Mr Google, Kånå og ei Pannekakerøra te besvær..

Foto : Komposita/Pixabay

Jaja.. Så fryktelig lenge va ikkje Adam i paradis, hette det visst.. For når eg kom heim fra jobb idag, møtte eg meir eller mindre hverdagsgalskapen i trappå.. Litlajentå føyk kaukande øve stuegolvet i fullt firsprang itte Mini’en.. Mini’en skreik lika høgt, der han ilte øve gulvet som fortropp.. De sprang om kapp øve kim så sko røra i pannekakerørå.. Han i Midten satt i sofaen og ropte itte stillhet, han høyrte jo ingenting..

Eg stod ei litå stund å lurte på om eg bare sko snu, og lura meg ut ett lite øyeblikk te.. Men eg blei oppdaga av Kånå, før eg fikk bestemt meg.. Hu va mildt sagt i harnisk, der hu sprang mellom gjøremålå i heimen..

Hu hadde solgt det gamla regntøyet te Litlajentå, men han som sko henta det, fant ikkje fram.. Og med tanke på Kånå sin manglande evne te å forklare veibeskrivelse, så va jo det forsåvidt ikkje så uforståelig.. Men fyren hadde Googla adresså våras, og havna midt utpå markå, foran rekkehuskomplekset.. Nå ska ikkje eg ta nåke avgjørelse om kim så gjerna hadde mest skyld her.. Men Kånå hadde vitterlig skrevet dei kvite rekkehusene med forskjellig farge på carport og dører..

 

Og står man der eg mistenke at han stod.. Så e det absolutt ikkje vanskelig å sjå detta rekkehuskomplekset.. Det forsvinne på ein måte ikkje inn i naturen, med sin eggehvite fasade og dører i alle regnbuens farger.. Til og med rosa..

 

Og nett som eg har lært på den harde måten sjøl, så e ikkje Google fasiten øve alle fasiter.. Det forekomme feil og mangler der og.. Men han fant fram te slutt og lot forsåvidt Kånå få høyra ka han meinte, om at me ikkje befant oss der Google hadde henvist han.. Ka Kånå hadde forklart va visst underliggande Google.. Så for ein gangs skyld så e Kånå frikjent, spør du meg.. Tjera vena meg, alle vett vel at Kåner trumfe Google uansett kor rett man trur man har.. Eller kor rett man vett man har.. Av og te e det bedre å meina det som gir størst gevinst, uavhengig av kim som har rett.. Derfor meina eg ofta det samma som Kånå..

Men.. Det slutta jo ikkje her.. Denna ittemiddagen va fortsatt ung i forhold te hverdagskomplikasjonar.. For Kånå sko jo steika pannekaker..

Så når hu forfjamsa kom opp fra gangen, itte at Mr.Google sikkert pent hadde bedt oss flytta der Google meinte me bodde.. Sette hu igang med steikingå av både pannekaker og bacon.. Mens eg satt i sofaen og surfa litt på nettet, og leste avisene der.. Det e greit å holda seg nåkenlunde oppdatert i det som skjer, rundtomkring i verden.. Eg kan f.eks beroliga meg med at litt grått hår, bare e positivt.. Det tyde på at man e i toppform, og har ett langt liv foran seg.. Ivertfall så meina de det, nåken forskerar.. For gråhåra villsvin hadde ivertfall dei egenskapene, i forhold te sine meir brunfarga medlemmer av arten.. Og me hadde visst mye til felles med villsvin, me mennesker..

 

Så mine grå hår som formere seg som kaniner, i hver tinning.. Dei e bare ett tegn på at formen e på topp og at livet blir langt.. Nett som eg har trudd i lange tider om meg sjøl, egentlig.. Ingen grunn te panikk, om man miste pusten halveis opp i ei trapp.. Eg har jo grå hår i tinningen..

 

Opps.. Ein liten digresjon der.. Men.. Kånå stod altså å steikte pannekaker, når hu begynte å klaga seg øve rørå.. For pannekakene blei så merkelige.. Hu frykta ei stund at kidsa hadde hatt nåke oppi, mens hu hadde vært nere å diskutert kor me bodde, med Mr. Google.. Men ingen av dei hadde gjort nåke anna enn røra i rørå.. Det sa de ivertfall med handå på ryggen og ti knivar i hjarta, eller nåke lignande.. Kånå kjørte oppi med meir smør, og slengte på ei nye pannekaka.. Og det virka som om det ordna seg der borte..

Men plutselig kauka hu te igjen, så eg skvatt i sofaen.. Hjølpe meg.. Nå blei pannekakene endå verre.. Nei, hu måtte heilt klart ha ei ny steikepanna, det måtte jo vær den som va syndaren.. Heilt klart..

Eg gjorde bare som eg ikkje høyrte na, der hu mumla nåke om Ikea, steikepanna og den forbaskade rørå.. Det e som oftast det besta.. Det å ikkje blanda seg opp i ting, som kan dra deg inn i ei rekka av hendelsar man plutselig ikkje e herre over sjøl lenger.. Og plutselig så sitte man som ett mentalt vrak og e totalt utslitt mens man spise svenske kjøttboller på Ikea.. Og ydmykt dyrka håpet om ei meining med tilværelsen.. På ein måte..

Men, men.. Det hadde vært stille ei stund nå, borte på kjøkkenet itte det sista utbruddet.. Før Kånå sette i ett gisp, og ropa ut ett – Åhhneeeei…

 

Det va jo ikkje pannekake røra Kåne steikte pannekaker med, men vaffelrøra.. I hverdagens umiskjennelige kvern, hadde Kånå i kaoset som regjerte fiska opp feil pose fra skuffå.. Og hatt opp i bollå, før kidsa fikk lov te å røra.. Kanå dampa jo nesten av oppgitthet og resignasjon…

 

Tjera vena meg, vettu.. Det va nesten ubetaleligt..

Men de smaka jaggu meg godt da.. Dei her pannekakevafflene te Kånemor.. Det ska hu forsåvidt ha.. Sjøl om de såg nåke merkelige ut.. Te pannekaker å vær, liksom..

=D

 

[bctt tweet=”Mr Google, Kånå og ei Pannekakerøra te besvær..” username=”Gikk_i_boden”]

Ein pjuskete Hannkatt, med Pelsen på Vrangå…

Eg skreiv denna i vinter.. Når eg gjekk på ein smell med både Kånå og flunså.. Og syns rett og slett den fortjente ein liten reprise..

Eg satt ivertfall å hiksta litt av latter sammen med Kånå, når eg leste den høgt for na her i kveld.. Tjera vena meg.. Alt eg finne på å dela med dåkke.. Eg må jo ha hatt feber når eg skreiv detta og.. =D

Jaja.. Les i vei..

 

Manflu..

Eg e sjuk idag.. Skikkelig sjuk..  Så sjuk at eg fader meg ikkje klarte å gå på jobb..

Eg sjangla ut på badet i dag morgens, som ein pjuskete hannkatt med pelsen på vrangå.. Tømte tanken og skvatt te himmels, når eg så meg sjøl i speilet..

Ein tilårskommen uteligger hadde vært meir representabel, enn mitt raggete utsjåande..

Augene stirra mot meg som 2 utståande pipestilkar, omtrent som E.T ..Nasen va raudare enn ein innbarka alkoholikar sin, og tett som ein overfylt støvsugar pose.. Kroppen kjentes ut som 40 teppebankerar hadde gått laus på den..

 

Eg skalv av feber og rista av kulde.. Ingen god combo, når man prøve å pussa tennå..

 

Itte å ha høytrykkspylt andletet for tannkrem rester, så hadde tatt turen fra øyra te øyra.. Fekk eg trødd på meg arbeidsklærnå, itte ein anstrengelse uten like.. Hjølpe meg.. Eg måtte bare innsjå at dagen idag, ikkje kom te å gå av seg sjøl, det va nå ivertfall heilt klart..

På vei te kjøkkenet prøvde eg å kvela ei hosteria.. Og blei nesten ei stund engstelige, for at den eina lungå lå igjen, i albuen..

Eg stod å lytta ei stund, for å sjekka at eg ikkje hadde vekka halva huset.. Eller, å sei at eg stod e vel gjerna ikkje heilt sannferdig.. Ei ensom fåra på ein fjelltopp i storm, hadde nok stått stødigare enn meg.. Der eg stod å svaia på golvet..

Det va musastille i heimen, så eg hadde tydligvis ikkje vekka nåken.. Eg luska meg bort te kaffimaskinen, skrudde den på og gjekk for å henta ein kopp i skapet.. Men holdt på å gå rett i bakken, når eg strekte meg opp.. Jaja, sikkert ingenting ikkje ein Ibux eller 2 kunne fiksa..

Men for sikkerhetsskyld sjangla eg ut på badet, og fant febermålaren..

 

Oops.. 39,6.. Best å ta ein Ibux te, tenkte eg.. Og gjekk samma rutå tebake te kjøkken, trykka på kaffimaskinen og kom akkurat på at koppen fortsatt stod i skapet.. Tjera vena meg, i forfjamselen når eg sko skyndta meg å henta koppen, skalla eg hovudet i den åpna skapdørå..

Dørå smalt igjen med ett brak, og eg gjekk rett i bakken..

Kånå kom springande fra soverommet i bare truså, og fant E.T liggande strekk ut på gulvet, kaffien rant ut i lausa luftå og eg såg Melkeveien komma mot meg, i lysets hastighet..  Kånå skvatt ett par meter bak over, når hu skrudde på lyset og såg min vakre fremtoning, denna morgenen..

 

– Ka i helsikke e det så foregår her inne.. ? .. Kauka hu ut..

– Eg sko bare …  Rakk eg bare å begynna..

– Herreguuuud.. Du ska alltid bare nåke du… Avbrøyt hu, mildt sagt irritert..

 

Hu kikka på kaffimaskinen, så vrei dei siste dråpane av kaffi ut av kapselen.. Mens det flomma over fra beholderen i bunnen, og ut på kjøkkenbenken..

Så kikka hu på meg igjen.. Og fekk ett nåke mildare utrykk i andletet..

 

– E du sjuk… Spurte hu..

– Neeeida, bare litt dett i dasen.. Svara eg.. Så overbevisande så mulig..

Kånå la håndå si på pannen min..

– Hjølpe meg.. Du e jo kokvarme jo.. Sa hu bekymra..

– Neida, hadde bare 37,9.. E ikkje meir enn ka eg jobba av meg det.. Prøvde eg meg med..

 

Men Kånå treiv febermålaren ut av nevane på meg, og skrudde an på igjen.. Og 39,6 lyste mot hu, så fullmånen på ei stjerneklar natt..

 

– Forbaska dust.. Du kan bare glemma å gå på jobb idag.. Sa hu strengt, og durte ut på soverommet igjen..

 

Eg karra meg opp fra gulvet igjen, og fant mobilen.. Mens eg prøvde å finna nåken andre grunnar, enn at Kånå ikkje lot meg få gå på jobb, å sei te kjøreledaren min.. Men fant ut at det e som oftast best, å sei sannheten.. Så eg sa sjølsagt at eg hadde feber, og sannsynligvis måtte melda pass idag..

Eg nevnte ingenting om Kånå sitt forbud.. Tjera vena meg..

Får vær måte på kor mye sannhet man fortelle.. Og forbante meg sjøl øve å ha skalla i kjøkkenskap dørå.. Hadde eg ikkje gjort det, kunne detta gått nåkenlunde bra detta.. Og eg kunne vært på vei te jobb nå.. Men, sånn så formen utvikla seg, e eg vel glad eg måtte bli heima..

 

Eg tippa såvidt 40 tallet, før feberen gjekk sakte men sikkert nedover igjen..

 

Man ska jo ikkje gå på jobb, når man e sjuk.. Men man legge automatisk terskelen litt høgare, når man drive for seg sjøl.. Enn om man bare e ansatt.. Alikavel, så va det vel likagodt eg va heima idag.. Sett oppførselen min denna morgenen, i betraktning..

Det kunne jo gått skikkelig gale, om eg hadde fortsatt i samme duren, på jobb.. Forsåvidt..

Så eg har tilbringt dagen strekk ut på sofaen, unna ett varmt teppe.. Med vekslande periodar med nåkenlunde oppegåande form.. Bare for å bli sendt rett ner i kjellaren igjen, når neste feber ria sette inn.. Det e jaggu meg ikkje ofta eg må ner i “kjellaren”, og eg e sjeldent sjuk..

Men, i ny og ne.. Så blir eg jaggu meg skikkelig utslått av flunså.. Denna her såkalte “Manflu’en” ..

 

Det går som oftast 3-4 eller 5 år, mellom hver gang.. Og nå va det visst min tur igjen.. Skikkelig god timing, i kaoset med flytting, litt oppfriskning av rekkehuset og det å ha ein Flokk med 4 galne ungar i heimen..

Men plutselig, så e eg heilt sikkert frisk igjen..

Eg ska ivertfall ikkje måla feberen imårå.. Før eg går på jobb.. Når eg tenke meg om, så ska eg bare lura meg ut dørå, med ein gang eg står opp..

Så mulighetene for å gå på ein smell, e minst mulig..

 

Heilt klart… =D

På rett Plass, te rett Tid.. Men totalt Uvitande om Det

Ett heilt vilkårligt bilde..

Ein kompis la ut ein video på Facebook, av når datter hans scora ett flott mål med pannebrasken i Dana Cup igår.. Eg fikk det ikkje med meg før idag, men når eg kikka på videoen kom minnene fra ei fordums tid opp.. Den gangen eg va aktiv fotballspelar og “briljerte” i 6 divisjon for Falkeid IL .. Eg spilte stort sett spiss, men vikarierte litt på vingane og, alt itte ka formasjon me spilte..

Detta va jo i storhetstiden te norsk landslagfotball, med Drillo ved roret.. Så 4-5-1 blei flittig brukt.. Egentlig ein ganske så fleksibel formasjon, som fort kunne bli te 4-3-3 og..

Men, det va ikkje nåke taktikkforedrag eg sko ta føre meg nå.. For detta eminenta hovudstøtet vekka minner om ein gang eg scora, med hovudet.. Det e vel sikkert den einaste gangen eg har scora med hovudet, som igjen nok e årsaken te at eg huska det.. Me sko ivertfall spilla toppkamp i 6 divisjon på bortebane, langt inne i ryfylke mot Jelsa.. Me hadde ikkje så enorme forventningar te kampen, for Jelsa hadde virkelig vært i støtet denna sesongen..

Men me hadde ikkje vært så aller verst sjøl heller, og lå lika bak Jelsa på tabellen, før detta møtet..

 

Eg huska me tok ein sånn skyssbåt fra Nedstrand øve te Jelsa, før me gjekk fra kaien og opp te banen.. Lagoppstillingen blei lest opp i garderoben, og eg fikk beskjed om å starta på topp.. Trenaren vår hadde som regel klare føringar for ka me sko foreta oss på banen, og siå eg ikkje akkurat e verdens høgaste person.. Va ein av mine oppgaver å forstyrra motstanderen sin keeper, på offensiv corner..

Sjølsagt hadde jo eg glemt ut det, ved første anledning.. Og stod å spente forsiktig i graset, ved 16m ringen når me fikk vår første corner..

Trenaren stod å kauka som ein gal på sidelinjå og prøvde å få meg på plass, men eg fikk det ikkje med meg.. Sannsynligvis stod eg vel å drøymte meg heilt vekk, der eg stod.. Men når ein medspillar nappa meg i armen, så kom hørselen på igjen.. Og eg spurta inn der eg hadde fått beskjed om å stå.. Og støyinfernoet på innbyttarbenken roa seg.. Men, å prøva å forstyrra denna her keeperen va lettare sagt enn gjort..

 

For han va ganske så svær, mens eg va heller liten.. Ivertfall sånn sett i forhold te kvarandre..

 

Så når corneren gjekk ga han meg ein dualige dytt i brystet.. Så eg fauk bakover mot 5m streken, og han stod igjen aleina på streken.. Fortumla og meir eller mindre i ubalanse snubla eg bakover, og forsøkte febrilsk å gjenvinna balansen.. Mens eg løfta blikket opp for å nåkenlunde orientera meg.. Eg rakk såvidt å sjå nåke svart i horisonten, før det smalt i pannå.. Det smalt så hardt at eg trudde nåken hadde gitt meg ein kilevink, så eg stod egentlig bare der å kikka forundra ikring meg, ittepå..

Det blei ett sånt “Hjernen e aleina” øyeblikk.. Jelsa spelerane stod å kikka forbløffa på meg.. Og eg tebake på dei..

Før ein skokk av medspillerar takla meg rett i bakken i ellevill jubel.. Eg hadde visst scora mål uten at eg fikk det med meg sjøl.. Ka hadde eg vore me på, som eg hadde gått glipp tå, som han i Vinskvetten synge.. Ballen hadde altså dalt ner i pannebrasken på meg, i ein perfekt bue.. Truffet optimalt midt i pannå mi, før den skaut fart rett i motsatt hjørna.. Og i mål..

 

Eg har vel egentlig aldri heilt sagt detta før, men ett av mine flottast mål noensinne.. Scora eg altså uten at å ha fanaring på ka eg gjorde..

 

Det e egentlig ganske så morosamt at eg, ivertfall ein gang her i livet har klart å væra på rett plass i rett tid.. Forsåvidt uten å væra klar over det sjøl..

Når kampen va over stod det heile 0-4, og me hadde gått seirande ut av toppkampen..

Eg kjenne jaggu meg at det kribla litt i gamle fotballbein, når man ser sånne videoar.. Men eg e ganske så overbevist om at den tiå e over for min del..

Man kunne jo spilt Old-Boys eller Bedriftsfotball, men eg trur gjerna det e tryggare å la vær..

 

Fallerte fotballspillere med timingproblemer og ambisjoner som aldri blei realisert..

E lika farligt som å gå på rulleskøyter med 3 i promille.. Minst..

Så det får bli med minnene… ???

 

Litlajentå, Bursdagspenger og Grand Hotell…

Det å lima sammen det nya legohuset Litlajentå hadde handla inn, for bursdagspengene som formelig brant i lommene.. Det va ein meir møysommelig jobb enn eg hadde trudd.. På bildet ovanføre har klokkå blitt 23:00 og eg hadde fortsatt 5 poser med lego igjen.. 5 store poser.. Av dei 11 kraftige posene som detta hotellet hu hadde kjøpt inneholdt.. Grand Hotell..

Sjølsagt hadde Fatter’n sagt, at joda.. Eg sko ha huset klart te neste morgen eg..

Men eg måtte kapitulera itte at andre etasje va bygd, igår, litt lengre enn på bilde altså.. Klokka tippa 01:00, og eg begynte å bygga så mye feil at lim ikkje akkurat va det optimale å holda på med.. Det blei litt vanskelig å retta opp igjen ein vegg som stod to knepp feil.. Så eg tok ein sjefsavgjørelse itte ett flygel, ein frokostdisk og ein 2 hotellrom akkurat va ferdigstilt..

 

Hadde eg fortsatt med byggingå, e eg redd det gjerna ikkje hadde blitt det resultatet Litlajentå hadde forventa..

 

Det med å lima Lego’en sammen, det tenkte eg når eg holdt på at eg absolutt sko begynt med for lenge siå.. Når man ser på dei 2-3 og gjerna 4 baljene med Lego, som dei 2 eldste gutalarvane har maltraktert te det ugjenkjenneliga.. Det e sikkert Lego for astronomiske summar som ligge i tusen knas, fint fordelt i dei forskjelllige baljene..

Opptjent på utallige bursdager, juleaftener og lignande.. Lego som dei 2 minste kunne ha kosa seg med nå..

– Jammen, me har jo alle tegningane te de.. Sa Kånå.. – Så me (les du) kan jo bygga de opp igjen, og lima de sammen då.. 

Akkurat der og då nikka eg samstemnd te Kånå.. Men klokkå 01:00 inatt, va eg ikkje lika overbevist om at det va ein god plan.. Ein ting e at det går litt tregare for seg når man lime sammen ett heilt nytt sett.. Men eg trur fremdriften vil bli betraktelig meir laber, når man må finna deler fordelt på alle baljene med Lego..

 

Og når man tar med i betraktningen at eg klarte å forsova meg såpassa kraftigt idag, at kjøreledaren min måtte ringa og vekke meg.. Då trur eg man skjønne at detta ikkje e ein aktivitet man sette igang med i ei arbeidsuka, ivertfall..

Når ein palle med papir plutselig finne ut at den vil gå komplett i oppløsning bak i bilen, og måtte stablast på ny..

Og man kjøre ståltånå på verneskornå rett inn i ett lite trinn, når man ska skunta seg inn te ein kunde.. Og nærmast flyr på hovudet rett i dørå, kun redda av ein umenneskelig manøver.. Som garantert komme te å setta kraftige spor i ein nåke mør beinmuskulatur, om ett par dagar..

Då skjønne man at det ikkje akkurat e min dag idag..

 

Det å bygga Lego kan fort sammenlignast med når eg begynne på ei god bok, for eg forsvinne heilt fra denna verdenen.. Og blir heilt oppslukt av det eg holde på med.. Heldigvis vett både Kånå og Kidsa detta, så de lar meg bare vær i fred.. Ivertfall med Legobygging..

Med boklesning kan eg fort gå på ein smell, og plutselig bli reven ut av fantasiens oppslukande verden..

Av ein knyttneve i skulderen fra Kidsa eller ett brøl fra ei smått irritert Kåna, som har prøvd å få kontakt i ett par timar.. Jaja.. Det går som oftast bra.. Sjøl om eg gjekk på ein smell idag morgens + moms..

Og det e heldivis bare 3 poser igjen med Legobygging, når eg komme heim idag..

Av dei 11 eg starta med igår..

???

Årets første bad – Ett Sjokkbad…

Han i Midten, rimelig fornøyd itte ein forrykande badetur..

Me har vært hos Søster mi på grillings idag, siden bror min og familie e på besøk fra Bodø.. Då e det skikkelig kjekt å samla oss te litt familie kos.. Eit skikkelig haraball av ett grillselskap, som det stort sett pleie å bli.. Bror min fra Bodø har 2 gutar på 10, altså tvillingar og ei jenta på 13.. 2 gutar av omtrent samma kaliber som våras.. Om ikkje større, sånn aktivitetsmessig sett..

Det e faktisk ikkje ofta me ser at våras gutar e meir eller mindre utslitt, når me komme heim fra ekspedisjon.. Men de va rimelig utslått når me kom heim idag.. Mildt sagt..

Idag blei og årets første bad endelig foretatt.. Eg har, itte mangfoldige års forskning, funnet ut at det e kun ein måte man kan ta ett bad på, her i Norge.. Ivertfall for min del.. Det kan godt vær andre har det annerledes enn meg, men for meg e det kun “Sjokkbading” som fungere.. Det å gå i vannkanten å forsiktigt vassa utover, mens man kjenne det iskalda vannet lura seg oppøve beinå..

Det e som tortur for mi milda sjel.. Her må det nok gå hardare te verks..

 

Så istedet for å saktmodig kjenna isvannet senda frysande ilingar gjennom marg og bein.. Må eg bestemma meg for at nå ska eg bada.. Har eg ikkje bada innen 30 sekund fra vedtaket blei gjort, så blir det heller ikkje nåke bad, stort meir e det ikkje å sei om den saken.. Me rusla ner te strandå nedenfor feltet Søster mi bor på, og fant oss ein fin plass.. Kidsa gjekk og rusla i vannkanten, Kånå rigga seg te på plenen ovanfor strandå, og eg bestemte meg altså for å bada..

T-Skjortå røyk øve hovudet, sokkar og sko andre veien før eg gjekk i startgropå og satte fart mot vannet..

Det e viktig å opparbeida seg såpassa fart når man har tatt avgjørelsen, at det ikkje e mulig å ombestemma seg.. Så kortast mulig vei te vannet, e å foretrekka.. Skrik gjerna litt te for å advara andre badegjester og for å få fri passasje rett fram.. For mye hindringar kan fort virka inn på hastighet, som igjen gir hjernen mulighet te å ombestemma seg.. Så hastighet, kort avstand og fri passasje e 3 grunnpilarer i øvelsen “Sjokkbading”..

Eg forsikra meg om at alle forutsetningar va innfridd, kikka rett fram og sette fart mot vannet.. Maks hastighet blei kjapt oppnådd, ett hyl blei iverksatt når eg byksa utøve vannet, nett som ei and flaksa avgårde når de ska ta av..

 

Gudhjølpe meg og Herrens Hærskare … !!

 

2 byks ut i vannet så va anklane lamma.. Ved neste så røyk manndommen.. Og mitt i starten maskulina hyl, gjekk øve i fistel.. Alle hjernedeler som nå forstod ka som kom te å skje, sette seg kraftig te motverge.. Men sjølsagt alt for seint.. På fjerda bykset tok eg spenntak og stupte framover og ned, hovudet traff vannflaten og gjekk unna.. Alt av panikkalarmer i heila mitt legemet, gjekk av som ein kakafoni i nervetrådane.. Fra ett sekund te ett anna blei eg forvandla fra ein uovervinnelig Fatter’n, te ett skjelvande vrak..

Eg skaut fart mot overflatå, beinå fekk fotfeste.. Og lika kjapt som eg kom meg ut i vannet, va eg oppe igjen.. Om ikkje kjappare.. Eg prøve som oftast å holda kjeften lukka, på veien opp.. Men det går sjelden bra.. Fistel e ett godt stikkord her og..

På mindre enn 45 sekund va årets første bad over.. Og når Kånå spurte om det va kaldt, løy eg så vakkert at eg nesten blei rørt sjøl.. Det va heilt klart ett sånt spørsmål Kånå visste svaret på forhånd, men ett øyeblikk kor eg egentlig kunne ha svara ka som helst.. Gått på ein smell hadde eg uansett allerede gjort.. For gudbedre meg kor kaldt, såpassa kaldt va det at visse vitale kroppsdeler lekte gjemsel i lang tid, ittepå.. Heldigvis stod solå høgt på ein skyfri himmel, og fekk kjapt varmen i meg igjen..

Sjokkbadet va ett faktum..

Til og med Flokken va nå litt imponert, øve Fattern’s bading.. Og eg høsta store lovord om mine akrobatiske krumspring, i ferden mot vannet.. Han i Midten trur eg stokk litt, der han stod å kikka forferda på meg.. Når eg stupte ut av vannet som ei fullvoksen sjøløva, og byksa opp på plenen, igjen..

 

Uansett.. Bada har eg..

Det e ingen tidsfrist for kor lenge man må vær unna vann.. Så lenge man har dukka heila sitt legemet under, telle det som et bad.. Ivertfall i mine auger.. Heilt klart.. Ellers kosa me oss på strandå og fanga krabbe, reker og jaggu meg ei litå flyndra.. Te Mini’en store begeistring.. Kånå hadde sjølsagt klart å ta UV – Drakten hans på han feil vei.. Så Batman sine brystmuskler va på ryggen, og ein slags kappa framme.. Det såg ustyrtelig nåke komisk ut, men skitt au.. Det viktigaste e jo at den virke..

Litlajentå plaska rundt som ei havfrua, å storkosa seg med datter te Søster mi.. Plukka litt sjøstjerner, fløyt rundt på ein badering og fanga litt krabbe..

Han i Midten stod og lurte på kossen han sko komma seg ut den badeplattingen, nåken meter ut i vannet.. Han kan jo svømma, men eg trur isvannet satte han litt ut av spill.. Søskenbarnet hans hadde svømt ut litt tidligare, men Svigerinnå mi fra Bodø va forsåvidt ute og henta han inn igjen.. Men det hadde ikkje han i Midten sett.. Te slutt så la han seg flat på ein badering, og med svømmeføtter på, så sparka han seg ut..

 

Og itte litt forviklingar klarte han jaggu meg å komma seg tebake igjen og.. Heldigvis.. Sjøl om eg hadde sagt eg ikkje kom ut å henta han, vet me vel alle kim som måtta ha gjort det, alikavel.. Kånå bada jo ikkje.. Bare for å ha det sagt..

 

Ein aen liten smell eg heilt ubevisst gjekk på idag, det va når eg kom inn te Søster mi.. For det va ett steikje kaos på jobb idag, så eg endte opp med å kjøra ut 2 gode lass.. Det sista lasset utøve der Søster mi bor, så då avtalte eg bare med Kånå at me møttes der.. Me sko væra der klokkå 16:00, og fem over parkerte eg rett oppe i gatå hos de.. Kånå va allerede kommen..

Eg fikk lurt av meg den svetta t-skjortå, og skifta te ei Kånå hadde tatt med te meg..

Og hadde nærmast ikkje fått satt meg ner, før Søster mi høglytt måtte gi beskjed om nåke de hadde lagt merke te.. Siå Kånå kom før meg og med ein fullverdige Flokk med seg.. Kånå hadde nemlig kommen på tidå.. Ja, nesten før tiå.. Eg tok den ikkje med ein gang, men forstod jo kjapt insinueringå om kim som stort sett va syndaren, te at me gjerna som oftast kom litt for seint..

 

Eg komme vel te å få høyra den ei stund, vil eg tru.. Men jauda, eg ska tåla det.. Det e jo greit å ha ein syndebukk.. Det e verre ting å få skyldå for, kan eg tenka meg..

 

Men sånn oppsummert.. Så har det vært ein strålande dag.. Flokken ligge å snorka, og om ikkje lenge slår me følge.. Håpa alle har kosa seg i det nydeliga været idag, ein sjelden vakker sumardag.. Te vestlandet og væra..

Ha ein flott onsdagskveld, Folkens.. Over og ut, for i dag..

=D

Ein Blåmandag te Besvær..

Hehe.. Detta e faktisk ikkje mandagen igår.. Men eg skreiv om ein tur langt ut i gokk her ein dag.. Og når eg satt å surfa gjennom den andra Blogg siå mi.. Den som ikkje e i drift.. Så fant eg den første turen min ut te samme kunden..

Men det va jo gjerna ikkje så merkelig eg huska den dagen.. Det va jo liksom litt meir så skjedde enn ein langtur ut i granskauen..

Så her e ein liten reprise… Kos dåkke folkens.. =D

 

Ein Blåmandag av dimensjonar..

Gårsdagen, va ein dag eg håpa ikkje komme for ofta seilande forbi i mitt liv.. Om eg komme te å få ønske oppfylt, det e vel heller tvilsomt.. Men det e lov å leva i håpet.. Skjønt, håp, ønsker og etterpåklokskap får man vel aldri diplom for, trur eg..

Men dagen starta på skjeivå, og kom aldri i vater igjen..

Eg forsov meg nåken minuttar, klarte å vekka Mini’en og glemte sjølsagt kaffikoppen igjen heima.. Med fersk, varm og goe kaffi oppi.. For all del, eg og vett at kaffi’en va det minsta problemet i den ligningen.. Men, minuttane blei såvidt henta inn igjen på vei te jobb, og eg starta dagen uten morgen kaffi’en innabords..

 

Så sjølsagt gjekk ikkje akkurat lastingå av bilen på skinner, igår.. Minuttane eg henta inn igjen på vei te jobb, forsvant i tull og vas på terminalen, på leit itte ein dugande kaffikopp.. Te slutt, måtte eg ty te reservekoppen så stod i sluså mi, ein gammal statoil kopp så ikkje akkurat såg innbydande ut..

Itte å ha vært ute av drift i minst nåken månader..

Men eg fikk endelig nåken dråpar flytande koffein i kroppen, og kommen ut av krabbegiret.. Bilen blei lasta opp og eg kom meg avgårde fra terminalen.. Så ringe Kånå og har ein shitty start på dagen hu og, men heldigvis nevnte hu ingenting om Mini’en..

 

Eldsteman hadde vært i øvekant sur, fordi han måtte gå te skulen i den iskalde vinden.. Og fordi Han i Midten fekk vara heima på grunn av ett opphovna kne.. Eg fikk på ein måte desarmert bombå, og satsa på at det va siste oppøve bakken denna dagen..

Men denna famøse dagen hadde knapt begynt..

Ein liten time seinare tikka det inn ein melding, sjølsagt fra Kånå.. Hu hadde tydligvis ein effektiv dag i heimen, for hu sendte bilde av nåken trådløse headsett.. Dei så ungane sko bruka på Dvd-Skjermen eg sko montera i Multivan’en me hadde, men så eg aldri kom så langt te at eg monterte..

Me har oppgradert Grand Voyager’en med pengene med fikk for den, og i den nya kjerrå va det dvd skjermar i nakkastøttene..

 

Så nå fikk me alikavel bruk for dei her headsettene.. Eg og har leita itte dissa, men aldri funne de.. Og nærmast beskyldt Kånå for å ha kasta de.. Men så fant hu de i verktøykassen min, den kassen hu aldri e oppi.. Men nå hadde gjennomsøkt på leit itte metermål..

Man trenge jo ikkje vær rakettforskar, for å forstå kim så hadde forlagt de oppi der og glemt det ut..

Eg fant det egentlig bare best å gratulera na med triumfen, og lot det vær med det.. Somme ganger får man svelga ein kamel, og satsa på det e lenge te neste gang.. Men, seinare på dagen kom det ein ny melding, med bilde av ett par bilnøklar.. Nemlig sett nr 2 te Grand Voyager’en så har vært savna siå sumaren..

 

Dei så virka litt bedre enn dei andre, og man såg ikkje ut som ein luguber type så stod og prøvde å dirka opp bilen.. Når man låste an opp..

 

Man måtte nemlig vri te venstre, så lynkjapt te høyre igjen for å holda dørå opplåst.. Bomma man med ett par millisekund, gjekk an rett i lås igjen.. Forsåvidt litt av sjarmen med denna herlige bilen, dei her små links’ane man måtte kunna med..

Dei nøklane hadde eg og hatt ein sterk mistanke te at Kånå hadde forlagt, itte at me fant det gjenværande nøkkelsettet i bosset utenfor, eingang..

Hu hadde grabba med seg nåke boss fra sjenken i gangen, men og tatt nøklane med seg i håndå.. Og kasta det i bosset.. Heldigvis, kom hu på det før det va for seint.. Eg lar bildet nedenfor oppklara kor truimfen havna, i detta tilfelle og..

2-0 te Kånå og øredøvande trampeklapp fra tribunen.. And the hits just keep on coming..

Eg hadde ein levering te Toftøysundvegen i Nedstrand, men hadde ett håp om å sleppa unna denna omveien.. Det va ca 1 mil avstikkar fra hovedvegen, på ein krøttersti av ein vei.. Men når eg ringte kunden, så va sjølsagt batteriet på bilen hans tomt.. Jippi..

Det va bare å setta avgårde..

Turen inn gjekk forholdsvis greit, men på turen ut igjen havna eg bak tidenes frekkaste saktekjørande billist.. For det gjekk fanken meg ikkje fortare enn i 30-40km i timen, på slettene.. I svingane føltes det som om me stod stille.. Eg va bil nr 2, bak denna her rakkaren.. Eller rakkerinnen..

Det fikk eg forsåvidt ikkje avklart..

 

Men plutselig, så tok denna her billisten te vet og kjørte innte på ein møteplass, for å slippa oss forbi.. Trudde eg.. For bilen foran meg, fikk ivertfall komma forbi.. Men når eg kom, ca 20 ganger større enn den Civic’en så slapp forbi.. Så smatt denna fjotten nonchalant ut på veien igjen, rett foran meg..

Og Vm i dillekjøring va igang igjen..

Herreminguuuuud… Lastebilen min e forsåvidt “bittelitt” profilert og, så nåke tråkking opp i støtfangare for å gi seg te kjenne, va uaktuelt .. Om enn så fristande.. Og toppen på frekkheten, rosinå på kaka og siste spikeren i kistå, på denna sagaen.. Det va jo at så snart me kom ut på hovedveien, så spant denna billisten avgårde.. I ett halsbrekkande tempo..

Og forsvant i horisonten..  Meg vs dagen i går.. 0-3 ..

 

Så ringte Kånå igjen.. Hu hadde vunnet budrunden på eit ikea skap, og lurte på om eg kunne stikka å henta det itte jobb.. På jakt itte nåken pluss poeng i bokå, så svara eg sjølsagt ett rungande ja.. Før eg spurte kor det va..

Joda.. Langt te helsikke ut på Karmøy, rettare sagt Sandve.. Jippi gange 2.. Stikk motsatt vei fra den eg kom fra..

Men.. Har man sagt A, så får man sei B..

Eg suste videre ut på terminalen og lossa bilen.. Stakk å henta den nye gamla vraket våras.. Og tenkte at det sikkert e smart å nappa ut 2 seter, sånn at eg bare kan legga skapet rett inn i den..

Av og te så slår eg te, med min øve gjennomsnittet raske tankegang..

 

Akkurat kor den tankegangen va, når eg sko legga setet nr 2 inn i skapet på lastebilen, for å henta de igjen seinare.. Det vett eg ikkje..

Men, sjølsagt klarte eg å dunka borti førardørå, når eg snudde meg.. Så den gjekk smekk igjen.. Bilen stod og gjekk på tomgang og akkurat når eg ska te å nappa opp skyvedørå, høyre eg ein sånn herlige sentrallås lyd..

Og bilen stod triumferande, og fortsatt gjekk på tomgang..

Nå…Med alle dørene låst.. Svarte, helsikkens salte og fordømrande bananer… Det sko jo ikkje vært mulig..

Eg tok meg te lommå for å ringa itte hjelp.. Men lommå va lika tom så bankkontoen..

Telefonen min lå inni bilen..

 

Jaja, tenkte eg for meg sjøl.. Nå kan ivertfall ikkje Kånå ringa å masa om nåke meir på ei stund… Det e viktigt å tenka positivt, når alt anna ser svart ut så gravå.. Så eg måtte låna ein på jobb sin mobil, for å ringa itte hjelp

Itte ein liten times venting, så kom Falken og fekk dirka opp droget våras igjen.. Sjølsagt va det ei jenta..

Akkurat så om ikkje stoltheten allerede va djupt såra og vonbroten.. Så kom det ei jenta og sko hjelpa meg..For all del, eg e ikkje nåke sånn mannsjåvenist så ikkje trur jenter kan ha sånt arbeid.. Eg syns faktisk at me sko hatt fleire jenter i sånt arbeid eg, det va bare allerede så inni granskauen ydmykande..

Å stå der øvefor mine arbeidskompisar, så stod med krampelatteren i knernå øve min idioti.. Og så få hjelp av ei strålande opplagt jenta, så absolutt kunne sine saker..

Tjera vena meg..

 

Men hu fikk lirka opp bilen, og eg stakk fra åstedet.. Lika kjapt så 2 kvinnfolk som aldri har snakka sammen før, kan klara å fornærma kvarandre.. For ett eller anna.. Eg fekk henta skapet, kjørt det på plass og luska meg heim over.. Med halen mellom beinå..

Fatter’n mot Mandagen 0-4

Kånå lo sikkert i ett kvarter, når eg forsøkte å forklara hendelsesforløpet.. På minst mulig ydmykande vis.. Det va ingen tvil om kor seieren gjekk heim igår.. Sånn i innbyrdes oppgjør, øve å gjør toskjne og idiotiske saker og ting..

Det blei rett og slett ein blodsterk Blåmandag..

 

Men… Ikkje alt gjekk i dass denna dagen, sånn egentlig.. Men det får eg fortella om i eit seinare innlegg her på Bloggen..

Så gled dåkke Folkens….

Plutselig… =D

Ed ska slukka brann, pappa.. Heia på meg..

Eg traff NaboKånå utforbi idag morgens.. De har nettopp kommen heim fra Danmarksferie.. Så me blei nå ståande å babla litt om ferien deiras, når me kom inn på Legoland.. Og denna her Brannbil attraksjonen som de har der.. Jaja, eller først måtte eg sjekka kossen det hadde gått me de på båten, for de hadde tatt Fjordline over Skagerak.. Nett som oss ifjor.. Og rett før de sko reisa, så klarte jo sjølsagt eg å skremma vettet av de, med vår erfaring øve fjorden..

Heldigvis hadde det ikkje vært så aller værst, når dei føyk øve te Hirtshals og heim igjen.. Så eg kunne slappa av.. Eg hadde hatt litt dårlig samvittighet itte å ha lagt ut om vår heisatur med denna baljen te Fjordline..

Men.. Eg kom te å tenka på vår lille erfaring med Brannbilane i Legoland, når me sto der å prata idag morgens.. Eg har delt ein video av Mini’en som va rimelig klar, før me sko te pers.. Men eg trur ikkje eg har fortalt om sjølva forløpet, når me endelig slapp te.. For det jo ein kjennsgjerning at man e gjerna i sånne parker for kidsa si skyld.. Men.. Av og te, så ende me foreldre opp med å kuppa heile driten sjøl.. Sånn som akkurat denna gangen her.. Ifjor når heile familien sko slukka brann, i Legoland..

Som dåkke gjerna har sett på videoen, va Mini’en superklar te å hoppa opp i dei her brannbilane.. Me foreldre hadde vel gjerna ikkje tenkt så mye øve det, før me kom te den sista stripå i køen.. Og bivånte dei andre familiane som ein itte ein hoppa oppi, og pumpa som om de va galne.. For man måtte pumpa bilen øve ein bane, for å komma frem te der me sko slukka brann..

Nett som ei sånn dresin vogn på jernbanen, som man brukte i gamle dager..

Så itte å ha fått med oss ett par omganger, før det blei vår tur.. Hadde me begynt å gira oss sjøl opp.. Eg å Kånå, sammen med dei 2 eldste.. Me begynte til og med å legga ein slags taktikk, for både å komma raskast mulig øve banen.. Og ikkje minst slukka denna fordømte brannen.. Når eg tenke på det nå i ittetid, e det nesten så eg blir litt flau.. Og e egentlig rimelig glad for at det ikkje finnes film, av når det va vår tur.. Eg e i tvil om den ville ha havna på nettet, mildt sagt..

 

Alle andre enn oss sjøl ville heilt klart blitt sjokkert, me vett jo kor gale det blei.. Når man går “All In” for seier, istedet for å kosa seg med kidsa..

 

For når me entra denna brannbilen, va det som når eg i mine glansdager gjekk inn på ein fotballbane.. Både eg og Kånå skifta totalt sinnstemning.. Her sko det vinnast for alle penga, gullet sko heim.. Så når klokkå ringte føyk me som nåken prosjektil, opp i brannbilen.. Plasserte dei to minste i kvar sitt sete, instruerte dei eldste te å stå klar og begynte å pumpa for livet..

Men… Kom ikkje av flekken.. Tjera vena meg..

Me hadde jo glemt å skyva girspaken i andre retningen.. Heldigvis hadde de fleste andre og det, så me føyk ut av startblokkå som brannbil nr 2.. Igjen, så trudde eg at eg va nåkenlunde i ok form, men gudhjølpe meg.. Eg vil anbefala at man har planlagt ett Pitstop, itte man har tatt denna attraksjonen.. Ivertfall om man går i fellå og blir fanga av konkurranse instinktet.. Sånn som meg å Kånå..

 

For meir samkjørte enn me va, akkurat oppi denna brannbilen.. Det kan eg ikkje huska me har vært på lenge..

 

Og lika før me va framme ved brannen, hadde me tatt igjen dei som leda.. Og smalt inn i enden på andra siå, med ett gigantisk smell.. Ett smell som fikk ungar og voksne te å fly rundtomringfallera, inne i branbilen.. Me hadde ikkje tatt høyde for bråstoppen, når me pumpa som villmenn øve banen.. Mini’en lå på hovudet i baugen, Litlajentå lå og kravla på dørken og dei 2 eldste lå og sprella i setene i midten..

Herreguuuud.. For ett fullkomment spetakkel..

Me kravla nåke mørbanka ut av Brannbilen, og fekk sett igang slukkingå.. Eg trur alle va så gira og høge på adrenalin, oppgira av oss galne foreldre.. At ingen hadde tatt skade i kollisjonen med endestasjonen..

Mini’en stod å fyrte av vannkanonen, mens eg og dei to eldste pumpa vann.. Igjen gjekk det i ett heidundrande tempo, spesielt siå Mini’en sleit litt med sikte.. Men fikk te slutt god hjelp fra både Kånå og Litlajentå, og te stormande jubel blei brannen slukt.. Me storma opp i brannbilen igjen og begynte å pumpa for livet.. Igjen stod me og spant feil vei, men Han i Midten fikk vridd giret.. Midt i ett kraftigt pump, så me føyk ut av endestasjonen som ett prosjektil.. At ingen fikk nakkesleng av denna kraftige akselerasjonen, det e ett under..

 

Me lå på 3-4 plass ut.. Men eg å Kånå fyrte kvarandre opp, som Vikingar i ein båt på tokt i England.. Som endelig såg land, skatter og gull kommande mot seg.. Det må jo meir eller mindre ha sett groteskt ut, der me pumpa for harda livet..

 

Me slo te slutt inn i startblokkå igjen, omtrent 5 cm bak dei som vant.. Totalt utslitt, svetten rant og kidsa hoia som om de va galne.. Tross alt, itte litt plundring med sikte i slukkingå, så va me godt fornøyd.. Og ramla som nåken slakt ut av Brannbilen.. Armane va som 2 geleklumpar så hang langs kroppen, så Eldstemann måtte overta Mini’en ei stund.. Så me voksne fikk komma oss litt te hektene..

Eg trur me hadde storkost oss på denna attraksjonen.. Eg vett ikkje heilt.. Eg følte gjerna det gikk litt i svart der, itte me hadde kommen i mål..

Men når me kikka på bildene fra Legoland, sånn i ny og ne.. Så e det som oftast den Brannbil turen kidsa snakka om.. “Huska dåkke når me slukka brann..” liksom.. “Når me krasja i mål, og Pappa holdt på å stryka med..” .. Det hadde sikkert vært ett ubetalelig skue, å sett seg sjøl på film ittepå.. Men på den andra siå, så e eg glad eg ikkje får gjort det og..

For maken te galskap kan eg ikkje huska på lang, lang tid.. Hverken før eller ittepå..

 

Eg vett ikkje eg.. Men kanskje andre og har gått på ein smell der, eller lignende.. ??

=D

Algoritmer, Clickbaits og andre Meiningsløse utfordringar – Og Dasspapiret…

Eg sette meg ner med laptopen og tenkte eg sko skriva ett innlegg.. Ett innlegg kor eg gjerna tok føre meg ett eller aent.. Så kom eg på at hvis eg sko skriva ett innlegg kor eg tok føre meg ett tema, så kunne eg fort enda opp med å måtta meina nåke.. Og alle som både lese og skrive blogg, vett at med ein gang man meina nåke, uansett om det e det eina, eller det andra temaet..

Då kan man fort gå på ein smell.. For plutselig har man ikkje tenkt over alt før man trykka publiser, alikavel.. Og ett kobbel med nett-troll står skremmande klar, for å gi deg beskjed om det du ikkje hadde tenkt på..

Eg vett ikkje eg, men det e gjerna derfor eg heila tidå som forfatter av denna bloggen,.. Nesten uten unntak ikkje har lagt meg ut på lange avhandlinger, om nåke eg meina.. Men heller fortalt historiar om både det eina og det andra, både om vår hverdag, ferieturar og kanskje ting eg har opplevd tidligare.. Gjemt bakom ett tåketeppe av humor, sjølironi og andre hjelpemidler for å gjerna gjemma ei meining..

Så.. Når eg ikveld tenkte eg sko finna ett eller anna å meina nåke om, så tenkte eg det va best å gjør skikkelig research.. For å ikkje havna i fellå, og vekka all verdens troll som sitte klar med fingrane på tastaturet..

 

Problemet va jo bare å finna ett tema å meina nåke om, som eg igjen kunne forsikra meg om at eg kunne nok om.. Sånn at ingen andre kunne arrestera meg, på nåke som helst vis..  Tjera vena meg, eg surfa nettavisene opp og ner i mente, for å finna ett eller anna aktuelt å skriva om.. For å virkelig tilfredstilla algoritmer, aktuelle søkeord og alt som trigge dåkke leserar.. Te å stikka innom mi sida..

Sånn at eg får dåkke te å lesa akkurat detta innlegget, fordi eg har lurt dåkke inn med alskens hotte søkeord og lignande..

Kanskje sko eg trø te med ei saftige overskrift og.. Ein tittel som bare skrike av sensasjon, tragedie eller virkelig saftige saker.. Som f.eks “Kånå og Flokken har forlatt meg for en annen”, kor leserane får sjokk og tenke jo sitt ..  Men.. Så va det bare fordi de sko på kino og se den nye Knerten filmen, kanskje.. Eller “Kånå knuste bilen idag”, kunne eg jo skrevet.. Og folk tenkte stakkars Kånå.. Men, så va det egentlig mest synd på Han i Midten, fordi Kånå mista legobilen hans i bakken.. Så den gikk i tusen knas..

Eg kunne jo gjort det, men det e jo ikkje min stil, ikkje i det heila tatt.. Men så tenkte eg meg litt om igjen, både fordi eg måtte på dass nå nettopp.. Og fordi eg ikkje fant nåke å meina nåke om, i nettavisene..

 

Men heller blei sykt irritert på Kånå..

Rett og slett såpassa irritert at eg nesten ikkje har ord.. Eg har egentlig irritert meg øve detta lenge, ja nesten i ei uka.. Men så har det gått i glemmebokå.. Så kom eg på det igjen.. Fordi eg va på dass.. Og når eg va ferdig og sko gjør det man gjør, før man forlate rammå.. Så va det jo med detta her forbaska dasspapiret som Kånå handla sist.. På Tilbud..

Ett helsikkens papir som føles meir som sandpapir, enn mjukt og godt dasspapir.. Som mildt og skånsomt gjør det som det e lagd for å gjør..

Mens det papiret Kånå har kjøpt på Tilbud, nærmast kjennest ut som steintøff hudpeeling på ein stakkars stump.. Det finaste sandpapiret eg har ute i Bodå e jo mildare mot huden, enn detta drittpapiret Kånå har handla.. Ikkje bare har hu handla litt heller vettu, men ein sånn svær økonomi pakke som sikkert komme te å vara i ein månad og to.. Kunne nesten lika så godt brukt piggtråd..

Herreguud..

 

Det e nesten så eg vurdere å smugla inn sånn Lambi Ultra Soft papir, og gjemme det inne i badeskapet.. Unna toalett veskå mi.. Ett eller anna må eg gjera.. Før eg ikkje har meir hud igjen på rævå..

Det e så forbanna dårligt og det der papiret, vettu.. At det e ikkje måte på..

Nå før helgå, når det gjerna va litt travlere enn normalt.. Og eg kom nåke småsvett heim og hadde glemt å gå på dass på jobb.. Men svåsvett og klam sette meg på rammå, og kvitta meg med overskudds energien.. Uten å tenke meg om..

Og når eg sko te med detta dasspapiret, så hang det seg fast øve alt.. Fordi rævå va bittelitt svett.. Helsikke vettu.. Man får ikkje te den der rutinemessige fine gliden der bak, om dåkke forstår ka eg meina..

 

Nei.. Nåken ting kan man ikkje spara penger på, når man handla.. Det e ivertfall heilt sikkert.. Men eg kan ikkje gå te Kånå og bare forlanga nytt, før eg har ein plan med det gamla..

Så inni granskauen fortærande vettu..

 

Eg trur ikkje hu går med på å kasta ein svær rull med “økonimi dasspapir” sånn uten videre.. Kanskje eg kunne arrangert ei slags ulykka ute på vaskerommet, sånn at resten av papiret blir ubrukelig.. ?? ..

 

Eg vett ikkje.. Men som dåkke forstår.. Så har eg større utfordringar her i verden, enn å skriva om nåke meiningsfylt, finna sensasjonelle overskrifter og lignande..

Eg må finna ut ein slags metode, for å bli kvitt verdens verste dasspapir på..

 

Eg, ein Mexikansk Biff og Hopp i Havet..

Litlajentå og Osman “hopp i havet” Servitør…

 

Eg kom i fare for å skriva ett lengtande innlegg, om ferie i syden her ein dag.. Og i den forbindelse nevnte eg ein restaurant.. Hawaii Bar & Restaurant.. Eg meina det va det den hette.. Ein skikkelig koselig perla av ett spisested, kor man som barnafamilie virkelig kunne slappa av..

 

Og ikkje minst så hadde de ein fantastisk meny, beståande av det mesta man kan ønska seg, på ferie i Tyrkia..

 

Og den eine kvelden me satt der, sammen med Tantå te Kånå, mannen hennas og Svigers sjølsagt.. Så valgte eg meg ut ein skikkelig biffmiddag.. Meksikansk biffmiddag.. Med 3-4 sånne hot chili’s merker ved siden av seg.. Det e jo forsåvidt ikkje nåke hemmelighet, at eg har ein liten forkjærlighet for sterk mat..

 

Eg syns det e fantastisk godt med litt krydder i maten, og lika godt at det gjerna sparka litt ifra hos smaksløkane..

 

Så når servitøren kom og sko ta bestillingen, ein servitør som forsåvidt bare kunne 3 ord på norsk.. – Hopp i Havet.. Og som han te Svigerfars store glede, absolutt ikkje holdt inne og gjentok for lite.. Det va ikkje måte på kor mye han sko Hoppa i Havet.. Sympatisk fyr, forsåvidt.. Servitøren altså..

 

Men, joda.. Han sko te og ta bestillingen min, og eg peika og bestilte på stotrande norsk-engelsk.. Så eg fikk vel ett lite forbausa uttrykk i andletet, når servitøren bøyde seg ner.. Kikka meg litt ekstra inn i augene, og liksom saumfarte min indre atmosfære pga matvalget mitt.. Før han spurte..

 

– Are you sure, mister ? ..

– Yes, i am sure.. The Mexican Biff, well done.. Svara eg, igjen..

 

Servitøren kikka merkelig på meg, før han snudde seg mot resten av dei andre servitørane og lirte ut av seg ei leksa på tyrkisk.. Dei andre servitørande virka faktisk litt øverraska, og sendte meg nåken forbløffa blikk..

– Are you really sure, mister.. Its a very spicy dinner.. Spurte han igjen..

Svigerfar slengte seg på og nevnte nåke om at eg gjerna burde tenka meg om, hvis dei så jobba her spør på den måten.. Sa va det gjerna ein årsak te det.. Eg tok te meg Svigerfars ord som ofta komme med velmeinte råd, fra sitt erfarne liv, og svara servitøren..

– Offcourse i am sure, i like it hot..

Kan skjønna eg sko ha den retten når Svigerfar blanda seg inn i saken.. Ka han trudde liksom.. At eg ikkje takla litt sterk mat.. Tjera vena meg, eg sko visa han eg.. Eg sko visa de alle sammen.. At sjøl om eg gjerna ikkje e verdens største fyr, så sko vel eg klara å trø i trynet ein Mexican Biff.. Med 3-4 Chili merker på seg..

Definitivt…

 

Mens man venta på maten og satt der og konverserte, begynte eg muligens å tvila litt på om detta hadde vært ein god plan.. Den eine servitøren hadde liksom begynt å rydda litt tilfeldig i medisin skapet der borte, og han i baren hadde fikla med fast telefonen deiras.. Liksom som om han stod klar te å tilkalla ett eller anna..

 

Men, man ska stola på dei som tvile seie de.. De e som oftast ærlige..

 

Så eg fortsatte å stola på meg sjøl, te tross for tvilen.. Og alle dei andre merkelige forberedelsene dei på restauranten holdt på med.. Alle rundt bordet hadde meir eller mindre fått maten sin nå, så det va bare meg igjen.. Og eg huska eg begynte å bli litt utålmodig..

 

E det liksom bare for å setta meg litt ekstra på pidestallen, liksom.. At de dro det ut litt med min mat..

 

Men så.. Der kom servitøren vår marsjerande ut fra kjøkkenet, med ein majestetisk tallerken som formeligt oste av røyk.. Det va nesten som eg kunne sjå ein rødlig flamme, som smaug seg rundt maten.. Ein slags aura av eksotiske krydder, som omringa biffen og holdt den fast i sin hule hånd..

 

Servitøren satte tallerkenen foran meg med andakt og respekt.. Og eg e sikker på at han korsa seg på brystet, eller nåke lignande når han gikk fra bordet vårt..

 

Resten av servitørande hadde samla seg borte ved baren, og stod liksom å skulte forsiktig mot bordet våras.. Maten sendte ein eim av godlukt opp i neseborene mine, og eg satte kniv og gaffel i biffen.. Det smakte heilt fantastisk, og biffen va så perfekt stekt at den nesten smelta i munnen på meg..

 

Kvart tygg sendte orgasmiske impulser videre, og det va ett fyrverkeri av ein fest hos smaksløkane mine..

 

Ein gaffel blei te to og to gaffler te tre.. Og om eg sko fått sagt det sjøl, så kjentes det absolutt ikkje sterkt ut i det heila tatt.. Sjølsagt va det godt krydra, men ikkje såpassa at eg syntes det va ubehagelig.. Eg kikka opp fra maten som nærma seg halvspist, og møtte blikket te 4-5 forbløffa servitørar som stod måpande og kikka på meg..

 

– Very good.. Sa eg, og nikka med hovudet mot de..

 

De kikka på kvarandre og begynte å mumla sammen, før de kikka mot meg igjen med anerkjennelse i blikket.. Før de løyste seg opp og begynte møysommeligt å gjenoppta pliktene sine, men med ett vaktsomt auga mot meg, når de kunne.. Mens eg satt der i min egen lille verden og storkosa meg med Biffen, og småprata lett over bordet, med dei andre..

 

Så.. Begynte eg å kjenna ei slags prikking i hovudet, ein slags følelse av at nåke krøyp rundt på pannen min..

 

Og plutselig begynte det å dryppa ner i maten min, det va svetteperler som kom fra ingensteds og overalt.. Så blei eg rett og slett bare nåke sinnsykt tørst, så tørst som eg aldri har vært før.. Og eg tok ein svær slurk av glasset mitt.. Det hjalp absolutt ingenting, så eg tok ein te..

 

Svigerfar kikka bekymra på meg, og lurte på om det va begynt å bli sterkt..

 

– Åneida, det e bare så varmt her i kveld..

 

Løy eg så vakkert at eg nesten blei rørt av min egen stemme.. Det begynte ivertfall å renna fra augene mine, meir eller mindre ukontrollerbart.. Eg e sikker på at ansiktsfargen min rant av, som billig sminka på ein kjip dragartist.. Me hadde reist i slutten av Mai så kveldstemperaturen i Tyrkia va absolutt ikkje ueffen.. Og det va ivertfall ikkje varmt den kvelden, ikkje sånn trykkande luftfuktigt som det kan bli i Tyrkia..

 

Meir som ein fin norsk sumarkveld, med ca ett par og tjue grader..

 

Men.. Det kjentes ut som om det va full fyr inni meg.. Og når drikkå mi va tom så prøvde eg febrilsk å få bestilt meir av servitøren, mens eg stramt prøvde å holda maskå.. Ikkje fanken om eg sko krypa te korset og innrømma at detta va i øvekant mye, til og med for meg.. Ånei du, detta sko eg kjempa meg gjennom..

 

Men eg va avslørt.. Heilt klart.. Det va som om kroppen prøvde å kvitta seg med heile sin vannbeholdning, gjennom huden.. Og eg kokte innenfra og ut..

 

Om det va den klissblauta skjortå mi, eller duggbefengte skallen min som solgte meg ut.. Ska eg ikkje sei sikkert.. Men servitøren kom løpande te med vann te meg, istedet for ei ny øl.. Man måtte ikkje drikka øl om man reagerte på sterk mat, det gjorde bare saken verre.. Og itte nåken liter med H2O så kom eg litt te hektene igjen, og klarte å fullføra måltidet..

 

Te frydefull munterhet rundt bordet.. Eg fikk høyra det kan du sei, om den middagen va sterke..

 

Eg hadde nok, sulten som eg va.. Spist littegrann for fort og ikkje akkurat tatt innover meg, det sterka krydderet i maten.. Men når man tok seg god tid med kvar bit, kjente man raskt kor sterk denna retten va..

 

Eg tok ikkje sjangsen på den Mexikanske Biffen fleire ganger, for og sei det sånt..

 

Men eg hadde opparbeida meg ein slags underlig anerkjennelse hos dei så jobba der.. Det blei ivertfall mange humoristiske kommentarer, kvar gang me spiste der ittepå.. De la ikkje imellom for og sei det sånt..

 

Ikkje Svigerfar heller, som humrande lo så heila bordet rista.. Når han oppdaga at eg hadde gått på ein smell..

 

Og bokstavelig talt hadde tatt meg vann over hovudet..

 

Sympatisk kar egentlig… Han der Svigerfar..

 

 

Eg, Mini’en og Bleieslutt..

 

Itte at tutten blei pensjonert og øyrene te Fatter’n og resten av familien, har blitt grundigt testa.. Va me så på glid med slutting av ting at me kjørte på med bleieslutt og.. Nåke så på generell basis må seiast at har gått rimelig greit..

Pjokken har ivertfall slutta å gå med bleier på dagen..

Og eg har gleda meg som ein hund te begge av dei her begivenhetane.. Endelig, itte 12 år som bleieskiftarbeidar, sko eg få legga mine eminente og erfarne bleieskiftkunnskaper på hyllå.. Og Mini’en sko trø inn i dei litt større barns rekker..

Du hendelse kor herligt detta sko bli..

 

Den første dagen gjekk som ein fryd, det va beint fram nesten ikkje ett einaste uhell.. Dag nr 2 likaså.. Så kom dag nr 3 og hukommelsen te Fjotten hadde begynt å virka.. Han stod foran Kånå med ett smil så forplanta seg øve heila andletet og som te slutt enda i tærnå..

– Ed sko få premie ed, når slutta med bleia.. Sant mamma.. Jaa.. Premie ja..

I sedvanlig stil nett som Kånå, så svara han på spørsmålet sitt sjøl.. Eller nesten som Kånå da, hu bare spør spørsmål hu vett svaret på.. Og lar det vær opp te meg om svaret e rett.. Usannsynlig utspekulert men sannsynligvis medfødt kvinnelist, vil eg tru..

Så lenge man har blitt klar over det, går det stort sett greit.. Det va verre dei 14 årå før man fant det ut..

 

Sjølsagt hadde gutalarven vært så rutinert at han tok detta opp med mor si, når de va og hndla på Amanda Senteret.. Han e ikkje født bak mål den guten der, litt har jo trollet itte mor si.. Sjøl om til og med eg gjerna må innrømma, at nærmare ein kloning av meg, det komme man ikkje..

Så sjølsagt kom guten løpande heim med premien som lovt..

Men.. Det e andre små ting han har plukka opp fra Kånå og, på ein måte.. Kommandering f.eks.. Den har på ein slags merkelig måte kommen snikande i det sista.. Snikkommandering.. På ett lika utspekulert vis som si mor.. Om eg ska få tørra å sei det.. For itte denna så beleilige bleieslutten, e ikkje guten så flinke med å beregna avstand og tid te toalettet eller pottå, kan man sei..

Det oppleves nåke urutinert på ein måte, eller kaldt beregnet.. Alt itte auga som ser..

 

For dei gangene han komme løpande inn fra lekeplassen, med ett vilt blikk om andletet og kauka..

– Ed må tissa, ed må tissa.. !!

Kor han ittepå nærmast spinne rundt sin egen akse, med eina håndå i været og den andra har ett godt grep rundt “avløpsrøyret”.. Og stadigt ser meir og meir fortvila ut..

Istedet for å bare løpa rett på rammå og sleppet trykket laust..

Dei ska eg la gå på kontoen for rein forglemmelse pga av aktiv lek ute.. Me kan til og med tåla ett lite uhell og då..

Men.. Når han sitte i sofaen og glor på Paw Patrol for hundrendeogfemtiende gang.. Mildt avslappa, med beinå på bordet og armana bak hovudet og nyte livet.. Men, plutselig utbryte at han må på do..

Det e i dei gangene eg meina han har ett eller anna, itte Kånå..

 

Der kor eg gjerna svara at han får gå på pottå, men får te svar at den ligge jo nere på toalettet..

– Gå og hent den då.. Seie Fatter’n..

– Nei.. Du henta den.. Svara trollet..

– Tjera vena.. Ska du på do, går du på do.. Vil du ha pottå opp, får du henta den sjøl.. Svara gjerna Fatter’n.. Mildt irritert..

Då.. Slår alle kreative evner inn hos Mini’en.. Og han begynne å vri seg som om han har ei fullblods maurtua i bukså.. Den meget avslappa posituren han for ikkje mindre enn 26 sekund siden, satt i sofaen med.. E forbytta med ett forpint andletet, håndå har funnet “røyret” igjen og han kauka ut at nå klara han snart ikkje å holda seg meir..

Gudhjølpe meg, altså.. Dramaqueen..

 

Kånå har fått med seg siste halvdel, av det sista halva minuttet og kikka irritert på meg.. Før hu gir klar beskjed..

– Spring nå å hent den forbaska pottå då, før guten tissa i sofaen..

– Jammen.. han…. .. Begynne eg..

– Bapp bapp.. Ikkje nåke jammen nå.. Sånn e det med ungar så nettopp har slutta med bleia.. Avbryte Kånå meg strengt..

Eg reise meg resignert fra sofaen og begynne å luska mot trappå.. Mildt sagt nåke fortørna øve både Kånå og den der fjotten så har slutta med bleia.. Og akkurat når eg komme te trappå, så kjenne eg det..

Eg fornemma ett blikk i nakken.. DET blikket som e så kjent, men ikkje hadde trudd sko komma fra den kanten..

 

For når eg snur meg og kikka mot sofaen igjen.. E Kånå igjen djupt fordypa i Iphonen sin.. Sikkert med ett eller aent kjøp og salg greier, på Facebook..

Men Mini’en har igjen funnet tebake te posituren han hadde før han blei tissetrengt..

Han kikka ikkja på Tv’en og Paw Patrol meir.. For han kikka rett på meg..

Med ett triumferande blikk.. Og ett flir..

 

Jack Nicholson fliret .. .. ..