Sjølsagt betyr størrelsen alt..

 

Så va det dei her øyeblikkene i hverdagen igjen då.. Dei små hendelsane som e så små i seg sjøl, men blir hverdagsøyeblikk store så fjell når man tenke på de i ittetid..

Idag f.eks, så sko me ner på butikken for å handla litt..

Kånå stod foran speilet å finpussa “look’en” , mens eg tømte tanken.. Detta høyres gjerna heilt usmakeligt ut for dåkke så e nyforelska, ikkje har ungar og ikkje har delt ein fis ilag ennå..

Men slapp av, det e bare toppen av isfjellet det..

Litt lett urinering samkjørt med at Kånå fiksa seg foran speilet e bare reinspikka effektivitet det.. I ein massebarnsfamilie strabasiøse hverdag..

 

Men, når eg står der og slippe dagens kaffe inntak ut igjen, så komme plutselig Mini’en sitt hovudet te syne.. Lika nedenfor høyre hoftefeste, eg kvakk te mens eg sa te meg sjøl, at du tar jaggu meg store sjangser du, lillegutt.. Te Mini’en altså..

Han kikka forskrekka på jobben så blir gjort, før han trekke seg raskt tebake..

“Æsssj.. Høyre eg bare an seie, i det han forsvinne ut av syne og ut dørå..

“Jaja, du får snart begynne å gå på do å tissa du og snart.. Seie eg formanande te han..

Itte ein lovande start her på sein sumaren, har pottetreningå gått meir eller mindre i dass.. Me har i ein travel hverdag ikkje orka å ta kampen med Mini’en, så absolutt ikkje har tenkt å slutta med bleiå ennå..

 

“Neeei pappa, ed kan itte .. Ed må ha bleia eg..  Jaaa .. Svara Mini’en kontant..

“E store gutt du nå vett du, så nå kan du og snart tissa på do.. Fortsette eg, mens eg prøve å høyra overbevisande ut..

“Det gåj itte Pappa, ed eee store gutt… Men e for liten.. kan itte tissa doen då..

“Joda, du e store nok te å tissa på do du nå, vettu.. Rekke opp te kanten, og hvis ikkje har du krakken din ..

“Jammen, Eeeed e store nok.. Men tissefanten e for liten.. Må venta te eg får store.. Sånn så du har..

 

Kånå fekk knekken i knærnå igjen, og knakk sammen i latterkrampe bak meg.. Eg måtte stoppa med det eg holdt på med, å ta ein pause for humringå ga skjelvingar i legemet så igjen kunne føra te vinglande slange kontroll..

Kånå låg nærmast på badegolvet å vrei seg i latterkrampå nå..

Eg begynte forsåvidt å lura litt på ka hu lo av, om det va av Mini’en eller pga det Mini’en hadde sagt.. Om at han måtte venta te an va så “store” så min..

Det va jo tross alt ikkje så forbaska morosamt det han hadde sagt..

 

Eg sette det strenga blikket i Kånå, for å liksom gi beskjed at det va nok nå.. Men då tok hu og ka eg hadde trudd at hu lo av, for hu hadde faktiskt bare ledd av Mini’en..

Så nå blei det dobbelt opp for Kånå..

Og det så ut som om prossessoren te Kånå va kraftigt øvebelasta, der hu lå og hiksta itte luft.. Mens hu prøvde å sei nåke på utpustå..

“Trudde du… Hikst.. Trudde du at… Ahhh.. høhø.. Hikst.. At eg lo.. Hihiihi.. At eg lo av deg…. aaahhahaha,,, Hiiikst.. Sa hu, hysterisk..

“Nei, sjølsagt gjorde eg ikkje det, e du heilt toskjen ellår.. Svara eg… Litt for fort..

“Ahahahahahaaaa… Hikst.. Idioooot.. Hihihiiiii.. ahhh haha.. Lo hu rått videre…

 

Akkurat der og då kunne eg tatt knekken på det forbaska trollet, så lå i ei infernalsk latterkrampa på badegolvet..

Ikkje det at eg hadde gjort det, hjølpe meg..

Men av og te så slår sånne tankar inn, sjøl om man gjerna har gitt “trollet” gullkornet på sølvfat.. Man e forsåvidt havna i ydmykelsens uendelige omfavnelse, heilt sjølforskyldt..

Jaja, man komme stort sett over det.. Og sannsynligvis dukka det før eller seinare opp ein mulighet for hevn vil eg tru..

 

Så eg tok ein kalkulert retrett for å ikkje gi Kånå meir ved på bålet, det fekk nå vara måte på.. Så eg rusla ut i gangen og gjekk forbi Mini’en..

“Koffår mamma le så masse… Spurte han forveten..

“Har ikkje peiling.. Svara eg snurten..

“Hahaaahhaa.. øhh.. Hikst.. Ikkje peiling, du liksom.. Hihihhhiiii.. Hikst… Kom det fra badet..

 

Så va det sista eg høyrte, før eg gjekk på vaskerommet å stanga hovudet i veggen.. Snakka om å gå rett i revasakså, med augene på vidt gap..

 

Gonatt…

 

 

Fatter’n går på ein smell.. Igjen..

minion-2015-movie-desktop-wallpaper-hd1

Om eg har gått på ein smell så ska eg for all del innrømma det.. For når eg gjekk inn og leste kriteriene for dei forskjellige kategoriene på Vixen Blog Awards, her ikveld.. 

Så fant eg jo ut at vår blogg profil, passe jo mye bedre inn i kategorien Livsstil blogg enn Årets stjerneskudd.. 

Men skitt au.. Det va eg så skreiv Årets stjerneskudd, og gjekk ut ifra at det sikkert va årets nykommar eller nåke lignande.. Det høyrtes liksom logisk ut, men hvis man f.eks lese litt om dei forskjellige kategoriene.. Så finne man jo raskt ut at blogg om hverdagslivet, som våras blogg i høyeste grad e.. Høyre te unna livsstils blogg, og at eg tydligvis har gått på ein megasmell..  

 

Eg ska ikkje skylda på dei så tipsa meg heller, for eg kunne jo gått inn å sjekka sjøl og.. Istede for å ta det for god fisk, for så skriva i innlegget at det va Årets Stjerneskudd dåkke sko nominera meg i..

Herreguud..  😀 

Det e jo bare eg så kan få detta te, når eg endelig ska ta skrittet ut å prøva å få bloggen litt fram i lyset.. Så klara eg å velga feil kategori.. Men, så eg å Kånå sa te kvarandre itte at fjerdemann va ett faktum.. 

Har man sagt A så får man sei B.. Så det får jo bara stå sin prøve, kanskje blir bloggen nominert kanskje ikkje.. Uansett e det så sinnsykt supergøy å se alle så vil nominera bloggen, at eg blir nesten blanke på augene her eg sitte.. 

 

Dåkke e bare heilt supre altså.. Det e jo ikkje dåkkas feil at bloggen dåkke lika, e dreven av ein småstressa masse barns far, så ikkje fylle heilt med i timen.. =D 

Jaja, gjort e gjort å spist e spist.. 

Nå får det bara stå te.. Eg e som sagt realistisk innstilt te akkurat detta her, men man har jo lov å prøva.. For den som ikkje prøve, den vinne ivertfall ikkje fram.. Det e nå ivertfall heilt sikkert.. =D 

Heilt utroligt vettu…   =D =D 

Kunne eg fått det samma nr, så sist..??

 

Eg e rimelig glad for at me har obligatorisk verneplikt, her i landet. Sånn at hvis me tilfeldigvis skulle bli invandert av ei fremmed makt, så har dei fleste nordmenn fått trening, kunnskaper og litt erfaring på ka man ska gjør. Vil eg tru..

Eg håpa ivertfall dei fleste andre nordmenn har.  For eg har ikkje.

Og det ser ikkje ut som om amerikanerane komme oss te unnsetning, slik som de plutsellig trekke seg ut av alt.

 

For det einaste eg gjorde i et heilt militær år minus rekruttskolen, som egentlig ikkje va nåke anna enn to månaders sammenhengande barnehage for voksne, av middels krevande styrke.

Det va å ta telefonar. Eg varta rett og slett ei sentralbord dama.

Min førstegangstjeneste blei avholdt på ett sentralbord langt inne i et fjell på Forus. De fleste kompisene mine, de gikk inn te førstegangstjeneste sånn middels godt i hold, itte å ha nytt godt av mors kjøttkaker.

Men dimma gjerna ti – femten kg mindre og over gjennomsnittet godt trent.

Eg gjekk inn meir eller mindre godt trent, itte mange år med fotball fire – fem dagar i ukå. Men dimmiterte minst tjue kg tyngre og slapp som ein doven halvfeit stuegris. Itte et år med taxfree priser på mat og drikka i kantinen.

 

Men det va et år med ufattelig mange gode spillopper, opplevelser og artige situasjoner, der på sentralbordet langt inne i fjellet..

Den gangen måtte alle ringa sentralbordet for å få linja ut, de måtte til og med gi oss nummeret de skulle ringa. Slik at me kunne slå det inn for de for så å kobla dei to samtalane sammen når me fikk ringetonen.

Her va det nåken som va litt oftare på tråden enn andre, alt itte ka det forsåvidt dreiv på med.

Grenader Jensen fra “Transport’en” nede på Soma, va ein av dei som ofta va på tråden. Og om mulig, den som gjerna fikk gjennomgå mest av våre oppfinnsomme stunt, når timane på “Bordet” blei for kjedsommelige.

 

Grenader Jensen va “Dispatch” på transportavdelingen på Soma, og styrte ein haug med bilar av forskjellig art. Derfor hadde han ofta behov for å få ei linja ut, når han skulle kommunisere med sjåførene sine.

Når eg då en dag satt dypt konsentrert å leste i et Vi Menn blad, fordi me hadde en rolig stund innimellom, så ringe telefonene og me ser jo at det e fra transporten nede på Soma.

– Hei du, det va Jensen fra transporten her. Kan eg få ei linja ut. ?

Sa Grenader Jensen på sin sedvanlige breie siddis dialekt. Han hadde avtjent verneplikten på transportavdelingen på Soma, og hadde trivdes såpassa godt at han hadde verva seg for ett år ekstra. Derfor hadde han tittelen grenader.

– Heisann … Sjølsagt kan du det, ka va nummeret idag da ? Svara eg muntert.

 

Av ein eller anna snodig årsak, så blei man alltid i godt humør av Grenader Jensen. Eg vett ikkje ka det va men han hadde ein slags smittande god munterhet øve tonefallet sitt, når man prata med han.

Det va gjerna derfor han fikk gjennomgå litt av oss også, fordi han som regel tok spøkane våras med sitt strålande gode humør og på et humoristisk vis..

 

Grenader Jensen oppga nummeret han ville ha, og akkurat når eg begynte å slå det inn på “bordet” mitt. Så myste eg ned på Vi Menn bladet som låg henslengt ved siden av bordet mitt.

Den eine delen av bladet va siste sia av den reportasjen eg hadde lest på, mens den andre va ei telefontorg side.

Ei sånn sida med spåkoner, bingotelefon og diverse erotiske Hotlinjer for forskjellige preferanser. Og menig 511.001, altså meg, fikk ein aldeles strålande ide.

Nummeret til ei av dei erotiske hotlinjene blei slått inn, og kobla opp mot Grenader Jensen, som venta på samtalen sin med Vip vanen.

 

Der i fra, og ca 15 minutt fremover i tid så va det opptatt på Transporten på Soma.

Det va kul umulig å komma gjennom. Både eg og dei andre så satt på sentralbordet den dagen, begynte å få litt kalde føtter. Eg hadde jo informert gjengen på “Bordet” om ka eg hadde funnet på.

Men nå, så begynte me å lura på om eg gjerna hadde dratt det litt langt denna gangen. Grenader Jensen kunne jo vær hyper kristen, og blitt skikkelig støtt av akkurat detta påfunnet.

Slike ting komme man sjølsagt stort sett på i ettertid.

Når det for så vidt e for seint..

Og i hvert fall, når ein Major begynte å bli småirriterte fordi han ikkje kom gjennom te transporten på telefonen.

 

Me hadde prøvd å kobla han opp sikkert tre – fire ganger uten hell, men hadde te slutt klart å ordna det sånn. At me ringte han opp så snart me fikk kontakt med Transporten igjen.

Det begynte faktisk å bli litt spent og smånervøs stemning på Bordet, og me diskuterte forskjellige scenarioer som innbefatta både kakebu, irettesettelse og endre skumle straffer.

 

Så ringte telefonen. Det va Grenander Jensen …

 

– Eh. Hei du.. Det va Jensen fra Transporten her igjen..Øh, du … Kunne eg fått det samma nummeret som sist ?

Me blei visst brutt. Sa Jensen, i øvekant muntert lada.

 

Før han brøyt ut i ein øredøyvande latter. Og me på Bordet pusta letta ut.

Det viste seg i etterkant at Grenader Jensen hadde tatt spøken ganske kjapt, og kobla samtalen øve på intercommen te Transporten.

Mens han frenetisk hadde prøvd å overbevisa hu i andre enden, om at joda, sjølsagt va han lesbisk.

Han oppnådde nærmast ein legende status der nede på Soma leiren, itte å ha dratt min spøk litt lengre enn eg hadde turt.

Tjera vena meg.

 

Detta va ikkje den einaste gangen det blei livlig på sentralbordet, med Grenader Jensen, majorer eller majorinner eller andre snodige mennesker man treffe under førstegangstjenesten …

 

 

Therese Johaug, ett par Lepper og Dopingproblematikk…

Så har det utenkeliga skjedd.. Igjen … Nok ein av våre Elite Skiløperar går på ein smell.. Eller ikkje skiløperinnen forsåvidt, men leppene hennas..

For dei har nemligt blitt tatt i doping.

Dei har blitt påsmørt eit muligt prestasjons fremmende stoff, siå hu hadde blitt solbrent på leppene… Eg holdt på å ramla ut av lastebilen når eg høyrte det på radioen idag..

 

Eg vil jo forsåvidt sei det blir litt smør på flesk at Johaug tar å dope leppene sine, eg meina nå absolutt at hu hadde meir enn fullgode taleevner fra før..

Og nåke doping av leppene trur eg ikkje i det heila tatt ville gjort nåke forskjell, allerede der meina eg denna saken bare burde blitt lagd dø.

For det går jo ikkje an å bli meir kjapp i replikken, overdøvande jabbete eller vrøvlande lei seg enn Johaug, alt etter kossen løpet gjerna har endt og i ittetid snakke med media om resultatet.

 

Og sånn sett, trur eg ikkje hu ville gått så steikje mye fortare i sporet, bare fordi leppene hadde tatt litt dop. Heller tvert imot..

For nå hadde Johaug sikkert ikkje klart å holdt kjeft, når hu føyk rundt i løypene heller. Men gjerna stoppa opp overalt, for å slå av ein prat med publikum..

“Istedet for å sleva rundtomkringfallera i løypå, så ein St.Bernardshund..

Eg vil strekka meg så langt å sei at detta faktisk burde vært kategorisert som ett prestasjons hemmande stoff. Spesielt i Johaugs tilfelle..

 

Det kunne jo vært spennande og sett på og vettu.. Der Johaug gjerna hadde sust ut fra ein felles start, i ett heidundrande tempo..

Og legga heila startfeltet bak seg..

Men, oppe i første svingen kor det gjerna står ein liten heiagjeng, ende Johaug opp i eit triveligt passiar med publikum og blir forbigått av heila feltet..

Så sette hu avgårde på jakt itte konkurrentane, og klara å passera de lika før stadion og e oppe i teten igjen..

 

Men så blir det full stopp og munter konversasjon med ein funksjonær i målområde.. Feltet passere Johaug for andre gang og går ut på runde 2, med ei god luka te skvaldrekjerringå..

Johaug sette avgårde te slutt og knipe leppene sammen, før hu begynne å ta igjen den eine løparen itte den andre..

Men så mista hu kontrollen øve kjeften, og ende opp i ein oppheta diskusjon med ein sekundant..

“Kom igjen Johaug, du lede med 9 sekund… Kom igjen nå… Skrike an gjerna te hu..

Johaug stoppa opp.. “9 sekund seie du..? .. Jammen det e jo heilt sinnsykt… Herregud så bra da.. Så flotte klokka du har forresten, kor har du kjøpt den da ? …. Legge sikkert Johaug ut..

Mens sekundanten fortvila prøve å få na igang, så passere feltet nok ein gang og Johaug e igjen sist..

 

Te slutt har Johaug fått vita kor man kan kjøpe klokkå, og suse videre i sporet. Hu avansere oppover på resultat listå og har fått opp farten ..

1.5 km før mål e hu oppe i tetfeltet ..

Tv og Radio kommentatorane mane febrilsk publikum te å holde seg langt vekke fra sporet og Johaug.. Så har nådd igjen ryggen te Kowalczyk  i ledelsen, Johaug ser pigg ut..

 

Det e bare ein liten nedover bakke igjen, før oppløpssiå nå.. Johaug har superski og glir forbi Kowalczyk i bakken, og får ei luka på noen sekund..

“Det bør absolutt holda te mål…

Så skjer det, ein øveivrige løypevakt komme for nær sporet og krisen e ett faktum. Johaug tar ein Alberto Tomba sving og fyre igang ein intens samtale med vakten.

Kowalzcyk holde klokeligt kjeft og suse forbi og inn på oppløpet… Resten av feltet komme lika bak og passere Johaug, så fortsatt står å jabba med vakten…

Gullet e tapt, leppene e rødglødande og heile Norge’s befolkning e i harnisk over skiprinsesså sin mildt sagt øverraskande oppførsel…

 

Jaja…  Det får me vel aldri vita, om detta hadde blitt resultatet.. Når Johaug hadde gått verdenscuprenn med mildt over dopa lepper…

“Nei, takka meg te i gamle dagar…

Når Oddvar Brå og han der russeren Smirnov, kjempa om seieren.. Eller Anette Bøe og Co. Og doping nærmast ikkje foregikk, og ivertfall ikkje va ett tema i annen kvar episode av sportsrevyen.

Den gangen når løperane plutseligt for inn i skogen, og det va omtrent ett kvarter – tjue minutt te neste gang me fekk se de på tv-skjermen..

Og gjerna skrudde på radioen, fordi der hadde de ein reporter midt inne i granskauen, så kunne gi ein liten ekstra update før de kom på tv igjen…

 

Den gangen det nærmaste doping man kom, va saft stasjonen midt i 5 milå… Kor man gjerna kunne vær så heldig å få litt ekstra sterk saft, med masse sukker i…

Og fekk ein sukkerboost inn i siste halvdel av løpet.. Eller når nåken fant ut at det gjekk jo an å “skyøta” på ski og, å vant kvar einaste løp…

“Før man fant ut “skiskøyting” fekk bli ein egen gren, innen skisporten…

Den gangen eg koste meg med skirenn, norske helter og heltinner og nesten ingen juksa…

 

Mikkelsplass ramla i skogen, Oddvar Brå brakk staven og Anette Bøe fekk melkesyrå 300m fra mål og gjekk på ein smell.

Og nærmast alle gjekk under like forhold, smøringå utgjorde minimal forskjell om man ikkje smørte for mye eller for lite klister unna sålen..

Ingen diskuterte om det va ditt eller datt så utgjorde forskjellen om man vant eller tapte. Som oftast fikk me ikkje vita før dagen ittepå om ka løparen sjøl hadde å sei om løpet..

 

Nå for tiå… Så vett me alt nesten før det har skjedd..

Til og med at Therese Johaug har dopa leppene sine..

“Gubbevaremeg vel…

 

Men hu e jo flotte da…

 

=D =D =D

Eg, Harrison Ford og ein Tidsmaskin…

indiana-jones-and-the-kingdom-of-the-crystal-skull-720p-www-yify-174232

Enten så har eg kjørt gjennom ein tidsmaskin på vei te jobb , ellår så har eg bare gått på ein smell…

“Men feil vei…

Altså ein smell med positivt fortegn.. For itte å ha kava meg ut av sengå, i nåke se må ha vore komatøs tilstand.

Funnet arbeidskler, stappa hovudet unna springen for å nåkenlunde komma ut av dvalen og forsåvidt klar te å kjøra på jobb…..

 

For så å ikkje finna nøklane te lastebilen…

“Blir ca ” LITT ” stressa for klokkå e jo kvart over sju…

Vekke halva huset i ein jakt som Harrison Ford hadde vært misunnelig på, for kvinnfolket eg fant te å hjelpa meg sprang kun rundt i truså..

Fyke rundt i huset å finne alt eg har leita itte i ett heilt år, men som overhodet ikkje e av interesse nå…

 

Får kjeft av hu i truså koffår eg ikkje kan legga ting klart om kvelden..

Treffe ein 8 åring på loftet se har høstferie å egentlig burde ha sove litt te men har blitt vekkt av ein elefant se sprang opp og ner trappene…

“Med sko på…

Komme på at eg kjørte jo nye sofaen te min kjære svoger hjem på lørdag..

Bare for å skunta meg heim for å se Liverpool kampen, å at eg då la nøklane på pc pulten…

Og lagra i min interne hardisk (se tydligvis har blitt formatert i helgå) at nå må eg huska på mandags måren at det e her di ligge. ..

 

Stupe ner trappene å passere ei snurren geipa i trusa igjen, med ein mini Frode hengande i armen på vei opp se såg alt aent enn blie ut…

“Og tenke med meg sjøl at her har eg nok lagt grunnlaget for ett par dagar i bodå før vekå allerede har begynt…

Runda hjørna på huset å syns d va jyssla mørkt idag…. parkere på jobb og kikke på klokkå……………..

 

6.25…

 

Bare 50 minutt for tidlig på jobb …

 

Gulp… Øhh…

;D

Man høster som man sår

Family-Portrait-Family-Chaos-MichaelHerb

 

Kånå for på vift igår, hu sko ein tur te søster si… Så eg va heima aleina med Flokken… Og det gjekk egentlig som ein draum…

Litt drama va det når Kånå gjekk siå Litlajentå e litt i øvekant knytta te mor si, og ikkje alltid forstår når hu mor trenge aleina tid… Men litt snop fra skapet stilna forsåvidt den konserten…

Mini’en slokna før han traff putå i sengå si, han har slutta å kvila i barnehagen.. Så nå går han rundt som ein zombie, itte klokkå 5… Med tutten i kjeften og kosefillå i armane…

Man må nesten fotfølga an, for det ser ut som han ska detta om i kvar sving, der han går å sjangla med augalokk tunge så bly..

 

Så eg lot dei to i midten få kosa seg med ein film, mens eldstemann satt på rommet sitt og kosa seg..

Det va egentlig ein ganske sjelden stillhet og ro i heimen…

Det va ingenting så sko tilsi at klokkå va halv 8 på kvelden… Sånn mot normalt springe man rundtomkringfallera i heimen, så ein 10 kamps utøver og prøva å hanka inn Flokken te legging…

Men ikveld va de rett og slett eksemplariske heile gjengen..

 

Litlajentå fekk til og med vær litt lengre oppe enn normalt, så de fekk sett filmen ferdig… Man kan jo ikkje aent enn bare nyta den fullstendige harmonien så regjerte i heimen…

De e sjeldne dei øyeblikkene…

“Man høster som man sår” seie man i ett ordtak… Og på ein måte va det vel akkurat det eg gjorde igår, sådde før eg høsta, idag …

Når eg sitte her i sofaen, itte tidenes kaosbaluba på ein lørdags morgen…

Tjera vena meg….

 

Det starta egentlig roligt, med bursdags sang te Eldstemann så fylle 11 år idag… Blåsing av lys på den obligatoriske muffinsen, åpning av presang og klem og kos…

Før det begynte å eskalera…

Eldstemann hadde ikkje spist opp heile muffinsen, så Mini’en lurte på om han kunne ta resten… Og fekk ett ja ifra Eldstemann oppe på loftet…

Litlajentå, sannsynligvis mildt sagt øvetrøtt itte igår… Kasta seg øve muffinsen så ein gribb itte åtseldyr steikt på glovarm asfalt…. Mini’en klikka i vinkel, det va han så hadde fått restene…

Han i Midten heiv seg på… Eg satt nærmast lamma og så på scenarioet foran meg…

40 gribber i kamp om ett byttedyr hadde oppført seg meir sivilisert…

 

Eg har nærmast ikkje ord… Hadde man vært flua på veggen, og observert de fra utsiå, kunne man jo nesten trudd me ikkje ga de mat… Eg satt faktiskt der og kikka på galskapen så foregikk, og blei flau…

Flau øve sine egne ungar, når absolutt ingen kunne sjå de… Det e ein prestasjon..

Te slutt va det tomt… Sofaen såg ut se ei slagmark..

Og Flokken hadde spredd seg igjen… Herregud…

 

Eg fekk laga meg ein kopp kaffi, itte at sjokket øve oppførselen te kidsa… De hadde satt på ein film, og egentlig satt de noenlunde fint…

Før det smalt igjen..

5 minutt ut i filmen, finne Litlajentå ut at hu ikkje ville sjå denna filmen alikavel, sjøl om det meir eller mindre va hu så hadde valgt an…

Mini’en og Han i Midten ville sjå videre… Så Litlajentå rive i stykker nåke på ett legoskip eg og Han i Midten bygde igår kveld, på frihånd…

Det blei rett og slett ganske tøft… Blanding av Ninjago, Lego City og nåke grønt Miners lego greier…

Og nå hadde hu ødelagt det… Han i Midten sprakk, eg klarte akkurat å komma imellom mens Litlajentå flirte….

Jack Nicholson fliret…. Grøss….

 

Skipet blei reparert og roen senka seg igjen, enn så lenge… Eg tømte ut den kalde kaffien, og laga ein ny kopp…

Då kom Litlajentå ner med nåke hu hadde funnet på Eldstemann sitt rom… Ett sånn trådgreier man strekke ut, med ei bomba i enden…

Så ska man gå over og under tråden uten å løysa ut bombå… Jaja, så har de nåke å gjera på, tenkte eg.. Og sette det opp mellom kjøkkenstolane te Litlajentå og Mini’en..

Det gjekk greit heilt te Han i Midten meldte seg på….

Litlajentå gjekk i fistel, Mini’en kom i klem og Han i Midten fyrte opp så bare han kan…

Kånå prøvde å laga frokost, eg spratt opp av sofaen og velta den nye koppen med kaffi utover heila gulvet…

Kaoset va komplett….

 

Eg har ofta ein draum, akkurat så Bjørn Eidsvåg, ellår va det Jørn Hoel… Ein draum om ein laurdags morgen i full harmoni, kor Flokken e synkront fornøyd med livet… Alt e rettferdig, på ein gang..

Kånå står foran ett perfekt dekka frokostbord, og eg sitte i sofaen og lese laurdags aviså…

Frokosten blir fortært med bordet… Og ikkje i sofaen, oppe i hylleseksjonen ellår unna trappå…

Flokken seie fint takk for maten, og går kvar te sitt.. Og ikkje i hytt og pine mens de spurta mot ett eller aent alle vil ha… Akkurat nå, og som me sjølsagt bare har ein av…

 

Men det e vel derfor det e ein draum…

Fordi man høster som man sår…. Og eg å Kånå har både sådd og høsta 4 ganger…

Litlajentå fekk vara lenge oppe igår… Og har slått ut i full blomst idag, med foten utav sengå på feil sida….

Mini’en e fullt opplada og Han i Midten e i storform…

“Man får ikkje meir enn man tåler” seie ett anna ordtak…

 

…… Eg vett ikkje eg…

Kanskje…..    =D

Stigen…..

Old wood ladder
Licensed from: jorgef / yayimages.com


 

Mens eg hang på veggen og malte huset igår, måtte eg bare vedgå for meg sjøl, at far min hadde hatt rett, og eg feil… Stigen min va for kort… An va ikkje i nærheten av å vær lang nok eingang..

Jaja, far og mor e reist på bobiltur te Bodø, så eg tenkte eg sikkert bare kunne kjøra inn og låna stigen han hadde tilbydd seg, og få levert an igjen før de kom heim. Så kunne eg i neste familieselskap, fortsatt skryta på meg at stigen min e akkurat lang nok den…

Koffår sko han få gleden av å ha rett ?? … Eg syns eg har nok med Kånå eg…

Men som sagt så gjort. Eg sa te Kånå at eg for ut på eit hemmelig oppdrag og suste avgårde te der de bor. De har ett nøkkelskap, så inn kom eg jo uansett.

 

Eg parkerte i gården foran garasjen deiras og gjekk for å finna nøkkelen. Rusla tebake te hovedørå å sette an i låsen og vrei, men ingenting skjer. Eg vrir å vrenge men låsen står bom fast. Tar an ut igjen og jogga rundt huset for å sjekka om det e ei aen dør an e te, men neida. Ingen av dei andre dørene har lås, i det heila tatt…

Tar ein ny runde rundt huset for å se om eg så heldige at stigen ligge utforbi, men flaksen står meg ikkje bi..

Planen begynne å slå sprekker og eg ringe far min for å høyra om det muligens e ett slags triks, med låsen.. Men han blir lika forundra seg meg øve at nøkkelen ikkje virka..

– Jaaaa, du sette nøkkelen i.. ?? .. Og vrei rundt… Seie han, formanande..

Nei, eg stod her foran dørå, og hadde nøkkelen i lomma mens eg befalte “Sesam sesam, lukk deg opp” .. Tenkte eg irritert for meg sjøl, men svarte nå fint..

– Ja, sjølsagt har eg det…

– Åhh jaa… Nei, det va nå merkeligt… Men ka e det du ska inne da?? … Spør han… Nysgjerrig..

 

Og her e det eg blir litt svar skyldig, eg tenkte lynraskt øve ulike svar men innser fort at eg har få troverdige alternativ…

For all del, eg kunne sagt “vanne blomstene” men då hadde de vel fått hjerteinfarkt begge to.. Det e vel ikkje nåke eg e kjent for å gjør, den jobben e nok søster mi bedre på..

Så eg må bita i det sura eplet, og sei eg sko låna stigen…

– Ååjaa, stigen ja, jojo.. An va ikkje lang nok din ja, neeeei, eg tenkte meg det ja… Svara an, i nåke lett skadefryd…

Ja, det tenkte du nok, tenkte eg og… Men, uansett kor mye me tenkte både eg og han far, så gjekk ikkje nøkkelen rundt for det… Så eg fekk kjøra te søster mi, se bor lika i nærleiken og låna nøkkel av hu… Sa mor mi i bakgrunnen…

 

Som sagt så gjort, igjen… Eg ringte te søster mi, for å sjekka at hu va heima. Fekk umiddelbart det samma svaret se eg fekk av far min, og svarte igjen, at sjølsagt hadde eg vridd rundt… Om eg hadde prøvd å dytta dørå litt inn, mens eg vrei på nøkkelen…?? .. Spurte hu..

Nei, det hadde eg ikkje, naiv og godtroande se eg e sprinta rundt huset igjen. Henta nøkkelen så ikkje virka, og fant ut at an fortsatt ikkje virka.. Sjøl om eg dytta dørå inn…

Tjera vena meg…

Nei, eg fekk komma å låna hennas då.. Inn i bilen igjen, suste bort te søster mi, på veien kjenne eg ein eim av ei underlige lukt bre seg i kupeen..

Hoppe ut av bilen i gården deiras, springe se ein ungkar te dørå og ringe på.. Får ein nøkkel med garanti om at an virka.. Sette meg i bilen igjen, og får igjen ein underlig snek i nasen….

 

Komme heim te far og mor igjen, nøkkelen virka… Opp med garasje dørå, inn i bilen med stigen.. Igjen med garasjedørå..Får låst, nøkkelen virka fortsatt… Sleppa av nøkkelen hos søster mi igjen… Og suse heimøve…

Nå begynne det virkelig å lukta ille inne i kupeen, eg e forsåvidt pissetrengt men har ikkje kjent nåke trenga på i avløpskanalen…

Hjølpe meg….

E eg blitt så gammal at eg har mista kontroll øve kloakkventilen og nå?? … Sneken nærma seg ett crescendo av dufter i neseborene, og kvalmen komme i lika stigande styrke… Og før magen får vrengt seg, finne eg ei busslomma å stoppa i..

 

Sprette ut av kabinen, gispande itte frisk luft og dette om i grøftå…. Kikka på skonå, og konstantere at eg har tråkka i verdens største hundalort…

Hipp Hipp… Hurra…

Står å spinne se ett illsint villsvin i graset, for å få skonå luktfri.. Raska bilmattå ut og skylle na i batterivann….

Mens eg forbanne meg øve bror min, se heilt klart ikkje har gidda å plukka driten te bikkjå si, opp fra plenen te han far.. Itte de har vært på besøk… Ellår kanskje det har vært ei nabobikkja… Jaja, Enklare å skylda på bror min…

 

Får reingjort så godt som eg kan, spraya kabinen med litt 5-56 smøremiddel, lukta tross alt bedre enn halvgammal hundalort…

Sette meg i bilen igjen, og suse videre… Får inn ett anrop fra “Kommandosentralen”, se lure på om eg e “Missing in Action” …

– Ikkje spør… Svara eg… Indignert…

Får ett nytt oppdrag, “Generalen” vil ha Kebabrull…

Kvalmen komme se ein flom lik “Bølgen” i fra filmen med samme navn, oppover halsen igjen..

Itte duftkalaset i kupeen, va Kebabrull det sista eg kunne tenkt meg…  Men lye “Overkommandoen” og fiska ein rull te na, i fra sjappå i “Sentrum”….

 

Gudhjølpe meg….

 

Tenka dåkke te… Alt detta styret, bare på grunn av ein ….

Stige…..

Kan bli matte av mindre, vettu… =D

 


#humor #hverdag #stigen #nøkkel #familie #pappa #Kånå #blogg #gjekkpåeinsmell

For ein dag – Når det ikkje kunne blitt verre, blir det alltid det !

man-with-arms-619x310

 

På denna dagen idag, har eg nærmast satt verdens rekord i gåpåeinsmell trur eg… Først denna episoden med bilnøklane og Kånå… Så gjekk det stort sett greit nåken timar, før eg fekk ein påminnelse om at eg har glemt å henta ein bil på verksted…

Svarte salte bananer…

Verkstedet va stengt men eg suste ut te byen, for og se om eg kunne få løysa dilemmaet… Bilen sko jo avgårde på ei morgenruta klokkå 0600…

 

Itte vill telefonaktivitet uten resultat, kjørte eg ein tur ut på kontoret for å se om reserve nøklane lå der, bare for å finna ut at nå sko eg ønskt eg hadde skjenken vår heima, her… Nøklane te kontoret lå jo oppå den….

Fram med telefonen igjen…

Fekk tak i ein kar med nøkkel så heldigvis sko forbi, og suste inn for å leita itte reserve nøkkelen te bilen… Men neida, ikkje nåke reserve nøkkel der… Tebake te mobil aktivitet…

Ingen på verkstedet svarte…. Og nå begynte det å sjå svart ut…

Te slutt svarte ein, men han va på ferie… Fekk nr te ein aen, se sjølsagt ikkje svarte… Koffor i svarte kan aldri dei så ska, svara….

Kan det vær så vanskelig å svara når man ska… Og hellår ikkje svara når det ikkje e så viktigt… Kunne blitt matt av mindre…

 

Blei enige med sjåføren så sko kjøra neste morgen, at me fekk bare se.. Men at han i utgangspunktet bare fekk henta bilen når de åpna…

Så eg kjørte heim…

Møte ei mildt oppildna Kånå så har hatt ein i øvekant aktiv ittemiddag, itte at eg stakk av for å ordna opp i nok ett nøkkel problem… Og ikkje akkurat såg ut så Frøken Strøken, med smilet på vidt gap…

Gjekk ut for å ta knekken på nåken edderkoppar, kreativ sjølterapi… Kånå og Eldstemann hadde funnet ein Myredderkopp inne… Ein skikkelig durabelig stor krabat, sammen med korsedderkopp så e det dei se kan bli størst i Norge… Sa Eldstemann, så har greia på detta…

IMG_07851
Edderkoppen Kåna fant inne…

Tok knekken på ein 10-15 medium edderkoppar rundt huset, + ein mega stor utenfor soveroms vinduet vårt… Møtte Litlajentå og Mini’en i fullt firsprang oppøve innkjørselen… Litlajentå i ballkjole og støvlar, Mini’en i pyjamas og barføtt…

Kor i alle dager e Kånå henne da??

Treffe hu på trappå når eg e på vei tebake med småfolket eg har hanka inn… Hu hadde ikkje funnet de inne, og forstod fort kor me ska leita då… Her handla det ikkje om å sjå vekk ett millisekund eingang… Eit augablink og de e fordufta… Svuuusj…

Har opplevd det sjøl og eg… Så har ingen problemer med å sympatisera med andre foreldre se slite med forsvinnings syndromet på kidsa sine…

Øvelate dei små te hu igjen.. Og går på jakt itte eddissar igjen…

 

Men må finna stigen… Han i Midten har skutt med ein Nerf pistol ute, og ei skumgummi pil har havna på taket av Bodå…

Ordne den biffen, mens eg får ei melding fra verkstedet… Sjølsagt kan de ordna opp i nøkkel problemet, løysningen blir inngått og den saken e og biff…. Puuuh…

Kånå har lagt Litlajentå og Mini’en… Men jentå e mildt sagt mindre fornøyd der oppe, får valget av Kånå om å ordna opp med Litlajentå ellår gjør klar skoletingene te eldstegutane…

Valgte Litlajentå…. Kan vel kalla det ein smell, når Kånå må øveta… Herreguuuud for ei Kalle Krakil jenta… Ja, nesten lika sint se Karl i Mot i Brøstet… Bare at hu sa “Jeg er ikke trøtt” mens han sa “Jeg er ikke sint” ….

Whatever…

 

Har egentlig nå, gitt opp denna dagen…

Det får komma det så komme og bli så det blir…

God dag, god natt og farvel…..

Kånå på Krigsstien – Igjen….

085470c3bf8f86f6290a028cac4f9595

 

Heisann…

Ferien e over og hverdagens umiskjennelige kvern har igjen begynt sin rundans med meg, Kånå og Flokken… Barnehage ferien e over for dei 2 minste, snart ska dei 2 eldste begynna på skulen og rutinene ska på plass igjen i heimen… .

Itte å ha sluppet litt opp på ting og tang, i ferietidå… Kanskje litt for mye..

Det blir fort sånn… Man tar ikkje alle kampane i ferien, gjerna nåken men ikkje mangen.. Nåke så fort gir utslag i ett par uker med stillingskrig i heimen… Mellom dei voksne så prøve å vinna tebake litt voksen tid på kvelden, og dei små så innbitt tviholde på sine ferie privilegier…

Stort sett vinne me voksne, men aldri uten knallhard kamp…

 

Akkurat idag så sko dei 2 minste starta i barnehagen, Mini’en sko til og med øve på stor avdeling… Nåke han absolutt ikkje hadde planlagt tidligare i ferien… Han sko gå der han hadde gått… Ferdig snakka..

Omtrent så bleie avvenningen har gått i sommar, han hadde absolutt ingen planer om å slutta med bleia..

“Ed teeeeenge bleie pappa.. Du må forstå nå… Maxi ikke på do, ennå… Har han bestemt proklamert heile sumaren…

Ein kamp me te slutt ga opp og forsåvidt ikkje har brukt allverdens tid på heller… Erfaring har vist at plutseligt så e det slutt… Før eller seinare..

 

Litlajentå slutta når hu va 2 og nærmast på dagen, men me har ikkje forventa at Mini’en sko kopiera henna..

Hu e litt spesiell…  Akkurat så når hu slutta me tutt i Tyrkia, for nåken år siå…

Me satt på ein restaurant og hadde spist middag, når Besse (svigerfar) begynne å tulla me na at nå må hu slutta med detta tuttagreiene.. Men hu protesterte heftigt, sjølsagt opplært av den beste.. Kim nå det kan vara..

Men så datt det bare ut av Besse at hvis hu ikkje slutta med tutt, kom hu te å få kamel tenner…. Sånne så den som satt rett utenfor restauranten… For der satt det ein stolt kamel, med 2 staute fortenner på utstilling.. 2 tenner svære så fly og brunare enn draktane te Mjøndalen…

Litlajentå kikka med svære auger på kamelgliset, men stappa nå tutten i kjeften… Men litt seinare, når me kom tebake på hotellet og det va leggetid… Så tok hu fint tutten ut, ga an te Kånå og sa egentlig ganske så bestemt at nå va hu ferdig med tutt…

Hu ville ikkje ha kamel tenner… Og brukte fra den dagen ikkje tutt meir…

 

Me prøvde forsåvidt samme taktikk på Mini’en i Danmark, når han og fekk sett ein kamel med tenner.. Til og med mata den.. Men svaret der kom så kontant, at det levna ingen tvil om detta gjekk ikkje han på…

“Neeei pappa, Maxi e ikke kamel… får ikke sånne ed… Neei… Svara han, med glimt i auga og ei bestemt mina…

Ikkje funka det seinare på kvelden heller… Den guten lar seg ikkje lura så lett…

 

Men det e andre mekanismer så og har gjort seg ferdige med ferien, i takt med familiens endring av rutiner… Og det e tydligvis min evne te å gå på ein smell… Det har ikkje vært så mangen av de i sumar, så eg egentlig va redde for…

Ferie med Kåna og Flokken e jo egentlig høytid for sånt… Flyturar, hytteturar og andre lignande saker har kommet så perler på ei snor, tidligare år…

Men i år har det ikkje vært så gale… Kanskje har eg fått litt erfaring og såpassa framsyn av å dela de med dåkke leserar… At eg gjerna klara å styra klar dei verste fadesene…

 

Så når Kånå ringte meg på jobb idag, ana eg fred og ro og ivertfall ingen fare, og svara så fint så eg kunne .Eg rekna med hu hadde fått dei 2 minste i barnehagen og satt nå og nøyt freden i heimen…

Men…  Der tok eg feil, som så mangen ganger før…

” Du vett vel ikkje kor bilnøklane e du ?… Spurte hu, sånn så hu pleie å spør… Når hu egentlig vett svaret, og spør bare for å poengtera kor idiot den så ska svara e…

“Øhhh… Fekk eg egentlig bare sagt… Før ein tirade. så bare ei Kåna som e tindrande klar for å levera ungane i barnehagen, første dagen itte ferien, kan…..

Hu va sjølsagt godt øve 100 % klar øve at dei låg i lommå mi… Og om eg ikkje sporenstreks snudde rævå mi heimøve med de, så hu fekk levert 50% av flokken i barnehagen… Så sko eg bare vita det at ei veka i Bodå, va barnamat i forhold te den straffen se venta…

Gud hjølpe meg… Herrens hærskare og heile sulamitten…

 

Eg turte ikkje aent enn å kasta meg i bilen, å setta snuten heimover… Eg hadde egentlig tenkt å svara at igår hadde hu stukket av med husnøklane, så eg ikkje kom meg inn heima.. Når me henta jobb bilen..

Men det e forskjell på å vær toskjen og idiot… Og eg hadde heilt klart vært nok idiot idag…

Heldigvis sko hu avgårde å klippa dei 2 eldste før skolestart imårå… Så hu for forhodsvis snart… Men eg kjente vreden hang ganske tungt igjen i huset, sjøl om eg lufta godt…

Sko jo komma ein servicemann å sjå på nåke med huset og, så det va gjerna likagodt hu for avgårde… Me har forsåvidt nok lik gravd ner i plenen, om me ikkje sko få ett te…

Kjenne eg na rett så blir det nok Boden ikveld uansett… For eg har garantert glemt å gi beskjed om nåke her heima, når an va og så på huset… Så egentlig trur eg at det bare e te å gå å rydda i Bodå… Me trødde bare alt inn før me for på ferie…

Og eg har ikkje tenkt å sova oppå ein haug med syklar, plenklippar og andre ting man kan finna på å ha i ei bod…

 

Men sånn ellers går det greit… Egentlig…

 

Legoland – Mayday, Sos og Gud i himmelen….

20160802_162951

 

Hjeeeelp….

Me e i Legoland..

Gi meg styrke… Te å holda ut…

1 stk stressa Kåna, så ska ha full valuta for pengene..

4 galne ungar, så alle vil forskjellige ting.. På ein gang…

1 stk mildt sagt forvirra, fortvila og utslitt Fatter’n , se vingle mellom alt detta… Og prøve å ikkje mista nåken av de… Underveis..

 

Detta e jo ikkje aent enn Vm i kø….

 

Idag….. E eg ikkje langt unna å bruka ett kraftutrykk ….

Eg garantert ikkje har lært av Farmor…

Eg svømme fortsatt… med hovudet øve vannet…

Såvidt…

Sos….. Mayday….  Hjeeeelp….

 

Helsikke…. Der gjekk softisen min rett i bakken og…

Gonatt…