Sjakk matt …

 

For dei som følger med på Snap ( frode_skogoy ) … Så hadde me rein og skjær harmoni og idyll her igår kveld … Fatter’n laga Pizza på ein fredag, siden me hadde Taco på tirsdag, og kvelden blei tilbringt foran tv’en.

Jentungen baka brownies og me kosa oss glugg ihjel.

Kvelden va nærmast perfekt …

Så … Liksom for å komplementera kvelden, fant kidsa frem sjakkspillet våras når filmen va slutt og gjorde seg klar for ein omgang i sofaen.

Fatter’n hadde funnet seg ei iskald, og nøt virkelig denna sjeldne stunden med familiekos, på ein hvilken som helst fredag.

Eg leste i ei bok eingang, at summen av dine handlinger, vil forma ditt neste liv, år, uka eller neste kveld.

Eg vil ikkje utelukka det sista der.

At eit eller anna eg har gjort, blei summert sammen og la grunnlaget for resten av denna herlige kvelden. For, ikkje meir enn omtrent to og eit halvt minutt ut i detta eminente sjakk partiet.

Så begynte saker og ting å utarta seg.

 

 

Jentungen fyrte igang ein «rokade» og laga komplett kaos i stugo …

Rokade !!?? … Hverken eg eller gutane e i nærheten av Magnus Carlsen sine ferdigheter, eller hvilken som helst sjakk amatør. Me vett omtrent kor brikkene har lov å gå, and thats it …

Her, så briljerte Jentungen med kunnskaper langt over våras fatteevne, og satte oss meir eller mindre i sjakk matt, før spelet fanken meg hadde starta.

Det endte jo som det måtte …

Full krig i sofaen, og ingen forstod nåkenting … Google måtte tas i bruk, mens Jentungen hardnakka stod på sitt. Hu meinte til og med at detta kun va ein kort «rokade», og himla med augene øve oss uvitende …

Kort «rokade» !?? Hjølpe meg … Finnes det lengre også, tenkte eg. Og skumleste nedover Wikipedia.

Jauda … Jentungen hadde rett hu … Og jaggu meg va det ein kort «rokade» hu hadde utført.

Eg satt med ein følelse øve at detta va begynnelsen på slutten, for ein nydelig kveld som te nå hadde forløpt seg perfekt.

Eg hate når mine mistanker om slikt, blir grundig korrekte.

Ikkje meir enn nåken minutter seinare, itte at gutane duknakka har godtatt at trekket te Jentungen va legitimt som få.

Så ryke de ut i nok eit sjøslag.

Jentungen flytta ei brikka frem, bonden te gutane stod nåke dumt plassert og hadde eit bein på kvar farge. Og når dei tolka det som svart, og at de kunne ta løperen te Jentå, klikka jo hu sjølsagt.

For hu va av den oppfatning at den stod på hvit, å flytta brikkå si tebake.

«Neeei, det kan du ikkje … Du slapp brikkå, då e trekket gjort» Kauka Fjortenåringen. Max Minstemann va enig …

Fatter’n måtte inn å megla igjen, og me kom frem te ein diplomatisk løsning. Ingen va enig, men alle ga seg.

Ett minutt senere …

«Neeei, du slapp brikkå. Du kan ikkje flytta den tebake» Kvein Jentå te, og hoppa elegant frem å kapra tårnet te gutane. Gutane gikk amok. Og kaoset va nærmast komplett.

Diplomatikk blei forkasta og full krig brøt ut …

På seks – sju trekk, fem minutter og ein intens stillingskrig, hadde ein omtrent perfekt fredags kveld blitt snudd om te det reinaste Ragnarok.

Te slutt fløy sjakkbrikkene lavt i sofaen, Jentungen eksploderte så det sang og to gutar fikk ein bakoversveis de neppe har sett like te før.

Så trampa trollet opp på rommet sitt, Fatter’n tok ein slurk styrkedrikk og gutane satt som dei to største spørsmåltegnene eg nåken gang har sett …

«Eg trur ikkje det va så smart å spilla sjakk» Utbryte Max Minstemann itte ei stund, og når luggen hans hadde landa igjen.

«Ska meg å deg spilla mot kvarandre ?» Spør Fjortenåringen og titta på Max.

«Jepp» Svara han …

Og Fatter’n tok oppgitt den kalda med seg ut i garasjen …

Det e sikkert bedre å sitta å frysa der nede, enn å få lobotomert hjernebarken av nok eit sjøslag med sjakk, av sjeldent kaliber …

Eg tok neppe feil …

Fire minutt seinare, høyre eg Max Minstemann kauka ut i sinne, før ei dør smelle igjen med eit brak.

Jauda …

Somme ganger … Då e det bare ikkje dagen for slike koselige brettspill … Eg trur ikkje det hadde betydd nåkenting igår, om det hadde vært Diamanten, Scrabble eller Sjakk …

Nåke hadde gått lukst te helsikke, uansett …

Enkelt og greit …

Punktum …

🙈🙈🙈😂😂😂

Kaffikoppen …

Når eg jogga inn dørene idag, va det rimelig stille i heimen. Jentungen hadde blitt med ei venninna heim fra skulen og Max Minstemann og Fjortenåringen satt i kvar sin etasje.

Eldstemann va fortsatt på skulen. Så Fatter’n rakk ein kopp kaffe, tenkte eg med meg sjøl, og fyrte i gang ein kopp.

Så datt det inn i hovudet at privatbilen hadde mista lyset på venstre side. Og før eg visste ordet av det så hadde eg løpt ned trappene å stod med hovudet under panseret å klødde meg i tupeen.

Å skifta ei lyspære på nymotens biler, det trenge ikkje alltids vær så enkelt. Xenon pære va det også. Og trangt om plassen.

Ikkje visste Fatter’n om den firkanta elektronikkdingsen inne der, høyrte te pærå, eller om den sko ut og pærå skruest av den.

Men, kossen i helsikke skulle eg få løsna nåke som helst, tenkte eg først, å kikka inn på ein kompakt firkanta boks, som ledningen gikk inn i. Ikkje va det slike tynne låsetråder heller, som man aldri vett heilt kossen man ska løsna.

Nåken ska te venstre, andre te høyre og nåken der ska begge trykkes inn mot midten, for å løsna lyspærå. Og aldri huske man ka slags type man har, når man ska te å gjør det.

Fatter’n fant det ut til slutt. Itte å ha forsøkt både litt av kvart.

Det va to tapper som man vridde mot klokkå, og plutselig datt heile dritten ut av seg sjøl. Sjølsagt va det ei sånn xenonpære kor elektronikken hang fast i pæren. Attenhundre spenn hadde han på merkeforhandleren forespeilt meg tidligere idag, om det va ei slik.

Eg stolte ikkje heilt på detta og slo koden som stod på den inn i google, å venta i spenning.

Jauda, jaggu meg hadde de ei slik på ein butikk her i byen. Sekshundre og sytti ja. Det høyrtes nåke meir levelig ut.

Den kan vel ikkje væra så mye dårligere, enn ei te trippel pris, vil eg tru.

Fatter’n stakk lika så godt å kjøpte den, å henta jentungen med det samma. Å slå to fluer i samme smekk, det e aldri feil.

Kanskje eg rekke ein kopp kaffe før middag også, tenkte eg, når pærå va skifta å Fatter’n trødde inn dørene igjen. Men, på kjøkkenet stod ein kalde kopp å venta på meg. Jøje meg. Den, den hadde eg jo glemt ut ja. Eg slengte den inn i mikroen, og begynte på middagen.

Fusili skruer, tomatsuppa og karbonader. Eg rista litt på hovudet av blandingen, når eg stod å kokkelerte. Men, det va det Fatter’n fant på kjøkken.

Suksess blei det for så vidt også. Nåken likte suppå, nåken karbonader å pasta skruene. Nåken blanda til og med alt i ei skål, og spiste med stor apetitt.

Av og te, så blir det mest uventa mye bedre enn det man trudde, på forhånd. Når man gjerna tenke at detta ikkje vil gå heilt heim.

Plutselig va bror min på dørå. Han skulle henta Max Minstemann som ville på besøk te søskenbarnet sitt.

Joda, neida … Det va den kaffien ja. Kor va den blitt av. Itte litt hodeløs leiting, kom eg på kor den va. Og varma den opp ein gang te.

Eg rakk to slurker, før ei lagvenninna te Jentungen kom, og me måtte spinna avgårde på kamp … Eg sendte eit lengselsfullt farvel te koppen, og løp ned i bilen.

Me kom oss på plass og jentene sprang ned te treneren. Fatter’n satte seg ned på tribunen.

Og satt lett fordypa i denna beretningen her, mens eg myste opp på kampen. Når ein fra Vea idrettslag spurte …

«Vil du ha ein kopp kaffe ?»

Himmel og hav, altså … Aldri før, har ei slik gest vært meir velkommen, enn idag … Og den koppen, den va fanken meg god.

Kjempe god … 🙈😀😂😂❤️

 

 

Soloppgang mellom utrangerte jekketraller …

Det e ein fin tirsdag. Her eg sitte med ein kaffikopp på jobb og titta på solå som står opp, mellom ein liten jungel av utrangerte jekketraller.

Den e i hvert fall bedre enn mandagen. Den tok kakå …

Det gikk riktignok bare opp, etter jobben va unnagjort. Og det blei ein fin ettermiddag kor eg og Max Minstemann kosa oss glugg ihjel.

Idag e det nåke meir på tapetet, med kamp for Jentungen ute på sjølvaste Karmøynå. Ikkje minst så ska det lagast middag og kanskje ryddast litt heima også.

Men … Eg ser lyst på dagen idag. Kneet e ok, tånå kjenne eg e der og ryggen har sagt god morgen allerede …

Ha ein finfin tirsdag, Folkens …

😀😀😀

 

 

Når lite skjer …

Det har i bunn og grunn skjedd svært lite, fra igår te idag. Me har rett og slett nytt livet her på Telemarkskanalen Camping i Lunde, og unngått de verste hendelser.
Unormalt normalt, rett og slett.
Men … Eg fikk opp et minne på Facebook idag. Fra ein hendelse på jobben min, som yrkessjåfør.
Eit lite hysterisk øyeblikk som kjapt kan skje på bobiltur også, om man mot formodning kjøre med vinduet åpent.
Så kos dåkke med den, mens me vente på at bobillivet falle tebake te normalen. Og nye elleville eskapader blir te eit nytt kapittel i denna reisebrev føljetongen. 
…… Macho Spurven …..
Det e ein flott dag idag. Det e varmt, lett skydekke og fine kjøreforhold her på jobb
Lite skulle eg vita om at det kjapt ville endra seg … På alle endre tenkelige måtar, enn det man gjerna skulle tro.
For i svingande ovanføre Coop’en i Skjoldastraumen slo på ein måte Murphy’s lov inn for fulle mugger, både for meg og ein liten spirrevipp av ein spurv
Mest for spurven, om eg ska væra heilt ærlig.
Det kom et lite smell i speilet, før nåke svart føyk forbi netthinnå mi, og dunka inn i hytteveggen bak i lastebilhyttå.
Helsikke, tenkte eg … Va det ei humla som smatt inn her i bilen nå.
Det har skjedd før. Både humla og veps har skapt lett antydning te full panikk, ved fleire tidligere anledninger.
Men … Eg høyrte ingen summelyd. Bare ein slags merkelig flopp, flopp lyd.
Ein slik lyd har eg aldri høyrt i bilen før, tenkte eg videre før eg snudde meg for å kikka.
Og så rett inn i augene på ein fullblods macho spurvehann med Rambo pannebånd og kryssende ammobelte øve et muskuløst bryst.
Altså, eg vett jo ikkje heilt om det va ein hann, men historien ville blitt nåke amputert om eg skreiv nett liten spurvehunn med tettsittende sumarkjole.
Uansett …
Eg slapp ut et skingrande kvinnehyl som sjøl den mest berømte rosablogger ville meg misunt.
Macho spurven svarte med et reinspikka tigerbrøl som ville skremt vettet av den mest hardbarka Navy Seals soldat.
Eg syntes eg høyrte Richard Attenborough i bakgrunnen lika før spurven gikk til angrep.
– And now we are witness to a completely unfair fight, when the bravest male goes in for attack !!!
Rambo spurven fløy lukst i trynet på meg. Eg glapp rattet to millisekund før eg fikk feste igjen og lastebilen skjangla rundt svingen som eit rompetroll på speed.
Tump, tump, tump. Høyrte man fra lastebilskapet, der alle eskene eg møysommelig hadde stua på paller idag morgens, nå sikkert fløy vegg i mellom.
Eg fikk stoppa droget i ein innkjørsel, dratt opp håndbrekket og satte opp guarden mot krigsfuglen.
Fikk inn to tette jabs, før ein sugande høyre hook (les flatt kvinneslag med flat hånd) sendte monster spurven lukst ut vindauget igjen.
Herreduuud …
Livet på landevegen, det e jaggu meg skumlare enn man gjerna skulle trudd.
Enkelt og greit …
🙈😂😂

Kebab’en …

Eg va ein liten snartur heimom i helgå, å skifta klientell i bobilen. Man kan vel også si det slik, at strikken va spent langt nok. And then some …
Med tanke på hormontrollene som ble sluppet av sent lørdag.
De spurta ut av bilen i kvar sin retning, for å unngå kollisjon ved inngangsdørå. Meir e det ikkje å sei om den saken, anna enn at på søndag va alt regulert tebake te mot normalt. 
Og litt ut på søndags ettermiddag, satte Fatter’n avgårde igjen. Nå på guttatur med Eldstemann på snart sytten.
Stemningen va strålande, været sånn passe og etterhvert fikk han far ein leksjon i dagens populær musikk. Eg forstår nå, at det tydeligvis ska vær eit visst gap mellom musikksmaken te han far, kontra sin sønn.
Likeeins, som det va mellom meg, og min far. Ein gang i tiden. Eller fortiden. Skjønt, hos meg og i mine glansdager fra barndommen, va sjanger forskjellen nåke større, enn hos meg og Eldstemann.
Det e langt fra Def Leppard og Bon Jovi, te Kenny Rogers og Shakin Stevens. Liksom …
Sånn ellers, så holdt temp nålå i instrumentpanelet forsyne meg seg meget stabil, underveis te Seljord.
Derfor, så har eg ein snikande mistanke te at visse passasjerers temperament, muligens slår ut på målaren.
Egentlig, så e det ein ganske finurlig og høyst praktisk funksjon å ha i ein bobil. Om det visa seg å stemma.
E det et faktum, vil eg tru at bruktprisen på vår eminente Burstner Elegance fra null fira, kanskje steig flere titusener, på bare tre – fire linjer …
Einkvar mann med respekt for seg sjøl, ville betalt i dyre dommer for slike forvarsel. Vil eg tru 
Og sånn avslutningsvis, så e det ein fantastisk morgen her på Seljord Camping idag, om man ser bort i fra Fatter’n sin gange opp til toalettet, for litt siden.
Eg trur aldri eg har skyndta meg meir langsomt, enn eg gjorde akkurat då.
Ein kebab på gatekjøkkenet her i bygdå, den smalt i andre enden av inntakskanalen når eg våkna idag. Den va steikje god igår, men sterk som krutt, idag.
Og når kruttet for så vidt gikk akutt av, måtte Fatter’n bare slippa alt og ta av mot toalettet.
Eg e mot normalt nåke bredbent i gangen.
Idag morgens, va eg vel meir hjulbeint enn ei tissetrengt jomfru i nød langt fra redningens trygge favn, der eg stotra meg avgårde fra ytterst på campingen, mot sanitæranlegget.
Mens eg bad te alle guder som finnes, om å få treffa et ledig avlukke, når eg kom frem.
Eg får sei som far min alltid seie, det har ein tendens te å gå godt.
Det gjorde det idag også … Nett i siste liten …

Stigen – Og ein liten Stor kjærlighets historie …

 

Det stundar mot vår. Nettene blir kortere og mørket blir fortrengt av lys. De siste restene av rustbrune løvblad flyr avgårde med vinden. Ein vind som for kvar dag som går mista litt av sin vinterkulde. Og et hus okkupert av heile Familien Vandrende Kaos, det trenger så sårt litt stell og omtanke.

Fatter’n e allerede kommen godt i gang. Tre trær som strødde om seg med løv å grønska ble felt i fjor høst.

Ein skittenbrun garasje blei spylt kvit igjen, et par tonn ugress røska opp med rotå før ein ny hekk såvidt kom i bakken før vinteren banka på dørå.

Når eg kikka litt på hekken igår så levna det vel liten tvil, om at eg muligens va litt seint ute, ifjor.

Et par hekkplanter må nok byttes ut.

 

Jaja, det va dei siste tuja plantene butikken hadde inne sånn sent på høsten, og de såg for så vidt nåke pjuskete ut før de røyk i jordå.

Eg hadde nesten rekna med det.

Det blir nok tid til det, litt seinare i vår. Nå må huset vaskes før det ska få seg nåken strøk med maling.

Igår, så stod den lille kvisten på taket for tur. Der va kledningen såpassa befengt med grønske, at den nesten va blitt svart. Den så rett og slett ikkje ut i måneskinn. Ikkje i solskinn heller, sånn egentlig.

Eg fant frem alt eg trengte å rigga meg te, før eg gikk å henta stigen eg hadde fått låna av naboen.

 

Kånå kom ut å ga beskjed at hu stakk til byen med Småfolket. Hu va litt korte. Nett som om hu va nåke småirritert og olm. Jøje meg, tenkte eg lett bekymra, slik som me mannfolk ofta gjør, når Kåner gir oss slike mixed signals.

E hu ikkje glad i meg meir nå ?!  Hjølpe meg …

Eg rista det av meg å satte stigen på plass, klatra opp på taket å begynte på jobben eg hadde der oppe.

Det gikk ikkje ti sekund eingang, før et gedigent brak overdøva høytrykkspylaren. Sjøl om vinden ikkje e så kald meir, har den fortsatt godt med styrke.

Stigen, som Fatter’n kanskje burde ha sikra nåke bedre enn ingenting, den hadde blåst overende og gått lukst i terassedekket.

 

Eg slo håndå te pannå.

«Fordømrande Idiot, Frode» Tenkte eg høgt for meg sjøl, når dørå ryke opp og slår lukst i veggen, etterfulgt av ei Kånå som komme styrtande ut i full panikk.

Hu spinne rundt på terrassen under meg som ein forskremt røyskatt, mens hu febrilsk kauka ut.

«Froode ?! … Frode !!?? … Froooooode !!!???»

Hu ser enden på stigen som ligge ved rekkverket ut mot gårdsplassen. Et forskrekka «Herreguuuuud» komme ut av kjeften før hu løpe bort å kikka ned for å bekrefta sin verste antagelse.

 

Eg … Eg står jo oppe på taket med spylaren i håndå, mens eg bivåne røyskattens jakt itte ein skadeskutt Fatter’n. Og får ein alvorlig knekk i knærna, før et ukontrollerbart latterutbrudd rulla gjennom legemet.

For all del. Eg skjønar jo at å le i ein slik situasjon, absolutt e det sista man burde gjør. Spesielt når Kånå snur seg, og oppdaga Fatter’n i god behold oppå taket.

Aldri før, så har eg sett et andletet utrykka så mye tvetydige følelser på ein gang. Man kunne formelig se kossen et gedigent raseri kjempa mot likeverdig lettelse i kvar og ein av røyskattens andletsmuskler.

 

Kånå kikka på meg, så ned på stigen før hu kikka opp på meg igjen.

«Men, kossen … Eg trudde … Du e jo der oppe» Begynne Kånå forfjamsa, før hu fortsette.

«E du fanken meg ikkje rektige i hodet, Frode»    «Forbannade SoseMikkel»

 

Heldigvis, så hadde Kånå tatt feil i sine verste antagelser. Likeså, hadde nok eg også tatt feil, når eg trudde Kånå va småsint, olm og ikkje glad i meg meir.

Skjønt, det kan jo raskt vær at tanken på å sitta igjen med ein skokk spinnville barn, heilt aleina, va det som utløyste ein slik reaksjon.

Det e jo ikkje godt å sei. Eg fikk nåken minutt å tenka øve akkurat det, når Kånå i sinne trampa inn i huset, igjen.

Før hu kom ut itte ei stund, og satte opp stigen te meg … Med et nåke mildere humør då.


Eg velge å tru at det va Kånå sin kjærlighet øvefor ein mildt vimsete og tankeløs mann, som utløyste denna reaksjonen. Og ikkje sinne øve akkurat det samma …

Jøje meg … Itte tjue år, så e Kånå jaggu meg fortsatt glad i meg.

Men, kanskje eg bare ska spør neste gang, istedet for å skremma livskiten ut av hu …

 

🙈🙈😱😂😂

 

 

Det stundar mot vår …

 

Eg har ein snikande mistanke te at stundar mot vår. For i forrige uka nappe eg frem terrasse møblene fra Bodå. Bare det va ein påkjenning nett på linja med Bjørn Dæhlie sine eskapader på diverse femmiler. Altså, de veier absolutt niks nada, men edderkoppene inne i Bodå har også snust på vårværet, og kryper rundt på veggene.

Nett som våryre kalvar som slippe ut på jordet for første gang.

Eg va komplett utlada itte den jobben. Mest mentalt. Det kjentes jo ut som om horder av disse bestialske krapylene krøyp øve heila meg. Men, de gjorde jo ikkje det. Litlajentå holdt på å le seg forderva, heilt te eg trua med å dra hu ned. Hu e ikkje så glad i krapylene hu heller.

Ellers, så fikk eg fjerna mosen på garasjetaket i helga og høytrykkspylt terrassegelenderet som va meir grønt av grønska enn hvitt og skinnende.

Som ein liten grand finale, gikk eg amok bak huset og fjerna ugress mellom belegningssteinen, nesten på heile plattingen. Det va på kanten te at eg burde bruka plenklipper der, istedet for å spyla. Så gale va det blitt.

Men … Det sikraste tegnet på vår. Det fant småtrollene i hagen. Ein nydelig blomst som sprika med bladene i sin fulle prakt.

Rett og slett nydelig …

Ha ei strålande uka, Folkens … Det går mot lysare tider 😀👍

 

 

Turbulente tider i Europa …


Det e turbulente tider i Europa, med ein oppskalering på den kalde krigen me ikkje har sett sidestykke te, i mi levetid. Eg varta nesten litt skremt. Kanskje på kanten te redd. Men, så sitte eg med følelsen av at det gjerna e av heilt feil årsaker. Eller, misforstå meg rett.

Eg e nåke småengstelig øve kossen detta vil gå, om man mot formodning skulle dra Norge inn i konflikten.

For då e det faktisk gjerna slike som meg, som blir hanka inn te å forsvara Norges grenser.

Gudhjølpe meg …


For all del, eg har jo vitterlig avtjent mi verneplikt med brask og bram. Det e bare det at eg e litt usikker på kor mye te hjelp eg kan vær i ein krigssituasjon, med eit telefonrøyr i hylsteret. Eg va nemlig bare ei enkel sentralbord(dama) inne i et fjell på Forus, det året eg skulle læra å forsvara landet mitt.

Min største bragd, det året eg gjorde min plikt for landet, det va gjerna den dagen eg lurte rævå av Grenader Jensen nede på transporten på Soma. Når eg kobla han sammen med ei sextelefon linja, istedet for Vip-Van’en.

Det va opptatt på transporten i et kvarter etterpå, før Grenader Jensen ringte opp igjen og spurte.

«Du … Det va Jensen fra transporten her igjen. Kunne eg fått det samma nummeret som sist. Eg blei visst brutt, eg»

Tjera vena meg …


Senda meg ut i ein krig, liksom.

Eg som nesten har tatt knekken på meg sjøl med slangen te sentralstøvsugaren. Når eg uheldigvis hekta ei løkka fast i stolpen te rekkverket, og hasta ned trappene med slangen rundt halsen og fikk ein bråstopp midt i svingen.

Det va jo bare flaks at nåken va heima å fikk Fatter’n laus fra uføret.

 

Eg … Eg hadde jo vært ein større fare for troppen min og omgivelsane rundt, enn ein sylskarp russisk tank, eg. Om det mot formodning skulle krypa ein edderkopp øve armen, der me lå i ei skyttergrav og speida itte fienden.

Jaja, eg kunne gjerna skremt vettet av fiendens tropper også da, der eg med et realt kvinnehyl av sjeldent kaliber, mest sannsynlig hadde løpt lukst i mot de med eit gevær eg ikkje vett kossen funka.

Og kauka «Edderkopp, edderkooooop»

Det kan jo vær at russerne trudde at det va norges svar på den siste samurai som tok rennafart og ropte Banzai mot fienden, mens han løp «fryktløst» ut av skyttergravå.

Men … Eg trur liksom ikkje heilt på akkurat det. Sånn egentlig.

 

Eg håpa, for guds skyld, at detta scenarioet aldri blir verre enn det allerede e. Eg nekte å tru at eg e den einaste mannen i Norges langstrakte land, som føle seg mildt ubrukelig om det skulle komma ein innkallelse.

Slik eg minnast det, så va det ikkje så mange andre talenter i den troppen eg avtjente verneplikten i.

Så ja … Eg e bittelitt engstelig, og kanskje på kanten te å vær litt redd.

Men, muligens på litt feil grunnlag enn det burde vær.

Kanskje !?!

 

 

Som ein Klegg på friarferd inn i Solnedgangen …

 

Det har vært mye omtale om diverse bivirkninger etter gjennomført covid sjukdom. Tap av lukt og smaksans va den første litt sånn uortodokse bivirkningen som dukka opp. Så kom de på løpende bånd. Utmattelse, sterk lokalt plassert hovudverk og tung pust.

Men det va et par som liksom fanga min oppmerksomhet i etterkant av at dritten stakk innom hos oss i Familien Vandrende Kaos.

Nemlig sviktende hukommelse og hjernetåke.


For og ta hjernetåke først, som e definert som nedsatt konsentrasjon og evne til å tenke selv. Den … Den har nok eg alltid hatt et snev av. Det trur eg definitivt Kånå kan signere med to streker under svaret.

Sviktende hukommelse likeså. Også ofte omtalt som selektiv hukommelse, sånn når man snakker om fedre. Gjerne massebarnsfedre.

Konklusjonene her, det må nesten bli at det nok e svært vanskelig å konstantera om disse to bivirkningane, har ramma meg.

Enkelt og greit.

 

Kånå derimot. Hu har aldri slitt med slike syndromer så lenge eg har kjent hu. Hu har ein husk som ein elefant og konsentrasjonen te ein Kolibri som manøvrere seg mellom blomsterhavene.

Hu e min forlengede hukommelse og et menneske nærmast blotta for hjernetåke.

 

Forbauselen min va derfor meget stor når saker og ting plutselig gikk lukst til bloksberg for Kånå. Ikkje fant hu støvsugeren, barn ble sendt uten gymtøy på skolen før det toppa seg når vi møtte fem uker for tidlig opp på passkontoret.

Brystholder va visst heller ikkje nødvendig meir, nåke som forøvrig ble godt mottatt fra Fatter’n sin side, men når Kånå presterte å handle på Kiwi’en og oppdaga at hennes frodige fordeler hadde vært på full display under hele handleturen, når hu kom heim.

Då var det slutt på den moroa.

 

Skjønt, litt moro va det tid te før kvinnemennesket fant tilbake sitt sanne sjøl, og igjen hadde full kontroll øve galskapen i heimen. For ein dag her i forrige uka, når eg rulla inn i gårdsplassen, hilsa te Kånå som stod i kjøkkenvinduet før eg parkerte bilen.

Så kauka Kånå ned fra toppen av trappå når eg tråkka inn i gangen og slengte igjen dørå.

«Kim e det ?»

Hjølpe meg, tenkte eg for meg sjøl. Me hadde jo nettopp hatt augekontakt å hilsa på kvarandre. Har hu allerede glemt det !?


Eg tenkte langt å lenge, men for ein gangs skyld svara kjeften snarrådig og kjapt før tankerekkå for så vidt hadde endt.

«Its Brad Pitt, darling»

Ein tallerken gikk i gulvet med et smell, to føtter trampa lynkjapt øve kjøkkengulvet og ei vilter, smårødmande men stort sett fattet Kåna, kom styrtande ned trappå å heiv seg i fanget på ein forfjamsa Fatter’n …

«Take me to bed or loose me forever» Kvitra kvinnemennesket mens hu hang seg fast som ein øveamorøs klegg på friarferd inn i solnedgangen.

 

Jøje meg, altså …

Ikkje alle bivirkninger e av slik karakter, at man skulle ønske de snart gikk over …

Noen kan godt få sitte i så lenge de bare vil …

🙈🙈😂😂👍👍

 

 

OL gull i garasje flauser …


Okay …
Detta begynne nesten å bli på kanten te grufullt flaut. Der eg rusla inn i garasjen. Eg skulle støvsuga å vaska bilen te Kånå inni. Den så nærmast ut som både et sandtak og søppelplass innvendig. Garasje dørå stod på vidt gap og stikkontakten e i taket …

Man må jo ha strøm for å bruka støvsugaren. Litt kan eg om husarbeid.

 

Sjokket kom når hånda va to centimeter fra uttaket. Nede på vegen gikk et søtt par forbi. Og akkurat når eg ska stikka kontakten inn, ser eg nåke som kravla inne i stikkontakten.

Nemlig et beist av ein edderkopp. !!!

Et realt kvinnehyl som glatt hadde overdøva Pavarotti på sitt høyeste, runga ut av garasjen. Fatter’n stod stiv av skrekk å rista med hånda nesten inni kontakten og fyren med damå nede i gatå trekte alle feil slutningar, som for så vidt kunne gjerast.

Selv om det unektelig sikkert så ut som undertegna blei grilla av tohundre og tjue volt …

 

Han kom løpande opp gårdsplassen, spurta inn i garasjen og nappa håndå mi ned.

Og eg … Eg bare løfta den andra håndå, peika opp i taket og stotra forfjamsa ut …

«Edderkoopp …»


Damå fikk knekken i knærnå, fyren kikka dumt på meg og eg begynte å komma te meg sjøl …

Hjølpe meg, altså …

Snakka deg om å ta OL gull i flauser … Men, det gjorde eg med glans idag …

Heldigvis, så gikk detta hus forbi Kånå … Sko tatt seg ut om hu også hadde fått med seg kossen eg skjemte meg ut, for nabolaget …

Uff … 🙈🙈🙈😂😂😂