, som einkvar glede før eller seinare vil erstattas av sorg, oppveies einkvar fordel i livet med ei ulempa.. Det kan eg glatt skriva unna på.. For eg hadde nærmast ikkje trødd inn dørene, før Kånå forsvant andre veien..

Hu sko avgårde på RG-Lek med Litlajentå, og hadde fått ordna seg med skyss av naboen som og sko der.. Igjen heima satt ein meir eller mindre mutt og absolutt lite sammarbeidsvillig Han i Midten..

Mini’en satt på loftet og leka med lego, sammen med nabogutten.. De har blitt ett lite radarpar, men eg merka at nabogutten av og te blir metta av heile Mini’en.. Eg kan forstå han eg.. Han e ein liten klegg når han legge sin elsk på nåken.. Det e ivertfall heilt sikkert.. Men i dag så kosa de seg nå sammen der oppe, mens man høyrte den her sedvanliga raslingå fra legoen.. Han i Midten satt i sofaen klistra foran tv’en og nekte å gå på trening..

Eg har ein mistanke te at det va derfor Kånå hadde det så travelt med å forlata åstedet.. Hu hadde heilt sikkert hatt sin fulle hyre med å få han klar før eg kom heim, men sikkert gitt opp i forsøket ett stykke ut på oppløpet..

 

Tid e som ein god aldrande vin, man sette aller mest pris på den når man bare har litt igjen.. Men nå va det snart tomt, og klokkå nærma seg styggelig 17:00.. Han i Midten klaga seg øve vondt i foten, men hadde ikkje hatt nåken problemer med å hoppa på trampolinen hos ein kompis tidligare.. Eller slå hjul ute på lekeplassen.. Så det lå vel litt i kortå at han såg litt svart på akkurat denna første karate treningå, itte ferien.. Det e litt besynderlig og, for når me først komme der, så kosa han seg glugg ihjel..

Men det ei ein lang vei fra sofaens trofaste svøp, te å krypa inn i karateklærnå og komma seg avgårde.. Te slutt så vant Fatter’n maktkampen i siste liten, og fjotten gjekk og kledde seg..

Eller muligens så va det lovnaden om ein is, når treningå va ferdig som gjorde susen.. Ingenting kan vær så fruktbart for viljen te å lya sine foreldre, som ein liten bestikkelse.. Me jogga inn på bydelshuset ett par minuttar forsinka, men guten rakk akkurat oppvarmingå.. Og når Fatter’n hadde fått kaffien sin, Mini’en funnet lekerommet så lød det taktfaste og høylytte karaterop fra treningsrommet.. Friminuttet va begynt..

Det va blitt ein vennnlig ittemiddag te slutt, som omfavna ein sliten massebarnspappa.. Som endelig fikk eit lite øyeblikk for seg sjøl.. De e vakre dei øyeblikkene.. Nett som om man har tatt nåken tablettar med solskinn..

 

Men.. Som eg sa innledningsvis.. Glede blir fort te sorg, og fordel blir trumfa av ulempe.. For itte ett lite iskalas på veien heim, kor Mini’en nærmast endte opp som ein snømann.. Så måtte eg hjelpa Eldstemann med leksene.. Matematikk.. Gudhjølpe meg og herrens hærskare.. Eg va aldri ein racer på brøk og det har ikkje forandra seg med årenes løp.. Nåke som for meg bare bekrefte mi meining fra min barndom, at brøk va meir eller mindre komplett meiningslaus lærdom.. Eg har jo aldri brukt brøk te nåke fornuftigt, hverken før eller seinare..

Det starta forøvrig akkurat passe.. Ka va 1 sjuende del av 14 som me itte litt lett resonering fant ut måtte vær 2.. Men itte ett par oppgaver te i samme duren, møtte med jernteppe.. Ett blytungt teppe av rustbefengt jern, som lå foran mitt matematiske hjørna i hjernebarken..

2 brøkar sko adderast og eg huska ikkje i min villaste fantasi kossen me gjorde det.. Ikkje Eldstemann heller.. Kånå bare løfta hendå som om nåken gjorde ett brekk her i heimen, og meldte seg ut kjappare enn svint.. Og spant nerøve trappene og for ut.. Va det her man sko ganga den eine brøken med den andre, før man gjorde ett eller anna aent logisk..?? .. Det stod heilt stille.. Ikkje va det mye hjelp i Google heller, ikkje som me forstod ivertfall.. Så me utsatte akkurat den oppgavå te imårå..

Akkurat der og då, føltes det som det einaste retta og gjør.. E man i tvil, så legg det til sides og sov litt på det.. Istedet for å driva grøftegraving i hjernebarken itte ett matematisk mirakel..

 

Eg satte ei kaffikopp i kaffemaskinen og skrudde den på.. Før eg måtte ner å hjelpa Mini’en med å få skornå på seg, Han sko ut ein liten tur.. Litlajentå for å svansa rundt og gjorde ingenting og alt.. Rotet hang som ein malstrøm i hælane på hu, så man trengte ikkje lura på kor hu hadde vært.. Det va bare te å følga rotet fra gangen og inn på rommet hennas.. Han i Midten va sporlaust fordufta igjen og Kånå klaga seg øve at huset såg ut som ett sodoma.. Ein ganske så normal dag i vårt lille gjøkeredeparadis..

Magen begynte å rumla mistenkelig, så eg satte meg på rammå å glodde litt på nettavisene, før eg kom på kaffien eg hadde satt på.. Helsikke, den e sikkert iskald nå..

Eg spant opp på kjøkken itte endt oppdrag på dass, og sette koppen i mikroen for å få litt lunk på den igjen.. Når Eldstemann ropte at han trengte hjelp på dataen oppe på rommet sitt, asap.. Som sagt så gjort.. Det tok litt lengre tid enn først beregna, og når det va gjort så rydda eg litt i loftsstuå.. Kånå hadde egentlig ganske så rett.. Det såg jaggu meg ikkje ut i heimen idag.. Men ka i all verden kan man forventa på ein tirsdag i heimen te ein massebarnsfamilie da..

Eg hadde vært meir bekymra om huset hadde vært 110 % på stell, med skinnande sølvtøy og 4 ungar i skinnande kjole og matrosdressar.. Det hadde vært bekymringsverdig det.. Heilt klart..

 

Dørå smalt plutselig igjen nere i gangen.. Mini’en kom inn igjen.. Då går det 2 sekund før man først høyre ein sko som treffe veggen, før den andre treffe lika etterpå.. Det e som å sjå Nils i Mot i Brøstet.. Eg tulle ikkje ein gang, de e som 2 dråpar vann på det området.. Ein gang klarte han å senda støvelen i ein perfekt bue, øve seg sjøl før den traff utgangsdørå bak han, med ett smell.. Og han brøyt ut i ett triumferande brøl, øve sin kunstneriske ta av sko manøver.. – Så du den, Tijil.. Sa han førnøyd te søster si..

Det e nesten ubetalelig å bivåne, vettdu.. Når han e i retta humøret.. Han brølte opp at eg måtte komma ner å hjelpa han med nåke.. Så eg jogga ner trappene fra loftet, og forbi kaffikoppen som stod å kjølna i mikroen på kjøkken..

Bare for å få beskjed om at han ikkje trengte hjelp alikavel.. – Ed klarte det sjøl, pappa.. Sa han stolt, itte å ha åpna glidlåsen på jakkå si.. Sånn gjekk meir eller mindre heile ittemiddagen og kvelden.. I ett bankande kjør te kidsa va parkert i ladekassane, og nærmast slokna før de traff lakenet.. Skole og barnehagestart tar tydligvis på, for 2 småtroll som nettopp har hatt ett halvt års ferie.. Det e litt morosamt og, når det glade vanvidd omringe deg i hverdagen.. Så e det forsåvidt mange plasser å gjemma seg..

Nåken ganger kan man flykta inn i latteren, andre ganger inn i den bunnløse fortvilelse.. Eller man kan frivillig luska seg ut i boden, med ein kald kopp kaffi og sitta å studera Edderkoppane som blunka dovent mot deg..

 

Eg.. Som e alltid har vært livredd for edderkoppar.. Eg vett det, det e jo heilt latterlig.. Høydeskrekken min og ett lite snev av klaustrofobi har forsåvidt ein slags logikk.. Men når eg plutselig blir overraska av ein svær hårete edderkopp som dingla foran augene på meg.. Så går nærmast all sjølkontroll totalt i oppløsning.. Eg blir som ein fisk som ikkja har fanaring om at den leve i ett akvarium, og spinne rundt min egen akse som ein planet på villspor..

Men det e vel gjerna sånn, innimellom.. At ein liten tur i Bodå blir eit slags Gjøkeredet i hverdagens strabasiøse mørke..

Det blir ein plass man flykte, for å bli frisk fra småbarnslivets glade vanvidd.. Sjøl om man aldri har vært sjuk.. Man sko ønska man kunne drukket opp ei flaska med solskinn og kvitta seg med litt tungsinn, sosial angst og forbigåande dårlig selvtillit.. Men det spille vel ingen rolle.. Når bølgene har lagt seg og man rusla nåke mindre stressa inn i heimen igjen.. Boden blir ein knagg man kan henga hverdagens uro på.. Et sted kor oss stille undertrykte helter av dårlig timing, får samla tankene før de bryte ut i ett skred i alle retningar..

Som sagt før… Ydmykt dyrka me håpet om ei meining med tilværelsen.. Mens tiden går som ein virvelvind, ett dragsug man aldri komme ut av..

Man vente på ein fortsettelse som aldri kommer…

 

NEEI.. Då røyklegge me jo halve byen…

Du hendelse..

Man kan vel virkelig sei at denna søndagen har levert varene, sett sånn familielivmessig.. Me har feira Eldstemann her i heimen idag, for han har bursdag.. Så me stod opp relativt tidlig, og fyrte opp ein muffins med lys og rusla opp trappene te rommet hans.. For å vekka han på tradisjonelt vis, som me gjør her i heimen.. Kor me overlevere ein presang på morgenkvisten, med ein muffins med lys akkompagnert med Happy Birthday i alle tonearter som finnes..

Sjølsagt når lysene e tent kommandere Kånå meg te å ta bilder med mobilen min, ein mobil som meir eller mindre va tom for strøm.. Så eg spurta nerover trappene og inn i stuå, på leit itte speilreflekskameraet..

Som forsåvidt hadde strøm, men mangla minnekort.. Herreguud… Kånå kauka så stille som hu kunne fra loftsstuå, kor i helsikke eg blei av.. Eg kviskra irritert tebake at eg nå va på minnekort jakt, som sant va.. – Drit i kameraet å kom og syng, din dust.. Brølte hu tebake.. Tjera vena meg, åsså lura hu på kor kidsa får dei her ukvemsordå ifra.. Jaja, eg gjorde som eg fikk beskjed om, og luska opp trappene mens eg stemte i på Happy Birthday..

 

[perfect_quotes id=”6128″]

 

Kånå fiska plutselig mobilen sin opp fra lommå, og begynte å knipsa bilder.. Eg kikka perplekst på na og andletet mitt uttrykte tydligvis sterk forbauselse.. Hu bare kikka trassig på meg med ett blikk man ikkje legge seg ut med, og knipsa videre.. Eg tenkte mitt men klarte å holda styr på kjeften, for ein gangs skyld.. Eg va jo ikkje ferdig med å synga Happy Birthday, så det ordna seg egentlig sjøl.. Det ska Kånå vær glad for, eller eg.. Det får me forsåvidt aldri vita..

Det kunne blitt ein anna historie.. Det e alltids ein anna historie, det som skjer ittepå.. Når blikkene e vendt ein anna vei.. Men idag va de vendt mot Eldstemann.. Det va hans dag idag..

Itte presangen va pakka opp og me hadde sunget ifra oss, for denna gang.. Så gjekk me ner i stuå igjen.. Eg satte meg med laptopen, med Kleggen klint te mi venstre sida.. Han såg på barne-tv.. Litlajentå va fortsatt oppe på Eldstemann sitt rom, og stjal te seg litt sjokolademuffins, når Eldstemann ikkje fulgte med.. Det gjekk jo som det måtte gå, og hu fikk meir eller mindre passet påskrevet av Eldstemann.. Når han tok na på fersken.. Hu hadde sikkert gumla i seg halve muffinsen hans då, den der rampajentå..

 

[perfect_quotes id=”6129″]

 

Seinare på dagen, itte ett inn/ut av heimen bonanza fra dei 2 minste, så kjørte me på McDonalds for å spisa middag.. Eldstemann hadde bestilt det.. De får lov å bestemma middag og på bursdagen, så me ende stort sett opp der.. Foruten ein gang eg og Eldstemann hadde fiska makrell te den store gullmedaljen.. Då ville han ha makrell.. Det va jo superpopulært, itte 3-4 makrellmiddager i forskjellig format, dei siste dagane.. Så me endte jo opp på MacDonalds då og, for å stilna protestene te resten av Flokken..

Det e måte på kor langt man kan dra eit makrellmaraton.. Eg trur Eldstemann va fornøyd te slutt, den gangen og.. Ikkje hadde me fleire makrell oppskrifter igjen heller..

Men, tebake te idag.. Me pakka Flokken i vidunderet våras, og suste mot middagsstasjonen.. – Pappa, kjør bånn gass.. Kauka Mini’en.. – Nei.. Brøle Han i Midten.. – Då røyklegge me jo halve byen.. La han te.. Han har forsåvidt rett.. Eg trur gjerna ikkje turboen på vidunderet våras e heilt med sine fulle fem.. Så når man trør litt ekstra på gasspedalen, står ei ravnsvart røyksky ut fra eksosen.. Og bilane bak oss forsvinne i ei tåkesky av olja og eksos..

 

[perfect_quotes id=”6130″]

 

Så eg tok det rolig og parkerte fint utanfor McDonalds.. Klok av skade fikk me ut av Flokken ka de ville ha å drikka og spisa, før me gikk inn.. Ellers kan det fort bli ramaskrik ved bordet.. Når ein har fått milkshake, og han som fikk Cola plutselig vil ha det samma.. Eller omvendt.. Nå går me ikkje ut av bilen, før alle har bestilt.. I det øyeblikket me har forlatt bilen, e matbestillingen stengt.. Det funka egentlig strålande.. Og har gitt oss litt etterlengta ro med bordet..

Men idag, va Han i Midten i storform.. Og begynte forsåvidt ett lite haraball, når me nesten va ferdig.. Kånå oppdaga som meg alarmsignalene tidlig, og sendte meg, Mini’en og Eldstemann ut dørene..

Mens hu, Litlajentå og Han i Midten kom etter.. Eit lite vulkanutbrudd blei avverga og belønna med ein liten Pokemon Go jakt nere i sentrum.. Det gikk jo egentlig strålande.. Med kjørte på tomgang rundt omkring og tok Pokemon stopp te den store gullmedaljen.. Men.. Så gikk det som måtte gå.. Og alltid ende opp, med oss.. Ein eller aen legendarisk Pokemon va i nærheten, og eg blei losa imot den av to ivrige kartleserar.. Først kjørte me litt feil, før me fant fram.. Og de nærmast stupte ut av bilen for å få has på denna legenden..

 

[perfect_quotes id=”6131″]

 

De måtte visst vær to for å klara å fanga denna her legendariske Pokemonen, men når Eldstemann hadde kobla seg te Han i Midten.. Hadde han fått opp ett eller anna “Error” melding på telefonen.. Og han klikka jo sjølsagt i vinkel.. Han va fortsatt litt på tur itte McDonalds besøket, og då e sjølsagt alt Eldstemann sin feil.. Om nåke går gale.. Gudhjølpe meg og herrenns hærskare.. Dei to kan gå fra best buddy’s te verdens største fiendar, på mindre enn ett nanosekund..

Eldstemann redda seg inn på eina siå, mens eg fikk hanka inn hissigprompen på andra siå.. Eg og Kånå delte i tumultene ett blikk, ett blikk som for ein gangs skyld va samstemt.. Det va på tide å kjøra heim..

Han i Midten røyk lukst på rommet sitt, og Eldstmann likaså.. Mens eg og Kånå rusla ein tur på lekeplassen, mens dei 2 minste fikk utfolda seg litt med venninner og kompisar.. Eg rakk ein kopp kaffi og litt fotballprat med ein nabo, før eg fant ut det va best å sjekka forholdå i heimen.. Puh.. Heldigvis hadde de lydd, og satt fortsatt på kvar sitt rom.. Han i Midten hadde fått tenkt seg litt om, og sa forsåvidt unnskyld både te meg og Eldstemann.. Før han fikk lov te å stikka te ein kompis..

 

[perfect_quotes id=”6132″]

 

Te slutt va dagen omme.. 2 små e i seng, 2 litt større e på vei mens 2 stykk utslitte foreldre sitte i apatisk koma i sofaen.. Med Disney Channel rulle støyande på tv’en i bakgrunnen og nasen klistra i kvar vår skjerm..

Omtrent som ein hvilken som helst søndags kveld.. Egentlig..

 

Så.. Ha ein flott søndagskveld Folkens.. An komme nok te oss og, omsider..

Ein slags Stand Up – Eg, Boden og bLEST Litteratur Festival..

 

Jøje meg.. Nå begynne eg å lura på om denna Karin Berndtsson strategien va så lur.. Det med å sei ja te det mesta av utfordringar som dukka opp.. For itte eg takka ja te invitasjonen hos bLEST Litteraturfestival, så har den eina kanonå itte den andra blitt bekrefta te Litteratur Festivalen.. Lahlum, Kaggestad, Steinfeldt og nå Vendela Kirsebom..

Tjera vena meg ..

Når eg for ei god uka siå va i møte med de, om ka min rolle oppe i detta greiene sko vær.. Så ser det ut for at det blir laga ett lite “Boden” hjørna.. Midt inne i Tysvær Kulturhus.. Kor eg ska fortella litt om bloggen, og gjerna ta ein historie og to.. – Ein slags stand up, på ein måte.. ?? Spurte eg .. Og meinte det forsåvidt litt på spøk.. Men sjølsagt backfired det rett i fleisen på meg..

Det va jo meir eller mindre ein strålande ide, meinte hu fra festivalen.. Hjølpe meg..

 

Om eg egentlig ikkje allerede va ukomfortabel nok med akkurat detta prosjektet.. Så blei det absolutt ikkje nåke mindre skummelt, når det tok denna vendingen her.. Eg, avholda ein slags stand up opptreden..?? Himmel og hav.. Ka i all verden har eg stelt i stand.. Ei trøst i all denna galskapen, får bli at det skjer i kjente omgivelsar, på ein måte..

For i all ydmykhet blir det satt opp ei full size Bod, inne i detta hjørna mitt.. Så sko det gå lukst te helsikke, kan eg bare rømma inn i den.. Og ikkje komma ut igjen før folk har gått heim..

Om det ikkje komme nåken så gjere jo det ingenting.. Då slippe eg jo forsåvidt lett unna.. Jaja, når eg først har dratt det så langt som detta, så må eg vel innrømma at eg håpa det komme nåken.. Så eg ikkje ende opp der heilt aleina.. Kanskje eg sko fått Vendela Kirsebom te å komma inn i “Boden” hjørna og dra inn litt publikum.. Eller kanskje Hans Olav Lahlum.. Han e jo rett og slett ein eksepsjonelt interessant fyr.. Han måtte det vært ein opplevelse å få møtt.. Kaggestad og Steinfeldt og.. Med sine erfaringar..

Men, då hadde eg vel endt opp med fullstendig jernteppe, og ikkje fått fram ett ord.. Det hadde jo vært perfekt, på min første litteratur festival..

 

Eg må jo bare innrømma at eg ikkje akkurat trudde dimensjonane på detta arrangementet, sko vær så store.. Eg hadde vel gjerna ein liten anelse om det, men når navnene på andre deltaker begynte å renna inn.. Så har prestasjonsangsten virkelig begynt å setta sine spor.. Men det kan vel umulig bli verre enn når eg va på tv.. Trur eg.. Det e ikkje godt å sei, eg har jo aldri vært med på nåke lignande..

Man får vel bare prøva å vær seg sjøl, og gjerna forbereda seg litt meir.. Enn eg gjorde før denna her tv-opptredenen.. Kor eg tok det nærmast på sparket..

Her må det nok øvast litt på forhånd, vil eg tru.. Kanskje e det ein smart plan å skriva ett slags manus på forhånd, så kan eg øva meg på dei heima.. Eller nåke i den duren.. Hjølpe meg.. Eg sitte nesten her å kjenne ei mitraljøsa av nervøse vibber, skyta seg gjennom kvart fiber i nervesystemet.. Og ennå så e det 2 månader te eg ska i ilden.. Herreguud.. Jaja, det får vel egentlig bare bære eller brista..

Kvar gang eg begynne å tenka på detta her, så sette eg jo igang ett skred av tankar som går i alle retningar.. Så kanskje eg må tenka litt mindre på det.. Eller meir..  ??

 

Det går som oftast bra, seie alltid Far min.. Det har ein tendens te det.. Så me får jo bare håpa på det besta.. Og at eg ikkje ende opp med ein vaklande forestilling, som ein skranglande gyngestol så mangla den eina vangå..

Man får heller ha truå på seg sjøl, istedet for å leva seg inn i ein bunnlaus fortvilelse..

Så har heilt sikkert skjebnen ein plan med detta opplegget.. Kanskje e det ett springbrett videre på denna stien, som eg gjerna såvidt har begynt på.. Eg hadde ivertfall ikkje i mine villaste fantasier trudd, at detta blogg greiene sko ta sånn av..

Og enda opp med ein invitasjon te ein Litteratur Festival med så mange kanoner på gjestelistå..

 

Tenk å ha navnet sitt på samma listå som Hans Olav Lahlum, Johan Kaggestad, Hans Wilhelm Steinfeldt og Vendela Kirsebom..

Eller Jørgen Jæger, Maja Lunde, Yrsa Sigurðardóttir og Monica Csango..

Det e jo heilt villt… Man kan jo ikkje anna enn å bli bittelitt imponert øve det.. Men, sånn e det.. Når man e bedre enn Fantomet.. Eller heile Barcelona.. Som eg så ydmykt proklamerte i eit tidligare innlegg..

Man må jo bare ha truå på seg sjøl.. Vil eg tru.. Sjøl om man ska te med “Eit slags Stand Up”, på ein måte..

Lørdag 21 oktober braka det uansett laus..

=D

 

Han i Midten, Trening og Karmsund Kyokushin Karateklubb..

Innlegg i Samarbeid med

Karmsund Kyokushin Karateklubb

Ved skolestart begynne alle fritidsaktivitetene te kidsa opp igjen.. Fotball, turn og karate blir det her i heimen, denna høsten.. Så eg vil tru me går travle tider i møte fremover.. Men det e forsåvidt bare kjekt, for då blir man liksom ikkje sittande heima og stura, med oppgira kids i heimen.. Men får tatt de med ut på aktiviteter ,som slite ut den siste rest av øveskudd, før de ska te sengs..

Som eg har nevnt tidligare så e faktisk ikkje fotball for alle.. Sånn e det bare.. Han i Midten her heima hos oss f.eks, han syntes ikkje fotball va det heilt stora..

Så når eg kom i snakk med Kjell Håkon Falch på jobb, og han tipsa meg om Karate klubben han va trenar i.. Og at de hadde ei gruppa som kunne passa te Han i Midten, så slengte me oss på.. For å sei det mildt, så har me ikkje angra siden.. Her får guten bygd opp mestringsfølelsen, disiplin og lært seg å finna litt roen i seg sjøl.. Det har vært ein opplevelse å overværa treningar og gradering, kor guten står som ein stolpe og grasiøst utføre øvelsane han ska gjennom..

Og det e detta så e den store fordelen med akkurat ein sånn sport.. Når man har ett barn med som e utstyrt med ett monn av øveskuddsenergi og viljestyrke..

 

I denna sporten får man virkelig øvd seg opp i selvbeherskelse og disiplin.. Og me har jaggu meg opplevd merkbar forskjell hos guten vår, itte han begynte med karate.. For all del, det gjør ikkje underverker på ei trening og to.. Men itte ei stund, så såg me ei stor forvandling i måten han håndterte situasjoner her i heimen.. Istede for å vær oppfarande og verbalt høgt oppe, kunne han nå overse både sin eldre og sine yngre søsken.. Når de gjerna irriterte han.. Nåke som forsåvidt gjorde hverdagen nåke mindre oppstressa, for oss foreldre..

Så slite man med å finna ein aktivitet te sitt barn, og gjerna ikkje føle at fotball e det retta.. Så har Karmsund Kyokushin Karateklubb oppstart i neste uka..

Klubben har lokaler på Hemningstad bydelshus, tvers over Laastad & Co.. Ein heilt perfekt lokasjon både for kidsa og oss foreldre.. Der kan man ta med yngre søsken som leka i lekerommet og kosa seg med ein kopp kaffi fra kafeen, mens barnet e på trening.. Eg har faktisk skreven nåken innlegg på mobilen, mens eg satt å nøyt freden og roen i kafeen.. Mini’en har som oftast vært med og sprunget rett i lekerommet, så snart med satte foten innforbi dørå..

Rett og slett ein strålande kombinasjon, når man ska ta med seg sine håpefulle på aktiviteter.. Kidsa får slitt seg litt ut, mens Fatter’n sitte og slappe av med ein kopp kaffe..

 

Ein gang lurte Kjell Håkon på om ikkje eg ville ha meg ein test på voksengruppå og.. Men eg har forsåvidt pent takka nei, ivertfall te nå.. Eg e nåke småengstelig for at de bare trengte ein ny “Punching Bag” å slenga litt rundtomkringfallera.. Seinare kanskje.. Me får se..

 

Men nytt av året i Karmsund Kyokushin Karateklubb, det e at de holder selvforsvarskurs te jenter og kvinner, som e medlem av klubben .. Fra 13 år og oppover.. Et kontinuerlig selvforsvarskurs kor man har fokus på enkle men effektive teknikker.. Man får lært selvforsvarsteknikker på ein trygg måte, samtidig som man bygge opp selvtillit og kossen man kan unngå risikofylte situasjoner..

Man trenge ikkje ha nåken form for bakgrunn innen kampsport for å lære teknikkene.. Og selvforsvar e sjølsagt relevant for alle aldre.. Det med å trena virkelighetsnært selvforsvar, det lære man ikkje uten mange repetisjoner.. Blir man te slutt overfalt så ska øvelsane sitta i kroppen, og den muskulære hukommelsen vil reagera automatisk.. Då må det meir te enn eit enkelt kurs i selvforsvar..

Mange av forsvarsteknikkene er basert på Dinmak, som e trykk, slag og spark mot kroppens nervepunkt og senter..

Det man vil gå gjennom på kurset e f.eks:

  • Enkle og effektive teknikker
  • Demonstrasjon og praktisk øvelse gjennom virkelighetsnære situasjoner..
  • Hvordan lese en person som er aggressiv
  • Hvordan unngå risikofylte situasjoner
  • Hva innbefatter risikofylte situasjoner for kvinner

Karmsund Kyokushin Karateklubb har respekterte og høgt graderte instruktører med over 30 års erfaring innen kampsport, judo, ju-jutsu og karate.. Kjell Håkon Falch oppnådde nettopp Svart belte med 2 Dan i stilarten fullkontakt Kyokushin karate..

Her e det bare å ta kontakt med Karmsund Kyokushin Karateklubb, om man ønske ett sånt opplegg.. Påbyggingsmoduler vil bli satt opp i løpet av høsten..

Og te slutt.. For alle som gjerna ønske å testa ut Karmsund Kyokushin Karateklubb.. Så e oppstart for gruppe 5-12 år, nå på tirsdag, 22/8-2017 klokkå 17:00 ..

Her i denna klubben e det høgt unna taket, mye sosiale tiltak og masse kjekke barn.. Og sjølsagt strålande kaffi i Kafeen.. Det kan eg skriva unna på ..

Så har du ett barn som gjerna ikkje e så opptatt av fotball, prøv Karmsund Kyokushin Karateklubb.. Eg kan virkelig anbefale denna klubben..

Kontakt :

Tlf : 915 83 588

Mail – [email protected]

Eg syns eg høyre Kånå allerede…

Foto : Adressa.no

Det e lørdag og helg.. Endelig og alt for tidlig.. Man går tidsnok på ein smell..

Eg hadde ein skikkelig “good feeling” på jobb igår.. Der eg suste rundt på rutå mi i strålande sol og nærmast blå himmel, så langt aua kunne sjå.. Men når eg nærma meg Bokn og enden på rutå, fant eg ut at ein synstest heilt klart e på sin plass.. For mørkare skyer enn dei som kom susande inn fra Nordsjøen, det va det lenge siå eg hadde sett.. Det va mildt sagt ett bedrøvelig syn.. Og sjølsagt på sin plass.. Eg sko jo snart ta helg.. Ka anna enn eit fantastisk regnvær fra ein anna planet, kan man forventa då..

Det e jo så inni granskauen typiskt og.. Eg så hadde store planar om å rydda ut av loftsbodå idag, og kjøra på bossplassen med eit lass.. Men, men.. Det e vel bare å finna fram oljehyrå og setta igang, seinare..

Det finnes jo ikkje dårlig vær, bare dårlige klær.. Eg syns eg høyre Kånå allerede.. Det e egentlig litt morosamt akkurat det, at man kan høyra Kånå si allerede, liksom.. Me mannfolk vett som oftast ka som må gjerast, men alikavel så venta me gjerna te Kånene våras klikka i vinkel.. Og kommandere oss igang med det me egentlig visste me sko gjera.. Men ikkje har begynt å gjør..

 

[perfect_quotes id=”6099″]

 

Jaja, det finnes jo unntak da.. Man har sånne “streberar” som me kalte de i millitæret.. Dei som løpe rundt i ein evigvarig tru.. På at om de utføre ein kvar ordre fra si kjæra Kåna, nærmast før hu har kommandert de ut på oppdrag.. Så får de lønn i himmelen.. Eller på “freddan”.. Tjera vena meg.. Som sagt så mange ganger før, det e forskjell på å væra Toskjen og Idiot.. Og jo før man slutta å vær komplett Idiot, og trur på at man får belønning i himmelen.. Jo bedre e det..

Det e bedre å sitta som ein Tosk i sofaen, og få kjeft for oppdrag man sko hatt utført for lenge siå.. Og heller gjerna overraska Kånene våras med å faktisk gjør det, innimellom.. Det får man belønning for det.. Heilt klart.. Trur eg..

Mens hvis man har løpt rundt som ein tøffelhelt på speed, i sin iver itte å imponera sin kjære.. Vil man alltid komma te det punktet kor man innser at man har blitt lurt.. Og oppdaga at man faktisk som “Idiot”, gjerna får mye mindre “belønning” enn om man bare va “Toskjen”.. Det e ingenting som fyre opp Kånene sitt belønningsopplegg, enn ein Sofatosk som plutselig henge på veggen og mala huset.. Eller snekra terrasse i bakgården.. Og lignande..

 

[perfect_quotes id=”6100″]

 

Det å balansera mellom Toskjen og Idiot, e som å gå på slakk lina øve Lysefjorden.. Vil eg tru.. Man må ha tungå beint i munnen og gå med andakt.. Somme ganger trør man feil og stupe lukst i fjorden, med ett magaplask uten like.. Men klatra man opp og fortsette ferden øve fjorden, må man jo vær Idiot.. Då e det bedre å ligga nere i fjorden å vaka i øveflatå som ein Tosk, mens man tenke at det magaplasket, det vil man ikkje oppleva ein gang te.. Man lære så lenge man leve, seie de jo..

Og kim vil gå på ett magaplask kvar dag, i hverdagens strabasiøse ferd mot evigheten.. Det finnes mye klokskap i alskens ordtak.. Og at det e forskjell på å vær Toskjen og Idiot.. Det e ivertfall heilt sikkert..

Det e liksom nåke muntert bedrøvelig øve det.. Jo før man innser at dei her forføreriske “Alvedronningene” me mannfolk blei betatt av og forelska oss i, plutselig kan forandra seg te frådande dragemonster med tenner skarpe som ein laserskåren kniv.. Jo bedre e det.. Hjølpe meg, eg seie ikkje at de alltid e sånn, dei her Kånene.. Men at de plutselig kan bli det, det bør man snarast mulig bli klar over.. Spesielt itte man gjerna har fått seg ett par ungar, eller fira..

 

[perfect_quotes id=”6101″]

 

Eller nåke lignande.. Eg vett ikkje..

Eg syns ivertfall eg høyre Kånå allerede….

=D

 

Eit Hjarteskjærande Øyeblikk av Munter Bedrøvlighet..

Så va dagen her igjen, den dagen som treffe oss som ett godstog midt i andletet, kvart einaste år.. Skolestart.. Spesielt når man har eit nytt medlem i Flokken, som har tråkka inn i rekkene av lærdomshungrige elevar.. Kånå måtte nemlig ta ein ekspress tur på klesbutikken igår, når de fant ut at 1 skoledag kjolen ikkje matcha skolesekken.. Gudhjølpe meg, tenka dåkke te katastrofe.. Det va jo nett som om verden sko gå under her heima, når man prøvde å bagatellisera dilemmaet.. Og foreslo nåke anna som hang å dingla i skapet.. Med lappen på ennå..

Det va visst mye viktigare med dei rette klærnå denna gangen, enn når dei 2 eldstegutane sko begynna.. Men, eg forstår det jo litt og.. De e jo nåken Divaer begge to.. Kånå og Litlajentå..

Sjølsagt ska man komma standsmessig på første skoledag, det e jo nåke av det gjevaste i ett barns liv.. Øvegangen fra barnehage te skolen.. Så eg forstod jo fort at mine velmeinte råd, dei va forgjeves akkurat i detta tilfellet.. Så for å ikkje havna i “Bodå”, holdt eg klokelig kjeft.. Man legge seg ikkje ut med to bestemte kvinnfolk, som har rotta seg sammen om ein felles plan og mål.. Ikkje meir enn ett par ganger ivertfall..

 

[perfect_quotes id=”6085″]

 

Så har man detta med skolesekker.. Og arving.. Eldstemann måtte ha ny så det hadde Kånå fiksa tidligare i sumar.. Tanken va at Han i Midten sko arva Eldstemann sin, som forsåvidt fortsatt va nesten lika fin som ny.. Men det meinte ikkje Han i Midten, som sjølsagt ville ha lik den Eldstemann hadde fått.. Å forklara han at skolesekker ikkje akkurat va det billigaste man styra med, det va som å snakka te døyve øyrer.. Han dreit nå ein lang i våras økonomi.. Me kunne jo bare bruka kortet, om det va tomt i lommabokå..

Man kan jo ikkje anna enn beundra barns herlige logikk, sånn økonomisk sett.. Så då endte det jo opp med ett foredrag om kossen kortet fikk penger på seg då..

Det gjekk jo ikkje heim, før eg fikk den geniale ideen med å sammenligna det med kontantkortet på mobilen hans.. Som ikkje blir lada opp meir enn ein gang i månaden, sånn at han sko lera seg å porsjonera ut datakvoten sin.. Det blei ein lang første månad, for å sei det mildt.. Men han lærte itte den episoden, med ein 3-4 dagars ellevill Pokemon Go bonanza, før kortet va tomt.. Og likeså trur eg det gjekk inn, akkurat detta her med minibank kortå våras..

 

[perfect_quotes id=”6086″]

 

Så Kånå grua seg som ein hund te å stå opp idag morgens, og te at Han i Midten oppdaga at det ikkje va handla inn nåke ny sekk.. Men heldigvis så grua hu seg heilt forgjeves.. Han i Midten va som ei strålande sol i dag morgens, og morgenen te Kånå blei ein mjuk opplevelse som tok na høflig inn i dagen.. Både Eldstemann og Han i Midten rusla fint te skolen når tiå kom.. Med Kånå og ei meir eller mindre småyre Litlajenta på slep..

Ei Litlajenta som grugleda seg nåke heilt fælt te denna dagen.. Men som hadde småtrippa muntert ved siå av Kånå på vei te skulen.. Og når foreldrene fikk rødt kort og blei forvist fra klasserommet..

Så va det Kånå som sleit mest med å forlata Litlajentå på skulen, aleina.. – Bare gå du mamma, eg klara meg heilt fint eg.. Hadde Litlajentå bestemt gitt beskjed om, og lukst sendt Kånå på dør.. Ei Kånå som gråtkvalt ringte Fatter’n på jobb, for å avgi rapport om begivenheten.. Eg måtte nesten kvela ein liten latter der eg satt, og høyrte på stakkars Kånå.. Som meir eller mindre begynte å forstå, at Litlajentå hadde tatt ett stort skritt på veien mot voksenlivet..

 

[perfect_quotes id=”6088″]

 

Tjera vena meg.. Snakka om å bli regelrett smitta av Kånå sin melodramatiske oppdatering..

Så eg røyk jo på ett lite sekund av hverdags sentimentalitet, eg og..

Før me lo litt sammen av kvarandres hjarteskjærande øyeblikk av munter bedrøvlighet..

 

Hjelp… Nå e det bare Mini’en igjen.. Plutselig så e han ikkje nåke Mini meir, han heller…

=D

 

Min Barndoms Verden…

Den siste dagen i min barndoms verden..

Når trør man egentlig ut av den, min barndoms verden.. For Odd Børretzen va det den dagen klokkå på veggen stansa.. Eg huska at Farmor hadde ei sånn klokka.. Fra min barndoms verden.. På ein måte trur eg at man aldri trør heilt ut av den verdenen.. Man tar bare ein liten pause, glemmer den litt ut eller rett og slett bare blir litt for opptatt med å vær voksen..

 

[perfect_quotes id=”6071″]

 

Min barndoms verden va ein herlige verden.. Og nå eg e så heldige at me har 4 barn i heimen vår.. Så eg får leva litt i min barndoms verden, igjen.. Kor alle bekymringar forsvinne som dugg i plettfritt solskinn.. Eg kan sitta på golvet å leka med Duplo’en te Litlajentå og Mini’en, laga fantasifulle hus i alle verdens fargar.. Bygga båtar som aldri i den virkelige verden hadde bært så mye som ei fjør..

 

[perfect_quotes id=”6073″]

 

Som ikkje e lengre enn fra kommoden te Mini’en og te teppet unna vinduet.. Ikkje meir enn 1,5 – 2 metår, i den virkelige verden.. Men ufattelig mye lengre, i vår barndoms verden.. I vår barndoms verden.. Kor eg og Han i Midten spille fotball på plenen, mens han e Argentina og eg e England med 100 000 tusen på tribunen.. Som skrike så sveisen blir blåst bakøve når me score mål.

I den virkelige verden så e det bare Litlajentå og Mini’en, som sitte på tribunen.. Som egentlig bare e ei litå trapp opp te terrasse dørå..

I vår barndoms verden så sitte eg og eldstemann og leve oss heilt inn i Doktor Proktors univers.. Me sko gjerna bare lesa ett kapittel, men det e så spennande at me ofta blir nødt te å lesa ett par te.. Og blei det ved ett uhell smelt av ein liten sidevind i huset, ja då e det på an med ein gang..

Då leke me Promponautar som flyr rundt i verdensrommet, fullstappa på promponaut pulver..

 

I vår barndoms verden, kor me springe livredde rundt i ein jungel, eg og heile ungaflokken.. Med ei sulten løvinna i helane på oss, som vil spisa oss te kvelds. I virkelighetens verden, så e det bare hu mor så prøve å fanga oss.. For å få oss i seng.. For nå e det leggetid..

 

[perfect_quotes id=”6075″]

 

Og heima hos oss..  Så springe den rundt meg over alt, mine barndoms verdenar …

Vår barndoms verden….