Ferie i fengsel..

Licensed from: moodboard / yayimages.com

 

Satt og leste litt på den gamle bloggen ikveld, og fant ett innlegg fra Januar i fjor..

Va ganske artigt å lesa det igjen..

Eg har fortsatt den dagen friskt i minne.. =D =D

 

Fengselsfuglen…

Itte nåken dagar i nåke man ikkje kan kalla aent enn komatøs tilstand, så blei eg brutalt vekka ut av Tornerose dvalen igår. Av ett flyttelass på jobb.

Det va ikkje nåke enorme greier men dei så trudde at itte man slutte å røyka, så komme man automatisk i bedre form. Dei må bare tenka seg om igjen, for aldri har eg slete meir enn eg gjorde igår..

På ett nåke øve gjønåsnittet lite flyttelass. Musklar eg ikkje visste eg hadde, skrike jo itte å få litt ro og fred, idag.

Nåken vil gjerna tilskriva det alderen, så sikkert ikkje e langt fra sannheten. Men sånn uansett vil eg tru det e på tide å rista litt støv av denna “tightsen” eg kjøpte på løpsdagen, te det årliga mosjonsløpet her i byen.

Så ikkje blei nåke årlige tradisjon på meg ivertfall, eg huska såvidt eg nådde løypen sitt høgaste punkt. Før alt gjekk i svart, og neste gang rullegardinå går opp, så ligge eg å sprella rett øve mål.. Akkurat så ein nyfiska makrell i sumarnattå.

 

Målet va å springa litt over 9 km på unna ein time, og det hadde eg klart med den flagrante marginen på halvannet minutt. Med ny springe”tights”…

An har ikkje blitt oppbrukt ittepå, det e nå ivertfall heilt sikkert. An har bare kvilt seg fint oppi skuffå si, ilag med dei andre treningsklernå mine.

For eg trur det e der det ligge, at den forventa storformen har uteblitt itte røykeslutt. Man må gjerna lea litt på legemet og, for å få litt utnyttelse av røykeslutten. For alt eg har fått te nå, det e 5-6 kg med ekstra flesk, rundtomkringfallera.

Aldri før har “carporten” øve “litlekaren” vært nærmare ferdigstillt. Men, det va og andre ting se fekk hjernebarken te å starta hamsterhjulet.

 

For eg hadde fått ett brev. Det sa Kånå når hu ringte, og va fly forbanna øve at eg hadde begynt å røyka igjen. Eg kjente bodluktå allerede, men forstod ingenting …

Tjera vena meg.

 

Men, eg hadde jo ikkje det eg, men det hjalp ikkje det spor uansett ka eg sa. Kånå hadde bevis, og det va det andra hu va forbanna på. For brevet eg hadde fått, inneholdt ei fartsbot og ett fint bilde av undertegna, med ein sigarett i håndå.

Gudhjølpe meg..

20 minutt trur eg det tok før hu gjekk med på at det bildet, va tatt før eg slutta. At det sko hjelpa på sinnet øve fartsboten, det trudde eg ikkje men rett ska væra rett. Og sjølsagt hadde eg rett, det hjalp ikkje ein millimetår på Kånå sitt ulmande humør, at eg fortsatt ikkje røykte meir.

Når alt eg hadde spart på røyk den siste månaden, gjekk te statskassen istedenfor.

Men flaks i uflaksen, va jo at du hadde ett alternativ te å betala da, på ein måte.

For eg forstod jo sinnet te Kånå, for at mitt lille øyeblikk av uoppmerksomhet i ein tunell.. Hadde gjort ei “litt” for stor regningsbunka, endå høgare. Men, når eg såg at man evt kunne tilbringa 3 dager i fengsel, tenkte eg at her slår eg jo 2 fluer i ett smekk.

Økonomien vår blei ikkje ramma og eg fekk ein liten 3 dagars ferie. Ja, 3 fluer gjekk det gjerna med på ein gang, for eg fekk jo kanskje sova te klokkå 7 og, i fengsel.

Nett så når Kånå blei radioaktive og eg måtte vær alenepappa, ei heile langhelg. Nå, bare omvendt.

 

Men det kunne eg bara glemma, sa Kånå. Snakka om å skjemma oss ut nok fra før, med denna hersens bloggen.. Om eg ikkje sko legga te fengsel på listå og.

Jaja, det e takken for å prøva å tenka økonomisk, tenkte eg for meg sjøl. Eg sa det ikkje høgt, for det gjør du bare ein gang. Det komme unna detta flotta ordtaket “Det e forskjell på å væra toskjen og idiot..”

For e du toskjen gjør du det ein gang, gjør du det fleire ganger, så e man jo nødt te å vær idiot.

Eg har jo lært nåke, itte alle dei her årå ilag. Altså, eg kunne jo fulgt med nerøve tunellen og, så hadde eg sluppe å skrevet heila detta avsnittet.

 

Då hadde eg gjerna vært hverken toskjen ellår idiot, og ikkje hadde eg hatt nåke å skrevet om idag, hellår..

Altså, det e ikkje det at eg ikkje har hatt nåke og skrevet om, forsåvidt. Huset her heima e jo reina gullgruvå for ein så leita itte stoff og skriva om. Men av og te, så e bare evnen te å få det ner på “papir”, totalt fraværande.

Men nå satsa eg på, at det e ein stigande formkurve forut.

 

 

Eg, Karma og 2 kebabrullar…

 

Lite sko eg vita om at å stikka fra tidenes dritbleia idag morgens, sko slå så inn i granskauen tebake altså.. Gudhjølpe meg..

Men så e det meg å Murphys lov igjen då..

Kom på jobb idag, meir eller mindre sånn middels fornøyd med meg sjøl.. Sjølsagt hadde eg bange anelsar om at “the fast getaway” fra heimen om morgenen, muligens kunne få ein kickback når eg kom heim..

Litt samvittighet har eg jo..

 

Eg hadde tross alt trødd på Mini’en ei strømpebuksa og ein genser før eg gjekk, siå huset va litt kaldt.. Men førsta tegnet på at karma kom krypande min retning idag, skjedde på jobb..

For det såg fader ikkje ut så det sko bli så gale på jobb idag..

Det gjekk rimelig kjapt å lasta bilen, og ikkje blei det stupfullt heller.. Men når eg sko få listå, så hadde fader meg godt over 50 stopp å levera idag og ein haug med hentingar, og eg forstod ingenting..

 

Det viste seg at det va ein av dei dagane så bare snike seg inn på deg, drar deg inn i kjøttkvernå og spytte deg ut så eit slakt te slutt..

Bilar stod i veien på varemottakene, eg fant ikkje folk så kunne kvittera på pda’en og ting gjekk bare på tverke jevnt over.. Lastebilen va “plutselig” nesten tom for drivstoff, milavis fra neste fyllestasjon..

Eg kjørte sikkert på dieseldunsten, når eg rulla inn på Statoil..

Partikkelfilteret ga beskjed om det nærma seg regenerering, for det ein sånn “miljøvennlig” lastebil eg har.. Med partikkelfilter.. Så blir fullt, og då kreve ein regenerering..

Det e så paradoksalt idiotisk, at eg nesten ikkje har ord..

 

For under regenerering må lastebilen stå i ro, på tomgang.. Eller ikkje på tomgang ein gang, an ruse seg opp te nesten 2000 omdreiningar.. Så må an stå heilt i ro dei neste 40-50 minuttane, å forbrenne driten i partikkelfilteret..

Mens an spyr ut eksos, og bruka litervis med diesel..

For meg så høyrast ikkje det akkurat “miljøvennlig ut.. Ikkje ein plass.. Jaja, eg klarte nå å komme meg heim, før eg måtte gjør det, heldigvis..

 

Men det eg hadde beregna te å bli ein omtrentlig normal dag, endte opp med zikk zakk kjøring av pakkar innover i distriktet her på Haugalandet..

Ein og ein pakke på kvar plass..

Det e det så e dei verste dagane, for du føle fanken meg ikkje at det minka på godset bak i skapet..

 

Eg parkerte ikkje heima før godt øve klokkå 17:00 .. Og heima va det jo reina haraballet ikveld.. Mini’en va sur så ei potta, itte den tidlige morgenen.. Litlajentå va i kraftig opposisjon te alt mellom himmel og jord..

Og Kånå masa så ett uvær om ting eg allerede har svara på i forrige uka..

For all del, det kan godt vær svaret i forrige uka, ikkje akkurat va utfyllande nok.. Men gubbevaremegvel… Må alt besvarast så fordømt utfyllande at det ikkje e ett knust tvil om ka eg har svart liksom..

 

Så når eg kvekka litt for høgt tebake, sprakk jo hu og.. Tjera vena meg.. Men Kånå stakk på loftet for å legga Litlajentå, men ga meg klar beskjed om å fiksa noe kvelds te oss.. Sånn ca fresande..

Eg .. Fiksa kvelds… ???

Javel.. ? .. Sko eg liksom trylla fram ein sånn sinnsyk kvelds så hu laga då, så smelte i munnen på deg når man sette tennene i det..

Jommen sa eg smør..

 

Men eg gjorde kort prosess med den saken.. Så mens hu va på loftet, stakk eg ut dørene.. Kjørte ner på den lokala kebab sjappå, og kjøpte kvar vår kebab rull..

Eg kom tebake før hu kom ner..

Og satt i sofaen med sinnsykt dårlig samvittighet, mens eg kikka på “rullen” og strauk meg øve den voksande “Carporten”..

Ka e det med det forresten.. ??

Koffår begynne mannfolk å stryka seg øve den voksande pondusen, akkurat så Kånå gjorde kvar gang hu va gravid..

Men herreguud..

Hu hadde jo eit lite underverk inni der, me mannfolk har bare overflødige matrester så bite seg fast rundt magamusklene, som ikkje e der…

Eg forstår det ikkje,  alikavel så gjør eg det…

 

Kånå blei glad for maten, og fekk et snev av dårlig samvittighet for implosjonen sin.. Og tilbydde meg “slumpen” av sin kebabrull.. Fy flate altså… Akkurat så ikkje eg hadde nok å stryka på…

Men eg spiste opp den og.. Må tenka på dei i Afrika og..

Så takk for meg ikveld…

På ein “piece of shit” dag.. Kor alt gjekk på tverke.. Og det einaste positiva eg klara å tenka på, før eg rulla meg sidelengs oppi sengå.. Og sovna lika stappmett, så ein grizzlybjørn klar for vinterhiet sitt..

 

Det va at i det minsta så e ivertfall lastebilen varm, før eg kjøre på jobb imårå..

For eg skrudde jo på Webasto’en…

Eller, gjorde eg det… ??

 

Ahh… Svarte salte bananer og drit og dra…

Godnatt….

 

=D

 

Morgenstund har gull i munn..

 

Eg satt på kjøkkenbordet idag morgens, å hadde meg ein kopp kaffi.. For eg vakna frykteleg tidlig og fekk ikkje sova meir..

Det va ein merkverdig opplevelse ..

Det va lenge siå heimen hadde vært så stille, at man igjen kunne høyra klokkå tikka på veggen..

 

Alikavel, så va det så om heimen va full av liv.. Det satt liksom ein eim av rungande barnalatter fast i luftå, Kånå sin faste rungande stemme gjekk som ett ekko mellom veggane.

Og høyrte man godt itte, va det som om man kunne høyra sukkene te Fatter’n fra igår.. Der han satt med ein kopp kaffi i sofaen, og prøvde å samla hovudet igjen itte jobb..

Det e heilt stille, men alikavel blir man overmanna av ett tindrande liv…

 

Der man sitte med ein kopp kaffi, og nyte nåken minuttar for seg sjøl.. Så høyre man plutselig nåken tuslande små barna føtter..

Ett barnarom e i ferd med å våkna…

Det risla i ein lekekasse, tuta litt fra ett leketog og sirenene fra ein brannbil begynte å ringa. Eg reise meg å går inn på rommet te Mini’en, og blir møtt av dagens første gledesstråla..

 

Ein Mini som så smått har starta dagens ferd, gjennom sin barndoms verden..

Med vikinghjelm på og ei stinkande bleia..

Det va ingen tvil…

 

Det va på tide te å gå på jobb..

 

Ikkje ett sekund for tidligt, men forsåvidt ein dag for seint …

 

Eg va på butikken nettopp for å handla ny riskrem.. Når eg fekk glimt av nåke så nærmast e som gull, borte i sjokoladeyllå.. Eg sko egentlig bare ha meg ein Hobby..

Men der, øverst te venstre låg den.. Eller dei..

Nåke så nærmast kan reknast som livreddande midler i strid.. Eller så kan stilna ein storm, på kort varsel.. Man kan sidestilla det med ett “Med-Kit” i sånne skytespill på Xbox’en, kor man nesten e gått tom for liv..

Men så oppdaga man ein sånn rød firkant med ett kvitt kors inni… Eller denna saken her, in real life..

 

Mang ein gang har eg redda meg ut av ei knipa, med å bare dra fram ein sånn.. Og på få sekund e Bod, “Hårfønar” og ett fandenivolsk humør fra Kånå, forsvunnen som sunt folkavett på ein guttatur i byen..

Eg har ikkje sett den på lenge…

På Kiwi har de vært utsolgt i mangfoldige månader, te min store fortvilelse.. Men i dag stod lykken meg bi, og eg har fått fylt opp ett lite lager med detta vidundermiddelet..

Eg holdt på å detta om av rein og pur glede, nere på butikken og slapp nåken gledestårer.. Når eg oppdaga at mine bevisstlause påfunn i heimen, så igjen som oftast medføre ett jordskjelv av reaksjonar.. Fra Kånå..

Endelig kunne nøytraliserast, før eg ryke lukst i Bodå.. Ikkje ett sekund for tidligt, men forsåvidt ein dag for seint..

 

De hadde fått inn yndlingssjokoladen te Kånå igjen…

Takk og lov…..

Det e aldri for seint å snu, men av og te e det best å ikkje begynna…

 

Eg sko bare i kjøleskapet å finna meg nåken mini gulrøtter.. For eg har egentlig tenkt at eg burde kvitta meg med nåken kilo.. Carporten øve Litlekaren e kommen tebake.. Og ikkje ein sånn liten antydning te Carport, men full pakke..

Eg kikka på datostemplingå.. Der stod det “Bruk før” og ein dato.. 12/01-17

Det stod ikkje brukes senest, eller best før ellår andre lignande ting.. Nope… Det stod “Bruk før”, og då tenkte for meg sjøl at det e greit det.. Når du ligge der i kjøleskapet og kommandere sånn.. Då ska eg lya eg..

 

Kånå va på loftet å rydda rommet te Litlajentå, for hu hadde eg fått te å sova i våras seng.. Litlajentå altså, Kånå va oppe og rydda.. Så då tenkte eg at detta kan gå fort..

Eg ska jo bare ha ein liten porsjon..

Det e jo 4-5 porsjonar oppe i boksen… Men det førsta dilemmaet va jo kor stor e egentlig ein porsjon..?? .. Skålå eg hadde funnet, kunne umuligt vær ein porsjon ivertfall.. For når eg tok 2-3 goe skjeier risgrøt oppi, så såg det jaggu meg stusseligt ut oppi der..

Kan jo umuligt vær ein liten porsjon det der… Max ein halv..

Så eg tok 3-4 skjeier te.. Nå begynte det å ligna nåke ja.. Detta kan jaggu meg enda godt borte i sofaen, jubla eg for meg sjøl.. Og slengte 2 kraftige skjeier te oppi skålå mi..

 

Men nå kom dilemma nr 2.. Riskrem boksen va nesten tom ?? … 4-5 porsjonar du liksom.. hah.. Må vær sånn “barnaboks” detta her.. Garantert..

Men eg hadde jo sagt te Kånå at hu sko kjøpa sånn mini gulrøtter te meg, så eg kunne knaska på, istedet for chips..

Eg kunne jo ikkje legga tebake heller, ånei.. Har man først fått på fatet, så ska man spisa opp.. Kånå e strenge sånn.. Ikkje kunne eg gjør sånn så eg å far min gjorde heller, når me hadde blåbærplukke konkurranse i Røldal, for mangfoldige år siå..

Kor me fylte opp halva bøttå med mose, og plukka ett fint lag med blåbær på toppen.. Og jogga ner te bilen å kauka at me va ferdige..

Gjekk heilt strålande det, heilt te hu mor tømte bøttå oppi baljen i bagasjerommet.. Og mosen la seg så ett flott topplag øve ein nesten full balje blåbær… Gu, så sint mor mi blei..

Men eg hadde ikkje mose nå…

 

Eg tok heller å danderte folien så fint på plass igjen, at det nærmast ikkje kunne sjåast at nåken hadde åpna den.. Trødde øve omslaget, og fekk med meg kor mange kalorier eg potensielt fekk i meg..

Jaja, det får stå sin prøve nå.. Det e aldri for seint å snu, men man må ikkje.. E lov å velga sjøl..

Eg la boksen fint der eg fant den, og smaug meg inn i sofaen.. Gud hjølpe meg kor godt det va… Mye bedre enn dei der knallharde mini gulrøttene, og ivertfall dobbelt så mye smak.. Mmmmm..

Eg høyrte Kånå begynte å gjera seg ferdige der oppe.. Det går an det ser dåkke.. For hu snakka med seg sjøl då, når hu gjerna ser ende på nåke.. Merkverdige greier, men fint for meg da.. Tjera vena..

 

Eg lista meg ut på kjøkken igjen, skrudde vannet så vidt på og skylte skålå rein for alle spor.. Før eg satte den fornøyd i oppvaskmaskinen, eg va jaggu meg kommen i ett rektig så godt humør..

Sikkert pga min storslåtte plan av vanntett kaliber…

Når Kånå va på vei ner trappene, hadde eg akkurat rukket å slenga legemet godt ner i sofaen.. Og satt der med nåken trillrunde småsøte hundavalp auger, så absolutt liksom ikkje hadde gjort ei flua fortred..

Kånå kikka på meg når hu gjekk forbi med ein stabel med skittentøy, men fortsatte bare videre.. Som om ingenting spesielt hadde foregått.. Og for hennas del, så hadde det jo ikkje det..

Uansett, så kunne eg bare kjøpa ein ny pakke risgrøt imårå.. Og bytta ut den eg hadde slafsa i meg..

 

Og koffår ska det liksom vær så gale at eg har tatt litt riskrem da?? .. An formeligt ropte jo te meg at den måtte brukast.. Før den 12/01-17 .. E ikkje lenge te det..

Men så kom eg på kor inni granskauen sinte hu blei, når kokesjokoladen va fordufta.. Og Mini’en sko feira bursdag dagen ittepå..

Men hu komme jo ikkje te å merka nåke alikavel.. Herreguuud.. Slapp av da mann…

 

” Du Frode….. Har du ein god film, eller ein serie me kan se ikveld??  …

” Eg har kjøpt riskrem og rød saus, så eg tenkte eg å deg kunne kosa oss med når ungane va lagt eg…

 

” Giiiiisp……..

 

Ein Klin Kokos Fatter’n, ei illsint Kåna og Grand Voyager’n på snøføre…

Ein Klin Kokos Fatter’n, Ei illsint Kånå og Grand Voyager’n på snøføre…

 

Det e vel ikkje te å legga skjul på at Kånå og vår staute bil, ikkje akkurat e som “Hånd i hanske”.. Grand Voyager’n lika ikkje Kånå og vica versa.. Nåke meir kan man jo ikkje forventa når den ein part gjør alt i si makt, for å ta livet av den andre..

Og Grand Voyager’n e ikkje den syndande part her..

Den gjør vel bare alt den kan for at Kånå ikkje ska få start på an.. Og e vel forsåvidt lettare irritert på meg og, så reparere alt det så går galt med den.. Aller helst trur eg den syns med sine 305 000 km bak seg, at den sko nøte pensjonist tilværelsen nå..

” Ivertfall så den ikkje for seg å tilbringa sine siste år, sammen med “Familien Kaos”..

Men sett litt sånn i perspektiv, må det nå vær bedre enn å bli spiker…

Så idag når Kånå sko ner i “sentrum” her me bor, for å levera nåke te Eldstemann.. Såg den sitt snitt te å utnytta Kånå sin manglande erfaring og kunnskap med å kjøra på snø..

 

Nå kunne mangen trudd at eg e i øvekant frekk, med tanke på Kånå sine kjøreferdigheter.. Men eg komme tebake te det..

Hu heiv seg ivertfall i bilen for å gjør detta ærendet, siden Eldstemann sko vær med ein kompis heim og ville ha med Ds’en sin..

 

Det hadde i løpet av nattå lagt seg ett tynt teppe av snø, over landskapet..

Og forsåvidt e det første vinteren Kånå kjøre akkurat denna her gamle gode slitaren..

Så litt unnskyldning har hu jo, men hu føyk nå ivertfall ut dørene og eg høyrte hu suste avgårde.. Men når eg kikka ut kjøkkenvindauget fra sofaen, såg eg at hu kjørte opp bakken istedet for nedover..

” Jaja, hu komme seg vel opp, tenkte eg for meg sjøl.. Og vendte oppmerksomheten ner i Lap topen igjen…

 

Me bor på ei endatomt og man kan kjørå begge veier, for å komma seg ut av feltet.. Eg ville sjølsagt valgt nedover, på ett sånt føre.. Men Kånå har ein tendens te å velga sine egne veier, uavhengig av ka eg råde hu te..

Og plutselig komme hu stormande inn dørene igjen.. Og det blir full oppstandelse..

 

Bilen stod på halv åtta oppe i veien, og Kånå babbla fortvilande ivei mens hu forbanna denna her hersens drittbilen.. Grand Voyager’n stod småsure med bakhjulet litt ute i grøftekanten..

Eg såg at det ikkje va umuligt å komma seg ut av detta uføret, men sa sjølsagt ingenting te Kånå.. Eg bare rista på hovudet..

Eg sette meg inn i surpompen, mens Kånå rygga seg sjøl nåken meter ned i bakken.. Så slapp eg bare opp håndbrekken, og rant pent og pyntelig opp på veien igjen.. Te Kånå sin store øverraskelse..

 

Eg prøvde ett par bakkestart på det glatta føret, men det gjekk te Kånå sine triumferande gestikuleringar utafor bilen, ikkje bra.. Så rygga eg ner te Kånå sitt utgangspunkt, før hu havna i grøftekanten.. Og suste oppover veien..

Eg va vel egentlig ganske så innforstått med ka reaksjon detta kom te å frembringa hos Kånå, men eg klarte ikkje å la vær.. Der eg med stor suksess braste oppover bakken, uten ett feiltak..

” Eg såg bare knyttneven så hytta te værs, i sladrespeilet..

Det e her eg komme tebake te Kånå sine manglande kjøreferdigheter og erfaring.. Hu har i løpet av dei siste årå bare kjørt bilar, med sånne elektroniske hjelpemidler.. Som f.eks antispinn..

 

Men, siå det e dyrt å ha sumarhus i byen, blei me nødt te å selga vår høgt savna Multivan.. Og måtte ta te takke med ein Grand Voyager fra gamle dager, uten sånne fiksfakse elektroniske hjelpemidler..

Det e då eg med mine 9 år meir på jordens overflate, og mange år i gamle bilar med kun essensen av det så egentlig e ein bil.. Kan briljera litt med mine kunnskaper på glattå, kunnskaper elektronikken har gjort for Kånå..

Som f.eks at når man begynne å spinna, så slippe man gassen bittelitt.. Istedet for å gi på meir..

Det e jo totalt ulogisk, men det e sånn det fungere.. Trør man endå meir på, ende man jo bare opp med å spinna meir, slippe man opp bittelitt får bilen som oftast feste igjen.. Og man komme seg med bravur over hindringen..

Så når eg itte ein runde rundt feltet, rygga inn i innkjørselen våras igjen..

 

Stod ei mildt sagt forulempa illsint lemen av ei Kåna, og freste te meg.. Nåke meir idiot enn meg måtte man leita lenge itte.. Herregud, om eg eg liksom bare va nødt te å gjør sånn.. Når Eldstemann stod nere i sentrum å venta..

Ka i helsikke va det eg tenkte med liksom..

Hu va så sint at eg på ett tidspunkt, va redd for at eg hadde dratt det litt for langt, denna gangen.. Før hu treiv meg te siå, vrengde opp dørå og spant ut av innkjørselen..

” Mens eg stod å spytta ut både singel og snø, itte fartsfantomet..

 

Men…. Av og te… Så e det så fordømt deiligt…

Å bare bedriva litt hensynsløs briljering,..

Av nåke eg kan bedre enn Kånå… Ja… Eg blir nesten varm både i kropp og sjel..

 

Når eg humrande tenke på peikefingeren hennas, så gikk i sirklar rundt tinningå hennas..

Når hu spant ut av gården, tydligvis fast bestemt om at eg va Klin Kokos..

 

Å eg må jo ha vært det….. Klin Kokos…

Så sjøl om eg visste ka så ville skje…

Alikavel gjorde det…

 

Det e til og med verdt å sitta her ute i den kalda bodå.. Mens Kånå sitte inne og kosa seg foran den varme peisen, eg har fyrt opp te na..

Før hu spente meg ut dørene, med liggeunderlaget og soveposen på slep…

=D

Uten dåkke leserar så blir det ikkje mye blogg, eller omvendt..

 

Ett lite tebakeblikk, på ein måte..

Det e blitt 2 januar i 2017, eg har nå vært “Blogger” i litt over 1 år.. “Blogger” liksom.. Det høyrast så “Se og Hør” ut, nesten litt negativt lada ord.. Nåke så ingen innrømme at de lese, men så alle sitte heima og kosa seg med aleina, eller lese i smug på venterommet te tannlegen..

” Eg hadde mine motsigelser eg og, før eg tok spranget fra anekdoter på Facebook te å bli ein “Blogger” ..

Men hjølpe meg.. Det e jo ett mangfold med sjangere innen Blogging.. Så eg fant jo fort ut at detta va ein plattform så passa min trang for å få ut litt damp i ein travel hverdag..

Istedet for å plaga livet av mine Facebook venner.. Nå kan jo folk velga om de vil følga med, istedet for å få det trødd i fleisen fra Facebook veggen min..

 

Eg har skrevet det før, men det har jo sikkert kommen ett par tusen nye følgerar siden sist.. Eg vett ikkje.. Det tar jo heilt av, og virka ikkje som om det e nåken stopp på det heller..

Men når eg tok skrittet fra koselige og litt over gjennomsnittet lange Facebook statusar, te Blogging..

Så va eg den største pessimisten her i heimen.. Eg sa det ikkje te Kånå eingang, at eg hadde begynt å blogga.. Eg trur det gjekk 2-3 dagar før hu spratt opp i sofaen, kikka på meg med ett av sine ville blikk og spurte ka i helsikke eg hadde begynt med nå..

Eg håpa jo på det besta, men hadde planlagt for det versta.. Det gjekk jo an å sletta heile bloggen, med ett bittelite tastetrykk..

 

Tantå te Kånå…

Men alle pessimistiske forhåndstankar blei gjort te skamme.. Itte 19 dagar hadde eg 611 leserar på ein dag, og eg fekk tantå te Kånå på nakken.. Hjølpe meg..

Eg hadde nevnt i ett innlegg at hu skygga banen i ett selskap, av frykt for å havna på bloggen.. I ittetid va gjerna ikkje det den beste planen.. Her e ett lite utdrag fra den posten.. Så forøvrig ligge på Blogg.no siden, så ikkje e den aktive bloggen..

”  Jaja…. Det va hu tantå då, så ikkje ville snakka med meg… Det viste seg jo det då, at hu va livredde for at eg sko skriva nåke, om na her..  Men gubbevaremegvel…

Hvis nåken ikkje syns nåke om, at eg skrive om de, så gjør eg jo sjølsagt ikkje det…

Eg e jo ikkje heilt idiot hellår.. “

Detta sammen med ett famøst bilde fra SildaJazzen året ittepå, kulminerte forsåvidt i “drapstrusler” fra Tantå te Kånå.. Hu kom ivertfall med ett utsagn så eg tolka i den retningen..

” Man ska ikkje sjå vekk ifra, at man lese om ein lokal blogger funnen drivande i Smedasundet i aviså, på mandag.. Hadde hu sagt..

 

Jaja, det skal vel nevnast at det va med glimt i øya detta blei sagt.. Eg trur hu lika det litt og, å bli nevnt på bloggen.. Det e jo på ein måte ett kompliment når man inspirere nåken, så at man skrive om de..

Eg har prøvd å sei det te Kånå og, med vekslande hell..

Men alle så enten komme for første gang, eller e blitt faste leserar.. Forstår kjapt at her inne bedrivest det historiefortelling med høg faktor av sjølironi og sett med ett godt skråblikk.. Som oftast sett fra Fattern si sida..

 

Hytteturen..

Det va meiningå at detta innlegget sko vær ett lite tebakeblikk på fjoråret, eller forsåvidt fra eg starta.. Og dei første innleggene så blei lagt ut, va fra mangen av dei Facebook statusane eg hadde skrevet..

Eg har posta ein del av de på ny, her på mitt eget domene.. Siden starten av bloggkarrieren foregikk på Blogg.no..

Den første va “Hytteturen”, ein tur på fjellet så eg seint komme te å gløyma.. Me reiste te fjells på hyttå te søster mi for å slappa av ei helg, men kom heim igjen seint på søndagen, som nåken slakt..

” Eller ivertfall eg..

Kånå va gravid med Mini’en så hu satt stort sett inne og kosa seg i varmen.. Mens eg hadde min fulle hyre med resten av Flokken..

Det blei ein tur full av latter, tårer og blodslit.. Og kor Kånå fekk Eldstemann te å ringa heim te Svigers, for å sei at Mini’en va på vei.. Hu turte ikkje sjøl..

Så sånn sett, fikk me jo nåke ut av turen…

 

Pedagogisk korrekt..

Det meir eller mindre førsta innlegget så blei forfatta, itte at bloggen va oppretta.. Kor eg akkurat hadde skumma gjennom nåken nettaviser, og det så va i vinden handla om foreldrerollen.. Rett og slett kossen me sko takla både det eina og det andra..

Og eg fant fram dei her bøkene så Kånå hadde fått tak i te meg.. Eller oss.. Eg vett ikkje heilt..

Sånne bøker så i stor grad egentlig går ut ifra at alle foreldre gjør feil.. Og at forfatteren/forfatterinnen sitte inne med den hellige gral av barneoppdragelse..

Men de gjør jo ikkje det.. Sjølsagt fungere jo nåken av metodane, ivertfall ei litå stund.. Eller ett par ganger.. Heilt te våre håpefulle små har oppfatta ka me holde på med.. Og tepassa seg deretter..

Og det e det me foreldre må gjør, spør du meg.. Me må alltid vær ett hakk foran dei håpefulle små, så ikkje e aent enn ulvar i fåreklær.. Små utspekulerte troll så lese og lære av sine foreldre, og alltid e i utvikling.. Og opposisjon..

Det e beinhardt arbeid å vær foreldre.. Man må alltid vær beredt..

 

Jesus feis og..

Detta va ett innlegg så tok heilt av.. Eg varta nesten litt skremt øve mottagelsen, for det blei skreven i ein fart.. Itte at dei 2 minste kom heim fra barnehagen, og begynte å parfymera heimen med ein uggen snek…

” De hadde fått heimalaga gulasj-suppa i barnehagen..

Det e egentlig ikkje så mye meir å sei om det innlegget, anna enn at det egentlig bare blei skreven i affekt.. For me foreldre hadde vært i ett felles foreldremøte, og fått info om masse forskjellige ting..

Også “Smart Mat” ..

Så heilt klart va årsaken te at alle vindaugane i heimen, måtte åpnast så me uskyldige ofre kunne få pusta.. Eg trur til og med at eg dyrt å helligt lova hevn øve barnehagen, og hadde store planer om å servera denna suppå te synderane om morgenen..

Før me leverte de i barnehagen.. Eg har ikkje gjort det ennå..

Men plutselig….

 

Mini’en…

Så har me dei utallige innleggene kor Mini’en har hovedrollen.. Den fjotten så kom som ein ittepåklatt. og endra livene våras for evig og alltid.. Det har ikkje mangla på inspirasjon her, for og sei det mildt..

” Og han e vel den absolutt største årsaken te at det har blitt ein Blogg ut av det..

Ein gang trudde eg han va kidnappa, når han va sporløst fordufta i heimen.. Ein anna gang så blei man utsatt for såpassa utspekulert fantaskap, så man ikkje kunne trodd det va muligt at han sko finna på..

Ja, eg kunne holdt på i timasvis, bare med å skrevet om alle påfunnene te den karen der.. Sparkesykkelen, ferieturane me har hatt og eg trur til og med han har ett innlegg så på ein ypperlig måte, fortelle om “Life after sjølvaste Mini’en” ..

Gudhjølpe meg…

 

På ferie med Flokken.. (Ferie, du liksom..)

Ferie med Flokken.. Du hendelse… Me foreldre burde jo hatt lovpålagt ei uka ferie aleina, før sjølve familieferien.. Når man e ein storfamilie.. Eller ei uka treningsleir.. Tjera vena meg..

Man går heila året og gleda seg te nåken ukers ferie, kor man ska kosa seg med kidsa..

Så ende man stort sett opp med ett durabeligt kaos kalas, fra ein aen verden.. I slutten av ferien e man så utslitt at kvart fiber i kroppen, skrike itte å få komma på jobb igjen.. Eller den “egentlige” ferien..

I syden f.eks. kor man ende opp i den eine ufattelige episoden, itte den andre.. Som når ein servitør med i øvekant mye selvtillit, siå han nettopp va blitt pappa.. Meinte han hadde full kontroll på Mini’en, mens me voksne kosa oss med maten..

” Eg trur han fekk ett litt aent syn, på kossen hverdagen kom te å bli fremover.. Itte ein halvtime med Mini’en..

Eller når eg gjekk på ein smell og to.. På flyet heim, hos ein streng apoteker eller tutla rundtomkringfallera for meg sjøl..

Men det innlegget så har høsta aller mest leserar av alle innlegg, det e når me sko heim i fra Danmark.. Og blei øverraska av uvær.. Kånå fekk panikk, eg tok mine forhåndsregler og Fjordline sin balje av ein båt, fekk virkelig kjørt seg..

Av alle innlegg eg har skrevet, må det vær det så eg e mest fornøyd med.. Ikkje bare for det tok av, men det fanga virkelig opplevelsen me hadde, på ein ypperlig måte.. Kånå skjelve litt i bukså kvar gang hu lese det…

 

Alle dei små Hverdagslige hendelser..

Så har me dei her små øyeblikkene i hverdagen, kor man plutselig ende opp i ei suppa man ikkje hadde forespeila på forhånd.. Det e vel det så e litt grunnstammen i denne bloggen ..

Det e å kunna ha litt galgenhumor, sjølironi og lignande.. Når det storme som verst..

Det e jaggu meg vanskelig å finna høydepunkter, fra starten og te nå.. For oss e de likestilte nesten alle sammen, og komme te å bli huska inn i evigheten.. Men sykkelturen med svoger min, den komme eg aldri te å gløyma.. Mildt sagt..

Ein anna episode så innbefatta min kjære svoger, va når han hadde baka Gulrotkaka.. Ubetaleligt..

Eller den gangen eg klarte å ta med meg bilnøklane te Kånå sin bil, med på jobb.. Første dag itte sumar ferien.. Fri og bevare meg vel, om Kånå hadde vært hissige før.. Så blei det satt ny rekord den dagen..

Tjera vena meg…

Ett år e gått, ett nytt har begynt…

Litt over ett år med blogging e tebakelagt, med opp og ner turar.. Men mest av alt har det vært gøy.. Eg har stifta bekjentskap med mange flotte folk.. Fått tips av i mine auger Norges beste bloggerinne..

Bloggen har gjort samarbeid med mange kjekke bedrifter, butikker og til og med ett RockeBand.. Ett av Norges beste Live band, Yuma Sun..

Merk mine ord, eg trur me komme te å høyra meir i fra den kanten ..

Og på ein forskrudd måte, så har eg virkelig lyst at dåkka ska få høyra meir i fra vår kant og.. Sjøl om detta blogg greiene har blitt så mye meir enn eg nesten e komfortabel med..

Så e det jaggu meg kjekt og..

 

At man trenge ikkje ha dei mest perfekte bildene.. Man trenge ikkje flasha sine flotte “fordelar” .. Man må ikkje provosera halva Norges befolkning.. Eller skriva om akkurat det så e Google sine mest brukte søkeord akkurat nå..

Man må ikkje skriva på bokmål, fordi alle andre meir eller mindre gjør det..

Det holde gjerna bare å fortella om sine hverdagslige opplevelsar… Krydra med humor og fortalt på ein så billedleg måte, at leserane laga sine egne bilder i hovudet..

” Fortell det du vil formidla, sånn som du snakke.

Det e ett av dei tipsene eg leste meg opp på, før eg starta.. Om ikkje det einaste, så ivertfall ett av dei få eg har følgt..

 

Så, kanskje i år… Så får endå fleire augene opp, for våre hverdagslige eskapader.. Her på Jeg Gikk Bare i Boden en Tur..

Kanskje nåken så vil samarbeida og, til og med..

Det va interresse i året som gikk .. Så hvis utviklingen fortsette, og dåkke leserar får servert historiar av samme kvalitet eller høgare.. Så komme dåkke te å lika, dela og kommentera .. Humra, le og la dåkke engasjera..

Akkurat lika mye så ifjor…

 

For uten dåkke leserar, så blir det ikkje mye blogg…

Og omvendt… =D

Gudhjølpe meg og Herrens trofaste Hærskare …

 

Det e nyttårs aften idag.. Slutten på ett år og begynnelsen på ett aent.. Tid for ettertanke og tid for å planlegga fremover.. Det e liksom ein slags milepæl denna nyttårs aftenen..

” Men alikavel så hadde ikkje me handla inn..

I typisk god gammal “Oss” stil, har tiden bare flydd avgårde, gjennom ukå.. Og igår, når Kånå hadde tenkt å handla inn så blei det kino dag istedet..

Og jaggu meg klarte me å snika inn ett besøk av forelderene mine og.. Innimellom kino besøkene våras, kor Kånå tok første skift med dei små.. Eg neste skift seinare på kvelden, siå de eldste ville sjå Star Wars..

 

Kånå kom hjem rett før foreldrene mine kom, itte å ha vært på Hakkebakke Skogen med dei to minste.. Eg stod mitt i vaffelrørå å steikte vaffler, med det nya dobla vaffeljernet.. Så Kånå me fikk te jul av svigers..

” Eg klarte heldigvis å ta Kånå i fallet, når hu nærmast besvimte av øverraskelse..

Tjera vena meg.. Det e jo ikkje akkurat rakettforskning å sopa i hop ei vaffelrøra, posen lå jo klar i skapet.. Resten e jo elementært.. Stikkontakten i støpselet, ei skjei røra på kvart jern.. Lukk igjen og vent..

Bare ikkje glem å lukk opp igjen.. Då vil man mest sannsynligt røyklegga kjøkkenet, utløysa brannvarslaren og skremma vettet av dei to eldste i heimen..

F.eks..

 

Så idag, på sjølvaste nyttårsaften blei eg sendt avgårde på handletur.. Me kunne ikkje feira nyttår uten meir proviant, så Kånå skreiv ei litå lista øve ka me måtte ha..

“Jaja, å sei eg blei sendt avgårde e nok å ta hardt i, eg sa forsåvidt at eg kunne ta handleturen.. Så eg fekk litt tid for meg sjøl

Eg e jo ikkje heilt idiot heller så eg sa jo sjølsagt ikkje det te Kånå.. Flokken va i ett rabiat humør idag og reiv nærmast ner huset.. Så eg holdt nesten på å dunka meg sjøl på skulderen, øve min egen genialitet..

Kånå hadde vondt i ryggen idag, så eg passa på å nevna det og når eg meldte meg frivillig..

Man bruke dei midlene man har te rådighet..

 

Alle geniale planer har ein viss fare for å bli gjennomskua, sjøl om man e sikker på at den e vanntett.. Så når eg satt i bilen på vei te butikken, og lurte på kossen i granskauen detta hadde tatt den vendingå det hadde..

” Så blei det overdøva av bråket fra bak i bilen, der Mini’en Litlajentå og Han i Midten satt og kauka..

Sjølsagt hadde Kånå gjennomskua mine planar, og når eg stod i dørå med handlelistå.. Hadde hu kommandert meg te å ta med meg sjølve kjernen av “bråkebeltet” i familien..

Mens eg bare stod å kikka perplekst tebake på na, sank skuldrene 5 hakk.. Og Kånå snudde seg med ett triumferande smil..

Utmanøvrert igjen..

 

Eg har høyrt ett ordtak så seie, at når man e på bånn, kan det bare gå ein vei og det e oppover.. Eg følte meir eller mindre at nå kunne ikkje ting bli nåke verre, men eg hadde glemt å ta handleturen med i betraktningen..

” Gudhjølpe meg og herrens trofaste hærskare..

Me hadde ikkje vært inne på butikken lenge, før rabalderet sette igang.. Han i Midten hadde stukket av med handlelistå, og Litlajentå skrålte og peika der hu satt i baugen av handlevognå..

Hu hadde laga seg ett imaginært kart, og visste kor alle varene på listå va.. Hu kauka ut beskjedar te Han i Midten, så jogga foran oss og leita mens han leste høgt fra handlelistå..

 

Mini’en satt forøvrig fint i setet på vognå, mens eg gjekk med følelsen av at alle kikka på oss.. Men eg rista det av meg, sjøl om nåken gjekk forbi mens de småflirte.. Det e sikkert av dei “søte” små, tenkte eg.. Eller håpte, ivertfall..

Me va kommen te brød på handlelistå og eg stod med denna maskinen så skjære opp brødet..

Eg hadde skjært opp det førsta og la det ner i vognå, men når eg snudde meg å sko te å legga neste oppi.. Så hadde ei dama trengt seg inn foran og stappa sitt brød oppi..

” Altså, nå e ikkje eg så ofta å handla, men e det liksom fritt fram med den maskinen.. ??

Må man liksom ha håndå på den for å holda den te man e ferdig..?? .. Eg vet ikkje eg, men eg blei bare litt satt ut.. Hu stod forsåvidt der å liksom lo litt småskjelmsk då, som om hu liksom va litt flau..

Makan te frekkhet, spør du meg.. Men igjen, eg e liksom ikkje heilt oppdatert på normal kotyme i butikken..

 

Eg hadde begynt handleturen med hovudet høgt og moralen på topp.. Men nå hang eg med hovudet, beina begynte å bli seige og hjernen mildt overbelasta.. Men eg hadde kontrollen..

Så nappa Han i Midten Mini’en ut av vognå og kaoset va komplett..

Eg raska med meg det sista me sko ha, hanka inn Flokken og sette kursen mot kassen.. Nervene va tynnslitte men eg såg enden på tunellen.. Eg fikk ungane te å lessa oppå, mens eg stappa varene i posar..

Før han i kasså va ferdig og ville ha penger..

 

Eg tok meg te jakkelommå kor eg trudde lommabokå lå, men nei.. Ingenting.. Herreguuud.. Eg sjekka andra siå, men akkurat lika mye flaks der..

Gudhjølpe meg..

Hadde eg  sopa i hop ei stappfull handlekorg, men glemt lommabokå heima.. Bukselommene va lika tomme så jakkå, så eg fikk han i kassen te å slå summen te sides..

Eg har sikkert glemt lommabokå i bilen, sa eg te han i kassen.. Mens eg samla sammen Flokken og styrta mot utgangen.. Eg hadde ett håp, men va høyst usikker..

 

Mini’en hylskreik for han ville Trollsnopet sitt.. Litlajentå likaså.. Og om eg va usikker tidligare på om folk kikka på oss, så va eg skråsikker nå..

” Han i Midten forstod for ein gangs skyld situasjonen, og hjalp te..

Og når me kom ut te bilen og eg fikk satt Mini’en i setet, kikka eg i midtkonsollen.. Og jaggu meg, der lå lommabokå og glinsa så ein gullskatt imot meg..

Aldri før har eg vært meir glad for å finna nåke eg ikkje visste eg hadde mista..

Eller forlagt.. Det e vel gjerna ett meir passande ord..

 

Aldri før har eg vært meir flau heller, ivertfall ikkje enn på lenge.. Men eg jogga nå inn i butikken fekk betalt, raska med meg varene og luska ut dørene igjen..

Mens eg følte heila Kvala senteret sitt blikk i ryggen..

Man har jo sikkert ikkje det, men eg snudde meg ikkje for å sjekka.. Men oppdraget va utført og nyttårsaftenen va redda..

Og eg avslutta 2016 med ett realt smell..  Mot normalt.. =D

 

Ha ein riktig fin nyttårsaften, folkens ..

Tusen takk, te alle så har kikka innom, lest innlegg og gjerna lagt igjen ein liten kommentar.. Eg sette utrolig stor pris på alle kommentarene dåkke legge igjen..

Noen morsomme, noen “medfølande”, andre hysteriske og mange herlige.. Tusen Hjertelig Takk ..

 

Det har blitt så mye meir enn eg hadde overhodet kunna håpa på .. Per dags dato e det over 3600 så følge Facebook sidå te Boden..

Himmel og hav, altså.. 3600 følgerar på bittelitt over ett år.. Takk te alle dåkke og.. Og la det bli mange fler, neste år.. =D

Eg har til og med lagt te ein sånn funksjon, at dåkke kan vurdera Bloggen på Facebook siå.. Og der har allerede 7 stykk lagt igjen topp karakter.. Heilt fantastisk..

Årsakane te vurderingen deiras e ikkje småtteri.. Så tusen takk..

 

Og igjen… Tusen Hjertelig Takk… Te alle så har vært innom i løpet av året, på vår lille hverdags blogg fra virkeligheten.. Den “realistiske” virkeligheten, på ein måte.. =D

 

Og kos dåkke ut av det gamla året, og inn i det nya.. =D

” Godt Nyttår.. Fra alle oss her i heimen..

 

I tankeløshetens etterpåklokskap – Mini’en og Kåner å sånn..

 

Når eg våkna igår morgens, så va det av Mini’en sin skingrande stemme så runga innover øyregangane.. Han lå på skrå øve meg og nærmst brølte meg rett i øyra, fra ca 3 cm avstand..

Det e mangen måtar å bli vekka på her i heimen, og detta e absolutt ikkje favoritten..

Av alle dei tusen forskjellige vekkarklokke variantane Flokken har, e brøling direkte inn i øyra, bare rein og skjær tortur.. Man blir reven ut av søvnens bedagelige svøp, og kasta inn i hverdagens kaos på verst tenkelig måte..

 

” EEEED vil se på tv…. Kauka Mini’en, i ett repetivt tempo..

E det ein ting Mini’en ikkje ska ha på seg, så e det at han gir lett opp.. Han eige ikkje ett fnugg av vilje te å kapitulera, om han har bestemt seg for nåke han vil, eller vil ha.. Han e sta som ett esel.. Eller som Kånå..

Man kan gjør ett forsøk på å ignorera han, men det e nyttelaust..

Litlajentå har og slengt seg på nå og konserten e komplett.. Ein duett fra vekkarklokke koret.. Men det så gjorde denna morgenen endå verre, det va basketaket eg sko ha med Kånå ittepå..

 

For kvelden i forveien hadde Kånå ymta frampå, om at eg sko stå opp med dei 2 små.. Og kjøra de ein liten tur i barnehagen neste dag..

Nåke så absolutt ikkje hadde vært hverken nåke problem, eller nåke eg hadde noe som helst uvilje mot å gjør..

Problemet oppstod bare pga det eg bedreiv samme kveld med, eller nattå for den saks skyld.. Når eg først måtte prøva presangen te dei 2 eldste, Fifa 17 på Xbox.. Og blei sittande te langt på natt med ett sånt “Story Mode”..

Eg måtte bare spilla litt te, for å bare se ka så skjedde.. Te slutt gjekk eg lei, men på vei i loppekassen kom eg på serien eg har begynt å se på Netflix.. The 100..

Og endte opp med 2-3 episodar av den og for sikkerhets skyld, og luska ikkje inn i kassen før i halv 4 tiå.. Hjølpe meg..

 

Så i tankelaushetens ittepåklokskap, kan man jo bare tenka seg ka så kom te å skje.. Sjølsagt prøvde eg jo å vri meg ut av denna knipå, med ett vanvittig forsøk på å gi Kånå dårlig samvittighet..

Eg kan ikkje akkurat sei at det va vellykka, det va vel forsåvidt så langt fra vellykka så det går an å komma.. Mildt sagt.

Kånå gjekk lukst i angrep og sendte avgårde heila arsenalet sitt, rett i fleisen på meg.. Absolutt alt på ein gang..  Himmel og Hav.. Nåke medlidenhet for kvelden i forveiens idiotiske mesterstykke, va ikkje å få..

Ikkje det at eg hadde forventa det heller da, men eg hadde ikkje i mine villaste fantasiar forespeila meg denna reaksjonen…

 

Eg blei regelrett tatt på sengå av Kånå sin fresande vrede, øve min skjødesløse tankelaushet.. Det e forskjell på å vær toskjen og idiot, akkurat det har eg konkludert med før..

Men ein sjelden gang så e man begge deler.. På ein gang..

Eg innsåg for seint at ikkje bare hadde eg tråkka i salaten, med støvlar på.. Men at Kånå i det stora og heila hadde forventa, at eg gjerna ville prøva meg på detta stuntet.. Og planlagt i så hende..

Hu innrømte faktisk ittepå, eller litt seinare på dagen.. Når piggsveisen min itte “hårfønaren” hadde lagt seg, og Kånå kom ut i Bodå med ein kopp kaffi te meg..

At hu faktisk hadde vært lys våken itte konserten te Mini’en å Litlajentå, hu og.. Men simpelthen og forsåvidt med rette, ikkje syntes at eg fortjente bedre..

Når eg først hadde romjulsfri, fekk eg jaggu meg hjelpa te.. Tjera vena meg..

 

Man kan jo ikkje anna enn å legga seg flat, å gå til bekjennelse av at Kånå hadde heilt rett.. Men av og te så gjør man som mann, heilt idiotiske og toskjne ting..

Det ligge i DNA’et våras, trur eg..

Ka i all verden ellers sko vår småhissige, iltre men stort sett snille Kåner, sitta og diskutera og klaga seg øve i klubb eller homeparty med.. Om ikkje de hadde hatt oss hodelause mannfolk å snakka om..

Det e jo grenser for kor lenge man kan diskutera strikketøy, tupperware eller Forever Living produkter.. Når de e på klubb eller homeparty..

Og e det nåke me mannfolk kan, så e det å gjør ting feil.. Ifølge våre kjære Kåner..

 

I grunnen har de som oftast rett..

Vil eg tru..

Men då e det ivertfall bare å konstantera, at det faktisk e nytte i oss mannfolk..

 

=D

 

Man fora ikkje ein ilter lemen på speed med flybensin …

 

Eg trudde ikkje mine egne øyrer i ittemiddag, og holdt nesten på å dra vår høyt “elskede” Grand Voyager lukst te skogs..

Itte ett byttebonanza av dimensjonar..

Me hadde vært på Amanda Senteret og bytta litt forskjellig, nåke så me fikk 2 av og andre ting så ikkje passa.. Sjølsagt holdt me poker fjeset på Jula aftå, så ingen trur nåke aent enn at me va strålande fornøyd..

Og nå e Kånå endå meir tilfreds..

 

Av erfaring, holde ikkje Han i Midten ut meir enn ca 1 halv time på ett kjøpesenter, før loppene i blodet går amok.. Me har jobba godt med det, fordi før så holdt det ikkje 5 minutt eingang.. Mildt sagt..

Han e høysensetiv, og dermed tar han inn impulsene rundt seg nåke meir forsterka enn oss dødelige..

Derfor blir han glad så ein fjøsnisse på julakvelden, sint så ein Lemen på speed og lei seg lika sterkt så Kånå på hormontur i graviditeten..

 

Det e ein øvegang, seie alltid far min.. Men eg e sterkt redd for at akkurat denna her greiå med Han i Midten, den e sterkt vedvarande..

Me har innfunnet oss med det, og jobba rundt det..

Så me har øvd oss fram te å klara ein halv time på kjøpesenter, med å auka dosen litt om litt for kvar gang.. Men i dag gjekk det rett i dass…

 

Me delte oss opp og Kånå tok Litlajentå og Han i Midten med te 2 etg, for å bytta det så måtte byttast der.. Eg seie ikkje meir, av frykt for å bli avslørt..

Men Kånå meinte med hadde fått mye for gavane, det va visst salg idag..

Eg hadde med meg Eldstemann og Mini’en, men øvetok Han i Midten ikkje så langt ut i denna famøse turen.. For det tok ikkje langa tiå før Han i Midten va over alt…

 

Opp rulletrappå, så gjekk nerover… Inn og ut av butikkane i ett tempo uten like… Sjekka nåken mobilar på mobil butikken, og fekk 3-4 stykker te å spilla musikk på full guffe…

Me gjekk ikkje forbi der igjen..

Eg tenkte eg sko kjøpa ein is eller nåke, for å roa han litt.. Men fekk summa meg i siste øyeblikk .. Man fora ikkje ein ilter lemen på speed med flybensin.. Tjera vena meg…

Somme ganger glemme man seg heilt ut, og gjør det alikavel.. Og forbanne seg sjøl midt i det fullstendiga kaoset så oppstår, at detta ska man aldri gjør igjen..

Men så går det akkurat nok tid, så at man har rensa hard disken.. Og sånne ting havna i papirkorgå, alikavel..

Og man går på ein ny smell av uante dimensjonar..

 

Midt i detta epos’et av ein Han i Midten på “full guffe”, vakna Mini’en og te.. Heldigvis hadde eg vognå og så lenge me holdt oss i bevegelse, gjekk det forholdsvis bra..

Men med lekene unna rulletrappå måtte eg kapitulera…

Så nå hadde eg 2 gutar fulle av oppsamla energi, i fri utfoldelse midt på Amanda Senteret.. Mens Kånå gjekk rundtomkringfallera og kosa seg med sin yndlings aktivitet, sammen med Litlajentå så e som snytt ut av nasen på Kånå..

De e 2 alen av samma stykke, dei der.. Heilt klart..

 

Men te slutt, når eg meir eller mindre utmatta krøyp ut av senteret.. Og inn i bilen med Kånå og Flokken på slep og sette snuten heim over.. Så va det som å få ein middels tsunami av overraskelse, midt i fleisen..

Når Kånå på halvvegen heim, utbrøyt i fra baksetet, siå eldstemann hadde kapra det framme ..

” Hjølpe meg… Eg trur eg e for gammale te detta shopping greiene eg.. E jo heilt utslitt jo..

 

E det løye Grand Voyager’en vingla så Utsira båten i full storm da..?? .. Ikkje bare hadde hu kosa seg med favoritt sysselen sin, men hu va jaggu meg skamlause nok te sei hu va utslitt og..

Hjølpe meg…

Eg holdt på å sei nåke så garantert hadde gitt 14 månaders “Julakveld” karantene, men fekk stogga meg sjøl i siste liten.. Hu har tross alt kavet med dei små, kvar einasta morgen, meir eller mindre alle skoledagar i året…

Og her sko eg liksom gjør ett hælsprikkande standpunkt, itte halv anna time på Amanda Senteret.. Aleina med 3 av representantane fra Flokken..

Gudhjølpe meg og herrens hærskare…

 

Av og te… Så e eg glad at Kånå har gitt meg den gaven.. At eg av erfaring… Alltid tenke gjennom saker og ting, før eg svara på nåke så hu uttala seg om…

Det e ikkje alltid eg klara å huska det…

Men det blir færre og færre ganger eg glemme det, for kvart år som går…