Snøballkrigen – Eit realt Sjøslag..

Det blei et uhorvelig snøvær igår og det lava ner te den store gullmedaljen, fryktelig irriterande når me va på jobb men desto meir kjekt når me kom heim.. Kånå sko avgårde på trampett trening med Mini’en, og eg, Litlajentå og Han i Midten satt i stugo å lurte på ka me sko finna på.. Når Litlajentå kom på den geniale ide’en om å laga snøborg i bakgården våras.. Det som bare va ein grussflekk tidligare, men som blei ein forlengelse av heimen vår i sumar..

For då snekra eg ihopa ein terrasse bak huset, som va te stor glede resten av sumare.. Jaja, det som gjerna va av sumar ifjor, for det va ikkje sprekt..

Som regel e me ikkje velsigna med så mye vinter heller, her på vestlandet.. Det e som regel ett par dagar det står på, før me har nåken veker med slaps, is og ikkje akkurat flott skivær.. Man må nesten ha ispiggar unna skornå, om man bare ska gå med bosset.. Eller støvlar som rekke te knærna, fordi man vassa i slaps te langt opp på beinå.. Men, igår snøa det nærmast heile dagen, og det hadde lagt seg ett godt lag med snø.. Litt har det kommen dagane før og, så det e skikkelig vinterlig stemning her i Haugesund, rett og slett..

 

” Så me sette igang med Litlajentå sin plan, og fyrte igang med å laga ei snøborg i bakgården.. Ja, til og med 2 snøborger laga me, sånn at me kunne ha ein liten snøballkrig mot kvarandre..

 

Gjerna ikkje heilt stuereint forsåvidt, der man liksom forøke å læra kidsa at man ikkje ska kasta snøball på kvarandre.. Men, når det foregår i sin egen bakgård så har man nå litt overoppsyn, og det vil vel meir eller mindre foregå under nåkenlunde kontrollerte former.. Trudde eg.. For Han i Midten va nåke lunken te ide’en, men når han såg dei to flotte snøborgene me hadde laga.. Så va  han ikkje sein om å få fillene på seg, før han heiv seg med..

Og det va vel gjerna det som va kjernen, te at mesta liksom sklei litt ut av kontroll.. Og endte med ett realt sjøslag av ein snøball krig..

Det va eg og Litlajentå mot Han i  Midten i starten, og Litlajentå laga snøballer som hu stabla opp bak borgå våras.. Jaja, som det feminina innslaget i denna krigen, tok hu seg jo av litt pynting av borgå.. Og danderte den med solcelle lysene våras, ett par brakebuskar og laga ei nisje som hu pynta med eit keramikk pinnsvin.. Konstant under bombardering fra Han i Midten på andra siå, som sjølsagt begynte snøballkrigen når han va klar.. Istedet for å venta på klarsignal fra Fatter’n..

 

” Så, når borgå våras endelig va moteriktig pynta og klar for kamp, slengte Litlajentå seg og med i kampen.. Som te nå hadde vært ei slags einveis kjøring fra Han i Midten..

 

Det begynte forsåvidt roligt med lette kast øve terrassen, så ingen sko få seg ein kilevink.. Før Han i Midten kylte avgårde ein snøball, som eksploderte i ett inferno midt i andletet på meg.. Tjera vena meg.. Kamp instinktet i Fatter’n vakna, Litlajentå blei instruert te å avleda fjotten på andra siå før Fatter’n satte inn ei grusom hevn.. Han i Midten va opptatt med den littla mitraljøse fra Litlajentå, og va uoppmerksom på at eg hadde krøpe i andre enden av vår borg..

Og når han kikka opp for å besvara dekkilden eg hadde satt Litlajentå igang med, sendte eg ein susar avgårde som traff han midt i planeten.. – Juhuu, der fekk du igjen .. Kauka eg triumferande ut.. Mens guten gikk ner for full telling..

– Frode, ka i alle dager e det du holde på med.. !!?? .. Sa plutselig ei velkjent stemme, som nærmst frøys luftå te is, der ute i bakgården..

Han i  Midten som sjølsagt fikk med seg at Kånå plutselig stod i terrassedørå, utnytta muligheten te å ydmyka Fatter’n te det fulla.. Og satte i ett teatralsk smertehyl etterfølgt av falsk hulkegråt på høgt nivå, mens han gjekk i bakken lika elegant som ein øst-europeisk fotballspiller.. Både eg og Litlajentå stakk hovudet såvidt øve kanten på borgå, og kikka bekymra utover horisonten.. Ikkje på skodespelaren som spilte si livs rolla, men på ei illsint Kånå som kun hadde fått med seg mitt kast..

 

” Til og med Mini’en stod der med ei bestemt grimasa og kikka på oss, før han sa strengt.. – Herreduuuud pappa, har ikkje lov å kasta snøball på folk.. Faktisk.. !!

 

Kånå satte ett blikk i meg som sendte illesvarslande ilingar langt ner i ryggmargen, før hu rista på hovudet og gjekk for å sjekka Han i Midten.. Eg sendte ett blikk øve på den andra siå eg og, å der stod Han i Midten med ryggen mot Kånå.. Og flira nærmast fra øyra te øyra, mens han liksom hiksta litt for å opprettholda sympatien fra mor si.. Det va nesten som det lyste “Jack Nicholson” fra ein av sine djevelske roller, der Han i Midten stod i ett dunkelt lys og flira fandenivoldsk..

– Han står jo der og smile.. Utbrøyt Litlajentå, som og hadde fått med seg detta utspekulerte spillet te bror sin..

Men, når Kånå snudde guten rundt og kikka på han, kunne man formelig sjå grimaså endra seg fra ett triumferande flir te hulkande gråt, mens han vrei seg rundt.. Og Kånå kjøpte jo fysakkens skuespill rått.. Ett nydelig utført avlednings angrep, med påfølgande perfekt snøballskudd fra meg og Litlajentå.. Va blitt utmanøvrert av skodespel i verdensklasse, Gudhjølpe meg.. Hadde Oscar juryen vært her, ville guten blitt hedra på sekundet.. Garantert.. Eg og Litlajentå stod betutta igjen og mottok ein skjennespreken uten like, fra Kånå..

 

” Eg fikk ett blikk som ikkje betydda anna enn at i kveld så røyk eg nok lukst i Bodå.. Men, hu klarte forsåvidt å sjå at her kunne hu få nåken minuttar for seg sjøl inne, mens eg hadde Kidsa ute..

 

Så under tvil, lot hu oss få styra på litt te og kledde på Mini’en så han kunne få vær med.. Me andre måtte lova å ikkje kasta hardt eller lignande, om me sko få fortsetta denna kjekke leken her ute i bakgården..

Så resten av kvelden gjekk meir eller mindre pyntelig for seg, sjøl om det ikkje va så enkelt å motstå fristelsen..

Fra å kyla avgårde ein skikkelig fulltreffar på krapylet, som nettopp hadde sendt meg ut i ulykkå.. Men det hadde Kånå satt ein effektiv stoppar for, og bestemt at eg og han sko vær på lag.. Mot Mini’en og Litlajentå..

Fortærande og vettu.. Men, men.. Ein gang ska eg jaggu meg få te ei velfortjent hevn, på den der rakkaren.. Heilt klart..

 

Så, ha ein strålande lørdag, folkens .. Med eller uten snø.. =D

 

Kånå, eg og FlyskrekkTabletten..

Itte 2 uker på ferie med Kånå og flokken våras, har den “harde” hverdagen innhenta oss.. Eg kjente eg “grua” meg heilt fryktelegen te å tuttla meg opp på jobb idag.. Men eg klarte te slutt å trø øve dørstokken og løysriva meg, fra ferien sitt siste åndedrag.. Kjenne forsåvidt at eg e glad eg ikkje ska ut å fly på ei stund, for eg ska vær den fyste te å innrømma at eg e ikkje øve gjennomsnittet glad, i å fly.. Nåke som Kånå lett kan bekrefta, vil eg tru..

Turen ner te Sydenland trur eg Kånå helst vil glemma, for ein ting e når eg flyr aleina.. Då e det bare å setta seg ner, spenna setebeltet og kun bekymra seg for seg sjøl…

Det ein heilt aen ting å sitta me Kånå og flokken, innestengt i ein blikkboks med motorar og ett par vinger.. Då må eg jo bekymra meg for dei og. Hjølpe meg, akkurat som om eg ikkje har nok med meg sjøl.. Men, eg har jo valgt det sjøl, for all del.. Mini’en, han føyk fram og tebake øve seteryggen som ein tornado på veien ner, legga seg fint ner å sova, som me hadde planlagt og håpa på.. Det hadde han ingen planer om, og eg va vel ikkje akkurat tålmodigheten sjøl hellår, forsåvidt.. Kim som va verst, det e ikkje godt å sei.. Stakkars Kånå..

 

” Så før hjemreisen, hadde Kånå alliert seg med Svigermor, og trygla te seg nåke beroligande.. Te meg..

 

Tjera vena meg, det va jo Mini’en som va problemet, prøvde eg å sei. Men det va som å snakka te døve øyrer, enten så tok eg denna tabletten, ellår så fekk eg ta neste fly.. Først va eg jo frista te å ta detta tilbudet, men det va før Kånå forklarte at det va forskjell på ultimatum og tilbud.. Så eg tok nå denna tabletten då.. Me sette oss på på bussen og durte mot flyplassen. Mini’en va i full vigør på siå av Kånå, så eg fekk klar beskjed om, at fra flyplassen av så va han mitt ansvar..

Og såg hu så mye som luggen te Mini’en på vei øve seteryggen i flyet, kunne eg belaga meg på ett par uker i bodå, når me kom heim..

Jojo, denna her tabletten begynte å siga inn, så eg smilte så fint eg kunne, mens eg betrygga Kånå om at sjølsagt sko eg gjør som eg blei fortalt, ka du trur.. Me kom oss inn på flyplassen, fekk med flokken og bagasjen inn og durte gjennom 40 sikkerhets kontrollar, sjekka inn koffertane og va klar for tax free’en.. Nå hadde Eldstemann blitt bilsjuk på bussturen, og va nåke bleike om nebbet. Men han va Kånå sitt ansvar, siå eg, småredd for boden.. Hadde tatt jobben med å passa på dei tri andre..

 

“Hadde hørt rykter om at sumaren ikkje akkurat hadde kommen hjemma ennå, så bodå frista ikkje..

 

Så mens me trålte gjennom TaxFree’en, for hu på leit itte toalett i tilfelle Eldstemann måtte tømma magasekken.. Det klarte han sjølsagt ikkje før me kom te fly dørå, heldigvisen hadde me hanka te oss ein pose, så det gjekk nå så bra som det kunne gå.. Egentlig va me vel heldige som fekk vær med, at de gjerna ikkje trudde det va nåke værre.. Så me kom oss nå omsider inn og hadde fått plass på fyste rad, Kånå og Eldstemann satt rett bak oss.

Eg sette meg ner, spente fast belte på meg, Mini’en og Han i Midten, Litlajentå klarte det heilt sjøl.. For pappa måtte forstå at hu va store jenta nå..

Passa på Maxi du, mamma sagt du må det, ellår sova bodå.. sa hu, nåke veslevoksent.

Ja, me vett jo alle kor hu hente inspirasjonen ifra, så eg fant ut det va best og lya.. Mini’en hadde forsåvidt slokna i innsjekkings køen, der han hadde hengt i ein bæresele på ryggen min. Og låg nå i fanget og sov så søtt, der me satt i flysete.. Ein kjekke flyvertinnemann bøye seg ner og hviska te meg..

Skal finne en seng til den lille, når vi er kommet i luften, jeg..  Før eg fikk ett glinsande Colgate smil, og ett blunk fra eina auga..

 

Tabletten hadde jo gjort underverker, så eg takka fint og blunka tebake, te detta vesenet.. Mens eg tenkte.. Hjølpe meg, ka va det i den tabletten.. Eg priste meg sjøl lykkelige at eg ikkje hadde tatt den tabletten når eg satt i frisør stolen, te Tyrkia’s mest innpåslitne og garantert homofile frisør.. Måtte jo holda hendå i fånget når eg satt der, for han gnidde jo gosakene sine innte over alt, mens han svinsa rundt å klippa litt her og der.. Men flyvertinnå, eller rettare sagt flyverten kom med sengå, og Mini’en havna oppi..

Han i Midten se hadde fått reisesjuke tabletten, Eldstemann burde fått, slokna fortare enn svint.. Litlajentå klarte å smiska seg opp i fanget te kånå, uten at eg hadde nåke med den saken å gjør.. Eg holdt klokeligt kjeft eg, når Litlajentå spurte Kånå..

Så eg slokna øve Istanbul og våkna ikkje før me passerte øve Danmark.. Kånå derimot, hu hadde vært så heldige å få ei pratesjuke 9 år gammal jentå, på siå av seg. Som nåken tydeligvis hadde glømt de hadde med seg.. Litlajentå hadde slokna på fanget te Kånå, halveis inn i Nord Europa.. Men hu sove jo akkurat som ein våte hund gjør, når den tørke seg.. Og Eldstemann hadde vært ein håndfull, han og.. Så hu hadde ikkje fått blund på auga i det heila tatt..

 

” Men for ein gongs skyld, kunne hu ikkje takka nåken andre enn seg sjøl.. Sjølsagt, så e eg ikkje så toskjen at eg sa det te Kånå, eg e jo ikkje heilt idiot hellår..

 

Eg har lært av erfaring, at sjøl om eg ikkje har vore skyld i nåke, e det ikkje lange veien, fra uskyldig te skyldig i sånne tilfeller.

Men sånn uansett, trur eg me begge e jysla glad for at hverdagen har innhenta oss.. Og at det e lenge te neste ferie, ja det trur eg ikkje gjør nåkenting..

Ein lydlaus, giftig og blodtørstig Kongekobra, eg og ein Søndagsmorgen..

“Tralalaaaaa.. ” .. Runge ut her heima i stugo.. Mini’en kjøpte seg ein ny film på fredag, den der Kaptein SuperTruse.. Ein film som nærmast har gått på repeat heila helgå, og som eg ikkje har fått med meg før i dag morgens.. Og når ein film handla om 2 guttar som bare finne på fantastrekar, så forstår eg jo lett koffår Mini’en har trykka den te sitt bryst.. Sjølvaste Mini’en, The Prince of Fantasskap.. Som i tospann med Litlajentå kan bli ein håndfull for mye, sjøl for oss som e vant med de..

Men, men.. Stort sett så går det bra, og rampen som gutane finne på i filmen.. Den trur eg gjerna e litt i øvrkant avansert, sjøl for dei to.. Skjønt, fisepute ramp har me hatt mye av her i heimen..

Siå de fikk kvar si i julakalenderen i år.. Det e ikkje få ganger når eg har satt meg ner på plassen min, ved kjøkkenbordet.. At det har blitt akkompagnert av ei fislande fiseputa unna dei moteriktige kjøkkenstol putene te Kånå, ittefulgt av ëtt latteranfall av astronomiske dimensjonar, fra synderane.. De har lært seg å plassera putene på rett måte og, så de får maksimalt ut av rampastreken.. Ingenting e så kjipt som når Fatter’n sette seg ner, og ingenting skjer..

 

” Som skjedde dei første gangene de prøvde seg, men itte ett lynkurs fra Han i Midten så har de fått perfeksjonert bruken av dei her fiseputene..

 

Jaja, man får nyta freden som gjerna legge seg over heimen, når kidsa har fått ein ny film i heimen.. For man blir tidsnok terrorisert av ein flokk i full fyr, det e ihvertfall heilt sikkert.. Det va ein meir balansert morgen igår, enn det har vært idag.. Men så hadde Mini’en slokna på fredag under første gjennomsjåing av Kaptein Underbukse filmen, så det blei på ein måte første gang han så den, lørdagsmorgen.. Så idag mista den litt interesse, godt ut i filmen..

Spesielt når han oppdaga at Litlajentå satt så fint på gulvet å leka med Pow Patrol tingene hans, og fjotten føyk ut av sofaen for å bli med på leken..

Eller, å sei at han ville bli med va gjerna å ta hardt i, at guten gjorde ett heilhjerta forsøk på å ta over, e vel meir dekkande.. Der han i velkjent stil kapra den eina lekå itte den andra, te Litlajentå satt meir eller mindre betutta itte ett leketøy kupp uten like.. Og når Han i Midten kom dalande ner fra loftet, og liksom sko megla.. Ja, då nådde det allerede stigande infernoet, meir eller mindre ett slags toppnivå.. Herre jesus, mann.. Ein meir eller mindre idyllisk søndagsmorgen, hadde tatt av te det ugjenkjenneliga..

 

” Så når Kånå kom luskande opp trappå som ein lydlaus kongekobra, med sitt giftiga blikk og blodtørstige hoggtenner.. Og tok ein Fatter’n på fersken sittande i sofaen med øyreproppar fulle av musikk i øyrene, døv for galskapen som hadde utarta seg.. Mens han satt å surfa på nettet og leste nettaviser..

 

Då blei han kjapt maltraktert av ein kobra som hogg te, når man minst venta det.. Ein kobra som hadde blitt vekka i sin skjønnaste søvn, av ein flokk flodhestar som sprang rundt i full krig, oppe i stuå.. Og kom opp trappå full av vrede, aggresjon og ikkje så reint lite kamplyst, for å finna ein syndar te galskapen.. Då seie det seg sjøl at ein stillesittande, ubekymra og døv Fatter’n, va ett enklare mål enn Flokken med Flodhestar, for ein kamphungrig Kongekobra..

Ett kjapt bakholdsangrep som effektivt gjorde slutt på Fatter’n sin ignorering, av Flodhest krigen.. Ett hypnotiserande iskaldt blikk som med frykt lamma målet, før hoggtennå gjorde kort prosess og etterlot Fatter’n som ett kadaver i sofaen..

Fullt klar over at Bodluktå aldri har vært nærmare, på ein søndagsmorgen.. Hjølpe meg.. Eg har liksom ein egen evne te å trø i salaten med skornå på, heilt klart.. Og eg må vel sei at den geniale planen min med å dempa lyden fra leken i stuå, med øyreproppar og musikk rett i øyra.. Ja, den va gjerna ikkje så genial alikavel, sett sånt i ettertid.. Ihvertfall ikkje når man blir heilt oppslukt i ein artikkel på Laptopen, og satt plutselig heilt i ein aen verden, før bakholdsangrepet..

 

” Men, når eg kikka på klokkå itte eg hadde samla kroppsdelene sammen, og satt de plass igjen.. Så va det nå jaggu meg på tide at Kånå hadde stått opp, uansett.. Tjera vena meg.. Den va jo passert elleve jo..

 

Og itte gårsdagen, kor hu fikk trumfa gjennom diverse saker og ting, så burde hu jo vært smørblide.. For me va opp og handla på Obs igår, Kånå, eg og dei 2 minste.. Dei 2 eldste vil sjelden vær med å handla meir, så tiå kor eg har sluppet klar denna forbaska handlingå, siå Kånå har tatt den jobben aleina.. Ja, den e gjerna over.. Grøss og gru.. Og når me gjekk inn gapet på detta monsteret av ein dagligvarebutikk igår, så blei eg jo meir eller mindre desorientert..

Ingenting va jo meir eller mindre sånn som det va før.. Men, det såg ut som om Kånå hadde kontrollen, så eg bare luska rundt i halen hennas..

Eg har absolutt ingenting å tilføya te hennas kompetanse på detta området, så der e det bare å følga itte og håpa det går fort.. Middag og diverse blei handla inn og når me endelig va ferdig, så stod me lika lenge i kø for få betala, som me hadde brukt på å handla.. Tjera vena meg.. Sjølsagt når eg trudde me sko heim og durte av gårde mot bilen, så klarte eg å gå feil vei, og inn på Amanda senteret istedet for ut av Obs’en.. Nåke som blei skjebnesvangert..

 

” Me hadde jo parkert under taket te Obs sin parkering, og ikkje der me pleie.. Så då såg Kånå ein anledning te å lura seg opp i andre etasje, med påskudd om at hu trengte nye sokkar.. Tok bare ett par minutt det..

 

Joda.. Ein halvtime seinare satt me i bilen på vei heim, med 2 nye stretchlaken, nytt dameundertøy og ett par sokker rikare.. Mens Kånå holdt ein rivande engasjert avhandling om handleposar, for nå kosta visst posar 2 kroner på klesbutikken.. Og detta klarte ikkje Kånå å la gå forbi i stillhet, hverken meir eller mindre.. Heldigvis hadde me glemt saus te middagen, så det blei stille i bilen igjen når eg sendte hu inn på nærbutikken, itte saus..

Seinare på kvelden, viste hu meg ei dørmatta hu ønska seg så voldsomt, ei dørmatta te 1000,- spenn.. !!?? .. Herreguud.. Åsså klaga hu seg øve å betala 2 kroner for posen..

De vara jo evig va argumentet hennas, men det meina nå eg at dei andre og gjør.. For ennå har ikkje eg sett at me har brukt opp ei dørmatta, de har bare blitt kasta fordi hu har funnet ei anna, som hu hadde lyst på.. Ei meir moteriktigt dørmatta.. Gudhjølpe meg altså.. Moteriktige dørmatter ??, man ska jo bare tørka skitten av skornå på de, ikkje speila seg i glansen fra ett eller anna.. Så, den diskusjonen blei kortvarig.. Man bruka vel ikkje 1000,- spenn på ei dørmatta, det får væra måte på..

 

” Men, seinare så gjekk eg på ein anna smell, som forsåvidt blei nåke meir kostbar.. For når hu sko fyra igang og laga middag, så blei aldri pomme fritzen ferdig..

 

Me hadde slitt med steikå på nyttårsaftå og, som brukte langt øve tiå den sko på å bli ferdig.. Og når eg sko bort å kikka på ka i all verden hu gikk å klaga på, så begynte lyset inni ovnen å blinka som ei diskokula.. Før det kom ett dempa smell i displayet, og litt røyk ut av den eine brytaren.. Fantastisk.. Nå ska vel den eine hvitevaren itte den andre ta kveld, me har jo nettopp skifta oppvaskmaskinen, som plutselig laga syndeflod på kjøkkenet..

Biffstrimlene va begynt å kjølna, sausen va kald og Kånå klikka i vinkel.. Alt va gale der ute på kjøkkenet.. Komfyren hadde tatt kveld, kjøleskapet va nåke dritt og fryså alt for liten..

På ett eller anna vis, så klarte eg å få litt liv i ovnen så pomme fritzen ihvertfall blei ferdig, mens Kånå i ett sinnesanfall varma saus og biffstrimlene.. Eg satte på den der grill modusen og fikk ihvertfall svidd potetene litt, før ett nytt lite smell gjorde kort prosess med ovnen, og den daua for godt.. Heldigvis fant eg ein som Kånå blei fornøyd med på nettet, og som på toppen av kransakakå va på tebud.. Eg lika egentlig ikkje å handla sånt nåke på nettet, men når den nærmast va te halv pris i forhold te i butikken..

 

” Ja, då syns eg det e heilt greit og forsåvidt kurant å gjør det sånn.. Ikkje minst roa Kånå sitt gemytt seg ner, og hu kom ner fra oppunda taket å landa på laminaten med ett smell..

 

Kvelden blei forsåvidt avslutta med litt feiring her i heimen, itte at kidsa hadde lagt seg.. Mange har gjerna sett den litt “kryptiske” Snap’en eg la ut igår, kor eg filma Adlink Media sin presentasjon av influencere de har i stallen sin.. Kor man liksom i ett slags klimaks oppdaga, at der stod jo jaggu meg Boden og..!! For eg og Kånå hadde oss ei litå feiring øve at Boden har signert, ein samarbeidsavtale med Adlink Media..

Du hendelse vettu.. Det e jo som å rykka opp i Elite divisjonen det, for ein massebarns Fatter’n som skrive om hverdagslivet, sett fra hans synspunkt og ståsted..

Ei feiring som itte 2 kalde endte opp med litt øveivrig omgang med Singstar, og endte med at Eldstemann kom trampande ner trappene og lurte på ka i all verden me holdt på med.. Tjera vena meg og Herrens Hærskare vett du.. Midt i ein sang der så tok gjerna Kånå litt av, og kjørte på med ein “glitrande” solo.. Som igjen drog Eldsteguten ut av si goa søvn, og sikkert skremte vettet ut av han.. Men, så va det ikkje ei kjetta som vrengte lungene i vrede, øve at sine landemerker va blitt krenka..

 

” Bare Kånå som blei litt øveivrige med mikrofonen i håndå, og drog nåken høge tonar som hu absolutt gjerna ikkje beherska te det fulla..

 

Så, sånn alt i alt.. Så har det vært ei begivenhetsrik helg.. Og detta blei vel ett i øvekant langt innlegg, men så e det jo nåken dagar siå sist.. Så eg hadde vel litt på hjarta, rett og slett..

Men.. Ha ein strålande søndag, Folkens..

Og Tusen Hjertelig Takk for alle som har stukket innom både idag, tidligare og i framtiå.. Det e dåkkas fortjeneste at Boden gjerna har tatt ett skritt videre her i verden.. Og blitt signert som Influencer for Adlink Media..

Uten dåkke leserar som har strømt jevnt og trutt inn te bloggen, så hadde eg gjerna ikkje dratt det så langt, som eg har gjort te nå..

 

Tenk at man gjerna kan lykkast her i bloggverdenen uten å blotta visse attributter, skriva provoserande tekstar eller alltid bruka skrikande overskrifter som ikkje har rot i innholdet te innlegget..

Men, heller engasjera dåkke leserar med ufiltrerte, lett humoristisk krydra og hverdagslige anekdoter fra småbarnslivet.. Skreven på Haugesunds dialekt..

Til og med uten å heila tiå løpa rundt med speilrefleks kamera, stativ og gjerna brukt Kånå som fotograf.. Jaja, Kånå som fotograf hadde bare endå meir gjenspeilt vår hverdag, der hu aldri klara å få fokus på det hu vil ta bilde av.. Men heller det bak forbi, foran eller langt te sides..

Det e eg jaggu meg litt stolt av.. At man ikkje må vær ett perfekt glansbilde av ein blogg, for å bli lagt merke te.. Rett og slett..

 

Så klapp dåkke på skulderå, Folkens.. Eg e dåkke evig takknemlig for alle gangene dåkke har brukt den dyrebara tiå dåkkas, te å lesa våre heseblesande historiar fra virkeligheten..

Og løfta bloggen te nye høyder..

Tusen tusen takk…. =D

 

Farmor sitt Hus…

Foto : Lånt av Gunbjørg Skogøy si Facebook sia..

 

Eg satt og så på “Hver gang vi møtes – Spesial” på Tv2 ikveld, og høyrte på musikalske perler og høydepunkt.. Så når Øyvind “Elg” Elgenes drog te med Lars Lillo-Stenbergs “Hjernen er alene”.. Ja då kosa eg meg skikkelig.. Ein fantastisk versjon av ein allerede strålande sang, skjønt min favoritt av DeLillos e “Tapetser meg i gangen, før du går” .. Men, man følte virkelig nesten all verdens jammer i versjonen te Elg, som Lars sa ittepå.. Så kom Unni Wilhelmsen plutselig og drog te meg midt i Solar Plexus med ein sang, såpassa røft at eg gjekk rett i kjellaren..

Hu hadde funnet ein sang i Wenche Myhre sitt enorma repertoar, nemlig Farmors Hus.. Ein aldeles nydelig sang..

Men med ein tekst som virkelig tok pusten fra meg, det va rett og slett nesten for sterk kost for meg, på ein koselig lørdags kveld.. Eg stod og Farmor mi nærme og når me va små stod dørå alltid åpen, hos Farmor.. Kor me kunne komma inn og setta oss med kjøkkenbordet, få oss ei skjeva og litt fri fra all verdens styr og vas.. Ein plass me kunne komma inn og varma oss litt på vinteren, når me hadde aka på akebrett i bakken foran huset hennas.. Farmor sitt hus..

 

” Det huset som om sumaren som oftast va stupfullt av onkler, tanter og søskenbarn, som kom inn på besøk eller ferie..

 

Ein gang brakk eg armen på steintrappå te Farmors hus, når eg og søskenbarnet mitt fant det for godt at det va gøy å rulla sidelengs ner den utvendiga kjellartrappå.. Eg lærte meg Kinasjakk på stuebordet hos Farmor.. Eller, eg lærte meg å tapa i kinasjakk der, for Farmor lot deg ikkje vinna med vilje, man vant ikkje øve farmor før man va god nok.. Ofta stakk eg innom ein tur når eg kom heim fra skolen å lurte meg opp på loftet, når Farmor gjerna drukna i aviså.. For å kikka på ett gammalt verdens kart som hang der oppe..

Eller leste i gamle bøker og hefter som eg fant der oppe, blant mange saker og ting som hadde høyrt te gamle skolen i bygdå..

Om sumaren lukta det alltid Spenol og blomster hos farmor, om vinteren satt eimen av brent ved fra ovnen og kokt kaffi i veggane.. Det va alltid hjerterom hos farmor, og ufattelig mye humor og skarpe kommentarer.. Når Bessen døde så altfor tidlig tok Farmor sertifikat, for hu ville jo vær mobil.. Hu hadde godt over 60 kjøretimar hos kjøreskolen te Haraldseid’en, men hu fikk den te slutt.. Bestemte hu seg for nåke så ser eg føre meg at det sko gjennomførast..

 

” – Nå starta flyet og tar av.. Sa tantå mi ein gang me satt lika ovenfor huset te Farmor, oppe i Gurihuset.. Og høyrte kossen Farmor brukte clutchen te å justera farten med, mens turtallet stod jenvt på 7000 omdreininger.. Minst..

 

Hu krasja to ganger, men når hu først gjorde det så gjorde hu det standsmessig, som hu alltids sa.. Den eine gangen så va det med ordføraren i Tysvær, den andre gangen med bilen som ein landskjent politikar satt i, som va på kommune besøk.. Eg kunne sikkert skrevet ei heil bok om Farmor og hennas bedrifter, bare telefon samtalene hennas med Laura i Slogvikå hadde fylt opp 4-5 kapitler.. For når dei 2 va på tråden med kvarandre, va det stort sett opptatt hos Farmor i fleire timar.. Minst..

” Et barn har levd, i farmors hus.. En mann har hevet fylte krus.. En husmor har sett mann og barn bli trette å små, uten å spørre noen eller forstå, så hun dem alle gå.. Sang Wenche Myhre og Unni Wilhelmsen..

11 barn levde og vokste opp i Farmors hus, og ein mann og barn så hu alle gå.. Sin mann, min Bestefar gjekk for godt, så altfor tidlig.. Te slutt fikk Farmor Alzheimer.. Gudhjølpe meg, 11 ungar.. Når eg synast at dagane blir tunge her i heimen, og man bare har lyst te å grava seg ner.. Så streife av og te tankane mine te Farmor og at hu klarte det, at hu oppdrog og sendte 11 ungar ut i verden, som alle har klart seg fint.. Eg har ikkje nåke grunn te å klaga meg eg, ikkje i det heila tatt eingang..

Tjera vena meg.. Man kan jo få Alzheimer av mindre, vil eg tru.. Men, sakte med sikkert gikk lyset i Farmor sitt hus..

 

” En dør blir låst i farmors hus.. Det siste vers i siste blues.. En rynket utslitt kropp skal gå til hvile for godt.. Hun var en fredens enke, pyntet i grått.. Ingenting har hun fått..

 

Eg hjalp Farmor med å flytta te Tysværtunet, når sjukdommen begynte å gjør seg gjeldande.. Og besøkte na ett par ganger ittepå.. Men, eg klarte ikkje å besøka hu meir når eg såg, at Farmor ikkje heilt kjente meg igjen meir.. Hu huska jo kim eg va når eg sa det.. – Åja, ja Frode ja, Jostein sin gut ja.. Eg vett ikkje.. Somme ganger angra eg på at eg ikkje besøkte Farmor meir, men andre ganger e eg jysla glad for at eg huska Farmor sånn som hu va.. Før den djevelske sjukdommen..

Den Farmorå som stod og venta på trappå når eg hadde sykla fra Kolnes te Hundsnes, for å vær hos hu om sumaren..

Hu som fant fram kinasjakken når kvelden kom, og som absolutt ikkje måtte forstyrras når Derrick begynte, på detektimen.. Farmor som stekte lappar på den sværa steiketakkå si.. Og laga syltetøy av alskens bær fra hagen.. Hu som kom innom soverommet og bredde dynå øve meg, når hu trudde eg hadde sovna, men egentlig hadde lest i bøker te langt på kveld.. Og akkurat rakk å skrua av lyset før hu kom inn på rommet.. Goa herliga Farmor som alltid visste råd, om man lurte på nåke..

Kjæra Farmor.. Eg savna deg masse, men minnene om deg sitte djupt sjelå mi.. Alle dei gode stundene eg og deg hadde, dei har eg lagra og låst inn i ett hvelv i minnebanken min.. Som eg tar fram i ny og ne, og smile med meg sjøl..

 

Men, idag åpna ein sang dørå te hvelvet og slapp alle minnene ut, på ein gang..

 

 

 

 

 

Litlajentå, Kånå og ei overmoden Bleia.. Mildt sagt..

 

Så va det blitt helg igjen og eg sitte her med laptopen, ein kopp kaffi og halvparten av Flokken.. Mini’en og Han i Midten sitte og kosa seg med ein film de ikkje har sett før, nåke som stort sett betyr ei litå stund i lykkerus for ein nåke sliten Fatter’n.. Ikkje hadde me meir kaffikapsler heller, så eg måtte rota fram traktaren fra ett skap her heima.. Den visste eg kor va siå det va eg som hadde stua den inn i kjøkkenskapet..

Filter va det verre med, men rett før eg holdt på å kapitulera så fant eg de langt inne i ett skap.. Rusla ner å vekka Kånå for å spør e jo ikkje nåke man gjør ein lørdagsmorgen.. Eg hadde før gått på glødande kull..

Litlajentå va her for ei stund siå men hu forsvant igjen, hu holde sikkert på å finne fram dagens antrekk, vil eg tru.. Te Kånå sin store fortvilelese har hu  ein tendens te å tømma skapet sitt, før hu blir sånn nåkenlunde fornøyd.. Så rommet ser ut som ett sodoma ittepå.. Det e ihvertfall ganske så stille nere i 1 etasje, det e jo ikkje umulig at det e nåke fantaskap på gang heller.. Hu e ein kløpper på sånne rampastreker som blir utført te lyden av absolutt stillhet..

 

” Men kanskje e hu bare nere og leka seg på rommet sitt med Legoen sin, i beste fall.. Det e ingen vits å ta sorgene på forskudd, man får tidsnok vita ka som e tilfellet.. Heilt klart..

 

Det har vært ei småtravel uka med ein Mini som har holdt ett haraball om nettene, med falsk krupp som slo inn seint på kvelden og holdt oss foreldre våkne.. Jaja, å sei foreldre i flertall va gjerna å ta litt hardt i, for eg har meir eller mindre sovet som ein stein.. Det e vel gjerna Kånå som har lidd mest i løpet av ukå, sånn med tanke på mangel på søvn.. Når Mini’en har fått ett anfall og absolutt vil ligga inne hos oss ittepå.. Då hjelpe det ikkje om Kånå visualisere havet foran seg og telle havfruer eingang..

Der Mini’en gjerna tura på som ein grevling på sukkerkick i midten av sengå, og ikkje finne roen..

På jobb har det vært litt så som så med varer å kjøra ut, då været på fjellet har vært nåke lunefullt og holdt igjen ein semitrailer og 2.. Sånn at me nærmast va på itteskudd gjennom heila vekå, men på fredag kom me oss nåkenlunde “a jour”.. Så når eg kom te Tess Kårstø med ein palle for å levera, blei det tid te ein liten kopp kaffi sammen med Henning, Arthur og ein nye ein som eg ikkje vett ka hette.. Ein litå stund med litt laust prat om tull og vas, og lignande før eg satte snuten mot Bokn..

 

” Det va då me kom inn på ungar, bleier og galne erfaringar.. Arthur hadde ein fine fra gamle dager, Henning ein av litt nyare dato som innbefatta full vask av ett bilsete før eg kom i hug den gangen Litlajentå satte ein støkk i Kånå..

 

Akkurat den episoden huska eg som om det va igår, for me hadde hatt litt omgangssjuka gåaende i heimen nåken dagar.. Litlajentå va vel omtrent 14 -15 månader, kanskje til og med meir, og satt på ståvegulvet å leka seg.. Kånå va nere og styra på med ett eller anna som Kåner alltids gjør, sikkert nåke rydding eller klesvask.. Mens eg mot all formodning sikkert satt i sofaen og leste i ei god bok, akkurat det huska eg ikkje sånn på ståande fot.. Men herifra og ut huska eg alt som om det står skrevet i stein..

For plutselig så blir eg oppmerksom på at dei 2 eldste gutane sitte og ler litt av lillesøster si, som plutselig hadde begynt å laga nåken merkverdige boblelydar fra hekken..

Hu stod mitt på ett sånt fluffy stueteppet me hadde den gangen, med ett mildt sagt fortvila andletet.. Man kunne formelig sjå at bleiå hennas blei større i takt med boblelydane, omtrent som når man blåse opp ein ballong.. Eg spratt opp som ein ungkar når tannhjulå i hjernen endelig greip tak i kvarandre igjen, og eg oppfatta ka ulykka jentå hadde havna oppi.. Tjera vena meg.. Stanken som begynte å fylla stuå va utholdelig og gutane flykta gispande opp på rommene sine, med hendå på nasen..

 

” Mens eg jogga mot trappå, holdt eg Litlajentå unna armane hennas med strake armar vekk fra meg sjøl.. Boblelydande hadde avtatt nåke og om man ikkje la nåke press på den bugnande bleiå, ville eg nok rekka å komma meg ner på badet.. Puuh..

 

Så e det som når man i action filmar senke hastigheten på filmen, og dei neste hendelsane skjer i slow motion.. Kånå har enten høyrt at eg ropte ut når eg oppdaga nesten-katastrofen, eller høyrt gutane som sprang opp trappå mens de uffa seg.. Så hu kom jo sjølsagt ilande te i ein fart.. Og eg ska ikkje sei sikkert om hu kom nerante 1 etg eller oppante loftet, uansett spille det ingen rolle for utfallet.. Man kunne nesten høyra at teipen på bleiå holde på å gi itte nå, der den begynte å laga sånne knitrelydar..

Kånå strekke ut hendene sine og grabba Litlajentå te seg, mens eg i forbauselsen utbryte “Neeeeeeeeeiiiiiiiiii” .. Fortsatt i sakte film..

Fri og bevare meg vel, og Herrens hærskare i himmelen…

3 ting skjer nå i eksplosiv fart, men alikavel i slow motion.. Eg ser det fortsatt for meg som om det va igår..

Kånå trekke Litlajentå te seg og slenge jentå inn i ett sånn normalt hoftafeste.. Bleiå eksplodere i ett inferno midt i trappå.. Og itte nåken sekundar, når det går opp for Kånå ka som nettopp har skjeddd.. Eksploderte vel hu og..

 

” Hu ser opp på meg med ett vantro andletet, mens eg har sunket sammen på knærnå og kikka ner på ett reinaste vanvidd av ett grusomt kaos.. Kånå hiksta liksom te ett par ganger før hu får pusten igjen, og kauka ut..

– Fordømrande sosemikkel.. Koffår i helsikke seie du ikkje i fra da, Frode !!!??? ..

 

Eg kikka lika vantro tebake på Kånå.. EG sei ifra ?? .. Hadde ikkje Kånå nettopp nappa jentå i fra meg, før eg hadde sjangs te å advara hu om den prekære situasjonen.. Kånå har allerede fortsatt i full fart ned på badet, med ei brun fartsstripa liggande i hælane.. Eg stod igjen der oppe og kikka ner på den “tidligare” kvita flotta trappå våras, mens eg tenkte eg sko ropa ner te Kånå.. At hadde eg fått sjangs te å sei ifra så sko eg gledeligt gjort det, men når hu ikkje gir folk sjangsen te å advara.. Så hadde hu bare seg sjøl å takka..

Eg gjorde jo sjølsagt ikkje det.. Det e forskjell på å vær toskjen og idiot, og eg hadde ikkje tenkt å ta idiot tittelen fra Kånå, med ein gang.. Filmen va slutt, og ting gjekk tebake te normal fart..

Trappå såg ikkje ut, det gjorde forsåvidt ikkje veggane heller itte at Kånå hadde detonert klasebombå, som Litlajentå hadde hatt i bleiå.. Så eg svelgte alle kommentarene som lå på tungå, og gikk heller ner på vaskerommet.. Fant fram vaskebøttå, klor og ein haug med filler.. Før eg sette igang med å vaska galskapen vekk, så det ikkje sko setta seg i veggane.. Kånå kom og hjelpte te itte hu hadde lagt Litlajentå, og itte 2 timar så trur eg trappå va lika kvit som første dagen, når me flytta inn..

 

” Og seinare på kvelden, når me satt i sofaen og meir eller mindre hadde fått “samla oss” litt igjen.. Så delte me ett blikk, tenkte det samma og brøyt ut i ei total latterkrampa..

Gud hjølpe meg vett du, eg måtte jo fuga mellom trappå og veggen på ny, for dritten ville ikkje gå av akryl’en..

 

Når eg va ferdig å fortella denna historiå på Tess Kårstø, under ein kopp kaffi og litt laust prat.. Så kan man vel sei latterkrampå hang laust der inne og.. Det e godt å ha sånne historiar å tenka tebake te, som liksom e ett banebrytande bevis på kor gale det kan gå, i småbarnslivet.. Alikavel, så e det lika viktig å sjå humoren i galskapen..

Det e viktigt med humor, syns eg.. Hvis ikkje eg og Kånå hadde klart og sett galgenhumoren, i hverdagen.. Så trur eg ikkje me hadde takla denna hverdagen, som massebarns foreldre så godt som me gjerna gjør..

Det e ikkje få kveldar kor me har satt oss ner i sofaen, og fortalt kvarandre om forskjellige gullkorn og hendelsar.. Som dei små har funnet på i løpet av dagen.. Gjerna har me opplevd det sammen, eller kanskje e det bare ein av oss som oppdatere den andre, med halsbrekkande historier fra virkeligheten..

Ein ting e ihvertfall sikkert.. Det blir sjelden kjedelig her i heimen, det e ihvertfall heilt sikkert.. Det e alltid nåke å henga fingrande i..

 

Og med detta bombenedslaget av ett innlegg, bokstavlig talt.. Så ønske eg dåkke ein fortsatt goe lørdag, Folkens..

=D

 

Ei god bok, Kånå og ett beist med gule Djevelauger..

 

Livet e herlig i heimen itte ett julakalas uten like kor me sprang fra julafeiring i heimen med gjester, te julaselskap itte julaselskap i ett heseblesande tempo.. Kånå gikk ner for telling midt i romjulå itte å ha hangla litt før jul, og eg kava som ein elg som hadde gått gjennom isen lika ved land, for å holda stumpane i sammen.. Svigers kunne heldigvis ta hånd om halvparten av Flokken, mens Kånå låg som ett slakt heima på sofaen og eg va på jobb dei siste dagane før nyttårshelgå..

Så nå, når hverdagen igjen hadde kommen over oss, kidsa har begynt på skulen igjen og dei daglige rutinene endelig va ett faktum.. Så hadde eg ett håp om ett tilnærma normalt familiekaos liv..

Ihvertfall låg ett ønske om bare bittelitt meir søvn, høgt på listå itte mangen seine kveldar med påfølgande tidlige morgenar, fra dei røde dagane i julå.. Men 2 dagar ut i det nya året slår skjebnen te igjen, Mini’en får ett falsk krupp anfall igår akkurat når me har lagt oss.. Og det va bare å jumpa ut av sengå, få på seg nåken filler å ta med pasienten ut på trappå litt.. Mens Kånå fant fram medisinene.. Ein halv time seinare e situasjonen under kontroll og Mini’en sove søtt i sengå si igjen, itte litt intensiv medisnering..

 

” Det e ikkje så mye anna som må te enn litt astmamedisin og hostesaft, samt litt kald uteluft før luftveiene åpna seg igjen.. Det høyres mye verre ut enn det e, den der falske kruppen..

 

Og idag, itte me hadde ein nåke rolige dag på jobb, så gjorde me ikkje samme tabben som igår og henta Mini’en for tidlig.. Ikkje for seint heller for den saks skyld.. Eg tok med meg Eldstemann for å henta han, sånn at eg va sikker på det ikkje blei nåken flaue fadeser ved henting idag.. Det for holda med ein dag kor man får kjeft av småtrollet, fordi man komme å henta han for tidlig.. Og Eldstemann e alltid bankers i sånne situasjoner, den store helten te Mini’en..

Når me kom heim hadde Kånå mekka i hop nåke middag, så me satte oss rundt bordet for å spisa.. Mini’en va ikkje akkurat nåke smørblomst kan man sei, då han sikkert hadde fått litt lite søvn inatt..

Men det gikk seg nå te på ett vis, det e merkelig ka man blir vant med som massebarnsforeldre.. Man blir liksom litt immun mot smågneldring med middagsbordet, vil de ikkje eta maten så får de ikkje nåke anna mat, før kvelds.. Men som regel, itte alle har gått fra bordet så sitte gjerna den eller dei som ikkje ville spisa, og ete opp maten sin itte ei litå stund, alikavel.. Det e som oftast dei kampane man aldri tar, som blir dei man vinne, av ein eller anna snodig årsak..

 

” Me e muligens lettlurte iblant me foreldre, men me ikkje dumme.. Holde man kjeft og ikkje messa på om at maten må spisast opp, så finne de plutselig ut at de ska gjør det, heilt av seg sjøl..

 

Itte middag så kjørte Kånå og Litlajentå for å handla litt, mens eg satt henslengt i sofaen med ei bok.. Mini’en satt på gulvet å leka så fint med Duplo lego’en.. Får han sitta i fred å leka og ingen avbryte han, som forsåvidt Han i Midten e ekspert på, kan Mini’en sitta i timesvis med lekene sine.. Men, i ittemiddag va det ikkje Han i Midten som forstyrra leken te Mini’en, men ringeklokkå.. Først så va det ein haug med venner og venninner som kom te Han i Midten på besøk, ittepå va det 2 småjenter som lekte “ring og spring”..

Eg tok de på fersken itte andre gangen, då de lurte seg inn te naboen og ringte på der.. Så eg ga de ein liten godslig moralpreken som heilt klart ikkje virka.. For når de sprang avgårde ittepå, ropte hu eina te hu andra, at hu visste ein aen plass de kunne leka ring og spring..

Typisk ungar, men eg har jo vært der sjøl eingang, for all del.. Og når eg kom inn igjen hadde Mini’en kapitulert på sofaen, kor han lå og kikka på barne-tv med søvndrukne auger.. På loftet va det full Karaoke party på denna her maskinen Han i Midten fikk te jul, og ett fullkomment spetakkel.. Eldstemann kom ruslande ner trappene fra loftet og rista på hovudet, øve bror sin sitt haraball oppe på loftet.. Så han gjekk på fotball trening for å få litt ro og fred, nåke misunnelig såg eg han gå og eg kjente det kribla litt i gamle fotball bein..

 

” Jaja, den tiå e nok over, men eg burde absolutt komma igang med ein eller anna form for trening.. Carporten øve Litlekaren har ikkje blitt mindre i julå, så enten får eg slutta å eta eller finna på nåke så fremma formen litt.. Heilt klart..

 

Når Kånå kom heim satt eg og leste i bokå mi igjen og ana fred og ingen fare, det nærma seg slutten og det va rett og slett skrekkelig spennande.. Mini’en hadde koksa og lå i sofaen å sov som ein stein.. Eg fikk ett blikk av Kånå.. Ett sånt som man ikkje heilt vett om har mord i seg, eller bare litt lett lemlestelse.. Eg visste jo at det ikkje akkurat va nåke sjakktrekk at Mini’en slokna så tidlig, men eg hadde ikkje fått med meg at fjotten hadde sovna.. Eg va jo totalt borte vekk i Bjørn Beltø sin verden, når Mini’en tydligvis hadde slokna..

Eg slengte ein kommentar om at det nå va hu som hadde kjøpt bokå te meg, for å liksom ikkje havna heilt i unåde.. Men, det va ikkje mye te hjelp, om nåke så kikka hu bare meir olmt på meg, ittepå..

Kånå bar Mini’en i seng mens eg skamløst fortsatte å lesa bokå, eg hadde jo allerede tråkka i salaten.. Eg fikk bare håpa at slutten på bokå virkelig va verdt det.. Og sjølsagt, så våkna Mini’en når alle dei andre va i seng, og endte opp i sofaen her oppe.. Som ein skillevegg mellom meg og ei Kånå.. Ei Kåna som nærmast kunne minna om ett olmt beist, ett svart beist med kvite spetter i pelsen, gule djevelauger og mord i blikket.. Så når filmen hu såg på va slutt, og bokå mi va tom for bokstavar så takka eg fint for laget, og reiste meg opp..

Eg forsøkte å senda Kånå ett tilgivande blikk med glimt i auga, som blei besvart av ett anna blikk.. Jack Nicholson blikket, og ikkje det som gjerna e ett litt fårete flir.. Heller meir ett sånt som det i Psycho..

 

Så, eg gjekk ner trappene, tok turen innom vaskerommet og henta soveposen og underlaget før eg gjekk rett i Bodå.. Og camperte igjen sammen med edderkoppane, ett par syklar og ein løvblåsar..

Godnatt, Folkens.. Over og ut..

=D

Mini’en, litt Neseblod og to galne Brødre…

 

Det e herligt når man e utslitt fra jobb, med skallebank verre enn versta bakfullå i historien og pottetett nese.. Sitte i stuå og prøve å nyta ein kopp kaffi, og landa litt.. Så e Han i Midten på ein av sine høgaste trippar, ever.. Han e overalt.. Han har vært syk siå søndag, men eg trur det e på hell… Mildt sagt..

 

Nærmast så ei innpåsliten kattaflussa med sterke schizofrene tendenser..

Han kan sitta fint på gulvet å se på tv, for plutseligt bare å spretta te værs med ett indianerhyl og styrta opp trappå.. Og Fatter’n sitte igjen i sofaen med halve kaffikoppen i fanget, hovudet dirra så ein gitarstreng på speed og nervene sende ilande beskjedar te hjernen.. Både fra den varme kaffien i fanget og skallebankens tømmermenn..

 

Så, når men endelig har fått roa seg nåkenlunde ner igjen, og tørka fanget for kaffi.. Så komma han hoppande nerover trappende så ein elefant, med Litlajentå på slep.. Kaukande på ein eller aen sang de har høyrt på radioen..

– HEEEY, BROTHER….. UIIIIII… Komme det i fra duoen..

– Hysj… Messa Kånå.. Pappa e slakke og har vondt i hovudet.. 

Då slenge Mini’en seg og på.. Og de blir ein trio.. Ein trio fra ein anna verden, med meir skingrande falsett enn Be Gee’s.. Gudhjølpe meg, man formeligt kjenne hjernemassen så vrir seg av ubehag og smerte.. Og eg angra på alle gangene eg istedet for å skru ner, men heller skrudde opp..

Når mor mi klaga på musikken min, i barndommen..

 

For Karma har nettopp kommen som ett godstog av gjenferd, og truffet meg av full kraft.. Det e jaggu meg ikkje lett å vær ein Fatter’n, sugd tom for energi på jobb, sylta forkjøla og med skallebank fra helv..te.. Man syns så inni granskauen synd på seg sjøl, og lura på om det e lurt å henta litt meir sympati fra Kånå..

Hu va jo forsåvidt på mi sia nettopp, og hysja på kidsa.. Kanskje hu finne ein ny kopp kaffi te meg.. ??

Men, heldigvis klara eg for ein gangs skyld å tenka, før eg går i revasakså.. Kånå har gjennom heila forrige uka vært sjuk.. Mye sjukare enn eg e.. Eg har jo bare såvidt feber, om eg har feber i det heila tatt.. Alikavel, så har hu fått Flokken avgårde på skolen og i barnehage, rydda te visning og laga middag..

” Med over 39 dampande grader i feber.. Det sko jaggu meg tatt seg ut, om eg hadde klaga min såre nød nå..

 

Man får bare ri det av og henta ein ny kopp kaffi sjøl, gjerna finna ein Ibux i skapet med det samma.. Så eg tusla mot kjøkkenet med hovudet unna armen, men har ikkje meir enn svelgt ibux’en og fullt opp koppen.. Før ett nytt Hiawatha hyl runga gjennom heimen..

Mini’en har gått på trynet ut av sengå våras, under lek med Han i Midten og Litlajentå..

Syndaren fyke så ett lyn opp trappå igjen, Litlajentå prøve å dekka over for den eldre broren.. Men vett ikkje heilt kor hu ska legga lojaliteten, når hu merka at hennas yngre lillebror fossblør fra nesen.. Så hu dette heller rett om i sengå og besvime..

 

” Herregud… !!

 

Omsider så e pasienten oppe og går igjen, nåke bleik om nebbet itte blodsjokket.. Mini’en har holdt roen heila tiå, og e egentlig litt stolt øve skaden.. Hylet kom fordi han stokk litt, med ein gang..

– Ed bødde i dasen, pappa.. Masse … Det va kuuuuult… Seie han , småtøft og nasalt..

Der han rusla ut av badet, med dopapir i eina neseboret.. Han i Midten komme tuslande ner trappå igjen, med halen mellom beinå.. Eg gir han ein liten moralprek, igjen.. Og guten lova bot og forbedring, nåke så garantert komme te å vara i 15 minutt..

 

Eg går på kjøkken for å henta kaffien, når det plutselig høyrast ut som om et jordskjelv har ramma heimen.. Men så høyre eg Eldstemann brøla at Han i Midten ska dra seg ut, ut av rommet hans.. Det høyres nesten ut som ein bøffelflokk passere i lofts stuå der oppe, når Eldstemann jaga bror sin øve gulvet..

Så smelle det i ei dør, og Han i Midten har redda seg inn på rommet sitt..

Kånå tar jobben og jogga opp for å roa gemyttene, mens eg tar den lunkne kaffien med meg i sofaen.. Det nærma seg leggetid.. Det e ivertfall heilt sikkert.. Om eg så må skru klokkene framover, så må me få de tidligt i seng idag.. Ellers komme ett eller anna te å gå gale..

 

Men, men.. Det e tirsdag, snart onsdag.. Då e som oftast det versta gjort, og man renne på tomgang inn te fredagen.. Det e som oftast nedover bakke i fra onsdag og te helg, på ein måte..

Ikveld ska eg og tidlig te sengs.. Garantert..

Men så kom eg på at det e Liverpool – Chelsea idag.. Ja, nesten snart jo.. Så gjekk den planen i dass og.. Jaja, det blir nok bedre imårå, skallebanken e ivertfall på retur.. Kjenne eg..

Lura på om det e smart å sei eg ska se fotballkamp, mon tro .. ??

=D

 


 

Og te alle som lura litt på om detta ikkje va nåke de hadde lest før, så har de heilt rett.. Eg orka bare ikkje å skriva idag, så eg fant ett innlegg fra den gamle bloggen, fra Januar i fjor.. Som meir eller mindre passa godt te stemningen i heimen idag, sjøl om eg forsåvidt ikkje e sjuk da.. Det har Kånå tatt seg av..

Ha ett fortsatt godt nyttår, Folkens.. 😉

Parfymen te Kånå, Kakemenn og eg – Ein liten tur i Bodå.. Igjen…

Itte nåken strabasiøse dager med ei Kåna som har gått te hundane, såg det endelig ut som om det va litt lys i tunellen, igår.. Kånå har oppholdt seg på sofaen meir eller mindre siden onsdag morgen, kor hu vakna med ett dundrande hovudverk.. Og fikk på legevakten seinare på dagen konstantert kraftig bihulebetennelse, som slo Kånå heilt ut.. Han i Midten og Mini’en va så heldige å få reisa på ferie te Svigers, ihvertfall dei 2 siste dagane eg hadde igjen på jobb..

Men, igår så va endelig gutta kommen heim igjen, Kånå va nåke bedre enn dagane før og eg såg litt lysare på ting, rett før nyttårsaften..

Alikavel, så va det ett par ting som sko ordnast før me kunne seia oss klar, te å feira nyttår.. F.eks så va eg nødt te å ta ein durabelige ryddeaksjon i heimen, for sjøl om me ikkje har hatt ein komplett flokk i heimen.. Så har Litlajentå vært heima, og hu e ekspert på å liksom legga nåke fra seg, meir eller mindre overalt.. Ei strømpebuksa på kjøkkenbordet, tegnesaker lå strødd rundt på gulvet, ein haug med viskelær på tv-benken og ein heil dukkefamilie i sofaen.. etc, etc..

 

“Eg kunne sikkert holdt på te imårå, dåkke ser tegnngen og dei som gjerna har ei livlige tulla på 6 i heimen sjøl.. Dei vett gjerna alt om jenters trang te å ha ett prosjekt på gang, overalt og ingensteds..

 

Men, itte ett par timars iherdig innsats, såg det endelig nåkenlunde respektabelt ut i heimen.. Eg ska ikkje stå her å skryta øva at det såg strøkent ut, men langt ifra va det heilt klart ikkje.. Sett fra ein fornøyd Fatter’n sitt perspektiv, vel å merka.. Det e nok heilt klart forskjell på min og Kånå si meining om ka som e respektabelt, men når hu ikkje e si stand te å gjør jobben sjøl.. Så trur eg hu klarte å senka guarden og sjå seg fornøyd med ryddejobben, sjøl om eg såg blodårå som banka i tinningen og ett glimt av misnøye i augene..

Hu kan skjula det godt at hu ikkje e heilt fornøyd, bak eit perfekt smil.. Men glimtet av misnøye i auga og den blodårå i venstre i tinning.. Det har ein tendens te å avsløra, at alt ikkje e akkurat sånn som Kånå kunne tenkt seg..

På sånn generell basis hadde eg gjerna tatt affære, og gått over heimen ein ekstra gang for å ikkje bli utsatt for Kånå sin vrede.. Men vreden hadde ein lang vei å gå, om den sko trenga gjennom ei utmatta og sjuk Kåna sin hjernebark.. Og manifistera seg foran meg i ett fyrverkeri av ett anfall, så eg lot ting vær som de va og tok heller Mini’en med meg på handletur.. Kånå hadde handla inn te julå før hu blei slått knock-out av sjukdom, men nyttårs-helgå va ikkje i boks ennå..

 

“Så utstyrt med handlelista og ein god porsjon lettelse av å komma seg ut av heimen litt, kjørte eg og Mini’en avgårde..

 

Istedet for å kjøra opp på Amanda-Senteret og inn i jungelen av matvarer på Obs, som eg rekna med va lika overbefolka som gågatå i sentrum, på ein prikkedag.. Jaja, ihvertfall ein prikkedag når eg va yngre.. Så kjørte me inn te Akdsal-Senteret som e mindre og ikkje så overfylt av folk og fe, som Amanda.. Handlejobben gjekk som ein drøm for ein gangs skyld, og det me ikkje fant på butikken der inne.. Det handla me på nærbutikken rett med der me bor, før me kjørte heim..

Litt stjerneras og ein liten pakke med fyrverkeri, fikk me og handla inn.. Så nå va me meir eller mindre klar for ei koselig nyttårsfeiring med kidsa..

Så når me kom heim og fikk pakka ut varene, så sette eg og Mini’en oss ner for å spilla ett spill me hadde kjøpt.. Egentlig ett heilt banalt lite enkelt spill, med nåken kuler som sko spisast opp av noen flodhesthoder som me hadde kontrollen over.. Men hjølpe meg kor gøy det va, sjøl om det ikkje akkurat va svære sakene.. Litt middag blei laga og resten av kvelden blei tilbringt i sofaen, med litt fotball te Fatter’n og ittepå såg me ein film sammen med Flokken, før det tid for å lada opp kidsa igjen..

 

” Det va ein koselig kveld og når Kånå og fant ut det va på tide å legga seg, satte eg på den siste av Harry Potter filmane.. Eg har aldri sett dei 2 siste filmane, og siden dei andre har gått nå i romjulå tenkte eg det gjerna va på tide..

 

Me har ein sånn boks med alle Harry Potter filmane på dvd, så eg hadde sett den nest siste kvelden før, og fyrte nå igang den siste.. Eg e ikkje nåke sånn utprega Harry Potter fan, men det e nå greit å få med seg kossen det enda, liksom.. Når man har sett alle dei andre.. Så eg satt der for meg sjøl å storkosa meg med litt trylleri action, og spiste kakemenn te den store gullmedaljen.. Me hadde jo glemt ut at me hadde ein stupfull boks med kakemenn, så ingen ville merka om eg gjorde ett lite (stort) innbrudd i kakeboksen..

Det va jo ihvertfall ingen vits at de lå der og samla støv, tenkte eg for meg sjøl.. Der eg satt å gumla i meg kakemenn som om eg aldri hadde fått mat før..

Og det måtte jo gå som det gjekk.. For når man spise ein overdose av kakemenn, så har det ein tendens te å setta seg fast overalt, i tanngarden.. Når man då toppa fråtsingå med ett par krumkaker eller fem.. Så har man den perfekte oppskriften på ett skremmande tjukt belegg på tennene, som te slutt blir ufattelig irriterande.. Og når man forsøke å skylla det vekk med ett glass Cola, men ende bare opp med ett kakebelegg som minna meir om ein blanding av lim og sparkel..

 

” Ja, då e gode råd dyre.. Ein gang trødde eg i trynet ein svær pose ostepop, med ett lignande resultat.. Men det løyste seg nå opp med ein slurk brus og to.. Herreguuud.. Begynne det å stivna te og nå !? .. Tenkte eg, når det satt bom fast oppe i mellom nåken jekslar..

Tjera vena meg.. Ka i all verden e det Kånå har hatt i deigen..

 

Eg begynte nesten å få ett snev av panikk, jogga nerøve trappene og inn på badet for å sjå om eg fant ein tannpirkar eller nåke lignande.. Me hadde jo glemt å kjøpa det inn te julamiddagen, og fortsatt hadde me ikkje handla det inn.. Men, eg minnast at eg hadde sett ein eller 2 i høyskapet på badet.. Eg pussa tennå først for å sjå om ikkje det hjalp, og det fjerna forsåvidt det mest irriterande på framsiå.. Men det satt fortsatt svære klumpar fast på jekslane, både oppe og nere, som fortsatt ikkje ville av..

Eg treiv opp dørå te høyskapet og begynte å leita itte nåke brukande, men fant ingenting i mi hylla.. Heller ikkje i den under..

Så skjer det, det som utløyste at eg måtte tilbringa den siste nattå i 2017, ute i Bodå.. For eg begynte å rota i Kånå si hylla når eg gjerna syns eg ser nåke innerst i skapet, som ligna på ein tannpirker.. Og strekke håndå inn for å ta den ut, men stikke meg på ett eller anna og nappa te meg håndå i refleks.. Og i samme bevegelse dunka eg borti ei parfymeflaska som tar øvebalanse, og tippa sakte med sikkert ut av skapet.. Og resten det skjer som i sakta film..

 

” Den håndå eg strakk te meg e ubrukelig og forsåvidt på vei feil vei, men den andra skyte fart fremover for å fanga parfymen, før katastrofen e ett faktum..

 

Eg får ett Deja Vu fra tidligare eingang når eg klarte akkurat det samma, men med min egen parfyme.. Og laga ett dualigt hakk i flisene, før badet blei bada i Aqua Di Gio.. Men nå, nå va det Kånå sin parfyme det va snakk om, den einaste hu brydde seg om.. Favoritt parfymen hennas stupte mot gulvet, og i super slow motion så va eg akkurat for sein te å nå den.. Istedet knakka den lukst i gulvet med ett smell, og eg slapp ut ett ikkje akkurat stille gisp..

Kånå kom sjanglande fra soverommet i bara truså og trudde det va ein av kidsa som hadde kollapsa eller lignande..

Men, fant ein Fatter’n som stod tafatt, mildt sagt i sjokk og stinka dameparfyme fra topp te tå.. Det va som om eimen trekte lukst inn te marg og bein, og eg visste hverken fram eller tebake..

 

– Ka i all verden e det du holde på med..??? Kauka Kånå ut, i forbauselse øve detta snodiga synet hu møtte..

– Eh.. Jo.. Eg sko bare finna ein tannpirkar.. Svara eg, ganske så spakt..

– Tannpirkar..?? … I mi hylla..?? E du heilt idiot, eller… ?? .. Freste hu videre..

Eg va på kanten te å svara ja, før det slo meg at det ville vær for enkelt å gi Kånå seieren, sånn heilt uten videre..

– Jammen, eg syns eg så ein inni der.. Stottra eg videre..

– Såg ein inni der?? .. Og ka i all verden sko du med tannpirkar nå da, klokkå ett om nattå..!!?? .. Avbrøyt hu kjapt..

Eg innsåg litt for seint at nåke seier, sannsynligvis va long gone for lenge siå.. Og at nåke begrensning av nederlaget nå meir eller mindre va ute av bildet, siå eg gjerna va nødt te å fortella om innbruddet i kakeboksen og..

– Øh.. Eg har gjerna spist bittelitt for masse kakemenn, som satt fast i tennå.. Så eg….

– Herreguuud.. Du e verre enn ungane du.. Eg har ikkje 4 ungar eg, vettu.. Eg har 4 flotte ungar og ein forvokst baby  på 44 år.. Kauka hu ut, midt i min setning..

– Hyyysj.. Nå vekke du ungane, trur eg.. Prøvde eg meg med, lavmælt.. Og forstod vel at det nå bare handla om skadebegrensning, og kjørte på med kidsa som unnskyldning, for å slippa meir kjeft..

– Vekka ungane..??!!! .. Trur du ikkje at du har klart det heilt aleina, med detta bråket ditt.. Fortsatte hu olmt, men nåke lavare..

– Bare gå og legg deg du, så ska eg ordna opp her eg.. Sa eg, og forstod at løpet va kjørt..

 

Men, Kånå marsjerte inn på vaskerommet og henta ei vaskefilla og bøtta, kjørte litt klor på gulvet og fylte vann i bøttå.. Før hu vaska lett øve baderomsgulvet, mens eg pitla opp glassbitar og spraya med Jif for å døyva den versta parfymeluktå.. Det lukta forsåvid gale når eg knuste min egen parfyme, men Kånå sin tok kakå..

Det stinka jo verre inn når eg komme inn på ein sånn “Gammel dame” klesbutikk for å levera, og som e stupfull av kunder med all verdens forskjellige parfymer på seg, og ikkje akkurat har vært gnitne med dosen..

Ikkje fordi at Kånå sin parfyme ikkje e god altså, men alt med måte liksom.. Det e som med kakemennene, får man for mye av det goda så e det alltid ein liten bismak med det, rett og slett.. Så, når Kånå rusla ut itte vaskejobben og gjekk å la seg igjen, så gjekk eg opp å såg resten av Harry Potter filmen.. Før eg rusla rett i Bodå og la meg, sammen med poteter, mandariner og edderkoppane..

Og tenkte for meg sjøl at det heilt sikkert kunne vært verre.. Og det hadde jo ikkje vært bedre det..

=D

 

Så blei eg innhenta av Karma… Igjen..

 

Så joda, eller neida.. På ein måte.. For idag har eg liksom fått Karma slengt midt i fleisen, som ett løpsk godstog i 45 graders nedover bakke.. For itte eit meir eller mindre litt i øvekant hoverande innlegg fra idag morgens, kor eg nøyt akkurat det med å forlata heimen, og ta ein liten tur på jobb.. Og muligens gjerna dissa Kånå litt som forsåvidt hadde fått “fri”, for å vær heima med kidsa i romjulå.. Så såg sannsynligvis skjebnen det som sitt ansvar, å jekka meg ner ett par hakk og 10..

For eg hadde ikkje meir enn trødd inn dørene heima, itte ein fantastisk dag på jobb.. Før eg fornemma at her va muligens ikkje allt heilt som det sko vær..

Leker, klær og sko lå i eit einaste samsurium nere i gangen, og når eg begynte på trappå steig mistanken te at alt gjerna ikkje va på stell.. Kjøkkenbordet såg ut som ei slagmark, stuegulvet va bedekt med leker, tepper og puter.. Eg hadde møtt Litlajentå nere i gangen, som hadde hodt den eina håndå si øve munnen, før hu jogga lett på tå opp trappå.. Og når eg såg hu igjen oppe i stuå, så forstod eg jo ganske raskt koffår hu hadde holdt seg for munnen..

 

” For det litla trollet hadde mørkelilla lebestift rundt kjeften, forsåvidt ganske så perfekt smørt på, for all del.. Men, gudhjølpe meg.. Litlajentå har jo ikkje lov te å snika i Kånå sine sminkesaker.. Og ihvertfall ikkje på den måten der..

 

Hu såg meir ut som ein knallhard punkrockar, enn ei søt litå tulla på 6 år.. Eg hyperventilerte litt før eg fikk samla meg, og tok ett øveblikk øve resten av stuå.. Som va dobbelt så gale som kjøkkenet og kidsa hadde tydligvis hatt frie tøyler idag, eg fortsatte for å leita itte Kånå i sodomaet.. Og fant hu i fosterstilling i sofaen.. Hu hadde hovudverk, va slakk og hadde ikkje makta å holda styr på Flokken eller heimen for den del, idag.. Hu har jo ikkje vært heilt i stryken i julå, men har hatt nåken gode dagar..

Men idag hadde hu møtt veggen og lå og skalv unna ett teppe.. Tjera vena meg.. Stakkars Kånå, og eg fikk straks ein ganske så svær bismak, itte dagens første innlegg..

Eg sendte Kånå lukst ner i loppekasså med klar beskjed om å ringa legevakten, når de åpna.. Før eg sette igang med å finna stuegulvet igjen, beordra Litlajentå te å vaska av seg svineriet hu hadde på leppene og laga meg ein kjapp kopp kaffi.. Her måtte det heilt klart litt styrkedråpar te for å få stell på sakene igjen.. Midt i koppen kom Kånå tuslande opp igjen, hu måtte bare komma ner på legevakten med ein gang.. Så me heiv oss rundt, pakka dei 2 minste med oss i bilen og suste avgårde..

 

” Me slapp Kånå av på legevakten og fant ut at eg kunne gjerna bytta bokå, som Kånå hadde gitt meg te jul.. Eg hadde sikkert sagt det 4-5 ganger, at eg ønska meg den nya te Tom Egeland.. Med antihelten Bjarne Beltø i hovedrollen..

 

Alikavel hadde hu klart å kjøpa den eg hadde gitt beskjed hu ikkje måtte kjøpa, fordi eg allerede hadde den i samlingen.. Den sista te te Dan Brown, som hette “Opprinnelsen”.. Eg e litt svake for sånne bøker med okkulte mysterier, med ein hovedperson som gjerna ikkje e ein sånn typisk helt.. Men meir ein sånn som meir eller mindre uforskyldt havna opp i trøbbel, og e nødt te å finna ein eller anna smart løysning for å komma te bunns i mysteriet..

Sikkert fordi eg som regel havna i all slags trøbbel sjøl, både uforskyldt og selvforskyldt.. Mest det sista, gjerna.. Om eg ska vær ærlige..

Men, sjølsagt va de utsolgt for den bokå eg ønska meg, der Kånå hadde kjøpt den andra.. Så eg såg meg fornøyd med ein tilgodelapp.. Plutselig så fikk de den sikkert inn igjen, meinte hu bak disken.. Så va planen å handla litt for kjøleskapet hadde sett nåke slunkent ut, og eg hadde tatt den siste kaffikapselen, før me gikk.. Som akkurat nå stod på sofakanten og blei kald, eg hadde jo bare fått i meg ett par slurkar før alarmen gikk, og Kånå måtte ambulerast ner  te legevakten..

 

” Men, å komma seg ut av Amanda senteret uten å stikka innom lekebutikken med kidsa, det e som å prøva å få Kånå te å gå forbi ein butikk det står svære plakater med salg på.. Nærmast umulig.. Så det blei ein kjapp titt der inne og, før me rusla ut..

 

Når me kom te daglivare butikken, fant oss ei korg og begynte å rusla inn i jungelen av matverer.. Så fikk eg jo heilt jernteppet og huska ikkje ett pøkk øve ka me gjerna trengte, 2 små røyskatter som nå va i sitt ess hjalp jo heller ikkje på situasjonen.. Der de svinsa rundt og ville ha både det eina og det andra av godsakene, i alle dei hyllerankene me ihvertfall ikkje sko ha nåke i.. Jaja, når Mini’en ville ha heila den feita og goa Kveitå som låg i fiskadisken, holdt eg på å gi itte..

Men, eg klarte å styra meg når eg såg prisen.. Gudhjølpe meg, det va visst Kveitefiskar eg sko blitt..

Eg huska te slutt at det va nåke slunkent med skinka, melk og kanskje sko me forsåvidt hatt ett brød.. Nappe med meg ein frosen pizza, ein pakke med hamburgere og 2-3 posar med Chips, i ett svakt øyeblikk.. Kidsa klarte å smiska seg te nåken sugerør med smak inni, og kvar sitt blad.. Visst me måtte venta litt utenfor legevakten, så va det jo greit at de gjerna hadde nåke å gjera på, alikavel.. Så me rusla mot kassen for å betala og måtte sjølsagt forbi frysedisken med is oppi..

 

” Og det gjekk jo som det måtte gå.. Kan skjønna me måtte ha kvar vår is, så me inngikk ei blodspakt å lovte kvarandre at me aldri sko sei detta te mammå.. Mens me gumla i oss kvar vår is, på vei ut av butikken..

 

Men, det førsta Mini’en kauka ut når Kånå satte seg inn i bilen igjen, itte å ha fått konstantert kraftig bihulebetennelse.. Det va jo sjølsagt at Fatter’n hadde kjøpt is, og fått han og Litlajentå te å ha det som ein hemmelighet.. Herreguuud… Eg trur eg og Mini’en må ha oss ett kurs om ka ein hemmelighet e for nåke, sånt at me gjerna kan gjør det ein anna gang og.. For det va faktisk jysla godt med ein is, idag.. Når topplokket begynte å småkoka itte ein liten handletur tatt på gefylen..

Kånå hadde jo fått seg ein diagnose så ein tur på apoteket stod for tur, for å hanka inn litt medisin te hu..

Då va jo eit reinspikka hylekor igang, så snart Kånå hadde gått ut dørene.. Kidsa ville inn å shoppa litt meir dei og, å holdt ett haraball uten like heilt te Kånå kom ut igjen.. Eg hadde nå stressa som ein gal itte eg kom heim fra jobb, og det va jo ikkje over når me kom heim fra apoteket heller.. Svigerfar sko komma og henta Mini’en og Han i Midten, så Kånå hadde litt mindre å stri med imårå.. Og eg kunne jo ikkje slippa han inn i heimen, før eg ihvertfall hadde fått rydda kjøkkenet..

 

” Det får væra måte på, altså.. Så eg spant opp på kjøkken så snart me kom heim, slengte ein pizza i ovnen på samma tiå som eg åpna oppvaskmaskinen..

 

Eg snudde på ein femøring og kasta meg øve oppvaskmaskinen, og rydda ut av det reina før eg trødde inni det som va skittent.. Kidsa ville ha melk og sugerør med smak, så eg trylla det fram på ett blunk og sette på bordet te de.. Kånå kom sjanglande øve stovegulvet og holdt på å gå rett i bakken ved kjøkkenbordet, hu hadde heilt klart tatt seg litt for mye ut, med legevakt og apotekbesøk.. Så hu blei geleida tebake te sofaen igjen.. Eg spant over kjøkkenbenken i ein fei og rydda vekk det som ikkje sko vær der..

Fiska opp ein oppvasktablett, og lot plastikken vær på for det hadde Kånå sagt at gjorde ingenting før ovnen peip og Pizzaen va ferdig..

Eg fant fram ett par stykker te kvar på nåken tallerkenar og serverte te kidsa, som spiste så nåken utsulta gribber midt inne i ein knusktørr ørken.. Eg tok med meg ett ut i stuå te Kånå, men hu va Missing in Action igjen.. Tjera vena meg.. Nå hadde hu gått for å pakka te Mini’en, Han i Midten hadde hu allerede fiksa.. Eg kommanderte hu tebake te sofaen, med beskjed om å få litt middag i seg.. Og då ringte Svigerfar på dørå og kom opp..

 

” Me fant fram det sista som gutane sko ha med seg, fulgte de ut dørene og fikk ein klem av Mini’en.. Før eg jogga opp i stuå og rydda det sista som va igjen..

 

Før eg landa i sofaen, og innsåg at dagens triumf på morgenkvisten.. Hadde Backfired nåke så grusomt i ittemiddag, at eg nærmast ikkje har ord.. Jaja, å sei eg ikkje hadde ord, itte denna avhandlingå.. E vel kanskje ein bitte liten motsigelse av sannheten..

Men, å sei at eg gjerna gjekk på ein smell, e ihvertfall ikkje å overdriva..

Det e gjerna ikkje så smart å væra kjepphøg om morgene, for man vett jo aldri ka dagen bringe.. Det får væra dagens lille lærepenge te meg sjøl trur eg.. Alikavel, så har eg ein liten følelse øve at detta heilt klart ikkje e siste gangen, at eg gjerna får meg ein på trynet, av Karma..

Ja, det vil eg tru..

 

Uansett.. Ha ein strålande romjul videre, Folkens.. Over og ut, for idag.. =D

 

 

 

2 Juledags middag, tidlig heim og ett Fårete blikk fra Kånå…

 

Så har me vært hos foreldrene mine og kosa oss, med ein herlige middag kor mor mi rett og slett hadde overgått seg sjøl.. For hjølpe meg for ein herlige middag.. Det e ikkje det at eg ikkje trur mor mi kan laga mat, men idag diska hu opp med nåke eg ikkje har fått heima før, ihvertfall.. Indrefilet med poteter, ein nydelige saus og brunsvidde grønnsaker som smelta i kjeften.. Gudhjølpe meg for ein middag.. Å te dessert dukka både Dronning maud pudding, riskrem og krumkaker med mer, opp..

Det va rett og slett ett etegilde uten like, kor magen heilt klart va mett, lenge før augene..

Eg trur ikkje eg har vært så mett på lange tider, ihvertfall ikkje siden igår.. Når me va hos Svigers på koldtbord.. Ittepå så kosa me oss med Sofie, litlajentå te bror min på 9 månader som va blie som ei sol.. De bor nere i sørfylket så det e ikkje så ofta me får hilsa på de, så det va kjekt å treffa de igjen.. Og ikkje minst så kosa kidsa seg med søskenbarnet sitt, der de spant rundt på gulvet og leka seg.. Det som gjerna va mest overraskande idag, det va vel at Han i Midten gjekk rett heim hos jentå te bror min..

 

” Der hu heiv seg rundt halsen på guten når han fikk holda na, og eg satt nervøs som bare det for at han sko mista hu.. Men, hjølpe meg.. Guten hadde full kontroll han, og jentå pludra i vei og kosa seg på fanget hans..

 

Til og med eg fikk holda Sofie litt idag, uten at hu klikka i vinkel.. Hu har vært litt selektiv på kim som har fått lov te å holda hu, ser dåkke.. Mor mi va og ute i kulden ei stund, men har klart å smiska seg inn i varmen, igjen.. Kånå gjekk jo sjølsagt rundt med detta fårete fliret hu som regel får, når hu omgås babyer.. Så om eg spela kortene mine rett ikveld så kan det gjerna bli rektigt så hyggelig, te kvelds.. Om ikkje Kånå har denna her famøse videoen fortsatt høgt oppe i minnet sitt..

Me for tidligt heim fra foreldrene mine idag og, men ikkje fordi me hadde planlagt det.. Meir fordi kidsa som hadde velsigna oss med ein harmonisk morgen, begynte å nærma seg sitt normala tempo..

Mini’en fikk plutselig blod på tann og va overalt, tett etterfulgt av søster si.. Som e blitt ei skikkelig kruttønna i det sista, kor fantaskapet sitte laust, kjeften kvassare enn på lenge og kvir seg ikkje om muligheten for litt ramp, åpna seg.. Eldstemann va og i ein usedvanlig toppform idag, der han kveila seg rundt i stuå som ein klapperslange og ikkje fant heilt roen.. Nåke som absolutt ikkje e likt han.. E det ein me kan satsa på at oppføre seg, så e det jo akkurat han..

 

” Men, idag va det jaggu meg Han i Midten som va enklast å hanska med på julamiddag, men det kan jo godt ha sammenheng med ein liten disputt, før me gjekk heimante..

 

Han i Midten e jo ikkje akkurat den enklaste å få ut dørene, når me ska nåke.. Og danna som oftast baktroppen av Flokken våras, nåke som e inni granskauen irriterande.. For det e han som må først inn i bilen, siden han sitte heilt bakerst i  7-seteren våras.. Så då må alle stå og venta han, der han svinsa rundt oppe på loftet å sjølsagt alltid leita itte nåke, i siste liten.. Og når han endelig komme tuslande ner trappene, så har han ikkje sokkar på seg eingang..

Det e heilt utrolig kor avslappa den fyren kan vær, der me andre småstressa står og trippe for å komma oss avgårde..

Så har han absolutt ingen planer om å auka tempoet, for å komma seg ut dørene.. Kånå måtte eg bare senda ut i bilen idag, mens fjotten tok på seg sokkane og eg trødde skornå på han, får å litt fart i guten.. Ellers trur eg hu hadde tippa over.. Men.. Som sagt så kjørte me heim allerede i kvart over 6 tiå, med ein flokk som te tider hadde holdt ett realt haraball heima hos foreldrene mine.. Og eg som hadde tenkt å sjå Liverpool kampen med far min, måtte bare kapitulera og innsjå at Flokken heilt klart måtte heim..

 

” Sofie sko vel snart te sengs og, så det va gjerna lika godt at me kom oss avgårde.. Ellers hadde det ikkje blitt mye søvn på jentå, det e ihvertfall heilt sikkert..

 

Ellers, så må eg vel bare innrømma at eg muligens har gått på ein smell på juleaften, kor den einaste jobben eg hadde under oppakning av julegaver.. Det va å følga med på Mini’en sine gaver, og ha kontroll på kim de va ifra.. Men når Kånå satt å samla i hop presangane hans på 1 juledag, og spurte meg kim de va ifra.. Så satt eg der med eit forfjamsa andlet, og hadde ikkje peiling.. Eg trudde eg hadde vært lur å nappa av merkelappane, og stappa de inn i gavene..

Men, dei va jo som sunken i jordå, så de blei litt sånn gjettelek utpå morgenen der.. Kor me forsøkte å resonnera oss fram te kim som hadde gitt Mini’en ka..

Kånå va vel mildt sagt lite imponert øve min innsats, men te mitt forsvar så trudde eg jo planen va vanntett.. Og tenkte overhodet ikkje på å huska kom dei forskjellige gavene va ifra, kossen i all verden sko eg vita at Mini’en gjerna heiv lappane vekk.. Og torpederte heile godplanen min.. Kånå hadde jo hatt kontroll på dei andre 3, uten problemer.. Jaja, eg trur me klarte å komma oss gjennom alle gavene, og finna rett givar på dei fleste..

 

” Kånå har sikkert hatt ett halvt auga øve på oss, når eg og Mini’en pakka opp gavene.. Kan eg tenka meg.. For hu klarte nå å tippa rett på dei fleste..

 

Og nå.. Så har Liverpool spasert inn te ein overbevisande 5-0 seier, eg sitte her å klapra litt på tastaturet og Kånå sove som ein stein borte i hjørna sitt..

Heilt typisk, egentlig.. Når eg endelig har gode kort på hånd.. Så kasta Kånå kortene og legge seg te å snorka..

Jaja.. Man kan vel ikkje anna enn unna hu den luksusen, med å få seg litt ekstra søvn.. Eg ska jo tross alt på ferie imårå, eller jobb om du vil.. Mens hu ska holda fortet her heima..

 

Så ha ei fortsatt God romjul, Folkens.. Nå trur eg at eg finne fram ein film, for meg sjøl.. Kan jo sjå ka eg vil eg nå, når snorkfrøken ligge i sin skjønnaste søvn..

=D =D =D